PLANINITIATIV Oppstart av planarbeid detaljreguleringsplan for Klokkargarden - Osstølen, gnr. bnr 55 bnr. 8 og 32, Os kommune Figur 1. Oversiktskart Planområdet ligg i området øvst i Klokkargarden mot Osstølen og Sveoområdet. Planområdet er ca. 10 da og omfattar eigedomane del av gnr. 55 bnr. 8 og eigedomen gnr. 55 bnr. 32.
Detaljkart som viser planavgrensning: Figur 2. Plangrense Eigedomen grensar til kommunal veg Klokkargarden opp til der Klokkargarden møter Osstølen. Vidare følgjer plangrensa eigedomsgrensene for gnr. 55/8 og 32. Planområdet omfattar ikkje eksisterande bustadhus på eigedomen 55/8 då desse skal oppretthaldast slik som dei er idag. Området har mogleg tilkomst frå Klokkargarden og frå Sveo. Vegen
Klokkargarden er smal og manglar fortau i den øvste delen. Slik sett er tilkomst frå Sveo med ny veg og kryss ved Rema 1000 av betre standard. Her er det også regulert fortau fram til planområdet. Skråfoto av planområdet: Figur 3. Planområdet sett frå sør (1881.no)
Figur 4. Planområdet sett frå nord (1881.no) a) planområdet og om planarbeidet vil få verknader utanfor planområdet Planområdet vil føre til noko auka trafikk på det lokale vegsystemet fram til området. Vegsystemet i Sveo/Osstølen er nyleg regulert med god standard. Det ligg nokre bustadhus tett på planområdet og ei utbygging i området må tilpassast desse slik at det ikkje medfører negative konsekvensar. b) planlagt utbygging, anlegg og andre tiltak Området planleggast utbygd med bustader i type rekkehusbebyggelse med ein underliggande parkeringskjellar. Ein har førebels ikkje sett på bebyggelsestrukturar og plassering av bustader. c) utbyggingsvolum og byggehøgder Byggehøgder på 2 3 etasjar. Parkeringsgarasje under bakken.
d) funksjonell og miljømessig kvalitet Området har gode sol- og utsiktsforhol og er godt eigna som bustadområde. Det vert lagt vekt på å etablere gode uteopphaldsareal med gode kvalitetar. Parkering under bakken områda mellom husa kan nyttast til uteopphald. e) tiltaket sin verknad på, og tilpassing til, landskap og omgjevnader Det skal leggast vekt på god terrentilpassing og tilpassing av bygningar mot naboskap. f) forholdet til kommuneplan, eventuelle gjeldande reguleringsplanar og retningslinjer, og pågåande planarbeid Området er sett av til bustad i kommuneplanens arealdel. Figur 5. Utsnitt i frå kommuneplanens arealdel
Planområdet er regulert til bustadføremål i reguleringsplan for Osstølen-Sveo som trådte i kraft 1.4.1975 (planid 19700100). Deler av planområdet er regulert til rekkehus og deler til eneboligbebyggelse. Figur 6. Reguleringsplankart g) vesentlege interesser som vert råka av planinitiativet Ingen spesielle. h) korleis samfunnssikkerheit skal ivaretakast, mellom anna gjennom å førebygge risiko og sårbarheit Området ligg ikkje utsett for jord, flom eller snøskred. Det er heller ikkje gjort funn av prioriterte eller framande artar. Trafikkstøy: Deler av planområdet ligger innenfor grønn sone 50 55 db for vegtrafikkstøy fra Osveien.
Figur 7. Støy frå biltrafikk (miljostatus.no) i) kva for råka offentlege organ og andre interesserte som skal varslast om planoppstart Normal varslingsprosedyre. j) prosesser for samarbeid og medverknad frå råka fagmyndigheiter, grunneigarar, festarar, naboar og andre Naboar og offentleg mynde vert varsla ved oppstart og offentleg ettersyn. Dersom det skulle kome merknader frå naboar eller andre instansar saka vedkjem, vil ein vurdera nabomøte eller møte med aktuell instans. k) vurdering av om planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing, og korleis krava i tilfelle vil kunne bli ivaretatt. Planområdet ligg innanfor bustadområde i kommuneplanens arealdel og i gjeldande reguleringsplan. 6. Planer og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast og ha planprogram eller melding Planarbeidet er ikkje vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU) etter forskrift om konsekvensutgreiing for planar etter plan- og bygningslova 6 planar som alltid skal konsekvensutgreiast.
Vurdering: Planarbeidet inneber ikkje tiltak som utløyser konsekvensutgreiing jf. vedlegg I 8. Planer og tiltak som skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn Forskriftas 8 gjeld planar der det krevst ei nærare vurdering av om konsekvensutgreiingsplikta vert løyst ut. Utløysingskriteria er avhengig av tiltak og går fram av vedlegg II. Konsekvensutgreiingsplikta vert utløyst om tiltaket får vesentlege verknader etter 10. Vurdering: Planområdet er sett av til bustadområde. Planlagt arealbruk er bustad med tilhøyrande infrastruktur. Tiltaket omfattar ikkje tiltak nemnt i Vedlegg II. Planarbeidet er ikkje vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter tiltak i vedlegg II. Konklusjon Gjennomført vurdering av foreslått planområde opp mot forskrifta er ikkje vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing. Det kan etter vår vurdering utelukkast at tiltaket får vesentlege verknader for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn. Vi ber med dette om eit oppstartsmøte for planarbeidet. Os, 19.12.2018 Mvh Arne Kristian Kolstad ABO Plan & Arkitektur AS