GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR"

Transkript

1 GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /16 Kommunestyret /16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 15/ Kommunereforma: Fastsetting av dato for folkeavrøysting, avrøystingstema og røysterett Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Kommunane sitt arbeid med kommunereforma går no inn i sluttfasen. For Gloppen sin del står vi att med to alternativ: Ei eventuell samanslåing med Eid kommune Å halde fram som eigen kommune. Når dette er skrive, er forhandlingane om ein intensjonsavtale med Eid kommune ikkje avslutta. Rådmannen legg til grunn at vi blir samde med eidarane om ein avtale om samanslåing, og at spørsmålet om samanslåing blir lagt ut til folkeavrøysting. Vedtak om folkeavrøysting vart gjort i kommunestyret sitt oppstartingsvedtak om kommunereforma (sak 80/14 frå 3. november 2014). Vedtaket, som var samrøystes, har slik ordlyd: 1. Gloppen kommune tek til orientering at regjeringa legg opp til ei omfattande kommunereform og vil vere ein konstruktiv part i det vidare arbeidet med reforma 2. Gloppen kommunestyre merkar seg dei føringane som ligg i føresetnadene for reforma og vil, så langt dette er til beste for innbyggarane i Gloppen, medverke til å realisere desse. Det er avgjerande at framtidig inntektssystem sikrar økonomisk berekraft og handlingsrom, gode løysingar for kommunal organisering og samfunnsutvikling for den nye kommunen som Gloppen eventuelt vil vere ein del av. 3. Kommunestyret ber ordføraren, varaordføraren, ein tillitsvald og rådmannen arbeide vidare med saka, og i første omgang kome med framlegg om kva alternativ i Nordfjord og Sunnfjord som er aktuelle for Gloppen å utgreie nærare. Gloppen som eigen kommune er eit av dei alternativa som er med vidare. Det vidare utgreiingsarbeidet må ta utgangspunkt i kvaliteten i tenestetilbodet og korleis vi kan utvikle desse til å verta betre for innbyggarane.

2 Dei tilsette skal ha god informasjon om arbeidet og dei tillitsvalde vert invitert til å delta i prosessen. Formannskapet skal vere styringsgruppe for arbeidet og kommunestyret skal informerast undervegs. 4. Gloppen kommunestyre vil legge til rette for at innbyggarane vert godt opplyst om kommunereforma og får høve til å engasjere seg og legg difor opp til at dei aktuelle alternativa for samanslåing vert lagt fram i ei rådgjevande folkeavrøysting. Det er naturleg at folkeavrøystinga vert i samband med kommunevalet hausten 2015, alternativt våren 2016 dersom prosessen tek lengre tid. Denne saka gjeld berre gjennomføring av pkt 4 i vedtaket. Saksutgreiing: Rådmannen legg spørsmålet om dato for folkeavrøysting og avrøystingstema fram no fordi neste kommunestyremøte ikkje er før 25. april, og dette er for seint til å førebu ei folkeavrøysting. Dato for avrøysting Kommunane har frist til 1. juli i år til å gjere vedtak om samanslåing eller ikkje. Uavhengig av folkeavrøysting, er det kommunestyret som formelt sett skal gjere kommunen sitt vedtak. Siste kommunestyremøte før sommarferien er fredag 17. juni. 13. juni har formannskapet møte for å kome med si innstilling i saka. Gloppen kommune var fram til desember 2015 med i det såkalla Sunnfjord-samarbeidet. Kommunane som framleis er med her, har fastsett 4. april 2016 som dato for folkeavrøysting. Dette er ein dato som Gloppen ikkje treng å rette seg etter. Derimot må vi samordne datoen med Eid kommune, sjølv om dei ikkje har gjort formelt vedtak om folkeavrøysting. Fleire datoar er omsnakka som aktuelle dagar for folkeavrøysting i andre kommunar. I tillegg til 4. april i Sunnfjord, er 25. april på tale for Vågsøy, Selje og Vanylven, medan 19. mai er aktuell dato for Volda og Ørsta, som Stryn og Hornindal har vore i samtalar med. Rådmannen gjer framlegg om torsdag 19. mai som dato for ei folkeavrøysting i Gloppen. Dette er midt imellom kommunestyremøta i april og juni, og ein dato som alt er aktuell også for andre kommunar. Avrøystingstema Etter at vi no berre har samanslåing med Eid kommune som alternativ, seier avrøystingstemaet seg sjølv: Det blir ja eller nei til samanslåing. Røysterett For dei kommunane i Sunnfjord som skal ha folkeavrøysting er det lagt til grunn at røysteretten gjeld frå og med dei som fyller 16 år i Slik bør det vere også i Gloppen. Dette er eit vedtak som i stor grad gjeld tida som kjem, og det er derfor naturleg å utvide røysteretten til å omfatte også 16- og 17-åringane. I Eid kommune hadde 16- og 17-åringane røysterett også ved kommunestyrevalet hausten Førehandsrøysting Slik møteplanen vår er sett opp, vil intensjonsavtalen med Eid kommune bli lagt fram for kommunestyret den 25. april. Rådmannen legg til grunn at avtalen ikkje blir avvist av kommunestyret i dette møtet.

3 Førehandsrøystinga bør ikkje starte før avtalen har vore i kommunestyret. Første dag for førehandsrøysting blir då tysdag 26. april. Siste dag for førehandsrøysting bør vere fredag 13. mai, som er siste fredagen før valdagen. Mellom denne fredagen og valdagen kjem både pinsehelga og 17. mai. Sidan førehandsrøystinga bør samordnast med Eid kommune ventar rådmannen med å tilrå datoane for denne, og meiner valstyret kan bestemme datoane når dette er avklara med eidarane. --- Som kommunestyret har vedteke, er folkeavrøystinga rådgjevande. Dette følgjer også av kommunelova 39b, nr 1 som lyder slik: 1. Kommunestyret eller fylkestinget kan selv bestemme at det skal avholdes rådgivende lokale folkeavstemninger. 2. ( ) Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er uråd å seie noko sikkert om kva det kostar å gjennomføre ei folkeavrøysting, men vi snakkar om ein stad mellom 50 og kroner. Kostnadene vil i det vesentlege vere knytt til manntalet, trykking av røystesetlar, informasjon og gjennomføring av sjølve valet. Tilskotet frå staten på kroner til informasjon, innbyggarundersøkingar og folkeavrøysting er for Gloppen sin del utbetalt til Sunnfjord-samarbeidet og brukt her. Rådmannen vil legge kostnaden inn i revidert 2016-budsjett. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har ikkje spesielle vurderingar i saka. Kvar medlem og/eller gruppe i kommunestyret må sjølvsagt finne ut av korleis dei vil vektlegge valresultatet av den rådgjevande folkeavrøystinga. For rådmannen sin del er det greitt: Mi tilråding vil følgje fleirtalet. Når det gjeld gjennomføring av folkeavrøystinga, bør valstyret få som oppgåve å ta seg av denne og gjere dei vedtak som er nødvendig for gjennomføringa. Det må sjølvsagt leggast til rette for førehandsrøysting her i kommunen, og informerast om høve til «brev-røysting» for dei som ikkje er har høve verken til førehandsrøysting eller røysting på valdagen. Valstyret har dei fullmaktene som er nødvendig for å gjennomføre valet. --- Tilrådinga i saka er sjølvsagt med atterhand om at vi kjem fram til ein avtale med Eid kommune om samanslåing. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 1. Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og vedtek å gjennomføre den rådgjevande folkeavrøystinga om kommunesamanslåing med Eid torsdag 19. mai Avrøystingstema blir ja eller nei til samanslåing av Gloppen og Eid kommunar

4 3. Alle som har røysterett i Gloppen 1. april 2016 etter reglane om kommuneval, pluss alle som er fødde i 1999 og 2000 og er busette i Gloppen kan stemme ved folkeavrøystinga 4. Kommunestyret gjev valstyret i oppgåve å gjennomføre folkeavrøystinga, her under å fastsette tidsrommet for førehandsrøysting FORMANNSKAPET Rådmannen gjorde merksam på at det ikkje er avklara at skjeringsdatoen for manntalet blir 1. april, slik at denne datoen ikkje bør stå i vedtaket. Med denne grunngjevinga endra rådmannen pkt 3 i tilrådinga til: 3. Alle som har røysterett i Gloppen etter reglane om kommuneval, pluss alle som er fødde i 1999 og 2000 og er busette i Gloppen kan stemme ved folkeavrøystinga Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Nytt pkt 5 skal lyde: Kommunestyret ber ordføraren syte for ei samordning med Eid kommune om tidspunktet for folkeavrøysting og kommunestyrebehandling av saka. 016/16 VEDTAK: Rådmannen si endra tilråding, med tilleggsframlegget frå Svein-Ottar Sandal, vart samrøystes innstilt KOMMUNESTYRET Framlegg frå Per Rune Vereide (Sp): Nytt pkt 6 Kommunestyret ber rådmannen utgreie Gloppen som eigen kommune som eit likestilt alternativ. Kommunestyret ber vidare om å få framlagt eit notat som samanliknar kommunane Eid og Gloppen med omsyn til mellom anna demografi og økonomi. Framlegg frå Hege Lothe (SV): Pkt 1 skal lyde: Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og vedtek å gjennomføre den rådgjevande folkeavrøystinga om kommunesamanslåing med Eid måndag 30. mai Framlegg frå Jeffrey Thomas (Sp): Datoen for folkeavrøysting blir sett til 12. september 2016 etter at inntektssystemet er godkjent sentralt. Det vart røysta slik: 1. Framlegget frå Jeffrey Thomas, som fekk tre røyster 2. Framlegget frå Hege Lothe, som vart samrøystes vedteke. 3. Pkt 2-5 i formannskapet si innstilling, som vart samrøystes vedtekne

5 4. Framlegget frå Per Rune Vereide som fekk 16 røyster. Til slutt vart det røysta samla over alle punkta som fekk fleirtal ovanfor, og alle punkta vart då samrøystes vedtekne. 009/16 VEDTAK: 1. Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og vedtek å gjennomføre den rådgjevande folkeavrøystinga om kommunesamanslåing med Eid måndag 30. mai Avrøystingstema blir ja eller nei til samanslåing av Gloppen og Eid kommunar 3. Alle som har røysterett i Gloppen etter reglane om kommuneval, pluss alle som er fødde i 1999 og 2000 og er busette i Gloppen kan stemme ved folkeavrøystinga 4. Kommunestyret gjev valstyret i oppgåve å gjennomføre folkeavrøystinga, her under å fastsette tidsrommet for førehandsrøysting 5. Kommunestyret ber ordføraren syte for ei samordning med Eid kommune om tidspunktet for folkeavrøysting og kommunestyrebehandling av saka 6. Kommunestyret ber rådmannen utgreie Gloppen som eigen kommune som eit likestilt alternativ. Kommunestryet ber vidare om å få framlagt eit notat som samanliknar kommunane Eid og Gloppen med omsyn til mellom anna demografi og økonomi. Vedtaket var samrøystes.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde OPPVEKSTUTVALET MØTEBOK Møtedato: 19.12.2016 Møtetid: Kl. 16:45 17:00 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Saksnr.: 046/16-048/16 Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik

Detaljer

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET MØTEBOK Møtedato: 11.09.2014 Møtetid: Kl. 09:30 15:45 Møtestad: Nordfjord Hotell - Nordfjordeid Saksnr.: 093/14-094/14 Desse medlemmene møtte: Anders Ryssdal Ola Tarjei Kroken

Detaljer

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland. Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - plan for Nord-Fron Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 154/14 09.12.2014 Arne Sandbu Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr. 14/100 Arne Sandbu 002,

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune Utkast for drøfting 22.11.2015 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Bakgrunn... 4 2.1 Prosjektmål... 4 2.2 Ramme

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS 08.06.2015 47/2015 Kommunestyret PS 17.06.2015 Kommunestruktur - løypemelding

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Handsaming i Kommunestyret :

Handsaming i Kommunestyret : Handsaming i Kommunestyret 02.10.2014: Framlegg frå Ap v. Børre Rønningen: 1. Vinje kommunestyre ynskjer å oppretthalde Vinje som ein eigen sjølvstending kommune. 2. Vinje kommunestyre gjev likevel formannskapet

Detaljer

Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak: Dokumentsenter og politisk sekretariat Møre og Romsdal fylke Fylkeshuset 6404 Molde Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2014/412 000 DOK / HS 04.02.2016 K-SAK 7/16 KOMMUNEREFORM 2016 - RETNINGSVAL

Detaljer

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Valgstyre. Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtedato: Tidspunkt: 18:30-18:40

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Valgstyre. Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtedato: Tidspunkt: 18:30-18:40 Vågsøy kommune Møteprotokoll Valgstyre Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtedato: 10.03.2016 Tidspunkt: 18:30-18:40 Til behandling: Saksliste nr. 001/16-001/16 Medlemmer: AP - Kristin Maurstad

Detaljer

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE GISKE KOMMUNE Staben Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Dykkar ref.: Vår ref.: 11/444-130 Dato: 01.07.2016 GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 02.12.2014 081/14 Elin A. Moen Kommunestyret 18.12.2014 073/14 Elin A. Moen Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: 026 Arkivsaknr 11/245 Kommunereform

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet 27.03.2017 015/17 Kommunestyret 30.03.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/300-1 Etablering av ny kai/hamn i Lærdal

Detaljer

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 030 Arkivsaksnr.: 2011/246 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 04.05.2015 Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Detaljer

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar Versjon 02.12.2015 PROSJEKTDIREKTIV Om prosjektet Prosjektnamn Startdato samla prosjekt Startdato Sluttdato Oppdragsgjevar Organisering Prosjekteigar Prosjektansvarleg Styringsgruppe Prosjektleiar og sekretær

Detaljer

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 042/09 01.09.2009 ROLSU Avgjerd av: Solund kommunestyre Arkiv: K1-113, K3- &13 Objekt: Arkivsaknr 09/380 HØYRING

Detaljer

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Innkalling for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Innkalling for Kommunestyret i Radøy Møtedato: 22.06.2017 Møtestad: Lindåshallen Møtetid: 12.00 Saksliste: Saksnr Tittel 035/2017 Godkjenning av innkalling og saksliste 036/2017 Etablering

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding: VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: 2012/571 002 Avd/Saksansv: RÅD/ANNLIA Utvalsaksnr Utval Formannskapet Kommunestyret Møtedato Midtvegsrapport for kommunereforma 2015 - Vanylven kommune sitt

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I

Detaljer

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak Aukra kommune Arkivsak: 2013/490-41 Arkiv: 026 Saksbeh: Geir J. Göncz Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet 26.01.2016 7/16 Kommunestyret 02.02.2016 Ungdomsrådet

Detaljer

Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret

Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret Norddal kommune Arkiv: FE - 026 JournalpostID: 16/2027 Saksbehandlar: Tor Helge Stavdal Dato: 11.03.2016 Saksframlegg Kommunereform - ståstad og vidare prosess Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret

Detaljer

Møteinnkalling for Valgstyre

Møteinnkalling for Valgstyre Vågsøy kommune Møteinnkalling for Valgstyre Møtedato: 10.03.2016 Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 18:00-18:30 Innkallingen sendes medlemmene og de første varamedlemmer i hver gruppe.

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Åram oppvekstsenter, Åram Dato: 01.10.2013 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 13:05. Frå kl. 09.00 var det synfaring på Åram oppvekstsenter.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE 18.06.2013 Helge Andre Njåstad Arkivsaknr. 13/498 Arkiv: FE-140 Kommuneplanen for Austevoll 18.06.2013 KOMMUNESTYRE Handsaming i møtet:

Detaljer

Forfall: Namn Funksjon Representerer Bjørg Karin Tislevoll Medlem H

Forfall: Namn Funksjon Representerer Bjørg Karin Tislevoll Medlem H 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 02.03.2016 Tid: 15:00 18:40 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Wenche Tislevoll

Detaljer

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN Staben Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartement Dykkar ref.: 14/3975 Vår ref.: 14/858-4 Dato: 27.06.2014 STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Masfjorden kommune Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Møtedato: 30.04.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 11:45 Formannskapet kl. 09.00 Valstyret kl. 11.00 Kommunestyret kl. 11.45 Kl. 13 kjem Museumsdirektør

Detaljer

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS 20.11.2014 048/2014 Kommunestyret i Radøy PS 11.12.

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS 20.11.2014 048/2014 Kommunestyret i Radøy PS 11.12. Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS 20.11.2014 048/2014 Kommunestyret i Radøy PS 11.12.2014 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Jarle Landås 14/250 14/12508

Detaljer