Resultat i høve til brukarane og samfunnet Elevtal på skulane: 2010/ / / / /

Like dokumenter
Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Årsmelding Malmanger oppvekstsenter, Mauranger skule, Malmanger skule og Mauranger barnehage

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Arsmelding Valen skule

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Arsmelding 2015 Omvikdalen oppvekstsenter

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Årsmelding Tellnes skule 2017

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Hå kommune Vigrestad storskule

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kvalitetsmelding for 2015

Arsmelding Skule: Uskedalen

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Bjørnehiet SFO - informasjon

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Tilstandsrapport. Grunnskulen i Meland

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Vedlegg til Tilstandsrapport Kvalitetsvurdering av grunnskolen Oversikt over skolenes nøkkeltall og resultater

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Vedlegg til. Tilstandsrapport Kvalitetsvurdering av grunnskolen. Oversikt over skolenes nøkkeltall og resultater

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Vaksenopplæringa i Sula

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Herøy kommune. Styrking av læringsmiljøet i Herøy

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Årsmelding Misje skule 2018

Fellesmøte 20.februar

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

Årsmelding skuleåret 2015/2016

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

Ørskog Ørskog. Årsverk for undervisningspersonale 30,0 26,8 27,9 26,5 28, ,5

Årsmelding for Urhei barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Årsmelding Knappskog skule 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Årsmelding Åkra oppvekstsenter 1. Presentasjon av verksemda:

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Transkript:

Rådmannen Nordsido oppvekstområde 2014/1090-7 26.02.2015 Årsmelding 2014 - Nordsido oppvekstområde Gjeld for følgjande ansvarsområde: 1032 Ølve barnehage, 1051 Hatlestrand skule, 1052 Hatlestrand barnehage, 1101 Trå skule og 1102 Varaldsøy barnehage Resultat i høve til brukarane og samfunnet Elevtal på skulane: 2010/2011 2011/2012 2012/2013 2013/2014 2014/2015 106 100 96 102 102 Barn i barnehagane: 2010/2011 2011/2012 2012/2013 2013/2014 2014/2015 31 31 22 37 30 Barn i SFO ved Hatlestrand skule dei tre siste skuleåra: 2012/2013 2013/2014 2014/2015 11 13 11 Trå skule har i samarbeid med Hatlestrand barnehage i hausthalvåret 2014 hatt morgonopning i SFO 2 gonger per veke. Barn på leksehjelp ved skulane i 2012, 2013 og 2014: Tal elevar pr. 31.12.2012 Tal elevar pr. 31.12.2013 Tal elevar pr. 31.12.2014 28 21 35 Alle elevane i 1. - 4. klasse ved Trå skule har deltek på leksehjelpa. Ved Hatlestrand skule er det elevane i 3.- 7. klasse som har leksehjelp. Nokre elevar ved Hatlestrand skule kan ikkje delta på leksehjelpa p.g.a. skuleskyssen. Skulane har også i 2014 arbeidt etter dei handlingsplanane som er utarbeidde for å nå dei kommunalt vedtekne utviklingsmåla for grunnskulen i Kvinnherad. Gjennom heile 2014 er det blitt jobba med Vurdering for læring(vfl). Dette er ei bra satsing. Med meir arbeid med VFL i åra framover er eg overtydd om at læringsutbytte til elevane våre skal bli betre. Hatlestrand skule og Trå skule oppnår for det meste gode resultat på kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar. Nokre få elevar skårar for lavt på desse prøvane, i tillegg til at dei ikkje oppnår tilfredsstillande grad av måloppnåing i kjernefaga. Me arbeider stadig for å betra oss på dette feltet. Målet vårt er at me ikkje skal ha elevar i prøveklasse 1 på nasjonale prøvar, og me skal heller ikkje ha elevar som får karakteren 1 på eksamen. Resultat - Nasjonale prøvar 2014 Tabellane på neste side viser resultatet frå dei nasjonale prøvane i 5., 8. og 9. klasse, begge kjønn. Resultatet frå Hatlestrand skule er sett opp saman med resultatet frå Kvinnherad kommune, Hordaland fylke og nasjonalt nivå.

Resultat 5. klasse Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Engelsk 49 50 49 50 Lesing 50 51 49 50 Rekning 53 50 49 50 Jamt over har skulen eit brukbart resultat på dei nasjonale for 5. klasse, men resultatet i engelsk kunne vore betre. Resultat 8.klasse Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Engelsk 50 48 49 50 Lesing 49 48 50 50 Rekning 55 48 50 50 Det er eit fint resultat på dei nasjonale prøvane i rekning i 8. klasse. Resultatet i engelsk er brukbart. Resultatet i lesing er me ikkje heilt nøgde med. Resultat 9. klasse Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Engelsk Lesing 55 52 53 54 Regning 55 55 53 53 Det er eit bra resultat på dei nasjonale prøvane i 9. klasse. Eksamen Avgangselevane ved Hatlestrand skule var våren 2014 oppe til skriftleg eksamen i engelsk. Gjennomsnittkarakteren vart 4,4. Det er eit fint resultat. Ved munnleg eksamen var elevane ved skulen oppe til eksamen i spansk og matematikk. Snittkarakteren i spansk munnleg vart 4,8. Det er eit veldig bra resultat. I matematikk munnleg vart snittkarakteren 4,0. Tabellane nedanfor viser gjennomsnittskarakterane på eksamen ved Hatlestrand skule våren 2014, samanlikna med gjennomsnittet for Kvinnherad kommune, Hordaland fylke og nasjonalt nivå. Eksamensfag Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Engelsk skriftleg 4,4 3,7 3,8 3,7 Eksamensfag Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Spansk munnleg 4,8 4,1 4,1 4,2 Matematikk munnleg 4,0 3,8 4,0 4,0 Gjennomsnittet vårt ved eksamen i munnleg og skriftleg ligg over eller på lands- og fylkesgjennomsnittet. Gjennomsnittsresultatet til Hatlestrand skule ligg godt over gjennomsnittsresultatet for Kvinnherad

kommune. Grunnskulepoeng Når det gjeld grunnskulepoeng kjem Hatlestrand skule veldig bra ut. Grunnskulepoenga vert rekna ut ved at alle dei avsluttande karakterane (standpunkt- og eksamenskarakterane) som skal førast på vitnemålet, vert lagt saman og deretter delt på talet på karakterar, slik at ein får eit gjennomsnitt. Deretter vert gjennomsnittet ganga med 10. Tabell grunnskulepoeng i 2014 Hatlestrand skule Nasjonalt Kvinnherad kommune Hordaland fylke 45,9 40,3 39,2 40,7 Tabellen ovanfor viser grunnskulepoenga til Hatlestrand skule våren 2014 samanlikna med nasjonalt, kommunalt og fylkeskommunalt gjennomsnitt. Læringsmiljø Tabellane nedanfor viser resultata frå Elevundersøkinga i 7. og 10. klasse ved Hatlestrand skule samanlikna med tilsvarande klassar i Kvinnherad kommune, Hordaland fylke og på nasjonalt nivå. Resultat frå 7. klasse Indikator og nøkkeltall Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Trivsel 4,5 4,4 4,3 4,4 Støtte fra lærerne 4,4 4,5 4,3 4,3 Støtte hjemmefra 4,0 4,3 4,2 4,3 Faglig utfordring 4,1 3,8 3,8 3,9 Vurdering for læring 4,0 3,9 3,7 3,8 Læringskultur 4,0 4,0 3,6 3,8 Mestring 3,9 4,0 4,0 4,0 Motivasjon 3,6 3,9 3,8 3,9 Elevdemokrati og medvirkning 4,5 3,8 3,6 3,7 Felles regler 4,4 4,4 4,2 4,3 Mobbing på skolen 1,3 1,1 1,3 1,3 Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent). 1,8 5,4 5,3 Utdanning og yrkesveiledning Resultat frå 10. klasse Indikator og nøkkeltall Hatlestrand skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Trivsel 4,3 4,3 4,2 4,2 Støtte fra lærerne 3,9 4,0 3,8 3,9 Støtte hjemmefra 3,6 3,9 3,8 3,9 Faglig utfordring 4,4 4,0 4,0 4,1 Vurdering for læring 3,3 3,3 3,2 3,2 Læringskultur 3,6 3,5 3,3 3,4 Mestring 3,9 3,9 3,9 3,9 Motivasjon 3,4 3,5 3,5 3,5 Elevdemokrati og medvirkning 3,7 3,2 3,1 3,2 Felles regler 4,1 3,9 3,8 3,8 Mobbing på skolen 1,3 1,3 1,3 1,3 Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent) 0,0 4,1 5,2 5,0 Utdanning og yrkesveiledning 3,9 3,9 3,6 3,7 Hatlestrand skule sine resultat frå Elevundersøkinga i 2014 er gode. Den lokale trivselsvurderinga som vart gjennomført i alle klassar i oktober 2014, viser også gode resultat. Ved Trå skule er det gjennom året jobba spesielt med det sosiale miljøet for å skapa gode relasjonar mellom barn og vaksne. Utan eit godt sosialt miljø er det vanskeleg å driva ein liten skule. Sosial målsetjing er: Alle kan ikkje vera bestevenner, men alle kan tolerera kvarandre. Elles er det jobba godt med kjernefaga norsk, matematikk og engelsk. Andre positive ting som må takast med frå Trå skule er: Flott innsats av elevane ved øving og framføring på lysmessa i Varaldsøy kyrkje, elevane har lært mange songar. Prosjekt «Snekkerbu» der elevane bygde og målte styrehus på ein båt på uteområdet, og dei har fiksa leikehytta. Mattedag med matematikk både ute og inne og prosjekt «Uteskur», der elevane målte og dekorerte leskuret på skulen, må også nemnast.

Mål og måloppnåing i barnehagane Ølve barnehage Satsingsområde: Natur, miljø og teknikk og Etikk, religion og filosofi Overordna mål: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring». Mål for satsingsområda: skapa undring i barnegruppa kunnskap om landbruk bli kjent med og glad i naturen barn som lærer å dela, trøysta og hjelpa barn som får høve til å filosofera og undra seg i lag med vaksne likeverd. (Årsplanen 2014/2015) Måloppnåing: På planleggingsdagen 2. januar evaluerte dei tilsette i barnehagen hausthalvåret og kom fram til at barnehagen var godt i gang med å oppnå måla. Utfordringar: Barnehagen hadde ein del utfordringar i starten av 2014. Dette av fleire grunnar. Styrar var gått ut i delvis permisjon, det var utfordringar i forhold til å ha nok personale morgon og ettermiddag, og det var store utfordringar i forhold til enkelt barn og barnegruppa. Frå 1. mars gjekk styrar ut i permisjon og 2 førskulelærarar delte på styrardelen. Barnehagen fekk tildelt styrkingsressursar. Dette førte til ein betre personalsituasjon om morgonen og ettermiddagen, og barna kunne delast meir i grupper. Noko som førte til gladare barn og vaksne. Hatlestrand barnehage Innsatsområde 1. Natur, miljø og teknikk 2. Etikk, religion og filosofi Mål Natur, miljø og teknikk og Etikk, religion og filosofi: Skapa undring i barnegruppa Kunnskap om planetar og solsystem Bli kjent med og glad i naturen Barn som lærer å dela, trøysta og hjelpa Barn som får høve til å filosofera og undra seg ilag med vaksne Måloppnåing Barnehagen har faste turdagar som er tilpassa alder og modning hos barna. Slik sikrar barnehagen at alle barn, uansett alder, får høve til å bli kjent med naturen som er utanfor barnehagen sine gjerder. Barnehagen nyttar samlingsstunder, samtalar og turdagar til å skapa undring i lag med barna. Med dei yngste har barnehagen hatt fokus på å dela. Barna må tilpasse seg andre, og det er tydeleg at barna utviklar seg fint på dette området. No er barnehagen i gang med prosjektet om planetar og solsystem, og dette prosjektet skal avsluttast med ei utstilling for foreldra. Varaldsøy barnehage Satsingsområde: 1. Kropp, rørsle og helse 2. Sosial kompetanse

Mål: 1. Barn skal få god sjølvkjensle gjennom kroppsleg mestring og verta kjend med eigen kropp. 2. Fremja barnegruppa sine sosiale ferdigheiter som empati, problemløysing og mestring av kjensle. Barn som får oppleva seg sjølv som respekterte og betydingsfulle. Barn og vaksne som møter andre barn og vaksne med respekt. Måloppnåing Når det gjeld innsatsområdet om kropp, rørsle og helse, har barnehagen vore på tur i all slags vêr og brukt gymnastikksal. Det har vore mykje bruk av song, regler og leikar. Sosial kompetanse såg dei tilsette i barnehagen var relevant i høve til barnegruppa. I vårhalvåret har barnehagen hatt mykje fokus på Steg for steg som har til føremål å auka barna sin sosiale kompetanse ved å øva på dugleik i empati, problemløysing og mestring av sinne. Elles har barnehagen hatt morgonmøter, og dei tilsette prøver og vera tydlege vaksne som er gode rollemodellar. På grunn av at det hausten 2014 berre var 2 barnehagebarn igjen på Varaldsøy, vart det ikkje barnehagedrift i Varaldsøy barnehage frå hausten 2014. Barnehagebarna frå Varaldsøy vart overført til Hatlestrand barnehage. Resultat i høve til tilsette Organisasjon/personell Talet på tilsette og samla stillingsprosent ved oppvekstsenteret i perioden 2009 2014: 2009/2010 2010/2011 2011/2012 2012/2013 2013/2014 Tal tilsette 32 32 29 28 33 Stillingsprosent 2073,69 2262,00 2159,96 2079,56 2651,66 Auken i stillingsprosent og talet på tilsette frå frå 2013 til 2014 er på grunn av at Ølve barnehage er lagt under verksemda Nordsido oppvekstsenter og lærarar frå Ølve skule er overflytta til Hatlestrand skule. Nærverprosenten for verksemda er på 97,3 %. Me har hatt 1 langtidssjukemelding i 2014. Medarbeidarsamtalane som vart gjennomført vinteren og våren 2014, viser at dei tilsette trivest og har det bra i verksemda. Nordsido oppvekstområde har flinke og engasjerte arbeidstakarar som gjer ein god jobb til beste for alle brukarane. I haustferien reiste alle lærarane ved Hatlestrand skule og Trå skule på studietur til London. Pakeman Primary School var hovudmålet for studieturen. Me fekk god orientering om skulen, og me fekk god tid til å gå rundt på skulen for å sjå korleis dei jobba. Denne studieturen var eit viktig tiltak i samband med skulane si deltaking i Vurdering for læring. Finansieringa av studieturen vart gjort med midlar frå statleg hald (Utdanningsdirektoratet). Restbeløpet kom frå overføring frå litt av overskotet i 2013. Studieturen vart på alle måtar vellukka, og det var ein gjevande og lærerik tur. Resultat i høve til økonomi Rekneskaps- og budsjett-tal for 2014 i heile tusen kroner Rekneskap 2014 Budsjett 2014 Løn og sosiale utgifter 16 273 16 226 Driftsutgifter 2 923 2 541 Driftsinntekter - 2 046-1 584 Samla rekneskap og budsjett 17 149 17 183 Det er i 2014 brukt 99,80 % av budsjettet, og overskotet vart på ca. 34 000 kr. Tabellen nedanfor viser verksemda sitt forbruk i høve til budsjettet for åra 2012, 2013 og 2014. Nordsido oppvekstområde

POST Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap 2012 31.12.2012 % 2013 31.12.2013 % 2014 31.12.2014 % Lønsutgifter 15 437 085 15 375 022 99,60 15 484 597 15 745 364 101,68 16 226 053 16 272 526 100,29 Andre 2 476 467 2 466 897 99,61 2 504 069 2 822 341 112,71 2 541 297 2 922 529 115,00 dr.utgifter Driftsinnt. 2 116 539 2 295 020 108,43 1 798 666 2 690 940 149,61 1 584 350 2 045 778 129,12 Netto drift 15 797 013 15 546 899 98,42 16 190 000 15 876 765 98,07 17 183 000 17 149 277 99,80 Eg er godt nøgd med at verksemda dei tre siste åra har klart å halda budsjettramma med god margin. Hatlestrand, 26.02.2015 Edvard Jarle Tveit -verksemdsleiar-