- Planstrategi 2016-2019 Hemsedal kommune Feb 2016 1 (6)
Innhald 1. BAKGRUNN... 3 2. GJENNOMFØRING... 3 2.1 Workshop planstrategi... 5 2.1.1 Dagsprogram workshop... 6 Forslag til dagsprogram;... 6 2.1.2 Forslag til milepælsplan... 6 3. Godkjent:... 6 2 (6)
1. BAKGRUNN Den kommunale planstrategien er eit hjelpemiddel for det nye kommunestyret i Hemsedal til å avklare kva planoppgåver kommunen skal prioritere i valperioden for å møte behov og utfordringar i kommunen. Siktemålet er også å styrke den politiske styringa av kva planoppgåver som skal prioriterast. Planstrategi kan derfor kallast ein «plan for planlegginga». Reglene om kommunal planstrategi er forankra i Plan og bygningslova 10-1. Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden. Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling. Ved behandlingen skal kommunestyret ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer. Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med nye arealplaner i valgperioden, eller om gjeldende planer bør revideres eller oppheves. Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slås sammen med og være del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen, jf. kapittel 11. Buskerud Fylkeskommune har gjennom ordninga «Lån ein fylkesbyråkrat» stilt seg til disposisjon og gjeve tilbod om å vere ein prosessdriver ein dag der arbeid med planstrategi vert organisert som ein dags workshop. Buskerud Fylkeskommune er og hjelpsam med relevant statistisk/ prognoseunderlag som kan vere viktig i arbeidet med ein planstrategi. Etterfølgjande notat beskriv forslag til organisering/ gjennomføring av planstrategiarbeidet som skal sikrar både medverknad, samt grunnlag for rette prioriteringar framover. 2. GJENNOMFØRING Gjennom vedtak av økonomiplan for 2016-2019 har kommunestyret lagt klare føringar for at arbeidet med å revidere kommuneplanen sin arealdel må starte opp omgåande. Denne prioriteringa er ikkje overraskande sidan førre kommunestyre eit år før bad rådmannen starta arbeidet med ei avgrensa rullering av arealdelen knytt til 4 konkrete ønskjer; For fritidsbustader vurdere å sjå på gesims-/mønehøgde frå 3,8/- 4,5 m i gjeldande plan Vurdere å erstatte bruksareal (BRA) med bebygd areal (BYA) Private Vatn/- avlaupsanlegg sjå nærmare på føresegna knytt til VAforvaltning Forankre utbyggingspolitikken i høve varme- og kalde senger ABC- modell i ny planbeskrivelse Handlingsplan 2016-2019, vedteke i desember peiker ellers på ei rekkje andre tilhøve som tydeleggjer behov for ein rullering av kommuneplanen sin arealdel. 3 (6)
I samband med handsaming av førre planstrategi vart det lagt opp til at arbeid med ei rullering av samfunnsdelen skulle starte opp i 2012-2013, da retta mot utbyggingspolitikken til kommunen, spesielt med tanke på arbeid med fordeling næring/ fritid. Denne delen av arbeidet vart kopla mot rullering av næringsplan som ei temaplan. I tillegg er det vedteke andre temaplaner t.d. sti- og løypeplan. I samband med kommunestyret sitt vedtak av økonomiplan for 2016-2019 vart oppdaterte matrise over aktuelle planar, og planprioritering lagt til grunn, sjå under; Rådmannen legg til grunn ein kort og effektiv prosess knytt til utarbeiding av revidert planstrategi «Planstrategi 2016-2019». Dette vert grunngjeve med at det ligg til grunn eit godt grunnlag i 1. versjon av «Planstrategi for 2012-2015». Ei oppdatering av tabellar/ scenarieskildring bør kunne kombinert med ei ajourføring av tekst, men da med mål om å korte ned på strategidokumentet. I tillegg, og med bistand frå Fylkeskommunen, vert det lagt opp til ein workshop som får fram erfaringar med gjeldande planar, avklaring behov for endring av planar, samt ei tydeleggjering av eventuelle nye nasjonale-/ regionale føringar som det må takast omsyn til. Det er også argument for ein effektiv prosess sidan Kommuneplannemnda no synast å ligge eit hovud framom planstrategiarbeidet i høve ønskje om å påstarte arbeidet med ei kommuneplanrullering. For å sikre ei rask og medveten gjennomføring av kommuneplanarbeidet er det særs viktig at Kommuneplannemnda gjer ei godt arbeid med planstrategien, slik at ein slepp nye politiske planprioriteringar etter at kommuneplanarbeidet har starta opp. 4 (6)
Det er samstundes gjort sentrale politiske prioriteringar innan kommunen sine kjerneområder ref. «Skulestruktursaka», «Temaplan for Bygdeheimen, kommunehuset og helsesenteret», samt vedtak av planprogram for «Hovudplan for vatn og avlaup» - prioriteringar som kan forsvare å starte opp med ei rullering av arealdelen først. Milepælen for arbeidet vert da annonsering oppstart av arbeid med kommunal planstrategi februar 2016 innsamling innspel. Kommuneplannemnda jobbar fram grunnlag for planstrategi mars- mai herunder workshop med Fylkeskommunen. Kommunestyret handsamar forslag til planstrategi, 14. juni 2016. Forslag til planstrategi vert kunngjort og overordna mynde for høve til å uttale seg. Endeleg handsaming av planstrategi september 2016. Arbeidet med planstrategien feb.-mai 2016, og underlag her avdekker behov for rullering av kommuneplanen sin arealdel. Kommuneplannemnda tydeleggjer kva for tema som ny kommuneplan må løyse. Tidlegare kommunestyre har allereie prioritert nokre satsingsområder innan arealdelen. Administrasjonen utarbeider forslag til planprogram forslag til planprogram kjem opp som sak i kommunestyret 14. juni 2016. Planprogrammet ligg på høyring 6 veker kommunestyret vedtek planprogram i same møte som planstrategien vert stadefesta - septembermøte. Det beste er at ein gjennom planstrategien får avklart kva planarbeid ein prioriterer før endeleg vedtak av planstrategien noko denne arbeidsformen ivaretek. 2.1 Workshop planstrategi Det vert lagt opp til ein felles workshop for administrasjon og kommuneplannemnda der Buskerud Fylkeskommune vert prosessdrivar, jfr. deira tilbod «Lån ein Fylkesbyråkrat». Føremålet med workshopen vert da å få følgjande svar; Erfaringar med planstrategiarbeid 2012-2015, kva har fungert med dagens planstrategi korleis er samanhengen mellom plan og kommuneøkonomi ivareteke Har planlagt utvikling funne stad altså det som var føresett? Overordna planer kva bør endrast, kva treng me framover? Underlag til workshop v/ Buskerud Fylkeskommune - status nosituasjon i høve utviklingstrekk o Demografi/ Befolkningsstatistikk/ Pyramide/ alder o Folketallsstatistikk/ pendling o Utvikling bornegruppe skule o Kompetanseutvikling/ drop out etc o Bustadbygging fordelt på bustadtyper o Næringsstruktur sysselsettingsoversikt utviklingstrekk o Anna Føringar frå regionale planar i kva grad vert desse følgt opp? Målgruppe for arbeidet vert kommuneplannemnda, leiargruppe, sentrale leiarar av verksemder, planavd. og fagansvarlege med vekt på «areal og samfunn». Statistisk underlag vert oversendt deltakarane før workshop kjelde her vert Buskerud Fylkeskommune. 5 (6)
2.1.1 Dagsprogram workshop Forslag til dagsprogram; Kl 09.00 Kl. 0930-10.00 Kl. 10.00-10.30 Opning v/ Rådmann presentasjon - føremål med workshop - presentasjon av prosessleiar Erfaringar med gjeldande planstrategi v/ Prosessleiar Nasjonale og regionale føringar v/ Prosessleiar Kl. 10.30 11.30 Kva er ein overordna plan, kva har me og kva treng me framover? v/ Felles refleksjon Kl. 11.30 12.00 Lunch eiga nistepakke Kl. 12.00 13.00 Kva er ein overordna plan, kva har me og kva treng me framover? v/ Felles refleksjon Kl. 13.00 14.00 Rullering av gjeldande planstrategi korleis gjer me det? - Tilpasse gjeldande korte inn - Kvar etat ansvarleg for sitt område spele inn til felles sekretær Kl. 14.00 14.30 Milepælsplan 2.1.2 Forslag til milepælsplan Oppgåve Ansvar 2016 Utarb forslag prosjektplan Forankring, og oppgåveforståing, adm. og kommuneplannemnda Innhenting av underlag v/ BFK Workshop Tekstjusteringar - Samanstilling forslag til endeleg Politisk sak utleggingsvedtak- Kommunestyret parallelt utlegging planprogram arealdelen Kunngjering - kommunestyret, parallelt med Leiar/Rådmann Leiargruppa BFK Leiargruppa Sekretær Sekretær Kommunestyre Sekretær Rådmann Kommunestyre Jan Feb Mar Apr Mai Jun Aug Sept 3. GODKJENT: Dato: 24/22016 Prosjektansvarlig:... Rådmann 6 (6)