Frå kommuneplan til reguleringsplan for ny veg frå Breivika til Lerstad.
Mål for prosjektet Redusere reisetid Betre framkomst. Redusere talet på ulykker og alvorligheitsgrad. Redusere miljøulemper. Legge til rette for overføring av trafikk frå fv. 398, Lerstadvegen til ny E136 for å redusere talet på ulykker og miljøulemper. Legge til rette for overføring av persontrafikk til kollektivtransport.
Planlegging i regi av Statens vegvesen Planlegginga vert utført i fleire fasar, frå overordna prinsipp til detaljert konstruksjon. Planprosessen er nøyaktig regulert i lovverket. Vi ynskjer ein open og inkluderande prosess med respekt for mange meiningar. Det er fokus på tverrfaglege vurderingar. På Lerstadvegen skal 14 fagområde koordinerast og sameinast. Planarbeidet skjer i nær dialog med Ålesund kommune.
Kva er fastsett i kommunedelplanen? Vedtatt plan fastset arealbruk og er bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Det er som hovudregel ikkje anledning til omkamp om planløysingane som er fastlagt i ein tidlegare avgjort plan. (Plan- og bygningslova 5-5) Omfanget av reguleringsplan for E136 er fastsatt. Varsla område er i samsvar med dette.
Kva skal fastsetjast i reguleringsplanen? Veglinja for E136 skal fastsetjast i detalj, både omfang, høgder og tekniske løysingar. Nye kryss og omlegging av kryss skal planleggast. Bruk av eksisterande veg (Fv. 398) skal planleggast. Tilrettelegging for gåande og syklande inngår i planen. Det skal gjerast nødvendige undersøkingar for å vere sikker på at ein planlegg løysingar som er teknisk gjennomførbare. Tilgrensande areal skal planleggast av kommunen og inngå i planen som Statens vegvesen utarbeider.
Undersøkingar Grunnboringar fastset tjukkelse på lausmasser, og kvalitet på lausmasser Geologiske undersøkingar fastset fjelltype Arkeologiske undersøkingar registrerer førekomstar av automatisk freda kulturminne
Analyser Støykartlegging bereknar støy frå ny veg og påviser evt. behov for støyskjerming Rystelsesnivå for tunneldriving analyse av kor store rystelsar omgivnadane kan belastast med Plan for bygningsbesiktigelse og registrering av fundamenteringsforhold korleis og i kva omfang skal bygningar registrerast. Risikoanalyse tunnel Beredskapsplan for tunnel
Vegstandard Vegen blir planlagd etter dimensjoneringsklasse S7 med trafikk mer enn 12 000 kjøretøy/døgn og fartsgrense 80 km/t. Dette gir to kjørefelt i hver retning med rabatt mellom, dvs. minimum en total vegbredde på 19 meter. Tverrprofil S7, 19 m vegbredde (mål i m)
Tunnelklasse Tunnelen blir planlagt etter dimensjoneringsklasse E eller F, dvs. toløps tunnel med bredde på 9,5 meter i kjørebanenivå. Tunnelen utrustast med kvitt lys, vifter, radiosamband osv.
Betongtunnel Valg av tunnelprofil vert gjort etter ei samla teknisk/ økonomisk vurdering. Anna tunnelprofil kan velgast dersom: Behov for å legge traséen grunt. Tunneltaket vert lagt parallelt med køyrebana medan ein beheld sirkulært profil for veggane Når det er ønskelig å redusere breidda på byggegropa Ved vasstrykk gir firkantprofil mindre volum og dermed mindre oppdrift.
Medverknad Det har blitt varsla oppstart 13. oktober 2009. Oppstart er annonsert i Sunnmørsposten. Brev er sendt til offentlege og private interessentar samt 450 grunneigarar i området. Det blir halde ope møte 29. oktober. Det er etablert ei nettside for prosjektet under www.vegvesen.no Forslag til reguleringsplan skal leggast ut til offentleg ettersyn våren 2011. Dette blir annonsert og sendt ut berørte. Det er planlagt eit ope møte i samband med offentleg ettersyn.
Etter godkjent reguleringsplan Nasjonal transportplan føreset delvis bompengefinansiering. Dersom ikkje overføringane til vegbygginga aukar må det gjerast eit vedtak om innføring av bompengar lokalt. Deretter må prosjektet vedtakast i Stortinget før ein kan etablere eit utbyggingsprosjekt. Etter at vedtak i Stortinget er gjort kan grunnerverv starte. Dette vil gå parallelt med byggeplanlegginga. Bygging kan startast om lag eitt år etter at finansieringa er avklart. Byggetida er estimert til 3-4 år.
KOMMUNEDLEPLANKARTET: LANG 4 FELTS TUNNEL VESTRE DEL I FJELL, ØSTRE DEL SOM LOKK KRYSS I VEST MELLOM LERSTADTOPPEN OG HØGENAKKEN EKSISTERENDE RUNDKJØRING I ØST NORD PÅ MOA
SKRAVERT OMRÅDE DET SOM NÅ SKAL REGULERES
ØSTRE DEL AV KOMMUNE- DELPLANEN MOA NORD, BREIVIKA
MIDTRE DEL AV KOMMUNE- DELPLANEN BREIVIKA, NAKKEVIKA, LERSTAD SKOLE
VESTRE DEL AV KOMMUNE- DELPLANEN: LERSTAD- TOPPEN, LERSTAD- VANNET, HØGE- NAKKEN