Tilstandsrapport for grunnskulen i Fyresdal, Gimle skule 2010

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

System for kvalitetsvurdering av virksomhet etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Lagt fram: Luster kommune

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tilstandsrapport for grunnskulen

kulturskule grunnskule Aurland kommune

Tilstandsrapport for Berlevåg skole

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

Innkalling av Formannskapet

Tilstandsrapport for grunnskolen i Gulen 2011

Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Innkalling av Kommunestyret

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Luster kommune. Lagt fram:

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Evenes kommune Tilstandsrapport

2016/ Sør-Varanger kommune

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Tilstandsrapport Barnehagane og grunnskulen i Ål kommune 2009/2010 1

UTVIKLINGSMELDING for barnehage grunnskule kulturskule

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I SURNADAL

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

System for kvalitetsvurdering av verksemda etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

TILSTANDSRAPPORT GRUNNSKULEN I MELAND

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Transkript:

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fyresdal, Gimle skule 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen Innhald 1. Innleiing...3 1.1.Offentleggjering og lesing av resultata på nasjonale prøver...3 1.1.1. Personvern...3 1.1.2. Samanlikning geografisk...3 1.1.3. Samanlikning av resultat frå år til år...3 1.2 Kva vert kartlagt i nasjonale prøver...4 1.2.1. Nasjonale prøver i lesing...4 1.2.2. Nasjonale prøver i rekning...4 1.2.3. Nasjonale prøver i engelsk...4 1.3 Udir s analyse av resultata på nasjonale prøver...5 2. Hovudområde og indikatorar...6 2.1 Elevar og undervisningspersonale...6 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk...6 2.1.2. Lærartettleik...7 2.2 Læringsmiljø...8 2.2.1 7. klasse oversikt alle miljøindeksane...8 2.2.2 10. klasse - oversikt alle miljøindeksane...9 2.2.3 Trivsel med lærarane... 10 2.2.4 Mobbing på skulen... 12 2.2.5 Fagleg rettleiing... 14 2.2.6 Meistring... 16 2.2.7 Fagleg utfordring... 17 2.3 Resultat... 19 2.3.1 Nasjonale prøver 5. klasse... 19 2.3.2 Nasjonale prøver 8. klasse... 21 2.3.3 Nasjonale prøver 9. klasse... 23 Side 2 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.3.4 Karakterar - matematikk, norsk og engelsk... 25 2.3.5 Grunnskulepoeng... 26 2.4 Gjennomføring... 27 2.4.1 Overgang frå grunnskule til VGO... 27 3 System for oppfølging (internkontroll)...28 4 Konklusjon...32 4.1 Læring... 32 4.2 Læringsmiljø... 34 4.3 Satsingsområder 16/2 2010... 34 For å oppdatere innhaldslista, markerer du denne setningen - så klikker du F9. 1. Innleiing Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Regjeringa har fastsett mål knytte til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø som grunnlag for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr. 31 (2007-2008). Til dei nasjonale målsetjingane har regjeringa sett opp indikatorar som skal gi grunnlag for å vurdere kor langt skuleeigaren er komen i å nå måla. Tilstandsrapporten inneheld tal på elevar og undervisningspersonell, læringsresultat, fråfall, læringsmiljø og rapport på kvalitetssikringssystem. Tala i rapporten er i henta frå Skoleporten, GSI og Kostra. 1.1.Offentleggjering og lesing av resultata på nasjonale prøver 1.1.1. Personvern Tal som vert lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan vere teiepliktige opplysningar etter Forvaltningslova 13 og/eller personopplysningar etter Personopplysningslova 2 nr. 1. Tilsvarande kan òg gjelde for lokale indikatorar. Derfor ei påminning om at desse opplysningane må behandlast i samsvar med reglane i Forvaltningslova og/eller Personopplysningslova. Resultata til elevane på nasjonale prøver i 5. klasse er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. I 8. og 9. klasse er det 5 meistringsnivå. Dersom verdien for eitt eller fleire meistringsnivå er basert på resultat for 1 4 elevar og totalt tal på elevar i utvalet er mindre enn 30, skal verdiane på alle meistringsnivå verte unnatekne offentlegheit. Dette vil gjelde for resultata ved Gimle skule. Meistringsnivå vert derfor ikkje presentert i rapporten. Sektorsjef vil seie noko om det ved presentasjonen. 1.1.2. Samanlikning geografisk Nasjonal prøver vert gjennomførte i 5., 8. og 9. klasse. Når ein samanliknar gjennomsnittet for eiga gruppe elevar med andre grupper (for eksempel for nasjonalt nivå), er det viktig å ta omsyn til talet på elevar gruppa representerer. I små utval, som Gimle skule, vil nokre få elevar kunne gi store utslag på gjennomsnittet. 1.1.3. Samanlikning av resultat frå år til år Det er viktig å vere klar over at det for små utval som Gimle skule, vil kunne vere stor variasjon i resultata frå eit år til eit anna, blant anna fordi elevgrunnlaget endrar seg frå år til år. Eit lågt tal på Side 3 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

elevar med veldig svake eller sterke resultat, kan gi stort utslag for resultata til skulen. Resultata i små utval vil i større grad verte påverka av ulike faktorar enn det som er tilfelle i større utval. All samanlikning av resultat frå eit år til eit anna på lokalt nivå må dermed relaterast til det skulen elles veit om elevane og andre forhold som kan ha påverka resultata. 1.2 Kva vert kartlagt i nasjonale prøver 1.2.1. Nasjonale prøver i lesing Denne kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt: Elevane skal vise at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten 1.2.2. Nasjonale prøver i rekning Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i 5. klasse i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane brukar rekning i ulike faglege- og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara er rimelege kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Prøvene i 8. klasse og 9. klasse i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane brukar rekning i faglege- og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei: forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara dei får, er rimelege kan vise effektive strategiar for enkel talrekning 1.2.3. Nasjonale prøver i engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene er knytte til desse ferdigheitene: Side 4 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Prøvene i 5. klasse: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytte til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er bruka i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Prøvene i 8. klasse: finne informasjon forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er bruka i forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar 1.3 Udir s analyse av resultata på nasjonale prøver Førebels analysar av eit utval resultat viser at årets nasjonale prøver har fungert godt. Prøvene har høg truverde/reliabilitet, og vanskegraden er rimeleg godt spreidd og tilpassa elevane. Når det gjeld kjønnsforskjellar, viser dei førebels analysane at jentene skårar betydeleg høgare enn gutane i lesing i 8. klasse, mens gutane skårar signifikant høgare enn jentene i rekning i 5. klasse. I engelsk (begge klasser) er det små forskjellar mellom gutar og jenter. Gjennomgåande for alle prøvene er spreiinga større blant gutane enn blant jentene. Rundt 10 prosent av variansen i elevane sin skåre kan tilskrivast skulane. Forskjellen mellom norske skular er små, sett i eit internasjonalt perspektiv. Det hindrar ikkje at det er betydelege skilnader mellom skular, men dette har i hovudsak samanheng med forskjellar i den sosiale bakgrunnen til elevane, jf. analysar av resultata i 2007. Frå desse analysane veit vi at sosio-økonomiske forhold, som for eksempel utdanningsbakgrunn til foreldre, har stor effekt på elevresultata i dei nasjonale prøvene. Det er ingen grunn til å tru at dette har endra seg. Nytt i år er at 9. klasse gjennomførte same prøve i rekning og lesing som elevane i 8. klasse. Samanlikning av resultata kan dermed gi ein indikasjon på progresjon i rekne- og leseferdigheit. Analysane viser at elevane i 9. klasse som venta presterer betre enn elevane i 8. klasse. Side 5 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2. Hovudområde og indikatorar 2.1 Elevar og undervisningspersonale Om Elevar og undervisningspersonale Utdanningsdirektoratet rår til at skuleeigarane tek med desse indikatorane i tilstandsrapporten: talet på elevar og lærarårsverk (sum årsverk for undervisningspersonalet) lærartettleik (lærartettleik 1.-7. klasse, lærartettleik 8.-10. klasse) 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk Talet på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskular per 1. oktober det aktuelle skuleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter Opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskuleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskuleopplæring. Sum årsverk for undervisningspersonale Indikatoren viser totalsummen for årsverk for undervisningspersonalet. I denne indikatoren inngår følgjande delskåre: Delen av årsverk for undervisningspersonale utan godkjend utdanning, barnesteget Delen av årsverk for undervisningspersonale utan godkjend utdanning, ungdomssteget. Fyresdal kommune skuleeigar Fordelt på periode Indikator og nøkkeltal 2004-05 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 Talet på elevar 197 219 204 198 187 177 182 Sum berekna årsverk for undervisningspersonale 2010-11 17 17 18 18 17 18 18,5 2010/2011 Talet på elevar med norsk som andrespråk Talet på elevar med einskildvedtak ( 5-1) 24 Klasse 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. Sum Tal på elevar 0 3 2 2 3 1 4 1 10 4 29 Side 6 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.1.2. Lærartettleik Lærartettleik Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik i 1.- 7. klasse ned på skulenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som vert tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Indikatoran viser heller ikkje lærartimar som går bort pga seniortiltak. Fyresdal kommune skuleeigar Fordelt på periode Indikator og nøkkeltal 2004-05 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 2010-11 Lærartettleik 1.-7. klasse 14,8 14,2 12,7 12,6 10,7 10,8 10,6 Lærartettleik 8.-10. klasse 11,0 15,9 14,5 13,8 12,8 11,9 10,5 Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Indikator og nøkkeltal Lærartettleik 1.-7. klasse Lærartettleik 8.-10. klasse Fyresdal kommune skuleeigar Kommunegruppe 06 Telemark fylke 10,6 8,3 12,5 13,2 10,5 8,7 14,4 14,9 Nasjonalt Kommentar frå sektorsjef Lærartettleik har med kor mange elevar det gjennomsnittleg er per lærarårsverk. Jo høgare tal, jo fleire elevar per lærar. Forsking har vist at fagleg utbytte og trivsel i skulen aukar med vaksentettleik. Fyresdal kommune har ein høgare lærartettleik enn Telemark og nasjonalt, men ein lågare enn kommunegruppa. Dette heng saman med den naturlege storleiken på ei klasse i små kommunar. Lærartettleiken er god i Fyresdal, likevel er tala over misvisande da over 7 undervisningstillingar går med til anna enn ordinær undervisning: Grunnleggjande norsk for minoritetsspråklege 50% Spesialundervisning 460% Rådgiving/sosialpedagogikk 50% Kontaktlærar 12% Anna (udf/fagkoordinator/ikt) 50% Seiniotiltak(sentrale og lokale) 80% Frisktiltak 30% Totalt 732% Side 7 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2 Læringsmiljø Om Læringsmiljø Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring. Skuleeigarar og skuleleiarar er pålagde å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar i 7. og 10. klasse og Vg1. Eit utval av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som ligg i Skoleporten. Resultata frå Elevundersøkinga er viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: trivsel mobbing på skulen fagleg rettleiing meistring fagleg utfordring Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. 2.2.1 7. klasse oversikt alle miljøindeksane Side 8 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2.2 10. klasse - oversikt alle miljøindeksane Side 9 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2.3 Trivsel med lærarane Indeksen viser elevane sin trivsel med lærarane knytt til fag og i kva grad elevane opplever at lærarane er hyggelege. 7. klasse 2009/2010 Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Side 10 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

10. klasse 2009/2010 Fyresdal kommune skuleeigar Fordelt geografisk Fordelt på periode Offentleg Klasse 10 Begge kjønn Grunnskole Side 11 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2.4 Mobbing på skulen Indikatoren viser den delen av elevane som fortel at dei har vorte mobba dei siste månadene. 7. klasse 2009/10 Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Klasse 7 Begge kjønn Grunnskule Side 12 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

10. klasse 2009/10 Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Klasse 10 Begge kjønn Grunnskule Samanlikna Vest-Telemark Elevundersøkinga, mobbing Kommune 2009 2010 2009 2010 7. klasse 10. klasse Fyresdal 1,5 1,7 Kviteseid 1,5 1,3 Nissedal 3,2 1,4 Seljord 1,3 1,4 Tokke 1,8 1,5 Vinje 1,1 1,4 Gjennomsnitt V T 1,7 1,5 Side 13 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2.5 Fagleg rettleiing Indeksen viser i kva grad elevane føler at dei får god rettleiing. Denne indeksen inkluderer i kor stor grad dei får vite korleis dei kan forbetre seg, og kva for krav det faglege arbeidet set. Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode 7. klasse Side 14 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode 10. klasse. Side 15 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2.6 Meistring Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skulen. Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk 7. klasse Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk 10. klasse Side 16 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.2.7 Fagleg utfordring Indeksen viser elevane si oppleving av faglege utfordringar i skulearbeidet. Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk 7. klasse Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk 10. klasse Kommentar frå sektorsjef 7. klasse Det har gjennomgåande, både samanlikna med oss sjølv og med resten av landet, vore ei negativ utvikling på dei utvalde indikatorane i Elevundersøkinga. I 7. klasse veit ein etter samtale med elevane og føresette at ein del elevar boikotta prøva ved å svare dårlegast alternativ på alle svar. Klassa var inne i ei endringsfase nettopp på denne tida. Det vart innskjerping med innføring av gule og raude kort og foreldrebesøk. Det hadde nettopp vore ein stor episode der dei fekk nei på å ikkje ha med seg venner på skulen. Dei Side 17 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

var i vreide for dette. Dei skal ha undersøkinga på nytt nå i 8.klasse, noko dei veldig gjerne ville sjølve. Dei kunne ikkje fatte at det var så gale som resultatet seier. Likevel må en sjå på det som eit varselteikn at ein skårar såpass dårleg på ein del indikatorar. 10. klasse Trivselen er bra, som før. Men det har gjennomgåande, både samanlikna med oss sjølv og med resten av landet vore ei negativ utvikling på dei utvalde indikatorane i elevundersøkinga. Elles nedgang på mykje. Ved intern vurdering og analyse av resultat i kollegiet på skulen, var dei ei uroleg undring over desse resultata. Lærarane i klassa seier at det var ei stille klasse. Sterke i skriftlege fag, men lite aktive i munnlege fag. Kanskje var det ting som ikkje kom fram der eller ikkje torde seiast? Ein kan ikkje gå tilbake til klasse å spørje. Både for 7. og 10. gjeld at desse resultata vert tatt veldig alvorleg. Skulen har over fleire år hatt fagleg rettleiing og arbeid med psyko.sosialt miljø som mål for arbeidet. Her må ein gå inn med målretta kartlegging og tiltak. Psyko.sosialt miljø er valt som eit av satsingsområda på skulen. Eg kjem meir tilbake til dette under orienteringa av SKUP. Side 18 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.3 Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. I tilstandsrapporten er desse resultatindikatorane obligatoriske: nasjonale prøver i 5., 8. og 9. klasse i lesing og rekning standpunkt- og eksamenskarakterar i norsk hovudmål, matematikk og engelsk grunnskulepoeng Utdanningsdirektoratet rår til at skoleeigarane òg tek med nasjonale prøver i engelsk i 5. og 8. klasse. 2.3.1 Nasjonale prøver 5. klasse Fokus på tidleg innsats i basisfaga, slik at vi kan vise betra resultat på prøver og testar. Samanlikna geografisk og periode Side 19 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Samanlikna kjønn Samanlikna Vest Telemark Kommune Lesing Rekning Engelsk 5. klasse 5. klasse 5. klasse Fyresdal 1,8 1,8 2,3 Kviteseid 1,7 1,8 1,9 Nissedal 1,8 1,7 1,5 Seljord 2,3 2,0 1,9 Tokke 2,1 2,1 2,1 Vinje 1,8 1,8 1,8 Gjennomsnitt V T 1,9 1,9 1,9 Kommentar frå sektorsjef Det er 12 elevar i 5. klasse, 3 elevar med einskildvedtak, 3 elev var fritatt frå prøva i lesing. Det er 3 meistringsnivå i 5. klasse. Fyresdal ligg likt med fylket og landet i lesing og regning. I engelsk skårar Fyresdal signifikant høgare enn resten av landet. Dette er ei særs positiv utvikling. Alle elevføresetnader tatt i betraktning er det gode resultat på nasjonale prøver i 5. klasse i år. Lærarane seier det er ei positiv klasse med eit godt læringsmiljø. Det er òg eit svart god skule-heimsamarbeid i denne klassa. I lesing skal ein likevel merke seg at over 30 % av gutane ( 2) ligg på meistringsnivå ein. Dette er er eit varselteikn og må takast tak i. Engelsk er som sagt over veldig bra. Her er det ingen elevar på lågaste meistringsnivå. I rekning skårar over 50% av gutane på meistringsnivå ein. Jentene gjer det veldig bra og ligg over landsgjennomsnittet. I analysen av prøva på skulen vert det trekt fram at ein del av gutane har stor lesevanskar. Mykje av oppgåvene i rekning er tekstoppgåver, og dette har nok påverka resultata. Elles er rekning vurdert som gutane sitt sterkaste fag. Her må ein altså inn å hjelpe med tekstforståing. Side 20 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.3.2 Nasjonale prøver 8. klasse Samanlikna geografisk og periode Samanlikna kjønn Side 21 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Samanlikna Vest Telemark Kommune Lesing Rekning Engelsk Fyresdal 2,9 3,4 2,9 Kviteseid 3,0 3,0 2,8 Nissedal 2,7 3,4 2,8 Seljord 2,7 2,6 2,6 Tokke 2,7 3,2 3,2 Vinje 3,1 3,2 3,3 Gjennomsnitt V T 2,9 3,1 2,9 Kommentar frå sektorsjef Det er 14 elevar i klassa, 2 einskildvedtak. 1 elev hadde frita frå lesing og engelsk. Det er 5 meistringsnivå i 8. klasse. Det har vore ei positiv utvikling på resultata i 8. klasse. Fyresdal ligg på landsgjennomsnittet i lesing og engelsk. Det er teikn til nivå over landsgjennomsnittet i rekning. I lesing ligg nær 60 % av klassa på meistringsnivå 3. Det er ingen elevar på meistringsnivå 1 og 5. I engelsk er det generelt bra. Det er ingen elevar på meistringsnivå 1. Gutane skårar signifikant høgare enn jentene. Over 50% av gutane er på meistringsnivå 4 og 5. I rekning ligg Fyresdal godt an. Særleg gutane skil seg positivt frå landsgjennomsnittet. Det er ingen gutar på dei 2 lågaste meistingsnivåa. Lærarane melder om at til tross for noko miljøproblematikk i klassa, er dette ei flink jobbeklasse. Det har dei vore i alle år. Ein ser òg at det har vore ei markant positiv utvikling i denne klassa frå dei gjekk i 5. klasse. Side 22 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.3.3 Nasjonale prøver 9. klasse Samanlikna geografisk Samanlikna kjønn Samanlikna Vest Telemark Kommune Lesing Rekning Fyresdal 3,4 3,5 Kviteseid 3,4 3,3 Nissedal 3,3 3,2 Seljord 2,9 3,3 Tokke 3,3 3,3 Vinje 3,3 3,5 Gjennomsnitt V T 3,3 3,4 Side 23 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Endring samme klasse fra 8. til 9.klasse Regning 9.klasse 2010 8.klasse 2009 Lesing 0 0,5 1 1,5 2 2,5 3 3,5 4 Kommentar frå sektorsjef Det er 22 elevar i klassa, 10 elevar med einskildvedtak, 3 deltok ikkje på prøva i lesing. Dette er første gongen det er nasjonale prøver i 9. klasse. Prøvene vart haldne i lesing og reking. Elevane i 9. klasse får same prøva som 8. klasse. Dette for å sjå om det har vore fagleg utvikling det først året i ungdomsskulen. For 9. klasse i Fyresdal har det vore ei formidabel utvikling. Denne klassa skåra dramatisk dårleg på nasjonale prøver i 8. klasse. I analysen i fjor peika ein på at mykje av dette såg ut til å skuldast læringsmiljøet i klassa. Det kan sjå ut som om det stemte. I både lesing og rekning ligg 9. klasse på landsgjennomsnittet. Jentene skårar noko høgare enn gutane. Jentene skårar òg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Det ble jobba mykje med motivasjon for prøvene i denne klassa. Nokon vil seie at klassa vart kjøpt og betalt, da det vart lova kakebaking viss alle sat tida ut og gjorde sitt beste. Kjøpe eller ikkje, det verka i alle fall som ein motivator, og elevane fekk vist kva dei var gode for. Det er på sin plass å understreke at med 10 elevar med spesifikke lærevanskar, er dette veldig gode resultat. Men ein kan ikkje kvile på desse. Stadig jobbing med motivasjon for læring er avgjerande. Dette vil eg komme meir tilbake til i SKUP under. Side 24 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.3.4 Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt. Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Alle klasser Begge kjønn Periode 2009-10 Grunnskole Kommentar frå sektorsjef Avgangsklassa 2010 ligg likt med fylket og landet i basisfaga. Det er ei positiv utvikling om vi samanliknar oss med oss sjølve frå tidligare år. Side 25 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.3.5 Grunnskulepoeng Grunnskulepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane vert brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skule. Grunnskulepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven. Grunnskulepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Alle klasser Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Vest Telemark Kommune 2009 2010 Fyresdal 40,6 Kviteseid 39,4 Nissedal 36,8 Seljord 38,5 Tokke 40,4 Vinje 39,4 Gjennomsnitt V T 39,2 Kommentar frå sektorsjef Avgangsklassa 2010 med ein gjennomsnittskåre på 40,6 er nr 2 i Telemark. Snittet er høgare enn landet, Telemark og Vest Telemark. Side 26 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

2.4 Gjennomføring Om Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet rår til at skuleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO 2.4.1 Overgang frå grunnskule til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Fyresdal kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Indikator og nøkkeltal Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring (prosent) Fyresdal kommune skuleeigar Kommunegruppe 06 Telemark fylke 100,0 96,5 96,3 96,8 Nasjonalt Vurdering Alle elevane frå Fyresdal har søkt og begynt i vidaregåande skule. I år har 2 elevar frå Fyresdal slutta i skulen. Begge desse har andre tilbod - utvekslingselev og folkehøgskule. Når det gjeld gjennomføring ligg prosenten i Vest-Telemark på mellom 85% og 90% i motsetning til telemark og Landet som har ein gjennomføringsprosent på 70% Side 27 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

3 System for oppfølging (internkontroll) System for kvalitetsvurdering av verksemd etter Opplæringslova. Fyresdal kommune Systemet for kvalitetsvurdering består av følgjande komponentar: 1. Oversikt over aktuelle styringsdokument og ansvarsfordeling 2. Verktøy for å vurdere om Opplæringslova vert følgd - Sjekkliste, sjå eige dokument Sektorleiar Kultur og oppvekst sørgjer for at sjekklista vert gjennomgått kvart år og at nødvendig oppfølging vert gjennomført. - Rutinar for konkrete oppgåver, sjå sjekkliste og eigne dokument Sektorleiar Kultur og oppvekst sørgjer for at rutinar for konkrete oppgåver vert etablerte, oppdaterte og gjorde tilgjengelege for dei som skal utføre oppgåvene. 3. Verktøy for å vurdere kvaliteten på opplæringa - Skulebasert vurdering - Vurdering av læringsmiljø - Vurdering av læringsutbytte 4. Plan for gjennomføring av kvalitetsvurdering - Oversikt over oppgåver - Årsplan for kvalitetsvurdering Årsplan: 2008/2009 Tidspunkt: Oppgåve: Ansvarlig: Utført: Dato/sign Januar Gjennomføre skulebasert vurdering Rektor/stegleiarar Inga brukarundersøking 2010 Januarapril Gjennomføre Elevundersøkinga, 7. og 10. klasse Rektor/stegleiarar April Februar Innsamling og arbeide med resultat frå skulebasert vurdering Sektorleiar Kultur og oppvekst/rektor April /mai Side 28 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Februar Drøfting av resultat for skulebasert vurdering på skulen (elevar/lærarar/føresette) Rektor/stegleiarar Februar Gjennomføre karakter- og læringsstøttande prøver 10. klasse Rektor/stegleiarar Februar Mars Samle og bearbeide resultat frå karakter- og læringsstøttande prøver 10. klasse Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor Mars Mars Drøfte resultat frå karakterog læringsstøttande prøver 10. klasse på skulane Rektor/stegleiarar Ikkje gjennomført svikt i internrutinar Mars Tilbakemelding til politisk nivå om gjennomført kvalitetsvurdering etter Opplæringslova 13-10, års rapport Sektorleiar kultur og oppvekst April Mars Evaluere systemet for kvalitetsvurdering, revidere Sektorleiar kultur og oppvekst Arbeidet påbegynt mars. Lovdel og dokumentdel skal reviderast i løpet av vår 2011 April Vurdere resultat frå Elevundersøkinga Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor August April Drøfting av resultat frå Elevundersøkinga på skulen (lærarar/elevar/føresette) Rektor/stegleiarar Januar 2009 April Samle og vurdere karakterstatistikk (frå nettside U.dir.) Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor April April/mai Gjennomføre kartleggingsprøver i 1. og 2. klasse Rektor/spes.ped-koordinator Mai Mai Samle og vurdere resultat frå kartleggingsprøver i 1. og 2. klasse Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor Mai Mai Drøfte resultat frå kartleggingsprøvene for 1. og 2. klasse på skulen. Kontaktlærarar tek resultat for den einskilde elev opp på første moglege samtaletime Rektor/stegleiar småsteg/kontaktlærarar Ikkje gjennomført svikt i internrutinar Side 29 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Mai med føresette. Drøfte karakterstatistikk på skulane Kontaktlærarar informerer resultat for den einskilde elev til føresette. Rektor/stegleiarar/kontaktlærarar Ikkje gjennomført svikt i internrutinar Mai Drøfte resultat for skulebasert vurdering, læringsmiljø og læringsutbytte i medarbeidarsamtale sektorleiar rektor Sektorleiar kultur og oppvekst Januar Mai - juni Gjennomføre skriftleg eksamen Rektor Mai Juni Gjennomføre munnleg eksamen Rektor Juni Juni Gå gjennom sjekklista for oppfølging av lovkrav Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor Arbeidet påbegynt mars. Lovdel og dokumentdel skal reviderast i løpet av vår 2011 August - desember Følgje opp avvik frå sjekklista Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor Arbeidet påbegynt mars. Lovdel og dokumentdel skal reviderast i løpet av vår 2011 September Gjennomføre nasjonale prøver, 5. og 8. klasse Rektor/stegleiarar September November Gjennomføre karakter- og læringsstøttande prøver 8. klasse Rektor November November Gjennomføre kartleggingsprøve i 9. klasse Rektor/spes.ped.-kooordinator November November Samle og vurdere resultat frå nasjonale prøver. Sektorleiar kultur og oppvekst/rektor November November Drøfte resultat frå nasjonale prøver på skulene Rektor/stegleiarar/kontaktlærar Januar Kontaktlærarar informerer Side 30 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

Desember Desember resultat for den einskilde elev til føresette. Innsamling og vurdering av resultat frå karakter- og læringsstøttande prøver i 8. klasse og kartleggingsprøver i 9. klasse Drøfte resultat frå karakterog læringsstøttande prøver i 8. klasse på skulen og kartleggingsprøver 9. klasse. Kontaktlærarar informerer resultat for den einskilde elev til føresette. Rektor Ikkje gjennomført svikt i internrutinar Rektor/stegleiarar/kontaktlærar Ikkje gjennomført svikt i internrutinar Gjennomføre kommunen sine eigne målingar av læringsutbytte Rektor Fortløpande System for kvalitetsvurdering av verksemd etter Opplæringslova, Fyresdal kommune er under revidering nå i vår. Resultata frå nasjonale prøver og Elevundersøkinga vert presenterte på møte i FAU. KOO og rådmann har fått ein presentasjon av dei utvida tala i eit lukka møte. Side 31 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

4 Konklusjon 4.1 Læring Det har vore ei positiv utvikling på fagleg læring i grunnskulen i Fyresdal kommune. Dette er sjølvsagt veldig positiv og motiverande både for elevar og lærarar. Ein kan håpe på at det arbeidet skulen har lagt ned på tidleg innsats, heim-skule, vurderingsarbeid og klasseleiing, har hatt positiv verknad på læring. Dette er område skulen vil jobbe aktivt med også i åra framover. Det er likevel for tidleg å seie om det er dette som har vore utslagsgivande for resultat. Fyresdal er ein liten kommune med 1 parallell. Elevgrunnlaget er for lite til at ein kan generalisere. Om denne utviklinga held seg dei neste åra, kan ein med større sikkerheit føre det tilbake til utviklingsarbeidet i skulen. Det er her viktig å gjere merksam på det som vart sagt i innleiinga: Rundt 10 prosent av variansen i elevane sin skåre kan tilskrivast skulane. Forskjellen mellom norske skular er små, sett i eit internasjonalt perspektiv. Det hindrar ikkje at det er betydelege skilnader mellom skular, men dette har i hovudsak samanheng med forskjellar i den sosiale bakgrunnen til elevane, jf. analysar av resultata i 2007. Frå desse analysane veit vi at sosio-økonomiske forhold, som for eksempel utdanningsbakgrunn til foreldre, har stor effekt på elevresultata i dei nasjonale prøvene. Det er ingen grunn til å tru at dette har endra seg. Dette understrekar viktigheit av å eit godt skule-heimsamarbeid. Fyresdal har hatt si størst utfordring over til i at for mange elevar har vært på dei lågaste meistingsnivåa. Jf figurane under har Fyresdal kommune hatt ei skak positiv utvikling. For 2010 ser ein at ein ligg likt med eller svakt betre enn Telemark og Landet. 4.1.2 Utvikling i talet på elevar på meistringsnivå 1 i 5 klasse Periode 60 50 40 30 20 2007/08 2008/09 2009/10 2010/11 10 0 lesing regning engelsk 2007/08 28,6 26,7 33 2008/09 11,8 33,3 5,9 2009/10 55,6 20 25,5 2010/11 22,2 25 0 Geografisk 2010 Side 32 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

35 30 25 20 15 Landet Telemark Fyresdal 10 5 0 lesing regning engelsk Landet 26,5 26,7 24,6 Telemark 28 29,4 26,3 Fyresdal 22,2 25 0 4.2.3 Utvikling i talet på elevar på meistringsnivå 1 og 2 i 8. klasse Periode og geografisk 40 35 30 25 20 15 10 2007/08 2008/09 2009/10 2010/11 Telemark Landet 5 0 meistingsnivå 1 meistingsnivå 2 meistingsnivå 1 meistingsnivå 2 meistingsnivå 1 meistingsnivå 2 lesing regning engelsk 2007/08 16,7 4,4 8,3 20,8 13 13 2008/09 23,8 28,6 10 20 2,1 26,3 2009/10 10 20 13,6 36,4 14,3 28,6 2010/11 0 30 7,1 14,3 15,4 15,4 Telemark 8,6 24,6 8,5 24,1 11,8 23,2 Landet 7,5 22,2 6,6 20,6 10 19,6 Side 33 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011

4.2 Læringsmiljø Når det gjeld læringsmiljøet ved skulen i Fyresdal, ser vi ei negativ utvikling. Ein ser at elevane trivast godt på skulen, og at dei føler seg trygge. Men dei store indikatorane for læring: trivsel med lærar, mobbing på skulen, fagleg rettleiing, meistring og fagleg utfordring, skårar Fyresdal lågare enn landet, og det har vore ei negativ utvikling lokalt. Dette kjem òg fram i ståstadsanalysen av skulen, og vart derfor valt ut som området skulen skulle få ekstern skulevurdering i. Eg skal seie meir om dette i orienteringa av SKUP. 4.3 Satsingsområder 16/2 2010 Dette er fagmåla som vart vedtatt av kommunestyret - Utarbeide heilskapleg plan for tilpassa opplæring - Revidere og vidareutvikle plan for skulen sitt psykososiale miljø (oppl.lova 9a) - Opplæring i og implementering av vurdering for læring (ny vurderingsforskrift) - Auke kompetansen til lærarane innan matematikk - Auke fokus på sosialpedagogisk rettleiing og yrkes- og utdanningsrettleiing - Opplæring i teikn til tale hjå lærarane i småsteget - Auke kompetansen i grunnleggande norsk for minoritetsspråklege Ut over desse har skolen i samband med SKUP valt satsingsområder for skuleåret 2011/2012. Desse vert presentert under orientering av SKUP Side 34 av 34 - Tilstandsrapport for grunnskolen i Fyresdal 28. april 2011