FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 20.11.2012 059/12 Sakshandsamar: Kjell Aage Udberg Arkiv: K2-L12 ARP-20120101, Arkivsaknr 12/34 PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN NOTØBAKKEN, GBNR 27/33 M.FL. - BUSTAD. PLANID:20120101. UTLEGGING TIL OFF. ETTERSYN. Kva saka gjeld: ABO Plan & Arkitektur har på vegne av Notøbakken utarbeidd framlegg til reguleringsplan for område B12 og B13 i Sentrumsplanen. Planen omfattar også del av F2, og på oppdrag frå Flora kommune er også ny utforming av tilkomst/parkeringsareal til ungdomsskulen tatt med i planforslaget. Byggjeføremål er blokker, konsentrerte småhus og renovasjonsanlegg. Det er planlagt eit område med bustadblokker og eit område med konsentrerte småhus. Planen er i hovudsak i samsvar med Gjeldande kommunedelplan (Sentrumsplanen), men tomteutnyttinga er høgare enn i det som er vedtatt for område B13 i kommuneplanen fordi parkeringsareal under bakken er rekna med i samla utnytting. Planframlegget med planomtale, datert 18:10.2012, vert tilrådd lagt ut til offentleg ettersyn FRAMLEGG TIL VEDTAK: Plan- og miljøutvalet viser til saksutgreiinga og godkjenner med heimel i PBL 12-9,12-10 og 12-11 at framlegg til privat detaljreguleringsplan - Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Planid:20120101 vert utlagt til offentleg ettersyn. Planforslaget vert lagt ut slik det er utforma; datert 18.10.2012, men det vert føresett at plankartet vert tilpassa planomtalen før endeleg vedtak. 20.11.2012 PLAN- OG MILJØUTVALET Røysting: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken.
PMUV-059/12 VEDTAK: Plan- og miljøutvalet viser til saksutgreiinga og godkjenner med heimel i PBL 12-9,12-10 og 12-11 at framlegg til privat detaljreguleringsplan - Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Planid:20120101 vert utlagt til offentleg ettersyn. Planforslaget vert lagt ut slik det er utforma; datert 18.10.2012, men det vert føresett at plankartet vert tilpassa planomtalen før endeleg vedtak. Terje Heggheim Rådmann Rolf Bjarne Sund Plansjef
Innleiing: ABO Plan & Arkitektur har på vegne av Notøbakken utarbeidd framlegg til reguleringsplan for område B12 og B13 i Sentrumsplanen. Planen omfattar også del av F2, og på oppdrag frå Flora kommune er også ny utforming av tilkomst/parkeringsareal til ungdomsskulen tatt med i planforslaget. Denne delen av planen er tidlegare vurdert av brukar. Det vert starta planarbeid for ny samanbindingsveg mellom Havrenesvegen og RV5. Val av løysing for denne vegen har ikkje direkte konsekvens for tilkomst som er vist i omsøkt plan. Byggjeføremål er blokker, konsentrerte småhus og renovasjonsanlegg. Det er planlagt eit område med bustadblokker og eit område med konsentrerte småhus. Prinsipp for terrengtilpassing: Fylgjande rammer er sett for byggjeområda: Byggjeområde Areal m 2 BRA % BRA Maks tal m 2 etasjar Maks mønehøgd kote + Tal bustad einingar BK1 925 370 40 % 2 + kjellar 34 4 BB 5 850 7 020 120 % 5 + P- 41* 46 kjellar O_RA 46 - - - - - Totalt 6 821 7 390 *Område BB har differensierte byggehøgder. I område BK er det planlagt 4 bustadar og i område BB er det planlagt 47 bustader i ulik storleik. Det utarbeidd utførleg og god planomtale til planforslaget som er vedlagt saka som trykt vedlegg Planen er i hovudsak i samsvar med Gjeldande kommunedelplan (Sentrumsplanen), men tomteutnyttinga er høgare enn i det som er vedtatt for område B13 i kommuneplanen på grunn av at parkeringsareal under bakken er rekna med i tomteutnyttinga. Planframlegget med planomtale er datert 18:10.2012. Vurdering: I området er det i tillat med høg utnytting med krav til god terrengtilpassing. I planomtalen er det vist ei bygningsutforming som tek vare på intensjonane i kommuneplanen. Men dei differensierte byggehøgdene som er vist i illustrasjonane og som er grunnlag for analyser og vurderingar i planomtalen, er ikkje vist tilstrekkeleg i plankartet. Før endeleg vedtak av planen må plankartet
rettast opp i samsvar med vist differensiert høgde i planomtalen og etter evt. innspel i høyringsperioden Planomtalen inneheld ei grundig ROS- analyse og vurdering av konsekvensar for naboar og for naturmangfaldet. Tiltaket er vurdert rimeleg grundig etter lova om naturen sitt mangfald NML 8-12. Slik prosjektet er vist i planomtalen er det i stor grad tatt omsyn til krav i sentrumsplanen om tilpassing til terreng og silhuettar i området. Gangvegar som det er krav om i kommuneplanen, er innarbeidd i planforslaget med rekkefylgjekrav. Omsøkt plan representerer eit stort tiltak og utfordrar infrastrukturen i området. Dette gjeld særleg trafikk (samanbindingsveg Havrenesvegen RV5) og skule/barnehage. Rådmannen vurderer likevel behovet for nye bustadar nær Florø sentrum som så stort at planforslaget vert tilrådd lagt ut til offentleg ettersyn, men peikar på at dette set krav til at det vert arbeidd aktivt med å løyse generelle infrastrukturtiltak i området. Økonomiske konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Prenta/uprenta vedlegg: Nr T Dok.dato Til/Frå Tittel Vedlagt (x) 1 U 19.12.2011 ABO v/ Ola Klyve Referat frå oppstartsmøte ; Notøbakken v/geir Sandvik 2 U 05.01.2012 ABO v/ Ola Klyve Detaljreguleringsplan Notøbakken, Gbnr.27/33 m.fl. Bustad 3 I 09.01.2012 ABO Plan & Arkitektur Havrenesvegen - Notøbakken, gnr. 27 bnr. 33 og 1118 m.fl. - Varsel 4 I 13.02.2012 Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavd. 5 I 15.02.2012 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 6 I 07.03.2012 Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavd. 7 U 10.05.2012 INC v/petter Daniel Solheim 8 I 25.06.2012 Flora bygg og eigedom v/ Vidar Vårdal 9 I 26.06.2012 Flora Ungdomsskule v/ Terje Folkestad 10 I 04.09.2012 ABO Plan & Arkitektur 11 I 07.09.2012 ABO Plan & Arkitektur om oppstart av detaljregulering Flora - Havrenesvegen - Notøbakken gbnr. 27/33 og 1118 m.fl. - Varsel om oppstart av detaljregulering - Kulturminnefaglig uttale Fråsegn til oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Notøbakken gbnr 27/33, 1118 m.fl. Flora - Havrenesvegen - Notøbakken gbnr. 27/33 og 1118 m.fl. - tilbakemelding etter synfaring Prosjekt : Notøbakken Merknader - regulering Notøbakken Regulering Notøbakken, merknad Oppdragsbekreftelse Varsel om utviding av planområdet - Havrenesvegen - Notøbakken,
12 I 28.09.2012 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gnr. 27 bnr. 33 og 1118 m.fl. Fråsegn til varsla utviding av planområde for detaljreguleringsplan for Havrenesvegen - Notøbakken gbnr 27/33, 1118 m.fl 13 I 22.10.2012 ABO Plan & Arkitektur Innlevering av plan til 1. gangs handsaming. Notøbakken gnr. 27 bnr. 33 og 1118 m.fl. 15 I 06.11.2012 ABO v/ Ola Klyve 14 I 06.11.2012 ABO v/ Ola Klyve Notøbakken - Planforslag Gbnr 27/33,1118 m.fl. Notøbakken - Planforslag Kopi til: ABO Plan & Arkitektur Postboks 291 5203 OS Flora Ungdomsskule v/ Terje Folkestad Notøbakken v/geir Sandvik