Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 58/16 Arkivsak nr: 16/488 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 60/16 Formannskapet 04.05.2016 58/16 Kommunestyret 24.05.2016 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2016-2020 - OPPSTART Formannskapet 04.05.2016 Handsaming: Rådmannen Bente G. Vikhagen orienterte. Votering Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. Innstilling/vedtak: FORMANNSKAPET SI INNSTILLING Skodje kommunestyre godkjenner utarbeiding av kommunal planstrategi for perioden 2016-2020, etter følgjande framdrift: Tema: Planstatus, drøfting av endringar i kommunen sitt planhierarki, og drøfting av kva planar /prosjekt som bør prioriterast i planperioden Kommunestyret ser det som positivt at det er etablert eit samarbeid med tanke på å få fram tema som er aktuelle for interkommunal planlegging, og vil støtte opp om dette arbeidet.
Kommunestyret 24.05.2016 Handsaming: Rådmannen orienterte. Desse tok ordet: Modolf Hareide (SP) Votering Votering over rådmannen si innstilling: Samrøystes vedtatt Innstilling/vedtak: Skodje kommunestyre godkjenner utarbeiding av kommunal planstrategi for perioden 2016-2020, etter følgjande framdrift: Tema: Planstatus, drøfting av endringar i kommunen sitt planhierarki, og drøfting av kva planar /prosjekt som bør prioriterast i planperioden Kommunestyret ser det som positivt at det er etablert eit samarbeid med tanke på å få fram tema som er aktuelle for interkommunal planlegging, og vil støtte opp om dette arbeidet. VEDLEGG: Kommunal planstrategi(2012-2016), høyringsdokument(datert 27.06.12) Saksutgreiing og vedtak av kommunal planstrategi 2012-2016 i K-sak 83/12 Oversikt over planarbeid i perioden 2015-16
KORT SAMANDRAG AV SAKSUTGREIINGA: I samsvar med 10-1 i plan og bygningslova, skal kommunal planstrategi vedtakast av kommunestyret kvart 4. år, minst ein gong i kvar valperiode og seinast 1 år etter kommunestyret si konstituering. Kommunal planstrategi erstattar det obligatoriske kravet om rullering av kommuneplanen, som låg i tidlegare plan-og bygningslov. Gjennom arbeidet med kommunal planstrategi kan kommunen synleggjere utviklingstrekk og utfordringar knytt til samfunnsutvikling og miljø. Arbeidet inneber ei vurdering av kommunen sitt planbehov og ei prioritering av dei viktigaste planoppgåvene. Planstrategien set eit sterkt fokus på at planlegginga skal vere behovsstyrt, og ikkje skal gjerast meir omfattande enn naudsynt. SAKSUTGREIING: Innan 2. halvår 2016 skal Skodje kommunestyre vedta kommunal planstrategi for perioden 2016-2020. Planstrategien skal innehalde ei evaluering av kommuneplanen, gi ei oversikt over kva planar som finst, seie noko om eksisterande og godkjende planar kan vidareførast og gi ei prioritering av kva planar som bør utarbeidast i kommunestyreperioden. Gjennom planstrategien legg kommunestyret grunnlaget for prioritering av dei administrative ressursane knytt til planarbeid. Heimelsgrunnlaget for kommunal planstrategi og kommunen si plikt til å utarbeide kommunal planstrategi finn vi i plan og bygningslova 10: «Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden. Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling. Ved behandlingen skal kommunestyret ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer. Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med nye arealplaner i valgperioden, eller om gjeldende planer bør revideres eller oppheves.» Det er ein føresetnad at kommunane ved utarbeiding av sin planstrategi skal innhente synspunkt frå statlege og regionale organ, og nabokommunar(jf. PBL 10, 2. avsnitt). Det er fleire grunnar til dette kravet, og kommunane skal m.a. sjekke ut om: Det ligg føringar i statlege og regionale planar som må innarbeidast i kommunen sin strategi Det er trong for interkommunalt plansamarbeid knytt til ulike samfunnsområde(døme arealbruk, næringsutvikling, transport, digitalisering) Det er grunnlag for plansamarbeid mellom regionalt planmynde(som er fylkeskommunen) og kommunen. Skodje kommune gjennomførte ein omfattande prosess m.a. i kommunestyret i samband med planstrategiarbeidet 2012-2016. Evaluering av kommuneplanen(frå 2007) var eit hovudtema der, noko som resulterte i ei planprioritering der rullering av kommuneplanen sin overordna samfunnsdel/areal
vart sett på prioritert plass. Kommunestyret vedtok i møte 18.03.16 ny samfunnsdel, og arbeidet med å utarbeide eit planprogram for arealdelen er i gang. For å kunne svare ut bestillinga om regionalt perspektiv på planarbeid(jf. kravet om vurdering av interkommunalt samarbeid), er det på Sunnmøre invitert til eit samarbeid for å sikre det regionale perspektivet. Det er etablert eit nettverk for planstrategiarbeidet, som skal bidra til å å løfte fram aktuelle tema som eignar seg for interkommunal planlegging. Nettverket er koordinert av ei arbeidsgruppe der også Skodje kommune er representert. For å lukkast har ein administrtivt valt å samkøyre arbeidet innanfor rammene av ein felles framdriftsplan. I tillegg er det utarbeidd ein mal for planstrategien, slik at vi også legg til rette for å samarbeide om felles tekstlege delar i dokumentet. Fylkeskommunen deltek i arbeidsgruppa, og bidreg med ressursar og kompetanse. Lokalt er det rådmannen sitt team(administrativ strategisk leiing) i samarbeid med administrativ plangruppe, som vil utarbeide eit forslag til kommunalplanstrategi. I tillegg er det ønskjeleg at politisk leiing, og gjerne med formannskapet som arbeidsgruppe, deltek i fasar av arbeidet m.a. for å gi innspel til ei endring i kommunen sin planstruktur, innspel til tema for kommunen si prioritering og innspel til tema for interkommunalt plansamarbeid. Rådmannen foreslår at dette arbeidet vert lagt til dei ordinære formannskapsmøta. Rådmannen si vurdering: Som nemnt er plikta til å utarbeide kommunal planstrategi, heimla i plan- og bygningslova. Det er eit må-arbeid. Planstrategien er viktig då den gir kommunen ei samla oversikt over eksisterande planar og deira status, samstundes som den gjer det muleg å styre nødvendige ressursar til planarbeid i kommunestyreperioden. Det grunnlaget for samarbeid om interkommunal planlegging som er starta gir kunnskapsdeling og innsikt i dei ulike kommunane sine utfordringar, samstundes som det legg grunnlaget for felles arbeid. For å få til eit godt samspel med politisk leiing i samarbeidskommunane vert representantskapet i Sunnmøre regionråd involvert undervegs, og slik trekt inn i arbeidet med å definere ønskjelege tema for interkommunal planlegging. Rådmannen tilrår at planstrategiarbeidet i Skodje kommune starter opp no med følgande framdrift: Tema: Planstatus, drøfting av endringar i kommunen sitt planhierarki, og drøfting av kva planar /prosjekt som bør prioriterast i planperioden INNSTILLING:
RÅDMANNEN SI INNSTILLING Skodje kommunestyre godkjenner utarbeiding av kommunal planstrategi for perioden 2016-2020, etter følgjande framdrift: Tema: Planstatus, drøfting av endringar i kommunen sitt planhierarki, og drøfting av kva planar /prosjekt som bør prioriterast i planperioden Kommunestyret ser det som positivt at det er etablert eit samarbeid med tanke på å få fram tema som er aktuelle for interkommunal planlegging, og vil støtte opp om dette arbeidet.