Årdal kommune Kommunestyret Innkalling Møtedato: 05.03.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 12:00 Tema: Barnehagane Omsorg Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå til møtesekretær så snart som råd slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Årdal kommune Arild Ingar Lægreid Ordførar
Sakliste Sak nr. Sakstittel 007/15 Godkjenning og signering av møteprotokoll 008/15 Referatsak, skriv og meldingar 009/15 Årsmelding frå kontrollutvalet 2014 010/15 Vedtak om å stetta Friluftslivets år 2015 ved å bli en Friluftslivets år-kommune 2
Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Kommunestyret 05.03.2015 Sakshandsamar: Laila Irene Røneid Arkiv: K1-033 Arkivsaksnr. 15/164-15/3526 Godkjenning og signering av møteprotokoll Det skal velgjast 2 personar som skal godkjenne og signere møteprotokoll i lag med ordførar. Vert valgt i møte. Framlegg på og til å signere og godkjenne møteprotokoll i lag med ordførar.
Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Kommunestyret 05.03.2015 Sakshandsamar: Laila Irene Røneid Arkiv: K1-033 Arkivsaksnr. 15/164-15/3527 Referatsak, skriv og meldingar Tilråding: Referatsaker, skriv og meldingar vert teke til orientering. Dokument i saka: 002/15, Godkjenning av budsjett 2015 003/15, Årsrapport for 2014 - skatteoppkrevjaren 004/15, Kontrollrapport 2014 vedrørande skatteoppkrevjarfunksjonen i Årdal kommune
Sakshandsamar: Marit Lunde Vår dato Vår referanse Telefon: 57643005 20.02.2015 2015/409-331.1 E-post: fmsfmlu@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4-6 6885 ÅRDALSTANGEN Årdal kommune - godkjenning av budsjett 2015 Årdal kommunestyre har i møte 18.12.2014, sak nr. 81/14, handsama og vedteke budsjett for 2015 og økonomiplan for 2015 2018. Kommunen er innmeldt i Robek (register for kommunar som er underlagt statleg betinga kontroll og godkjenning). Fylkesmannen skal derfor føre kontroll og godkjenne budsjett og låneopptak. Kommunen har vedteke å ta opp lån på 6,7 mill. kroner til investeringar innanfor VAR i 2015. Budsjett 2015 er godkjent. Låneopptak er godkjent. Sakshandsaming Fylkesmannen har ikkje merknader til kommunen si sakshandsaming. Vi legg til grunn at formannskapet si innstilling til budsjett og økonomiplan, med alle framlegg til vedtak, har lege ute til offentleg gjennomsyn i minimum 14 dagar, jf. kommunelova 44 nr. 7 og 45 nr. 3. Fylkesmannen sin kommentar Skatteinntekter og rammetilskot er budsjettert noko høgare enn KS sin prognosemodell med tilgjengelege data/tal per oktober 2014 til Statsbudsjettet. Med svakare utvikling i folketalet enn landet, vil det bety ein lågare prognose for skatt og inntektsutjamning for kommunen i åra som kjem spesielt dersom kommunens folketall går ytterlegare ned. Kommunens budsjetterte netto driftsresultat for 2015 på 1,42 %, er mindre enn TBUs rettleiende sats på 1,75 %. Dette vil gje kommunen noko mindre reserver til ekstraordinære hendingar og planlagt vedlikehald/rehabilitering. Det vil derfor vere særdeles viktig for kommunen å følgje tett opp utviklinga i drifta gjennom året. Kommunelova 46 nr. 6 krev at budsjettet skal vere i balanse etter finansieringstransaksjonar og avsetningar, og etter 46 nr. 3 skal budsjettet vere realistisk. For å oppfylle realismekravet, bør m.a. inntekter budsjetterast etter eit forsiktigheitsprinsipp og utgifter skal dekkje vedteken aktivitet. Kommunestyret sitt vedtak om reduksjon av 18 årsverk i 2015 er fordelt på dei ulike rammeområda. Ytterlegare reduksjon med 22 årsverk skal fordelast etter prosentvis del av totale lønnsutgifter i 2015, og er for så vidt også fordelt Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/3 på rammenivå. Vi ber kommunen om å leggje fram oppdaterte tal for skatt og rammeoverføringar, og plan for nedbemanning fordelt på rammeområde etter at kommunestyret har behandla revidert budsjett i møte 28.05.2015. Økonomiplan 2015 2018 Salderingstiltaka som er gjennomførte i drift, er i hovudsak vidareført i planperioden. Eigedomsskatt er vidareført med skattetakstgrunnlag slik det no ligg føre både for verk og bruk og fast eigedom. Reduksjon i driftsutgiftene kjem i hovudsak av færre årsverk. Kommunen hadde eit akkumulert underskot per 31.12.2013 på 21,7 mill. kroner. I budsjett og økonomiplan er dette dekka inn. Som Robek-kommune er det etter kommunelova 50 nr. 9 krav om at kommunale låneopptak skal godkjennast av departementet i dei høve som gjeld 60 i kommunelova. Departementet har delegert dette mynde til Fylkesmannen. Fylkesmannen sitt generelle syn på lånegodkjenning til Robek-kommunar er: - Budsjett og økonomiplan må vere i balanse og nye låneopptak må vere innarbeidd i budsjett og økonomiplan - Å berre ta opp lån som er sjølvfinansierande - Å rå frå opptak av lån som aukar driftsutgiftene Kommunen har sett opp bruk av lånemidlar i 2015 på 12,9 mill. kroner. I alt 6,2 mill. kroner er unytta lånemidlar frå 2014, slik at nytt låneopptak i 2015 utgjer 6,7 mill. kroner. Det vert berre teke opp lån til vatn-, avløp- og renovasjonsområdet, som er sjølvfinansierande. Fylkesmannen sin kommentar Det er kommunelova 44 som regulerer krav og innhald til ein økonomiplan. I økonomiplanen skal det etter 44 fjerde ledd for kvart enkelt år vere dekning for utgifter og oppgåver som er ført opp i planen. Kommunelova 46 sjette ledd konkretiserer dette nærare gjennom at det skal vere budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekkje renter, avdrag og nødvendige avsetjingar. Auken i lånegjelda dei siste åra har ført til auka belastning i drifta i form av renter og avdrag, og kommunen ligg høgt når det gjeld lånegjeld pr. innbyggjar. Kommunen må i tida som kjem vere forsiktig med nye investeringar, slik at det blir meir til rådvelde for tenester til innbyggjarane. Det er viktig å ta høgde for at rentenivået i framtida kan aukast. Robek Kommunen blir meldt ut av Robek når kommunestyret vedtek eit rekneskap der alt underskot er dekt inn, og budsjett og økonomiplan er i balanse. Så lenge kommunen er registrert i Robek, ber Fylkesmannen om å få tilsendt saker om økonomirapportering som er oppe i kommunestyret. Vedtak Fylkesmannen skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtaket til Årdal kommune, jf. kommunelova 60 nr. 2. Vi har føreteke kontrollen, og Årdal kommune sitt budsjettvedtak for 2015 er godkjent.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/3 Etter 50 nr. 9 i kommunelova, jf. departementet si fullmakt av 27.02.2001, skal Fylkesmannen godkjenne låneopptak for kommunar som er innmeldt i Robek-registeret. Vi godkjenner låneopptak på 6,7 mill. kroner jf. oversyn i budsjettdokumentet. Det er eit vilkår at lån blir betalt tilbake i samsvar med reglane i kommunelova 50 nr. 7 a avdragstida kan ikkje overstige den vekta levetida for kommunen sine samla anleggsmidlar ved siste årsskifte. Med helsing Gunnar O. Hæreid ass. fylkesmann Marit Lunde rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Kopi pr. e-post: post@sogn-revisjon.no
Årdal kommune Skatteoppkrevjaren SKD Skatterekneskapet Skatte og avgiftsrekneskap Postboks 38 4891 GRIMSTAD Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 13/38-6 Ann Kristin 57 66 50 33 K1-212 20.01.2015 Fjeldstad Årsrapport for 2014 Vedlagt følgjer årsrapport med rekneskap for 2014 for Skatteoppkrevjaren i Årdal. Med helsing Ann Kristin Fjeldstad Skatteoppkrevjaren Kopi: Skatt vest, regional kontrollenhet Kommunestyret i Årdal kommune Kontrollutvalet i Årdal kommune Postadr.: Telefon: 57 66 50 00 Bankgiro: Org.nr E post: Heimeside Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen Telefaks: 57 66 50 15 3730.07.00153 954 679 721 postmottak@ardal.kommune.no ardal.kommune.no
Årsrapport for 2014 Skatteoppkrevjaren i ÅRDAL kommune
1. GENERELT OM SKATTEOPPKREVJAREN SI VERKSEMD 1.1. SKATTEOPPKREVJARKONTORET 1.1.1 Ressursar Ressursfordeling Årsverk %-andel fordelt Antall årsverk ved SKO som kun er nyttet til SKO-funksjonen i rekneskapsåret 1,40 100 % Ressursbruk ved SKO, fordeling av årsverk -------------- ------------- Skatterekneskap 0,40 30 % Innfordring av skatt/arbeidsgjevaravgift 0,55 40 % Kontroll av arbeidsgjevarar (inkl. rapportskriving for SKO som 0,25 20 % utfører jobben sjølv). Informasjon og retteiing til skatte- og avgiftspliktige og rekneskapsførarar/revisorar 0,10 5 % Skatteutval 0 Administrasjon 0,10 5 % (Andel fordelt skal være 100 %) Sum 100 % 1.1.2 Organisering 1 person er tilsett som skatteoppkrevjar : 100% stilling. 1 person er tilsett som sakshandsamar: ca. 20% stilling. Interkommunalt samarbeid om arbeidsgjevarkontroll: ca. 24 % stilling. Det er skatteoppkrevjaren som har ansvaret og gjer det meste av arbeidsoppgåvene. Sakshandsamaren gjer m.a.: Skriv under og attesterer/anviser eller godkjenner utbetalingsoppdrag, skriv og under på andre bilag som krev 2 underskrifter, sender ut og køyrer rapportar på endringsavrekning personlege, fører terminoppgåver, utleggstrekklister og løns- og trekkoppgåver, køyrer ut rapportar til periodisk oppgjer og avstemmer bank konto. 1.1.3 Ressursar og kompetanse Skatterekneskap og innfordring Det er 2 personar på kontoret og bemanninga er tilfredsstillande og kompetansen er god. Arbeidsgjevarkontroll Årdal kommune v/skatteoppkrevjaren administerer eit interkommunalt samarbeid om den stadlege arbeidsgjevarkontrollen i Sogn. Det omfattar 9 kommunar og 2 tilsette. Dei skal kontrollera eit vist antal arbeidsgjevarar pr. år for kvar kommune utfrå ein fordelingsnøkkel. Dei interkommunale kontrollørane klarer ikkje å ta kontrollar slik at vi tilfredsstiller 5% kravet, derfor bør skatteoppkrevjarkontoret ta nokre kontrollar sjølve. Dette har vi som mål, men det kan då gå utover dei andre arbeidsoppgåvene. I 2014 har ein hatt sjukmelding som gjer at antal utførte kontrollar vart lågare enn planlagt. Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 1
1.2. INTERNKONTROLL Det vart laga nye runinar i juni 2009 og dei blir ajourført fortløpande. Desse er laga i samarbeid med kommunane i Sogn. Vi nyttar og dei rutinane som ligg i SOFIE og Jan Grønnerud sitt oppslagsverk i innfordring. Vi har fått dispensasjon frå 3-4 i skatteoppkrevjarinstruksen og brukar no alternativ 3 ved tilvising/attestasjon og autorisasjon av utbetalingar. Det er 2 personar på kontoret slik at begge skriv under på dei bilaga som krev 2 underskrifter. Vi har laga ein eigen ringperm der vi set rapportar som vi køyrer i samband med utføring og dokumentasjon på internkontroll pr. halvår, den 30.04. og 31.10. 1.3. VURDERING AV SKATTEINNGANGEN 1.3.1. Total skatte- og avgiftsinngang i rekneskapåret År 2014 2013 1 Likvider 36979607 36459746 Skyldig skattekreditorene -1039605-845898 Skyldig andre -11030-24365 Innestående margin -35928969-35589480 Udisponert resultat -2-2 Sum 0 0 2 Arbeidsgiveravgift -54856447-54511850 Kildeskatt -1656-1656 Personlige skatteytere -429144461-426587818 Selskapsskatt -35473159-33660289 Renter 222973 221817 Innfordring -23613-54089 Sum -519276363-514593886 3 Fordelt til Folketrygden - arbeidsgiveravgift 54856447 54511850 Fordelt til Folketrygden - medlemsavgift 122706558 114123905 Fordelt til Fylkeskommunen 31704443 30850307 Fordelt til kommunen 145736294 144976752 Fordelt til Staten 164272621 170133242 Krav som er ufordelt 0 0 Videresending plassering mellom kommuner 0-2170 Sum 519276363 514593886 Sum totalt 0 0 Den totale skatte og avgiftsinngangen syner ein auke i høve til 2013 på kr 4.682.477. Innbetalt arbeidsgjevaravgift har auka med kr 344.597, personlege skatteytarar har auka med kr 2.556.643 og innbetalt selskapsskatt har auka med kr 1.812.870. Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 2
1.3.2 Kommunen sin andel av skatteinngangen i rekneskapsåret Kommunen sin samla skatteinngang i 2014 er kr 145.736.285, dette er ein auke på kr 759.534 i høve til 2013. Opphaveleg var det budsjettert med ein skatteinngang på 147.695.000 for 2014, men dette vart minka med kr 1.268.000 til kr 146.427.000 i kommunestyresak nr. 41 i juni 2014. Dette vert gjort med bakgrunn i endringar i prognosane i KS sin skattemodell. 1.4. SKATTEUTVAL Det er ikkje sendt saker til Skatteutvalet i 2014. 2. SKATTEREKNESKAPET 2.1. AVLEGGING AV REKNESKAPET Skatteoppkrevjaren i Årdal stadfestar at skatterekneskapen i 2014 er ført, avstemt og avlagt i samsvar med gjeldande forskrifter og retningslinjer, jf. Instruks for skatteoppkrevere 3-1. Det er ikkje motteke pålegg om rekneskapsføringa, rapporteringa og avlegginga av skatterekneskapet frå regional kontrollenhet. Årsrekneskapen for 2014 følgjer som vedlegg til årsrapporten og er signert av skatteoppkrevjaren. 2.2. MARGIN 2.2.1. Marginoppgjeret for 2013 Inneståande margin for inntektsår 2013, pr. 31.10.2014 Kr 0 For lite avsett margin for inntektsår 2013 Kr - 4.643.036 Marginprosent Prosentsats marginavsetning: 9 %. Gyldig fra: 24/6-2010 2.2.2. Marginoppgjeret for 2014 Marginavsetning for inntektsår 2014, pr. 31.12.2014 Kr 35.928.969 Gjeldande prosentsats marginavsetning: 9 %. Gyldig fra: 24/6-2010 Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 3
2.2.3 Kommentarer til marginavsetningen Gjeldende prosentsats er 9 % og vart sett opp frå 8 % den 24/6-2010. Dette fordi marginoppgjeret hadde synt aukande underskot dvs. for lite avsett dei siste åra. Etter at marginprosenten vart sett opp frå 8 til 9 % har underskotet vore mindre, men for 2013 auka underskotet att. Skatteoppkrevjaren har derfor bede kommunestyret om å auka marginavsetningen frå 9 % til 10 % frå 2015. Dette vart vedteke i kommunestyre sak 081/14. 3. INNFORDRING AV KRAV 3.1. RESTANSEUTVIKLINGA 3.1.1 Totale restansar og berostilte krav Skatteart Restanse Herav berostilt restanse Restanse Herav berostilt restanse 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2013 31.12.2013 Endring i restanse Endring i Berostilt restanse Reduksjon (-) Reduksjon (-) Økning (+) Sum restanse pr. skatteart 2690746 19690 2686179 19690 4567 0 Arbeidsgiveravgift 63326 56554 6772 Artistskatt 0 0 0 Forsinkelsesrenter 156846 53869 102977 Forskuddsskatt 0 0 0 886041 927309-41268 Forskuddstrekk 39077 24320 14757 Gebyr 0 0 0 Innfordringsinntekter 20504 20504 0 Inntekt av summarisk 0 0 0 fellesoppgjer Kildeskatt 0 0 0 Restskatt 0 0 0 Restskatt person 1524852 19690 1603623 19690-78771 Sum restanse diverse krav 0 63326-63326 0 Diverse krav 0 0 Sum restanse diverse krav inkl. diverse krav 2690746 19690 2749505 19690-58759 0 Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 4
3.1.2 Kommentarar til restansesituasjonen og utviklinga i restansane Det er ein auke på kr 4.557 i restansane samla sett frå 2013 til 2014. Restansen på forskotsskatt person har minka med kr 41.268 og restskatt person har minka med kr 78.771, medan restansen på forseinkingsrenter har auka med kr 102.977. Diverse krav var innfordring av krav for utanlandsk skattemyndigheit. Denne er no innfordra og er i 0. Berostilte krav er kr 19.690. Dette gjeld 6 utanlandske personar med ukjent adresse. Denne har ikkje auka frå 2013 til 2014. Det er avskrive restskatt, arbeidsgjevaravgift og forseinkingsrente med tilsaman kr 99.649 i 2013. Kr 33.066 gjeld 2 firma som har gått konkurs og kr 5.197 gjeld 3 personar. Kr 128 er ettergjeve, dette gjeld 1 skatteytar. 3.1.3 Restansar eldre år Inntektsår Sum restanse (debet) Herav skatteart Restskatt person 2012 Kr 436.981 Kr 277.720 2011 Kr 157.723 Kr 67.237 2010 Kr 142.653 Kr 113.743 2009 1996 Kr 618.946 ----------------- 3.1.4 Kommentarer til restanser og restanseoppfølgjinga for eldre år Restansane samla for eldre år har auka med kr 136.940 i løpet av 2014. Det er kun 1 skatteytar som har restanse for åra 1996-2000, tilsaman utgjer dette kr 257.906. For åra 2001 og 2002 er det 2 personar som har skatterestanse med tilsaman kr 202.897, den ein er den same som har restanse for åra 1996-2000 og den andre har gjeldsordning. Kontoret har gjennomgått D.rapporten Restanseliste forelda krav dato tom 31.12.14. Antall krav som var forelda pr. 31.12.14: Samla beløp på krav som var foreldet pr 31.12.14: 0 stk 0 kr 3.2. INNFORDRINGA SIN EFFEKTIVITET 3.2.1 Vurdering av kontoret sine resultat pr. 31.12.2014. Krav Oppnådd Avvik Pr. 31.12.2014 Restskatt innbetalt 2012 97,7 % 96,0 % -1,7 % Forskotstrekk 2013 99,9 % 100 % 0,1 % Utskrevet forskotsskatt, person 2013 99,0 % 97,80 % -1,2 % Utskrevet forskotsskatt upersonlege 2013 99,8 % 100,0 % 0,2 % Restskatt for upersonlege skatteytarar 2012 99,0 % 100,0 % 1,0 % Arbeidsgjevaravgift 2013 99,8 % 100,0 % 0,2 % Restskatt, person - Innfordret 2012 80,0 % 71,9 % -8,1 % Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 5
Skatteoppkrevjaren i Årdal har oppnådd resultatkravet for 4 restansetypar og har negativt avvik på 3. Resultatet som er oppnådd er over gjennomsnittskravet for Skatt vest, med unntak av forskotsskatt personlege skattytere. Resultatkravet for innfordra restskatt vart oppnådd med god margin for 2012 og 2013 derfor vart kravet sett høgt for 2014. Vi nådde ikkje kravet som var sett for Årdal i 2014, men ligg framleis over gjennomsnittskravet i Skatt vest. 3.2.2 Vurdering av samanheng mellom aktivitet og resultat Restansane vert følgde opp kontinuerleg. 3.2.3 Omtale av spesielle forhold 3.2.4 Kontoret sine eventuelle tiltak for å betre effektiviteten i innfordringa 3.3. SÆRNAMSKOMPETANSE Skatteoppkrevjaren i Årdal nyttar seg av sin særnamskompetanse. Det er føreteke 4 utleggsforretningar i 2014. 4. ARBEIDSGJEVARKONTROLL 4.1 Organisering av arbeidsgjevarkontrollen. Vi er deltakarar i eit interkommunalt samarbeid om arbeidsgjevarkontrollen i Sogn som omfattar 9 kommunar og 2 stillingsheimlar. Det er skatteoppkrevjaren i Årdal som administrerer ordninga. 4.2. Planlagde og gjennomførte kontrollar Antal planlagde kontrollar for 2014: 8 stk Som utgjer: 5 % av totalt antal leverandørar av LTO i kommunen. Antal gjennomførde kontrollar i 2014: 4 stk Som utgjer: 2,5 % av totalt antal leverandørar av LTO i kommunen. Antal gjennomførde kontrollar i 2013: 5 stk 4.3 Resultater frå arbeidsgjevarkontrollen 3 kontrollar resulterte i forslag om auka arbeidsgjevaravgift med tilsaman kr 81.172. 2 kontrollar resulterte i forslag om auka inntekt med tilsaman kr 334.836. Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 6
4.4 Vurdering av arbeidsgjevarkontrollen For 2014 har Skatteoppkrevjaren i Årdal sjølv teke 2 kontrollar og dei interkommunale rekneskapskontrollørane har teke 2 kontrollar. Det var planlagt at dei interkommunale rekneskapskontrollørane skulle ta 6 kontrollar for 2014, men 4 av kontrollane er ikkje byrja på enno. Dette skuldast m.a. sjukmelding. Antal utførde kontrollar er derfor 4 mindre enn planlagt. 4.5 Samarbeidet med andre kontrollaktørar 4.6 Gjennomførde informasjonstiltak Det blir skrive brev med informasjon til alle nye firma/arbeidsgjevarar. Det vert og informert i samband med bokettersyn og når skatteytar/arbeidsgjevar/rekneskapsførar tek kontakt. Årdalstangen 20. januar 2015 Skatteoppkrevjaren i Årdal kommune Vedlegg: Årsrekneskap for 2014 med forklaring, signert av skatteoppkrevjaren. Årsrapport 2014 Skatteoppkrevjaren i Årdal Side 7
Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 009/15 Kommunestyret 05.03.2015 Sakshandsamar: Laila Irene Røneid Arkiv: Arkivsaksnr. 15/133-15/3525 Årsmelding frå kontrollutvalet 2014 Saka gjeld Kontrollutvalet har handsama og godkjent årsmelding for 2014 i møte 12.2.2015, og sender denne vidare til kommunestyret til orientering. Bakgrunn Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret føre tilsyn med den kommunale forvaltninga. Kontrollutvalet rapporterer til kommunestyret om kontrollutvalet si verksemnd. Tilråding: Kommunestyret tek kontrollutvalet si årsmelding for 2014 til orientering. Vedlegg: Årsmelding for kontrollutvalet 2014
KONTROLLUTVALET I ÅRDAL KOMMUNE ÅRSMELDING 2014
KONTROLLUTVALET I ÅRDAL Innleiing Kommunelova (KL) kapittel 12 omhandlar internt tilsyn og kontroll samt revisjon. Kommunestyret har det øvste tilsynsansvaret med den kommunale forvaltninga, jfr. KL 76. Kommunestyret vel eit kontrollutval til å stå føre det løpande tilsynet med den kommunale forvaltninga, jfr. KL 77. Kontrollutvalet hadde ved årets start følgjande samansetning: Medlemer: 1. Asle Aanes, FRP (leiar) 2. Aud Sissel Sveen, AP (nestleiar) 3. Steinar Selland, AP 4. Roy Andre Bergerud, AP 5. Karin Hovland, uavhengig Varamedlemer: 1. Geir Hilmar Sandvik, FRP 2. Arnulf Bjørvik, AP 3. Oddgeir Otterdal, SP I kommunestyremøte 18.09.14 sak 053/14 vert det gjort følgjande vedtak ved suppleringsval: Medlemer: 6. Geir Hilmar Sandvik, FRP (leiar) 7. Aud Sissel Sveen, AP (nestleiar) 8. Steinar Selland, AP 9. Roy Andre Bergerud, AP 10. Karin Hovland, uavhengig Varamedlemer: 1. Arnulf Bjørvik, AP 2. Oddgeir Otterdal, SP 3. Jan Terje Bjørnetun, FRP I det politiske organisasjonskartet er kontrollutvalet direkte underlagt kommunestyret og dette medfører at kontrollutvalet har ein uavhengig ståstad i høve til andre politiske og administrative organ. Det er følgjeleg berre kommunestyret som kan instruere kontrollutvalet. Kontrollutvalet sitt formål Kontrollutvalet sitt hovudmål er å medverke til at kommunen sine oppgåver vert løyste på ein best mogleg måte i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. 2
KONTROLLUTVALET I ÅRDAL Kontrollutvalet sine oppgåver er heimla direkte i kommunelova kapittel 12 og i forskrift om kontrollutval fastsett av Kommunal og regionaldepartementet. Både lov og forskrift har vore gjennom ei endring, og gjeldande regelverk trådde kraft 01.07.2004. Denne lovendringa førte til at oppgåver vart presisert. Kontrollutvalet fekk nye oppgåver, til dømes selskapskontroll. Lovendringa medførte og ein endring i organiseringa av kontrollutvalet sitt arbeid. Oppgåvene til kontrollutvalet er i forskrifta delt inn i 5 kapittel: Kapittel 3: Alminnelege reglar om kontrollutvalet sitt ansvar og oppgåver Kapittel 4: Kontrollutvalet sine oppgåver ved rekneskapsrevisjon Kapittel 5: Kontrollutvalet sine oppgåver ved forvaltningsrevisjon Kapittel 6: Selskapskontroll Kapittel 7: Særlege oppgåver for kontrollutvalet Tilsyn og kontroll er såleis todelt, der den eine oppgåva rettar seg mot tilsyn med forvaltninga i kommunen, og den andre oppgåva rettar seg mot utføringa av revisjonsoppgåvene. Endringane i organiseringa har og medført eit klårare skilje mellom bestilling og utføring av revisjonstenester. Kjøp av revisjonstenester Årdal kommune har ved etablering av Sogn og Fjordane Revisjon IKS (SF Revisjon IKS) forplikta seg til å kjøpe sitt behov for revisjonstenester av dette selskapet. SF Revisjon er eit interkommunalt selskap der Årdal kommune har ein eigardel på 11,1 %. Kommunane i Sogn regionråd (med unntak av Aurland og Lærdal kommune) og Sogn og Fjordane fylkeskommune er medeigar i selskapet. Selskapet har vore i drift sidan 01.01.2005. Eksisterande selskapsavtale med SF Revisjon IKS vart vedteken i kommunestyret i 2008. Kommunen forpliktar seg i følgje avtala til å kjøpe tenester vedrørande finansiell revisjon og selskapskontroll frå SF Revisjon, medan forvaltningsrevisjon vert kjøpt inn etter offentlege anbodsprosessar. Kommunen forpliktar seg i følgje selskapsavtalen til å kjøpe tenester vedkomande finansiell revisjon og selskapskontroll av SF Revisjon IKS. Forvaltningsrevisjon skal kjøpast i marknaden. Sogn og Fjordane Fylkeskommune varsla utmelding av SF Revisjon IKS i august 2012. På bakgrunn av dette varsla og dei fleste andre eigarkommunane utmelding. I november 2012 vart representantskapet samde om utkast til ny selskapsavtale. Dette medførte at ingen av kommunane meldte seg ut per 31.12.12. Endringa av selskapsavtalen vart handsama av kommunestyret i Årdal i desember 2012. Sekretariat for kontrollutvala Kommunestyret skal sørgje for at kontrollutvalet har tilfredstillande sekretærbistand. I 2013 gjorde kommunestyret vedtak om å inngå avtale om sekretariatsfunksjon med PwC med verknad frå 1.1.2013. Avtalen går fram til 01.03.2017. Resten av kommunane i Sogn regionråd er og med i dette samarbeidet. 3
KONTROLLUTVALET I ÅRDAL Sekretariatet er sett saman som ein prosjektorganisasjon med ein overordna leiar og tre medarbeidarar frå PwC som er ansvarleg for oppfølging av sekretariatsfunksjonen for kvar sine tre kommunar. Det går fram av avtalen om felles sekretariatsfunksjon at det skal vera årlege kontaktmøte mellom leiarane i kontrollutvalet og sekretariatsleiar. I 2013 vart det halde eit kontaktmøte. Formålet med desse møta var å dele erfaring og drøfte moglege felles forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar. Det er vidare gjennomført 5 ordinære møter i kontrollutvalet i samsvar med oppdragsavtalen med PwC. Kontrollutvalsleiar har delteke på NKRF s kontrollutvalskonferanse i februar 2014. Dei viktigaste sakene i 2014 Dei viktigaste sakene som er handsama i kontrollutvalet i 2014 har vore: Kontrollutvalet sin uttale til årsrekneskapen 2013 for Årdal kommune og Årdal Energi KF. Uttalen vart lagt ved saka til kommunestyret, og sendt som kopi til formannskapet. Kontrollutvalet har hatt kommunen sin økonomi og rekneskap til orientering i alle møte i 2014. Kontrollutvalet har bedt om å få tilsendt rekneskap kvar månad frå administrasjonen. Kontrollutvalet har fått orientering av rådmannen og Rigmor Svanberg om fylkesmannen sin tilsynsak som gjeld helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg på asylmottak i Årdal. Orientering frå rådmannen om gjennomførte tiltak basert på rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av barn i fosterheim ved Årdal kommune. Orientering frå rådmannen om fristbrot i barneverntenesta i Årdal i 2014. Kortversjonen av: Ekspertutvalgets kriterier og anbefalinger i delrapporten "Kriterier for god kommunestruktur" avlevert 31. mars 2014. Orienteringssak Kontrollutvalet har behandla kjøp av vaskeritenester frå ASVO jmf. regelverket for offentleg innkjøp. Rådmannen har orientert og sekretær for kontrollutvalet har innhenta informasjon om at kjøp av vaskeritenester utan utlysing frå selskap som kommunen kontrollerer, er lovleg etter ulovfesta rett. Kontrollutvalet har blitt orientert av rådmann og ordførar om kostnader og vedtak på bygging av nytt helsesenter i Øvre Årdal. Det er gjennomført forvaltningsrevisjon knytt til Styring, organisasjon og intern kontroll i samsvar med vedtak i kontrollutvalet. Kontrollutvalet skal gjere oppfølgjing av revisjonen i 2015 4
KONTROLLUTVALET I ÅRDAL Kontrollutvalet har behandla Plan for fusjon mellom Sogn og Fjordane Revisjon IKS og Indre Hordaland, og gitt innstilling om å legge fusjonsplanane på is. Det er gjennomført avgrensa selskapskontroll i Årdal Framtid AS i samsvar med vedtak i kontrollutvalet. Revisor SF skrev i sin rapport at kommunen ser at denne organiseringa kan vere ulovleg, og at dei på grunn av dette vel å avvikle den aktiviteten som kan vere ulovleg. På grunn av dette ser revisor derfor ingen grunn til å undersøke lovlegheita noko nærmare. Andre områder kontrollutvalet har hatt oppfølgjing av gjennom året: o Årsmelding og årsrekneskap for skatteoppkrevjaren i Årdal kommune o Årsmelding for den interkommunale arbeidsgjevarkontrollen o Vurdering av oppdragsansvarleg revisor sin uavhengigheit i forhold til Årdal kommune (SF Revisjon) o Tilbakebetaling av delar av revisjonshonoraret for 2013 o Årsrekneskap 2013 Årdal Utvikling rekneskap framlagt fordi stiftinga er finansiert av Årdal kommune o Årsrekneskap 2013 Årdal Framtid AS rekneskap framlagt fordi selskapet er eigd 100% av Årdal kommune o Årsrekneskap 2013 Årdal Media AS rekneskap framlagt fordi selskapet er eigd av Årdal Utvikling I tillegg har ein i samband med kvart møte faste saker som Godkjenning av møtebok og Orienterings- og drøftingssaker oppe til handsaming. 5
Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret 05.03.2015 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K2 - C22 Arkivsaksnr. 14/366-15/1765 Vedtak om å stetta Friluftslivets år 2015 ved å bli en Friluftslivets årkommune Saka gjeld I samband med Friluftslivets år 2015 (FÅ15) er Årdal kommune invitert til å vedta å vere ein "Friluftslivets År-kommune". Rådmannen meiner det er berre fordelar ved å forplikte seg til å vere ein "Friluftslivets Årkommune". Bakgrunn Regjeringa har bestemt at 2015 skal vere "Friluftslivets År" med visjonen "Fleire ut - oftare!". Hovudmålet for året er todelt: 1. Å gi friluftsliv auka merksemd. 2. Å gi varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle deler av befolkninga. Barn, unge og barnefamilier er viktige målgrupper, men også minoritetar. Norsk Friluftsliv og Friluftsrådenes Landsforbund har med brev invitert alle landets kommunar til å vedta å vere en "Friluftslivets År-kommune". Alle kommunar som vedtar dette, kan også delta i kåringa av "Årets friluftslivskommune". Alle kan vedta å være en "Friluftslivets år kommune" men bare ein blir kåra til "Årets friluftslivskommune". Norsk Friluftsliv (tidligere Friluftslivets fellesorganisasjon) har det praktiske ansvaret for dagleg leiing, planlegging og gjennomføring av Friluftslivets år 2015. Norsk Friluftsliv er ein paraplyorganisasjon for 15 store friluftslivsorganisasjonar i
landet med over 724 000 medlemskap og 4600 lokale lag og foreninger. Norsk Friluftsliv sitt formål er å fremme det naturvennlige friluftslivet og allemannsretten, og styrke medlemsorganisasjonenes arbeid med å gjere friluftsliv tilgjengeleg for folk flest. Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er eit landsomfattande samarbeidsorgan for interkommunale friluftsråd. FLs hovudoppgåve er å arbeide for styrking av det allmenne friluftsliv gjennom eigne initiativ og ved å støtte arbeidet til tilslutta friluftsråd. FL er eit eige rettssubjekt og ein frittståande eining. Årdal kommune og nabokommunane er ikkje medlem i FL, men dette er ikkje ein føresetnad for å vedta å bli "Friluftslivets år -kommune". Det blir stilt krav til Friluftslivets år-kommunar. Kommunen må forplikte seg til å: 1. Stetta lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets År. 2. Vektlegge omsyn til friluftsliv i kommunens planarbeid. 3. Stimulere kommunens barnehagar og skular til å bruke naturen til leik og læring. 4. Satse på stien som aktivitetsanlegg. 5. Bruke friluftsliv som eit positivt verkemiddel i kommunens folkehelsearbeid. 6. Arrangere Ordførerens tur; - åpen tur med Ordføreren som turleiar. 7. Stille opp til bålsamtale eller annet møte med friluftsorganisasjonene i kommunen. Kommunestyret må vedta å vere ein "Friluftslivets år kommune" innan 27.03.15. Kommunen blir da automatisk nominert til "Årets friluftslivskommune". For å delta vidare må vi fylle ut eit skjema om korleis kommunen satsar på friluftsliv innan 01.10.15. Kåringa vil skje på slutten av 2015. Drøfting Rådmannen er positiv til den nasjonale markeringa av FÅ15 og meiner at Årdal kommune bør stetta arrangementet og dra nytte av den positive omdømmeeffekten og fordelane som auka deltaking i friluftsliv for innbyggarane kan føre til. Rådmannen meiner kommunen allereie er godt i gang med punkt 1-5. Til punkt 1 kan rådmannen opplyse om at det blei invitert til eit koordineringsmøte mellom friluftsorganisasjonar, turistverksemder og idrettslag i kommunen 11.02.15 der formålet var å samordne og tilrettelegge lokale arrangement og aktivitetar for å stetta opp under og dra nytte av FÅ15. Elles har kommunen gode tradisjonar og rutiner for å fremja friluftsliv og bistå lokale lag og friluftsorganisasjonar. Friluftsliv er allereie brukt som eit positivt verkemiddel i vårt folkehelsearbeid og vi bruker stiane våre aktivt for å stimulere og tilrettelegge for aktivitet for alle grupper. Når det gjeld punkt 6-7 stiller dette krav til i fyrste rekke ordføraren. Ordføraren må derfor vere villig til å sette av litt tid til å planlegge og gjennomføre ordførarens tur og stille opp til bålsamtale. Dette kan gjennomførast i samband med andre arrangement i kommunen som t.d
nasjonalparkfestivalen som blir arrangert i mai. Økonomi Rådmannen ser ikkje at vedtaket om å bli "Friluftslivets år kommune" vil forplikte kommunen økonomisk. Tilråding: Kommunestyret i Årdal kommune vedtek å bli ein "Friluftslivets år kommune" med dei pliktar som føl med invitasjonen frå Norsk Friluftsliv og Friluftsrådenes Landsforbund. Vedlegg: Kåring av årets friluftslivskommune