HARAM KOMMUNE Sakspapir
|
|
|
- Mina Andreassen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet /13 Kåre Beite Kommunestyret /13 Kåre Beite Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: L81 Arkivsaknr 13/525 Hellandshaugane byggefelt - utbygging Framlegg frå Rådmannen: Formannskapet rår kommunestyret til å gjere følgjande vedtak: 1. Kommunestyret vedtek å finansiere og gjennomføre utbygging av byggefeltet Hellandshaugane, jf vedtak i K-sak 57/09 og avtale med Hellandshaugane Invest AS. 2. Økonomisk ramme for prosjektet vert sett til 7 mill kr, som vert finansiert med låneopptak. 3. Arbeid med prosjektering og innhenting av anbod kan settast i gang når avtalen med Hellandshaugane Invest AS om refusjon av utgifter er godkjent. Behandling i Formannskapet den : Avtaleutkast av med Hellandshaugane Invest AS vart utdelt i møtet. Ordførar Bjørn Sandnes,H kom med framlegg om eit nytt pkt. 4 slik: Kommunestyret viser til pkt 1 i avtalen om at det skal vere dokumentert at det er inngått bindande avtale for sal av 40% av tomtene før utbygging vert sett i gong Ved røysting vart rådmannen sitt framlegg med tilleggsframlegget frå B. Sandnes om eit nytt pkt. 4 samrøystes tilrådd. FS-057/13 Tilråding: 1. Kommunestyret vedtek å finansiere og gjennomføre utbygging av byggefeltet Hellandshaugane, jf vedtak i K-sak 57/09 og avtale med Hellandshaugane Invest AS. 2. Økonomisk ramme for prosjektet vert sett til 7 mill kr, som vert finansiert med låneopptak. 3. Arbeid med prosjektering og innhenting av anbod kan settast i gang når avtalen med Hellandshaugane Invest AS om refusjon av utgifter er godkjent.
2 4. Kommunestyret viser til pkt 1 i avtalen om at det skal vere dokumentert at det er inngått bindande avtale for sal av 40% av tomtene før utbygging vert sett i gong Vedlegg: Firmaattest - Hellandshaugane Invest AS Oppstart av byggefelt på Hellandhaugane Avtale Avtale - kopi vert lagt fram for formannskapet i møte Saksutgreiing: Kommunestyret behandla i sak 57/09 tiltak på Helland etter at skulen vart nedlagt i Hovudsakleg omfatta dette bruk av skulen til grendehus, og utbygging av byggefeltet Hellandshaugane. Når det gjeld byggefeltet står her følgjande i andre og tredje punkt: 2. Haram kommune inngår avtale med eigarane av Hauane byggefelt på Helland om finansiering av utbygginga mot refusjon etter kvart som tomter vert selt. Jf avtaleutkastet. 3. Kommunestyret vedtek også å forskottere salsprospekt og marknadsføring med inn til kr, finansiert med auka låneopptak for byggefelt. Før oppstart av prosjektering og utbygging av byggefeltet, skal det leggast fram eiga sak for kommunestyret om godkjenning av kostnadsramme og finansiering. 4. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne avtalane. Regulering / grunnlag for utbygging: Byggefeltet er regulert, og revidert plan vart godkjent av kommunestyret i sak 29/12. Eigarane av området har oppretta selskapet Hellandshaugane Invest AS, og avtaleutkastet som låg ved K-sak 57/09 er gjennomgått og tilpassa. Vidare er det godkjent av eigarane, og klart til signering frå Haram kommune. I byggefeltet er her 21 tomter for frittliggande einebustadar, og 5 område for konsentrert utbygging med plass til 16 leilegheiter i fleirleilegheitshus. I følgje pkt 1 i avtalen skal 40% av tomtene vere sikra selt før utbygging, og utbygginga vert delt i to fasar for å tilpasse interesse og avgrense økonomisk risiko. I samråd med selskapet er det 1. byggetrinn som no vert gjort klar for utbygging med til saman 17 tomter / refusjonseiningar. I brev frå selskapet vert 7 tomter bekreft selt; til saman vel 40%. Etter avtalen er dette tilfredsstillande grunnlag for at kommunen kan sette i gang arbeid med å vedta finansiering og bygge ut vegar og tekniske anlegg. Avtale / refusjon: Avtaleutkastet som låg til grunn for vedtaket i K-sak 57/09 er oppdatert og tilpassa utviklinga fram til no. Hovudsakleg gjeld dette at eigarane som avtalepart har
3 organisert seg i selskapet Hellandshaugane Invest AS, sjå vedlagte firmaattest. Vidare har eigarane dekt kostnadane med sal og marknadsføring, og kommunen har i staden forskottert kostnadar med regulering og arkeologiske utgravingar. Avtalen omfattar betaling av refusjon av kommunens kostnadar for utbygging av feltet etter kvart som tomter vert selt. Som sikkerheit har kommunen 1. prioritets pant i heile arealet for 1. byggetrinn, der pant vert fråfalle etter kvart som tomter vert frådelt og refusjon betalt. For tomter som evt ikkje er selt innan 8 år, kan kommunen krevje refusjon frå selskapet. Utbygging: Hellandshaugane Invest varslar i brev at 7 tomter / refusjonseiningar (40%) i 1. byggetrinn er selt, og selskapet ber samstundes om at kommunen set i gang utbygging av infrastruktur med vegar og tekniske anlegg, jf avtalen pkt 1 og vedtak i K-sak 57/09 pkt 3, siste setning. ETD utarbeidde hausten 2012 kostnadsoverslag for utbygging av 1. byggetrinn på vel 6 mill kr. I tillegg kjem mva for materiell, og for eit samla refusjonsgrunnlag må her også leggast til kostnaden på kr som er forskottert for regulering, arkeologiske utgravingar, m.m, og for utgifter til oppmåling og frådeling. Ut frå dette vil behovet for finansiering / låneopptak vere omlag 7 mill kr. Kostnaden for utbygging er lagt inn i økonomiplanen i , der 4 mill kr er løyvd i årets budsjett. Først når vedtak om finansiering og gjennomføring er gjort av kommunestyret, kan vidare arbeid med prosjektering og innhenting av anbod settast i gang. For samla tid med prosjektering, anbod og utbygging kan det reknast mnd. For evt utbygging av 2. byggetrinn kan det inngåast eigen avtale når 1. byggetrinn er utbygd og kostnadane dekt. Vurdering: Grunnlaget for kommunen sin medverknad for utbygging av byggefeltet Hellandshaugane, er den spesielle situasjonen kring nedlegging av Helland skule, der interesser i bygda medverka til skulenedlegging mot etablering av byggefeltet og omgjering av skulen til grendehus. Det er dette som vert følgt opp i denne saka og tidlegare K-sak 13/13 om skulen. Byggefeltet på Hellandshaugane har mange gode kvalitetar. I kommunedelplanen er Helland nemnt som eit resursområde for kommunesenteret innan m.a. bustad, natur og friluftsliv. Med avstand på berre ca 10 km ligg her derfor til rette for eit verdifullt tillegg til bustadområda i Brattvåg; med valfridom mellom sentrumsnært og det gode liv på landet. I dei seinare åra har kommunen gått vekk frå å stå for utbygging av bustadområde i eigen regi, og i staden legge til rette for private utbyggarar. Med bakgrunn i situasjonen som er nemnt, bør dette derfor vere eit unntak. Økonomisk vil kommunen imidlertid få dekt kostnadane når tomtene vert selt, og selskapet Hellandshaugane Invest har teke på seg sal av alle tomtene i løpet av 8 år.
4 Ramme for finansiering vil etter overslag som er gjort vere om lag 7 mill kr. Ut frå vurderingane som er lagt til grunn, vert det tilrådd å vedta finansiering av utbygging av Hellandshaugane mot avtale om refusjon av kostnadar. Rådmann Kåre Beite Rådgjevar
5
6
7
8
9
Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart
PROTOKOLL. Formannskapet. Møtedato: Møtetid: Kl. 12:45 15:05 Møtestad: Kommunehuset, Brattvåg Saksnr.: 084/12-090/12.
PROTOKOLL Formannskapet Møtedato: 18.06.2012 Møtetid: Kl. 12:45 15:05 Møtestad: Kommunehuset, Brattvåg Saksnr.: 084/12-090/12 Medlemmer: H Bjørn Sandnes FRP Svein Harsjøen AP Trond Seth H Ewa Hildre H
STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR
STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR Endeleg vedtaksorgan: Kommunestyret Saksansvarleg.: Lars Joranger Arkiv: Objekt: FE-145 Arkivsaksnummer 12/881 SAKSGANG Saksnr Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksbehandlar
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Formannskap 21.05.2012 040/12 VIL Sakshandsamar: Vigdis Lode Arkiv: N-502 Arkivsaknr: 2012000894 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2012-2016 Vedlegg i saka: Kommunal
HARAM KOMMUNE Sakspapir
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 02.12.2014 081/14 Elin A. Moen Kommunestyret 18.12.2014 073/14 Elin A. Moen Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: 026 Arkivsaknr 11/245 Kommunereform
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Strategi- og utviklingsleiar Guttorm Rimstad Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2014/365 8004/2016 / Q66 SER / NORAND 16.11.2016 MELDING OM VEDTAK Fiber
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering
MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: 13.12.2018 Tid: 12:00 MØTEPROTOKOLL Kommunestyret SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 43/18 18/1239 2. gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og
Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane
Førde kommune Arkiv: FA - L12 JournalpostID: 16/679 Sakshandsamar: Holme, Berit Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet 21.01.2016 001/16 Bystyret 28.01.2016 Fastsetjing
Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet 27.03.2017 015/17 Kommunestyret 30.03.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/300-1 Etablering av ny kai/hamn i Lærdal
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:
Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet 11.05.2015 038/15 Kommunestyret 21.05.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/216-15/3880 K2 - K54, K2 - X53, K3 - &13, K3 -
FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING
Arkivref: 2008/2372-6629/2009 / D11 Saksh.: Kjell Nesbø Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING Framlegg til vedtak:
Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet 28.01.2016 003/16 Kommunestyret 11.02.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: K2 - L12 Arkivsaksnr. 15/46-23 Detaljreguleringsplan
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:
Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:
MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09
STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN
Staben Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartement Dykkar ref.: 14/3975 Vår ref.: 14/858-4 Dato: 27.06.2014 STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA
Tilleggsinnkalling av Kommunestyret
Masfjorden kommune Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Møtedato: 30.04.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 11:45 Formannskapet kl. 09.00 Valstyret kl. 11.00 Kommunestyret kl. 11.45 Kl. 13 kjem Museumsdirektør
Melding om vedtak. 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljregulering Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 & 1/116
Bykle kommune Rådmannsstaben SPISS Arkitektur & Plan AS Postboks 151 4662 KRISTIANSAND S Melding om vedtak Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2014/616-18 Hanne Heieraas Evju, 37938500 L12 23.04.2015
GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00
GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef
HARAM KOMMUNE Sakspapir
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde
EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 140 Objekt: Kommunedelplan for kulturminne vedtak av planprogram
EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Samfunnsutviklingsutvalet 11.09.2014 033/14 KDA Formannskapet 18.09.2014 163/14 KDA Kommunestyret 25.09.2014 CMÅ Avgjerd
ULSTEIN KOMMUNE Teknisk etat
ULSTEIN KOMMUNE Teknisk etat Tømrer Prosjekt AS Røysbakken 5 6100 VOLDA Saksnr Løpenr Dato 2015/1981 6261/2016 10.05.2016 MELDING OM VEDTAK UTBYGGINGSAVTALE - FELTUTBYGGING OMRÅDE KS4, HOLSEKERDALEN, GNR.
Framlegg for revidering Gbnr. 15/129 m.fl., Eivindvik, reguleringsplan for Øvre Stølen I,II og III
Arkivsak: 14/1481 Løpenummer: 15/84 Arkivkode: FA-L13, GNR-15/129 Saksbehandlar: Frank van den Ring Saksnummer Utval Møtedato 016/15 Hovudutval for plan og utvikling 27.02.2015 012/15 Formannskapet 13.03.2015
HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir
HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for utvikling 18.11.2015 068/15 SM Kommunestyret 10.12.2015 100/15 SM Saksansvarleg: Ståle Hatlelid Arkiv:
SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE 08.11.2011 Steinar Hole Arkivsaknr. 11/313 Arkiv: FE-030 Rapport etter forvaltningsrevisjon vedk. internkontroll i Austevoll kommune
Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2008/2164 Løpenr.: 13211/2017 Arkivkode: 136/117 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 21.06.2017 17/114 Kommunestyret 18.01.2018 18/4
MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI
MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.09.2008 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK
Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet 12.10.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68 Områdereguleringsplan for Håbakken del I og del II Kort samandrag:
SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Hyttefelt Vassel gard, 1 gongs handsaming, planid
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 20.12.2013 067/13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Hovudutval for Teknisk og Næring Arkiv:
HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir
HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Planutvalet 13.12.2012 021/12 SH Kommunestyret 07.02.2013 003/13 SH Saksansvarleg: Ståle Hatlelid Arkiv: 143
Klage på vedtak i formannskapet den Saks nr 2015/30 angående
Harald Heio 16 Skarveland 5452 Sandvoll Sandvoll 10.06.2015 Kvinnherad komrr...e / ved Rådmannen T Tekniske Tenester l 7 JUNI ZOES Rådhuset S k _ A 5470 Rosendal a w O8/33 -,3 U 0 Saksbe3:Fb Kopi Klage
1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljreguleringsplan av Fjellbyggvegen 50
Aust-Agder fylkeskommune Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL 2015/238-8 Hanne Heieraas Evju 23.10.2015 Melding om vedtak 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljreguleringsplan
Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.
Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 25.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til
Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34309-1 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget 13.12.2016
SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 20.12.2013 066/13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Arkiv: N-504 Arkivsaknr. 13/78 Framlegg
Møteprotokoll Formannskapet
AUSTRHEIM KOMMUNE Møteprotokoll Formannskapet Møtedato: 25.02.2015 Møtestad: Kommunehuset - Børilden Møtetid: 10:00-14:00 Saksnr. 14/15 og 15/15 er brukt ved ei feilregistrering og går ut. Frammøtte medlemmer
Møteprotokoll Formannskapet
AUSTRHEIM KOMMUNE Møteprotokoll Formannskapet Møtedato: 21.01.2015 Møtestad: Kommunehuset - Børilden Møtetid: 09:00 11:00 Frammøtte medlemmer Parti Rolle Per Lerøy AP Ordførar Helge Dyrkolbotn KRF Varaordførar
