Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 15.12.2015 2015/7341/ANLR/633.1 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Seniorrådgivar Annhild Merete Lorentzen, 71 25 85 64 «REFDATO» «REF» Vår ref. «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Invitasjon til deltaking i vidareføringa av den nasjonale satsinga Vurdering for læring - pulje 7 I Meld. St. 20 (2012-2013) skriv Kunnskapsdepartementet at dei ønskjer å vidareføre ei nasjonal satsing for å auke lærarane og instruktørane sin vurderingskompetanse og styrke samanhengen mellom undervegs- og sluttvurdering. Vidaresatsinga byggjer på den nasjonale satsinga Vurdering for læring (2010-2014). Målgruppe pulje 7 Utdanningsdirektoratet har difor bedd Fylkesmannen i Møre og Romsdal om å invitere kommunale skuleeigarar som ikkje tidlegare har delteke i satsinga Vurdering for læring til pulje 7. Kvar kommune skal som hovudregel delta med minst tre skular evt vaksenopplæringssentra. Private skuleeigarar som ikkje har deltatt tidlegare får som før høve til å søke om deltaking. Deltakinga gjeld i perioden frå mars/april 2016 til mars/april 2018. Utval av kommunale skuleeigarar til pulje 7 Kommunale skuleeigarar deltek med eit utval skular og/eller vaksenopplæringssentra. Både skular med barnetrinn og ungdomstrinn bør vere representert. Dette for å leggje til rette for erfaringsutveksling og spreiingsarbeid i kommunen. Kommunale vaksenopplæringssentra med grunnskuleopplæring bør også delta. Skuleeigarar vert oppmoda til å involvere PPT i satsinga. Det er ein føresetnad at deltakinga er frivillig. Det er viktig at målsetting, grunnlaget for satsinga og pliktene ved å delta, er forankra hos skuleeigar og skulane før dei søkjer om deltaking. Fylkesmannen har ikkje fått tal på kommunar / private skular som kan få delta. Utdanningsdirektoratet ønskjer i utgangspunktet å tilby plass til alle kommunar som søkjer om å delta, men tek atterhald dersom søkinga vert upårekneleg høg. Kommunane som får delta vil få melding om dette i slutten av februar. Når Fylkesmannen skal gjere utval av kommunale skuleeigarar vil vi leggje vekt på at skuleeigarane har Postadresse: Postboks 2520 6404 Molde 1. i korte trekk skildra korleis dei vil organisere og forankre satsinga 2. planar for korleis erfaringar frå utviklingsarbeidet skal kome alle skulane og vaksenopplæringssentra i kommunen til gode 3. planer for korleis dei skal involvere elevar og føresette i utviklingsarbeidet, eventuelt korleis dei skal involvere PPT 4. gjort greie for kor mange og kva skular og evt vaksenopplæringssentra som vil verte involvert i satsinga Telefon: 71 25 84 00 E-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Web: www.fylkesmannen.no/mr Org.nr: 974 764 067
side 2 av 6 Skuleeigarar med dokumenterte utfordringar på vurderingsfeltet vert oppmoda om å delta og vil bli gitt prioritet. Spreiing av erfaringar og kompetanse mellom skular og skuleeigarar er ein viktig del av den nasjonale satsinga. Ved utval av skuleeigarar kan Fylkesmannen, i tillegg til kriteria over, leggje vekt på høve for erfaringsutveksling mellom skuleeigarar, til dømes i regionar. Utvalg av private skuleeigarar til pulje 7 Søknader frå private skular skal sendast til Fylkesmannen som etter å ha gitt ei kort vurdering vidaresender søknadane til Utdanningsdirektoratet for endeleg avgjerd. Utdanningsdirektoratet vil vurdere alle søknader frå private skuleeigarar samla, og vil leggje vekt på at skuleeigar har 1. skildra kort korleis dei vil organisere og forankre satsinga 2. planar for korleis erfaringar frå utviklingsarbeidet skal kome heile skulen/kommunen til gode 3. ei realistisk plan for finansiering og gjennomføring av kompetanseutvikling i vurdering 2016-2018 4. planar for korleis dei skal involvere elevar og eventuelt føresette i utviklingsarbeidet For nærare informasjon for private skuleeigarar - sjå til slutt i dette brevet. Planlagt oppstartsmøte med skuleeigarar 17. mars 2016 Utdanningsdirektoratet arrangerar oppstartsmøte i Oslo for representantar frå alle kommunale og private skuleeigarar som skal delta i pulje 7 den 17. mars 2016. Formålet med møtet er mellom anna å avklare forventingar og roller i satsinga. Direktoratet si anbefaling er at det frå skuleeigar si side møter representantar frå administrativt/skulefagleg og politisk nivå. I februar 2016 sender Utdanningsdirektoratet invitasjon til skuleeigarar som etter søknad har fått melding om at dei får delta, saman med malar for plan og undervegsrapport. Det er viktig at skuleeigarar som søkjer om deltaking i satsinga held av datoen for møtet. Første samling med ressurspersonar Utdanningsdirektoratet forventar at skuleeigarar har valt ut sine ressurspersonar i god tid før første samling som finn stad i Oslo i mai 2016. Til første samling vert skuleeigar invitert med både ressursperson og kontaktperson hos skuleeigar. Nærare informasjon om samlinga vert sendt ut i forkant. Ressursperson (- ane) er skuleeigar sin faste representant på direktoratet sine samlingar, og vil vere avhengig av gode forankringsprosessar hos skuleeigar i forkant og etterkant av samlingane. Tilbod om deltaking i fylkesnettverket Vurdering for læring Fylkesmannen i Møre og Romsdal har som eit tiltak for å støtte dei totalt 26 kommunane og seks private skulane som har delteke /deltek i satsinga oppretta ein møtearena for erfaringsutveksling og kompetansebygging i fylket. Samlingane i fylkesnettverket går på tvers av dei ulike puljene og er retta mot skuleeigarar og ressurspersonar og er leia av representant frå fylkesmannen og Dr. Siv Måseidvåg Gamlem. Gamlem er i samband med denne satsinga engasjert i ei bistilling hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal som fagleg
side 3 av 6 rettleiar for deltakarane i satsinga. Deltakarane i pulje 7 vil også få tilbod om å møte på samlingane. Målsetting og innhald Målsettinga for vidareføring av satsinga er å vidareutvikle lærarane sin vurderingspraksis gjennom å auke kompetansen og forståinga for vurdering som reiskap for læring. Temaet vurdering for læring byggjer m.a. på fire prinsipp som er forankra i forskrift til opplæringsloven og privatskuleloven: Elevar, lærlingar og lærekandidatar skal forstå kva dei skal lære og kva som er venta av dei Elevar, lærlingar og lærekandidatar skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen Elevar, lærlingar og lærekandidatar skal få råd om korleis dei kan forbetre seg Elevar, lærlingar og lærekandidatar skal vere involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og utvikling Skular og skuleeigarar som deltek vil få høve til å utvikle kompetanse i vurdering for læring å gjere samenhengen mellom undervegs- og sluttvurdering tydeleg å få rettleiing og støtte i vurderingsarbeidet å få eit systematisk og målretta samarbeid om vurdering å utveksle erfaringar med andre skular å vidareutvikle ein vurderingspraksis som er meir fagleg relevant og rettferdig og som involverar elevane å vere med å utvikle gode modeller og samarbeidsformer for kompetanseutvikling i vurdering Arbeidsform og struktur Ein viktig intensjon er å oppnå ei varig praksisendring som når flest mogleg, og satsinga er difor organisert ut frå modellen lærande nettverk. Ulike samarbeidsformer og nettverk tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar med å vidareutvikle vurderingspraksis på den enkelte skule. Måten skuleeigarar og skuleleiarar organiserar kompetanseutvikling og utviklingsarbeid på vil vere viktig både undervegs og etter at deltakinga i den nasjonale satsinga er avslutta. Det kan vere teneleg å nytte eksisterande strukturar for kommunale og evt. regionale nettverk. Det er opent for ulik organisering av dei lokale og evt. regionale nettverka, men eit felles prinsipp er at det skal leggast til rette for møteplassar på tvers av skular og nivå. Roller og ansvar Utdanningsdirektoratet, Fylkesmannen, skuleeigar og skuleleiing har ulike roller og ansvar i løpet av satsingsperioden. Grunnlagsdokumentet for satsinga 1 skildrer roller og ansvar for alle involverte aktørar. 1 Grunnlagsdokument for vidaresatsinga i samband med oppstart pulje 5. Revidert våren 2014. http://www.udir.no/globalassets/filer/vurdering/vfl/andre-dokumenter/felles/grunnlagsdokument-2014-2017- nyn.pdf
side 4 av 6 Skuleeigar har det overordna ansvaret for planlegging, gjennomføring og oppfølging lokalt og skal velje ut ein eller fleire ressurspersonar som til saman skal ha ein stillingsprosent på minimum 20 % i heile deltakarperioden kartleggje skulen sin vurderingspraksis og vurderingskultur gjennom å bruke resultat frå Elevundersøkelsen og for eksempel Ståstedsanalysen eller anna eigna refleksjons- eller kartleggingsverkty som grunnlag for planlegging og oppfølging lokalt i samarbeid med skulane utvikle forpliktande planer for eit fagleg og organisatorisk opplegg for kompetanseutvikling vurdere behov for og eventuelt etablere samarbeid med høgskular, universitet eller andre fagmiljø om kompetanseutvikling knytt til vurdering for læring arrangere oppstartsamling, evt. i samarbeid med andre skuleeigarar der premissa for organisering og fagleg innhald vert presentert. Grunnen til dette er å skape ei felles forståing for satsinga sitt innhald og målsetting rettleie og støtte skular i arbeidet med vurdering for læring delta i aktuelle lokale og/eller regionale nettverk/samarbeid delta i direktoratet sine kompetanseutviklingsopplegg og møter sørge for erfaringsdeling i sin region rapportere om erfaringar og skulane si utvikling, samt bruk av midlar Skuleeigar sin ressursperson(-ar) skal drive utviklingsarbeidet lokalt, både når det gjeld innhald og organisering. Ressurspersonane bør ha erfaring med å drive utviklingsprosessar gjennom nettverk og ha ei viss kompetanse i vurdering, og kan vere tilsett hos skuleeigar, ved ein skule, i universitets- og høgskulesektoren eller evt. anna kompetansemiljø. Det er også mogleg at ressurspersonar kan ha høgare stillingsprosent og eventuelt vere knytt til fleire skuleeigarar. Ved val av ressursperson bør skuleeigar ta omsyn til at personane har relevant kompetanse og korleis personane kan fungere som ressurs i arbeidet med vurdering for læring på skuler og skuleeigarnivå også etter at perioden i den nasjonale satsinga er avslutta. Skuleeigar pliktar å sørge for at ressurspersonane deltek og bidreg på seks to-dagars samlingar i løpet av perioden i regi av Utdanningsdirektoratet. Det er viktig at forståinga av vurdering for læring er godt forankra hos skuleeigar. Økonomi Utdanningsdirektoratet tildeler midlar til skuleeigar via Fylkesmannen. Skuleeigar disponerer desse ut frå førehandsdefinerte kriterier. Kvar skuleeigar vil motta midlar for deltaking i ein storleik på inntil kr 260.000,- per kommune og inntil kr 100 000,- per private skuleeigar. Tildelinga gjeld for heile deltakarperioden, og deltaking krev difor ei viss eigenfinansiering frå skuleeigar. Skuleeigar skal nytte tildelinga i løpet av deltakarperioden på ein slik måte at det gagnar skulane si deltaking. Skuleeigar skal nytte midla til å dekkje frikjøp/tilsetting av ein eller fleire ressursperson(-ar) i minimum 20 % stilling gjennom heile deltakarperioden å dekkje reise og opphald i høve møter og samlingar i regi av Utdanningsdirektoratet å gjennomføre oppstartsamling å dekkje utgifter til møter og samlingar i lokale nettverk undervegs
side 5 av 6 Føresetnader for utbetaling av midlar Føresetnader for tildeling vert utbetalt er at skuleeigar må levere inn plan for satsinga til Fylkesmannen med frist 01.06.2016. Planen skal m.a skildre korleis skuleeigar skal organisere satsinga, korleis elevar, føresette og eventuelt PPT skal involverast i utviklingsarbeidet, korleis erfaringar frå arbeidet skal kome alle skular i skuleeigarområdet til gode, og korleis finansiering og gjennomføring av kompetansebygging i vurdering skal gå føre seg i deltakarperioden (2016-2018) velje ut talet skular i tråd med grunnlaget for tildeling av midlar. Hvis kommunen deltek med færre enn tre skular, vil det trekkjast i midla som vert utbetalt oppgje navn på skuleeigar sin ressursperson, skular og eventuelt vaksenopplæringseiningar som deltek Særskilt informasjon til private skuleeigarar For private skuleeigarar er det ein føresetnad at skulen skal ha ein ressursperson. Ressurspersonen skal fungere som pådrivar for satsinga på skulen og bør ha erfaring med å drive utviklingsprosessar. Ressurspersonen skal møte på samlingane som Utdanningsdirektoratet arrangerar. Det er ein føresetnad at skuleleiinga er sterkt involvert i utviklingsarbeidet. Vi rår difor til at rektor eller ein annen i skuleleiinga fungerer som ressursperson. Det kan også vere aktuelt for nokre, for eksempel for skulesamanslutningar, å samarbeide om ein felles ressursperson som støttar skulane i utviklingsarbeidet. Kravet til 20 % stilling som ressursperson gjeld for kommunane som har med minst tre skular i satsinga. For private skular er kravet at ressurspersonane deltek på direktoratet sine møter og samlingar i Oslo, og at dei er pådrivarar i utviklingsarbeidet på skulane. Det er ikkje sett opp noko bestemt krav til stillingsprosent for ressursperson på dei private skulane. Kvar private skule får tildelt midlar etter at dei har levert ei plan for deltaking i satsinga. Det er ein føresetnad at skulen i tillegg stiller eigne midlar til rådigheit. Midlane skal nyttast i løpet av deltakarperioden på ein slik måte at det gagnar skulane si deltaking. Ein del av midlane skal nyttast til reise og opphald i høve møter og samlingar i regi av Utdanningsdirektoratet og til frikjøp av ressursperson. I tillegg kan midlane nyttast til frikjøp av tid for lærarar og eventuell innhenting av ekstern fagkompetanse. For øvrig skal private skular kartleggje skulane sin vurderingspraksis og vurderingskultur ved å bruke resultata frå Elevundersøkelsen og for eksempel Ståstedsanalysen eller anna eigna refleksjons- eller kartleggingsverkty som grunnlag for planlegging og oppfølging lokalt lage eit fagleg og organisatorisk opplegg for deltakinga i satsinga sørge for at det vert sett av tid til felles utviklingsarbeid på skulen og eventuelt i nettverk med andre skular leggje til rette for tolkningsfellesskap på eigen skule levere plan for satsinga på eigen skule til Fylkesmannen innan 01.06.2016 rapportere om erfaringar og skulen si utvikling, samt bruk av prosjektmidlar
side 6 av 6 Meir informasjon og grunnlagsdokumentet for den nasjonale satsinga Vurdering for læring finn ein på nettsida www.udir.no/vurdering-for-laring/. Med helsing Alv Walgermo (e.f.) utdanningsdirektør Annhild Merete Lorentzen Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Høgskulen i Volda v/ Siv Måseidåg Gamlem Postboks 500 6101 VOLDA