Utviklingsplan skuleåret 2016-2017 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring
Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Prioriterte utviklingsområder for skulen s. 4 Vurdering for læring s. 5 Frå utviklingsområde til drift s. 6 Fokusområder s. 7 2
Utviklingsplan Vasshus skule og barnehage 2015/2016 Innleiing I skuleåret 2015/ 2016 har skulen hatt lesing, skriving og rekning, som utviklingsområder.. Desse områda har skulen hatt fokus på i pedagogisk utviklingstid (PU- tid), teamtid og planleggingsdagar gjennom året. Det pedagogiske personalet har arbeidd på følgjande måter: - Lese teori om aktuelle område - Praksisforteljingar og liknande - Utprøving i klasserommet - Drøftingar kring teori og praksis, med fokus på vidare arbeid - Leiarvandring med forkus på klasseleiing og relasjonsbygging Det pedagogiske arbeidet og utviklingsplanen har blitt evaluert kvart halvår, på team og i utviklingsgruppa. Evalueringane og drøftingane vi har hatt, vil saman med analyser av elev- og foreldreundersøkinga vere utgangspunktet for komande utviklingsområder for Vasshus skule. Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat Elevundersøkinga for 6. trinn viser at elevane trives godt på skulen. Det same viser den interne Zero-undersøkinga som alle elevane 1.-6.trinn har svart på. Elevane seier dei har nokon å vera i lag med og at det er ingen som blir mobba. Vi opplever at det er godt miljø i heile elevgruppa. Dei leikar og spelar i lag på tvers av trinna. Dei eldste elevane viser omsorg for dei yngre. Nasjonale prøvar for 5.trinn viste at Vasshus gjorde det best i rekning. Der er vi nøgd med resultatet, det er over snittet i Klepp. I lesing vart resltatet noko dårlegare i år enn i fjor, i år finn vi tre elevar på nivå 1 og ein elev på nivå 3. I engelsk var resultatet litt under forventa. Det er tre elvar på nivå 1, to på nivå 2 og ein elev på nivå 3. Vi forventa at fleire elevar på nivå 2, desse er på nivå 1. Det er sett i verk tiltak i etterkant av nasjonale prøvar, t.d. lesetrening i små elevgrupper, ordforråd i engelsk og trygge elevane i å uttrykke seg munnleg. 3
Det er 6 elevar på 5.trinn. Det er stort sprik mellom høgast og lågast nivå. Med så få levar gjer det store utslag når vi les resultata. Ståstadsanalysen 2015 og elev og foreldreundersøkinga dei to siste åra har vist at vi må bli betre på Vurdering for læring (VFL). Hausten 2016 er oppstart for kollektivt «studie» Vurdering for læring ved høgskulen på Lillehammer. Dette blir Vasshus skule sitt utviklingsområde skuleåret 2016/ 2017 og 2017/ 2018. Skuleåret 15/16 har lesing, skriving og rekning vore utviklingsområdet ved Vasshus skule. Lesing og rekning har vi jobba med internt. Vi har hatt 5 lærarnettverk på trinn med nettverk 2 Jærskulen i tillegg felles planleggingsdag 31.03.2016 der vi har hatt mest fokus på skriving. Kartlegging lesing og rekning 1.-3.trinn Det er blitt gjennomført kartlegging i lesing og rekning på 1.-3.trinn. Resultata i lesing på 1.-3.trinn er jamnt over gode. Det er satt i verk tiltak i etterkant av kartlegginga for dei elevane som skårer lågast. Tiltaka er lesetrening/ kurs i små grupper, tilpassa lekser, arbeidsoppgåver/ stasjonsarbeid og tips og idear til heimen om korleis støtte sitt barn i lesing. Når det gjeld rekning er det jamt godt resultat på alle tre trinna. Det er henholdsvis to, ein og ingen elevar under kritisk grense. Resultata var som forventa. Vi fortset med tiltak for dei svakaste elvane; reknetrening/ kurs, tilpassa lekser, arbeidsoppgåver/ stasjonsarbeid og matematikkforståing. Prioritert utviklingsområde for skulen Skuleåret 2016/ 2017 og 2017/ 2018 er Vurdering for læring utviklingsområde. I tillegg vil vi ha fokus på grunnleggande ferdigheiter, læringsmiljø og klasseleiing. 4
Utviklingsområde; Vurdering for læring Dei overordna måla for vårt arbeid er trivsel, godt læringsmiljø og læringsutbytte for elevane våre. Høgskulen i Lillehammer, i samarbeid med Udir, tilbyr kollektivt «studie» i Vurdering for læring, VFL. Anbefalt «studietid» er 1,5 år. Vi har satt av to skuleår til «studiet». Pedagogisk personale ved Vasshus skule skal nytta PU tid, team og trinntid til i det kollektive arbeidet med VFL. I tillegg skal lærarane gjennomføre eigenvurdering. Utviklingsområde Vurdering for læring Mål Milepælar Tiltak Ressursar Evaluering Auka elevane sitt læringsutbytte Auke pedagogisk personale si kompetanse Modul 1 -modulavslutning Veke 37 Modul 2 -modulavslutning Veke 47 Modul 3 -modulavslutning Veke 4 Modul 4 -modulavslutning Veke 19 Høgskulen i Lillehamme r, modul 1-4: -førelesing -refleksjon individuellt og felles -utprøving eigen undervisnin g -eigenvurdering Planleggingsdagar gjennom året, 3 dagar Fellestid tysdag og torsdag Ressurslærar VFL 1 t/v Gjennom året på trinn, team, felles og i utviklings - gruppa 5
Frå utviklingsområde til drift Utviklingsområde 2016/2017 2017/2018 2017/2018 Vurdering for Modul 1-4 Modul 5-8 læring Førelesing på nett, lese teori, felles refleksjon, utprøving, eigenvurdering Førelesing på nett, lese teori, felles refleksjon, utprøving, eigenvurdering Utarbeide dokument/ plan; Vurdering for læring Vasshus skule Implementere plan VFL Vasshus skule Vurdering for læring ein del av drifta 6
Fokusområder I tillegg til utviklingsområdet, vil vi ha fokus på grunnleggande ferdigheiter, læringsmiljø og klasseleiing. Grunnleggan de ferdigheit Lesing Skriving Rekning Digitale ferdigheiter Mål Tiltak Ansvar -Elevane utvikla seg til funksjonelle og kompetente lesarar -Nå kompetansemåla i K 06 -Fleire elevar på nivå 3 nasjonale prøver -Elevane utvikle seg til kyndige skrivarar i alle fag -Nå kompetansemåla i K 06 -Elevasne skal utvikle forståing og nytta kompetanse og kunnskap -Nå kompetansemåla i K 06 -Fleire elevar på nivå 3 i nasjonale prøver Ta i bruk digitale læringsverktøy -Kommunal leseplan og leselos -Kollektiv kompetanseheving, refleksjon -Kollektiv kompetanseheving, refleksjon -Skriverammer -Utprøving i klasserommet -Kollektiv kompetanseheving, refleksjon -Utprøving i klasserommet Ipad til elevane 3.- 4.trinn og alle lærarane på Vasshus Teamleiar, lærarane, rektor Teamleiar, avdelingsleiar, lærarane, rektor Avdelingsleiar, lærarane, rektor «Ressurslærar» læringsprosjektet, avdelingsleiiar 7
Utviklingsplan 2016-2018 må sjåast i samanheng med øvrige planar Vasshus skule har utarbeida for det pedagogisk utviklisarbeidet. Det føreligg PU- plan og årsplan for utviklingsgruppa. Begge desse er utarbeida i lys av Utviklingsplanen. Voll, 8.juni 2016 Mette Johnsen Monge rektor Vasshus skule og barnehage 8