Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

2016/ Sør-Varanger kommune

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Åmli skule 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Oppmøte Vallersund oppvekstsenter

Tilstandsrapport for Nordre Land-skolen 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Tilstandsrapport for Øyerskolen

Innkalling av Formannskapet

Tilstandsrapport for grunnskolen

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Osen 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vardø 2014/2015

Tilstandsrapport for Brønnøyskolen 2018

kulturskule grunnskule Aurland kommune

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Innkalling av Kommunestyret

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for Berlevåg skole

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Gulen 2011

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilleggsinnkalling for Oppvekst- og kulturutvalg

Tilstandsrapport for grunnskolen, Rødøy kommune

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

Forfall meldes til Infotorget på e-post eller på telefon

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Luster kommune. Lagt fram:

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Kvalitet i skolen. Tilstandsrapport 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vardø kommune 2013/2014

Tilstandsrapport for grunnskolen i Tana kommune 2017

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Lagt fram: Luster kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen 2015

Evenes kommune. Tilstandsrapport. for grunnskolen

OM KVALITETSRAPPORTEN...2 FAKTA OM KJØKKELVIK SKOLE...2 LÆRINGSMILJØ ELEVUNDERSØKELSEN...3 RESULTATER KARAKTERER 10. TRINN...29 GRUNNSKOLEPOENG...

Om kvalitetsrapporten...2 Fakta om Sandgotna skole...2 Læringsmiljø elevundersøkelsen...3

Transkript:

Tysdag 13. juni, 2017 Tilstandsrapport for grunnskolen 2017 Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren og har kvalitetsutvikling som siktemål.

Lovkravet Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I St.meld. nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. av kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane, jf. opplæringslova 13-10 andre ledd. Det er fastsett i privatskolelova 5-2 andre ledd bokstav k at styret skal drøfte den årlege rapporten om tilstanden i desse skolene. Desse har ansvar for å utarbeide den årlege tilstandsrapporten: Kommunar Fylkeskommunar Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova 2-12 Private skolar med rett til statstilskott Innhald i tilstandsrapporten Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men skoleeigaren kan omtale andre resultat og bruke andre data ut frå lokale behov. Når det blir gjerast vurderingar av tilstanden, er det viktig å synleggjere kva for målsetjingar hos skoleeigaren og skolane som danner grunnlag for vurderinga. Tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om vaksne. Skoleeigaren skal derfor bruke andre kjelder for datainnhenting på dette området. Tidleg innsats er vesentleg for å betre elevane sine ferdigheiter og den faglege utviklinga. Kartlegging av elevane sitt ferdigheitsnivå må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral. Kvalitetsvurderingssystemet Tilstandsrapporten inngår i kvalitetsvurderingssystemet. Kvalitetsvurdering er å samanstille informasjon og data som grunnlag for å drøfte kvaliteten på opplæringa internt på ein skole eller i ein kommune/fylkeskommune, og for å drøfte kvaliteten i større delar av eller i heile utdanningssektoren. Målet er kvalitetsutvikling og læring. Kvalitetsvurderinga er ein prosess der dialogen om kva som er god kvalitet, står sentralt. Det er naturleg at det blir stilt spørsmål ved samanhengen mellom kvaliteten på opplæringa ved den enkelte skolen og mellom skolane og resultata i dialogen med skoleeigaren. Det generelle systemkravet Skoleeigarane si plikt til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i grunnopplæringa er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf. opplæringslova 13-10 andre ledd og privatskolelova 5-2 tredje ledd. Ver merksam på at kravet til internkontroll omfattar alle plikter som skoleeigaren har etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor meir omfattande enn det tilstandsrapporten sitt minimum skal dekkje. Personvern Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde indirekte identifiserbare Side 2 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

opplysningar. Dette kan være teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova 2 nr. 1. Tilsvarande kan også gjelde for lokale indikatorar. Desse opplysningane må behandlast i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova. Merk: Denne versjonen av tilstandsrapporten er på nynorsk. Uttrekk av innhald frå Skoleporten, som ikkje finst på begge målformer, kan likevel vere på bokmål. Side 3 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Innhald 1. Samandrag...5 2. Hovudområder og indikatorar...6 2.1. Elevar og undervisningspersonale...6 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk...6 2.1.2. Lærartettleik...7 2.2. Læringsmiljø...9 2.2.1. Elevundersøkinga...9 2.2.2. Andel elevar som har blitt mobba av andre elevar mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent)...12 2.3. Resultat...13 2.3.1. Nasjonale prøver 5. steget...13 2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg...17 2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk...22 2.3.4. Grunnskolepoeng...25 2.4. Gjennomføring...26 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO...27 3. System for oppfølging (internkontroll)...28 4. Konklusjon...29 For å oppdatere innholdsfortegnelsen, markerer du denne setningen - så klikker du F9. Side 4 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

1. Samandrag Elevar og undervisningspersonale. Gjennomsnittleg gruppestorleik i skulane ligg litt under snittet elles i landet med 10,9 pr gruppe i Haram mot 13,4 i landssnitt. Elevtalet i Haram har vore stabilt på ca 1150 dei siste åra. Det er først og fremst tilflytting, særleg til dei største skulekrinsane, som gjer at elevtalet er relativt stabilt. I 2016-17 var det 1034 elevar i dei kommunale skulane. I tilleg har vi 4 elevar frå Fjørtoft på Harøy skule, samt 95 elevar på private skular. Talet på årsverk for undervisningspersonale har gått opp med 2,4 årsverk i dei kommunale skulane det siste året. Dette skuldast fleire ting; Statleg satsing med 2-3 ekstra stillingar på 1.-4. trinn, 4 fosterheimselvar med full oppdekking, 1 veketime ekstra Natur og miljø på mellomtrinnet, dreiing frå assistent til lærarstillingar og auka timar til leksehjelp. Lesing Lesing er eit av to satsingsområde for skulane i Haram. No ser vi tydleg betring av lesedugleik på nasjonale prøver. Vi har hatt fleire prosjekt dette skuleåret, med «Lesing på 62 grader Nord» på alle skular som det største og kanskje viktigaste. Det er Leselærarar på alle skular og desse har i oppgåve å halde fokus på kompetanseheving og lesing i alle fag. Alle skulane er i gong med dysleksivenleg skule og skulane vil bli sertifiserte i veke 40 og 43 hausten -17. Vurdering for Læring Alle skulane i Haram har Vudering for læring (VFL) som satsingsfelt. Skulane har vore i 2 ulike puljer med nasjonalt og regionalt utviklingsprosjekt. Fokus er på «Den gode timen» og «Den gode skulen» og er i stor grad basert på internasjonal forskning på korleis elevar lærer. No er den statlege satsinga over, men særleg klasseleiing, læringspartnar og kollegaveiledning vil bli fulgt opp på alle dei kommunale skulane. Læringsmiljø. Alle elevar skal inkluderast og oppleve meistring. Skulane er pålagde å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget innan medio desember kvart år. Resultata for skulane i Haram er særdeles gode. Haram kommune er av dei beste kommunene i landet på opplevd mobbing, godt under halvparten av landssnittet. Skulane har eigne handlingsplanar mot mobbing, gjennomfører 2 gongar i året «ikkje-anonym spørreundersøking» og er særleg på vakt om svara på elevundersøkinga indikerer mobbing på skulen. Elevundersøkinga hausten 2016 viser at skulane i Haram har ei utfordring når det gjeld læringskultur og elevdemokrati/medverknad. Ein har sett i verk div. tiltak som ein trur vil verke positivt på læringsmiljøet. Her kan nemnast: Trivselsprogrammet ved dei 5 største skulane. Fører til auka aktivitet i friminutta. Zippys venner, eit program for 1. og 2. klasse. Fokus på psykisk helse. Utvikle empati m.m. Det er mitt val, eit program for mellomtrinnet. Klassemiljø og sosial kompetanse. MOT på ungdomstrinnet. Side 5 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

2. Hovudområder og indikatorar 2.1. Elevar og undervisningspersonale 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk Talet på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskoleopplæring. Årsverk for undervisningspersonale Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka er berekna ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Årsverk til undervisning. Del av årstimar gitt av personale med godkjend utdanning Indikatoren viser kor stor del av årstimane som er gjennomførte av undervisningspersonale med godkjend utdanning i dei fag og trinn dei underviser i. Haram kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg eigarform Indikator og nøkkeltall 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 Talet på elevar 1 045 1 057 1 048 1 018 1 034 Årsverk for undervisningspersonale 105,3 104,0 107,0 106,6 109,2 Andel undervisning gitt av undervisningspersonale med godkjent utdanning 97,6 96,1 96,3 96,9 94,5 Haram kommune skoleeier, Grunnskole, Antall elever og lærerårsverk, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn Skoleeiers egenvurdering Talet på elevar i dei kommunale skulane er relativt stabilt, men med klar auke i Tennfjord ig tilsvarande reduksjon på øyane. Grunna ny privat skule i Brusdal er det ein liten auke til dei private skulane. Framskrivinga på elevtal tyder på at denne tendensen vil halde fram dersom det ikkje vert auka tilflytting. Side 6 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Talet på årsverk syner ein liten auke. Det grunnast av at det samla timetalet i barneskulen er auka. I tillegg kjem auka ressursar til den statlege satsinga på 1.- 4. trinn, samt ei auke i fosterheimsplasserte elevar med store hjelpebehov. 2.1.2. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget og 8.-10. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lærartettleik i ordinær undervising Lærartettleik i ordinær undervisning er ein indikasjon på tal på elevar per lærar i ordinær undervisning, der ressursar til spesialundervisning og undervisning i særskild språkopplæring ikkje vert medrekna. I andre samanhengar vert dette målet kalla gruppestorleik 2. Mål på lærartettleik er hefta med usikkerheit. Dette kjem av at nokre kommunar fører lærarressursar på kommunen sentralt, mens andre kommunar fører dei på skolen i GSI. Dette kan til dømes vere timar til spesialundervisning eller til særskild norskopplæring. Side 7 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg eigarform Side 8 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Skoleeiers egenvurdering Lærartettleiken er høgare i Haram kommune enn fylkes- og landsgjennomsnitt. På ungdomstrinnet er talet på elevar pr. lærar klart høgare enn på barnetrinnet. Kommunestyret har tidlegare gått gjennom desse tala og fått informasjon om at dette grunnast der særegne geografien i Haram med mange øyer og små skular. 2.2. Læringsmiljø 2.2.1. Elevundersøkinga Alle elevar og lærlingar skal inkluderes og oppleve meistring. Det er obligatorisk for skoleeigarar og skoleleiarar å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget og for Vg1. Ein del av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som blir viste i Skoleporten. Resultata for alle spørsmåla i Elevundersøkinga blir viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: Støtte frå lærarane: Indeksen viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane. Vurdering for læring: Indeksen kartlegg elevane si oppleving av dei fire prinsippa i vurdering for læring. Læringskultur: Indeksen viser om elevane opplever at skolearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet. Meistring: Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skolen. Elevdemokrati og medverknad: Indeksen viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Mobba på skolen av andre elevar: Gjennomsnittsverdien for indikatoren Mobba på skolen av andre elevar er berekna ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba av andre elevar på skolen, og kor ofte dei blir mobba. Verdien viser ikkje talet på elevar som i snitt blir mobba av andre elevar på skolen. Ein og same verdi kan anten indikere at mange kryssar av at dei blir mobba sjeldan, eller at færre kryssar av at dei blir mobba hyppig. I Skoleporten tyder eit gjennomsnitt ned mot verdien 1 på lite mobbing i skolen. Andel elevar som har blitt mobba av andre elevar på skolen 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent): Se eiget diagram. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Unntaka er mobbet av andre elevar på skolen der låg verdi er positivt og del av elevar som er i prosent. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge på landsgjennomsnittet i læringskultur Side 9 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform Side 10 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform Skoleeiers egenvurdering På oppleving av meistring ligg elevane i Haram likt med fylkes- og landsgjennomsnittet, men på dei andre områda ligg vi klart under fylke og nasjon. Sjølv om skilnadane til fylke og nasjon er små, er det uansett noko vi må ta tak i og finne ut kvifor vi ikkje scorar betre. Side 11 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

2.2.2. Andel elevar som har blitt mobba av andre elevar mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent) Prosentdelen elevar som har blitt mobba av andre elevar mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare viser den prosentdelen elevar som opplever å bli mobba 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare av andre elevar. Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skolen av andre elevar er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Prosentdelen elevar som har blitt mobba av andre elevar 2-3 gonger i måneden eller oftare seier med andre ord ingen ting om kor ofte elevane opplever å bli mobba. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge under landsgjennomsnittet i mobbing Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform Side 12 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform Skoleeiers egenvurdering Elevane Haram kommune ligg godt under landsgjennomsnittet og fylkesgjennomsnittet i registrert mobbing. På barnetrinnet er det meir enn halvert i høve fylke og nasjon. På ungdomstrinnet ligg vi godt under fylkes- og landsgjennomsnitt, men ikkje like markant som på barnetrinnet. For 2 år sidan var vi ei av kommunene i fylket med høgast mobbetal. No er dette snudd på hovudet. Dette syner at det arbeidet som har vore gjort dei siste 2 åra med strukturert arbeid på alle skular for å forebygge mobbing gir resultat. 2.3. Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. 2.3.1. Nasjonale prøver 5. steget Om lesing Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt. Elevane skal vise at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning Side 13 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara er rimelege kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Om engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytta til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge på landsgjennomsnittet på nasjonale prøver Side 14 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform Side 15 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform - Lesing Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform - Regning Side 16 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform - Engelsk Skoleeiers egenvurdering På forrige måling på barnetrinnet låg Haram langt under fylkes- og landsgjennomsnittet både i lesing, rekning og engelsk. I lesing har dette snudd kraftig slik at vi no gjer det betre enn snittet i fylket og om lag på nivå med landsgjennomsnittet. Det har vore eit systematisk arbeid med lesedugleik i dei kommunale skulane og dette ser vi resultat av no. I rekning ligg vi under både fylkes- og landsgjennomsnittet, men avstanden er mykje mindre enn den var for eit år sidan. I engelsk scorar vi på nivå med fylkes- og landsgjennomsnittet. Her låg vi også langt under snittet på forrige måling. 2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg Om lesing Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke Side 17 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei: forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara dei får er rimelege kan vise effektive strategiar for enkel talrekning Om engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene for ungdomssteget er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge på landsgjennomsnittet på nasjonale prøver Side 18 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform Side 19 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform - Lesing Side 20 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform - Regning Side 21 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg eigarform - Engelsk Skoleeiers egenvurdering Lesing på ungdomstrinnet ligg vi under fylke- og landsnivå på dei svakaste lesarane. Dette kan vere resultat av Haram kommune si prioritering av spesialundervisning. Totalt på lesing ligg vi jamnt med fylket og litt under landsgjennomsnittet. På forrige måling låg vi tydleg under fyle og nasjon. Rekning på ungdomstrinnet ligg under fylke og nasjonalt. Det ser ut som det er rekning som er den store utfordringa for elevane i Haram på nasjonale prøver. Engelsk på ungdomstrinnet ligg Haram under fylkes- og landsgjennomsnittet. Dette er einaste området der resultata har gått nedover i forhold til forrige måling. 2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Side 22 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge på landsgjennomsnittet på karakternivå Side 23 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg eigarform Side 24 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Skoleeiers egenvurdering På skriftleg eksamen leverte elevane i Haram godt over lands- og fylkesgjennomsnittet. I engelsk ligg vi så vidt under fylke og nasjon, men i norsk hovudmål scorar vi langt svakare. Matematikk standpundt ligg likt med både fylkes- og landsgjennomsnittet. Vi ligg likt med landsgjennomsnitet på standpunkt norsk hovudmål, medan vi ligg litt over landsgjennomsnittet i engelsk. 2.3.4. Grunnskolepoeng Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskolepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven Grunnskolepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge på landsgjennomsnittet på grunnskulepoeng Side 25 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg eigarform Skoleeiers egenvurdering Haram kommune har i talmaterialet vårt heile tida hatt lavare grunnskulepoeng enn gjennomsnittet i fylke og nasjon. Dette heng nok saman med resultata frå skriftleg eksamen. 2.4. Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO Side 26 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Lokale mål Skulane i Haram kommune skal ligge over 99% på overgong frå grunnskule til vgo Haram kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg eigarform Indikator og nøkkeltall 2011 2012 2013 2014 2015 Elever (16 år) som er registrert i videregående opplæring samme år som avsluttet grunnskole Haram kommune skoleeier 99,1 97,6 97,2 100,0 99,2 Kommunegruppe 10 98,3 98,6 98,2 98,3 98,3 Møre og Romsdal fylke Nasjonalt 97,7 97,8 97,9 98,0 98,1 Haram kommune skoleeier, Grunnskole, Overgangen fra grunnskole til VGO, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn Skoleeiers egenvurdering I 2015 var det 99,2% av elevane som gikk ut grunnskulen som starta på vidaregåande utdanning. Dette er veldig gode tal som ligg klart over landsgjennomsnittet. Side 27 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

3. System for oppfølging (internkontroll) HMS-+systemet for grunnskulen er gjennomgått og omarbeidd i løpet av våren 2017. Skulane har jamnleg tilsyn frå kommunelegen og fylkesmannen. Eit tilsyn ser på Opplæringslova 9a og det psykososiale læringsmiljøet. Det er her fokus på det forebyggande arbeidet, skulemiljøarbeidet, oppfølging av observasjonar og kartlegging, skuleleiinga si involvering i det systematiske skulemiljøarbeidet, oppfølging av krenkande åtferd og evaluering planar og rutiner. 9a 3 andre ledd krev at dei tilsette kjenner handlingsplikta. Denne skal følgast opp gjennom varsling, tiltak og evaluering. Før tiltak skal skulen gjere einskildvedtak som kan bli bestemmande for eleven sine retter og plikter. Fylkesmannen sine tilsyn går gjennom strukturane på skulen. Er det oppretta elevråd, foreldreråd og samarbeidsutval? Får dei ulike råda reell muligheit til å uttale seg i sakene som blir forelagt? Fylkesmannen har også tilsyn med elevane sitt utbytte av opplæringa. Tema er undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbyte, undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa oplæring og spesialundervisning og vurdering av særskilt språkopplæring. Elevane skal ha kjennskap til måla for oplæringa, Dei skal ha tilbakemeldingar og og involverast i eige læringsarbeid for å få auka utbytte av undervisninga. Elevane skal følgast opp og få naudsynt tilrettelegging. Det skal følgast opp med lyd- lys- og luftprøver i skulebygga, samt uteområde og leikeapparat skal godkjennast. Kontaktlærarane har samtalar med elevar og foreldre minimum 2 gongar i året. Rektorane har årlege medarbeidersamtalar med sine tilsette. Einingsleiar gjennomfører årleg medarbeidersamtale og utviklingssamtale med alle rektorane. Side 28 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017

4. Konklusjon Det mest gledlege med Tilstandsrapporten for 2017 er den positive utviklinga av elevane si oppleving av mobbing. Noreg og Sverige er dei 2 landa i verda der det vert registrert lavast mobbetal med stabilt på omlag 5% av elevane. Dei siste 2 åra har Læringsmiljø og mobbearbeid vore profileringsområde i Haram, der 3 av skulane våra har vore med på eit statleg utviklingsprosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. I 2014 var det 9,5 % av elevane i Haram som kjende seg mobba. I fjor var 2,4% av elevane våre mobba og i 2016-17 2,2%. På landssnitt var talet 5,5% Fagleg opplever vi svak framgong både på nasjonale prøver og eksamensresultat. I lesing ligg vi over fylkessnittet i lesing både på barne- og ungdonmstrinnet. I fjor var vi langt under fylkessnittet på barnetrinnet, men om lag likt på ungdomstrinnet. I engelsk ligg vi over fylkessnittet på barnetrinnet, men litt under på ungdomstrinnet. I fjor var det omvendt. I rekning ligg vi under fylkessnittet både på barneog ungdomstrinnet. I fjor låg vi under på barnetrinnet, men likt på ungdomstrinnet. Det positive i desse tala er at vi ser ein markant framgong i lesing. Lesing har vore felles hovudsatsingsområdet for skulane i Haram, så det er viktig å sjå at dette gir resultat. Samstundes ser vi at vi har ei utfordring i å betre reknedugleiken til elevane våre. I eksamen skjer det «underlege» at elevane i Haram gjer det betre enn både lands. Og fylkessnittet i matematikk. Derimot gjer vi det svakare i norsk hovudmål. I engelsk ligg vi 0,1 poeng bak landssnittet. Gledeleg er det at vi over tid ligg over både fylket og stat med tanke på kor mange elevar som går over frå grunnskule til vidaregåande skule. Alle skulane får tilbod om 4 økter med symjing i løpet av året frå 3. klasse..frå skuleåret blir det obligatorisk å gjennomføre ferdigheitsprøvce i symjing for elevar på 1.-4. årstrinn. Side 29 av 29 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2017-13. juni 2017