KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR BYKLE KOMMUNE 2012-2015 Forslag pr.10.02.2015/vedtatt i kommunestyret 26.02.2015 Vår ref. 2012/391
1. INNLEIING/ OM PLANPROSESSEN Plandelen i den nye plan- og bygningslova trådde i kraft 1. juli 2009. Med lovendringa vart krav om kommunal planstrategi innført som eit nytt verktøy. Formålet er å drøfte og kome fram til kva for planoppgåver kommunen bør starte opp med eller vidareføre for å legge til rette for ønska utvikling i kommunen. Planstrategien er forankra i plan- og bygningslova 10-1. Kommunal planstrategi som seier: Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden. Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling. Ved behandlingen skal kommunestyret ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer. Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med nye arealplaner i valgperioden, eller om gjeldende planer bør revideres eller oppheves. Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slås sammen med og være del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen, jf. kapittel 11. Gjennom den kommunale planstrategien skal Bykle kommune ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast, heilt eller delvis, eller bli vidareført utan endringar. Kommunestyret må også ta stilling til om det er behov for revisjon av underordna planar i valperioden 2011-2015. Det vart meldt oppstart av kommunal planstrategi den 18.06.12, og regionale myndigheiter, statlege myndigheiter, nabokommunar og tenesteleiarane i Bykle kommune vart bede om å kome med innspel. Annonse vart også sett inn i aviser og på heimesida. Planstrategien vert så vedteken av kommunestyret. Det vert ikkje gjennomført ei vanleg høyring, men framlegget til kommunestyret skal vere offentleg tilgjengeleg minst 30 dagar før kommunestyret si endelege handsaming. Planstrategien har ingen rettsverknad og er ikkje formelt bindande for kommunen. Den kan reviderast etter behov innafor valperioden. Synspunkt frå statlege og regionale organ og nabokommunar har vore innhenta og saman med dei sektorvise innspela frå kommunens tenesteleiarar dannar dette grunnlaget for Bykle kommune sin planstrategi.
Nye mål og strategiar for kommunen vert ikkje vedtekne i kommunal planstrategi, men vert skildra i kommuneplanen for Bykle. 2. PLANSTATUS I BYKLE KOMMUNE Kommuneplan o Kommuneplanens arealdel: vedteke 28.06.2012 o Kommuneplanens samfunnsdel: vedteke 30.08.2007 Kommunedelplanar o Kommunedelplan for Hovden: vert utarbeidd 2012-2013 o Kommunedelplan for tur og skiløyper: vedteke 26.06.2008 o Kommunedelplan for midtregionen: vedteke 29.04.2004 Områdeplanar/ større reguleringsplanar o Hovden del 2: vedteke 10.09.1997 o Hovden aust: vedteke 27.05.2010 o Bykle sentrum områderegulering: utarbeidast 2012-2013 o Reguleringsplan for Midteregionen vedteken 27.09.2007 Kommunale temaplanar Desse er sett inn i tabell, i samsvar med innspel frå einingane og viser status og trong for revisjon. Budsjett og økonomiplan o Budsjett årleg o Økonomiplan 4 års plan Kommunen har i tillegg mange reguleringsplanar, einingane har også virksomheitsplanar og handlingsplanar som ikkje er tatt med i denne oversikta. Regionalplan for Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei (Heiplanen) vert sluttført og vedteken i denne perioden. I denne er det eit handlingsprogram som oppmodar
kommunen om å utarbeide planar for bruk av utmark. Dette har vi ikkje teke med i planstrategien. Arbeidet med planstrategi omfattar en gjennomgang av plansystemet der det skal vurderast om det er behov for rullering av kommuneplanen eller temaplanar. Det skal vidare vurderast om det er behov for nye planar eller om det er planar som bør avviklast. Nasjonale forventingar I medhald av 6-1 i Plan og bygningslova er det utarbeidd Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dokumentet syner kva ein ventar at kommunane, fylkeskommunane og staten skal legge vekt på ved planlegging. Dokumentet er inndelt i tema som klima, energi, by- og tettstadsutvikling, samferdsel og infrastruktur, verdiskaping og næringsutvikling, natur, kulturmiljø og landskap, helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Sentralt i dette dokumentet er klimatilpassing samt at ny folkehelselov og innføring av samhandlingsreforma inneberer eit sterkare fokus på folkehelseperspektivet i den kommunale planlegginga. Ein gjennomgang av desse syner at Bykle kommune i stor grad har implementert dette i nyleg vedteken kommuneplan frå 28.06.12.
3. EVALUERING AV PLANAR Vurderinga av planbehovet ( 10-1 første ledd) Kommunal planstrategi skal utformast etter behovet i den enkelte kommune. Det sentrale i paragrafen sitt første ledd er at det skal ligge ei vurdering til grunn for prioriteringane av planbehovet. Første ledd viser til at denne vurderinga bør bygge på ei drøfting av kommunen sitt planbehov i lys av dei utfordringane kommunen har som samfunn og organisasjon. Kommunen bestemmer sjølv innhaldet i vurderingane. Vurdering av gjeldande kommuneplan for Bykle kommune, vedtatt 28.06.12 Gjeldande kommuneplan for Bykle kommune vert vidareført i sin heilskap, og det vidare planarbeid i kommunen bygger på kommuneplanen. Kommuneplanen tar for seg dei overordna strategiane som kommunen skal styre etter, i eit langsiktig perspektiv. Kommuneplanens arealdel skal bygge på samfunnsdelen. Samfunnsdelen er frå 2006. Alle avgjerder i forhold til politiske, økonomiske prioriteringar skal vedtakast i samband med handlingsdelen i økonomiplanen. Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel vart avslutta av administrasjonen i 2011. Det har vore drøfta mykje rundt referanseområdet for kulturminne. Planen er no, oktober 2012, vedteken, men område 65 er utan rettsverknad. I mellomtida har planen for Bykle kyrkjebygd kome langt, og kommunedelplan for Hovden har starta opp. Ein
ser no at desse på nokre område, når det gjeld arealdisponering, ikkje vil samstemme heilt med den kommuneplanen som er vedteken. (Dette gjeld Holti i Bykle som område for framtidig bustadbygging som er teke ut, og Berg i Bykle som er kome inn. Det gjeld også Tykkås som eit område for caravanplass. Det har kome framlegg til andre plasseringar i kommunedelplan for Hovden.) På trass av dette, ser vi ikkje trong for rullering av kommuneplanen, då det vert utarbeida områdeplan for Bykle kyrkjebygd og kommunedelplan for Hovden. Vi vurderer at arealdelen og samfunnsdelen i kommuneplanen ikkje treng å rullerast i denne perioden. Budsjett- årleg I samsvar med kommunelova sine reglar skal budsjettet alltid vedtakast i balanse og synleggjere mellom anna ressursbruk og mål for aktivitet. Årsbudsjettet er saman med økonomiplanen, den operative delen av samfunnsdelen i kommuneplanen. Her skal ein synleggjere dei ulike aktivitetane som krev ressursar frå eigen kommune. Nytt budsjett vert lagt fram kvart år i samsvar med kommunelova. Økonomiplan 2012-2015 Økonomiplan viser eit sett med drifts- og investeringstiltak. I samsvar med kommunelova sine reglar skal økonomiplanen alltid vedtakast i balanse og synleggjer mellom anna ressursbruk og mål for aktivitet i perioden 2012-2015. Økonomiplanen er saman med årsbudsjettet, den operative delen av samfunnsdelen i kommuneplanen. Her skal ein synleggjere dei ulike aktivitetane som krev ressursar frå eigen kommune. Ny økonomiplan vert revidert årleg i samsvar med kommunelova sine reglar. Kommunedelplan for Hovden Kommunedelplan for Hovden er under utarbeiding og er venta å vere ferdig i 2013. Denne planen vil kome i staden for Hovden del 2 frå 1997, og Hovden sentrum frå 2006. Dette blir den viktigaste arealdisponeringsplanen i denne kommunestyreperioden, og vil krevje store ressursar minst eitt år fram i tid. Planen skal legge til rette for ei langsiktig og berekraftig utvikling på Hovden der fokus er både på infrastruktur, fastbuande, turistar og næringsliv. Planen vil bli den viktigaste arealdisponeringsplanen i perioden.
Områdeplan for Bykle Kyrkjebygd Planen som no er under utarbeiding er venta å vere ferdig i 2013. Denne planen vil erstatte planen frå 1995. Planen skal legge til rette for meir bustadbygging og utvikling av Bykle, der ein prøver å samle sentrumsfunksjonar og binde kyrkjebygda sama med Stavenes gjennom Brokke-Nord utbygginga og den nye dammen over Sarvsjuvet. Planen må sluttførast i 2013. Kommunedelplan for tur- og skiløyper Planen vart vedteken i 2008, og gjennomføringa av planen er ikkje ferdig. Det vert arbeidd med grunneigaravtalar og opparbeiding av løyper. Det vert årleg vurdert og prioritert kva for løyper i planen som skal etablerast. Dette er svært ressurskrevjande, og ein har store utgifter til løypekøyring og opparbeiding. Det er ikkje trong for rullering av denne i planperioden. Kommunedelplan for midtregionen Kommunedelplanen vart vedteken i 2004, med ein reguleringsplan i 2007 som bygde på kommunedelplanen. Desse to dekker ikkje eksakt det same geografiske området. Reguleringsplanen vart etablert etter mekling hjå Fylkesmannen der fordeling av hyttetomter og utbyggingsrettar vart fastsett. Det er eit tak på 465 nye tomter, av desse ca 400 ledige. Det har vore drøfting om flytting\endring av hytterettar i og mellom område. Dette har vorte avvist politisk. På sikt må kanskje planen reviderast, men sidan det er mindre press på utbygging her enn på Hovden, vil ein ikkje prioritere denne først. Planen vert rullert i slutten av denne perioden. Hovden del 2 Denne gjeld fram til kommunedelplan for Hovden er vedteken. Inntil vidare kan tiltak gjennomførast i tråd med denne planen. Denne planen går ut i løpet av kommunestyreperioden. Hovden Aust Planen for Hovden aust er vedteken i 2010, og dekker eit stort areal på Hovden. Gjennom kommunedelplan for Hovden ynskjer ein ikkje å ta opp att arealdisponeringa i dette området. Denne planen gjeld, og skal ikkje rullerast med det første.
4. Kommunale Planar Tabell planstrategi for Bykle kommune 2012 2015
Plan 2012 2013 2014 2015 Merknad Kommuneplanen Vedteken i 2006 Samfunnsdel Kommuneplanen Revidert i 2012 Arealdel Større arealplanar: Kommundelplan for Sluttføring Påbegynt 2011 Hovden Områdeplan Bykle Sluttføring Påbegynt 2010 Kyrkjebygd Områdeplan Stavenes Start Reguleringsplan for Midtregionen Starte revisjon Mindre arealplanar: Stussli Austmannali 2 Start detaljplan Hovden Sentrum Start detaljplan Berg utsett Temaplanar: Plan for idrettsanlegg, friluftsliv og kulturbygg Museumsplan Ligg i IKS Felles handsaming m/andre kommunar Kulturpolitisk Under utarbeiding handlingsplan Landbruksplan Har gått ut. Inn ved rullering av kommuneplan Energi- og klimaplan Årleg energi- og klimaprogram Hovudplan Under utarbeiding vassforsyning Hovudplan avløp Under utarbeiding Alkoholpolitisk handlingsplan Rusmiddelpolitisk handlingsplan Handlingsplan for rusforebyggende arbeid Handlingsplan for psykisk helsearbeid Bustadsosial handlingsplan Bør utarbeidast i løpet av perioden Bør utarbeidast I løpet av perioden
Pleie- og omsorgsplan Plan for kommunal kriseleiing Smittevernplan Handsaming i oktober v/behov Plan for spesialundervisning Plan mot mobbing (skulane) Tverrfagleg ved behov samhandlingsplan for barn og unge Vedtekter for kommunale barnehager Barnehagepolitisk plan 4-årsplan Plattform for personalpolitikk Budsjett Ny plan Ny plan Ny plan Ny plan Årsplan Økonomiplan Ny plan Ny plan Ny plan Ny plan 4-årsplan