Lagt fram: Luster kommune

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Barnehage og grunnopplæring. sentrale mål og føringar

Luster kommune. Lagt fram:

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Luster kommune. Lagt fram:

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Innkalling av Formannskapet

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

kulturskule grunnskule Aurland kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I SURNADAL

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for:

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Tilstandsrapport. Grunnskulen i Meland

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Dialogmøte i regionane

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Innkalling av Kommunestyret

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport Skulane i Stord kommune 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

Tilstandsrapport Barnehagane og grunnskulen i Ål kommune 2009/2010 1

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fyresdal, Gimle skule 2010

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Tilstandsrapport for grunnskolen

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

UTVIKLINGSMELDING for barnehage grunnskule kulturskule

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fræna kommune - Nasjonale prøver 2011

Rådmannsutvalet Førde

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Transkript:

Lagt fram: Luster kommune

Luster kommune INNHALD 1. Samandrag 3 2. Hovudområde og indikatorar 4 2.1 Elevar og undervisingspersonale 4 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk 4 2.1.2. Lærartettleik 5 2.2. Læringsmiljø 6 2.2.1. Støtte frå lærarane 6 2.2.2. for læring 7 2.2.3. Læringskultur 8 2.2.4. Meistring 9 2.2.5. Elevdemokrati og medverknad 10 2.2.6. Mobbing på skulen 11 2.2.7. Tal elevar som har opplevd mobbing 2 3 gonger i månaden eller oftare (prosent) 12 2.3 Resultat 13 2.3.1. Nasjonale prøver lesing 5. steget 14 2.3.2. Nasjonale prøver lesing ungdomssteget 15 2.3.3. Nasjonale prøver rekning 5. steget 16 2.3.4. Nasjonale prøver rekning ungdomssteget 17 2.3.5. Nasjonale prøver engelsk 5. steget 18 2.3.6. Nasjonale prøver engelsk ungdomssteget 19 2.3.7. Nasjonale prøvar lokale tal 20 2.3.8. Karakterar matematikk, norsk og engelsk 24 2.3.9. Grunnskulepoeng 25 2.4. Gjennomføring 26 2.4.1. Overgang frå skulen til VGO 27 3. System for oppfølging (internkontroll) 27 4. Spesialundervising 28

1. SAMANDRAG Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Rapporten om tilstanden (tilstandsrapporten) i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. kommunestyret, (jf. opplæringslova 13-10 andre ledd). I skuleåret 2013/14 har Luster hatt desse skuleeiningane: Hafslo barne- og ungdomsskule, Veitastrond skule, Gaupne skule, Luster ungdomsskule, Jostedal oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter, Skjolden oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter og Solvorn oppvekstsenter. Skulane i Luster har samarbeidd om desse temaa i 2013/14: Kommunal leseplan for barnehagar og skular Utviklingsarbeid i skulane om System for styrka læring gjennom det regionrådsleidde nettverksarbeidet Kompetanseutvikling innan fysisk fostering, Fysak Framhald av for læring gjennom det kommunale fagnettverket Olweusprogrammet,eit program mot mobbing og for god trivsel Lustraskulen er ein god skule. Dette kjem fram i undersøkingar om trivsel, læringsmiljø, og gjennom faglege resultat der lustraelevane i fleire tilfelle skårar betre enn både fylkessnitt og landssnitt. Det er like fullt eit mål å fortsetja dei pedagogiske prosessane for å byggja eit betre strukturelt og pedagogisk fundament i skulane. Leiar oppvekst 2

2. Hovudområde og indikatorar 2.1. Elevar og undervisningspersonale Etter tilråding frå Utdanningsdirektoratet er desse indikatorane tekne med i tilstandsrapporten: talet på elevar og lærarårsverk (sum årsverk undervisningspersonalet) lærartettleik (lærartettleik 1.-7. steget, lærartettleik 8.-10. steget) 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk Tabellen nedanfor syner talet på elevar som er registrerte per 1. oktober 2013 og som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskule. Lokale mål Alle tilsette i grunnskulen i Luster skal ha godkjend utdanning for arbeidet dei skal utføra. For ungdomssteget vert det kravt 60 studiepoeng i skriftlege fag, jf. Opplæringslova. Luster kommune skuleeigar Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskole Indikator og nøkkeltall 2009-10 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 Talet på elevar 679 677 683 651 664 Sum årsverk for undervisingspersonale 82,7 82,6 81,5 82,2 83,0 Luster kommune skuleeigar, Grunnskole Lærarstillingane er dekka med personale som har utdanning etter gjeldande krav. I kortare vikariat og i enkelttimar er det mogleg at dette ikkje er heilt oppfylt. Kompetanseplanen for pedagogisk personale i grunnskulen i Luster kommune for 2009-12 viste at 80 % hadde lærarutdanning, 11 % hadde universitetsutdanning og 9 % hadde førskuleutdanning. Ei ny kompetansekartlegging vil verta gjennomført skuleåret 2014-15. I noverande skuleår 2013/14 tek fem lærarar frå Luster tek vidareutdanning finansiert av Utdanningsdirektoratet. To lærarar tek matematikk, to lærarar tek naturfag og ein lærar tek vidareutdanning innan IKT. 3

2.1.2. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget og 8.-10. steget Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisingsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Luster kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Både for barnesteget og for ungdomssteget er lærartettleiken høgare enn fylkes- og landsgjennomsnittet. Det skuldast vesentleg at Luster har ein desentralisert skulestruktur med fleire mindre oppvekstsenter. Lærartettleiken for barnesteget er om lag den same som året før (2012). For ungdomssteget var det ein auke i lærartettleiken frå 12,7 til 11,2 elevar per lærar. Lærartettleiken varierer ein del i Luster fordi ungdomssteget er sentralisert til Gaupne og Hafslo. På Gaupne skule og på barnesteget ved Hafslo barne- og ungdomsskule er lærartettleiken noko lågare enn ved barnesteget på dei ymse oppvekstsentra. 4

2.2. Læringsmiljø Det er obligatorisk for skuleeigarar og skuleleiarar å gjennomføra Elevundersøkinga kvar haust for elevar på 7. og 10. steget og for Vg1. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: Støtte frå lærarane for læring Læringskultur Meistring Elevdemokrati og medverknad Mobbing på skulen Tal elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent) 2.2.1 Støtte frå lærarane Indeksen viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane. Skala: 1-5. Høg verdi inneber eit positivt resultat. Luster kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Elevane i Luster opplever god støtte frå lærarane sine. Luster ligg på dette punkter over både fylkes- og landsgjennomsnittet. Det delspørsmålet lustraelevane skårer høgast på i denne delen er: Opplev du at lærarane dine har tru på at du kan gjere det bra på skulen? (4,7) 5

2.2.2 for læring Denne spørsmålsgruppa kartlegg korleis elevane opplev dei fire grunnprinsippa i vurdering for læring: 1) Elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa 2) Elevane får attendemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet deira 3) Elevane får råd om korleis dei kan forbetra seg 4) Elevane vert involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdera eige arbeid og eiga fagleg utvikling. Ein høg verdi inneber eit positivt resultat. 5 er mest nøgd. Luster kommune skuleeigar 7. trinn Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Luster kommune skuleeigar 10. trinn Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Elevane på 7. steget er meir nøgde med vurderinga enn elevane på 10. steget. Vidare er elevane på 7. steget generelt meir nøgde enn fylkes- og landssnittet. 6

2.2.3. Læringskultur Indeksen syner om elevane opplev at skulearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet. Høg verdi inneber eit positivt resultat. Luster kommune skuleeigar 7. trinn Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Luster kommune skuleeigar 10. trinn Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonane er henta frå Skoleporten Også på dette punktet skårar barnesteget høgare enn ungdomssteget. For barnesteget kan ein merka seg at dei skårar markert høgare enn både fylket og nasjonalt. Elevane svarar at det er greitt å gjera feil fordi ein kan læra av det. Ungdomssteget på si side skårar lågare enn både fylket og nasjonalt gjennomsnitt. Dette gjeld særleg delspørsmåla om arbeidsro og om det er greitt å gjera feil. Her er det eit klart forbetringspotensiale. 7

2.2.4. Meistring Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skulen. Opplev elevane at dei forstår dei nytt stoff som lærarane gjennomgår? Opplev elevane at dei meistrar oppgåvene dei får? Høg verdi vil seie positivt resultat. Luster kommune skuleeigar 7. trinn Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Luster kommune skuleeigar 10. trinn Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonane er henta frå Skoleporten Svara for meistring syner same tendens som for Læringskultur ovanfor. Skåren til barnesteget er noko høgare enn fylket og landet, ungdomssteget er litt under fylkessnittet og jamt med landsgjennomsnittet. For båe er skåren god. 8

2.2.5. Elevdemokrati og medverknad Indeksen viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Høg verdi inneber positivt resultat. Luster kommune skuleeigar 7. trinn Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Luster kommune skuleeigar 10. trinn Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonane er henta frå Skoleporten Svara for Meistring syner same tendens som for Læringskultur ovanfor. Skåren til barnesteget er noko høgare enn fylket og landet, ungdomssteget er litt under fylkessnittet og jamt med landsgjennomsnittet. For båe er skåren god. 9

2.2.6. Mobbing på skulen Gjennomsnittsverdien for indikatoren Mobbing på skolen er rekna ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba, og kor ofte dei blir mobba. Verdien viser ikkje talet på elevar som i snitt blir mobba. Ein og same verdi kan anten indikere at mange kryssar av at dei blir mobba sjeldan, eller at færre kryssar av at dei blir mobba hyppig. I Skuleporten tyder eit gjennomsnitt ned mot verdien 1 på lite mobbing i skolen. Lokale mål Grunnskulen i Luster skal vere fri for mobbing. Luster kommune skuleeigar 7. trinn Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Luster kommune skuleeigar 10. trinn Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten 10

Så lenge det vert registrert mobbing i skulen har me ei stor utfordring. Tala viser at det er svært lite mobbing i skulen i Luster, og tala ligg under eller på line med fylkes- og landssnitt. Det er likevel grunn til å merka seg at talet for ungdomssteget ligg litt høgare enn talet på barnesteget. På ungdomssteget ligg talet for jenter litt høgare enn talet for gutar. Dette må takast inn i Olweusarbeidet for å sjå om det er ei negativ utvikling eller om det er andre årsaker. Olweusarbeidet vil vera ein del av kvalitetsarbeidet for å ivareta elevane sine rettar i forhold til Opplæringslova 9a. 2.2.7. Tal elevar som har opplevd mobbing 2 3 gonger i månaden eller oftare (prosent) Prosentdelen Mobbing på skolen viser den prosentdelen elevar som opplev å bli mobba 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare. Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skolen, er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Prosentdelen Mobba på skulen seier med andre ord ingen ting om kor ofte elevane opplever å bli mobba. Luster kommune skuleeigar 7. trinn Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten 11

Luster kommune skuleeigar 10. trinn Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Av personvernårsaker er prosenttalet for mobbing på barnesteget så lågt at det ikkje kan synast. På ungdomssteget er prosentdelen mobbing betrakteleg lågare enn landssnittet og litt over fylkessnittet. Derimot er det stor skilnad på skulane. På Luster ungdomsskule er talet 1,0 medan det på Hafslo barne- og ungdomsskule er 1,4. Hafslo barne- og ungdomsskule arbeider systematisk etter PALS-modellen (Positiv atferd, støttande læringsmiljø og samhandling) og har teke dette negative funnet alvorleg. 2.3. Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. I tilstandsrapporten er desse resultatindikatorane obligatoriske: nasjonale prøver på 5., 8. og 9. steget i lesing og rekning standpunkt- og eksamenskarakterar i norsk hovudmål, matematikk og engelsk grunnskulepoeng 12

2.3.1. Nasjonale prøver lesing 5. steget Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt. Elevane skal vise at dei kan: 1 finne informasjon 2 forstå og tolke 3 reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Resultata skal liggja på fylkessnittet og over landssnittet samla sett på alle nasjonale prøvar i grunnskulen i Luster. Luster kommune skuleeigar 5. trinn Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Det er ein særs positiv tendens for resultatet i lesing. Samanlikna med tidlegare resultat er det betydeleg færre elevar på lågaste meistringsnivå. Dette tyder på godt og systematisk lesearbeid i klassane. Luster kommune ligg elles litt over resultata for Sogn og Fjordane og landssnittet. Elles har kommunen same mønster som landet; gutane gjer det svakare enn jentene. 13

2.3.2. Nasjonale prøver lesing ungdomssteget Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan: 1 finne informasjon 2 forstå og tolke 3 reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Resultata skal liggja på fylkessnittet og over landssnittet samla sett på alle nasjonale prøvar i grunnskulen i Luster. Luster kommune skuleeigar 8. trinn Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole 14

Også for ungdomssteget syner resultata ein positiv tendens over tid. I fjor var det ingen elevar på lågaste meistringsnivå. Fleire elevar har klart å nå opp til meistringsnivå 2 og 3. Det må også seiast det er litt færre elevar på høgaste meistringsnivå. 2.2.3.3. Nasjonale prøver rekning 5. steget Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis: dei kan løyse ei gitt utfordring dei kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar dei kan vurdere om svara er rimelege dei kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Resultata skal liggja på fylkessnittet og over landssnittet samla sett på alle nasjonale prøvar i grunnskulen i Luster. 15

Luster kommune skuleeigar 5. trinn Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Resultatet for rekning syner lik tendens som med lesing; færre elevar på meistringsnivå 1, elevgruppa på meistringsnivå 2 aukar. I tillegg er det noko færre elevar på øvste meistringsnivå. Samanlikna med fylkessnittet og landssnittet, ligg Luster kommune likt med landssnittet og litt under fylkessnittet. 22.3.4. Nasjonale prøver rekning ungdomssteget Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Prøven for ungdomssteget følgjer same mal som for barnesteget når det gjeld utgangspunkt og innhaldsområde. Lokale mål Resultata skal liggja på fylkessnittet og over landssnittet samla sett på alle nasjonale prøvar i grunnskulen i Luster. 16

Luster kommune skuleeigar 8. trinn Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten I rekning ligg snittet for Luster kommune godt over snittet for både fylket og landet samla. Også for ungdomssteget har fleire elevar nådd opp på meistringsnivå 3. I fjor var det litt færre elevar på øvste meistringsnivå. 2.3.5. Nasjonale prøver engelsk 5. steget Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytte til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster 17

Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Resultata skal liggja på fylkessnittet og over landssnittet samla sett på alle nasjonale prøvar i grunnskulen i Luster. Luster kommune skuleeigar 5. trinn Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Engelsk syner same mønster som for lesing og rekning. Færre elevar på meistringsnivå 1 og fleire elevar når opp til meistringsnivå 2. Samanlikna med fylkessnitt og landssnitt, kjem Luster kommune godt ut. Luster ligg likt med landssnittet og litt høgare enn fylkessnittet. 2.3.6. Nasjonale prøver engelsk ungdomssteget Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Ferdigheitene som vert prøvde, er dei same på ungdomssteget som for barnesteget. Lokale mål Resultata skal liggja på fylkessnittet og over landssnittet samla sett på alle nasjonale prøvar i grunnskulen i Luster. 18

Luster kommune skuleeigar 8. trinn Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten På 8. steget er prosentvis færre elevar som ligg på dei lågaste meistringsnivåa enn på 5. steget. Det er forholdsvis mange elevar på meistringsnivå 2, og det må vera eit mål å få fleire elevar til å nå meistringsnivå 3. Også på ungdomssteget ligg Luster kommune godt an i høve fylkessnittet og landssnittet. Både fylkes- og landssnitt var 3,0 i fjor medan Luster kommune skåra 3,1. 2.3.7. Nasjonale prøvar lokale tal Sett under eitt skårar Luster kommune godt når det gjeld nasjonale prøvar. Det tyder på eitt solid arbeid frå lærarane og skulane si side og framifrå innsats av elevane. I diagramma nedanfor er resultata for dei siste fem skuleåra samla. Dei største skulane står med eigne tal medan resultata for oppvekstsentra i Jostedal, Luster, Solvorn, Skjolden og Indre Hafslo er slått saman. 19

Nasjonal prøve i lesing 5. steg i perioden 2009-2013 3,0 2,5 2,0 1,5 1,0 0,5 0,0 2013/14 2012/13 2011/12 2010/11 2009/10 Nasjonal prøve i rekning 5. steg i perioden 2009-2013 3,0 2,5 2,0 1,5 1,0 0,5 0,0 2013/14 2012/13 2011/12 2010/11 2009/10 20

Nasjonal prøve i engelsk 5. steg i perioden 2009-2013 2,5 2 1,5 1 0,5 2013/14 2012/13 2010/11 2009/10 0 * I skuleåret 2011/12 vart nasjonal prøve i engelsk avlyst Resultata i nasjonale prøvar vil naturleg nok svinga ein del frå år til år ut frå faktorar som ulik elevsamansetjing, ulike lærarar og ulik fagleg satsing/trøkk på skulane. I rekning og lesing svingar resultata meir år til år enn i engelsk. Samla har oppvekstsentera jamt høgare skår enn fylkes- og landssnittet. Førre skuleår hadde Gaupne ekstra gode resultat både i lesing, rekning og engelsk. Det vil vera eit mål å få jamt høge resultat i alle skulane. Nasjonal prøve i lesing 8. steg i perioden 2009-2013 4,0 3,5 3,0 2,5 2,0 1,5 1,0 0,5 2013/14 2012/13 2011/12 2010/11 2009/10 0,0 Luster ung. Hafslo ung. Luster komm. S & Fj Nasjonalt 21

Nasjonal prøve i rekning 8. steg i perioden 2009-2013 4,0 3,5 3,0 2,5 2,0 1,5 1,0 0,5 2013/14 2012/13 2011/12 2010/11 2009/10 0,0 Luster ung. Hafslo ung. Luster komm. S & Fj Nasjonalt Nasjonal prøve i engelsk 8. steg i perioden 2009-2013 4 3,5 3 2,5 2 1,5 1 0,5 2013/14 2012/13 2011/12 2010/11 2009/10 0 Luster ung. Hafslo ung. Luster komm. S & Fj Nasjonalt Resultata i nasjonale prøvar vil naturleg nok svinga ein del frå år til år ut frå faktorar som ulik elevsamansetjing, ulike lærarar og ulik fagleg satsing/trøkk på skulane. På ungdomssteget har resultata jamt over vore høgare enn landssnittet i rekning kvart einaste år sidan 2010. Også på ungdomssteget er det eit mål å halda fram med å ha jamt høge resultat. 22

2.3.8. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. a skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga går frå 1 til 6. 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget, og 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Luster kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2013-14 Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Elevane hadde i skuleåret 2013/14 særs gode resultat både ved eksamen og til standpunkt. På eksamen i norsk skriftleg og engelsk var kommunesnittet godt over fylkes- og landssnittet. Dersom ein samanliknar snitt for eksamenskarakter og snitt for standpunkt, så er det minst skilnad i engelskfaget. Der presterte elevane betre på eksamen enn i standpunkt. Ofte er det motsett. Her har det vore mykje godt arbeid blant elevar og lærarar. 23

2.3.9. Grunnskulepoeng Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskolepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven. Grunnskolepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Luster kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Luster kommune har alltid prestert godt når det gjeld grunnskulepoeng, og skuleåret 2013/14 vil vera eit år som vil skilja seg ut i skulesoga. Gjennomsnittet var i fjor 42,0 poeng. Det er det høgaste snittet sidan 2009 og godt over både fylkes- og landssnittet. 24

2.4. Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO. Fullført og bestått VG1 i perioden 2011-2014. Fullført og bestått VG1 2011/2012 2012/13 2013/2014 Tal elevar 13/14 Flora 84 % 88 % 70 % 191 Gulen 88 % 93 % 94 % 16 Solund 55 % 86 % 90 % 10 Hyllestad 80 % 90 % 79 % 24 Høyanger 83 % 75 % 81 % 78 Vik 94 % 76 % 97 % 32 Balestrand 73 % 82 % 77 % 13 Leikanger 72 % 84 % 84 % 32 Sogndal 90 % 78 % 82 % 115 Aurland 78 % 68 % 91 % 11 Lærdal 87 % 65 % 88 % 40 Årdal 73 % 88 % 91 % 80 Luster 85 % 75 % 80 % 74 Askvoll 73 % 86 % 84 % 44 Fjaler 75 % 80 % 85 % 40 Gaular 86 % 89 % 90 % 40 Jølster 78 % 84 % 80 % 44 Førde 91 % 82 % 87 % 209 Naustdal 92 % 88 % 81 % 43 Bremanger 87 % 87 % 75 % 64 Vågsøy 70 % 80 % 81 % 93 Selje 77 % 82 % 86 % 50 Eid 86 % 87 % 91 % 93 Hornindal 100 % 89 % 79 % 19 Gloppen 89 % 90 % 87 % 83 Stryn 85 % 85 % 85 % 113 Sogn og Fjordane 83 % 83 % 83 % 1651 Skuleåret 2013/14 fullførte 80 % av lustraelevane VG1. Dette er 5 % fleire enn året før, men 5 % lågare enn skuleåret 2011/12. 80 % er tre prosent mindre enn snittet for fylket. Det er eit mål at dette betrar seg. 25

2.4.1 Overgang frå grunnskole til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Luster kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2013 Grunnskole Indikator og nøkkeltall Elever (16 år) som er registrert i videregående opplæring samme år som avsluttet grunnskole Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 03 Sogn og Fjordane fylke 98,3 98,5 97,9 Nasjonalt Luster kommune skuleeigar, Grunnskole, 2013-2013 Talet 98,3 viser at det er god flyt mellom grunnskule og vidaregåande skule. Talet ligg over bade fylket sitt og landet. Dette fortel at elevane frå Luster i svært stor grad startar på eit vidaregåande løp. Dette til tross for at mange av elevane frå Luster må flytta på hybel når dei tek til i vidaregåande skule. Dette gjeld elevar frå Fortun, Skjolden, delvis Luster, Jostedal og Veitastrond. Å flytta på hybel har vore sett på som ein auka risiko i forhold til å starta på og å gjennomføra vidaregåande skule. Målet må fortsatt vera å få til ein god overgang som gjer at alle elevane kjem i gang med vidaregåande skule etter grunnskulen. 3. System for oppfølging (internkontroll) Verktøy som er sentrale i dette arbeidet er: Opplæringslova Info-Consensus LKK ( Luster kommune sitt kvalitetsystem) Leiarsamlingar ( Rektor/styrarmøte (6-7 gonger per år) Kontinuerleg samarbeid om prosedyrar i arbeidet med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling. Årshjul med innlagde vernerundar 26

4. Spesialundervising For tida deltek Luster kommune i ein prosess i regi av Sogn regionråd om mogleg samorganisering av PPT i Indre Sogn. I haust har det vore samling med PPT og skuleleiarar der ein hadde workshop utfrå glansbiletemetodikken. Korleis fungerer ei ideell PPT-teneste når det til dømes gjeld ulike område som tilgjenge, forebygging og utgreiing. I samband med denne prosessen har rådmann, leiar for oppvekst, leiar av PPT Luster og rektor på Hafslo barne- og ungdomsskule vorte intervjua. Vidare i prosessen vil også dei andre kommunane verta intervjua før ein nærmar seg ein konklusjon i prosessen. I følgje forrapporten til regionrådet om samorganiseringa, så hadde 8,2 % av elevane i landet vedtak om spesialundervising i skuleåret 2010/11. På fylkesnivå var delen spesialundervising 9,1 %. I Luster kommune var talet 12,3 %. I åra etter har delen spesialundervising i Luster gradvis vorten redusert. Skuleåret 2013/14 dreier det seg om 10,4 % av elevane. 12,5 % Andel elevar med spesialundervising 12,0 % 11,5 % 11,0 % 10,5 % 10,0 % Andel elevar med spesialundervising 9,5 % 9,0 % 2009/10 2010/11 2011/12 2012/13 2013/14 27

Luster kommune - organisasjonsmodell Politiske organ Kontrollutval Formannskapet/ Næringsutvalet Kommunestyret Mellombelse komitear Plan- og forvaltningsstyret Kommunestyret (25 representantar) er kommunen sitt øvste organ. Alle store/viktige saker vert avgjorde her, etter tilråding frå formannskapet/næringsutvalet (7) eller plan- og forvaltningsstyret (7). Dei to sistnemnde organ avgjer sjølv ein del saker etter fullmakt frå kommunestyret. I tillegg får kommunestyret også nokre saker frå eige kontrollutval (5) og frå mellombelse komitear (særskilde saker). Alle val til faste politiske organ er for 4 år. Ordføraren er kommunen sin fremste representant. Han leiar møta i kommunestyret og formannskapet/næringsutvalet. Rådmannen Rådmann Rådmannen leiar administrasjonen, har tilrådingsrett i alle saker til politiske organ og har ein overordna oppfølgings- og støttefunksjon for alle underliggjande tenesteeiningar. Rådmannen avgjer sjølv ein del saker etter fullmakt frå kommunestyret. Rådmannen har 9 ulike stabseiningar til å hjelpe seg i dette arbeidet. Dette er personal/organisasjon, økonomi, eigedom, oppvekst, kultur, folkehelse, plan, næring og servicetorget. Rådmannen har, blant sine stabsleiarar, peika ut primære kontaktpersonar for alle tenesteeiningane. Tenesteeiningane 5 oppvekstsenter 1) Helse 3 grunnskular 2) 3 barnehagar 3) PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) Bibliotek Luster heimeteneste Luster sjukeheimeteneste Arbeids- og treningssenteret Landbruk og naturforvaltning Teknisk drift NAV Luster 4) Kommunen har 20 tenesteeiningar som primært yter tenester til innbyggjarane. Kvar eining har ein eigen leiar som rapporterar til rådmann, då primært til ovannemnde kontaktperson. Desse leiarane arbeider med grunnlag i eit eige administrativt delegeringsreglement, fastsett av rådmannen. 1) Kommunen har fylgjande oppvekstsenter: Skjolden oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter og Solvorn oppvekstsenter. 2) Kommunen har fylgjande grunnskular: Gaupne skule, Luster ungdomsskule og Hafslo barne- og ungdomsskule (administrerer også Veitastrond 3) Kommunen har fylgjande barnehagar: Gaupne barnehage, Gamlestova barnehage og Hafslo barnehage. 4) NAV Luster er leia i partnarskap mellom stat og kommune. Sogn kulturskule SIMAS Sogn brann og redning Sogn barnevern Interkommunalt samarbeid Kommunen har fylgjande interkommunale samarbeid: - Sogn kulturskule ( Leikanger er vertskommune) - Sogn barnevern (Sogndal er vertskommune) - SIMAS (IKS) - Sogn brann og redning (IKS)