Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

2016/ Sør-Varanger kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for Nordre Land-skolen 2014

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Oppmøte Vallersund oppvekstsenter

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Tilstandsrapport for Åmli skule 2016

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

Tilstandsrapport for Brønnøyskolen 2018

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Innkalling av Formannskapet

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Innkalling av Kommunestyret

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Øyerskolen

kulturskule grunnskule Aurland kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Tilstandsrapport for grunnskolen i Osen 2015

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Forfall meldes til Infotorget på e-post eller på telefon

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Tilstandsrapport for grunnskolen

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vardø 2014/2015

Tilleggsinnkalling for Oppvekst- og kulturutvalg

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

OM KVALITETSRAPPORTEN...2 FAKTA OM KJØKKELVIK SKOLE...2 LÆRINGSMILJØ ELEVUNDERSØKELSEN...3 RESULTATER KARAKTERER 10. TRINN...29 GRUNNSKOLEPOENG...

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Tilstandsrapport for grunnskolen

Om kvalitetsrapporten...2 Fakta om Sandgotna skole...2 Læringsmiljø elevundersøkelsen...3

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen, Rødøy kommune

Tilstandsrapport for Berlevåg skole

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Tilstandsrapport for grunnskolen i Tana kommune 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Luster kommune. Lagt fram:

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Kvalitet i skolen. Tilstandsrapport 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Gulen 2011

Tilstandsrapport for grunnskolen i Ålesund kommune

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen

RINDAL KOMMUNE TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN 2014

Transkript:

Tysdag 10. mai, 2016 Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren og har kvalitetsutvikling som siktemål. Kryss av for kven som har vore involverte i prosessen med å utarbeide tilstandsrapporten. Medverknad i utarbeidinga av rapporten Ja Nei Elevar og foreldre (f.eks. dialogmøte) X Organisasjonane X Skolar X Administrasjonen i kommunen/fylkeskommunen X Politikarar i kommunen/ fylkeskommunen X Lovkravet Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I St.meld. nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. av kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane, jf. opplæringslova 13-10 andre ledd. Det er fastsett i privatskolelova 5-2 andre ledd bokstav k at styret skal drøfte den årlege rapporten om tilstanden i desse skolene. Desse har ansvar for å utarbeide den årlege tilstandsrapporten: Kommunar Fylkeskommunar Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova 2-12 Private skolar med rett til statstilskott

Innhald i tilstandsrapporten Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men skoleeigaren kan omtale andre resultat og bruke andre data ut frå lokale behov. Når det blir gjerast vurderingar av tilstanden, er det viktig å synleggjere kva for målsetjingar hos skoleeigaren og skolane som danner grunnlag for vurderinga. Tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om vaksne. Skoleeigaren skal derfor bruke andre kjelder for datainnhenting på dette området. Tidleg innsats er vesentleg for å betre elevane sine ferdigheiter og den faglege utviklinga. Kartlegging av elevane sitt ferdigheitsnivå må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral. Kvalitetsvurderingssystemet Tilstandsrapporten inngår i kvalitetsvurderingssystemet. Kvalitetsvurdering er å samanstille informasjon og data som grunnlag for å drøfte kvaliteten på opplæringa internt på ein skole eller i ein kommune/fylkeskommune, og for å drøfte kvaliteten i større delar av eller i heile utdanningssektoren. Målet er kvalitetsutvikling og læring. Kvalitetsvurderinga er ein prosess der dialogen om kva som er god kvalitet, står sentralt. Det er naturleg at det blir stilt spørsmål ved samanhengen mellom kvaliteten på opplæringa ved den enkelte skolen og mellom skolane og resultata i dialogen med skoleeigaren. Det generelle systemkravet Skoleeigarane si plikt til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i grunnopplæringa er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf. opplæringslova 13-10 andre ledd og privatskolelova 5-2 tredje ledd. Ver merksam på at kravet til internkontroll omfattar alle plikter som skoleeigaren har etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor meir omfattande enn det tilstandsrapporten sitt minimum skal dekkje. Personvern Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan være teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova 2 nr. 1. Tilsvarande kan også gjelde for lokale indikatorar. Desse opplysningane må behandlast i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova. Merk: Denne versjonen av tilstandsrapporten er på nynorsk. Uttrekk av innhald frå Skoleporten, som ikkje finst på begge målformer, kan likevel vere på bokmål. Side 2 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Innhald 1. Samandrag... 4 2. Hovudområder og indikatorar... 6 2.1. Elevar og undervisningspersonale... 6 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk... 6 2.1.2. Lærartettleik... 7 2.2. Læringsmiljø... 10 2.2.1. Elevundersøkinga... 10 2.2.2. Andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent)... 16 2.3. Resultat... 18 2.3.1. Nasjonale prøver 5. steget... 18 2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg... 23 2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk... 32 2.3.4. Grunnskolepoeng... 37 2.4. Gjennomføring... 38 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO... 38 2.5. Utagerande åtferd... 39 2.6. Ressursar, spesialundervisning og særskilt norskopplæring... 41 2.6.1. Ressursar, spesialundervisning og særskilt norskopplæring... 41 2.7. IKT... 44 2.8. Symjeopplæring... 45 2.9. Felles informasjon frå barneskulane... 46 2.10. Vaksenopplæring... 47 3. System for oppfølging (internkontroll)... 49 4. Konklusjon... 50 For å oppdatere innholdsfortegnelsen, markerer du denne setningen - så klikker du F9. Side 3 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

1. Samandrag Tilstandsrapporten, eller kvalitets- og utviklingsmeldinga for grunnskulen, skal gi alle lokale aktørar eit innblikk i, og vere eit grunnlag for å diskutere kvaliteten på opplæringa i dei kommunale skulane i Sykkylven, og setje utviklingsmål med bakgrunn i denne kunnskapen. Opplæringslova set som eit minstekrav at den årlege tilstandsrapporten om skulen skal omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men andre resultat og data kan også nyttast ut frå lokale beslutningar og behov. I kommunestyremøte 07.09.2015, PS 45/15, vart det vedteke følgjande: "I framtidige tilstandsrapportar for grunnskulen skal tal/indikator for måloppnåing som gjeld kompetanse i symjing for 4. klasse vere med." Dette er difor teke med som eit eige område i rapporten. Dei nye kompetansakrava innanfor symjeopplæringa gjer det nødvendig med ei satsing også her. Lærarane treng meir oppdatert kompetanse i symjeopplæringa, og symjeundervisninga må verte meir effektiv. Elles har kommunen fleire satsingar for barn og unge i risiko. Førebygging og tidleg innsats i høve barn som står i fare for å utvikle åtferdsvanskar av ulik art, kan hindre skeivutvikling og at vanskane aukar og vert meir samansette over tid. Resultata av desse satsingane vil ikkje nødvendigvis verte synlege i statistikkar og oversikter de næraste åra, men kvardagen for både barn, føresette og personale i barnehagar og skular vil verte betre. Spesialundervisninga har stort fokus i Sykkylven sidan vi ligg høgt i statistikkar på andel elevar som har enkeltvedtak etter 5-1 i opplæringslova. Målet har over fleire år vore å få dette talet ned, men det er viktig at dei elevane som treng ekstra støtte for å få utbytte av undervisninga, framleis får det. Ei styrking av den ordinære undervisninga i klasserommet kan gjere det mogleg å organisere timane meir fleksibelt, slik at fleire elevar får tilrettelagt hjelp med ein gong når vanskane vert oppdaga. Då kan ein på sikt hindre at vanskane utviklar seg i så stor grad at spesialundervisning vert nødvendig. Også her er tidleg innsats sentralt fokusområde. IKT kan også vere ein måte å få med elevar som synast det er vanskeleg å produsere tekstar og arbeide med oppgåver. Ein ser frå andre kommunar som har satsa på digitale verkty av ulik art, at spesielt elevar med svak eller middels måloppnåing oppnår betre resultat der dei får nytte t.d. nettbrett eller andre digitale verkty. Nettbrett kan også vere eit viktig hjelpemiddel i den grunnleggande leseopplæringa. Av oversikta til slutt i rapporten, ser vi at det framleis er mange områder å arbeide med. Mange lokale mål er ikkje nådd, og vi ligg under fylket og nasjonen på fleire område. Elevundersøkinga, spesielt på 10.trinn, kan vi ikkje sjå oss heilt nøgde med, og særleg områda Vurdering for læring (VFL) og Elevdemokrati og medverknad bør bli betre. Vurdering for læring har vore ei satsing i alle skulane frå 1.- 10. trinn, men ein veit at endring i klasserommet tek tid. Her vil sannsynligvis resultata verte betre etter kvart som lærarar vert tryggare i kva dette er og korleis vurdering for læring (ikkje vurdering av læring) kan gjennomførast og implementerast i klasseromma. Sjølv om den nasjonale satsingsperioden er over for ungdomsskulen, og avsluttast våren 2016 for barneskulane, er dette eit heilt klart fokusområde for alle skulane også framover, og VFL har blitt ein viktig del av skulekvardagen. Mobbing er eit tema vi aldri kan sleppe heilt. Sjølv om andelen elevar som har opplevd mobbing går ned i år, må fokuset haldast oppe. Alle vaksne har eit ansvar for å vere gode førebilete for borna våre, både på nett og i det verkelege liv. Dette må vi vere oss bevisste. I arbeidet mot mobbing har også føresette har ei viktig rolle, i samarbeid med lærarane og skuleleiinga. Side 4 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Oppsummert har grunnskulane i Sykkylven desse fokusområda: Kontinuerleg arbeid mot alle formar for mobbing og krenkingar, fokus på godt og trygt skulemiljø for alle Ungdomstrinn i utvikling med satsingsområde lesing i alle fag og klasseleiing i samarbeid med Høgskulen i Volda og Udir. Språkkommunesatsinga med Språkløypa i alle barneskulane i samarbeid med Lesesenteret, Skrivesenteret og Udir. Samanheng i leseopplæring og språkutvikling frå barnehage til og med 10.trinn Vurdering for læring (VFL) Tidleg innsats i høve elevar som er i ein sårbar situasjon Vidareutdanning av lærarar Kompetanse i bruk av digitale hjelpemiddel i undervisninga Meir effektiv symjeopplæring i 1.-4.trinn Side 5 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

2. Hovudområder og indikatorar 2.1. Elevar og undervisningspersonale 2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk Talet på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskoleopplæring. Årsverk for undervisningspersonale Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka er berekna ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Årsverk til undervisning. Del av årstimar gitt av personale med godkjend utdanning Indikatoren viser kor stor del av årstimane som er gjennomførte av undervisningspersonale med godkjend utdanning i dei fag og trinn dei underviser i. Lokale mål Talet på lærarårsverk Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 Mål 2016 92,0 88,2 94,0 90,0 94,0 Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Indikator og nøkkeltall 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Talet på elevar 999 960 962 977 942 Årsverk for undervisningspersonale 84,7 84,4 89,6 88,2 90,0 Andel årstimer til undervisning gitt av undervisningspersonale med godkjent utdanning 97,4 96,5 98,5 97,2 96,2 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Antall elever og lærerårsverk, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn Side 6 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Skoleeiers egenvurdering Resultata når det gjeld lærarårsverk ligg under målet på 94,0 for 2015 med fire årsverk. Dette er altså medrekna dei fire ekstra lærarstillingane på ungdomstrinnet som vert statleg finansiert ut skuleåret 2016/2017. Framover er det difor viktig å tenkje rekruttering, også av følgjande årsak: D. Grunnskoleopplæring - nøkkeltall (K) etter region, statistikkvariabel og tid 1528 Sykkylven 2013 2014 2015 Andel lærere som er 40 år og yngre 32,5 30,8 - Andel lærere som er 50 år og eldre 47,9 46,7 - Andel lærere som er 60 år og eldre 22,2 22,5 - Tabellen henta frå Kostra viser at Sykkylven kommune har ein lærarstab med ganske lang (livs)erfaring. Dette medfører behov for nyrekruttering. Andelen menn ser ut til å vere på veg ned, spesielt i barneskulane. Frå 1. august 2015 kom det nye kompetansekrav for undervisningsstillingar. Lærarar skal har minst 30 studiepoeng for å undervise 1.-7. trinn i faga matematikk, engelsk og norsk. På 8.-10.trinn er kravet minst 60 studiepoeng i dei same faga. Ifølgje tal henta frå GSI per 1. oktober 2015 vil 46 lærarar i Sykkylven ha behov for vidareutdanning for å fylle desse krava, under føresetnad at dei skal halde fram å undervise i eitt eller fleire av desse faga. 130 lærarar har allereie den kompetansen dei har behov for i sine undervisningsstillingar. Dersom vi samanliknar våre tal med nabokommunane, ser vi at Sykkylven har mange lærarar som allereie fyller kompetansekrava. For Stranda er talet 45 lærar utan tilstrekkeleg kompetanse, medan 57 har. Ålesund: 272 lærarar treng meir kompetanse, 523 har kompetansen dei treng. I skuleåret 2015/2016 er det to lærarar som tek vidareutdanning, ein i norsk og ein i naturfag (naturfag er også eit satsingsfag ift. vidareutdanning for lærarar). I tillegg tek ein person rektorutdanning. Skulane må setje tak for kor mange lærarar som kan ta vidareutdanning til ei kvar tid, då studia ikkje er fullfinansierte, i tillegg til at det er krevjande å finne kvalifiserte vikarar. Truleg vil det bli sett i gang fleire regionale tilbod etter kvart. Høgskulen i Volda har for 2016/2017 oppretta fleire tilbod for å imøtekome behova i regionen når det gjeld vidareutdanning. 2.1.2. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget og 8.-10. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Side 7 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Lærartettleik i ordinær undervising Lærartettleik i ordinær undervisning er ein indikasjon på tal på elevar per lærar i ordinær undervisning, der ressursar til spesialundervisning og undervisning i særskild språkopplæring ikkje vert medrekna. I andre samanhengar vert dette målet kalla gruppestorleik 2. Mål på lærartettleik er hefta med usikkerheit. Dette kjem av at nokre kommunar fører lærarressursar på kommunen sentralt, mens andre kommunar fører dei på skolen i GSI. Dette kan til dømes vere timar til spesialundervisning eller til særskild norskopplæring. Lokale mål Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 Mål 2016 Lærartettleik 1.-7. trinn 13,2 13,0 13,0 12,3 12,9 Fylket 12,6 12,5 Nasjonalt snitt 13,4 13,4 Lærartettleik 8.- 10.trinn 15,0 15,5 14,5 14,6 14,5 Fylket 14,3 14,0 Nasjonalt snitt 14,3 14,2 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 8 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Skoleeiers egenvurdering Lærartettleiken (gruppestorleiken) har vorte klart betre på 1.-7.trinn og her ligg vi lågare enn målsetjinga for både 2014 og 2015, og lågare enn både fylket og nasjonen. Dette er i tråd med ei satsing på tidleg innsats og fokus på å setje inn tiltak tidlegast mogleg i skuleløpet. Også på ungdomsskulen har lærartettleiken vorte betre, men her må ein hugse at Sykkylven kommune har fått statleg finansiering av fire ekstra lærarstillingar i fire år, ut skuleåret 2016/2017, på grunn av at gruppestorleiken var høg i m.a. 2011-12 og 2012-13. No har elevtalet vore rekordhøgt på ungdomsskulen eit par år (355 i 2014/15, 328 i 2015/16), samtidig som desse ekstrastillingane har vore inne. Kommunen har vore heldige å fått desse stillingane under den "verste kneika". Tabellen under viser fødselstala over fleire år. Som vi ser er kullet frå 2006 også stort, deretter går elev-/barnetalet gradvis nedover og legg seg mellom 75 og 85 born. 2015 73 2014 80 2013 74 2012 86 2011 84 2010 104 Side 9 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

2009-1. trinn 102 2008-2. trinn 101 2007-3. trinn 95 2006-4. trinn 117 2005-5. trinn 78 2004-6. trinn 102 2003-7. trinn 104 2002-8. trinn 97 2001-9. trinn 123 2.2. Læringsmiljø 2.2.1. Elevundersøkinga Alle elevar og lærlingar skal inkluderes og oppleve meistring. Det er obligatorisk for skoleeigarar og skoleleiarar å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget og for Vg1. Ein del av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som blir viste i Skoleporten. Resultata for alle spørsmåla i Elevundersøkinga blir viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: Støtte frå lærarane: Indeksen viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane. Vurdering for læring: Indeksen kartlegg elevane si oppleving av dei fire prinsippa i vurdering for læring. Læringskultur: Indeksen viser om elevane opplever at skolearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet. Meistring: Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skolen. Elevdemokrati og medverknad: Indeksen viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Mobbing på skolen: Gjennomsnittsverdien for indikatoren Mobbing på skolen er berekna ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba, og kor ofte dei blir mobba. Verdien viser ikkje talet på elevar som i snitt blir mobba. Ein og same verdi kan anten indikere at mange kryssar av at dei blir mobba sjeldan, eller at færre kryssar av at dei blir mobba hyppig. I Skoleporten tyder eit gjennomsnitt ned mot verdien 1 på lite mobbing i skolen. Andel elevar som har opplevd mobbing: 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent). Se eiget diagram. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Unntaka er mobbing på skolen der låg verdi er positivt og del av elevar som er i prosent. Side 10 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Lokale mål Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 Støtte frå lærarane 7. trinn 4,6 4,5 4,6 4,6 4,6 Fylket 4,4 4,5 Nasjonen 4,4 4,4 Støtte frå lærarane 10.trinn 4,1 3,8 4,1 3,7 4,1 Fylket 4,0 4,0 Nasjonen 4,0 4,0 Mål 2016 Læringskultur 7. trinn 4,0 4,1 4,0 4,3 4,0 Fylket 4,0 4,1 Nasjonen 4,1 4,1 Læringskultur 10.trinn 3,7 3,8 3,7 3,4 3,7 Fylket 3,8 3,8 Nasjonen 3,7 3,8 Vurdering for læring 7. trinn 3,8 3,7 3,9 3,8 3,9 Fylket 3,9 3,9 Nasjonen 4,0 3,9 Vurdering for læring 10. trinn 3,3 3,1 3,5 3,1 3,5 Fylket 3,2 3,2 Nasjonen 3,2 3,3 Meistring 7. trinn 4,1 4,0 4,1 4,1 4,1 Fylket 4,1 4,1 Nasjonen 4,1 4,1 Meistring 10.trinn 4,0 3,9 4,0 3,8 4,0 Fylket 4,0 4,0 Nasjonen 4,0 4,0 Elevdemokrati og medverknad 7. trinn 3,7 3,7 3,7 3,5 3,7 Fylket 3,7 3,8 Nasjonen 3,8 3,8 Elevdemokrati og medverknad 10.trinn 3,0 2,9 3,2 2,9 3,2 Fylket 3,2 3,2 Nasjonen 3,2 3,2 Mobbing 7.trinn 1,1 1,3 1,1 1,2 1,0 Fylket 1,3 1,2 Nasjonen 1,2 1,2 Mobbing 10.trinn 1,0 1,2 1,0 1,3 1,0 Fylket 1,2 1,2 Nasjonen 1,2 1,2 Side 11 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografillustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 12 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 13 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Indikator og nøkkeltall 2013-14 2014-15 2015-16 Støtte fra lærerne 4,0 3,8 3,7 Vurdering for læring 3,3 3,1 3,1 Læringskultur 3,7 3,8 3,4 Mestring 4,0 3,9 3,8 Elevdemokrati og medvirkning 3,0 2,9 2,9 Mobbing på skolen 1,2 1,2 1,3 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Elevundersøkelsen, Offentlig, Trinn 10, Begge kjønn Side 14 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Skoleeiers egenvurdering På 7. trinn ser vi fleire positive resultat for Sykkylven. Både når det gjeld indikatoren støtte frå lærarane, læringskultur og meistring ligg vi over snittet for fylket og nasjonen, og vi har nådd målet for 2015. Elles ligg vi under når det gjeld mobbing, og det er eit godt resultat, sjølv om vi ser at det framleis skjer tilfelle av mobbing på skulane. Når det gjeld elevdemokrati og medverknad ser ein at vi ligg klart under snittet for både 7. og 10. trinn. Alle skulane har elevråd, men "klasseråd" er ikkje timeplanfesta slik det var tidlegare. Dette gjer at skulane må bruke av andre fagtimar til elevrådsarbeid og "klasseråd". Når det gjeld 10. trinn er det færre resultat å glede seg over. Her ligg vi langt under både fylket og nasjonen når det gjeld områda støtte frå lærarane, læringskultur og elevdemokrati og medverknad, og elles litt under dei andre områda. Her må ein gå grundig inn i tala og finne ut korleis ein kan betre resultata framover. For å gå litt inn i tala, er også tabellar som viser ulikskapane mellom kjønn teke med. På begge trinn opplever gutar meir elevdemokrati og medverknad enn jentene. Gutane ser også ut til å reagere meir positivt på vurdering for læring enn jentene. Men elles ser vi at både jenter og gutar på 10. trinn opplever lågare støtte frå lærarane enn snittet og at læringskulturen (motivasjonen) er lågare enn ønskjeleg. Gutar på 10. trinn opplever meir mobbing enn jentene, medan på barneskulen er det omvendt. Det er også teke med endring over tid for 10. trinn for dei same indikatorane. Her ser vi ein jamn nedgang på dei fleste områda frå 2013/14 til 2015/16, og mobbinga har auka litt. Denne negative tendensen krev analyse og tiltak. Vurdering for læring har som kjent vore eit satsingsområde for 1.-10.trinn dei siste åra. At resultata enno ikkje viser stor framgang på Elevundersøkinga, gjenspeiler ikkje det arbeidet som faktisk vert gjort i skulane. Motivasjonen for VFL er høg, og mykje godt arbeid vert gjort i skulane. Her passar det med eit sitat frå Dylan Williams: "Å betre praksis inneber å endre vanar, noko som er vanskeleg. Den vanskelegaste delen er ikkje å få nye idear inn i hovudet, men å få dei gamle ideane, vanane og tankane ut... Derfor kan endring ta tid!" VFL inneber nye tankar om undervisningsmetodar og korleis vurderinga skal føregå, og elevane skal involverast i eiga læring i mykje større grad enn tidlegare. Av og til er det viktig å "skunde seg sakte", slik at ein får med alle, både elevar og lærarar. Side 15 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

2.2.2. Andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent) Prosentdelen Mobbing på skolen viser den prosentdelen elevar som opplever å bli mobba 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare. Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skolen, er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Prosentdelen Mobba på skolen seier med andre ord ingen ting om kor ofte elevane opplever å bli mobba. Lokale mål Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 7.trinn Talet på elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i månaden eller 2,4 8,9 2,4 5,7 2,4 oftare (prosent) Fylket 5,3 4,5 Nasjonen 4,7 4,5 Mål 2016 10.trinn Talet på elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i månaden eller oftare (prosent) 4,7 3,0 4,3 Fylket 3,8 3,2 Nasjonen 4,7 4,2 *Unnateke off. 4,1 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 16 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Indikator og nøkkeltall 2013-14 2014-15 2015-16 Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent) 2,4 8,9 5,7 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent), Offentlig, Trinn 7, Begge kjønn Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Indikator og nøkkeltall 2013-14 Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent) 2014-15 4,7 3,0 2015-16 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent), Offentlig, Trinn 10, Begge kjønn Skoleeiers egenvurdering Mobbing har stort fokus i skulane, og fleire gode tiltak er sett inn for å førebygge at mobbing skjer og tiltak vert sett inn så snart ei mobbesak vert avdekka. Både nasjonalt, regionalt og lokalt ser det ut som det sterke fokuset gjer at mobbetala vert mindre. Det er likevel viktig å tenkje at mobbing framleis skjer, på ulike arenaer og på ulike måtar. Sjølv om tala er på veg nedover, må ein halde eit sterkt fokus oppe også framover. Det er ikkje berre lærarar og skuleleiarar som er viktige i dette arbeidet, men også elevar og føresette må involverast både når det gjeld kompetanseheving og tiltak. I høve måla ligg 7. trinn over ønskjeleg nivå når det gjeld mobbing, så her må ein framleis ha høgt fokus, sjølv om tala går rette vegen. For 10. trinn er tala unnateke offentlegheita. Side 17 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

2.3. Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. 2.3.1. Nasjonale prøver 5. steget Om lesing Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt. Elevane skal vise at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara er rimelege kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Om engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytta til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Side 18 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lokale mål Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 Mål 2016 Nasjonale prøver lesing 5. trinn (%-del elevar på nivå 2 og 75,0 66,3 75,0 77,2 75,0 3) Fylket 74,6 72,6 Nasjonen 76,8 75,8 Nasjonale prøver rekning 5.trinn (%-vis elevar på nivå 2 75,0 78,1 76,0 76,4 77,0 og 3) Fylket 75,8 75,2 Nasjonen 75,5 76,6 Nasjonale prøver engelsk 5.trinn (%-vis elevar på nivå 2 72 70,6 73 76,6 73 og 3) Fylket 73,9 72,9 Nasjonen 75,3 74,7 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Indikator og nøkkeltall Sykkylven kommune skoleeier Kommunegruppe 07 Møre og Romsdal Nasjonalt fylke Lesing 51 49 49 50 Regning 51 49 49 50 Engelsk 49 49 49 50 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver 5. trinn, Offentlig, 2015-2016, Trinn 5, Begge kjønn Side 19 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Lesing Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Regning Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 20 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Engelsk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Lesing Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 21 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Regning Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Engelsk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Skoleeiers egenvurdering Prøvene for 5. trinn har tre meistringsnivå. Side 22 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Vi har positive resultat for 5.trinn i lesing og rekning dette året. To av barneskulane har hatt stor framgang i lesing dette året:-) Kommunen har fleire på meistringsnivå 2 og 3 enn både fylket og nasjonen. Spesielt i rekning stikk kommunen vår seg positivt ut med 33,8 % elevar på nivå 3, mot 22,5 i fylket og 25,5 i nasjonen! Måla for 2015 er nådd med god margin i lesing og engelsk, og så vidt i rekning. I engelsk ser vi at svært mange elevar i kommunen vår ligg på meistringsnivå 2. Det er spesielt interessant å sjå samanlikninga mellom kjønn. Det som går igjen uansett type prøve, er at det er fleire gutar enn jenter på lågaste meistringsnivå. Men det same gjeld for meistringsnivå 3, altså er det fleire gutar enn jenter på høgste meistringsnivå på dei tre prøvene. Også for 2014/15 ser ein same resultata, og det blir interessant å sjå om dei same resultata vil vise seg også i åra framover, og om resultata held seg oppe også på 8. og 9. trinn med same elevane. Spesielt i engelsk er ulikskapen mellom kjønna stor på nivå 2 og 3. Legg merke til differansane her. Kvifor ligg så mange jenter på nivå 2, medan fleire gutar enn jenter fordeler seg på nivå 1 eller 3? 2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg Om lesing Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei: forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara dei får er rimelege kan vise effektive strategiar for enkel talrekning Side 23 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Om engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene for ungdomssteget er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lokale mål Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 Mål 2016 Nasjonale prøver lesing 8. trinn (%-vis elevar på nivå 3, 4 75,0 70,0 75,0 59,0 75,0 og 5) Fylket 73,0 66,8 Nasjonen 74,0 70,1 Nasjonale prøver rekning 8. trinn (%-vis elevar på nivå 3, 4 72,0 77,0 73,0 64,2 74,0 og 5) Fylket 68,6 69,6 Nasjonen 67,9 70,5 Nasjonale prøver engelsk 8.trinn (%-vis elevar på nivå 3, 75,0 75,0 75,0 72,4 76,0 4 og 5) Fylket 72,0 71,1 Nasjonen 71,0 72,2 Nasjonale prøver lesing 9.trinn (%-vis elevar på nivå 3, 82,5 81,2 83,0 80,0 85,0 4 og 5) Fylket 82,0 79,5 Nasjonen 83,0 80,2 Nasjonale prøver rekning 9.trinn (%-vis elevar på nivå 80,0 83,7 82,0 84,9 82,0 3,4 og 5) Fylket 80,3 81,0 Nasjonen 79,6 80,8 Side 24 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Indikator og nøkkeltall Sykkylven kommune skoleeier Kommunegruppe 07 Møre og Romsdal Nasjonalt fylke Lesing 47 (1,7) 49 (0,3) 49 (0,3) 50 (0,1) Regning 48 (1,7) 49 (0,3) 49 (0,3) 50 (0,1) Engelsk 48 (1,8) 49 (0,3) 49 (0,3) 50 (0,1) Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Offentlig, 2015-2016, Trinn 8, Begge kjønn Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Lesing Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 25 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Regning Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 26 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Engelsk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 27 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Lesing Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 28 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Regning Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 29 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Engelsk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Indikator og nøkkeltall Sykkylven kommune skoleeier Kommunegruppe 07 Møre og Romsdal Nasjonalt fylke Lesing 53 52 53 53 Regning 56 53 54 54 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Offentlig, 2015-2016, Trinn 9, Begge kjønn Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Lesing Delskår Begge kjønn Gutter Jenter Mestringsnivå 1 5,2 5,9 4,7 Mestringsnivå 2 14,8 19,6 10,9 Mestringsnivå 3 33,9 35,3 32,8 Mestringsnivå 4 28,7 23,5 32,8 Mestringsnivå 5 17,4 15,7 18,8 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Lesing, Offentlig, 2015-2016, Trinn 9 Side 30 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn - Regning Delskår Begge kjønn Gutter Jenter Mestringsnivå 1 2,7 0,0 4,8 Mestringsnivå 2 12,4 15,7 9,7 Mestringsnivå 3 28,3 15,7 38,7 Mestringsnivå 4 30,1 39,2 22,6 Mestringsnivå 5 26,5 29,4 24,2 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Regning, Offentlig, 2015-2016, Trinn 9 Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Lesing Delskår Sykkylven kommune skoleeier Kommunegruppe 07 Møre og Romsdal Nasjonalt fylke Mestringsnivå 1 Mestringsnivå 2 Mestringsnivå 3 Mestringsnivå 4 5,2 6,1 5,3 5,3 14,8 15,8 15,2 14,5 33,9 35,4 36,7 33,5 28,7 26,0 27,4 27,0 Mestringsnivå 5 17,4 16,6 15,4 19,7 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Lesing, Offentlig, 2015-2016, Trinn 9, Begge kjønn Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk - Regning Delskår Mestringsnivå 1 Mestringsnivå 2 Mestringsnivå 3 Mestringsnivå 4 Sykkylven kommune skoleeier Kommunegruppe 07 Møre og Romsdal Nasjonalt fylke 2,7 5,1 4,0 4,4 12,4 16,6 15,0 14,7 28,3 35,2 34,4 33,7 30,1 26,6 27,6 27,2 Mestringsnivå 5 26,5 16,5 19,0 19,9 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Regning, Offentlig, 2015-2016, Trinn 9, Begge kjønn Side 31 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på trinn Indikator og nøkkeltall Trinn 8 Trinn 9 Lesing 47 53 Regning 48 56 Engelsk 48 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Offentlig, 2015-2016, Begge kjønn Skoleeiers egenvurdering Prøvene på 8. og 9. trinn har fem meistringsnivå. På 8. trinn har resultata gått kraftig tilbake frå 2014/15 spesielt i lesing og rekning, men også i engelsk. Ingen av dei lokale målsetjingane vart nådde for 8. trinn dette skuleåret. På grunn av omlegging i systemet frå 2014/15, er ikkje tala før og etter dette året samanliknbare. Dermed kan ein ikkje gå inn å samanlikne resultat for same elevgruppene over fleire år, for å sjå korleis årskulla varierer i høve til kvarandre over tid. I lesing og rekning har Sykkylven fleire elevar på nivå 2 og 3 enn både fylket og nasjonen, i engelsk er 51,1 % av elevane på meistringsnivå 3. Uansett type prøve, har vi færre elevar enn dei vi samanliknar oss med på meistringsnivå 5. Det er også her, som det var for 5. trinn, interessant å sjå at det er fleire gutar enn jenter på meistringsnivå 5, uansett type prøve. For 9. trinn vart det lokale målet i rekning nådd med god margin, og dette er gledeleg! Resultatet i lesing er omtrent på nivå med fylket og landet, men under den lokale målsetjinga. Ungdomsskulen er på veg inn i satsinga "Ungdomstrinn i utvikling" der lesing i alle fag er eit satsingsområde saman med klasseleiing. På 9. trinn ser ein at gutane framleis er i fleirtal på meistringsnivå 5, men no har jentene fleirtalet på dette meistringsnivået i lesing. 68,6 % av gutane ligg på nivå 4 eller 5, medan 46,8 % av jentene ligg på desse nivåa i rekning. I lesing er det 39,2 % av gutane som er på meistringsnivå 4 eller 5, medan for jentene er andelen på 51,6 %. 2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget Side 32 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt. Lokale mål Skrifleg eksamen: Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015 Norsk hovudmål 3,5 2,9 3,6 3,4 3,6 Komm.gr. 07 3,3 Fylket 3,4 3,3 Nasjonen 3,4 3,4 Matematikk 3,1 2,7 3,1 2,8 3,1 Komm.gr. 07 2,8 Fylket 3,0 2,9 Nasjonen 3,0 2,9 Mål 2016 Engelsk 3,9 * 3,9 3,7 4,0 Komm.gr. 07 3,6 Fylket 3,9 3,8 Nasjonen 3,9 3,7 * Ingen elevar kom opp i engelsk skriftleg denne våren Side 33 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 34 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 35 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Skoleeiers egenvurdering Ingen av dei lokale målsetjingane for skriftleg eksamen vart nådd i 2015. Resultata er likevel omtrent på nivå med både kommunegruppe 07, fylket og landet og det er ganske stor framgang i norsk hovudmål i høve til 2013/14. Når det gjeld standpunktkarakterar, ligg vi ganske langt etter dei vi samanliknar oss med i norsk hovudmål: 3,2 i kommunen, medan dei andre ligg på 3,8. Same tendensen, men i mindre grad, gjeld også for standpunktkarakterane i matematikk og engelsk skriftleg. Det er eit mål at det skal vere størst mogleg grad av samsvar mellom standpunktkarakterar og eksamensresultat. Det tyder at lærarar vurderer mest mogleg likt uavhengig av skulestad. For Sykkylven ser vi at spriket er lite og oftast mindre enn i kommunegruppe 07, fylket og nasjonen. Side 36 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Set vi dei to siste perspektiva i samanheng, ser ein at lærarar i Sykkylven gir standpunktkarakterar som er i nokså godt samsvar med eksamensvurdering utført av eksterne sensorar. Både mildare og strengare vurdering til standpunkt har innverknad på konkurransepoenga inn i vidaregåande skule, altså grunnskulepoenga. Det er difor viktig for skuleeigar å følgje med på dette. 2.3.4. Grunnskolepoeng Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskolepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven Grunnskolepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Lokale mål Grunnskulepoeng Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Resultat 2015* Mål 2016 Sykkylven 39,4 39,5 40,0 38,3 40,0 Komm.gr. 07 39,9 40,4 Fylket 40,4 40,7 Nasjonen 40,3 40,7 *Brot i tidsrekka. Tala er ikkje samanliknbare me Sykkylven kommune skoleeier Samanlikna geografisk Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 37 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på kjonn Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Skoleeiers egenvurdering På grunn av brot i tidsrekka for skuleåret 2014-15, er ikkje tala frå tidlegare skuleår samanliknbare. Difor er berre resultata frå siste skuleåret med i tabellen. Det lokale målet på 40,0 poeng er ikkje nådd for 2015. Under vurderinga av eksamensresultat, er det gjort ei samanlikning av standpunktkarakterar og eksamensresultat. Desse samsvarar ganske godt i Sykkylven, men ein kan kanskje sjå ein tendens til at vurderinga til standpunkt er litt strengare enn resultata på eksamen tilseier, spesielt i matematikk, men også i norsk hovudmål. Dette kan vere noko av forklaringa på at Sykkylven ligg lågare på grunnskulepoeng enn dei vi samanliknar oss med. Standpunktkarakterane i dei tre skriftlege faga ligg også under dei vi samanliknar oss med, spesielt i norsk hovudmål. (Sykkylven: 3,2 Kommunegruppe 07, fylket og nasjonen: 3,8). 2.4. Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO 2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Lokale mål Overgang frå grunnskule til VGO i % Mål 2013 Resultat 2013 Mål Resultat Mål Resultat Mål 2014 2014 2015 2015 2016 Sykkylven 100,0 100,0 100,0 98,9 100,0 99,2 100,0 Komm.gr.07 98,2 98,1 97,9 Fylket * * 98,6 Nasjonen 97,9 98,0 98,1 Side 38 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

Sykkylven kommune skoleeier Fordelt på periode Indikator og nøkkeltall 2010 2011 2012 2013 2014 Elever (16 år) som er registrert i videregående opplæring samme år som avsluttet grunnskole 97,9 98,9 100,0 100,0 98,9 Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Overgangen fra grunnskole til VGO, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn Skoleeiers egenvurdering Skoleporten.no har berre tal til og med 2014, sjå difor dei geografiske resultata under overskrifta lokale mål. Målet på at 100 % av elevane skal gå direkte over til vidaregåande skule, vart ikkje nådd for 2015, men ein må likevel seie at resultatet på 99,2 % er bra! Vi ligg over både kommunegruppe 07, fylket og nasjonen. 2.5. Utagerande åtferd Fleire av skulane melder om ein auke når det gjeld elevar som har utagerande åtferd. I ei uformell kartlegging gjort med spørjeskjema, svarte 29 lærarar/assistentar av totalt 39 respondentar at dei har opplevd ulike former for trugslar / vald mot seg sjølv eller andre utført av elevar på barnesteget i løpet av våren 2015. 20 rapporterte å ha opplevd dette 2-5 gongar pr. veke! Sjølvsagt er det gjerne slik at det helst er dei som har opplevd episodar som svarer på eit slikt spørjeskjema, så om den hadde vore obligatorisk for alle, ville biletet truleg sjå litt anleis ut. Likevel er talet på lærarar / assistentar som rapporterer å ha opplevd slike situasjonar urovekkande høgt. Dette er elevar som ikkje nødvendigvis har ein spesifikk diagnose. For nokre startar vanskane allereie i barnehagen. Det er svært krevjande for dei tilsette, både fagleg og personleg, å ta vare på desse elevane og medelevane deira på ein god nok måte. Dette er eit tema vi har satsa mykje på, og som vil vil satse på framover. Sykkylven har vore med i prosjektet "De utfordrende barna", omdøpt til "Barn i utfordring", leia av Pål Roland frå Atferdssenteret i Stavanger. Her har fleire instansar, med PPT i spissen, vorte skulert gjennom opplegg for heile fylket. Det vart arrangert fleire nettverkssamlingar leia av PPT der det vart arbeidd med teori og praksis. Dette prosjektet vart avslutta hausten 2015, men kompetansen ein har opparbeidd vil kome til nytte også vidare. Tre personar i barne- og familietenestene har vorte sertifiserte i COS- Circle of Security i 2015. Dette er ein metode for å trygge foreldre i rolla si, som "bigger, wiser, and kind", og gi foreldra innsikt i korleis barnet treng dei i ulike fasar gjennom dagen. Nokre gonger må foreldra følgje behova til barnet, andre gonger må foreldra ta leiinga. Dette er eit tiltak som på sikt kan føre til tryggare born i førskulealder, og dermed redusere utagerande åtferd inn i skulen. Eit anna tiltak som er påbegynt i 2015, er sertifisering av tre personar til PMTO-terapeutar. Fram til mars 2017 skal desse arbeide på ein systematisk måte med fem ulike familiar kvar, der foreldra føler behov for trygging og rådgjeving. Borna treng ikkje å ha utvikla utagerande åtferd enno, men det kan vere at Side 39 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016

foreldra føler seg litt usikre i ein del situasjonar. Her vert det nytta rollespel, utprøving i heimen og alle terapitimane vert filma slik at terapeutane får rettleiing på samlingane i Oslo og på Moa. Gardsskulen vart også oppretta i løpet av hausten 2015. Det er eit spesialpedagogisk tilbod til nokre få elevar som treng tett oppfølging og praktiske læringsaktivitetar. Gardsskulen har eige klasserom, der det vert arbeidd både teoretisk og praktisk med læringsmåla i høve elevane sin IOP. Målet med tilbodet er at elevane skal føle meistring, byggje god sjølvkjensle og at dei kjem ut av den negative åtferdsspiralen. Elevar som har utagerande åtferd, har det ikkje godt. Det er ikkje eit val for dei å ha slik åtferd, men åtferda kjem som ein reaksjon på noko dei ikkje meistrar eller noko som er vanskeleg for dei å handtere. Dei treng støtte, ikkje irettesetting. Episodar med utagerande åtferd, er skremjande og krevande også for medelevar og personalet på skulane. Dei vaksne må først og fremst tenkje på korleis alle elevane har det, men det er også viktig at personalet ikkje opplever å verte kasta ting på, bli slått eller spytta på osb. Dei tilsette bør få kompetanse i korleis ein kan vere i forkant av slike episodar. Kva teikn må dei sjå etter, kva skal dei gjer når dei ser slike teikn, korleis skjerme andre elevar - samtidig som eleven som utagerer også treng skjerming? Korleis gripe inn og hindre eleven i å gjere skade anten mot seg sjølv, andre elevar eller vaksne? I mange yrker der ein jobbar tett med vaksne personar som kan utagere, vert personalet kursa i å førebygge og å handtere slike situasjonar. Dette bør også vere eit tilbod til tilsette i barnehagar og skular, og dette arbeider vi no med å få til i løpet av 2016, saman med Bedriftshelsetenesta. Side 40 av 52 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2015-2016 - 10. mai 2016