Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule
Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter Alle elever skal gjennomføre videregående opplæring Alle elever skal inkluderes og oppleve mestring Alle elever skal sikres et godt læringsmiljø og et godt læringsutbytte Faglege resultat: Som indikatorar på grunnleggjande ferdigheiter, brukar vi: o resultata på nasjonale prøvar, dei årlege resultata, men og utvikling frå 5. klasse til 8. og 9.klasse samanlikna med utviklinga nasjonalt o eksamensresultata i 10.klasse, både resultata samanlikna med nasjonalt gjennomsnitt, og avviket mellom standpunkt og eksamenskarakter. Hovudtendensen er at vi har resultat i 5.klasse som er på eller over landsgjennomsnitt. Hausten -15, var derimot resultata godt under landsgjennomsnitt. Utviklinga frå 5.klasse til 8. og vidare til 9.klasse, er og som regel betre enn utviklinga av landsgjennomsnittet. Resultatforbetringa ser vi i både lesing, rekning og engelsk, og vi ser ikkje noko variasjon ut frå kven som er lærarane. Eksamensresultat er vanlegvis over nasjonalt gjennomsnitt. Det er og lite avvik mellom eksamenskarakterar og standpunktkarakterar, men har dei to siste åra hatt avvik mellom standpunkt og eksamenskarakter, der elevane har gått opp i høve til standpunkt. I sum har vi gode faglege resultat, og læringsutbytte og utviklinga gjennom dei 6 åra elevane har på skulen er god. Vi meiner måten vi organiserer skulen, med faglærarar, tett samarbeid mellom lærarane, trinnorganisering og metodisk handlingsrom for lærarane er viktige faktorar. Gjennomføring av vidaregåande skule. Resultatindikatorane vi nyttar, er gjennomføring etter 1 år på vgs, og gjennomføring etter 5 år. Tala etter 1 år er usikre fordi dei bare inneheld elevar i offentleg skule, og ikkje privatskular. Vi har eit særleg fokus på elevar med under 3 i gjennomsnitt, fordi det er her gjennomføringa er lågast på landsplan. Etter 5 år har vi tal som tydar på at vi har noko betre gjennomføring enn resten av kommunen og landsgjennomsnitt. Dette er elevar som gjekk ut skulen i perioden 2006 til 2010. Alle desse har hatt faget Utdanningsval før dei byrja på vgs. Ser ein på gjennomføringa for elevar som har under 3 i gjennomsnitt, vert skilnaden meir tydeleg. Ca 25% av elevane på landsgjennomsnittet gjennomfører etter 5 år, medan vi har ei gjennomføring som varierer frå 35 til 50%. Gjennomføring etter eit år i vgs. syner ikkje nokon tydelege tendensar når vi ser alle elevane under eit. Vi scorar litt over landssnitt, men har og eit år med under landssnitt. Desse tala er usikre pga. privatskular. For elevar med karakterar under 3 i gjennomsnitt, er utslaga meir markerte. På landssnitt gjennomfører og består rett over 50%. Vi har over 70% som fullfører og består. For elevar med over 4 i gjennomsnitt, har vi nærare 100% gjennomføring. Grunnen til dei positive resultata, meiner vi skuldast dei praktiske tilbode vi har, og som vi har utvida og auka kvaliteten på dei siste åra. Særleg er dette nyttig for elevar som scorar lågt i vanlege skulefag. Praktiske arenaer har gitt elevane ein sjans til å
syne sine sterke sider. Dette kombinert med systematisk rådgjeving, meiner vi gir resultat. Inkludering, meistring og godt læringsmiljø. Her nyttar vi elevundersøkinga som indikator. Vi ser noko på einskildresultat, men er mest opptekne av å sjå korleis svara varierer mellom dei ulike spørsmålstypane. Når vi grupperer saman spørsmål som går på eleven sin motivasjon og trivsel med det skulefaglege arbeidet, ser vi at vi samla for 5. til 10.klasse ligg ca 0,4 under landsgjennomsnitt. Her trekker 5., 6. og 10.klasse i negativ retning. Dette samsvarer med skulen si oppleving. Skulen har arbeidd mykje med det sosiale miljøet. Ser ein på spørsmåla som omhandlar elevane sin oppleving av trygt skulemiljø, er gjennomsnittet 0,1 under landssnitt. Under mobbing skil 5.klasse seg ut negativt, medan ungdomstrinnet ikkje har elevar som svarer at dei vert mobba dagleg eller kvar veke. Nokre elevar svarer at dei vert mobba 2-3 gonger i månaden. Ungdomstrinnet er og på landsgjennomsnittet når det gjeld mobbing. Vi ser og at både resultata i motivasjon og trygt miljø variere mellom trinna. Variasjonen samsvarer og i stor grad med elevane sine faglege resultat. Gode faglege resultat gir betre tryggleik og høgare motivasjon hos elevane. Sannsynligvis påverkar desse faktorane kvarandre gjensidig, og det er difor viktig å ha fokus på både fagleg læring og motivasjonsfremmande tiltak. I Ungdata undersøkinga kjem det og fram at elevane, særleg jenter, føler eit større press for å lukkast, og at ein for ein stor del føler at dei ikkje strekker til. Alt dette er ikkje skulerelatert, men det er grunn til å sjå på i kva grad skulen er med og forsterkar denne tendensen, og eventuelt kvifor dette skjer. Fokuset bør vere på kva endringar i skulen sitt innhald og arbeidsmåtar som eventuelt forsterkar presset på elevane. Konklusjon; Dei faglege resultata er god, og skulen ser ikkje behov for særskilde satsingsområder som omhandlar det faglege. Fokus på fagleg kvalitet og vidareutvikling av innhald, metode og organisering ligg inne i det kontinuerlige forbetringsarbeid som er ein del av skulekvardagen. Motivasjonsarbeid har vi hatt over fleire år, med vekt på gjere skulen meir praktisk for den delen av elevane som føler nederlag i møte med dei teoretiske faga. Vi har kome eit godt stykke på veg her, men treng enda noko meir tid for å sikre den kvaliteten vi ønskjer å ha. Elevane sin oppleving av aukande press, må vi bruke tid på. I første omgang til undersøking og analyse på kvifor det har vorte slik, og kva skulen kan gjere for å dempe presset. I det komande året ser vi det som naturleg å innarbeide dette i satsingsområdet, Ungdomstrinnet i utvikling. Prioriterte utviklingsområde. Overordna satsingsområde er motivasjon og mestring. Beskrivelse av utviklingsområde 1. Vidareutvikle den praktiske ungdomsskulen.
Hovudmål; Sikre struktur og innhald i faga Utdanningsval, Arbeidslivsfaget og valafaga slik at dei gir elevane meistringsopplevingar, og samstundes relevant kompetanse for vgs. Tiltak; a. Struktur; Vidareutvikle struktur på arbeidslivsfaget, både samarbeidet i Stokkeland med Varhaug og Ogna, men og tilbodet innafor helse og oppvekst, restaurant og matfag, design og handverk, og sevice og samferdsel, dvs. servicefaga, som vert organisert på skulen og utplassering i bedrifter. b. Kvalitet: Utvikle fagplan i servicefaga med oppgåver som er knytt opp mot måla i læreplanane i vgs. Milepælar; Strukturen bør vere rimeleg på plass i løpet av skuleåra 16/17. Kvaliteten vil vere ein kontinuerlig prosess, og vil og vere avhengig av korleis vi på sikt klarer å sikre kvalitativ god kompetanse. Fagplanane i servicefaga bør vere over i drift i løpet av skuleåret 16/17. Kompetanse; Skulen må sikre kompetanseauke i læreplanmåla innan servicefaga på vgs. Evaluering; Innan 1.6.17 vil vi vurdere om strukturen på begge tilboda er på plass. Innan 1.6.17 vil vi vurdere om fagplanane våre er i samsvar med det elevane møter i vgs. Beskrivelse av utviklingsområde 2. Bruke valfag i ungdomsskulen til å skape trivsel for mellomtrinnet. Hovudmål; Auke trivsel og aktivitet for elevane på mellomtrinnet. Tiltak; Tilby faget «Teneste for andre» som valfag på u.trinnet. Ei av oppgåvene vil vere å ha aktiviteter for elevane på mellomtrinnet, primært i midttimen. Milepælar; Motivere elevar på u.trinnet til å velje faget. Tiltaket bør vere etablert som normalordning i løpet av 16/17. Kompetanse; Skulen har kompetanse til å gjennomføre tilbodet. Erfaringane ved gjennomføring vil i tillegg tilføre skulen nyttig erfaring og kompetanse.
Evaluering; Innan 1.6.17 vil vi vurdere om struktur og kvaliteten er på eit nivå der tilbodet kan gå over i drift. Beskrivelse av utviklingsområde 3. Delta i prosjektet «Ungdomsskulen i utvikling» Tema : Klasseleiing Hovudmål; Auke skulen sin samla kompetanse til å møte og leggje til rette for elevar som utfordrar oss.. Tiltak; Delta saman med Varhaug ungdomsskule i prosjekt med klasseleiing. Universitetet i Stavanger deltek som kompetansemiljø. Særleg fokus på å analysere elevane si oppleving av auka samla prestasjonspress. Milepælar; Systematisere og dele eksisterande kunnskap, og ved hjelp av UiS og få ny kunnskap og innsikt i klasseleiing. Innan 31.12.16 Kompetanse; Skulen har ein del kompetanse i å møte utfordrande elevar, men vi kan verte betre på systematisering og spreiing av erfaring mellom trinna. Evaluering; Sluttvurdering vil vere pr. 31.12-16. Overordna og langsiktig evaluering av resultat; Langsiktig mål med tiltak 1 er å sikre større gjennomføring av vgs, målt med gjennomføringsindikatorar. I tillegg er målet at elevane skal oppleve større meistring. Dette vil ikkje nødvendigvis vise på elevundersøkingane, så vi vil bruke lærarane si subjektive oppleving som indikator, i tillegg til resultat frå elevundersøkinga. Langsiktig mål med tiltak 2 er å auke fysisk aktivitet og trivsel på mellomtrinnet. Måleindikatorar vil vere lærarane si subjektive oppleving, kombinert med resultat frå elevundersøkinga. Langsiktig mål med tiltak 3, er å auke lærarane sin kompetanse og handlingsrepetoar. Resultatindikator vil vere lærarane si subjektive oppleving, og meir positive elevsvar på elevundersøkinga.