Reguleringsplan. for. Harehaugen hyttefelt. konsekvensutgreiing (KU) (planid )

Like dokumenter
Kommunedelplan Edland/Haukeli

Endring av Reguleringsplan Heimdal hyttefelt - planid sluttbehandling

Lesja kommune. Reguleringsplan Solsida Saksutredning

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Saksutgreiing til folkevalde organ

Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Til Grunneigarar og naboar Offentleg mynde. Dato:

Konsekvensutredninger

Ullensvang herad. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Plan- og ressursutval /2017

2. Referat frå oppstartsmøte

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

Framlegg for 1. gongs høyring - Gbnr. 15/83,15/39, Eivindvik, detaljregulering for Prestesundet bustader

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FRITIDSBUSTADER LYKLINGSJØEN 136/6 OG 80 M.FL. LYKLING PLANID

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE PØYLA 110/329 M.FL. ALVSVÅG PLANID

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

PLANINITIATIV. DETALJREGULERING FOR ØVSTE ØGGARDSLIA Gnr 50/1 og 51/2, Stranda kommune I henhold til Plan- og bygningsloven 12-3 og 12-8

SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )

AG Plan og Arkitektur AS

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Dyrking av myr- regelverk og erfaringar Loen- samling 2017

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker. Detaljplan Reinseanlegg Valderhaugstranda oppstart av planarbeid

Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn

Kvam herad. Sakspapir

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Planprogram. Reguleringsplan for Mørke næringsområde PLANID Til offentleg ettersyn juni Øystre Slidre kommune

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 031/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Arealdelen til kommuneplan - erfaringar. Førde, november 2012

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

På vegne av tiltakshavar Line Tools vert det søkt om oppstart av privat planarbeid for del av Opsalmarka gnr. 34 bnr.

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE FLATEVIK 117/31 M.FL. TORMODSÆTRE PLANID

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

SAKSGANG. Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring /14. Arkivsaknr. Sigbjørn Haugen

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

Oppfølging av de regionale planene i kommunale arealplaner

Vurderingar i forhold til naturmangfaldlova 8-12

Planinitiativ Detaljregulering for del av gnr./bnr. 40/12, Gjermundshaugen sør B 15

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

PLANINITIATIV. Oppstart av planarbeid detaljreguleringsplan for Klokkargarden - Osstølen, gnr. bnr 55 bnr. 8 og 32, Os kommune

Konsekvensutredninger etter plan- og bygningsloven. Spesialrådgiver Tom Hoel

ROS-ANALYSE. DETALJREGULERING AV DEL AV GNR. 51, BNR. 3 M. FL, SKAUN KOMMUNE

UTK- sak 032/19 Vedtaksbrev - 1. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for Bråstøl

Radøy kommune Saksframlegg

SØKNAD OM MINDRE ENDRING AV PLANID DEL AV GNR. 21 BNR. 100,142,143 OG 144 KÅRTVEIT

Gjeldande plan: I gjeldande plan for Gjelevika planid: er området regulert til bustad, leik, offentleg og felles veg.

Konsekvensutredninger overordnede planer

Skredfare omsynssoner - Kommuneplan

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

DETALJREGULERING I SJØ, LAUSANAKKEN JONDAL KOMMUNE PLANID:

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

Leif A. Lie PLANINITIATIV Detaljregulering fritidsbebyggelse Lyseren, Nesbyen

PLANINITIATIV OG FØRESPURNAD OM OPPSTARTSMØTE

Bedre reguleringsplaner

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

Saksutgreiing til folkevalde organ

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11

Skodje kommune Teknisk avdeling

SAKSGANG. 1. gongs utlegging til høyring og offentleg ettersyn - reguleringsplan Årvikneset

Reguleringsplan for <namn på planen>

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

PLANFORSLAG FOR DETALJREGULERING Bjerkelivegen Vestre Strøm, del av gnr./bnr. 106/1 FORSLAG TIL PLANPROGRAM

VURDERING ETTER FORSKRIFT OM KONSEKVENSUTREDNINGER

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

Planbeskrivelse DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR.149 BNR.7 - MØGEDAL I LINDESNES KOMMUNE.

Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag. Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato:

KOMMUNEDELPLAN NATTEN OG TVERRLIE

Detaljplan Vigra næringspark nord varsel om oppstart av regulering og høyring av planprogram

Planutredninger etter plan- og bygningsloven. Tom Hoel, Miljøverndepartementet

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Kopi til: Med helsing. Trond Stensby Nasjonalparkforvaltar. Statens Naturoppsyn sentralt

EID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak

Kommunedelplan for Sundreområdet Dette notatet skildrar endringane gjort i plankart og føresegner frå 1. gongs til 2. gongs offentleg høyring.

Møteprotokoll SAKLISTE

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Janneth Iren Ur GBNR - 28/1 17/3416. Saksnr Utval Dato 052/17 Forvaltningsstyret

SVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND

Radøy kommune Saksframlegg

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

Detaljreguleringsplan Høyneset, Follese, Askøy kommune Gnr. 12 bnr. 37 m.fl. Tiltakshaver: Jansen Eiendom AS. Plankonsulent: ABO Plan & Arkitektur AS

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Planinitiativ. Detaljregulering Flomstunet, Førde kommune

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

Sakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /19

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

Planinitiativ Detaljregulering for Tvedestrand Motorbane

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: ERLEVIK Arkivsaknr: 2016/1556. Utvalsaksnr Utval Møtedato 6/17 Formannskapet

Transkript:

Reguleringsplan for Harehaugen hyttefelt - konsekvensutgreiing (KU) (planid. 05120153) (jf, plan- og bygningslova 4-2) Lesja kommune Utkast 09.11.18 1

Innhald 1 Om konsekvensutgreiing...3 1.1 Endra plannamn...3 1.2 Om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova 4-2 og Forskrift om konsekvensutredninger...3 1.3 Utgreiingsprogram...4 2 Omtale av planområdet...4 2.1 Eigarforhold og arealbruk...4 2.4 Samfunnsikkerheit og beredskap...6 2.5 Landbruk...8 2.6 Miljø...8 2.7 Kulturarv...10 2.8 Friluftsliv...11 3 Nye tiltak...12 4 Konsekvensar av planforslaget...13 4.1 Vurdering av konsekvensar av det enkelte tiltak...13 4.1.1 Byggjeområde fritidsbustader (29 tomter)...13 4.1.2 Køyreveg...14 4.1.3 Annan veggrun, teknisk...14 4.1.4 Turdrag (preparert skiløype)...15 4.1.5 Friområde...15 4.2 Vurdering etter miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova 8-1...16 4.3 Samla vurdering av planforslaget...16 2

1 Om konsekvensutgreiing 1.1 Endra plannamn Planområdet var tidlegare namna som «Bjorli bustadfelt II» (planid. 05120033). Som følgje av endring av hovudføremålet med reguleringsplanen, er plannamnet endra til «Harehaugen hyttefelt» (planid. 05120153). Dette er ei konsekvensutgreiing gjort for Reguleringsplan for Harehaugen hyttefelt (planid. 05120153). 1.2 Om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova 4-2 og Forskrift om konsekvensutredninger I plan- og bygningslova 4-2 heiter det m.a.: «For regionale planer og kommuneplaner med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplaner som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal planbeskrivelsen gi en særskilt vurdering og beskrivelse - konsekvensutredning - av planens virkninger for miljø og samfunn.» Plangrensa er lagt slik at planen omfattar godkjende byggjeområde i Kommuneplan for Lesja, eller område med godkjend reguleringsplan. I Forskrift om konsekvensutredninger går det fram av 3: «Følgende planer og tiltak skal behandles etter forskriften dersom de faller inn under ett eller flere av kriteriene i 4: a) reguleringsplaner som legger til rette for senere vedtak om utbygging av tiltak nevnt i vedlegg II, b) reguleringsplaner for som inneholder tiltak nevnt i vedlegg II, c) områdereguleringer som innebærer andre vesentlige endringer av kommuneplan enn de angitt i 2 d, d) detaljreguleringer som innebærer endringer av kommuneplan eller områderegulering, e) søknader om tillatelse etter annet lovverk for tiltak nevnt i vedlegg II. Bokstav b gjelder ikke reguleringsplaner for tiltak der konsekvensene av det konkrete tiltaket er tilfredsstillende utredet på overordnet plannivå og der reguleringsplanen er i samsvar med overordnet plan. Bokstav b gjelder heller ikke detaljreguleringer som er i samsvar med områdereguleringer behandlet etter forskrift om konsekvensutredninger. Kommunen er ansvarlig myndighet etter bokstav a til d. Ansvarlig myndighet etter bokstav e framgår av vedlegg II.» Vidare er det i Forskrift om konsekvensutredninger 4 gjeve eit sett med kriterium for når det skal krevjast konsekvensutgreiing etter 3. Dette er forhold som er knytt til konsekvensar for natur- og landskapsverdiar, kulturminne, landbruk og beredskap og samfunnstryggleik. Det aktuelle planområdet ligg innanfor byggjeområde i kommuneplanen eller allereie godkjende reguleringsplanar. Planområdet berører ikkje natur- eller landbruksområde, sett bort frå regulerte område sør for sentrum. Det ligg føre flomvegskart og aktsomhetskart for jord- og flomskred. 3

Det er såleis ikkje grunnlag for å krevje ei formell konsekvensutgreiing med fastsetting av planprogram. Kommunen legg til grunn at konsekvensane av planen blir ein del av planomtalen. 1.3 Utgreiingsprogram Det blir lagt til grunn at området allereie er regulert, og at det ikkje registrert vesentlege verneverdiar eller brukarinteresser i planområdet. Det kan likevel vera behov for ei nærare utgreiing av konsekvensane for: Kulturarv Friluftsinteresser Bustadbygging Barn og unge. Konsekvensar for andre interesser vil bli omtalt på vanleg måte i plandokumentet. 2 Omtale av planområdet 2.1 Eigarforhold og arealbruk I tabell 1 er det gjeve ein oversikt over berørte grunneigedommar. Tabell 1. Oversikt over tomter og eigarar i planområdet. Gnr./bnr. Eigar Areal (daa) 2/565 Lesja kommune 42,3 2/174 Lesja kommune 46,1 2/743 Lesja kommune 2/1259 Lesja kommune 1,2 2/1258 Lesja kommune 1,0 2/1260 Lesja kommune 1,0 2/1010 Anne Cathrine Enstad 1,1 2/1261 Lesja kommune 1,0 2/1262 Lesja kommune 1,1 2/1263 Lesja kommune 1,1 I gjeldande reguleringsplan er planområdet regulert til følgjande føremål (jf. figur 1): Til saman 21 tomter med eit samla areal på 21 daa. Vegareal ca. 3,5 daa Friområde/leikerareal ca. 57,5 daa. Området er delvis bygd ut med veg og VA-leidning, men det er enno ikkje bygd bustader i planområdet. (Sjå figur 1). Det er delt frå sju tomter i planområdet. Avvik i arealtalet for planområdet og arealet for eigedommane skuldast at gnr. 2 bnr. 174 delvis går inn i eit anna planområde. 4

Figur 1. Planområdet med VA-leidingar. 5

2.4 Samfunnsikkerheit og beredskap Det er ikkje aktsemdsområde for flom og skred i planområdet, sjå figur 2. Det er heller ikkje registrert bekkeløp eller andre moglege naturfarer i planområdet. I nordre kant av planområdet tangerer plangrensa ei 20 m buffersone langs ein bekk som ligg utanfor planområdet. Utrekna flomvegar er vist figur 3. Alminnelege omsyn til samfunnsberedskap må takast i utbygging av planområdet. Figur 2. Aktsemdsområde for skred og planområdet 6

Figur 3. Utrekna flomvegar innanfor planområdet. 7

2.5 Landbruk Det meste av planområdet er dekt av vernskog, jf. skogbrukslova kap. 3. Ca. 21 daa av dette er klassifisert som dyrkbar jord. Den dyrkbare jorda er i hovudsak samanfallande med ei myr som ligg i planområdet, sjå figur 4. Figur 4. Dyrkbar jord (til venstre) og vernskog innanfor planområdet. 2.6 Miljø Det er ikkje registrert viktige naturtypar eller truga artar i planområdet. Området er dekt av morenar av ulik tjukkleik, elveavsettingar og torv/myr. Førekomsten av myr er vist i figur 5. Førekomsten er vist med ulik utbreiing i bakgrunnskartet (FKB) og AR5 (arealtype) Det er registrert ein førekomst av sandlupin i området i 1983, ein livskraftig og introdusert art. 8

Figur 5. Førekomst av myr (skravur) og dyrkbar jord. 9

2.7 Kulturarv Det er registrert eit fjernmålt kulturminne i planområdet, truleg ei kolmile, sjå figur 6. Figur 6. Fjernmålt kulturminne i planområdet. 10

2.8 Friluftsliv Det er registrert ein trase for preparert skiløype gjennom planområdet. Ein merka turstig går innanfor ein mindre del av planområdet. (Sjå figur 7). Figur 7. Fotrute (blå strek) og skiløype (raud strek) i planområdet. 11

3 Nye tiltak Nye tiltak i planområdet er vist i tabell 2. Tabell 2. Nye tiltak i reguleringsplan for Harehaugen hyttefelt (planid. 05120153) Kartkode Tiltak Areal (daa) BF 1-31 Byggjeområde fritidsbustader (31 tomter) 31,3 KV1 Køyreveg 5,4 AV Annan veggrun, teknisk 4,5 T Turdrag (preparert skiløype) 7,5 F 1-7 Friområde 31,9 12

4 Konsekvensar av planforslaget 4.1 Vurdering av konsekvensar av det enkelte tiltak 4.1.1 Byggjeområde fritidsbustader (29 tomter) Konsekvensane av tiltaket er vurdert i tabell 3. Tabell 3. Konsekvensar av 29 nye hyttetomter Tema Samfunnssikkerheit Landbruk Miljø Kulturarv Friluftsliv Bustadbygging Barn og unge Økonomi Samla vurdering Konsekvensar Planforslag vil medføre at fleire personar vil opphalde seg, og utøve ulike aktivitetar, i kommunen i delar av året. Det vil i nokon grad påverke behovet for kapasitet på beredskap i kommunen. Utbygging av 29 tomter vil auke talet på potensielle brannobjekt tilsvarande. Utbygginga vil gje auka trafikk på det lokale vegnettet. I planområdet vil det ikkje bli opna for gjennomkøyring, og biltrafikken vil få eit avgrensa omfang. Eit fjernmålt kulturminne vil gå tapt som følgje av planforslaget. Eit stort areal blir omdisponert frå bustader til fritidsbustader, og det vil gje knappheit på bustadtomter på Bjorli. Konsekvensane blir likevel små sidan det ikkje har vore etterspurnad etter bustadtomtene i planområdet. Planområdet er regulert med høvesvis stor friområde og tilgang til ski- og turløyper i umiddelbar nærleik til tomtene. Utbygging i tråd med reguleringsplanen vil gje positive ringverknader for lokalt næringsliv og syselsetting. Realisering av hyttefeltet vil tilføre kommunen midlar, som vil redusere behovet for ekstern finansiering av investeringstiltak. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping. 13

4.1.2 Køyreveg Konsekvensane av tiltaket er vurdert i tabell 4. Tabell 4. Konsekvensar av køyreveg. Tema Samfunnssikkerheit Landbruk Miljø Kulturarv Friluftsliv Bustadbygging Barn og unge Økonomi Samla vurdering Konsekvensar Utbygging i tråd med reguleringsplanen vil gje positive ringverknader for lokalt næringsliv og syselsetting. Realisering av hyttefeltet vil tilføre kommunen midlar, som vil redusere behovet for ekstern finansiering av investeringstiltak. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping. 4.1.3 Annan veggrun, teknisk Konsekvensane av tiltaket er vurdert i tabell 7. Tabell 7. Konsekvensar av annan veggrunn, teknisk. Tema Samfunnssikkerheit Landbruk Miljø Kulturarv Friluftsliv Bustadbygging Barn og unge Økonomi Samla vurdering Konsekvensar Utbygging i tråd med reguleringsplanen vil gje positive ringverknader for lokalt næringsliv og syselsetting. Realisering av hyttefeltet vil tilføre kommunen midlar, som vil redusere behovet for ekstern finansiering av investeringstiltak. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping. 14

4.1.4 Turdrag (preparert skiløype) Konsekvensane av tiltaket er vurdert i tabell 5. Tabell 6. Konsekvensar av turdrag (preparert skiløype) Tema Samfunnssikkerheit Landbruk Miljø Kulturarv Friluftsliv Bustadbygging Barn og unge Økonomi Samla vurdering Konsekvensar Sikrar areal for vidareføring av de eksisterande skiløyper og turruter. Aukar kvaliteten på utbyggingsområde med tilrettelegging for frilufts- og familieaktvitetar i planområdet. Utbygging i tråd med reguleringsplanen vil gje positive ringverknader for lokalt næringsliv og syselsetting. Realisering av hyttefeltet vil tilføre kommunen midlar, som vil redusere behovet for ekstern finansiering av investeringstiltak. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping, og ovaretaking av bumiljøet.. 4.1.5 Friområde Konsekvensane av tiltaket er vurdert i tabell 8. Tabell 9. Konsekvensar av turdrag (preparert skiløype) Tema Samfunnssikkerheit Landbruk Miljø Kulturarv Friluftsliv Bustadbygging Barn og unge Økonomi Samla vurdering Konsekvensar Sikrar areal for tilrettelegging av leike og opphaldsareal i nærmiljøet. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping, og ovaretaking av bumiljøet. 15

4.2 Vurdering etter miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova 8-1 Vurdering av planforslaget etter miljørettsprinsippa er vist i tabell 10. Tabell 10. Vurdering av tiltaket etter miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova 8-12 Relevans Vurdering 8. (kunnskapsgrunnlaget) Ja Nye byggjeområde er konsekvensutgreid i i arbeidet kommuneplan for Lesja. 9. (føre-var-prinsippet) Ja Ingen vesentlege miljøverdiar er berørt. 10. (økosystemtilnæriming og samla belastning) 11. (kostnadene ved miljøforringels skal bæres av tiltakshaver) 12. (miljøforsvarlige teknikker og driftsmetoder) Ja Ja Ja All utbygging og aktivitet vil belaste økosystemet. Planforslaget er innanfor akseptable rammer slik det er vist i kommuneplanen. Ein lokalitet med myr er føreslege regulert med hensynssone i planforslaget. Utbygging og drift skal skje i tråd med gjeldande miljøkrav miljøkrav i plan- og bygningslova kap. 26, 27 og 28. Utbygging og drift skal skje i tråd med gjeldande miljøkrav og regeleverk. 4.3 Samla vurdering av planforslaget Planforslaget har overvekt av positive konskvensar for samfunnsutviklinga i Lesja som følgje av lokal verdiskaping og sikring av turdrag og friområde i planområdet, jf tabell 11. Tabell 11. Samla vurdering av konsekvensar av planforslaget. Arealbruk m.m. Byggjeområde fritidsbustader Køyreveg Annan veggrunn, teknisk Turdrag (preparert skiløype) Friområde Miljørettsprinisppa nml 8-12 Samla vurdering Konsekvens Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping, og ovaretaking av bumiljøet. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping, og ovaretaking av bumiljøet. Planforslaget vil belaste miljøet, men avbøtande tiltak er gjort ved å leggje inn ei hensynssone i planen, samt gjeldande miljøkrav i plan- og bygningslova kap. 26, 27 og 28. Overvekt av positive konsekvensar som følgje av lokal verdiskaping, og ivaretaking av bumiljøet. 16