Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Like dokumenter
Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

UTVIKLINGSPLAN

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Skulens tiltak for å styrke elevars psykiske helse

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

U T V I K L I N G S P L A N

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

1. Beskriv målet/måla

System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Opplæringsdirektøren Februar 2011

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Årsmelding skuleåret 2015/2016

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

Ungdomstrinnsatsinga

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Pedagogisk plan. Gode faglige prestasjoner gjennom trygge og tydelige rammer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Elev- og lærlingombod i HFK

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Utviklingsplan Sviland skule

Pedagogisk plattform

Tiltaksplan (med utgangspunkt i Kvalitetsplan og tilhøyrande prioriteringar) VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/ OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Prinsipp 1. Elevene skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Utviklingsplan for Kleppe skule

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Rådmannsutvalet Førde

Pedagogisk tilstandsrapport 2017

Utviklingsplan

«Mestringsforventningar»

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Ørsta vidaregåande skule Orienteringsmøte for foreldre/føresette til elevar på Vg2

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Velkomen til dykk alle!

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Utviklingsplan. Luster Oppvekstsenter

Plan for kvalitetsutvikling 2010/2011

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Utviklingsplan. Horpestad skule

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Transkript:

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument 2013-2015. Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Namn på skulen: Tal elevar skuleåret 2015/16: 1 Hovudmål: Auka læringsutbytte og fullføring Skulen si vurdering i lys av: Andel fullført og bestått Andel stryk og IV Gjennomsnittleg fråvær Andel sluttarar 1.1 Andel elevar ved skulen som har fullført og bestått alle fag (PULS) 2014/15 74,5 2015/16 81,9 1.2 Total stryk og IV på standpunkt og eksamen (PULS) Andel stryk Termin 1 2014/15 10,0 11,3 2015/16 7,95 7,95 Standpunkt 2014/15 10,27 6,7 2015/16 5,91 5,49 Eksamen 2014/15 9,03 2015/16 5,1 Andel IV 1.3 Gjennomsnittleg fråvær (PULS) 2014/15 timar 14,58 dagar 13,76 2015/16 timar 16,16 dagar 11,07 1.4 Andel sluttarar Avbrotsdato frå 1/10 (PULS) 2014/15 5,9% 2015/16 4,0% 1

1.5 Utfordringar og konsekvensar for mål og tiltak i utviklingsplanen 2016/17 Korleis vurderer skulen tilstanden når det gjeld fullført og bestått, stryk/iv og fråvær i fag og utdanningsprogram? 10 % fleire elevar ved skulen har fullført og bestått sidan i fjor. 20 % færre stryk i 1.termin sidan i fjor. 42 % færre stryk i standpunkt sidan i fjor. 43 % færre stryk på eksamen sidan i fjor. 32 % færre sluttarar enn i fjor Fråvær i timar har auka med 1.58 t, medan dags-fråveret er redusert med 2.68 dagar. Ei av årsakene til eit auka timefråvær, kan skuldast fleire delkurselevar. Positivt at dagsfråveret er markert redusert, og at dette er ein trend over år. Det vert gjennomført kartleggingsprøvar i fleire fag i starten av året. Dei ulike faglærarane har ansvar for å følgje opp resultata frå kartlegginga og melde vidare til klasseteam og eventuelt ressursteam. Dei elevane som er i «faresonen» skal følgjast ekstra tett. Dette vil gje elevane ei betre tilpassa opplæring. Skulen har 2- lærarsystem i alle timar på V1 og Vg2 noko som gjer at me kan organisere undervisninga på ulike måtar og dermed gjere det lettare å tilpasse undervisninga for den enkelte innafor dei rammene me har. Forsking viser at mykje av fråfallet skjer i overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande og mellom nivåa i vidaregåande opplæring. Kva system har skulen for å sikre desse overgangane? Me har eit tett samarbeid med ungdomsskulane på våren og fram mot hausten når det gjeld elevar som kan få og som me veit vil ha utfordringar når det gjeld overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande skule. Sosialrådgjevar, helsesyster og kontaktlærar får informasjon om desse elevane. På planleggingsdagane før skulestart vil resten av klasseteamet få informasjon. Skulen tilbyr og arrangerer møter med elev, føresette og dei ulike fagpersonane før skulestart, slik at dei vert litt kjende med systemet og dei personane som dei vil få mest kontakt med. Kva utfordringar ser skulen når det gjeld sluttarar? Talet på sluttarar er redusert i forhold til i fjor. Klasseteama har stort fokus på fråvær og korleis redusere det. Dersom ein elev får fråvær, vil fråværet bli «analysert» i form av kartlegging av kvifor eleven har fråvær. Dersom fråværet er ugrunna og skuldast skulk, får eleven samtalar med kontaktlærar, sosialrådgjevar. Skulen legg vekt på eit tett og tidleg samarbeid med føresette. Elevane som likevel har valt å slutta, har hatt for store utfordringar til å kunne fullføre eit skuleår. Kva konsekvensar får desse vurderingane for skulen sitt utviklingsarbeid? Ettersom dei fleste tala er svært positive, vil me halde fram med det arbeidet vi har gjort; 2

tidleg kartlegging, tett samarbeid og god elevrelasjon. Fokuset må no rettast særleg på elevar med timefråvær, Helsesøster, sosialrådgjevar og kontaktlærar vert sentrale personar i det førebyggande arbeidet. Mykje av det systembaserte arbeidet skjer i ressursteam der PPT /rådgjevar/avd.leiarar og rektor er til stades. 2 Prioriterte tiltaksområde 2015/16 2.1 Vurdering for læring Skulen si vurdering i lys av: Resultat frå Elevundersøkinga, undervisningsevalueringa, eigen kjennskap til skulen og kjenneteikn på kvalitet i Styringsdokumentet 2013-15. 2.1.1 Vurdering av «vurdering for læring»: Korleis vurderer skulen eigen vurderingspraksis gjennom relevante undersøkingar og eigen kjennskap til skulen: Skulen har også inneverande år hatt fokus på vurdering for læring. Ved å ta i bruk MOOC (skuletilpassa kompetanseheving i vurdering) har skulen lagt til rette for å utvikla ein kollektiv heilskapleg vurderingspraksis. Målet er eit betre læringsmiljø, meir profesjonalitet, samanheng mellom teori og praksis, bruka læringsteori og grunngi kvifor, ha felles rammer som gjer det føreseieleg for elevar. Med målretta og systematisk arbeid har skulen tru på ein heilskapeleg vurderingspraksis. Elevundersøkinga haust 2015 viste ei positiv utvikling når det galdt eigenvurdering, (frå raudt=2,77 til orange=2,93).vurdering for læring kom ut med gult. Resultata blei drøfta i klassar og klaseteam. Konkrete mål og tiltak for resten av skuleåret blei sett opp. Gjennom samtalar har elevane fått gitt uttrykk for kva vurderingsform dei lærer mest av. I lys av MOOC har lærarar/lærarteam prøvd ut ulike vurderingsformer og i fellesmøte hatt erfaringsdeling med refleksjonar. Inneverande år har også to lærarar teke vidareutdanning i vurdering for læring v/hit. Desse blir ekstra ressurspersonar i vurderingsarbeidet vidare. 2.1.2 Utfordringar innan «vurdering for læring» Utfordringar: For å få til ein vurderingskultur som er godt forankra i heile kollegiet, held skulen fram med profesjonsutvikling gjennom MOOC (individuelt/grupper). Det må arbeidast vidare med: Aktivt arbeid med elevane i alle fag for å betra kompetansen i eigenvurdering Refleksjon over eigen praksis Utprøving Samarbeid og erfaringsdeling Undervegsvurdering. Kva og korleis? 3

Evaluering av tiltak Konkretisering av mål Grunnleggjande ferdigheiter i alle fag Tettare oppfølging av kva som blir gjort og korleis 4

2.2 Bruk av IKT i læringsarbeidet Skulen si vurdering i lys av: Resultat frå Elevundersøkinga, undervisningsevalueringa, eigen kjennskap til skulen og kjenneteikn på kvalitet i Styringsdokumentet 2013-15. 2.2.1 Vurdering av «bruk av IKT i læringsarbeidet»: Korleis vurderer skulen «bruk av IKT i læringsarbeidet» gjennom relevante undersøkingar og eigen kjennskap til skulen: I tråd med skulens utviklingsplan og styringsdokumenter 2013-2015 så har arbeidet med IKT i skulen hatt ei sentral rolle. Våre fokusområde har vore på: Bruk av planleggjaren i itslearning Fagdidaktisk bruk av IKT Felles reglar for bruk av IKT. Planleggjaren gjer det føreseieleg for eleven å kunne sjå plan over undervisninga knytt opp mot kompetansemål, og bruk av planleggjaren kombinert med kalenderfunksjonen gjer det lettare for eleven å orientera seg i alle fag gjennom ein dag/ei veke/ over tid. Felles reglar for bruk, felles handtering av brot på reglar er og viktig for å få til ein god bruk av digitale verktøy. Resultat frå elevundersøkinga viser at elevane kjenner til reglane, og at lærarane handterer dei likt. Me har og starta dette året med «elevsuperbrukar», der ikt-konsulent og e-koordinator har kursa elevar frå alle klassar i sentrale tema og problemstillingar. Dette er noko me vil halda fram med til neste skuleår. 2.2.2 Utfordringar innan «bruk av IKT i læringsarbeidet» Utfordringar: Det er mange nye digitale verktøy som me kan dra nytte av, utfordringa er å setje av tid til kurs/opplæring. IKT-gruppa har ei viktig rolle i å halda seg orientert og informera/kurse/ motivere lærarar til å prøve ut nye verktøy. Å nytte dei digitale tavlene har me ikkje fått til å fungere slik tanken var. Vil prøve å hente inn kompetanse/erfaring frå andre skular på dette området neste skuleår. 5

2.3 Klasseleiing Skulen si vurdering i lys av: Resultat frå Elevundersøkinga, undervisningsevalueringa, eigen kjennskap til skulen og kjenneteikn på kvalitet i Styringsdokumentet 2013-15. 2.3.1 Vurdering av «klasseleiing»: Korleis vurderer skulen arbeidet med «klasseleiing» gjennom relevante undersøkingar og eigen kjennskap til skulen: Gjennom elevundersøkinga ser me at skulen sitt arbeid med «den gode læringsøkta» har resultert i tydelegare klasseleiing på dei fleste områda. Skulen scorar høgare enn fylkessnitt og landssnitt på dei fleste punkta under. Lærar skapar eit godt og trygt læringsmiljø Felles praktisering av reglar Klare reglar for kva som er tillete Støtte frå lærar Elevdemokrati Variert opplæring Arbeidsro. Her har skulen hatt ein markert betring det siste året, og skulen har over dei siste 5 år hatt ein markert positiv kurve frå 3.1 i 2010 til 3.74 i 2015. 2.3.2 Utfordringar innan «klasseleiing» Utfordringar: Skulen ser at å halda fast på fokus over tid er viktig. Me må framleis jobba systematisk i forhold til mellom anna arbeidsro, for å halda fram den positive utviklinga. Driva god praktisk og variert opplæring er og sentralt når me skal utdanne gode fagarbeidarar innan våre programområde. 3 Vurdering av eitt utviklingstiltak skulen har jobba særskilt med 3.1 Gi ein kort omtale av tiltaket Skulebasert vurdering for læring (MOOC). Skulen har valt å følgja kursopplegget til Høgskulen i Lillehammer som går over 1 ½ år. 3.2 Kvifor har skulen valt ut dette tiltaket? Vurdering for læring er skulebasert kompetanseutvikling der både leiinga og det pedagogiske personale deltek i ein kollektiv utviklingsprosess på eigen skule. Målet er å utvikla Fitjar vgs sine samla kunnskapar, haldningar og dugleikar når det gjeld læring, undervisning, vurdering og samarbeid. Etter gjennomført kurs skal Fitjar vgs ha ein kollektiv vurderingspraksis som bidreg positivt til elevane si læring og kompetanseutvikling. 6

3.3 Korleis har leiinga følgt opp tiltaket gjennom året? Rektor har hatt hovudansvaret for å gjennomføra tiltaket. I styringsgruppa for tiltaket er rektor, ass.rektor og avdelingsleiarar. Rektor har hatt ansvar for fellessamlingar medan ass.rektor/avd.leiarar har følgt opp tiltaket på avdelingsnivå. 3.4 Ser skulen endra praksis som følgje av utviklingsarbeidet? Kva legg leiinga til grunn for vurdering av tiltaket? Sidan me er halvvegs i kurset er det vanskeleg å trekkja konklusjonar på alle områder. Det me ser så langt er ei mykje større merksemd på vurdering for læring. Det har vore mange gode fagdiskusjonar, ofte på tvers av fag. Me ser og at fleire lærarar deler på gode opplegg og mange prøver ut nye vurderingsformer. 3.5 Planlegg skulen å jobbe vidare med tiltaket? Skulen held fram med tiltaket (kurset) til 01.01.17. Etter den tid vil me arbeida ut eit felles dokument som seier noko om den kollektive vurderingspraksisen på Fitjar vgs. med kjenneteikn på god vurdering. 4 Prosess knytt til tilstandsvurdering 4.1 Korleis har leiinga lagt til rette for prosessar med tilstandsvurdering gjennom året? Elevrådet (møter i elevrådet, elevtillitsvalde har tatt opp ulike problemstillingar i klassane) og alle tilsette har arbeidd med tilstandsvurderinga (fellesmøter, avdelingsvise møter, fagteam og i klasseteam). 4.2 Korleis har leiinga sikra forpliktande medverknad og involvering? Rektor/ass.rektor har hatt ansvaret for å informere dei tilsette om tilstandsvurderinga. Det har vore jobba systematisk med ulike indikatorar/måleparameter som verkar inn på elevane sine læringsresultat/auka fullføring : elevundersøkinga, undervisningsevaluering, skulevandring m.m. Personale har evaluert utviklingsplanen (både den generelle delen og dei konkrete måla) og kome med framlegg til endringar. Kvar avdeling har evaluert «sine» utviklingsområder og kome med framlegg til nye 4.3 Korleis sikrar leiinga at heile det pedagogiske personalet er involvert i gjennomføring av utviklingsarbeidet? Leiinga har hatt ein langsiktig plan med å få personale til å få eit eigarskap til skulen sin utviklingsplan, og til å verta ein kollektivt orientert skulen. Me byrja i 2013 med å ha gode prosessar i forhold til utviklingsplan, visjon, verdiar - pedagogisk plattform. Me har nytta myke fellestid på planleggingsdagar og i anna arbeidsplanfesta tid til dette arbeidet. Fleire lærarar har delt med gode dømer på vurdering for læring og/eller andre tema 7

som dei har arbeidd med. I kursopplegget til Høgskulen i Lillehammer: Skulebasert vurdering for læring, er det lagt opp til obligatoriske oppgåver og innleveringar. Dette er med på å sikra at heile det pedagogiske personale deltek i utviklingsarbeidet. 4.4 Korleis har skulen sikra elevmedverknad i utviklingsarbeidet? Leiinga har ein tett dialog med elevrådet. Elevinspektør og rektor er med på alle møter i elevrådet og får gode og konstruktive tilbakemeldingar frå elevane som gjeld vurdering, læring, læringsmiljø m.m. Elevinspektøren har og fleire undersøkingar til alle elevane for å få eit mest mogeleg reelt bilete av «stoda». Elevrådet (møter i elevrådet, elevtillitsvalde har tatt opp ulike problemstillingar i klassane) og alle tilsette har arbeidd med tilstandsvurderinga (fellesmøter, avdelingsvise møter, fagteam og i klasseteam). 4.5 Kva har vore dei største utfordringane for å lukkast med utviklingsarbeidet? Den største utfordringa har vore å finna tid til utviklingsarbeidet og å prioritera hardt kva me held fokus på. Utviklingstiltaket har for leiargruppa vore svært arbeidskrevjande, men veldig lærerikt og tilbakemeldingar frå tilsette er veldig tydeleg: Flott at leiarane har fokus på det som skjer i klasserommet! 5 Nytt styringsdokument 2016-2018 prosessen vidare 5.1 Kva vil skulen legge vekt på i planlegging av arbeidet med å forankre nytt styringsdokument i organisasjonen? Skulen har nytta mykje tid og hatt gode prosessar på oppbygging og implementering av utviklingsplanen som har vore gjeldande ut skuleårer 2015-2016. Nytt styringsdokument har vore arbeidd med gjennom heile våren 2016, i alle ledd. Elevrådet, avdelingane, personalet og leiinga har alle jobba med styringsdokumentet; å implementera nye fokusområde, men samstundes bevare viktige mål for skulen som me har utarbeidd tidlegare. Når den nye utviklingsplanen no er utarbeidd må me og ha gode prosessar i alle ledd ved oppstart av nytt skuleår, og gjennom heile året. Leiinga har og utarbeidd eit pedagogisk årshjul som tek med seg utviklingsplanen og styringsdokumentet i arbeidet gjennom heile året, i alle ledd i organisasjonen. Undervisingsevaluering og elevundersøking blir og parameter/milepålar der me må sjå resultata i lys av gjeldande styringsdokument. 8