Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Like dokumenter
Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

1. Beskriv målet/måla

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Utviklingsplan. Horpestad skule

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan. Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Utviklingsplan for Kleppe skule

Skuleutvikling i arbeidet med dei fire prinsippa i VFL

Hå kommune Vigrestad storskule

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Ungdomstrinnsatsinga

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

VFL på Rommetveit skule.

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Verksemdsplan for Flatdal skule

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Frå novelle til teikneserie

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Prinsipp 1. Elevene skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Rådmannsutvalet Førde

Ungdomstrinn i utvikling. Om den nasjonale satsingen og arbeidet ved vår skole

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Utviklingsplan

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Foreldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Utviklingsplan. Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Foreldremøte. Saksliste: - Satsningsområde - Familiesenteret - Norsk - STL+ - Matematikk - Vekeplan heimesida

Årsmelding Tellnes skule 2017

Elevundersøkinga 2016

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Pedagogisk tilstandsrapport 2017

Sykkylven kommune. Aure skule Vik skule. Ullavik skule Tandstad skule Sørestranda skule

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Utviklingsplan skuleåret 2016/2017 Bryne skule

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Skolebasert vurdering i Lierneskolen

Utviklingsplan Skule: Rosseland

Årsmelding Knappskog skule 2016

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Hold meg. Sirwan Saadun Mohammed (2002)

Transkript:

Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule har i fleire år vore at vi skal auka læringsutbytte hos elevane våre med særleg vekt på basisfaga og grunnleggjande ferdigheter. Resultat på kartleggingsprøver og nasjonale prøver viser tydeleg at vi er ein skule som har gjort tydeleg framgang i så måte. På nasjonale prøver i 5. klasse har vi i fleire år lege godt over nasjonalt snitt når det gjeld både lesing, matematikk og engelsk. Vi har hatt særs gode resultat i rekning og engelsk. Vi har siste åra hatt særleg fokus på det å løfta gråsoneelevar opp frå nivå 1 til nivå 2. Resultatet i 2014 var for vår skule eit gjennomsnittleg resultat. Nasjonal prøve 5.klasse 2014 Fag: Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3. Rekning 13,6% 47,8% 38,6% Engelsk 16,3% 53,5% 30,2% Lesing 29,5% 41,0% 29,5% Ambisjonane våre har vore at ikkje meir enn 20% av elevane skal koma i nivå 1. i lesing, rekning og engelsk på nasjonalprøve i 5. klasse. Denne ambisjonen har vi innfridd og vel så det i fleire år når det gjeld rekning og engelsk. Det ein kan lesa ut av tabellen er at vi framleis får ei for stor nivå 1. gruppe i lesing. Dette til tross for mykje satsing på lesing gjennom fleire år. Det har siste åra vore ei stadig auke i talet på minioritetspråklege elevar på vår skule. På to av trinna inneverande år var over 20% av elevane framandspråklege. Dette gir oss ei ekstra utfordring nettopp i dette med leseresultat. Ofte har desse elevane vanskar med å forstå lesetekstane grunna manglande begrepsapparat.

Læringsmiljø: Elevane våre verkar trygge og glade og stort sett motiverte. På brukarundersøkingar får vi gode tal på spørsmål som omhandlar ro og orden, tilpassa opplæring og fagleg oppfylgjing. Siste åra har vi arbeidd mykje med det å vera gode og tydelege klasseleiarar og implementering av VFL i klasserommet. ( Skulevandring har vore eit nyttig verktøy i desse prosessane.) Elevane er langt meir aktive i eiga læring og i vurderingsarbeidet no enn tidlegare år. Elevar på alle trinn er lærevenner for kvarandre og gir kvarandre tilbakemeldingar på oppgåver og framovermeldingar. Det vert slik større elevaktivitet i læringsprosessane, og vi trur det kan vera med å skapa motivasjon og innsatslyst hos elevane. Som nemnt tidlegare har vi ein stadig auke av barn med særskilde behov og av tospråklege elevar. Dette kan vera utfordrande for elevar og personal både når det gjeld fagleg og sosial læring. Årshjulet vårt i sosial kompetanse er eit godt verkty. Skulen som organisasjon har vore og er oppteken av å auka kompetansen hos dei tilsette ved at dei får delta i eit godt læringsfellesskap. Vi har faste økter til personal/pedagogsamlingar der vi saman reflekterer over eigen praksis og er lærevenner for kvarandre ved å gje kvarandre tilbakemeldingar og framovermeldingar på fagplanar og praksis i klasserommet mm. Mål/Utviklingsområde 1: 2015 2016 Elevane på Vigrestad skule skal vera gode, funksjonelle lesarar når dei går ut av 4. klasse. Vi har greidd å minska antal elevar som kjem i lesenivå 1 på nasjonal prøve i 5. klasse. Ikkje meir enn 20% av elevane ligg på lesenivå1. Når og korleis tenkjer skulen seg at utviklingsområde 1. skal gå frå utvikling til drift? På pedagogsamlingane våre i vår har vi diskutert måtar å organisera trinn og undervisning på som kan frigjera mest mogeleg resursar til styrking av gråsoneelevar. Vi ynskjer å ha meir tid til leseveiledning og tid til å gjennomføra intensive lesekurs over 8 10 vekers periodar m.m. Vi må i større grad enn før gje tilbod om ekstra norsk til miniotitetspråklege elevar. Ei anna organisering vil kanskje kunna hjelpa oss til å fylgja betre opp dei elevane som vi trur kan lyftast frå lesenivå 1 opp i lesenivå 2. Tiltak i 2015-2016: - Trinn vert delte inn i to grupper i staden for tre som no. Vi frigjer slik meir resursar. - Pedagogane i 1. klasse bygger på nyare forskning. Raskare innføring av bokstavane 2 3 bokstavar i veka. Elevane arbeider med Ling Lyder minst tre gonger i veka. To av øktene er i munnlege fag. Elevane skriv og øver på begrep/ setningar frå temaet dei arbeider med. Jfr. Lesing og skriving i alle fag - SOL Pedagogane brukar SOL aktivt i undervisninga og i samtalar med elevane slik at dei vert bevisst på kvar dei er og kjenner til vegen vidare i leseutviklinga si. Periodemålarka vert reviderte slik at elevane arbeider meir konkret med måla/stega i SOL. Dette trur vi skapar meir bevissthet og motivasjon for læring og utvikling. - Lesegrupper på alle trinn ein time kvar dag. Aktiv lesing Bruk av lærevenn/lesevenn Munnleg trening/aktivitet

- Prioriterer tett oppfylgjing av gråsoneelevane i leseutviklinga. - Intensive lesekurs i periodar med fokus på ulike steg i SOL. - Leseplan på alle trinn. Denne vert fylgt opp av alle pedagogane. Dette er eit dokument som seier kva kvart trinn skal ha fokus på og kva lesestoff som skal/bør brukast både på skulen og til lesing heime. - Lesing kvar dag heime, foreldreveiledning. Leseleksa er foreldreansvar.foreldre får veiledning korleis dei best kan hjelpa eleven sin til å bearbeida og forstå leseteksten. Dette vert gjort ved hjelp av foreldremøte, samtalar og skriftleg informasjon.utanom leseleksa skriv foreldre under på at eleven har lese 15. minutt kvar dag i bibliotekboka si.. Kontaktlærar har tett oppfylgjing og samarbeid med heimen i samband med eleven si leseutvikling - Språkstasjonen vår gir alle minioritetspråklege elevar tilbod om ekstra norsk minst tre dagar i veka. - Lesing i alle fag Vi oppdaterer fagplanane slik at vi sikrar dette. Alle lærarar er leselærarar. Elevane les fagtekstar og arbeider med tekstane saman med lærevennen sin. Dei stoppar opp når dei møter ord/begrep dei ikkje forstår og spør læraren om hjelp. Dei fortel kvarandre om innhald Dei samtalar med lærevennen sin om innhald Dei forklarer til kvarandre innhald og ord og begrep Dei samanliknar tekstar og diskuterer Dei reflekterer saman om innhald. Kva kunne skjedd viss osv? All forskning viser at elevane lærer best når dei er aktive sjølv. Den gode leselæraren let elevane vera lærevenner/lesevenner for kvarandre og er bevisste på verba i kompetansemåla i fag og på kva det vil seia i praksis for gjennomføring av timen. Det er elevane som snakkar og er aktive. Det styrker læringa og då særleg gråsoneelevane som lett melder seg ut når læraren snakkar. Pedagogane våre er bevisste på å bruka strategiar frå VFL for å driva fram elevane si leseutvikling. Dersom rektor, elevar, foreldre og personal har fokus på utviklingsområde 1. skuleåret 2015 2016 og alle partar lojalt fylgjer opp og gjennomfører oppsette tiltak, vil utviklingsområde 1. koma i drift etterkvart.

I fellestida utover hausten vil pedagogane ha kontinuerleg deling og refleksjon rundt eigen ståstad i høve til gjennomføring av utviklingsplanen vår. Her vil dei kunna dela erfaringar og veileda kvarandre vidare i arbeidet mot utviklingsmål 1. Ein milepæl vil vera hausten 2016. I kor stor grad har vi då lukkast i å løfta elevar opp frå lesenivå 1. til lesenivå 2. på nasjonalprøve i 5. klasse. Vil vi her sjå at vi har nådd målet vårt, og at ikkje meir enn 20% av elevane våre kjem i lesenivå 1? Dagfrid Bekkeheien Skrettingland -rektor-