Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen

Kvalitetsrapport for Fræna kommune- grunnskolen 2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Evenes kommune. Tilstandsrapport. for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for Berlevåg skole

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

2016/ Sør-Varanger kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Evenes kommune Tilstandsrapport

Lagt fram: Luster kommune

kulturskule grunnskule Aurland kommune

Innkalling av Formannskapet

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Tilstandsrapport for Nordre Land-skolen 2014

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fyresdal, Gimle skule 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Tilstandsrapport Barnehagane og grunnskulen i Ål kommune 2009/2010 1

Innkalling av Kommunestyret

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Gulen 2011

TilsTandsrapporT. Farsundskolen

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fræna kommune - Nasjonale prøver 2011

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Levanger kommune. Rådmannen. Tilstandsrapport. Grunnskolen i Levanger 2011

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

Forfall meldes til Infotorget på e-post eller på telefon

Tilstandsrapport for grunnskolen i Ålesund kommune

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Luster kommune. Lagt fram:

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

Levanger kommune Rådmannen. Tilstandsrapport for kommunale grunnskoler

FAUSKE KOMMUNE. Sammendrag: Saksopplysninger: SAKSPAPIR TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN

Transkript:

. Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune 2012 Innhald 1. Samandrag...2 2. Hovudområder og indikatorar...4 2.1. Elevar og undervisningspersonale...4 2.1.1. Lærartettleik...4 2.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk...5 2.2. Læringsmiljø...7 2.2.1. Trivsel med lærarane...7 2.2.2. Mobbing på skolen...9 2.2.3. Fagleg rettleiing... 11 2.2.4. Meistring... 12 2.2.5. Fagleg utfordring... 14 2.3. Resultat... 15 2.3.1. Nasjonale prøver lesing 5. steget... 16 2.3.2. Nasjonale prøver rekning 5. steget... 17 2.3.3. Nasjonale prøver engelsk 5. steget... 19 2.3.4. Nasjonale prøver lesing ungd. steg... 20 2.3.5. Nasjonale prøver rekning ungd. steg... 22 2.3.6. Nasjonale prøver engelsk ungd. steg... 25 2.3.7. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk... 27 2.3.8. Grunnskolepoeng... 29 2.4. Gjennomføring... 30 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO... 30 2.5. Spesialundervisning... 31 3. System for oppfølging (internkontroll)...33 4. Konklusjon...34 For å oppdatere innholdsfortegnelsen, markerer du denne setningen - så klikker du F9.

1. Samandrag Kvalitetsrapporten skal minimum innehalde omtale av læringsmiljø, læringsresultat og fråfall i vidaregåande opplæring. I Skoleforum blei vi samde om å endre namnet frå tilstandsrapport til kvalitetsrapport. Dette blei gjort fordi ein ønsker ein breidare rapport som seier meir om kvalitet enn tilstand ved å ha med klare mål og tiltak for å nå måla som er sette. Årets kvalitetsrapport tar utgangspunkt i den siste rapporten frå 2010, jf Ks 2/2012. Resultata i 2013 rapporten er henta frå Skoleporten, GSI, Gjennomføringsbarometeret i vidaregåande opplæring og informasjon frå både skolebesøk og Skoleforum. Resultata gjeld for våren 2012 og skoleåra 2011/2012 og 2012/2013; resultata frå nasjonale prøver er frå hausten 2012, medan resultata frå elevundersøkinga og avgangskarakterar gjeld for våren 2012. I tillegg har det vore gjennomført ståstadsanalyse og organisasjonsanalyse ved alle skulane i Fræna kommune hausten 2012/vinteren 2013. Dette dannar grunnlaget for ein del område som skolane skal arbeide med neste skoleår. I denne rapporten er lokale mål satt i blå remme og lokale vurderingar er skrive i rosa ramme. Kort oppsummering av resultat: Læringsmiljø og læringsresultat Elevtal, lærarårsverk og lærartettleik Elevtalet har auka frå 2010/2011 til 2012/2013, noko tala frå GSI som blir henta inn kvart år i oktober, viser. Samtidig ser ein at antal lærarårsverk bare har auka marginalt, 0.1 %. Lærartettleiken er på nivå med gjennomsnittet i fylket, men tal viser at tal på elevar pr.lærar varierer svært mykje frå skole til skole. Læringsmiljø- resultat Fagleg trivsel (knytta til fag og samspel med lærar). For 7.steget ser ein at Fræna ligg på landssnittet eller like under. For heile kommunen er det ei positiv endring. For 10.steget ser ein at Fræna ligg på landssnittet eller like over. For heile kommunen er det ei positiv endring. Mobbing Resultata viser at omfanget av mobbing er avgrensa, men ein ser at elevar både på 7. og 10.årstrinn opplever å bli mobba på skolen. Det er skilnad mellom skolane, og det er ikkje dei største skolane som har mest mobbing. Resultata på 7.trinn ligg like over snittet for landet, fylket og kommunegruppe 11, men for 10.trinn ligg resultata like under snittet. Fagleg rettleiing Tala viser at elevane i Fræna får fagleg rettleiing som ligg på nivå likt/like under under landssnittet. Dei viser og at nivået ikkje har endra seg frå siste skoleår. Ved nærmare innsyn i resultata ser ein at det på barnetrinnet er større skilnad mellom skolane enn det er mellom skolane som har ungdomstrinn. Meistring Resultata for dei tre skoleåra viser ei positiv utvikling for 7.trinnet mens det for 10.trinn er stabilt på stort sett same nivå. Elevane på begge trinna skårer på eller over snittet for landet, fylket og kommunegruppe 11. Side 2 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fagleg utfordring For elevane på 7.trinn ligg resultata på same skåre som året før, for elevane på 10.trinn ligg resultata like under skåre som for landet, fylket og kommunegruppe 11. Resultata mellom skolane på 7.trinn varierer mykje, mens det mellom skolane på ungdomstrinnet ikkje er store variasjoner. Læringsresultat Lesing Resultata for 5.trinn er urovekkande, nær 50 % av elevane er på meistringsnivå 1. Med unntak av skoleåret 2009/2010 har resultata på dette trinnet vore for dårlege. Det er stor skilnad mellom skolane. Resultata på 8.årstrinn viser ei svært positiv utvikling. Langt færre elevar er på meistringsnivå 1 og 2 enn siste året, og langt fleire elevar er på meistringsnivå 4 og 5. Dette også om ein samanliknar med både kommunegruppe 11, fylket og landet. Resultata på 9.årstrinn er langt betre i år enn dei var da desse elevane gikk på 8.årstrinn. 21,6% av elevane ligg på meistringsnivå 1 og 2 mot 40,7% siste året. Ein ser at langt fleire elevar skårer på dei høgaste nivåa, 42,2% i år mot 23,3% året før. Rekning Resultata for 5.trinn viser at Fræna kommune framleis har ei utfordring i å få fleire elevar over frå meistringsnivå 1 til høgare nivå. Sjøl om det har vore ei positiv utvikling frå siste år, har Fræna fleire elevar på nivå 1 samanlikna med både landet og fylket. Dette gjeld og nivå 3. For ungdomstrinna viser resultata at delen av elevar på nivå 1 og 2, er mindre enn året før, men vi ligg noko for høgt på desse to nivåa om vi samanliknar oss med landet og fylket. Ein ser ei positiv utvikling frå 8.trinn i fjor til 9.trinn i år. Engelsk Nær 40 % av elevane på 5.trinn ligg på nivå 1. Dette er for stor del av elevane. Samtidig ser ein at det er for liten del av elevane på nivå 3. Resultata viser at Frænaelevane er langt dårlegare enn fylket og landet. Resultata for 8.årstrinn er veldig bra. Ein svært liten del av elevane er på nivå 1. I forhold til fylket og landet kunne det ha vore færre elevar på nivå 2, men ein ser at på nivå 5 ligg Frænaelvane langt over fylket og landet. Karakterar Avgangselevane i Fræna har gode resultat på skriftleg eksamen i engelsk.dei ligg over landsgjennomsnittet og over snittet for standpunktkarakterar i faget for Fræna kommune. Det er dette faget der eksamens- og standpunktkarakter samvarer godt. Ein ser derimot at i faga norsk og matematikk er det stort sprik mellom eksamens- og standpunktkarakter. Grunnskolepoeng Elevane har i gjennomsnitt 39,3 grunnskolepoeng. Resultatet i kommunen ligg litt over nivået dei to siste åra, men under fylkes- og landsnivået. Gjennomføring Mest alle elvane frå Fræna går over i vidaregåande opplæring etter avslutta grunnskole Spesialundervisning Auke i tal på elevar som får spesialundervisning. Nedgang på småskoletrinnet, men auke på dei to andre hovudtrinna, spesielt på ungdomstrinnet. Side 3 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

2. Hovudområde og indikatorar 2.1. Elevar og undervisningspersonale Om elevar og undervisningspersonale Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med desse indikatorane i tilstandsrapporten: talet på elevar og lærarårsverk (sum årsverk for undervisningspersonalet) lærartettleik (lærartettleik 1.-7. steget, lærartettleik 8.-10. steget) 2.1.1. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lærartettleik 8.-10. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 8.-10. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lokale mål Fræna kommune skal ha ein lærartettleik minst på nivå med gjennomsnittet for Møre og Romsdal. Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2012-13 Grunnskole Side 4 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Vurdering Lærartettleik Innrapportert i GSI oktober 2012. Lærartettleiktotalt Lærartettleik- ordinær undervisning Trinn og skole Tal på elevar Tal på elevar 1.-7. trinn - Aureosen skule 14,6 18 1.-7. trinn - Bud barne- og ungdomsskule 13,7 8.-10. trinn - Bud barne- og ungdomsskule 9,9 13,8* 1.-7. trinn - Haukås skole 12,4 14,2 1.-7. trinn - Hustad barne- og ungdomsskule 13,8 8.-10. trinn - Hustad barne- og ungdomsskule 13,8 16,4* 5.-7. trinn - Malme skule 10,8 14,5 1.-4. trinn - Sylte skule 12,6 13,8 1.-7. trinn - Tornes skule 15,3 17,1 8.-10. trinn - Fræna ungdomsskule 15 19,4 * Gjeld 1.-10.trinn Tabellen viser lærartettleiken når ein reknar med spesialundervisning,fyrste kolonne. Lærartettleiken i timer der det ikkje er spesialundervisninga vises i siste kolonne. Som ein ser av diagrammet, er det variasjon mellom skolane og mellom skolane samla, 1.-7.steg 13,3 elevar pr.lærar og for 8.-10.steg 13,6 elevar pr. lærar. 2.1.2. Tal på elevar og lærarårsverk Tal på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskoleopplæring. Årsverk for undervisningspersonale Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer utrekna årsverk til undervisning og utrekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka finn ein ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Årsverk til undervisning. Side 5 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Lokale mål Det er ikkje sett lokale mål i forhold til talet på elevar pr. undervisningsårsverk. Elevtalet på skolane varierer frå 12 elevar til 29 elevar i kvar klasse. Det er eit mål at alle tilsette lærarar skal ha godkjent utdanning, jfr. Ks 58/2010. Pr 01.10.2012 er det 900% lærarstillingar tilsett utan godkjent undervisningskompetanse i dei faga/stega dei underviser på. 4 lærare har tatt vidareutdanning i faga leseopplæring, mat&helse og matematikk. Fræna kommune skoleeigar Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskole Indikator og nøkkeltall 2008-09 2009-10 2010-11 2011-12 2012-13 Tal på elevar 1 208 1 207 1 171 1 204 1 227» Årsverk for undervisningspersonale 109,4 109,6 112,9 112,0 113,0 Fræna kommune skoleeier, Grunnskole Vurdering Tabellen viser at elevtalet i siste fireårsperiode har auka litt, men tala varierer noko frå år til år. Elevtalet i kvar klasse varierer mykje, frå 12 - til 29 elevar. Følgjeleg får ein del elevar mindre rettleiing frå lærar enn elevar som går i små klassar. Klassestorleik i Fræna kommune: 10 klassar med mellom 12-15 elevar 35 klassar med mellom 16-20 elevar 17 klassar med mellom 21-25 elevar 2 klassar med mellom 26-30 elevar Timetalsutviding i perioden: Skoleåret 2010/2011: forsterka opplæring på barnetrinnet med 1 veketime. Skoleåret 2012/2013: innføring av valfag på ungdomstrinnet som fører til utviding av skoleveka med 1/2 time på 8.trinn. Auka stillingsstorleik på barnetrinnet: 1 veketime på 6 skolar= 6 veketimar som utgjer min. 228 årstimar, eller min. 31 % lærarårsverk. Auka stillingsstorleik på ungdomstrinnett: 1/2 veketime ( 3 skolar a`3 grupper) a`9 grupper som utgjer 171 årstimar, eller min. 26 % lærarårsverk. Tabellen viser at i same periode har lærarårsverka auka med 0,001 årsverk, mens dei lovpålagte endringane utgjer 0,57 årsverk. Lærarar og utdanningsnivå Årsverk for undervisningspersonale utan godkjent utdanning for dei trinna dei underviser på inkludert assistentar som utfører undervisningsoppgåver, utgjer for Fræna kommune 910%, altså meir enn 9 heile stillinger. Side 6 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

År Tal på årsverk utan godkjent utdanning 1.-4. trinn 5.-7. trinn 1.-7. trinn 8.-10. trinn Totalt 2012-13 7,56 8,6 8,02 11,47 9,1 2011-12 9,88 9,8 9,85 8,83 9,54 2010-11 5,42 4,09 4,82 4,46 4,71 2009-10 1,58 5,23 3,31 7,96 4,75 Sett i samanheng med aukande alder og del av lærarar utan godkjent utdanning står skolen overfor ei stor utfordring i forhold til rekruttering. Samtidig blir antal timar på ungdomssteget utvida dei to neste åra grunna innføring av valfag for 9. og 10.trinn. Av tabellen (GSI) ser ein at det har vore ein markant auke i årsverk utan godkjent utdanning dei to siste skoleåra. Inneværande skoleår er det 4 lærarar som tek vidareutdanning i leseopplæring, mat&helse og matematikk. Dette er lærarar med godkjent utdanning som manglet tilstrekkeleg fagkompetanse (60 studiepoeng) etter dei nye retningslinene for undervisning. Nokre av dei lærarane som ikkje har godkjent utdanning manglar den pedagogiske utdanninga (PPU), men har kompetanse i enkeltfag. 2.2. Læringsmiljø Om Læringsmiljø Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring. Skoleeigarar og skoleleiarar er pålagde å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget og Vg1. Eit utval av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som ligg i Skoleporten. Resultata frå Elevundersøkinga er viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: trivsel mobbing på skolen fagleg rettleiing meistring fagleg utfordring 2.2.1. Trivsel med lærarane Indeksen viser elevane sin trivsel med lærarane knytt til fag og i kva grad elevane opplever at lærarane er hyggelege. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål Skolane i Fræna skal ha eit positivt læringsmiljø med ein trivselskår minst på nasjonalt nivå. Side 7 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Illustrasjonen er henta frå Skoleporte Vurdering Trivsel saman med lærarane Trivsel saman med lærarane blir målt på følgande vis: trivst du saman med lærarne dine har du lærarar som gir deg lyst til å arbeide med faga er lærarne hyggelege mot deg For 7.steget ser ein at Fræna ligg på landssnittet eller like under. For Fræna kommune er det ei positiv endring. For 10.steget ser ein at Fræna ligg på landssnittet eller like over. For Fræna kommune er det ei positiv Side 8 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

endring. Skolane i Fræna har i fleire år hatt fokus på sosial kompetanse, relasjonsbygging, klasseleiing, felles verdiar og skole-heim samarbeid. Det er eit mål i seg sjølv at elevane skal trivast på skolen. Når forskning viser at eit godt læringsmiljø bidrar til auka læringsutbytte, blir det svært viktig å arbeide systematisk for å vidareutvikle læringsmiljøet på skolane slik at elevane får brukt evnene og føresetnadene sine optimalt. I følge forskning er klasseleiing og struktur i undervisninga, positive relasjonar mellom elevane og mellom lærarar/elevar, kultur for læring på skolen, god skoleleiing og godt samarbeid mellom skole/ heim er faktorar som kjenneteiknar skolar med gode læringsmiljø. Resultata mellom skolane varierer noko. På barnetrinnet ser ein samanheng mellom mange elevar i klassane og lågare skåre på trivsel. På ungdomstrinnet ser ein det motsette, i klassar med mange elevar er det høgare skåre på trivsel med lærarane. På skolane vert det arbeidd systematisk med klasseleiing og ART. Fleire skolar har gjennomført kurs for ART-trenarar.Tal på personar med denne kompetansen aukar i Frænaskolen. Tiltak: 1. arbeide forbyggande og implementere dette i alle klassar 2. utdanne fleire lærarar med kompetanse i ART og klasseleiing 2.2.2. Mobbing på skolen Indikatoren viser den delen av elevane som fortel at dei har blitt mobba dei siste månadene. Skala: 1-5. Låg verdi tyder lite mobbing. Lokale mål Elevane har krav på eit trygt skolemiljø utan mobbing. Kommunen skal ha ei aktiv haldning til å førebygge og sette i verk nødvendige tiltak der ein finn mobbing. Side 9 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Resultata viser at omfanget av mobbing er avgrensa, men ein ser at det er elevar både på 7. og 10.årstrinn som opplever å bli mobba på skolen. Det er forskjellar mellom skolane, og det er ikkje dei største skolane som har mest mobbing. Resultata på 7.trinn ligg like over snittet for landet, fylket og kommunegruppe 11, mens for 10.trinn ligg resultata like under snittet. Kommunen og skolane har nulltoleranse for mobbing, og ein arbeider kontinuerlig og systematisk for å få vekk all mobbing. Elevsamtalar og mobbeundersøking blir gjennomførte for å avdekke eventuell mobbing. Samtalar og haldningsskapande arbeid med ulike aktiviteter vert gjennomførte som Side 10 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

forebyggande tiltak. På alle skolane er det viktig å involvere elevrådet i eit slikt arbeid. Systematisk og kontinuerlig arbeid over tid med tanke på å utvikle gode relasjonar lærar-elev og elevelev, gi fagleg støtte/hjelp og involvere elevane i klassemiljøarbeid er sentrale verkemiddel i arbeid mot mobbing. Tiltak Trene sosial kompetanse ved hjelp av ART klasseleiing med gode, trygge lærarar Gi fleire lærarar/assistentar ART- kompetanse og implementere dette på skolane. 2.2.3. Fagleg rettleiing Indeksen viser i kva grad elevane føler at dei får god rettleiing, korleis dei kan nå måla sine Denne indeksen inkluderer i kor stor grad dei får vite korleis dei kan forbetre seg, og kva for krav det faglege arbeidet set. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål Elevane skal kjenne kompetansemåla i læreplanen og få god rettleiing i korleis dei må arbeide for å nå måla. Elevane i Fræna skal få fagleg rettleiing minst på nivået med landet. Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Side 11 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Diagramma viser at elevane i Fræna får fagleg rettleiing på eller like under landssnittet. Dei viser og at nivået ikkje har endra seg frå siste skoleår. Ved nærmare innsyn i resultata ser ein og at det på barnetrinnet er større forskjell mellom skolane på barnetrinnet enn det er mellom skolane på ungdomstrinna. Tiltak Alle skolane skal delta i eit satsingsområde som heiter "Vurdering for læring", dette er ei statleg satsing som Fræna tar del i. Det er ei satsing for å betre lærarane sin vurderingspraksis for å gi elevane ei best mogleg vurdering som skal fremje læringa til elevane Meistring Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skolen. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål Elevane i Fræna kommune skal oppleve meistring minst på nivå med landet. Side 12 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Resultata for dei tre skuleåra viser ei positiv utvikling for 7.trinnet mens det for 10.trinn er stabilt på stort sett same nivå. Elevane på begge trinna skårer på eller over snittet for landet, fylket og kommunegruppe 11. Tilpassa opplæring er eit viktig prinsipp i Opplæringslova og Kunnskapsløftet. Skoleeigar må arbeide for å legge forholda til rette slik at opplæringa i størst mogleg grad kan tilpassast alle elvane sin evner og føresetnader. Å tilsette kompetente skoleeiarar og lærarar og gi tilbod om relevant etter- og vidareutdanning, er derfor sentrale verkemiddel for å oppnå meistring og læring. Side 13 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Tiltak: valfag på 8.trinn blei innført skoleåret 2012/2013, på 9.trinn blir det innført 2013/2014 og på 10.trinn 2014/2015 vurdere å halde fram med «Ny Giv» (dette er ei ordning som fell bort neste skoleår og blir ein del av Ungdomstrinnssatsinga, tilskott frå staten fell og bort) 4 lærarar på vidareutdanning innafor faga leseopplæring og matematikk kursing av alle lærarar i vurderingskompetanse rektorutdanning for nytilsette rektorar 2.2.4. Fagleg utfordring Indeksen viser elevane si oppleving av faglege utfordringar i skolearbeidet. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål Elevane i Fræna kommune skal oppleve faglege utfordringar i skolearbeidet minst på nasjonalt nivå. Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Grunnskole Side 14 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Resulta viser at for elevane på 7.trinn i Fræna kommune ligg på same skåre som fylket og landet, og 10.trinn ligg like under skåren som landet, fylket og kommunegruppe 11. Resultata mellom skolane på 7.trinn varierer mykje, mellom skolane på ungdomstrinnet er det ikkje store variasjonar. For 7.trinn er dette ein ny indikator, ein spør elevane om dei får nok utfordringar på skolen. 2.3. Resultat Om Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. I tilstandsrapporten er desse resultatindikatorane obligatoriske: nasjonale prøver på 5., 8. og 9. steget i lesing og rekning standpunkt- og eksamenskarakterar i norsk hovudmål, matematikk og engelsk grunnskolepoeng Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med følgjande indikatorar i tilstandsrapporten: nasjonale prøver i engelsk på 5., 8. og 9. steget Side 15 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

2.3.1. Nasjonale prøver lesing 5. steget Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt: Elevane skal vise at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Fræna kommune skal ha færrast mogleg elevar på meistringsnivå 1 og fleire elevar over på dei høgare nivåa. Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Resultata for 5.trinn er urovekkande, nær 50 % av elevane er på meistringsnivå 1. Med unntak av skoleåret 2009/2010 har resultata på dette trinnet vore for dårlege. Det er store forskjellar mellom skolane. Analyse og vurdering er gjort på den enkelte skole og i Skoleforum, og ein håpar at satsinga på lesing, «Skrive seg til lesing», tett oppfølging av elevar med "lesevanskar", SOL (systematisk obsevasjon av lesing) brukes som kartlegging og for å sette inn tiltak, bruk av bibliotek og systematisk leseopplæring skal gi resultat frå neste skoleår. Utfordre lærarar i plenum om kva ein har gjort som leselærar, stille Side 16 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

krav til både lærarar og føresette. Skolane må arbeide vidare med målet: utvikle funksjonelle (forstår kva dei leser) lesarar. Tiltak: 1.-2.trinn: «Skrive seg til lesing» skal gjennomførast fleksible lesegrupper og meir fleksibel bruk av leselærarar lese- og læringsstrategiar med vekt på begrepstrening SOL-ing av elevar på 1.-8.trinn leseplanen skal gjerast ferdig innan skoleåret forpliktande samarbeid heim-skole i leseopplæringa vidareutdanning av fleire leselærare alle elevar skal ta dei frivillige kartleggingsprøvene på trinna 1.-4. 2.3.2. Nasjonale prøver rekning 5. steget Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara er rimelege kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Fræna kommune skal ha færrast mogleg elevar på meistringsnivå 1 og fleire over på meistringsnivå 2 og 3. Side 17 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Periode 2012-13 Grunnskole Vurdering Resultata viser at Fræna kommune framleis har ei utfordring i å få fleire elevar over frå meistringsnivå 1 til høgare nivå. Sjøl om det har vore ei positiv utvikling frå siste år, er det framleis fleire elevar frå Fræna på nivå 1 samanlikna med landet og fylket, dette gjeld og nivå 3. Resultata har vore diskuterte i møte i Skoleforum, og ein ser at det må satsast på vidareutdanning og etterutdanning innafor fagfeltet. Tiltak: Vidareutdaning i matematikk Gjennom prosjektet "Vurdering for læring" bør ein ha fokus på faget Side 18 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

2.3.3. Nasjonale prøver engelsk 5. steget Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytte til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Målet for Fræna kommune er å betre resultata slik at ein ligg på nivå med fylket og landet. Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Grunnskole Side 19 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Periode 2012-13 Grunnskole Vurdering Tidligare målsetting om å vere på nivå med resultata frå 2009/2010, er vi eit godt stykke unna.dette er endret til å vere på nivå med fylket og landet. Nær 40 % av elevane ligg på nivå 1, dette er ein for stor del av elevane. Samtidig ser ein at det er for liten del av elevane på nivå 3. Tabellen viser at Frænaelevane sine resultat er langt dårlegare enn resultata for fylket og landet. Resultata har vore drøfta i Skoleforum utan at det er funne enkle løysingar på dette. Det blir påpeika at det er vanskelege og store tekstmengder elevane skal lese. Tiltak Større fokus på lesing av engelsk tekst på 4.trinn Arbeide systematisk med ordforrådet Auke kompetansen i faget ved å vidareutdanne/etterutdanne lærarar i faget. 2.3.4. Nasjonale prøver lesing ungd. steg Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Side 20 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Utvikling av lesekompetansen på alle klassetrinn og i alle fag, er eit sentalt satsingsområde også for ungdomstrinnet. Det er eit mål å få ein større del av elevane på 8.årstinn over frå meistringsnivå 1, 2 og 3 til høgare nivå. Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Vurdering Resultata på 8.årstrinn viser ei svært positiv utvikling. Langt færre elevar er på meistringsnivå 1 og 2 enn året før, og langt fleire elevar er på meistringsnivå 4 og 5, dette også om ein samanliknar nivået med både kommunegruppe 11, fylket og landet. Ein ser at resultata varierer frå år til år, og ein må ta høgde for at ulike variablar verkar inn på dei årlege resultata når utvalet av elevar er lite, men det er likevel viktig at skolane brukar resultata som grunnlag for analyse og vurdering av opplæringa på eigen skole. Resultata varierer frå skole til skole. Elevane har nyleg starta på ungdomstrinnet når dei nasjonale prøvene blir gjennomførte. Resultata viser derfor tilbake til opplæringa på barnetrinnet. Tilbakemelding, dialog og samhandling med barneskolen blir viktig. Side 21 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Dette er gjort: avgivarskolane har sett på prøveresultata til sine elevar avgivarskolane har presentert resultata og analysane på skoleforum (møte mellom skoleleiarar og skoleeigar) oppsummering er laga o alle lærarar er leselærarar o utvikle funksjonelle lesarar- lære elevane lesestrategiar o god bruk av skolebibliotek Resultata på 9.årstrinn er langt betre i år enn dei var da desse elevane gikk på 8.årstrinn. 21,6% av elevane skårer på meistringsnivå 1 og 2 mot 40,7% siste året. Ein ser at langt fleire elevar skårer på dei høgaste nivåa, 42,2% i år mot 23,3% i fjor. I løpet av dette halvåret vil ein felles leseplan for barnehage og 1.-7.trinn for Fræna kommune bli lagt fram. Planen vil i løpet av hausten bli utvida til å gjelde 8.-10.trinn. Denne planen vil innehalde viktige tiltak på kvart trinn i skole og barnehage og rettleiing om korleis elevane skal kartleggast. Med dette signaliserer Frænaskolen eit felles opplegg som alle skolane skal arbeide med for å sikre elevane leseutvikling og lesekompetanse. 2.3.5. Nasjonale prøver rekning ungd. steg Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei: forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring, kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara dei får er rimelege kan vise effektive strategiar for enkel talrekning Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Færrast mogleg elevar på meistringsnivå 1 og 2, fleire på høgare nivå. Side 22 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Periode 2012-13 Grunnskole Side 23 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 9 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 9 Begge kjønn Periode 2012-13 Grunnskole Illustrasjo nen er henta frå Skoleporten Side 24 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Vurdering For Fræna kommune viser resultata at del av elevar på nivå 1 og 2 er mindre enn siste år, men vi ligg enno for høgt på desse to nivåa om vi samanliknar oss med landet og fylket. Ein ser og ei positiv utvikling fra 8.trinn i fjor til 9.trinn i år. Tiltak: Vidareutdanning for lærarar i matematikk Bruke lærarar som har fått kursing i Ny Giv, til å ha små kurs for andre lærarar og elevgrupper som slit i faget. Ha fokus på faget i prosjektet "Vurdering for læring" På sikt skal alle skolane med ungdomstrinn få tilrettelagte etterutdanningskurs som tek for seg dei lokale utfordringane. 2.3.6. Nasjonale prøver engelsk ungd. steg Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene for ungdomssteget er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Lokale mål Auke delen elevar på meistringsnivå 3 og 4 og redusere delen elevar på meistringsnivå 2. Side 25 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Periode 2012-13 Grunnskole Side 26 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Vurdering Resultata for 8.årstrinn er svært bra, det er ein svært liten del av elevane som er på nivå 1. Dette er årgangen som gjorde det svært bra då dei gjekk på 5.trinn i 2009/2010, og det er gledeleg og sjå at dei framleis har ei positive utvikling. I forhold til fylket og landet kunne det ha vore færre elevar på nivå 2, men ein ser at på nivå 5 ligg desse elvane langt over snittet for fylket og landet. Det kan vere store variasjonar mellom årskulla, derfor må det vere eit mål å jamne ut denne ulikskapen. Tiltak Fagsamarbeid mellom lærarar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet, noko som er mogleg gjennom prosjektet "Vurdering for læring". Tilsette lærarar med fagkompetanse og sørge for kompetanseheving gjennom etterutdanning og vidareutdanning. 2.3.7. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt. Lokale mål Eksamenskarakterar minst på nivå med landsgjennomsnittet, større samsvar mellom eksamenskarakterar og standpunktkarakterar. Side 27 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2011-12 Grunnskole Vurdering Diagrammet viser at avgangselevane i Fræna har gode resultat på skriftleg eksamen i engelsk der dei ligg over landsgjennomsnittet og over snittet for standpunktkarakterar i faget for Fræna kommune. Det er dette faget som har best samsvar mellom eksamens- og standpunktkarakter. Ein ser derimot at for faga norsk og matematikk er det store sprik mellom eksamens- og standpunktkarakterar. Tiltak Starte opp prosjektet "Vurdering for læring" for alle lærarane i Fræna kommune Ungdomstrinnsatsing - etterutdanning som tar utgangspunkt i lokale utfordringar. Oppstart tidligst hausten 2015. Side 28 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

2.3.8. Grunnskolepoeng Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskolepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven Grunnskolepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Lokale mål Resultat som ikkje ligg under 40 grunnskolepoeng. Likeverdig vurdering på skolane i kommunen. Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskole Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på kjønn Offentleg Alle Periode 2011-12 Grunnskole Side 29 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Vurdering Elevane har i gjennomsnitt 39,3 grunnskolepoeng. Resultatet i kommunen ligg litt over nivået dei to tidlegare åra, men under nivået til fylket og landet. Resultatet varierer frå skole til skole, frå 38,3 til 42,8. Det er fortsatt slik at jentene får betre karakterar enn gutane både i kommunen, fylket og landet. Tiltak Starte opp prosjektet "Vurdering for læring" for alle lærarane i Fræna kommune Ungdomstrinnsatsing - etterutdanning som tar utgangspunkt i lokale utfordringar. Oppstart tidligst hausten 2015. 2.4. Gjennomføring Om Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Lokale mål Fråfallet i vidaregåande opplæring skal reduserast til eit minimum. Fræna kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2010 Grunnskole Indikator og nøkkeltall Overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring (prosent) Fræna kommune skoleeier Kommunegruppe 11 Møre og Romsdal fylke 99,3 97,4 97,9 96,6 Nasjonalt Fræna kommune skoleeier, Grunnskole, 2010-2010 Vurdering Tabellen viser at nesten alle elvane frå Fræna går over på vidaregåande opplæring etter avslutta grunnskule, men ein veit at svært mange elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring på normert tid. Det nasjonale prosjektet Ny Giv skal hjelpe umotiverte elevar med svake resultat i 10.klasse til å prestere betre før dei byrjar på vidaregående skole. Dei vil og få oppfølging når dei kjem over i vidaregåande skole.som tidlegare skrevet endres denne ordningen frå neste skoleår. Side 30 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Årleg blir rapporten som fortel i kor stor grad elevar som startar på vidaregående opplæring, gjennomfører den innafor 5 år, presentert. Denne rapporten Gjennomføringsbarometeret viser tilstand og utvikling over tid for vedtatte indikatorar (overgangsprosjektet, oppfølgingsprosjektet som en del av måla for Ny Giv - gjennomføring av vidaregåande opplæring). Gjennomføringsbarometeret skal, så langt det er moleg, mellom anna gi relevant styringsinformasjon til skoleeigar som kan brukast i kvalitetsutviklingsarbeid. For elevar i Fræna viser det seg at 24,5 % av elevane som begynte på vidaregåande opplæring i 2004-2006, ikkje fullførte innafor 5 år (2009-2011). Dette er under landsgjennomsnittet, men likevel eit for høgt tall. For Møre og Romsdal er fråfallet i vidaregående opplæring større blant elevar som går på yrkesfaglege studieretninger enn det er for elevar som går på studiespesialiserande retningar. Rapporten trekkjer fram nokre faktorar som kan ha innverknad på desse forskjellane: elevar på yrkesfaglege studieretningar har i snitt færre grunnskolepoeng enn elevar på studiespesialiserande retningar elevar på yrkesfaglege studieretningar manglar «bestått» i enkeltfag slik at dei ikkje får godkjent vitnemål tilgang på lærlingeplassar er avgrensa slik at elevane på yrkesfaglege studieretningar ikkje får godkjent vitnemål og må over i anna studieløp voksande del elevar har psykiske vanskar 2.5. Spesialundervisning Om Spesialundervisning Om spesialundervisning Talet på elevar som får spesialundervisning aukar forsatt, dette er ei utvikling som ein verken ønsker frå lokalt eller sentralt hald. Det viser seg og at spesialundervisninga aukar oppover i utdanningsløpet. Mål Flest mogleg elevar bør få betre tilpassa opplæring innafor det ordinære opplæringstilbodet. Tidleg innsats bør vere eit av måla samtidig som det vert arbeidd med å betre tilpassa opplæring på alle trinn. Tal på elevar med spesialundervisning og samla elevtal 2008/20092009/20102010/2011 2011/2012 2012/2013 Elevar m/spesialundervisning 71 82 90 95 103 Samla elevtal 1208 1207 1171 1204 1227 % elevar m/spesialundervisning 5,9 6,8 7,7 7,9 8,4 Side 31 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

Vurdering: Tabellen viser at andel elevar med vedtak om spesialundervisning aukar. Framleis er delen av gutar som mottar spesialundervisning, større enn for jenter. 63 % av elevane som har spesialundervisning skuleåret 2012/2013, er gutar. Fordeling av spesialundervisning over tid og årstrinn, antal og prosentvis % År/klasse 1.kl elevar 10.kl % elevar 1.-4.trinn % elevar 5.-7.trinn % elevar 8.-10.trinn % elevar 2008/2009 6 4,6 6 5,3 27 5,7 18 4,7 26 7,5 2009/2010 5 3,9 14 11,3 24 4,8 29 8,0 29 8,3 2010/2011 5 4,4 10 8,8 29 5,9 28 8,1 33 9,9 2011/2012 5 3,4 9 8,1 27 5,1 27 7,8 41 12,7 2012/2013 4 3,1 21 18,8 25 4,8 29 7,6 49 15,3 Av tabellen kan ein sjå at det for elevar på 1.årstrinn har vore ei positiv utvikling, ikkje stor, men i riktig retning. Dei seineste åra har tiltak vore sette inn. Eksempel på dette er "Skrive seg til lesing", SOL og eit større fokus på leseopplæring. Inneverande skoleår tar to lærarar vidareutdanning i leseopplæring. På skolane vert det arbeidd systematisk med leseopplæringa. Når ein oppdagar område elevar slit med, er det viktig å setje inn tiltak snarast. Dette er i tråd med dei nasjonale styringssignala. Del av elevar på 1.-4.trinn og 5.-7.trinn som har spesialundervisning, held seg stabil, men det må vere eit mål å minimalisere denne mest mogleg. Situasjonen på ungsomstrinnet er annleis.der ser ein at talet på elevar med spesialundervisning aukar for kvart år, men som tabellen viser, er det store variasjonar på 10.trinn frå år til år. Nasjonale styringssignal har som mål å redusere spesialundervisning for kvart nytt årstrinn, men verken nasjonalt eller lokalt har ein nådd dette målet. Når det gjeld del av spesialundervisning på dei ulike hovedtrinna (1.-4., 5.-7. og 8.-10.), må ein sjå på om overgangen for elevane blir for stor i forhold til ressursar til tilpassa opplæring. Mellom skolane som har ungdomstrinn, er det store forskjellar på timetalet brukt til styrking i klassane og som da gir større moglegheit for tilpassa opplæring. Ein veit at ressurstilgangen ikkje aukar i takt med behovet for spesialundervisnig i skolen. Dette fører til redusert timetal til generell styrking i klassane. Tiltak som blir sette inn for å forsterke leseopplæringa: gjere ferdig leseplan for all leseopplæring frå barnehage til 10.trinn og implementere den frå skolestart hausten 2013. Leseplanen inneheld oversikt over felles område som ein ønsker skal vere like for alle barnehagar og skolar i kommunen. Desse områda er blant anna "Skrive seg til lesing", høgtlesing, lesestrategiar, bruk av bibliotek, alle lærare er leselærarar og gjennomføring/oppfølging av lokale og nasjonale testar. nasjonal satsing på "Vurdering for læring"- prosjekt for å auke kompetansen på vurdering og for å vidare auke kvaliteten på den undervisninga vi gir elevane, nettopp for å kunne gi dei ei betre tilpassa opplæring. Side 32 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

3. System for oppfølging (internkontroll) Fræna kommune er skoleeigar og skal ha eit heilskapleg system for kvalitetsvurdering av grunnskuleverksemnda. Opplæringslovea 13-10: Ansvarsomfang. "Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 2-12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 2-12 skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i 14-1 fjerde ledd. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane". Fræna kommune har pr. dato eit fullverdig system som tilfredsstiller lovkrava. Det er kjøpt inn eit elektronisk internkontroll- og kvalitetssystem. Kommunen har på plass eit årshjul som beskriv prosedyrer for oppfølging av det nasjonale kvalitetssystemet på skole- og kommunenivå. Kommunen følger opp med eit skolebesøk der ein går gjennom resultat, system for oppfølging av elevar og satsingsområda som er vedtatte, og som skolane skal arbeide med. Ein viktig del av dette er å setje av tid til å evaluere resultat og analysar slik at ein kan setje seg klare mål for Frænaskolen. Konkrete tiltak må utarbeidast for å nå måla. Vedtak i Kommunestyret i Fræna- 09.01.2012; PS 2/2012 Vedtak: Kommunestyret tar tilstandsrapporten 2011 for grunnskulen i Fræna kommune til vitande. Tilstandsrapporten neste år skal innehalde ein kort rapport frå resultata frå nasjonale prøver Ein kort rapport frå skulane Orientering om prosjekt den enkelte skule kan tenke seg til å prøve I fohold til Opplæringslova skal ein tilstandsrapport omhandle læringsresultat, frafall og læringsmiljø. Dermed kan ikkje skoleeigar berre lage ein rapport som omhandlar nasjonale prøver. I Skoleforum vert resultat og analysar evaluerte, og ein blir samla einige om tiltak der ein og tar omsyn til den einskilde skole sine utfordringar. Dette er og tatt opp på dei årlege skolebesøka som gjennomføras. Tiltaka som det er semje om, er skissert i rapporten. I samband med prosjektet Frænaskolen er det semje om at ein skal finne felles område alle skolane i Fræna skal jobbe med. Skolane har vald desse arbeidsområda grunna rtidsressursen: Skrive seg til lesing SOL ART/klasseleiing Vidareutdanning av lærare Vurdering for læring Side 33 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen

4. Konklusjon Sett i forhold til samfunnsmandatet, gir kvalitatsrapporten innsyn i ein del av verksemda i skolen i eit skoleår. Vi ser at det kan vere store forskjellar i resultat mellom årstrinna på dei ulike skolane, derfor er det viktig å se dette over tid.likevel ser ein tendensar og område som må utviklast i forhold til kompetanse blant lærare og leiing, og bruk av pedagogiske verkemiddel. Det er lagt til rette for prosessar både på skolenivå og på skoleeigarnivå, der tida har vore brukt til å bli einige om tiltak utfrå dei resultata elevane har fått. Omfanget av tiltaka er ulike, dei som ein kan gjere noko med (pedagogiske), har skolane alt sett i system. Nokre tiltak krev meir, slik som kompetanseheving av lærarar og skoleleiarar med omsyn til økonomi, tid og utstyr. Det vert arbeidd mykje med å utvikle system (malar og lik praksis) og arena for fagleg samhandling slik at Frænaskolen kan utvikle seg i ein felles retning. Side 34 av 34 - Kvalitetsrapport for Fræna kommune-grunnskolen