Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule
Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv som prioriterer desse ut frå analyse og behov. Det lokale handlingsrommet vil kunne gje relevante og presise tiltak, og skape eit godt grunnlag for gode medskapingsprosessar på skulenivå. Med omgrepet utviklingsområder meiner vi skulen sine prioriterte områder for utvikling av ny praksis og ny kompetanse. Det er viktig at det ikkje er meir enn 3 utviklingsområder. I tillegg til arbeidet med utviklingsområdar vil det vere viktig å arbeide med vedlikehald og vidareutvikling av praksis og kompetanse på andre områder. Dette vert ikkje omtalt i utviklingsplanen, men vert ivareteke gjennom skulen sine interne rutinar. Det som er styrande for arbeidet på Varhaug skule og Jærskulen er dei nasjonale måla og måla i mål- og prinsippdokumentet for Jærskulen. Dei sentrale måla for Jærskulen, formulert i mål- og prinsippdokumentet, er knytt til styrking av elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte. Vi har no fått eit lokalt handlingsrom, og då er det avgjerande at vi har gode analyser som grunnlag for prioriteringane våre. Det handlar om å gjere gode analyser som grunnlag for prioriteringar. Ståstadsanalysen er eit godt hjelpemiddel i arbeidet med gode analysar på skulenivå. Andre sentrale kjelder for analysearbeidet er elevundersøkinga, nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar. Vi er i startgropa i arbeidet med PULS og VOKAL. Dette vil skapa meir heilhet i arbeidet. Utviklingsplanen er eit viktig verkty i skulen sitt arbeid med kontinuerleg utvikling. For Varhaug skule vil det vere naturleg å utvikle planen i eit langt perspektiv ettersom forsking syner at det tek mange år frå initiering til institusjonalisering av eit utviklingsområde.
Utviklingsplan Varhaug skule Status læringsresultat og læringsmiljø: Vi har gjennom år arbeidet godt med utviklingsarbeid ved Varhaug skule. Resultat frå nasjonale prøvar syner at vi ligg rundt landsgjennomsnittet i lesing, rekning og engelsk. Når det gjeld læringsmiljø syner elevundersøkinga eit godt resultat på dei fleste område. Vi legg opp til to områder som vi har arbeidd mykje med dei siste åra, og vi ønskjer å utvikla det endå meir. Etter arbeid med ståstadsanalysen og gode prosessar denne hausten har vi bestemt at skriving skal inn som satsingsområde neste skuleår.
Prioriterte utviklingsområder: Område 1 Utvikling av lesedugleik i alle fag Mål Tiltak Kritiske suksessfaktorar Teikn på måloppnåiing Elevane skal styrka sin lesedugleik SOL Systematisk observasjon av lesing Eige kurs for nytilsette i SOL, og som får innføringskurs gjennom Jærskulen. Det skal tidligast mogleg arbeidast med fagtekstar, som utfordrar elevane. Plan for lesestrategiar på alle trinn Lesing på skulen 15 minutt kvar dag. Leselekse og fritidslesing heime kvar dag tilpassa kvar elev. Bokpresentasjonar på alle trinn på fellessamlingar og i biblioteket. Elevane lagar bokpresentasjonar på dataskjerm. Synes i biblioteket på tv skjerm. Leseprosjekt kvart år. Lesekurs ved behov. Alle skal bli gjort kjent med biblioteket finne rett bok. Innføring av LingLyder, og Textpilot. Analyse av resultat i Vokal og Puls. Leiinga har møte med trinna i høve til resultat. Utprøving, erfaringslæring, refleksjonar og diskusjonar i fellestid. Skulens leiing er aktive. Alle pedagogar er aktive. Utviklingsagentar er ein støtte for trinna. Sett av tid på fellestida. Eigne møte med trinna. Elevane forstår fagtekstar betre. Elevane har styrka sitt ordforråd. Elevane les fleire ord pr. minutt Lærarane på alle trinn følgjer plan for lesestrategiar. Betre resultat for kvar einskild elev på kartleggingsprøver og nasjonale prøvar. Måleverkty Kartleggingsprøvar. Nasjonale prøvar. SOL
Prioriterte utviklingsområder: Område 2 Mål Delmål Tiltak Vurdering for læring Få endå betre forståing for vurdering for læring. Få undervegsvurdering inn som fast reiskap i undervisninga. Tydelege læringsmål for timen. Laga kriterier for måloppnåing. Presentera klare læringsmål i starten av kvar time/økt. Gjera elevane kjent med kriteria for å nå måla. Felles oppsummering etter kvar økt. Bruka eigenvurdering som fast del av vurderingsarbeidet. Gje elevane jamlege tilbakemeldingar. Skulevandring og observasjon. Deling av erfaringar på fellestid. Prøva ut del med dei andre trinna. Laga backstracingplan. Kritiske suksessfaktorar Teikn på måloppnåiing Måleverkty Skulens leiing er aktive. Alle pedagogar er aktive. Utviklingsagentar er ein støtte for trinna. Sett av tid på fellestida. Eigne møte med trinna. Lærarar formidlar tydeleg kva elevane skal oppnå i læringsarbeidet. Elevane nyttar kriterier i læringsarbeidet. Elevane reflekterer med utgangspunkt i læringsarbeidet. Kriterier nyttast i avsluttande oppsummering. Elevane får tilbakemelding på læringsarbeidet og melding framover Elevundersøkinga Skulevandring
Framdriftsplan Framdriftsplanen syner tidsrammer for planlegging, gjennomføring og evaluering av prioriterte områder. Planen er ei framstilling av ønska utvikling. Når utviklingsområder vil gå over til drift vil evalueringa danna grunnlag for. Fargekodar: Planlegging Gjennomføring Evaluering 2014/2015 2015/2016 2016/2017 2017/2018 2018/2019 Utviklingsområder Haust Vår Haust Vår Haust Vår Haust Vår Haust Vår Utvikling av lesedugleik i alle fag Vurdering for læring Skriving