Utviklingsplan skuleåret 2018-2019 Orstad skule Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra
Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Orstad skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø 3 Prioriterte utviklingsområde for Orstad skule 2018/2019 4 Framdriftsplan
1. Innleiing Tidlegare har Klepp kommune i større grad vedteke utviklingsområde for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 er det skulane sjølv som prioriterer desse ut frå analyse og behov. Det lokale handlingsrommet vil kunna gje relevante og presise tiltak, og skapa eit godt grunnlag for gode medskapingsprosessar på skulenivå. Med omgrepet utviklingsområde meiner vi skulen sine prioriterte område for utvikling av ny praksis og ny kompetanse. For oss er det viktig med få utviklingsområde. I tillegg til arbeidet med utviklingsområda vil det vera viktig å arbeida med vedlikehald og vidareutvikling av praksis og kompetanse på andre område. Dette vert ikkje omtalt i utviklingsplanen, men vert ivareteke gjennom skulen sine interne rutinar. Det som er styrande for arbeidet på Orstad skule og Jærskulen er dei nasjonale måla og måla i mål- og prinsippdokumentet for Jærskulen. Dei sentrale måla for Jærskulen, formulert i mål- og prinsippdokumentet, er knytt til styrking av elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte. Vi har no fått eit lokalt handlingsrom, og då er det avgjerande at vi har gode analysar som grunnlag for prioriteringane våre. Elevundersøkinga, nasjonale prøver og kartleggingsprøver er sentrale i arbeidet. Orstad skule har drive eit godt utviklingsarbeid gjennom mange år. Skuleåret 2017/2018 har skulen hatt Ungdomstrinn i utvikling UIU, klasseleiing med skriving og IKT som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. 2. Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Orstad skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat LESEKARTLEGGING OG ELEVAR UNDER KRITISK GRENSE 1. TRINN Å skriva bokstavar Å finna lyder Å trekka saman lydar til Å stava Å lesa Å lesa er å forstå 2016 2017 2018 25% 6 elevar 8,57 % 2,85% 1 elev 8,57% 11,42% 4 elevar 8,57% 14,28% 5 elevar 12,5% 8,33% 2 elevar 12 % 17 % 4 elevar 4,0 % 1 elev 12,5% 4,0 % 1 elev 16,67% 4,0 % 4 elevar 1 elev 0 % 0 %
2.TRINN Å lesa Å forstå Å stava Å lesa er å forstå 3. TRINN 2016 2017 2018 2016 2017 2018 25,93% 8,82% 17 % 0 elevar 3,7% 13 % 7 elevar 4 elevar 1 elev 4 elevar 25,93% 20,6% 29 % 9,52% 11,11% 20 % 7 elevar 7 elevar 6 elevar 2 elevar 7 elevar 25,93% 7 elevar 14,82% 4 elevar 20,59% 7 elevar 11,77% 4 elevar 12 % 4 elevar 12 % 4,76% 1 elev 9,52%2 elevar 11,11% 11,11% 10 % 7 % REKNING OG ELEVAR UNDER KRITISK GRENSE 1. TRINN 2. TRINN 3. TRINN 2016 2017 2018 2016 2017 2018 2016 2017 2018 5,71% 8,33% 12 % 14,8% 8,82% 13 % 4,76% 3,7% 14 % 2 elev 2 elev 3 elev 3 elev 1 elev 1 elev 4 elev Resultat 5. trinn nasjonale prøvar: (gj.snitt nasjonalt 50) Eng 2014 Eng 2015 Eng 2016 Eng 2017 Les 2014 Les 2015 Les 2016 Les 2017 Rekn 2014 Rekn 2015 Rekn 2016 Rekn 2017 50 53 49 52 49 51 49 52 47 52 51 50 Resultat 8. trinn nasjonale prøvar: (gj.snitt nasjonalt 50) Eng Eng Eng Eng Les Les Les Les Rekn Rekn Rekn Rekn 2014 2015 2016 2017 2014 2015 2016 2017 2014 2015 2016 2017 53 49 54 52-50 55 53 47 51 55 52 Resultat 9. trinn nasjonale prøvar: (gj.snitt nasjonalt 53-54) Les Les Les Les Rekn Rekn Rekn Rekn 2014 2015 2016 2017 2014 2015 2016 2017 51 53 52 58 54 53 55 58 Standpunktkarakterar: Indikator og nøkkeltall 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 Engelsk skriftleg 4,0 4,0 4,2 3,8 4,0 4,1 Engelsk munnleg 4,1 4,2 4,3 4,0 4,3 4,3 Fransk 1.. 4,4 Spansk 1 3,9 3,8 3,9 3,8 4,7 Tysk 1 3,7 4,3 4,1 3,9 3,2 4,6 Kunst og handverk 4,4 4,0 4,1 4,0 4,0 4,1 Kroppsøving 4,2 4,4 4,4 4,0 4,3 Matematikk 3,4 3,6 3,6 3,5 3,3 3,5
Mat og helse 4,5 4,4 4,1 4,3 4,0 4,2 Musikk 4,2 4,0 4,1 3,6 3,7 4,0 Naturfag 4,0 3,9 4,2 4,0 3,5 4,4 Norsk hovudmål 3,9 3,9 4,0 3,7 3,3 3.9 Norsk sidemål 4,0 3,7 3,9 3,5 3,1 4,0 Norsk munnleg 4,1 4,2 4,1 4,0 3,8 4,1 Religion, livssyn og etikk (KRLE) 4,1 3,9 4,2 4,2 3,7 4,1 Samfunnsfag 4,0 4,3 4,3 4,0 3,9 4,3 Eksamenskarakterar: Indikator og nøkkeltall 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 Engelsk skriftleg eksamen 3,8 4,0 3,7 3,0 3,6 3,8 Engelsk munnleg eksamen 4,9 4,5 4,4 Matematikk skriftleg eksamen 3,0 3,3 3,4 3,8 3,7 Matematikk munnleg eksamen. 4,3 3,7 3,9 Naturfag munnleg eksamen 4,3 4,8 Norsk hovudmål skriftlig eksamen 3,4 3,2 3,2 3,2 3,0 Norsk sidemål skriftleg eksamen 3,6 3,1 2,8 3,1 3,9 Religion, livssyn og etikk munnleg Eksamen Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) munnleg eksamen Samfunnsfag munnleg eksamen 4,3 4,6 4,4 4,6 Grunnskulepoeng Indikator og nøkkeltall 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 Grunnskolepoeng, gjennomsnitt 40,3 40,2 40,6 39,1 37,7 41,0 Vi har jobba systematisk med lesing over fleire år. Dei faglege resultata kunne etter vårt syn likevel ha vore betre. Viss vi ser på dei minste trinna ser vi at elevane har hatt god utvikling, då dei same elevane scorar betre samanlikna med seg sjølv f.eks frå 2. til 3. trinn. Vi har sidan skuleåret 2016/2017 jobba med utviklande matematikk og SLT+ på 1. trinn og 2. trinn for å
heva resultata. Vil vil fortsetja med utviklande matematikk på 3. trinn. Vi må sjå det litt over år om dette har innverknad på resultata. Resultata på nasjonale prøver har vore litt opp og ned dei siste åra. Det ligg rundt nasjonalt snitt. Dei fleste resultat ligg likevel over nasjonalt snitt, eller på snittet. Vi har for mange elevar på dei ulike trinna som burde og kunne ha prestert i ein høgare prøveklasse. Vi var spente på resultata dette året. Det syner at 5. og 8. trinn scorar over snittet, mens 9. trinn scorar godt over nasjonalt snitt. Desse elevane har og heva seg godt frå 8. til 9. trinn. Det er gledeleg. Orstad skule har mange gode resultat ved skriftleg og munnleg eksamen. Resultata ved eksamen i norsk hovudmål kunne likevel vore betre. Vi vil følgja utviklinga nøye. 2.2 Trendutvikling læringsmiljø Elevundersøkinga 7. trinn Indikator ognøkkeltall 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 Læringskultur 3,8 3,8 3,9 4,3 4,0 Elevdemokrati og medverknad 3,8 3,4 3,6 4,0 3,7 Fagleg utfring 3,8 3,9 4,1 4,0 4,1 Felles reglar 4,3 4,0 4,2 4,2 4,3 Trivsel 4,4 4,0 4,1 4,5 4,3 Meistring 3,9 4,1 4,3 4,1 4,2 Støtte fra lærarane 4,3 4,1 4,0 4,4 4,1 Motivasjon 3,6 3,6 3,5 3,7 3,7 Vurdering for læring 3,5 3,6 3,9 3,9 3,7 Støtte heimanfrå 4,4 4,4 4,5 4,3 4,1 Mobba av andre elevar på skulen 1,1 1,5 1,2 1,5 4,5* Elevundersøkinga 10. trinn Indikator og nøkkeltall 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 Læringskultur 3,7 4,1 3,8 3,5 4,5 Elevdemokrati og medverknad 3,0 3,5 3,1 3,3 3,7 Fagleg utfring 4,3 4,2 4,5 4,0 4,3 Felles reglar 3,6 4,2 4,1 3,9 4,4 Trivsel 4,2 4,0 3,9 4,1 4,2
Meistring 3,8 4,1 4,0 4,1 4,3 Utdanning og yrkesrettleiing 3,5 4,1 3,9 3,9 4,3 Støtte fra lærarane 3,8 4,3 4,2 4,0 4,3 Motivasjon 3,2 3,5 3,3 3,4 3,8 Vurdering for læring 3,0 3,5 3,3 3,1 3,4 Støtte heimanifrå 3,5 4,0 3,8 4,6 4,4 Mobba av andre elevar på skulen 1,4 1,4 1,2 1,3 4,7* Orstad skule kunne nok ha scora betre på ulike område på elevundersøkinga. Det som er bekymringsfullt er at det er ein del som seier at de vert mobba på skulen på 7. trinn, gjennom fleire år. Leiinga ved skulen har saman med dei tilsette sett på kva vi som skule skal gjera med utfringane. Vi har utvikla ein psykososial plan som skal gjelda frå 1. august 2018. Det er for å arbeida meir førebyggjande. Samtidig er det ein klar prosedyre når mobbing blir avdekka. Elevundersøking frå 1. 4. trinn med namn blir vidareført, samt undersøkingar på ungdomstrinnet ofte for å sjekka om læringsmiljøet er optimalt. Innan læringskultur, motivasjon og elevdemokrati/medverknad kunne det og ha vore betre resultat. Difor er IKT som grunnleggjande dugleik viktig satsing inn i neste år. Det at alle tilsette og elevar har læringsbrett trur vi er viktig for å heva resultata på området. Det er kjekt at det er eit betre resultat på 10. trinn dette året. 3. Prioriterte utviklingsområder for Orstad skule 2018/2019 Vårt fokus kjem til å vera IKT som grunnleggjande dugleik digital kompetanse. Eit sentralt verktøy her er læringsbrett. Vi har tru på at dette skal gjera noko med læringskulturen, elevdemokrati /medverknad og ikkje minst motivasjon for arbeidet. Vi vil bruka mykje tid på dette. Nytt område vil vera vår nye psykososiale plan, som vi har jobba med gjennom heile året. Det er stor semje blant dei tilsette om at vil vil leggja eit godt arbeid inn i dette. Vi vil ta med oss delar av relasjonsarbeidet, motivasjon og PRUV relatert undervisning inn i det sosialpedagogiske arbeidet. Klasseleiing som har vore eit godt satsingsområde går inn i drift.
Prioritert utviklingsområde: Mål Område 1 Sosial kompetanse psykososial plan Sikra eit godt fysisk og psykososialt arbeids- og læringsmiljø som fremmar helse, trivsel og læring for elevar. Milepæler/delmål Tiltak Kompetanse Evaluering Skuletida på Orstad er prega av respekt, tryggleik og trivsel. Alle elevar og vaksne på Orstad viser og opplever respekt, omtanke og tek ansvar. Gjennomføring av mnd. karaktereigenskap på alle trinn. Elevane har elevmedverknad. Elevane har motivasjon for læringsarbeid. Innføring og modellering av ny psykososial plan. Starta arbeidet på plandag i august 2018. Tema på foreldremøta hausten 2018. Målretta arbeid med relasjonsbygging, motivasjon og PRUV UIU Eigen ressursperson for modellering på trinn. Utarbeida felles reglar for hovudsteg. Fellessamlingar for heile Orstad Partnarskap mot mobbing. Fellessamlingar for Orstad skule. Fokus på at alle elevar er våre elevar. Ressursgruppemøte kvar veke; helsesyster, sosiallærarar, spes. ped koinator, avdelingsleiarar, andre og rektor. Diskutera og reflektera eigenskapar kvar månad. Spesielt vekt på empati/samarbeid/sjølvhevding/sjølvkontroll/ansvar felles forståing. Planleggja PU-tida godt god fasilitering. Faste møter på avdeling om tema. Mala og pussa opp på skulen gradvis gjennom året. Nye møblar gradvis. Smykka ut skulen kvart trinn får ansvar for sitt område. Kompetanse som pedagogane tileignar seg skal syna igjen i læringsrommet. Alle pedagogar kjenner godt til kompetansehevinga, og kan nytta kompetansen i utviklingssamtalar og framovermeldingar til elevar og foreldre/føresette. Pedagogane gjer tiltak på trinna ut frå resultata som kjem fram. Evaluering av praksis på trinn, avdeling og fellesmøte. Undervegsvurdering i høve til milepælar. Evaluering saman med elevane, elevrådet og FAU
Prioritert utviklingsområde: Mål Område 2 Digital kompetanse Elevane er aktive og sjølvstendige IKT-brukarar. Dei kan nytta IKT og ulike digitale medium på ein god måte i eiga læring og arbeid med fag. Dei tilsette skal nytta IKT som eit pedagogisk verktøy ut frå mål om digital kompetanse frå læreplanen. Milepælar/delmål Tiltak Kompetanse Evaluering Elevane er aktive i timane ved å arbeida praktisk gjennom samarbeid, deling, problemløysing, presentasjonar, samtale og diskusjonar. Dei er engasjert i eiga læring. Elevane er medvitne om neste steg i læreprosessen. Lærar og elev har kunnskap om, og er trygge i bruken av læringsteknologi. Elevane får betre lesekompetanse gjennom bruk av læringsbrett. Lærar har stor bruk av læringsbrett der det er naturleg i undervisninga. Skulen har digitale lærebøker, bruker omvendt undervisning og elevane bruker læringsbrett i arbeid med lekser. Lærarar og elevar har læringsbrett som fokus på foreldremøta. Lærarane har fokus på å leggja opp til samarbeid, deling, presentasjonar, utfringar, samtale og diskusjonar i undervisninga si. Eleven er den som er mest aktiv i timane jmf. punkt over. Fokus i PU-tid gjennom året. Deling og utveksling av tekniske og didaktiske erfaringar. Vurdera digitale læremiddel fortløpande. Vi vil tryggja kompetansen i aktuelle appar og bruk av læringsbrett. Eigen ressurslærar med nedsett tid. Gje lekse til elevane slik at foreldre kjem inn i tenkinga rundt appar mm. Kompetanse som lærarane tileignar seg skal syna igjen i læringsrommet. Pedagogane skal gje støtte og nytta læringsbrett i alle fag. Alle pedagogar kjenner godt til kompetansehevinga, og kan nytta kompetansen i utviklingssamtalar og framovermeldingar til elevar og foreldre/føresette. Pedagogane gjer tiltak på trinna ut frå resultat som kjem fram. Evaluering av praksis på trinn, avdeling og fellesmøter. Undervegsvurdering i høve til milepæler. Evaluering med elevane og elevrådet.
4. Framdriftsplan Framdriftsplanen syner tidsrammer for planlegging, gjennomføring og evaluering av prioriterte områder. Planen er ei framstilling av ønska utvikling. Når utviklingsområder vil gå over til drift, vil evalueringa danna grunnlag for. Fargekodar: Planlegging Gjennomføring Evaluering Drift 2014/2015 2015/2016 2016/2017 2017/2018 2018/2019 Utviklingsområder Haust Vår Haust Vår Haust Vår Haust Vår Haust Vår Utvikling av lesedugleik i alle fag Sosial kompetanse Psykososial plan Skriving Klasseleiing Rekning i alle fag Læringsbrett Digital kompetanse