side 5 av 10 SOTRA BRANNVERN IKS MØTEBOK Organ Møtedato Saknr. Arkivnr. Saksbeh. Sotra Brannstyre 18.10.2016 26-2016 550.1 Bjørn Olav Paulsen BUDSJETT 2017 Trykte vedlegg: Ingen Saka gjeld framlegg til driftsbudsjett for Sotra Brannvern IKS for 2017. Det er tidlegare i år vedteke i kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden å etablere ei felles brann- og redningsteneste med verknad frå og med 01.01.2017. Det har teke lang tid å få fram første møte i det nye representantskapet og i det møte vart ikkje nytt styre vald. KPMG er vald som prosesskonsulentar for implementeringa av det nye selskapet, og i møte med brannsjefar og tillitsvald 12.10, kom det fram at det var umogleg å ha selskapet operativt frå nyttår. Styret for Sotra Brannvern IKS må difor straks behandle framlegg til budsjett for 2017, som sendast over til eigarkommunane. Om budsjett vil gjelde for heile eller delar av det komande år er ikkje klart i skrivande stund. Brannsjefen rår styret til å gå inn for framlegg til budsjett for 2017 slik det ligg føre. SAKSOPPLYSNINGAR Brannsjefen har i arbeidet med driftsbudsjettet for 2017 lagt til grunn følgjande: o Årsbudsjett for 2016. o Heilårsverknad av lønsoppgjeret frå 2016. o Avsetnad til lønsoppgjeret i 2017 med årseffekt heiltid på ca. 2,2 %. Vi har stillingar i kap. 3, 4 og 5. Altså både lokal og sentral lønsfastsetting o Budsjettet blir saldert med å leggje inn ein mindre sum i stipulert renteinntekt, sal av kurs og andre tenester på same nivå som for 2016. o Vi reknar med å driftsmessig gå i null i 2017 om budsjett får den ramme som estimert. o Den totale reduksjon i driftspostane (utan løn og sosiale kostnadar) er kr 144 000 ca. 1,5 %. Inkludert i dette er auke i sløkkjeavtale (+3,5 %) og kostnader med nytt nødnett TETRA. o Løns- og sosiale kostnadar aukar med 3,0 %. Merk at det ikkje er budsjettert med vidareføring av lærlingeordning. o Kapitalkostnadar er sett til halvparten av dei estimerte årlege utgiftene, som skal til for å dekkje lånekostnadar ved nytt lån. (Dette under føresetnad om kommunal lånegaranti for utskifting av to store brannbilar) o Det er budsjettert med ei auke i overføringane frå eigarane på 1,75 % der avsetnad til fond kr 600 000 (investeringsfond og driftsfond) kjem i tillegg. o I tillegg kjem også ekstra opplæringsmidlar til opplæring av deltidsbrannfolk. I framlegg til statsbudsjett i Regjeringa sitt grøne hefte s 190 går det fram at det skal overførast kr 160 000 til Fjell. Frå tidlegare veit vi at denne summen skal, og blir, delt mellom dei to eigarkommunane med 50 % kvar. Fjell og Sund kommunar får difor kr 80 000 kvar til dette formålet. Brannsjefen tek det som ein føresetnad at Regjeringa sitt ønskje om meir opplæring av deltidstilsette brannfolk blir følgd opp av eigarane, og at desse midlane kjem på toppen av budsjettmidlane forøvrig.
side 6 av 10 Driftsinntekter Sotra Brannvern IKS (SBV) får i all hovudsak sine driftsmidlar frå følgjande kjelder: 1. Overføring frå eigarane utgjer 93,3 % (91,0 % i 2015 og 92,8 % i 2016). 2. Inntekter frå sal av tenester, assistansar, andre refusjonar o.a. 6,7 % av budsjettet (9,0 % i 2015 og 7,2 % i 2016) Driftsinntektene er budsjettert lågare m.a. fordi renteinntekter er lågare, og utleige av undervisningslokale er så og sei borte. Finansinntekter- og utgifter Brannsjefen har estimert finansinntekter til ca. kr 40 000 (renteinntekter). Det er berre budsjettert med halv kapitalkostnadar for lån. Kort om Prisregulativ for leverte tenester: I regulativet går det fram at Sotra Brannstyre kvart år under behandling av driftsbudsjettet, skal fastsette nye satsar for våre leverte tenester. Brannsjefen vil be styret om å få kome attende til dette i første møte i 2017. Utdrag frå ein epost frå Tore Solvang på vegne av rådmannen i Fjell daterte 20.10.2016: «Deflator for 2017 er i statsbudsjettet satt til 2,5 %, men grunna innsparingstiltak i kommunen har rådmannen vald å berre auke tilskotet til Sotra brannvern i 2017 med 1,5 %» Rådmannen i Fjell legg til grunn at overføringa for 2016 var inkludert fond. Representantskapet vedtok driftsbudsjettet for selskapet utan at det var rom for å setta av midlar til fond. Fjell kommune sin andel til driftsbudsjett for 2016 er kr 17 878 000 Sund kommune sin andel til driftsbudsjett for 2016 er kr 4 829 000 SBV fikk ikkje noko ekstra opplæringsmidlar i 2016. SØB-prosjektet Det er grunn til å tru at etablering av Sotra og Øygarden brannvesen IKS, vil gje nokre ekstrakostnader. Sidan etableringsprosjektet ikkje er starta opp, er det vanskeleg å sei noko om dette. Brannsjefen ser føre seg at vil vere realistiske å nytte driftsfondet, dersom kostnaden ikkje let seg dekkje inn over driftsbudsjettet. VURDERINGAR: Det normale i ein budsjetteringsprosess for interkommunale selskaper, er at når eit styre legg fram sitt budsjettframlegg, så går det urørt til politiske behandling. Om kommunestyret i eigarkommunane vel å gje anna overføring til selskapet, så blir det slik, men då har i det minste dei folkevalde blitt gjort merksam på kva styret ser som behov for det komande året. Representanskapet vedtek så det endelege budsjettet med ev. fordeling til fond Sund kommune har praktisert slik behandling i ei årrekkje. I Fjell gjer dei ikkje slik. Rådmannen legge der inn sin eiga sats. Slik ulik praksis er ugrei.
side 7 av 10 Avdelingane Lærlingeordninga er ikkje ført vidare. Vi har teke høgde auka kostnader med nytt nødnett, og kostnaden med sløkkjeavtale med Bergen går opp med 3,5 % iht avtale. Denne avtala går frå kr 2 335 163 i 2016 til kr 2 416 894 i 2017. Dvs ei auke på kr 81 731. Brannsjefen vil her presisere at berre for dette området vil det skilje ca kr 47 000 dersom vi legg til grunn rådmannen i Fjell sin tilråding. Dette vil da bety at vi må trekkje ned tilsvarande sum kr 47 000, over dei andre driftskontoane om ein føl rådmannen i Fjell sin sats på 1,5 % i staden for 2,5 % som er deflatoren. Fellesnemnaren er at avdelingane i stor grad held dei vanlege driftskonti til utstyr, energi, reinhald, samband etc. på om lag same nivå som for 2016. Under er vist ein tabellarisk framstilling av budsjettet fordelt per avdeling Tal i heile kr 1 000 Bud 2017 Bud 2016 Endring i kr Endring i % Administrasjonsavd. (teneste 120) 1 2 501 2 750-249 -9,1 Førebyggande avd. (tenest 380+381) 7 275 7 084 191 2,7 Lærlingar (teneste 382) 0 0 0 0 Beredskapsavd.(teneste. 390+391+392) 2 14 997 14 642 335 2,3 Brutto driftsbudsjett 24 773 24 476 297 1,2 Inntekter og refusjonar 1 669 1 769-100 -5,7 Netto driftsbudsjett 23 104 22 707 397 1,7 1. Alle kostnadar med lån (renter og avdrag) blir ført her 2. Inkludert Kystverket sitt oljeverndepot, som i heilskap blir dekt av Kystverket, og administrert av SBV. Netto auke i driftsbudsjettet er kr 397 000 i høve til budsjett for 2016. Ei auke på 1,7 % i forhold til 2016. Denne auka meiner brannsjefen er nøktern. Lønskostnadar, sambandskostnadar og auke i sløkkjeavtala trekk opp budsjettet. Figuren til høgre viser fordeling av kostnader til dei respektive avdelingane. I prosent utgjer dette: - brannførebygging inkl. feiing og tilsyn med fyringsanlegg: 29,4 %. - beredskap inkl. oljeverndepot: 60,5 % - administrasjonsavdelinga: 10,1 %. Driftsbudsjett SBV 2017 (tal i kr 1 000) 14 997 2 501 7 275 338 - Brannførebygging inkl. feiing 339 - Beredskap inkl. oljeverndepot 120 - Administrasjon
side 8 av 10 Merk at det for 2017 ikkje er budsjettert med framhald av lærlingeordning. 2017 - Drift Administrasjon, beredskap, førebyggjande Feiing og tilsyn med fyringsanlegg Lærlingeordning Totalt u/fond u/feiing og lærlingar. Inkl. kap. kostnadar Fjell kommune 15 285 000 2 905 000 0 18 190 000 Sund kommune 4 098 000 816 000 0 4 914 000 Inntekt. refusjonar 1 669 000 2017 - Fond Driftsfond Investeringsfond Totalt Fjell kommune 78 000 392 000 470 000 Sund kommune 22 000 108 000 130 000 SUM 100 000 500 000 600 000 2017 «Grønt hefte» jf. KMD* 2016 2017 Fjell kommune 76 000 80 000 Sund kommune 76 000 80 000 SUM 152 000 160 000 *Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt «Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar 2017» går det fram på side 178 Tabell C-k Saker med særskild fordeling. Kommunane. Kolonne 4 Utdanning av deltidsbrannpersonell For å leggje til rette for å auke utdanninga av deltidsbrannpersonell, er 38,9 mill. kroner av rammetilskotet fordelt særskilt til kommunar ut frå talet på deltidsbrannpersonell i kvar kommune. Der det er vertskommunesamarbeid om brannvesen er midla fordelte til vertskommunen. Regjeringa legg til grunn at vertskommunane sørgjer for at midlane kjem alle kommunane i samarbeidet til gode. Brannsjefen vil til det siste presisere at dette har vore teken opp med KMD, slik at Sund kommune får sin andel direkte. Midlar for 2017 er sett til kr 160 000 (side 190) samla for våre to eigarkommunar. Sotra Brannvern IKS fekk ikkje desse særskilde midlane for 2016 frå eigarane. Det let seg ikkje omprioritere innanfor eksisterande budsjett for å frigjere slik ekstramidlar til opplæring av våre brannfolk. Brannsjefen meiner det er beklageleg ein ikkje vil gje selskapet slike ekstramidlar for å sikre ytterlegare kompetanseheving av vårt innsatspersonell. Brannsjefen gjer merksam på at Sund kommune hadde sett av midlar, men ikkje Fjell. I samsvar med tidlegare uttalt praksis er det også sett opp faste avsetnadar til fond. Det er representantskapet som endeleg vedtek fordeling av midlar til drifts- og investeringsfond. I driftstilskotet frå eigarane våre for 2016, var det ikkje rom for å sette av midlar til fond.
side 9 av 10 Brannsjefen gir følgjande INNSTILLING Sotra Brannstyre godkjenner framlegg til driftsbudsjett for 2017, og sender framlegg over til politisk behandling hos eigarkommunane. Driftsbudsjett 2017 Fjell kommune Ordinært driftstilskot 18 190 000 18 740 000 Feiing og tilsyn med fyringsanlegg (inkludert i drift kr 2 905 000) Fondsmidlar kr 470 000 SUM Fjell 18 740 000 Sund kommune Ordinært driftstilskot 4 914 000 5 124 000 Feiing og tilsyn med fyringsanlegg (inkludert i drift kr 816 000) Fondsmidlar kr 130 000 Sum Sund 5 124 000
side 10 av 10 VEDTAK Sotra Brannstyre godkjenner framlegg til driftsbudsjett for 2017, og sender framlegg over til politisk behandling hos eigarkommunane. Driftsbudsjett 2017 Fjell kommune Ordinært driftstilskot 18 190 000 18 740 000 Feiing og tilsyn med fyringsanlegg (inkludert i drift kr 2 905 000) Fondsmidlar kr 470 000 SUM Fjell 18 740 000 Sund kommune Ordinært driftstilskot 4 914 000 5 124 000 Feiing og tilsyn med fyringsanlegg (inkludert i drift kr 816 000) Fondsmidlar kr 130 000 Sum Sund 5 124 000 Samrøystes vedteken Sotra Brannvern IKS 18.10.2016 Bjørn Olav Paulsen (sign.) Brannsjef Rett utskrift Kopi til