Nettverksrapport Møre og Romsdal



Like dokumenter
KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Pedagogisk plattform

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Rådmannsutvalet Førde

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Velkomen til dykk alle!

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Ungdomstrinnsatsinga

Frå tre små til ein stor.

Nettverksrapport fra Lærende Nettverk, Høgskolen i Bergen

IKT-kompetanse for øvingsskular

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

Retten til spesialundervisning

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Program for skulebibliotekutvikling kva skjer?

Tiltaksplan

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Den nasjonale satsinga

Stryn kommune 1

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Plan for overgangar. for barn og unge

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Naturfag vidareutdanning

Erfaringsdeling

Trudvang skule og fysisk aktivitet

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Lærende nettverkmodell for skoleutvikling. IKT-basert skoleutvikling gjennom lærende nettverk

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Sandeid skule SFO Årsplan

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Referat frå møte

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Møte om fellesprosjekt

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Samarbeid om etisk kompetanseheving. Erfaring frå Vågå, Lom og Skjåk. Edel Kveen, november2010

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Informasjonshefte Tuv barnehage

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Korleis statlege verkemiddel kan få god effekt for elevane sitt læringsutbytte? Statlege signal for 2015

10/60-14/N-211//AMS

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Transkript:

Nettverksrapport Møre og Romsdal 1. Formelle aspekter 1.1. Lærende nettverk II Møre og Romsdal Denne rapporten er skrive på grunnlag av arbeidet i Lærende nettverk Møre og Romsdal med utgangpunkt i momentliste frå ITU. Progresjon i nettverksarbeidet byggjer å det skulane har dokumentert på nettstaden www.lnmr.no. Lærerutdanningane ønskte å vidareføra ordninga med to nettverksleiarar frå ulike fagmiljø og styringsgruppe. I styringsgruppa sit skuledirektøren for Møre og Romsdal, og representant for leiinga ved høgskulen. Ved oppstart av nettverket var leiinga knytt til Avdeling for lærarutdanning. Etter omorganisering 2007, har nettverket vore knytt til Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning Vi har valt å videreføre ein open innfallsvinkel til val av tema, men med tettare oppfølging av skulane omkring dette valet, og meir aktivt kopla skular med samanfallande/tilgrensande fokus. Nettverket starta med 11 skular, fordelt på vgo, ungdomstrinnet og barnetrinnet. Ein av dei vidaregåande skulane fall frå alt første året. Lærende nettverk II vart forlenga med eit tredje år. Alle dei 10 attverande skulane fortsette det tredje året. 1.2. Historikk: Tidsperiode for nettverket Skuleeigar og skuleleiarar hadde første samling i oktober 2006. Avsluttande samling for nettverket er i april 2009. Leiinga av nettverket gejnnom desse 3 åra har vore: Periode Nettverksleiarar Styringsgruppe

Periode Nettverksleiarar Styringsgruppe 08/2006-07/2007 Erik Fooladi Alv Walgermo Odd Ragnar Hunnes, prodekan, HVO Ivar Rød, Fylkesmannen i M&R, 08/2007 12/2007 Erik Fooladi Arne O Opheim Roy Asle Andreasen, prodekan, HVO Alv Walgermo, Fylkesmannen i M&R 2008 Kjartan Bjorøy Arne O Opheim Roy Asle Andreassen, prodekan, HVO Alv Walgermo, Fylkesmannen i M&R 2009 Kjartan Bjorøy Arne O Opheim Johann wangen, studieleiar, ALU Alv Walgermo, Fylkesmannen i M&R 1.3. Deltakarar: Skuleeiger Skular Møre og Romsdal Fylke Atlanten VGS 1, Kristiansund VGS, Rauma VGS, Sunndal VGS Giske kommune Godøy skule, Valderøy ungdomsskole Rauma kommune Måndalen skule, Åndalsnes ungdomsskole Sunndal kommune Sunndal ungdomsskole Vestnes kommune Helland skule, Tresfjord skule 1 Atlanten vgs trekte seg frå nettverket første året.

1.4. Ressurstilgang i prosjektet: Prosjektet har vore finansiert gjennom dei statlege midla tildelt gjennom fylkesmannen. Midlar som vart ledige då ein av skulane gjekk ut av nettverket, har vorte fordelte på resten av skulane. I tillegg har fylkesmannen lagt ut 20 000 til honorar til ein av dei eksterne føredragshaldarane. Ved Høgskulen har nettverket vorte støtta gjennom FoU ressursar: o 100 timar utviklingstid i samband med oppsett av felles kommunikasjonsplattform på www.lnmr.no o 200 timar i samband med spørjeundersøkinga: Den digitale tilstanden ved skular i Møre og Romsdal o 0 timar til evalueringsrapport om lærande nettverk som metode for skuleutvikling (ved integreringa v IKT i læringsarbeidet) Dei to siste er knytt til ønsket frå ITU om forskningsarbeid som kan gå inn i eit sluttdokument om Lærande nettverk. Tilskotet til skulane ser ut til å vera nok insitament til deltaking på samlingane. Tilskotet er i liten grad brukt til arbeid/frikjøp mellom samlingane i mininettverka. Tilskot til leiing av nettverket har vore konstant gjennom desse 5 åra. To forhold er verd å merkja seg: 1. Det har vore uklart om reiser til sentrale samlingar skal dekkast av dei tildelte midla, med unntak av samlinga i København, hausten 2008. Vårt nettverk har difor ikkje sett seg råd til å senda begge nettverksleiarane på alle sentrale samlingar. 2. I oppstarten vart det lagt til grunn ein timebruk på 250 timar per år til leiing av nettverket og innkjøp av eksterne føredragshaldarar. Når lønnene stig, har det difor blitt reduksjon i talet på timar tildelt leiing. Dette har på grunn av lønnsjusteringar gjort store utslag siste året.

Vår vurdering er at tildelte midlar til høgskulen vart i knappaste laget for å få gjennomført spesielt tredje året med dei forventningar som er lagt inn til tettare oppfølging av skulane i forhold til rapportering. 2. Rollefordeling og relasjonar mellom aktørane 2.1. Nettverksledere og LU institusjon. Av praktiske årsaker har det skjedd ei utskifting av nettverksleiarar etter 2006. Det må likevel seiast at oppfølginga frå høgskulen og nettverksleiarane har vore stabil. Høgskuleadministrasjonen har vore representert i styringsgruppa, og ettersom ein av nettverksleiarane er tilsett på IKT seksjonen, har tenkinga kring IT i opplæringa til ein viss grad kome studentane til gode. Nettverksleiarane er likevel ikkje nøgde med den implementeringa i allmenlærarutdanninga som prosjektet hadde som ein del av målsettinga. Årsaka til dette er mangfaldig, og vil av den grunn ikkje bli nærare omtalt i denne rapporten. 2.2. Skolar: skoleleiarar, lærarar og evt. andre deltakarar i nettverket Frammøtet til nettverkssamlingane har vore tilfredsstillande, men varierande. Skuleleiarane har jamt over møtt fram. Når det gjeld lærarane har det vore ein del utskiftinga frå samling til samling. Dette medfører mindre kontinuitet enn ynskjeleg med dei utfordringar som ligg i dette. Grunngjevingar som er gitt av rektorane er i hovudsak knytt til timeplantekniske problem og sjukdom. 2.3. Skoleeigarar: grad av deltaking Skuleeigarane har hatt ei positiv innstilling til prosjektet, og har på det jamne møtt opp. Det vart på våren 2008 vedteke at skuleeigarane skulle møte fram minimum ein dag. Med andre ord vart forventningane til at dei skulle vere til stades begge dagar lagt bort. På same tid kom det inn programfesta tid for møte skuleeigarane mellom. Dette vart lagt til fyrste, evt. andre dag. Endringa kom inn etter at skuleeigarane sjølve påpeika at to dagar borte frå kontoret kunne til tider vere problematisk.

Fylkesutdanningsdirektøren set sjølv i styringsgruppa, og dette har vore til stor nytte i oppfølginga inn mot vidaregåande skule. 2.4. Nasjonal koordinator Det har også vore skifte i styringa frå sentralt hald. Ny nasjonal koordinator kom inn i 2008 då ITU tok over, og oppfølginga få sentralt hald har absolutt vore tilfredsstillande. At ei endring i forventningane til arbeidsmåtar og rapportering kom inn ved same skifte og på eit så seint stadium, kan sjølvsagt stillast spørsmål ved. Desse endringane har likevel i praksis hatt mindre innverknad på gjennomføringa av prosjektet. 3. Illustrasjon av nettverket og relasjonane: Nettverket har bestått av desse mininettverka: 1. Måndalen, Helland, Tresfjord skule 2. Valderøy og Åndalsnes ungdomsskule 3. Sunndal u.skule og Godøy 4. Kristiansund, Rauma og Sunndal vgs. I tillegg til arbeidet i nettverka, har skulane gjerne hatt eigne (IKT )utviklingsprosjekt dei har brukt tid på under samlingane. Nettverksleiarane si oppgåve har vore å tilretteleggja for samlingane, både praktisk og med å skaffa folk til dei felles fagbolkane. Tanken har gjennom heile perioden vore at desse samlingane er skulane sine samlingar og at dei skal ha tid til det arbeidet dei prioriterar. Det er ingen direkte relasjon mellom lærarutdanningane og Lærande nettverk i Møre og Romsdal, med unntak av at prosjektet er gitt prioritet ved at representantar for leiinga har vore med i styringskommitéen. Forholdet til fylkeskommunen. Fylkeskommunen har spelt ein aktiv rolle i val av deltakande skular og utforming av struktur for nettverket. Det var såleis fylket

som tok avgjerda om at den eine skulen som ikkje fungerte i nettverket skulle fasast ut. Forholdet til LN sentralt. Det er berre leiinga i LN M&R som har hatt kontakt med sentralleddet. Styringssignal har vore formidla og drøfta med skuleeigarar på samlingane og med styringsgruppa. 4. Målsettingar i nettverket knytt til LNs hovud og delmål 4.1. Hoved og delmål i nettverket: Beskriv eventuelle fasar og målsettingar på ulike nivå. Det sentrale oppdraget var: Prosjektet Lærende nettverk er et virkemiddel for kompetanseutvikling og kunnskapsdeling som skal stimulere skole og lærerutdanning til å drive IKTbasert utviklingsarbeid og støtte samarbeid mellom deltakerne ved at de kan dele og videreutvikle kunnskap og erfaringer. Vi har valt å vidareføre ein open innfallsvinkel til val av tema. Skulane vart etter den første runden organisert i grupper/mininettverk etter val av tema. Integrering av LMS i læringsarbeidet o Etablering av teknisk (robust) plattform o Samarbeid heim skule Hvordan få alle foresatte til å bruke Læreplattformen? Få erfaringar med Kontaktboka i PedIT Vurdering og IKT o Bruk a v elektroniske mapper o Elev elev /undervegsvurdering i LMSet Utvikling av IKT planar og integrering med verksemdsplanar o Kompetanseheving lærarar o Digitale ferdigheter læreplananalyse o System for å etablera digitale basiskompetansar ved oppstart Fokus frå skulane har vore lærarperspektivet: Å utvikla system for integrering av IKT i læringsarbeidet, kva tiltak er nødvendige? Nokre skular har teke tak i

avgrensa område, som å etablera og skaffa seg erfaring med enkeltfunksjonar i eit LMS. Mininettverket som består av skulane Helland, Måndalen og Tresfjord, var komne nokså likt i implementering av PedIT og samarbeidet mellom skulane har fungert bra gjennom heile treårperioden. Nettverket har fungert som pådrivar og inspirator for målsettingane dei hadde. Dette nettverket rapporterer også om spreiing innad på eigen skule. Mininettverket som bestod av dei tre attverande vidaregåande skulane fekk ei utfordring på tvers av dei opphavelege planane for nettverksarbeidet hausten 2007. Då hadde fylkestinget bestemt å støtta innkjøp av berbare datamaskiner til alle elevar på vg1. Verken personalet, elevane eller infrastruktur var førebudd på å ta i bruk desse PCane i læringsarbeidet. På slutten av perioden vart fokus for arbeidet endra og dei har gått saman om å bruka IKT ABC som kartleggings og planleggingsverktøy for integrering av IKT i læringsarbeidet. Det ser ut som om nettverksarbeidet har fungert positivt for skulane gjennom dette omskiftet. For dei vidaregåande skulane finst det meir eller mindre aktive fag nettverk. Nokre av desse har arbeidd med vurdering og implementering av digitale læringsressursar knytt til faget. For dei andre mininettverka, var forskjellane store i kor langt dei var komne i IKT integerering. Dette saman med at skulane ikkje ha greidd å stilla til alle samlingane, ser ut til å ha påverka at desse har hatt mindre utbyte av Lærande nettverk. 4.2. Styrker og svakheiter: Kva er oppnådd, hva er ikke oppnådd Dei skulane som i utgangspunktet stod likast i utvikling, ser ut til å ha hatt størst utbyte av Lærande nettverk. LN arbeidet drukna lett i det daglege kavet på skulane. Det er berre rapporter t om 2 samlingar av mininettverk utanom samlingane. Vidare har det vore slik

at i den grad det ikkje har vore sett av tid og stilt klare krav på samlingane til dokumentasjon av arbeidet på samlingane, så har denne uteblitt. Nettsida som er oppretta for erfaringsutveksling og ein slags blogg for prosjektet har fungert strukturerande. Vi er derimot usikre på i kva grad den opphavelege nasjonale målsetjinga om at LN prosjektet skulle gå over i eit sjølvgåande tiltak vil slå til. 4.3. Jamføring av lokale og nasjonale målsetjingar Det lokale arbeidet har etter vår vurdering lagt godt innanfor dei nasjonale målsetjingane. 5. Nettverksarbeidet: 5.1. Tema for samlingane Digital danning knytt til sosial programvare Digitale mapper portefølgjemetodikk Bruk av digitale læringsplattformer Vurdering Heilskapleg skuleutvikling og IKT På alle samlingar har 2 skular vore utfordra til å presentera det dei er oppteken av, som har spreidd seg frå verktøypresentasjonar til skuleutvikling 5.2. Skulane: 5.2.1. Forankring i planar og skulens leiing Ved oppstarten av nettverket reiste nettverksleiarane rundt og intervjua skuleleiinga. Alle skulane hadde tiltak som gjekk på målet om pedagogisk meirverdi ved bruk av IKT, men få hadde med det andre hovudmålet som er å prøve ut Lærande nettverk som metode for skuleutvikling. Målet frå nettverksleiinga med dette var å forankra arbeidet i nettverka i skulane sine planar. 5.2.2. Forankring hos skuleeigar

Skuleleigarane har vore invitert til samlingane, og det har vore representantar for skuleeigarar på alle samlingar. 5.2.3. Spreiing i og mellom skoler I planane for skulane har spreiing på eigen skule vore eit mål. Nokre skular har brukt å senda forskjellige lærarar til samlingane som middel for spreiing. Dette har ikkje fungert så godt i forhold til arbeida i mininettverka. Vi kjenner ikkje til at det har føregått spreiing ut over eigen skule. Difor er fokus for siste samlinga nettopp spreiing. 6. Utvikling over tid: 6.1. Samlingar: kor mange samlingar, aktørar som har deltatt. Nettverk II har hatt desse samlingane Molde, oktober 2006: Innleiande samling med rektorar for dei deltakande skulane Volda, januar 2007: Oppstart med deltakande skular Regionskonferanse i Stjørdal, april 2007 Samlingar 2 dagars samlingar med deltakarar frå skulane o Vestnes, september 2007 Tema: Digitale læringsressursar o Kristiansund, november 2007 Tema: Vurdering ved Prof. Kari Smidt o Giske/Ålesund, april 2008 Tema: Digital danning og sosial programvare ved Andreas Vartdal og Kjartan Bjorøy o Sunndalsøra, november 2008 Tema: Digital portefølgjemetodikk ved 1.lektor Tor Arne Wølner Avslutningssamling/spreiingsssamling, april 2009 Tema dag 1: Konkretisering av digital portefølgjemetoddikk ved Tor Arne Wølner

6.2. Prosess med samlingane Forma på samlingane har vore: Individuelt arbeid for den einskilde skulen Arbeid i mininettverka Fellestid med tema for samlinga. Her har det gjerne vore eksterne føredragshaldarar. Det meste av tida på samlingane har vore sett av til skulane sitt eige arbeid med krav om at det skal dokumenterast under samlinga. Dokumentasjonen skal helst leggjast ut på nettverket sine sider. 6.3. Innføringa av Kunnskapsløftet I LK06 er det spesifikke kompetansekrav til digital kompetanse. Dette er basis for arbeidet i nettverket. To av skulane har arbeidd med læreplananalyse, sjå nettsidene http://www.lnmr.no/?valg=lesartikkel&artikkelid=236&elementid=41 &undermenyid=17 http://www.lnmr.no/?valg=lesartikkel&artikkelid=225&elementid=41 &undermenyid=20 7. Utvikling av lærarutdanningsinstitusjonane 7.1. Forankring av prosjektet internt Formelt har lærarutdanningane vore representert i styringskomitéen for Lærande nettverk i Møre og Romsdal. Dette har gitt legitimitet i forhold til høgskulen si involvering i Lærande nettverk. 7.2. Tiltak retta mot organisasjonen (for eksempel interne konferansar og liknande) Ved Høgskulen i Volda er det studieleiarane for dei tre lærarutdanningane som har overordna ansvar for implementering av rammeplan for utdanninga. Ved omorganisering av PPU i 2007 vart basisdugleiken, og då spesielt digital kompetanse, integrert i utforminga av undervisningsplanane for fagdidaktikk

for dei studieførebuande retningane. Kompetanse høgskulen har fått gjennom deltakinga i Lærande nettverk påverkar innhaldet i opplæringa på PPU. Vi kan ikkje visa til tilsvarande i allmenn eller førskulelærarutdanningane. 8. Deltaking i det nasjonale nettverket 8.1. Samlingane Å oppsummera kva samlingane har hatt å seia for utvikling av nettverksleiing eller innhald i nettverket med endring både i lokal og sentralt nettverk, vil vi ikkje gi oss ut på. 8.2. Målsetting og gjennomføring Overføringa av ansvaret frå direktoratet til ITU medførte ei markert dreiing av fokus frå det vi oppfattar som eit fokus på skuleutvikling etter deltakande prinsipp, til fokus på akademisering og forsking. Det er vanskeleg i etterkant å laga forskingsspørsmål knytt til skulane sine val av tilnærming til skuleutvikling med IKT. Dette var medverkande årsak til skifte i leiing av vårt nettverk. 8.3. Vurdering av progresjonen i det nasjonale arbeidet Dei sentrale samlingane har gitt mange innspel i forhold til det å leia lærande nettverk. Det burde vore teke høgde for skifte i lokal nettverksleiing med tilbod om mentorordning for denne type leiing. 9. Avslutning og oppsummering 9.1. Totalvurdering av engasjementet i Lærende nettverk Lærande nettverk i Møre og Romsdal har fungert som eit utviklingsprosjekt for dei deltakande skulane. Nettverksleiinga har aktivt tilrettelagt for at utviklinga skulle føregå på skulane sine premiss og ut frå den enkelte skule sine føresetnader. Det er eit dilemma i kva grad nettverksleiinga skal styra dette arbeidet. Tilbakemeldingane var også delte, frå Skiftande tema og laus regi i mininettverka gav liten samanheng til Nettverkssamarbeidet er direkte årsak til dialog/refleksjonar saman med <v.g. skule>. (Sitat frå Arne Oppheim sin rapport) Det er likevel ikkje tvil om at skulane har hatt utbyte av arbeidsforma lærande nettverk, og at det har hatt måloppnåing i forhold til dei sentrale målsettingane for

prosjektet. Vi ser også teikn til at i alle fall to av mininettverka vil fortsetja ut over prosjektperioden.