LINDÅS KOMMUNE LOKAL VERKSEMDPLAN Knarvik ungdomsskule 2014-2016
INNLEIING: VISJON, MÅL, PEDAGOGISK PLATTFORM Forord av rektor Verksemdsplanen er eit viktig styringsdokument for skulen. Det som er nedfelt her er forpliktande for alle som arbeider på skulen. Vi bør difor ha verksemdsplanen tilgjengeleg og vera fortruleg med innhaldet. Skulen er ein arena der ein skal styrkje alle sidene ved eleven. Vi har også eit felles ansvar for alle elevane. Dette må vi ha i tankane i det daglege arbeidet vårt. Kort presentasjon av skulen Knarvik ungdomsskule har 51 tilsette og 327 elevar. Skulen er organisert på tradisjonelt vis med klasseinndeling. Denne planen syner kva Knarvik ungdomsskule vil jobbe med den komande treårsperioden. Planen er utarbeidd av plangruppa etter innspel frå personalet. Såleis er den eit samarbeidsprosjekt. Knusk sin visjon: Vi meistrar gjennom læring, fellesskap og glede. Overordna verdiar Knarvik ungdomsskule ønskjer å vera ein vi-skule, der vi alle tek ansvar for våre elevar. Skulen byggjer på kommunen sitt verdigrunnlag. Vi har eit læringssyn der eleven står i sentrum. Vi ønskjer aktive elevar som søkjer kunnskap, slik at dei utviklar seg sosialt, kulturelt og fagleg. Opplæringa skal setja eleven i stand til å møta framtida med tryggleik og glede. For å oppnå gode læringsforhold for elevane må alle partar, både føresette, elevar, lærarar og andre tilsette samarbeide. Samarbeidande vaksne er gode rollemodellar. Dette treng elevane for å møte nye og ukjende krav i framtida. Vi vil utvikle oss til å bli ein lærande organisasjon på alle nivå. Ved å dela kunnskapen i organisasjonen, vil vi løfte alle. Dette inneber også endringsfokus og at vi er opne for andre måtar å tenkje på. Verdigrunnlag Vi ønskjer at elevane våre skal vera: Kunnskapsrike Nysgjerrige Uthaldande Sannferdige Konsentrerte
ORGANISASJONSUTVIKLING - KVALITETSUTVIKLING Fig 1: Lindvig Organisasjonskart skuleåret 2015/2016 Rektor Einingsleiar/ rektor Olaf M Hella Undervisningsinspektørar Undervisningsinspektør 8. trinn team 9. trinn team 10. trinn Team Undervisningsinspektørane vil få delegert personalansvar i løpet av året. Dette kjem vi attende til.
Skulen skal vurdere sin eigen aktivitet fleire gongar i løpet av året. Om hausten: Resultatoppnåing, eksamensresultat og elevundersøkinga Våren: Vurdere verksemdplanen og laga ny plan for neste skuleår. Tidleg på vårhalvåret skal ein gjera ei vurdering av resultat frå nasjonale prøvar saman med barneskulane. Ein vurderer resultata på systemnivå og set inn tiltak for å oppnå best mogelege faglege og sosiale resultat. Skulen bruker figur 1 over ved vurdering av eigen praksis og forbetringar. Konklusjon: Skulen ser etter kontinuerleg forbetring gjennom prinsippa for lærande organisasjon. Tiltaka må gjerast skriftleg. KOMPETANSEBEHOV 1. I høve til dei kommunale utviklingsområda: Fleire lærarar har trong for vidareutdanning til grunnfagskompetanse i dei skriftlege faga. Det er trong for felleskurs i rekning som grunnleggjande ferdigheit. 2. I høve til skulen sine behov for prioritering: Skulen treng kurs innanfor IKT, blant anna bruk av Smartboard, Excel, Geogebra og Musescore. 3. Kompetansebehov: Skulen har på sikt trong for meir kompetanse i pedagogisk bruk av IKT, 2. framandspråk, engelsk, spesialundervisning og matematikk. Vurdering og skildring av skulen sine kompetansebehov knytt til punkt 1.-3. ovanfor. Ved tilsetting tek skulen omsyn til kompetansetrong.
UTVIKLINGSARBEID 1. I høve til dei kommunale utviklingsområde: Skulen vil gjennom satsinga «Ungdomstrinn i utvikling» heve kompetansen innanfor rekning i alle fag. Målet med tiltaket er å heve kompetansen i rekning og seinare faget matematikk. Seinare i planperioden vil skulen ha fokus på lesing som grunnleggjande dugleik. 2. I høve til skulen sine utviklingsområde: Skulen vil i året innføre vidareutvikle praksis innanfor vurdering, årsplanar, arbeidsplanar og fagrapportar gjennom erfaringsdeling. 3. Område for KIS Skulen nyttar KIS metodikken i arbeidet med rekning i alle fag. KVALITETSIKRING Fig 2 Skulen sitt system for vurdering av elevane si utvikling i grunnleggjande ferdigheiter og læring knytt til kompetansemåla i læreplanen: Gjennom arbeidet som vert gjort med årsplanar og evalueringa av desse sikrar skulen at opplæringa er i tråd med kompetansemåla i læreplanen: Skulen gjennomfører skulebasert kompetanseheving innanfor den grunnleggjande dugleiken rekning. Kvalitetsbesøk (Møte med skuleeigar): Skildring av målsetjing og tiltak frå førre kvalitetsbesøk, metode for førebuing av komande kvalitetsbesøk, oppfølging: Målsetjing: Arbeide med rekning som grunnleggjande dugleik og gjennomføre eit KIS opplegg innanfor dette området.
UTVIKLINGSPLAN SKULEÅRET 2015/16 OMRÅDE: Grunnleggjande ferdigheit - Vurdering EMNE DELMÅL TILTAK ANSVAR Rekning i alle fag Auke kompetansen til elevane i rekning UIU samarbeid med høgskulen Kompetansenettverk med andre u-skular Leiing - Alle Erfaringsdeling mellom lærarane Bruke aktivt ressurssidene til www.udir.no Vurdering Kompetanse Det skal vere høg kompetanse hjå fagpersonalet Alle elevar skal ha vurdering i tråd med forskrift for elevvurdering Bevisstgjering av lærarar i alle fag Leiing - Alle Erfaringsutveksling - Samarbeid mellom faglærarar Vurdering i kvart fag Fagteamleiar- alle Fokus på komp mål ikkje lærebok Oppfølging av system i.f.t vurdering Utarbeide felles standard for vurdering Hyppige fagteam med dialog om vurderingskriterier fagteamleiar - Alle Revidering av årsplan Oppfølging av felles system for vurdering og tilbakemelding for elevar, samt føresette/foreldre OMRÅDE: IKT EMNE DELMÅL TILTAK ANSVAR IKT i pedagogisk arbeid IKT skal vere eit nyttig verkty for elevane Kompetanse i «Smartboard» Erfaringsdeling i personalet Alle Heimesider / It`s Learning ak Personalet skal ha god kjennskap til heimesida og bruken av It`s Learning Bruke heimesida og it`s Learning Alle skal legge ut arbeidsplan og årsplan på heimesida Leiing - Alle Oppretting av nye heimesider
OMRÅDE: Samarbeid EMNE DELMÅL TILTAK ANSVAR Skule/ heim (Skule/heim konferansar / foreldremøter) Utvikling «VI» - skule : samarbeid mellom alle partar i organisasjonen. Utvikling Årsplanar Utvikling Arbeidsplan for elevane Det skal være eit tett samarbeid i lag med heimen til elevane Det skal vere eit godt samarbeid på alle nivå Alle planar skal vere eit levande dokument Alle planar skal innehalde læringsmål, nivådeling og lik tidsperiode Visma Flyt (sms/mail ordning) Felles system for tilbakemeldingane Forenkle/ forbetre kommunikasjon mellom skule/heim (VISMA Flyt) Møte og vere førebudd Hjelpe kollegaer Bidra til godt arbeidsmiljø. Felles språk og praksis Avklare forventningar Felles årsplan på trinna Fagteam evaluerer årsplan på våren med tanke på utbetringar til hausten Legge til rette for delingskultur Få elevar til å bruke arbeidsplanen til læring Plangruppa - alle Alle Fagteamleiar - Alle Lærar Dele arbeidsplanar Elevmedverknad OMRÅDE: Læringsmiljø EMNE DELMÅL TILTAK ANSVAR Fysisk/ psykososialt miljø Alle skal ha eit godt fysisk/psykososialt miljø Språkbruk mellom elevgruppa Aktivitetsdagar Alle Utvikling Smil & Stil MOT Nettvett OMRÅDE: Tilpassa-, spesialundervisning og minoritetsspråklege elevar EMNE DELMÅL TILTAK ANSVAR Tilpassa opplæring Alle elevar får undervisning som dei drar nytte av Klargjering av omgrepet- tilpassa vs spesial undervisning Rektor - Alle Undervisning tilpassa eleven sitt nivå Fokus på metodikk/variasjon
La dei flinke elevane få utvikle seg Spesialpedagogikk Iverksetjing av Læringslaben Innføring av Læringslaben. Gruppering av elevane på Læringslaben slik at elevane får opplæring i eit sosialt læringsfellesskap Leiing Spesialpedagogar Gjere Læringslaben til ein naturleg læringsarena på skulen. Minoritetsspråk Utvikle norsk språkkompetanse Systematisk oppfølging av Minoritetspråklege elevane etter kommunen sine retningslinjer. Leiing Minsplærarar Planen er revidert etter innsendte innspel.
ÅRSHJUL 15-16 Munnleg eksamen Årsrapport IOP Rapport tilpassa undervisning / minoritetsspråklege Lindåsleikane Rydding Underskrift protokoll Juni Årsplanar Planlegging Informasjon nye elevar Kartlegging nye elevar Brannøving Etiopiaaksjonen August Foreldremøte Knarvikmila Møte med kontaktlærar barneskulen IOP Nasjonale prøvar Smil og Stil Etablere nytt FAU/SU/SMU Leirskule 10. trinn September Opptur Tinestafetten Foreldremøte nye 8. trinn Endeleg fagrapport Sommarprøvar Eksamen Standpunktkarakterar Vil vite 9. trinn Mai ÅRSHJUL For DRIFT Skrive kommentarar til Skule / Heim samtalar Skule / Heim Konferansar Nasjonale prøvar Budsjett Oktober Vårprøvar 10. trinn PRYO 9. trinn Prøvemunnleg Idrettsdag Kartlegging minoritetsspråklege April Haustprøvar Hospitering VGS 10. trinn Planleggingsdag 7.11 November Ball Fagleg ped dag Framlegg vidareføring spesped Skrive kommentarar til Skule / Heim konferansar Skule / Heim konferansar Hospitering VGS 9. trinn Førebels fagrapport i alle fag Sende varsel om manglande grunnlag for karakter eller nedsett karakter i orden/åtferd. Februar/ Mars Haustprøvar Aktivitetsdag Rydding MSO 10. trinn Desember Føring av karakterar Karaktermøte orden/åtferd alle trinn Utlevering av karakterar Foreldremøte 10. trinn Januar
AKTUELLE LENKER http://www.udir.no/regelverk/tilsyn/_tilsyn/rettleiingsmateriell-for-felles-nasjonalt-tilsyn- 2014-2017/ http://www.udir.no/pagefiles/79327/tilsynsveileder%20nynorsk.pdf?epslanguage=no http://www.udir.no/pagefiles/79327/skjema%20for%20leiinga%20ved%20skulen%20(nynor sk).odt?epslanguage=no http://www.udir.no/pagefiles/79327/skjema%20l%c3%a6rargruppa%20(nynorsk)%20odt.o dt?epslanguage=no http://www.udir.no/pagefiles/79327/skjema%20for%20leiinga%20ved%20skulen%20(nynor sk).docx?epslanguage=no http://www.udir.no/pagefiles/79327/skjema%20l%c3%a6rargruppa%20(nynorsk)%20docx. docx?epslanguage=no