Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for grunnskolen

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for Berlevåg skole

kulturskule grunnskule Aurland kommune

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Gulen 2011

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Innkalling av Formannskapet

Innkalling av Kommunestyret

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

2016/ Sør-Varanger kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I SURNADAL

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

FAUSKE KOMMUNE. Sammendrag: Saksopplysninger: SAKSPAPIR TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN

Tilstandsrapport for Nordre Land-skolen 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vardø kommune 2013/2014

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Stryn kontrollutval SEKOM-sekretariat

FAUSKE KOMMUNE. 3. Nasjonale prøver 9. trin. 4. Nasjonale prøver 2012 pr. skole (U.O. jmf offentlghetslovens 13)

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fyresdal, Gimle skule 2010

Vestby kommune Skole-, oppvekst- og kulturutvalget

Tilstandsrapport for grunnskolen

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

Evenes kommune. Tilstandsrapport. for grunnskolen

Tilstandsrapport. for. Grunnskolen i Lardal

Evenes kommune Tilstandsrapport

Lagt fram: Luster kommune

Ullensvang herad. Møteinnkalling Heradsstyret

Tilstandsrapport for grunnskolen i Balsfjord kommune

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Tilstandsrapport for grunnskolene I Vestvågøy kommune 2009

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

MØTEINNKA LLING. Utval: Komite for oppvekst Møtestad: Møterom 1 Herøy rådhus Dato: Tid: 12:30

Levanger kommune. Rådmannen. Tilstandsrapport. Grunnskolen i Levanger 2011

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Transkript:

Torsdag 26. juli, 2012 Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Desse har ansvar for å utarbeide ein årleg tilstandsrapport: Kommunar Fylkeskommunar Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova 2-12 Private skolar med rett til statstilskott Rapport om tilstanden i opplæringa Rapporten om tilstanden (tilstandsrapporten) i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane (jf. opplæringslova 13-10 andre ledd).den årlege rapporten skal drøftast av skolereigaren, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane, jf. opplæringslova 13-10, andre ledd. Det er fastsett i privarskolelova 5-2, andre ledd, bokstav k, at styret skal drøfte den årlege rapporten om tilstanden i desse skolane. Det følgjer av forarbeida til føresegnene - Ot.prp.) nr. 55 (2008-2009) s. 24 - at det skal vere mogleg å tilpasse arbeidet med å utarbeide ein årleg tilstandsrapport til det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren. Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Regjeringa har fastsett mål knytte til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø som grunnlag for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr 31 (2007-2008). Til dei nasjonale målsetjingane har regjeringa sett opp indikatorar som skal gi grunnlag for å vurdere kor langt skoleeigaren er kommen i å nå måla. Krav til innhald i tilstandsrapporten Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggjast ut med annan omtale som skoleeigaren meiner er føremålstenleg ut frå lokale behov. Det er data frå Skoleporten som hovudsakleg skal brukast som grunnlag for skoleeigaren si vurdering av tilstanden, men det følgjer av St.meld. nr. 31 (2007-2008) at skoleeigarar og skolar blir oppmoda til å føre opp konkrete målsetjinger for kva dei skal oppnå innanfor dei målområda som er sette opp. Det følgjer av Ot.prp. nr. 55 (2008-2009), s. 24, at tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje særskilde data om vaksne dvs.deltakarar som får opplæring etter kapittel 4A i opplæringslova. I vurderinga av om rettane til vaksne blir tekne vare på når det gjeld områda læringsresultat, fråfall og

læringsmiljø, må skoleeigaren derfor bruke andre kjelder for datainnhenting. I St.meld. nr. 16 (2006-2007) går det fram at tidleg innsats er vesentleg for å betre ferdigheiter og fagleg utvikling hos elevane. Kartlegging av ferdigheitsnivået til elevane må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om spesialundervisning, og skoleeigaren må derfor også på dette området bruke andre kjelder for datainnhenting. Skoleeigaren står elles fritt til å utvide innhaldet i tilstandsrapporten. Det generelle systemkravet Den plikta skoleeigaren har til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i opplæringa, er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf opplæringslova 13-10 andre ledd og privatskolelova 5-2 tredje ledd.ver merksam på at kravet til internkontroll, omfattar alle pliktene som ligg til skoleeigaren etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor vidare enn det tilstandsrapporten dekkjer. Personvern Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan vere teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova 2 nr. 1. Tilsvarande kan òg gjelde for lokale indikatorar. Derfor ei påminning om at desse opplysningane må behandlast i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova. Merk: Denne versjonen av tilsynsrapporten er på nynorsk. Uttrekk av innhald frå Skoleporten, som ikkje finst på begge målformene, kan likevel vere på bokmål. Side 2 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Innhald 1. Samandrag... 4 2. Hovudområder og indikatorar... 5 2.1. Elevar og undervisningspersonale... 5 2.1.1. Lærartettleik... 5 2.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk... 7 2.2. Læringsmiljø... 8 2.2.1. Trivsel med lærarane... 8 2.2.2. Mobbing på skolen... 11 2.2.3. Fagleg rettleiing... 13 2.2.4. Meistring... 14 2.2.5. Fagleg utfordring... 16 2.3. Resultat... 17 2.3.1. Nasjonale prøver lesing ungd. steg... 18 2.3.2. Nasjonale prøver lesing 5. steget... 19 2.3.3. Nasjonale prøver rekning 5. steget... 21 2.3.4. Nasjonale prøver rekning ungd. steg... 22 2.3.5. Nasjonale prøver engelsk 5. steget... 24 2.3.6. Nasjonale prøver engelsk ungd. steg... 25 2.3.7. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk... 26 2.3.8. Grunnskolepoeng... 28 2.4. Gjennomføring... 29 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO... 29 2.5. Minoritetsspråklege elevar... 31 3. System for oppfølging (internkontroll)... 32 4. Konklusjon... 33 Side 3 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

1. Samandrag På mange av dei områda som er med i rapporten kjem Sykkylven kommune/ skulane i Sykkylven godt ut. Hovudutfordringane framover vert i stor grad å halde resultata på prøvene / brukarundersøkingane på minst same nivå som no. Ressursbruken i grunnskulen i Sykkylven ligg lågt samanlikna med både fylkes- og landsgjennomsnittet og i høve føringar i lov og regeleverk. Det ligg difor ei stor ufordring i å halde det totale ressursnivået i grunnskulen på minst same nivå som, sjølv om det er gjort vedtak om endringar i skulestrukturen. Det er likevel nokre område vi må ha ekstra fokus på for å heve nivået/ få betre reslutat, som td.: - Ressursbruk og fordeling av ressurar mellom ordinær undervisning og spesialundervisning. - Fagleg rettleiing - Lesing - Eksamenresultat i norsk og engelsk - Meir fokus på minoritetsspråklege elevar, - betre ressurssituasjon + komptanseutvikling i fleire fag. - Vidare arbeid med god klasseleiing. Side 4 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2. Hovudområder og indikatorar 2.1. Elevar og undervisningspersonale Om Elevar og undervisningspersonale Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med desse indikatorane i tilstandsrapporten: talet på elevar og lærarårsverk (sum årsverk for undervisningspersonalet) lærartettleik (lærartettleik 1.-7. steget, lærartettleik 8.-10. steget) 2.1.1. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lærartettleik 8.-10. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 8.-10. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lokale mål Lokale mål: 2012-2015 Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 Lærartettleik 1.-7. trinnet (gruppestorleik) Nasj. gj.snitt: 13,2, (Fylkesgj.snitt: 12,4) 13,5 13,2 13,2 13,0 12,8 Lærartettleik 8.-10. trinnet Nasj. gj.snitt: 14,9, (Fylkesgj.snitt: 14,2) 16,6 16,0 15,5 15,0 14,5 Side 5 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2011-12 Grunnskole Vurdering Tal frå og med 2005 til og med 2011 (rap.dato 01.10.11) viser eit nokså stabilt elevtal på omkring 1000 elevar. Med dette som bakteppe, er det urovekkande at vi i same periode har hatt ein nedgang på heile 10 undervisningsstillingar! Tal frå GSI-rapporteringa pr 01.10.11, for skuleåret 2011/12, viser at vi no er nede i 85 stillingar. Frå og med hausten 2011 har vi ein off. grunnskule mindre, men det er oppretta ein privatskule i staden for. Dersom ein ser på utviklinga i den off skulen, er det no 13 undervisningsstillingar mindre enn i 2005 med omlag 5 elevar mindre. Der er elles interessant å sjå på ressursbruken til spesialundervisning i denne perioden. I 2005 brukte ein ca 14,6 stillingar til spes.ped. I år brukar ein ca 15 stillingar (inkl. privatskular) til spesialundervisning. Dvs. at at mykje større del av den disponible ramma går til spesialundervisning og dette fører til enda mindre timar til ordinær undervisning/ tilpassa opplæring. 2005: Totalramme: 98 uv stillingar - ca 14,6 stillingar til spes.uv. (83,4 st. til ord.uv, 14,9 % spes.u.v av totalramma, ) 2006: Totalramme: 91 uv stillingar - ca 13,0 stillingar til spes.uv (78,0 st. til ord.uv, 14,3 % spes.u.v av totalramma, ) 2007: Totalramme: 93 uv stillingar - ca 12,2 stillingar til spes.uv (80,8 st. til ord.uv, 13,1 % spes.u.v av totalramma) 2008: Totalramme: 97 uv stillingar - ca 16,2 stillingar til spes.uv (80,8 st. til ord. uv,16,7 % spes.u.v av totalramma) 2009: Totalramme: 98 uv stillingar - ca 18,9 stillingar til spes.uv (79,1 st. til ord.uv.,19,2 % spes.u.v av totalramma) 2010: Totalramme: 93 uv stillingar - ca 16,3 stillingar til spes.uv (76,7 st. til ord.uv, 17,5% spes.u.v av totalramma) 2011: Totalramme: 88 uv stillingar - ca 15,2 stillingar til spes.uv (72,8 st. til ord.uv, 17,3 % spes.u.v av totalramma) 2012: Totalramme: 84 uv stillingar (off. grunnskule) - ca 13,2 stillingar til spes.uv (71,8 til ord.uv, 15,7 % spes. ped av total ramme) (Inkl. privatskular nyttar vi ca 15 stillingar til spes.uv.) Denne oversikta viser at talet på stillingar til spesialundervisning har vore nokolunde stabil.medan timane til ordinær undervisning har gått drastisk ned! Side 6 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk Talet på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskoleopplæring. Årsverk for undervisningspersonale Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka er berekna ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Årsverk til undervisning. Lokale mål for årsverk for undervisningspersonale LOKALE MÅL 2012-2015: Talet på elevar og lærarårsverk Resultat 2011 1053 88 2012 2013 2014 2015 ----- 90 92 92 94 Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskole Indikator og nøkkeltall 2004-05 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 2010-11 2011-12 Talet på elevar 1 023 1 041 1 047 1 062 1 060 1 043 1 053 999 Årsverk for undervisningspersonale 97,6 90,6 92,6 96,7 98,7 92,8 88,2 84,7 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole Vurdering Side 7 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Når det gjeld lærartettleik (gruppestorleik), ligg kommunen vår noko over både gjennomsnittet for fylket og landet. Dvs seie at vi nyttar mindre ressursar enn gjennomsnittet for både fylket og landet utanom Oslo! 1.- 4. klasse: Sykkylven 13,4, fylket 12,4, landet utanom Oslo 12,4. 5.- 7.klasse: Sykkylven 13,1, fylket 12,2, landet utanom Oslo 12,9. 8.-10. klasse: Sykkylven 16,8, fylket 14,1, landet utanom Oslo 14,5. Måsettinga for 1. - 4. klasse er å kome ned mot noverande landsgjennomsnitt fram til 2015 og å nærme oss fylkesgjennomsnittet for 5. - 7. klasse. Når det gjeld ungdomssteget er skilnaden mellom fylket og landet og kommunen enda større enn på barnesteget. et fram mot 2015 er også her å kome ned mot fylkesgjennomsnittet. Ei slik målsetting vil kreve auke i ressursane på ungdomssteget (auke av den totale grunnskuleramma) og være heilt i tråd med den nye satsinga på ungdomssteget. 2.2. Læringsmiljø Om Læringsmiljø Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring. Skoleeigarar og skoleleiarar er pålagde å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget og Vg1. Eit utval av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som ligg i Skoleporten. Resultata frå Elevundersøkinga er viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: trivsel mobbing på skolen fagleg rettleiing meistring fagleg utfordring 2.2.1. Trivsel med lærarane Indeksen viser elevane sin trivsel med lærarane knytt til fag og i kva grad elevane opplever at lærarane er hyggelege. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål for trivsel med lærarane 2012-2015 Trivsel med lærarane 7. trinn 2012 Res Side 8 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2012 2013 2014 2015 Nasjanalt gj.snitt: 4,1 4,2 4,2 4,2 4,2 4,2 2012-2015 Trivsel med lærarane 10. trinn 2012 Res. 2012 2013 2014 2015 Nasjonalt gj.snitt: 3,8 3,7 3,7 3,8 3,8 3,8 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Side 9 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering av trivsel med lærarane På barnesteget er trivselen med lærararne på nasjonalt gj.snitt og det er vi stort sett nøgde med. Vi har likevel som mål å auke dette noko fram mot 2015. For ungdomssteget sin del, ligg vi framleis litt lågare enn både fylkes- og landsgennomsnittet, men det har vore ein positiv framgang frå i fjor. ( Frå 3,5 til 3,7). Det vert arbeidd godt med dette både på barne- og ungdomstrinnet, m.a gjennom stor satsing på klasseliing for alle lærarane i kommunen og vi ser kanskje eit lite positivt resultat av dette arbeidet her. Side 10 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2.2.2. Mobbing på skolen Indikatoren viser den delen av elevane som fortel at dei har blitt mobba dei siste månadene. Skala: 1-5. Låg verdi vil seie liten forekomst av mobbing. Lokale mål 2012-2015 Mobbing 7. trinn Res 2011 2012 2013 2014 2015 1,4 1,2 1,1 1,0 1,0 2012-2015 Mobbing 10. trinn Res 2011 2012 2013 2014 2015 1,7 1,5 1,4 1,3 1,3 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Side 11 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering av mobbing på skulen For 7. årstrinn ser ein at talet på elevar som har svart at dei har opplevd mobbing på skulen har gått merkbart ned samalikna med åra før. Dette er svært positivt og heilt i tråd med dei lokale måla! Skulen i Sykkylven ligg under landsgjennomsnittet, men vi har målsetting om å oppnå eit betre resultat, - sjå lokale mål. Svara frå ungdomsskulen viser og det beste reultatat sidan ein starta med registrering av elevundersøkinga og tala er no på landsgjennomsnittet. For heile grunnskulen i Sykkylven begynner ein kanskje å sjå resultata av den fokusen ein har på arbeidet mot mobbing og på god klasseleing, sjølv om ein må ha resultat frå fleire år for å kunne dra sikre slutningar. Side 12 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2.2.3. Fagleg rettleiing Indeksen viser i kva grad elevane føler at dei får god rettleiing. Denne indeksen inkluderer i kor stor grad dei får vite korleis dei kan forbetre seg, og kva for krav det faglege arbeidet set. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat Lokale mål 2012-2015 Fagleg rettleiing 7. trinn Res 2012 2012 2013 2014 2015 Nasjonalt gj.snitt: 3,4 3,3 3,4 3,4 3,4 3,4 Fagleg rettleiing 10. trinn Res 2012 2012 2013 2014 2015 Nasjonalt gj.snitt: 3,1 3,0 3,2 3,2 3,2 3,2 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Side 13 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Vurdering av fagleg rettleiing Når det gjeld fagleg rettleiing ligg vi framleis litt under landsgjennomsnittet og det lokale målet for barnesteget, sjølv om tendensen har vore litt positiv frå 2007/2008 og fram til dette skuleåret. Her må skulane framleis ha ekstra fokus der ein m.a legg stor vekt på godt samarbeid mellom skule og heim. Det er elles grunn til å håpe på betre resultat her med det sterke fokuset vi no har på klasseleiing. Når det gjeld ungdomssteget, låg vi i fjor jamnt med gjennomsnittet både for fylket og nasjonen, men vi har ein liten tilbakegang på 0,1 % frå sist. Denne tilbakegangen er ikkje stor, men ein må ta sikte på å rette den opp, og vi har ambisjonar å kome minst opp på nasjonalt nivå fram mot 2015. 2.2.4. Meistring Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skolen. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål for 2012-2015: Resultat 2012 2012 2013 2014 2015 Meistring 7. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,9 4,0 4,0 4,0 4,0 4,0 Meistring 10. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,8 3,7 3,8 3,8 3,9 3,9 Side 14 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering av meistring Denne indikatoren gir m.a eit bilete av kor godt ein lukkast med tilpassing av undervsninga for elevane. På barnesteget ligg vi over både fylket og landet, og dette er eit godt resultat og heilt i tråd med den målsetiinga vi har for meistring i skulen. et er å halde dette nivået i åra framover. Undomsskulen har her litt å strekke seg etter. Ein ser inga grunn for at kommunen her skal liggje under snittet for både fylke og land. settinga her er å kome minst opp på det nasjonale nivået. Side 15 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Vi trur at ein også her vil sjå positive resultat av arbeidet med klasseleiing som vi nå jobbar med på alle skulane, men tronge økonomiske rammer vil over tid kunne ha negativ verknad på dette feltet. Med store klasser/ grupper er det vanskeleg å tilpasse lærestoffet og arbeidsoppgåvene til den enkelte elev. 2.2.5. Fagleg utfordring Indeksen viser elevane si oppleving av faglege utfordringar i skolearbeidet. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål 2012-2015 Resultat 2012 2012 2013 2014 2015 Fagleg utfordring 7. trinn Nasjonalt gj.snitt: 4,0 4,0 4,0 4,0 4,1 4,1 Fagleg utfordring 10. trinn Nasjonalt gj.snitt: 4,1 3,8 3,9 4,0 4,1 4,1 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna Side 16 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering av fagleg utfordring Dette er ein ny indikator for 7. trinn og viser at vi ligg på same nivå som både fylket av landet. Resultat her vi må seie oss godt nødge med, men vi har ambisjonar om å betre dette resltatet fram mot 2015. For ungdomsskulen vår viser tala at vi dessverre ligg nokså mykje under både fylket og landet, men det er ein liten framgang frå 10/11. Dette er eit felt som skulen må sette ekstra fokus på og gå inn å evaluere på ein grundig måte. Tala fortel oss at elevane på ungdomsskulen opplever at dei har meir å gå på i høve til dei utfordringane dei får, og sjølv om sluttresultata (vitnemålskarakterane) er gode, ligg det eit potensiale her. 2.3. Resultat Om Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. I tilstandsrapporten er desse resultatindikatorane obligatoriske: nasjonale prøver på 5., 8. og 9. steget i lesing og rekning standpunkt- og eksamenskarakterar i norsk hovudmål, matematikk og engelsk grunnskolepoeng Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med følgjande indikatorar i tilstandsrapporten: nasjonale prøver i engelsk på 5., 8. og 9. steget Side 17 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2.3.1. Nasjonale prøver lesing ungd. steg Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 NP norsk 8. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,1 2,9 3,0 3,1 3,1 3,2 NP norsk 9. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,5 3,4 3,5 3,5 3,6 3,6 Side 18 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Lesing er eit av hovudsatsingsområda for skuleutvikling i Sykkylven. Vi har over fleire år hatt resultat som ligg under dei målsettinane som er satt for faget. Dette skuleåret ligg ein klart under landsgjennomsnittet (2, 9 --3,1) på 8. trinn! Her må ein inn å sjå på mogelege forklaringar med sikte på å betre resultata til hausten. Det vert interessant å sjå på resultata for desse elevane i 9. klasse (hausten 2012) Resultata for elevane på 9. trinn ligg nært opp mot det nasjonale gjennomsnittet. Dette er eit bra resultat og eit signal om at det er grunn til å ha same målsetting for dei andre trinna og. 2.3.2. Nasjonale prøver lesing 5. steget Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt: Elevane skal vise at dei kan: 1. finne informasjon Side 19 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 NP norsk 5. trinn Nasjonalt gj.snitt: 2,0 2,0 2.1 2,1 2,2 2,2 Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Sjølv om vi enda ikkje er heilt nøgde med resultata, er vi nå på nivå med landet og vi har fått fleire elevar opp frå meistringsnivå 1 i lesing. Dette er gledeleg og det vert arbeidd hardt for å halde på dette resultatet og betre det fram mot 2015, - sjå lokale mål. Side 20 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2.3.3. Nasjonale prøver rekning 5. steget Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara er rimelege kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 NP rekning 5. trinn Nasjonalt gj.snitt: 2,0 2,1 2,1 2,1 2,2 2,2 Side 21 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Vurdering På dette området har vi oppnådd eit resultat som ligg over både vårt lokale mål det nasjonale gjennomsnittet. Dette er svært positivt og viser at ein har jobba godt med dette faget for denne elevgruppa. et er å halde dette nivået og auke det litt fram mot 2015. 2.3.4. Nasjonale prøver rekning ungd. steg Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei: forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring, kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara dei får er rimelege kan vise effektive strategiar for enkel talrekning Side 22 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 NP rekning 8. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,1 2,9 3,0 3,0 3,1 3,2 NP rekning 9. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,4 3,5 3,5 3,5 3,6 3,6 Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Side 23 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Vurdering Resultatet på 8. trinn er under den målsettinga vi har for dette trinnet og ein nedgang frå 2010 ( 3,1). På 5. trinn hadde denne elevgruppa eit resultat på nivå med landsgjennomsnittet og det er difor overaskande med resultatat frå dette skuleåret! Resultatet kan sjølvsagt ha mange forklaringar, men det krev ein grundig vurdering av opplegget i rekning på dei siste åra på barnesteget. Det vert intessant å sjå om resultatet for denne elevgruppa betrar seg til neste år! For 9 trinn er resultatet godt og over landsgjennomsnittet. Vi er nesten på det nivået vi har satt oss som mål fram mot 2015. Dette kullet hadde og gode resultat på 8. trinnet. 2.3.5. Nasjonale prøver engelsk 5. steget Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytte til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 NP engelsk 5. trinn Nasjonalt gj.snitt: 0 2,2 2,2 2,2 2,2 Side 24 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Pga tekniske problem på den sentrale serveren, blei ikkje resultata i engelsk fir 5. trinn registert denne hausten. Vi tar likevel med måla for dette faget i åra framover. 2.3.6. Nasjonale prøver engelsk ungd. steg Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene for ungdomssteget er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 NP engelsk 8. trinn Nasjonalt gj.snitt: 3,0 3,0 3,0 3,1 3,2 3,2 Side 25 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Vurdering I dette faget ligg elevane på det nasjonale gjennomsnittet. Dette er eit tilfredsstillande resultat, spes. sett i lys av resultata for denne elevgruppa i norsk lesing og rekning. Elevane våre har over fleire år prestert godt i engelsk. 2.3.7. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Side 26 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt. Lokale mål Eksamen 2011. 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 Karakterar- engelsk Nasjonalt gj.snitt: 3,8 3,9 3,9 3,9 3,9 4,0 Karakterar -norsk hovudmål Nasjonalt gj.snitt: 3,5 3,4 3,5 3,5 3,6 3,6 Karakterar - matematikk Nasjonalt gj.snitt: 3,1 3,2 3,2 3,2 3,3 3,3 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2010-11 Grunnskole Side 27 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Vurdering Resultata frå eksamen no i vår er ikkje tilgjengeleg enno på skuleporten, så det er ekaamenskarakterane frå 2011 som er med i denne rapporten. I både engelsk og matematikk er resultata gode og ligg over det nasjonale gjennomsnittet! Dette er og i tråd med dei lokale måla vi har satt oss. Vi kan ellles sjå ut frå grafane at det i desse to faga er bra samsvar mellom standpunkt- og eksamenkarakterane. Når det gjeld norskfaget, ser vi at resultata er litt dårlegare enn dei to andre faga sett i høve til det nasjonale gj.snittet. Ein annan tendens er at skilnaden mellom standpunkt- og eksamenskarakter er større i dette faget enn i engelsk og matematikk. Dette er interessant og gjeld ikkje berre for våre elvar, - sjå grafane. 2.3.8. Grunnskolepoeng Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskolepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven Grunnskolepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 Grunnskulepoeng Nasjonalt gj.snitt: 39,8 39,2 39,5 39,8 40,2 40,5 Side 28 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskole Vurdering Grafen viser gode resultat også for skuleåret 2011/2012, sjølv om det er ein nedgang frå året før, (frå 40,1 til 39,2) Dette kan vere naturlege svingingar, men resultatet ligg litt under den lokale målsettinga for resultatoppnåing. Det er difor grunn til å stille spørsmål om nedgangen i resultata her har samanheng med nedgang i lærartettleiken/ auke i gruppestorleiken i ungdommskulen. Dette vil ein kunne vite meir om når ein får resultata for komande år. (Sjå elles 2.1.1 "Lærartettleik" og 2.1.2 "Talet på elevar og lærarårsverk") 2.4. Gjennomføring Om Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Side 29 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

Lokale mål 2012-2015: Resultat 2011 2012 2013 2014 2015 Overgang frå grunnskule til VGO Nasjonalt gj.snitt: 96,6 98,0 98,0 98,5 98,5 99,0 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2010 Grunnskole Indikator og nøkkeltall Overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring (prosent) Sykkylven kommune skoleeier Kommunegruppe 10 Møre og Romsdal fylke 98,0 97,9 96,6 Nasjonalt Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, 2010-2010 Vurdering Sykkylven ungdomsskule har i fleire år arbeidd saman med Sykkylven vidaregåande skule for at overgangen skal bli best mogeleg for elevane og for å hindre fråfall. Skuleåret 2011/ 2012 blei det i tillegg satt i gang eit opplegg som kallast "Ny Giv". Dette er eit spesielt opplegg for dei elevane som har litt svake karakterar i hovudfaga med sikte på å lette overgangen til vidaregåande skule og for å få fleire til å gjennomføre skulegangen. Tala for Sykkylven viser at få elevar sluttar før fullført eksamen og at oppfølgingstenesten fungerer bra. Det er likevel viktig å arbeide førebygjande og ha som mål at alle skal fullføre. Side 30 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

2.5. Minoritetsspråklege elevar Om Minoritetsspråklege elevar I dei siste åra har vi fått stadig felire elevar med minoritetsspråklege bakgrunn, særleg frå den austelege delen av Europa. Dette gir skulane ekstra utfordingar pga av knappe rammer og lite ekstra ressursar å sette inn når elevane dukker opp, ofte midt i skuleåret. Dette er oftast elevar utan anna språk enn morsmålet sitt og svært lite eller ingen kunnskap i t.d engelsk. Når eleven kan engelsk blir opplæringssituasjonen mykje enklare enn om han berre kan eit språk som lærarane våre ikke har kompetanse i. Skuleåret 2007/2008 vart det brukt ca 117 t/v til minoritestsspråklege elevar, - skuleåret 2011/ 2012 brukte vi 62 t/v, mao ca halvparten. Dette kan sjølvsagt ha ein del med det reelle behovet og organisering å gjere, men det er og eit tydeleg teikn på at når ressursane er fordelte til spesialundervisning og minstetimeramme, er det lite att til denne gruppa. Ein prøver difor å gje denne elevgruppa best mogeleg tilbod innafor ramma av tilpassa opplæring. Med bakgrunn i denne utviklinga, er det difor ynskjeleg med ein ekstrapost i budsjettet (buffer) for å kunne sette inn litt meir ressursar i periodar. Dette er ofte ressurssterke elvar som treng "starthjelp" for å kome opp på eit nivå som gjer at dei kan følge den ordinære undervisninga og etterkvart klare seg gjenom skuleløpet utan andre ekstra ressursar. På same måte som innafor spesialundervisninga er prinsippet om tidleg innsats her veldig viktig. Når det gjeld flyktningeborn/ asylsøkjarar har vi, spesielt dei siste åra, hatt god hjelp (økonomisk) frå Flyktningekontoret. Vi har kunnet organisere gode undervisningstilbod for denne elevgruppa og når det ligg til rette for det, har vi og tatt inn minoritetsssprålege elvar utan flyktningebakgrunn saman med desse elevane. Side 31 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

3. System for oppfølging (internkontroll) Leiarnivå: - Resultatoppfølgingsmøte kommunalsjef - rektor (einingsleiar) - Medarbeidarsamtale kommunalsjef - rektor - Leiramøte rådmannsteam - einingsleiarar - Rektormøte - rektorar. kommunalsjef, skulefagleg rådgjevar Skulenivå: - Medarbeidarsamtale rektor - lærar - Elevsamtale lærar - elev - Foreldresamtale lærar - elev,foreldre - Nasjonale prøver - Kartleggingsprøver - Brukarundersøkingar Politisk nivå: - Saksframlegg for Levekårsutvalet, formannskap og kommunestyret - Tilstandsrapport - Årsmelding Side 32 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012

4. Konklusjon Under p. 2.1.1 "Læraratettleik" har vi tatt med ei oversikt over elevtal og talet på undervisningsstillingar. I perioden frå 2005 til 2011 har det vore ein reduksjon på heile 10 stillingar med om lag same elevtal. Ressursanne som har vore nytta til spesialundervisning har gått litt opp ( frå 14,6 stillingar til 15,2 stillingar) I praksis betyr dette at vi har hatt ein stor nedgang på timar som kan nyttast til styrking og tilpassa opplæring. Dette reduserer voksentattleiken og vanskeliggjer individuell oppfølging for dei elevane som ikkje har spesialressursar. Denne nedgangen på ordinære timar påvirkar og behov og press på spespedagogiske ressursar. I tillegg er det og truleg at det verkar inn på læringsmiljøet (P 2.2 i rapporten), kvaliteten på undervisninga og resultata på prøver og eksamen. Mogelege tiltak: - God kartlegging/ oppfølging - Auke læringstrykk/ betre fagleg rettleiing/ større faglege utfordringar for elevane - Meir kostnadsefektiv skule - Halde nivået på ressursane til grunnskulen trass i endringar skulestrukturen. - Etter - og vidareutdanning i felire fag/ fagområde - Vidare arbeid ned skulevurdering og klasseleing - Arbeide vidare med god klasseleiing og skule/ heimsamarbeidet Side 33 av 33 - Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12. - 26. juli 2012