Årsmelding Gangstø 2018

Like dokumenter
Årsmelding Misje skule 2018

Årsmelding Tellnes skule 2017

Årsmelding Gangstø Ressurssenter 2017

Årsmelding Tranevågen Ungdomsskule 2018

Årsmelding Fjell kulturskule 2018

Vi har ein aktiv kulturskule som er engasjert som eit ressurssenter i kommunen. I tillegg har vi vaksenopplæring og Gangstø Ressurssenter.

Årsmelding Liljevatnet skule 2018

Årsmelding Ulveset skule 2018

Årsmelding Ulveset skule 2017

Årsmelding Misje skule 2017

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Årsmelding Liljevatnet skule 2017

Årsmelding Kolltveit skule 2018

Årsmelding Bjorøy skule 2018

Årsmelding Knappskog skule 2016

Årsmelding Foldnes skule 2018

Årsmelding Hjelteryggen skule 2018

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Årsmelding Tellnes skule 2018

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell Redaktør/Layout: Helge Andreas Pareli Notland

Årsmelding Knappskog skule 2018

Årsmelding Ulveset skule 2016

Årsmelding Skålevik skule 2018

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Årsmelding Knappskog skule 2017

Helge Andreas Pareli Notland Fjell kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Årsmelding Ågotnes skule 2016

Årsmelding Foldnes skule 2017

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Årsmelding Bjorøy skule 2017

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Årsmelding Ågotnes skule 2018

Årsmelding Fjell kulturskule 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Årsmelding Landro skule 2016

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Årsmelding Landro skule 2017

Årsmelding Skålevik skule 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Årsmelding Skålevik skule 2016

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Årsmelding Kolltveit skule 2017

Årsmelding Misje skule 2016

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Kommunedelplan for oppvekst

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

på vegne av barn og unge

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Hå kommune Vigrestad storskule

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Årsmelding Liljevatnet skule 2016

Strategidokument

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Årsmelding Hjelteryggen skule 2017

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

Elev- og lærlingombod i HFK

Årsmelding for Tranevågen ungdomsskule 2016

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

SAKSFRAMLEGG. Oppvekst - Skuleeigarrapporten om tilstanden i Sulaskulen

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Årsmelding Foldnes skule 2016

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Transkript:

Årsmelding Gangstø 2018 1. Innleiing / samandrag Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for resultatmåling og evaluering. «Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert kunnskap. Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar som til saman skal stimulere til læring: 1) Eleven Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt. 2) Læraren I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev. 3) Skuleleiinga I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar. 4) Læringsarenaen Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte. 5) Heimen Godt samarbeid mellom skule og heim. 1

1.1 Læringsleiing Den overordna satsinga innan pedagogisk utviklingsarbeid er sidan 2015 samla i omgrepet «læringsleiing.» Innanfor læringsleiing ligg dei tre satsingsområda i Fjellskulen fram til 2020: 1. Grunnleggjande ferdigheitar 2. Vurdering for læring 3. Elevane sitt læringsmiljø Sidan 2015 har skulesjefen sett ned ei arbeidsgruppe for å arbeide spesielt med utviklinga av desse satsingsområda. Denne gruppa vert kalla Læringsleiingsgruppa. Frå hausten 2016 har mandatet til gruppa vorte utvida til å omfatte organisasjonsutvikling ved at læringsleiingsgruppa vert aktivt deltakande i den kollektive kompetansebygginga i skulen. Til dømes er gruppa med i planlegging av skuleleiarsamlingar i innhald som omhandlar pedagogisk utviklingsarbeid og sentrale medspelarar i metodikken lærande nettverk. Læringsleiingsgruppa v/ leiar deltek også i skulesjefen sitt strategiske team. 1.2 Insight Fjellskulen nyttar Insight (Puls) som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. Insight innhentar datamateriale frå ulike kjelder, som t.d. SSB, SATS, PAS, Skoleporten, GSI, Elevundersøkinga, Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i Engage (Vokal). Gjennom gode pedagogiske utviklingsprosessar mellom leiinga og lærarane skal ein arbeide mot stadig betre nivå innan dei kommunale satsingsfelta for skule: 2

LÆRINGSLEIING 1) Vurdering for læring 2) Læringsmiljø 3) Grunnleggande ferdigheiter Arbeidet vert koordinert av Insight-koordinator ved skulesjefen. 1.3 Framtidsskulen Skulesjefen starta hausten 2015 eit arbeid der målet var å samle dei framtidsretta strøymingane i samfunnet og retningslinjene frå direktorat og regjering i eit lokalt forankra dokument. Dokumentet fekk namnet «På sporet av framtidas skule» og skal fungera som eit element i vidare drøfting av skuleutviklinga. Dokumentet er også å sjå på som eit bidrag frå Fjell i samband med å skapa ein felles skuleplattform i den nye Øygarden kommune. Skulesjefen hadde ønskje om å skapa eit dokument ut frå eit bredt samansett representativt utval av skuleeigar- og skuleleiarnivå i Fjellskulen. «På sporet av framtidas skule» skal synleggjere kompetanse for framtidas behov gjennom overordna tema, satsingsområde og konkrete eksempel, og dokumentet er inndelt i tre hovuddelar: 3

1. Elevens vel 2. Elevens læring 3. Kollektiv kapasitet 1.4 Trygg i Fjell Skulesjefen har sidan 2014 intensivert arbeidet for å få etablert betre verkemiddel mot mobbing og krenkande åtferd mellom elevane. Tiltaket er kalla «Trygg i Fjell» og vert organisert gjennom ei fagleg kompetansegruppe og ei brei referansegruppe samansett av ulike representantar (politikarar, elevar, foreldre, idrett, skule.) Arbeidet vert vidareført og i 2017 og 2018 vart det arrangert store konferansar «Saman mot mobbing», for elevar, lærarar, foreldre og andre målgrupper. Kunnskapsministeren, Bruk Hue, og relevante fagpersonar deltok også på konferansen. 1.5 Skule og forsking Skulesjefen i Fjell legg sterk vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging skal skje i nært samarbeid med høgskule, universitet og forskingsinstitusjonar. Difor har vi i Fjell samarbeid med UIB, NLA, Sintef, HIB, HSH, VilVite og Nasjonalt senter for læringsmiljø og oppvekst i Stavanger. Gjennom forskingsprosjektet «Dale Oen Experience» og YouExplore på ungdomstrinnet, har ein samarbeid på forsking frå ulike land og organisasjonar (Norge, Russland, USA og NASA). Frå hausten 2017 vil prosjektet også omfatte Tranevågen ungdomsskule. I høve til språk er Fjell kommune inne i eit større forskingsprosjekt om nynorsk språk og målform saman med UIB. Skulesjefen har også samarbeid med Sintef omkring prosjekt med å bruke miljøterapeutar i skulen. 1.6 Den raude tråden Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga er betre læringsutbytte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. Derfor er samarbeid og overgongane mellom dei ulike læringsarenaene viktig for å støtte ei god utvikling for den einskilde elev. I tillegg til samarbeid med barnehage har skulen i Fjell sidan 2015 etablert eit skule og næringslivet. Det er og etablert eit godt samarbeid mellom skulen og Kunnskapsbyen i Vest og VNR. Sidan hausten 2016 har skulesjefen etablert eit formelt samarbeid mellom grunnskulen i Fjell og vidaregåande skule gjennom faste møter mellom skulesjefsnivå og rektor på Sotra vidaregåande skule. Målsetjinga er å trekkje sterkare band mellom skuleslaga, med fokus på faglege utfordringar og fråfallsproblematikken. 1.7 Digitalisering i skulen Som del av eit framtidsretta samfunn er det viktig å førebu elevane til deltaking i eit digitalisert arbeidsliv og kvardag. Prosjektet med digitale klassar er etablert på ungdomsskulane og fleire av barneskulane. Digitaliseringsprosessen i Fjell har ein no utvida til å omfatta kommunane Sund og 4

Øygarden for å imøtekoma kommunesamanslåinga. Det er naudsynt å ha ei felles og heilskapleg framdriftsplan, som tek i vare likeverd mellom kommunane og både pedagogiske, økonomiske og teknologiske aspekt. Ein tek sikte på å halde fram ei stegvis utvikling fram mot kommunesamanslåinga i 2020. 1.8 Skriv ein innleiande tekst om skuleåret 2017/18 på dykkar skule. Trekk gjerne fram ein god praksisforteljing eller døme som syner korleis skulen driv godt fagleg eller sosialpedagogisk utviklingsarbeid. Gangstø ressurssenter har dette skuleåret haldt fram kompetansehevinga på digitale dugleikar, vurdering for læring og læringsleiing. Dette kjem i tillegg til det arbeidet som allereie vert gjort inn mot arbeidet med elevens vel gjennom aktiv deltaking i Trygg i Fjell der Gangstø er sentrale. Kjell Erik Gjerstad har ansvaret for denne satsinga hos Gangstø. Gangstø bør vere ein god arena for digitalisering og elevane hos oss vil kunne profittere spesielt på ei slik satsing. Elin Bjerke har fått ansvaret for vurdering for læring og vil følgje nettverket der. Gunhild Fjell vil likeeins følgje nettverket for læringsleiing og ha overordna ansvar for dette på Gangstø. Guttorm Helgøy har ansvar for elevenes læringsmiljø og det systematiske arbeidet knytt til det. Elles har Gangstø dette året auka opp markant på utadretta verksemd. Elin Bjerke har blitt ein del av det kommunale beredskapsteamet for psykososialt arbeid som og inneber ambulant funksjon knytta til mobbesaker og utfordrande klassemiljø. Gangstø skal ha ein profil som ressurssenter og det inneber i stor grad utadretta verksemd i tillegg til arbeidet på skuleavdelinga. 2. Personale På skuleavdelinga er det fire personar som er tilsett i lærarstillingar. Ein assistent og ein barne og ungdomsarbeidar. Gangstø har og eit aktivitetstilbod for elevar på barne og ungdomstrinnet. Elevane for tilbod om ein dag i veka her. Det er tilsett ein miljøarbeidar i tiltaket. Vidare har rektor eit delansvar for dei 4 miljøterapeutane som er plassert på ulike skular på barnetrinnet. Vidare har vi hatt utplassert ein person frå kraftsenteret dette skuleåret. Dette har vore ei særs god erfaring for oss. Gangstø Ressurssenter er dimensjonert for å ta imot 7-8 elevar avhengig av kva for utfordringar ein står ovanfor. Når det viser seg at det årvisst er behov for akuttplasseringar av elevar ber dette med seg behovet for tilsetting av vikarar. Dei elevane som vert søkte inn utanom ordinært opptak krev normalt ein til ein oppfølging frå vaksne. Dette kjem i tillegg til dei elevane på avdelinga som allereie har denne typen oppfølging grunna omfanget av utfordringar dei står i. Ein lyt ta omsyn til dette i budsjett vurderinga frå år til år, for å unngå ei misoppfatning av det faktiske behovet. Hausten 2018 har Gangstø eit opptak av elevar slik at talet er 9 ved oppstart. For første gang har vi elev frå Sund kommune til hausten. Dette har medført tilsetjing av ein ny barne og ungdomsarbeidar. Personalsituasjonen vert og prega av den auka aktiviteten ressurssenteret driv i form av rettleiing på ungdomsskulane. Det var ei klar målsetting for dette å auka denne forma for arbeid og vi har lykkast godt med dette. Vi har ein 5

markant auka av saker der vi gir rettleiing og bistand til ungdomsskulane. Heilt i tråd med ambisjonane og det skulane forventar av oss. 3. Elevmiljø Elevmiljøet på Gangstø ber preg naturleg nok preg av at elevane i utgangspunktet har utfordringar som for fleire av dei inneber vanskar i samspel med andre. Av den grunn foretek vi jamlege sosiometriske kartleggingar for å ha ei god oversikt over situasjonen. Vi har gjennom fleire år sett ein klar tendens til elevane som søkast inn i mindre grad har problem knytta til rus og kriminalitet slik det var tidlegare. Det vi no lyt auka kompetanse på er andre psykiatriske utfordringar. Skulevegring, angst, depresjon og autismespekterforstyrringar er sentralt i vår arbeid. Å skape eit trygt og godt elevmiljø vil av naturlege årsaker vere utfordrande. I undersøkingar ser vi at elevane kjenner seg trygge på dei vaksne, men at elevmiljøet gjev utfordringar. Vurderingar som vert naudsynte er i kor stor grad elevane er samla i ei stor gruppe, eller i mindre grupper og med undervisning ein til ein. Ei stadig større gruppe av elevane har med seg anbefalingar og ein til ein oppfølging frå vaksne. 4. Undervisning og læring Læringskulturen varierer i stor grad frå år til år. Dynamikken i gruppa endrar seg ved nye opptak og akuttplasseringar i løpet av skuleåret. Skuleår der elevgruppa i høg grad består av kognitivt sterke elevar har vi eit anna høve til å sikre ein god læringskultur. Dette skuleåret har vi vorte utfordra på dette området. Ein høg andel av elevane har vorte lite tilstades i undervisning den siste tida før dei får plass på Gangstø og det å ta imot undervisning som ein del av ein klasse eller ei gruppe er eit stort steg å ta. Lærarane ved Gangstø er ikkje kursa i SOL men brukar det som verktøy i undervisninga. 6

5. Læringsresultat Lærarane ved Gangstø er ikkje kursa i SOL men brukar det som verktøy i undervisninga. Mange av våre elevar er friteken frå eksamen i sidemål likeeins nasjonale prøver. Grunna låge ferdigheiter i fleire fag er våre elevar ofte friteken for nasjonale prøvar. Matematikk er eit fag vi ser dei aller fleste strevar mykje med. Dei fleste gjennomfører eksamen med dårlege resultat. Dei fleste elevane slit mykje i skriftleg engelsk. Ein del av dei som er friteken frå norsk sidemål er også friteken her. Dei utan fritak gjennomfører ofte eksamen med låge resultat. Dei fleste er friteken frå nasjonale prøvar. Munnleg engelsk er det store skilnader på elevanes ferdigheiter. Nokon klarar seg godt. Som tidlegare nemnt er undervisninga og læringsprosessane på Gangstø i stor grad farga av ein elevmasse som skiftar ofte. Som ein alternativ opplæringsarena er fleksibilitet og tilpassing av undervisninga eit berande prinsipp. Undervisninga skjer i større og mindre grupper og i ein til ein samanheng. Læring handlar om det faglege, det psykososiale, samspel og om evna til å lære gode strategiar for seg sjølv. Gangstø treng å koble seg tydeleg på satsningsområda i kommunen. Det er store variablar frå år til år iht fokus på teoretisk undervisning. 6. Fysisk miljø og læremiddel Algrøy skule er eit godt egna bygg for vårt formål. År med høg grad av alvorleg utagering treng vi likevel andre skjermings arenaer. At vi ligg usentralt til gjer og at det går mykje tid iht frakting av elevar, køyring til og frå møter med barnevern, bup, ppt og andre. Her må det gjerast gode analyser med tanke på vegen inn i en ny kommune og korleis ein ser for seg drift av Gangstø i eit slikt perspektiv. 7

7. Timeressursar og organisering Sjå punkt 2. Alle elevar som byrjar på Gangstø har ei sakkyndig vurdering med tilråding på spesialpedagogiske ressurssar. 5-1 Dei vert ved Gangstø gitt 437 årstimar lærar timar. Opplegget er eit fulldags spesialpedagogisk tilbod. 8

8. Konklusjon Reflekter omkring: - Sterke sider og utfordringar ved eigen skule - Korleis de jobbar med og skal utvikla vidare dei kommunale satsingsområda LÆRINGSLEIING 1) Vurdering for læring 2) Læringsmiljø 3) Grunnleggjande ferdigheiter Det vil vere på sin plass å sei at til tross for utfordringar knytt til deltaking på nettverk knytta til kommunale satsingsområde så har vi lukkast godt med dette inneverande år. Vi har blitt meir samkjørte med kommunen elles og jobbar godt på alle område. Alltid meir å gå på, men siste året har vore særs godt i så måte. Vi går ein spennande tid i møte med kommunesamanslåing som vi gler oss til. For leiinga på Gangstø er dette eit heilt naudsynt område å prioritere komande skuleår. 9