Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Like dokumenter
Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Hå kommune Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

1. Beskriv målet/måla

Årsmelding Tellnes skule 2017

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

Arsmelding Valen skule

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Skuleåret 2017/2018.

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen

Årsmelding skuleåret 2015/2016

Elevundersøkinga 2016

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE


Rapport om måloppnåing og disponering av tildelte prosjektmidlar Høyangerskulen 1-13

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Ungdomstrinnsatsinga

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2016

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Utviklingsplan. Horpestad skule

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Kopi til: Arkivnr.: 5

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Pedagogisk tilstandsrapport 2017

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Øystese barneskule April - 08

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Balestrand kommune Sagatun skule

Fellesmøte 20.februar

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Rådmannsutvalet Førde

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

2014/

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Barnerettane i SKULEN

1. Rektor har ordet Nøkkelopplysningar om skolen Organisasjonen Utdanningsprogram og elevtal Inntak Vg1...

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Transkript:

Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Trond Egil Sunde Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, 14.09.2015 Vigrestad storskule årsmelding 2014/2015 «Årsmeldinga» ønskjer vi skal vere ein oversikt og analyse av korleis resultat og utvikling har vore på skulen vår siste skuleåret. Målgruppa for meldinga er først og fremst rådsorgana ved skulen, dvs. elevar, føresette og tilsette. «Årsmeldinga» vil vere inndelt i 3 underkapittel; 1. Resultat og analyse. 2. Utviklingstrekk i og utanfor skulen framover som vil ha innverknad på kvardagen i skulen. 3. Spesielle satsingsområde og praktiske tiltak som vil verte sette i verk komande år. Dei vil i stor grad vere samanfallande med tiltaka som er beskrive i utviklingsplanen som er etter felles mal for Jærskulen. 1. Resultat og analyse. For å analysere resultat tek vi utgangspunkt i nasjonale overordna mål for grunnskulen og vidaregåande skule; A. Alle elever som går ut av grunnskolen, skal mestre grunnleggende ferdigheter som gjør dem i stand til å delta i videre utdanning og arbeidsliv. B. Alle elever som er i stand til det, skal gjennomføre videregående opplæring med kompetansebevis som anerkjennes for videre studier eller i arbeidslivet. C. Alle elever skal inkluderes og oppleve mestring. A. Grunnleggjande ferdigheiter. Som indikatorar på grunnleggjande ferdigheiter nyttar vi resultat frå nasjonale prøvar og eksamen i 10.klasse. Nasjonale prøver 5.kl: Fag Gjennomsnittsresultat % lågaste nivå Lesing 50 50 29,5 23,2 Rekning 53 50 13,6 24,6 Engelsk 52 50 16,3 24,8 Resultata på nasjonale prøvar i 5.klasse er gode. Frå og med dette året er resultat presentert på ein ny måte, der landssnittet er sett til 50. Våre resultat er 50 i lesing, 53 i rekning og 52 i engelsk. Talet Postadresse: Kontoradresse: Internett: Telefon: Telefaks: Org.nr. Langgata 91 Langgata 91 www.ha.no/viss 51 79 95 80 51 79 95 81 964 969 590 4362 Vigrestad 4362 Vigrestad isr@ha.kommune.no

på elevar på lågaste nivå er lågare hos oss samanlikna med landssnittet, med unnatak av lesing der vi har litt meir på lågaste nivå. Samla sett er resultata bra. Dette er resultat som elevane har med seg når dei starter hos oss, og gir ein indikator på kva grunnlag dei har med seg frå barneskulen. Resultata i år samsvarer bra med korleis resultata har vore dei seinare åra, og visar at det vert gjort godt arbeid på barneskulen, og som gir oss eit godt utgangspunkt å byggje vidare på. Nasjonale prøver 8.kl: Gjennomsnittsresultat % lågaste nivå Fag Skule Nasjonalt Endring frå Skule Nasjonalt 5.kl til 8.kl Lesing 50 50 +1* 27,1 26,6 Rekning 52 50 +3* 27,1 32,1 Engelsk 50 50 35,3 28,5 *korrigert for same elevtal i både 5. og 8.klasse. Resultata i 8.klasse er og gode, 50 i lesing, 50 i engelsk og 52 i rekning. Nasjonalt har 50 som gjennomsnitt i alle faga. Ser vi på korleis resultata har utvikla seg frå 5. klasse til 8.klasse, har det vore ei positiv utvikling samanlikna med landssnittet. For å måle utviklinga, har vi korrigert resultata slik at vi samanliknar dei same elevane som gjekk i 5.klasse med dei same no i 8.klasse. Då ser vi at gjennomsnittet har forbetra seg med 1 poeng i lesing og 3 poeng i rekning. I engelsk er det vanskeleg å måle då vi ikkje har nasjonale resultat frå 5. klasse. Men ut frå resultat frå tidlegare år, ser det ut som dei har om lag same utvikling som landsgjennomsnittet. Når vi klarer å ha same utvikling eller betre enn landssnittet er vi godt nøgde. 8.trinn er eit krevjande trinn å organisere og undervise i. Det er fagleg stort sprik, noko talet på elevar på dei to lågaste nivåa tydar på. Vi har difor brukt mykje ressursar til deling i mindre grupper for å gi eit godt tilpassa opplegg. Nasjonale prøver 9.kl: Gjennomsnittsresultat % lågaste nivå Fag Skule Nasjonalt Endring frå Skule Nasjonalt 8.kl til 9.kl Lesing 55 54 0 15,4 20,5 Rekning 56 53 0 15,4 16,9 9.klasse har nasjonale prøvar i lesing og rekning. Dei har same prøven som 8.klasse. Gjennomsnittsresultatet er difor høgare både på skulen og landsnitt. Lesing har 55 mot landsnitt 54. Rekning har 56 mot landssnitt 53. Begge er over landssnitt. Utviklinga frå 8. til 9.klasse har følgd same utvikling som landssnittet. Ut frå korleis ein har måtta ha fokus på klassemiljø og motivasjon, er dette eit bra resultat. I løpet av 9.klasse har arbeidsro på trinnet vorte mykje betre, slik at generell uro ikkje lenger er ei stor utfordring, men vi har fortsatt problem med å få opp motivasjon og arbeidsinnsats hos ein del av elevane. Trinnet har og som 8.klasse eit relativt stort fagleg sprik, slik at vi har brukt, og kjem til å bruke mykje ressursar for å dele i mindre grupper. Skriftleg eksamen 10.klasse; Fag Skulen Nasjonalt Avvik eksamen/standpunkt Matematikk 3,8 2,9 «-0,7 Norsk hovudmål 3,5 3,4 + 0,3 Norsk sidemål 3,4 3,1 + 0,3 Eksamensresultata er over landssnitt, og i matematikk langt over landssnitt. At elevane gjer det betre i matematikk samanlikna med landssnittet, er ikkje overraskande. Dette er eit klassetrinn der mange elevar har si sterke side i matematikk. At elevane går fram på eksamen i norsk, trur vi skuldast at dei gjorde eit svært godt arbeid på sjølve eksamen, men og at det har vore god læring gjennom året. Vi veit og at våre elevar ofte har lågare gjennomsnitts karakterar totalt etter 10.klasse samanlikna med

dei andre skulane i kommunen. Samstundes veit vi og at våre elevar klarer å halde same karakter når dei kjem over på vidaregåande skule. Konklusjon; Samla resultat både for dette året og over tid, synar at vi har jamt over betre resultat enn landsgjennomsnittet, og at våre elevar har jamt over større framgang enn landssnittet frå 5.klasse og oppover i trinna. B. Gjennomføring av vidaregåande skule. Vi har no tilgang på data som seier noko om korleis våre elevar klarer seg i vidaregåande skule. Interessante tal er då korleis det har gått etter 1. året, og om elevane har fullført og bestått etter 5 år, som er det nasjonale teljepunktet for om ein reknar at ein elev har fullført. Vi har og resultat mellom 1. og 5. året, men erfaringsmessig veit vi at desse tala er usikre. Vidare kan vi sjå korleis gjennomføringsgraden er ut frå kva gjennomsnittskarakterar elevane hadde etter 10.klasse. Etter 1 år; År avslutta 10.kl Gjennomføring alle elevar Gjennomføring elevar med under 3 i karakter etter 10.klasse -14 88,9% 82,3% 75% 47,5% -13 80,4% 84,7% 87,5% 53,1% -12 87% 83,9% 71,4% 53,3% -11 79,5% 83,7% 37,5% 52,5% Tala etter 1 år må tolkast med varsemd. Både fordi ein elev utgjer mellom 2-3%, og utslaga vert difor relativt store dersom ein elev ikkje har gjennomført. Vidare vil elevar som er søkt inn på vidaregåande skule med mål å gjennomføre etter 4 eller 5 år, verte registrert som ikkje gjennomført fordi dei ikkje er ferdige med alle faga til rett tid. Det kan sjå ut som vi har litt høgare gjennomføring etter 1 år, men ikkje eit eintydig bilete. For dei som har under 3 i gjennomsnitt ut 10.klasse, har vi ei markert høgare gjennomføring enn landsgjennomsnittet. Dette fell saman med tidspunktet der vi fekk eit mykje meir systematisk arbeid med faget «Arbeidslivsfaget», både at faget fekk status med eigen karakter, og at vi brukte faget meir bevisst og systematisk i rådgjeving og motivasjon av elevane. Kor har vi størst fråfall? Ser vi bak tala, ser det ut som at elevar som har mellom 3 og 4 i gjennomsnitt, og har søkt seg inn på studieretningar som fører til studiekompetanse, har større sjans for å ikkje fullføre 1. året. Ofte gjer desse omval og gjennomfører etter 5 år. Etter 5 år; År avslutta 10.kl Gjennomføring alle elevar Gjennomføring elevar med under 3 i karakter etter 10.klasse -09 80% 68,8% 50% 28% -08 68,9% 69,7% 50% 30,2% -07 74,4% 69,9% 36,4% 32% Dette er elevar som det er relativt lenge sidan dei gjekk ut av 10.klasse. Alle trinna har likevel vore med på oppstarten av faget Utdanningsval, men rådgjevinga og bruk av Utdanningsval i motivering, var ikkje så systematisk som no. Likevel ser vi alt då ei betre gjennomføring hos oss, samanlikna med nasjonalt gjennomsnitt, særleg for elevar med under 3 i gjennomsnitt. Konklusjon; Vi ser klare teikn på at vårt fokus på å gi tilbod om ein meir praktisk skuledag gir positive utslag. Det ser og ut til at det er elevar med svake karakterar som har mest nytte av dette. Utanom den praktiske tilrettelegginga, meiner vi at systematisk rådgjeving er avgjerande, at lærarane brukar elevane sine praktiske suksessar i motivasjonsarbeidet, og at vi har få eller ingen som går ut 10.klasse med kunnskap tilsvarande karakter 1, er årsaken til resultata.

C. Inkludering og mestring. Her er det vanskelegare å trekkje eintydige konklusjonar. Av talmateriale har vi elevundersøkinga. Her ser vi at elevsvara varierer ein del. Klassetrinn der vi som tilsette ser er krevjande å arbeide, har ein tendens til å svare meir negativt på spørsmåla i elevundersøkinga. Då svarer dei ofte meir negativt enn landsgjennomsnittet på alle typar spørsmål. Klassetrinn som vi opplever som mindre krevjande å arbeide med, svarer som regel meir positivt, og ofte meir positivt enn landssnitt. Ser vi heile skulen samla, følgjer elevsvar same tendens som resten av landet. Elevsvara vert jamt over meir negative oppover alderstrinna. Mobbing ligg vi nokså nøyaktig på landssnittet, og har dei same utfordringane som andre skular. Vi har elevar som vert mobba, og vi har elevar som er einsamme og misstrivest på skulen. Generell trivsel og interesse for skulearbeid ligg samla for skulen 0,2-0,3 under landsgjennomsnitt, og det er få av trinna som kjem opp på landsgjennomsnittet. Vi hadde nok håpa at skulen si satsing på ein meir praktisk skule, skulle gitt utslag i meir positive elevsvar. Det ser ut som elevane ikkje koplar dette inn når dei svarer på om dei trivest med skulefaga, kanskje får vi heller motsett effekt. Dei trivest så godt med dei praktiske faga, at kontrasten til dei teoretiske faga vert større, og elevane svarer difor meir negativt enn vi som tilsette opplever. Vi ser at den praktiske tilrettelegginga har positiv effekt, vi ser at vi klarer å auke arbeidsinnsatsen noko hos elevane, men vi får dei ikkje til å like faga betre av den grunn. Mest positiv tilbakemelding får vi når elevane har slutta og byrja på vidaregåande skule. Konklusjon; Vi har utfordringar på dette området. Vi meiner vi har gode system når det gjeld organisering og samarbeid blant dei tilsette. Hovudutfordringa er nok å verte enda betre til å sjå enkelteleven, og gi den støtta den einskilde treng. 2. Utviklingstrekk i og utanfor skulen framover som vil ha innverknad på kvardagen i skulen. Elevtal og plass er det som vil utfordre oss mest i tida framover. Elevtalet er stigande. I inneverande skuleår vil vi vere 287 elevar. Dette vil stige til over 300 i løpet av dei to komande åra. Samstundes har vi meir elevar enn vanleg med einskildvedtak om spesialundervisning, både på grunn av høgt tal av elevar i fosterheimar og elevar frå Vigrestad med einskildvedtak. Konsekvensen er både at vi får fleire elevar inn i dei vanlege klasseroma, og at vi har eit auka behov for grupperom. På den andre sida fører auka elevtal til auka tal på lærarar, både fordi elevtalet aukar og fordi elevar i fosterheimar ofte har med seg eigne ressursar frå heimekommunen. For skuleåret 15/16 har vi fleire lærarstillingar og assistentstillingar enn tidlegare år. Med ei god organisering, god klasseleiing og gode tiltak rundt einskildelevar, ligg det til rette for å lukkast. Samstundes ser vi at skulen vår har fleire utfordringar som er krevjande å meistre. Plassmangelen reknar vi med vil vare ved, og sannsynlegvis auke fram til det kjem eigen skule i Stokkeland ei gong etter 2020. Skulen i Stokkeland er planlagd som ein 1-7. skule. Konsekvensen for Vigrestad vil vere at vi får få elevar på barnetrinnet og eit relativt stort ungdomstrinn. Det utfordrar den noverande skulestrukturen, og rådsorgana vert alt no oppfordra til å tenkje gjennom, og kome med innspel om korleis ein ser føre seg at skulestrukturen på Vigrestad vert i framtida. 3. Spesielle satsingsområde og praktiske tiltak som vil verte sette i verk komande år. Jærskulen er eit samarbeid mellom kommunane Hå, Klepp, Time og Gjesdal. Ein del av samarbeidet er at alle skulane har ein felles mal for ein utviklingsplan. I utviklingsplanen set kvar skule opp 1-3 satsingsområde som den einskilde skule har kome fram til på bakgrunn av ein analyse av skulen sine sterke og svake sider. Vi har tre område: 1. Vidareutvikle den praktiske ungdomsskulen.

Vi har ein god struktur på den praktiske ungdomsskulen. Der tilbodet i Stokkeland er kome inn i ein fast form. Utviklingsarbeidet framover er knytt til dei elevane som vel å prøve ut studieretningar innan «serviceyrka». Her nyttar vi ein del utplassering. Utfordringa er både å få eit breiare spekter av arbeidsplasser, og å sikre at det er samanheng mellom læringsmål, oppgåver dei får prøve seg i på arbeidsplassen og vurdering for å sette ein rett karakter. Vidare ønskjer vi og å utnytte valfaga til å utvide elevane sine praktiske val. Der prøver vi bl.a. ut at elevar kan velje å vere med å drive kafe ei gong i månaden etter skuletid. 2. Bruke valfag som middel for å skape aktivitet i midttimen for elevane på mellomtrinnet. Vi ser at ein del elevar på mellomtrinnet vert passive i midttimen, noko som både fører til at nokre elevar vert einsame, og at nokon vert meir urolege og skaper konfliktar. Vi prøver difor ut at elevar frå u.trinnet i valfag kan velje å vere aktivitetsleiarar for elevane på mellomtrinnet. Vi har fast aktivitetar 4 midttimar i veka. 3. Delta i prosjektet «Ungdomstrinnet i utvikling. Alle skular med ungdomstrinn skal i perioden mellom 2013 og 2017 delta i prosjektet «Ungdomstrinnet i utvikling». Prosjektet skal gå over 3 semester og skulen skal samarbeide med universitet/høgskule. Vi saman med Varhaug ungdomsskule samarbeider med Universitetet i Stavanger, og skal ha fokus på klasseleiing. Vi vil ha fokus på «elevar som utfordrar oss». Dvs. vi skal arbeide systematisk med å lage førebyggande strategier og konkrete tiltak rundt den einskilde elev i denne elevgruppa. Vi ser både på elevar som utfordrar oss med utagerande framferd, men like viktig er det å oppdage og lage tiltak rundt elevar som «forsvinn» og misstrivest. Målet er at desse tiltaka skal vere med å auke trivsel og meistring. Ingvar Sør-Reime rektor Telefon: 51 79 95 80