FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 12.02.2013 007/13 Bystyret Sakshandsamar: Kjell Aage Udberg Arkiv: ARP-20120101, K2-L12 Arkivsaknr 12/34 DETALJREGULERINGSPLAN NOTØBAKKEN, GBNR 27/33 M.FL. - BUSTAD. PLANID: 20120101. PLANVEDTAK Kva saka gjeld: ABO Plan & Arkitektur AS har på vegne av Notøbakken AS utarbeidd framlegg til reguleringsplan for område B12 og B13 i Sentrumsplanen. Planen omfattar også del av F2, og på oppdrag frå Flora kommune er også ny utforming av tilkomst/parkeringsareal til ungdomsskulen tatt med i planforslaget. Byggjeføremål er blokker, konsentrerte småhus og renovasjonsanlegg. Det er planlagt eit område med bustadblokker og eit område med konsentrerte småhus. Planen er i hovudsak i samsvar med Gjeldande kommunedelplan (Sentrumsplanen), men tomteutnyttinga er høgare enn i det som er vedtatt for område B13 i kommuneplanen fordi parkeringsareal under bakken er rekna med i samla utnytting. Planframlegget med planomtale, sist datert 01.02.2013, er oppdatert i høve til tidlegare vedtak og merknader og vert tilrådd vedtatt. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Flora bystyre godkjenner framlegg til privat detaljreguleringsplan - Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Planid:20120101 i samsvar med PBL 12-12. Planframlegget er med planomtale og føresegner er sist datert 01.02.2013. 12.02.2013 PLAN- OG MILJØUTVALET Røysting: Rådmannen si tilråding vart samrrøystes vedteken. PMUV-007/13 VEDTAK: Flora bystyre godkjenner framlegg til privat detaljreguleringsplan - Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Planid:20120101 i samsvar med PBL 12-12. Planframlegget er med planomtale og føresegner er sist datert 01.02.2013.
09.04.2013 BYSTYRET Framlegg: Tilleggsframlegg frå Repr.Hanne Husebø Kristensen,H: Rådmannen skal legge til rette for at plankartet vert endra som mindre reguleringsendring i samsvar med intensjonen i skisseprosjekt utarbeidd av ABO plan og arkitektur, datert 08.03.2013. Røysting: Tilrådinga og tilleggsframlegget frå Kristensen vart samrøystes vedtekne. BYST-018/13 VEDTAK: Flora bystyre godkjenner framlegg til privat detaljreguleringsplan - Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Planid:20120101 i samsvar med PBL 12-12. Planframlegget er med planomtale og føresegner er sist datert 01.02.2013. Rådmannen skal legge til rette for at plankartet vert endra som mindre reguleringsendring i samsvar med intensjonen i skisseprosjekt utarbeidd av ABO plan og arkitektur, datert 08.03.2013. Terje Heggheim Rådmann Rolf Bjarne Sund Plansjef
Innleiing: ABO Plan & Arkitektur AS har på vegne av Notøbakken AS utarbeidd framlegg til reguleringsplan for område B12 og B13 i Sentrumsplanen. Planen omfattar også del av F2, og på oppdrag frå Flora kommune er også ny utforming av tilkomst/parkeringsareal til ungdomsskulen tatt med i planforslaget. Denne delen av planen er tidlegare vurdert av brukar. Det vert starta planarbeid for ny samanbindingsveg mellom Havrenesvegen og RV5. Val av løysing for denne vegen har ikkje direkte konsekvens for tilkomst som er vist i omsøkt plan. Byggjeføremål er blokker, konsentrerte småhus og renovasjonsanlegg. Det er planlagt eit område med bustadblokker og eit område med konsentrerte småhus. Det er utarbeidd revidert planomtale som samsvarar med endringar som er gjort etter vedtak i planog miljøutvalet og merknader etter offentleg ettersyn. (vedlagt) Merknader: Samandrag av merknader etter offentleg ettersyn (utarbeidd av søkjar): "Planforslaget var lagt ut til offentlig ettersyn i perioden 10.12.2012 25.01.2013. Følgjande merknader er mottekne: 1. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, datert 25.01.2013 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune, datert 23.01.2013 3. Noregs vassdrags- og energidirektorat, datert 16.01.2013 4. Flora Bygg og Eigedom, datert 21.01.2013 5. SFE Nett AS, datert 04.01.2013 6. Linda og Petter Daniel Solheim, datert 23.01.2013 7. Aud, Evy og Greta Osland Andessen for Arthur Andersen, datert 25.01.2013 Samandrag av merknader: 1. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, datert 25.01.2013 Samandrag av merknad: Miljøvernavdelinga- Har ingen avgjerande merknader til planarbeidet, men minner om at alle vedtak som kan påverke naturmangfaldet også skal vurderast etter dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova 8-12. Kravet til dokumentasjon kan tilpassast forhodla i den konkrete ska, men plikta til å synleggjere avvegingane gjeld generelt. Landbruksavdelinga- Merkar seg positivt av planen legg til rette for god arealutnytting. Beredskapseininga- Har ingen merknader til planen. Kommentar til merknad: - Det er vist til søk i naturbasen og artsdatabanken. Forholdet til naturmangfald er vist i planomtalen. - Ok - Ok 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune, datert 23.01.2013 - Klima: Kva klima vil prege arealet/passasjen gjennom året. Gjev arkitekturen eit variert og klårt utforma offentleg rom og passasje, med lokale le- sonar og opphaldssituasjonar for fleire menneske? - Arkitektur og natur: Ønskjer at arkitekturen vert delt opp og at det vert lagt til rette for nord/sør passasje. - Bustadblokk og rekkehus: Fylkeskommunen ønskjer tilrettelagt for nye og alternative bustadformer for tett og kompleks bustadbygging i Notøbakken
- Hus og hage: Ønskjer transformasjon og /eller utvikling av alternative formsvar å på tradisjonell hus og hage konsept for Notøbakken Kommentar til merknad: - Det er vanskeleg å tydleggjer eksakt kva klima som vil prege området gjennom året. Bustadblokka er forsøkt tilpassa terrenget samstundes som det med utforming av fasaden er lagt vekt på utsikt og skjerming for vind på privat/felles uteareal og terrassar. - På grunn av topografien er det svært vanskeleg å leggje til rette for passasje i nord/sør retning. Det er likevel lagt til grunn at det skal kunne etablerast ei gangbru frå den planlagde bustadblokka og inn mot terrenget mot sør. Gangbrua vil ikkje vere open for offentleg tilgjenge. Gangvegen som er planlagt gjennom området vil medføre lettare tilgang til etablert skogsveg til Storåsen. - Arkitekturen som er valt for utbyggingsområdet er gjort med omsyn til konsentrert utbygging og terrengtilpassing. Det er lagt vekt på at uteareala skal få lys og sol, samstundes som uteområda skal vere tilstrekkeleg store. - Det er ikkje lagt til rette for private hagar innanfor område for blokk. Utomhusarealet vil vere til felles bruk og leik. 3. Noregs vassdrags- og energidirektorat, datert 16.01.2013 Faresoner for tryggleiksklasse S3 jf. Byggteknisk forskrift TEK 10 må stadfeste faresona for skredfare 1:5000. Det vert rådd til at Flora kommune innarbeidar den nye faresona i plankartet. Faresone for tryggleiksklasse S3 med nominell sannsyn for skred på 1:5000 vil bli lag inn i plankart. 4. Flora Bygg og Eigedom, datert 21.01.2013 Samandrag av merknad: Flora kommune er grunneigar til gnr. 27 bnr. 5, 229 og 514. Desse eigedomane vert i større eller mindre grad omfatta av reguleringsplan for Notøbakken. Grunneigar har ikkje merknader til utarbeidd plankart for Notøbakken, men har fylgjande merknad til utkast til reguleringsføresegner. 3 inneheld ikkje noko om opparbeiding av nye parkeringsplassar til erstatning for dei som går tapt ved ombygging av dagens parkeringsplass. Grunneigar set som vilkår at utbyggar opparbeider like mange nye parkeringsplassar i felt P som går tapt ved ombygging av eksisterande parkeringsplass vest for skulebygget. Nye parkeringsplassar må vere på plass før ombygging av eksisterande parkeringsplass kan starte opp. Grunneigar ser det som formålstenleg at det vert etablert utbyggingsavtale mellom utbyggar og grunneigar Flora kommune. Det vil i føresegnene bli innarbeidd eit rekkjefølgjekrav til opparbeiding av nye parkeringsplassar før eksisterande plassar vert fjerna. 5. SFE Nett AS, datert 04.01.2013 Avstanden frå planområdet til eksisterande nettstasjon er så stor at det bør setjast av plass for nettstasjon i planområdet. Nødvendig areal for kiosk er ca 2,5 x 2,5 m, med 1meter klaring rundt kiosken. SFE Nett AS har høgspentkabel i Havrenesvegen, slik at nettstasjonen vil kunne forsynast frå denne kabelen. Det er i reguleringsføresegnene stilt rekkefølgjekrav om at el-forsyning skal vere etablert/dokumentert før det vert gitt løyve til igangsetting. Dette vert vurdert som tilfredstillande for plassering av ny nettstasjon.
6. Linda og Petter Daniel Solheim, datert 23.01.2013 Har tidlegare kommentert at den planlade utnyttinga av tomta vil medføre auka innsyn til hagen. Meinar utbygginga må halde seg til rammene sett i sentrumsplanen. Auka innsyn som del av byfortetting vert ikkje vurdert som ein vesentleg konsekvens av planen. Rammene for utnytting i forhold til sentrumsplanen er vurdert utvida til 120 % BRA med grunngjeving i at parkering er lagt under terrenget. Dette vil bli ein svært lite synleg del av utnytting i forhold til overflateparkering på terrenget. 7. Aud, Evy og Greta Osland Andessen for Arthur Andersen, datert 25.01.2013 Vil presisere at det ikkje føreligg avtale om kjøp/sal av eigedom gnr. 27 bnr. 452. Merknaden vert teken til følgje og gnr. 27 bnr. 452 vert endra frå bustader-blokker til bustader konsentrerte småhus, med føresegner som gjeld for område B12 i gjeldande kommunedelplan." I høyringsperioden har det også komme munnleg merknad til administrasjonen frå eigar av Gbnr 27/40 der det vart vist til ustabil overflater på deira eigedom, noko som må takast omsyn til ved sprenging. Det vart også vist til dårleg trykk på vasstilførsel til deira hus, og det blir bedt om at ein vurderer den totale kapasiteten ved ny utbygging i området. Administrasjonen sin kommentar: Naboar vert varsla i samband med byggemelding, og konsekvensar for naboar vert vurdert i byggesaka. Vurdering: I området er det i tillat med høg utnytting med krav til god terrengtilpassing. I planomtalen er det vist ei bygningsutforming som tek vare på intensjonane i kommuneplanen. Plankartet er retta opp i samsvar med vist differensiert høgde i planomtalen og etter innspel i høyringsperioden Planomtalen inneheld ei grundig ROS- analyse og vurdering av konsekvensar for naboar og for naturmangfaldet. Tiltaket er vurdert rimeleg grundig etter lova om naturen sitt mangfald NML 8-12. Slik prosjektet er vist i planomtalen er det i stor grad tatt omsyn til krav i sentrumsplanen om tilpassing til terreng og silhuettar i området. Gangvegar som det er krav om i kommuneplanen, er innarbeidd i planforslaget med rekkefylgjekrav. Revisjon av planen når det gjeld utnytting av Gbnr 27/452 (BK2) er ikkje vist i revidert planomtale. Sol/skyggetilhøve for denne eigedommen er vist under føresetnad at eigedommen skulle gå inn i samla utbygging, men illustrasjonane gir grunnlag for å vurdere framtidige soltilhøve som akseptable for eigedommen med meir moderat utbygging eller framhald av eksisterande situasjon. Planforslaget vert tilrådd vedtatt. Økonomiske konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Prenta/uprenta vedlegg: Nr T Dok.dato Til/Frå Tittel Vedlagt (x) 1 U 19.12.2011 ABO v/ Ola Klyve Referat frå oppstartsmøte Dalland; Notøbakken AS v/geir Sandvik 2 U 05.01.2012 ABO v/ Ola Klyve Dalland Detaljreguleringsplan Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Bustad 3 I 09.01.2012 ABO Plan & Arkitektur Havrenesvegen - Notøbakken, gnr. AS 27 bnr. 33 og 1118 m.fl. - Varsel 4 I 13.02.2012 Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavd. 5 I 15.02.2012 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 6 I 07.03.2012 Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavd. 7 U 10.05.2012 INC v/petter Daniel Solheim 8 I 25.06.2012 Flora bygg og eigedom v/ Vidar Vårdal 9 I 26.06.2012 Flora Ungdomsskule v/ Terje Folkestad 10 I 04.09.2012 ABO Plan & Arkitektur AS 11 I 07.09.2012 ABO Plan & Arkitektur AS 12 I 28.09.2012 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om oppstart av detaljregulering Flora - Havrenesvegen - Notøbakken gbnr. 27/33 og 1118 m.fl. - Varsel om oppstart av detaljregulering - Kulturminnefaglig uttale Fråsegn til oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Notøbakken gbnr 27/33, 1118 m.fl. Flora - Havrenesvegen - Notøbakken gbnr. 27/33 og 1118 m.fl. - tilbakemelding etter synfaring Prosjekt : Notøbakken Merknader - regulering Notøbakken Regulering Notøbakken, merknad Oppdragsbekreftelse Varsel om utviding av planområdet - Havrenesvegen - Notøbakken, gnr. 27 bnr. 33 og 1118 m.fl. Fråsegn til varsla utviding av planområde for detaljreguleringsplan for Havrenesvegen - Notøbakken gbnr 27/33, 1118 m.fl 13 I 22.10.2012 ABO Plan & Arkitektur Innlevering av plan til 1. gangs handsaming. Notøbakken gnr. 27 bnr. 33 og 1118 m.fl. 15 I 06.11.2012 ABO v/ Ola Klyve Dalland Notøbakken - Planforslag Gbnr 27/33,1118 m.fl. 14 I 06.11.2012 ABO v/ Ola Klyve Notøbakken - Planforslag Dalland 17 I 21.11.2012 Plan & arkitektur Overvannsvurdering ifm. reguleringsplan for Notøbakken 18 U 06.12.2012 Firdaposten Kunngjering plansaker 20 U 10.12.2012 Flora kommune; Flora kommune; KF Flora Bustad og Eigedom; Kommunalt råd for eldre; Privat detaljreguleringsplan Notøbakken, gbnr 27/33 m.fl. - Bustad. Planid:20120101. Utlegging til off. ettersyn.
Rådet for funksjonshemma; Telenor - Servicesenter for nettutbygging; NVE - Region Vest; Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavd.; SFE Nett AS; Sogn og Fjordane fylkeskommune - Plan og samfunnsavdelinga; Statens Vegvesen Sogn og Fjordane; Fylkesmannen i Sogn og Fjordane; Sogn og Fjordane fylkeskommune; Flora Hamn KF 19 U 13.12.2012 Sparebanken Vest; Eilif Døsen; Marit Døsen; Steinar Ove Døsen; Arthur A. Andersen; Bente Irene Bareksten; Bjørn Anton Døsen; Flora kommune; Knut Morten Ullaland; Kurt Arne Valberg; Marta H. Bareksten; Petter Daniel Solheim; Ragnhild Notø; Randi Halvorsen; Staale Klakegg; Tove L.L. Ullaland; Flora Ungdomsskule v/rektor PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FOR NOTØBAKKEN. GBNR. 27/33 M.FL. BUSTADER. PLANID:20120101.. 21 I 04.01.2013 SFE Nett AS Høyringsfråsegn til privat detaljreguleringsplan Notøbakken GBnr 27/33 i Flora kommune 22 I 16.01.2013 NVE Fråsegn til offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan - Notøbakken GBnr 27/33 m.fl. - Flora kommune 23 I 21.01.2013 Flora bygg og eigedom Notøbakken - Merknader til detaljreguleringsplan Gnr 27 Bnr 33 m.fl 24 I 23.01.2013 Sogn og Fjordane fylkeskommune Plan og samfunnsavd. Svar - Privat detaljreguleringsplan Notøbakken, gbnr 27/33 m.fl. - Bustad. Planid: 20120101. Utlegging til off. ettersyn 25 I 23.01.2013 Petter Daniel Solheim Merknad til detaljreguleringsplan 26 I 25.01.2013 Greta Anderssen m/fl. på vegne av Arthur Anderssen for Notøbakken. Plan ID 20120101 Merknad til reguleringsplan for Notøbakken
27 I 25.01.2013 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Flora kommune - privat detaljreguleringsplan - gbnr 27/33 mfl. - utlegging til offentleg ettersyn 28 U 28.01.2013 ABO Plan & Arkitektur Detaljreguleringsplan Notøbakken, gbnr 27/33 m.fl. - merknader etter høyring Utskrift til: Sakshandsamar m/saka