Finnøy kommune Forvaltningsstyret Tilleggsinnkalling Møtedato: 19.09.2017 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: politisk.sekretariat@finnoy.kommune.no Oppmøte på rådhuset. Møtet byrjar med synfaring. Saker som vert ettersendt: GNR 74 BNR 3 - søknad om deling av grunneigedom 6 tomter - Jan Per Alveskjær - Ombo Finnøy 14.09.2017 Olav Halsne utvalsleiar Hilde Gunn Bjelde sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 078/17 GNR 74 BNR 3 - søknad om tiltak utan ansvarsrett - frådeling av 6 tomter - dispensasjon - Jan Per Alveskjær - Ombo Side 2 av 5
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Else May Sevheim GBNR - 74/3 17/7342 Saksnr Utval Dato 078/17 Forvaltningsstyret 19.09.2017 GNR 74 BNR 3 - søknad om tiltak utan ansvarsrett - frådeling av 6 tomter - dispensasjon - Jan Per Alveskjær - Ombo Vedlegg 1. GNR 74 BNR 3 - søknad om dispensasjon - Alveskjær 2. Oversiktskart 3. Tomtedeling 6 tomter 4. GNR 74 BNR 3 - tilleggsopplysningar/merknad frå nabo 5. GNR 74 BNR 3 - kommentar på merknad frå nabo 6. 013-1986_SLATT_Plankart_A3 7. 013-1986_SLATT_Føresegner Forslag til vedtak frå rådmannen: Søknad om dispensasjon frå 1-8 i pbl og vidare løyve til frådeling av seks tomter frå Gnr. 74, bnr. 3 vurderes gitt. Saka vert sendt på høyring. Følgjande vilkår skal gjelda: 1. Plan- og bygningslova med føresegner skal følgjast 2. Frådelinga skal vera i samsvar med skisse signert grunneigar den 28.04.2017 3. Det skal betalast gebyr for oppmålingsforretning, merkemateriell og tinglysingsgebyr. 4. Det skal ligga føre avtale om parkering til nye grunneigedommar Finnøy 14.09.2017 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Tiltak: Frådeling av 6 tomter frå gnr. 74, bnr, 3. Tiltakshavar: Jan Per Alveskjær, representert av adv Per Asle Ousdal i Bull Årstad DA. Festerar: Åke Ågesen, Ole Ågesen, Sissel Grete Nilssen, Monica Nilssen, Magne Arthur Myrland og Ben Roy Oftedal. Side 3 av 5
Det ligg føre søknad om oppretting av seks nye grunneigedommar med ein storleik på om lag 1,1 dekar kvar. Nye eigedomar innehar fritidsbustader som tilhøyrar kvar av festenr 1, 3, 4, 5, 6 og 7. Det søkjes om frådeling iht plan- og bygningslova 20-1 m) og 20-4 d). I tillegg søkjes det om dispensasjon iht pbl 1-8, ettersom det ikkje er vist byggegrenser i plan. Det er opplyst at fritidsbustadane ikkje har innlagt vatn/avløp. Det er sikra parkering med grunneigar i fellesanlegg for festetomtene. Søkjar visar til følgjande grunngjeving for dispensasjonen: «Ettersom det i dag allerede er oppført 7 fritidsboliger på området, vil en fradeling og overføring av grunneiendom til festerne ikke ha betydning for hensynene bak byggeforbudet i 100-meters beltet langs sjø, jf 1-8. Hensynene i lovenes formålsbestemmelse eller bestemmelsen det dispenseres fra blir heller ikke tilsidesatt. Kumulativt vilkår, fordelene må være klart større enn ulempene, også dette vilkår anses som oppfylt. For festerne er det åpenbart en fordel å være eier til grunnen, sammenlignet med et festeforhold» Det er i dag festekontrakt med punktfeste mellom partane. Partane har no avtale ang kjøp av frådelte tomter med festehytter på. Det ligg føre merknad frå nabo på gnr. 74, bnr. 3, fnr. 2, Rune Einar Håland, rep ved advokat Torstrup: «Håland oppfatter at denne fradelingen kommer i konflikt med fradelingen han selv har søkt om knyttet til innløsning av festetomt på 2200 m2 fra eiendom gnr. 74, bnr. 3. Denne siden oppfatter nabovarselet slik at deler av det arealet Jan Alveskjær søker fradelt er sammenfallende med det arealet Håland har søkt fradelt i sak med kommunens referanse 17/4640-EMS. Det protesteres dermed på tiltaket fordi dette omfatter areal som Håland disponerer over etter privatrettslig avtale samt at det omsøkte vil komme i konflikt med fradelingssøknaden til Håland som skal endelig avgjøres av Fylkesmannen i Rogaland». Det ligg føre kommentar på merknad frå tiltakshavar: «Grunneier mener at Håland sin sak ikke påvirker søknaden om omsøkt fradeling. Det er uenighet mellom Håland og grunneier mhp hans ønske/søknad om fradeling. Grunneier mener at han er blitt forledet av Håland, og vil ikke gjennomføre tomtekjøpet med Håland. Grunneier anmoder dermed om at fradeling av de aktuelle festetomtene gjennomføres, dette har ingen betydning for Hålands sak, en transaksjon som det nå hersker uenighet om». Vurdering Omsøkt deling ligg innanfor 100-metersbeltet langs sjø. Det er ikkje vist tomtegrenser i plan. Tiltaket krev dermed dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan. Dersom ein skal vurdere å gi dispensasjon må omsynet bak bestemmelsane det vert dispensert frå ikkje bli vesentleg tilsidesett, jf. plan- og bygningslova 19-2. I tillegg må fordelane med dispensasjonen vera større enn ulempene, samla sett. Plan- og bygningslova 1-8: «I 100-metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det tas særlig hensyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Andre tiltak etter 1-6 første ledd enn fasadeendringer kan ikke settes i verk nærmere sjøen enn Side 4 av 5
100 meter fra strandlinjen målt i horisontalplanet ved alminnelig høyvann. Dette er likevel ikke til hinder for fradeling ved innløsning av bebygd festetomt etter tomtefestelova. Forbudet etter andre ledd gjelder så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, jf. 11-9 nr. 5 og 12-7 nr. 2. Forbudet etter andre ledd gjelder ikke der kommunen i kommuneplanens arealdel har tillatt oppføring av nødvendige bygninger, mindre anlegg og opplag som skal tjene til landbruk, reindrift, fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs, jf. 11-11 nr. 4. For områder langs vassdrag som har betydning for natur-, kulturmiljø- og friluftsinteresser, skal kommunen i kommuneplanens arealdel etter 11-11 nr. 5 vurdere å fastsette grense på inntil 100 meter der bestemte angitte tiltak mv. ikke skal være tillatt.» Dispensasjon: Søkjar visar til at ein frådeling og overføring av grunneigedom til festerane ikkje vil ha betydning for omsyna bak 100-meterbeltet langs sjø. På vedlagt kart over inndeling av tomtene er det vist til at tomtene vil få eit areal som er på om lag 1,1-1,2 dekar. Tomtegrensene er trekt opp frå sjø, slik at frådelte tomter ikkje vert frådelt heilt ned til strandlinja. Det vil dermed verta oppretthaldt fri ferdsel. Samt fri tilgang til regulert felles traktorveg/adkomstveg og felles brygge for hyttene på bnr. 3. Ein frådeling som omsøkt vil dermed sikra at allmenne interesser er ivaretatt. Administrasjonen ser det som positivt at det er lagt fram ein heilhetleg plan som visar tomtefordeling i området som ivaretar felles- og allmenne interesser i området. Nabomerknad: Nabo på festenummer 2 har merknad i saka vedrørande at om søkt frådeling kjem i konflikt med festars avtale om innløysing/oppretting av si festetomt. Grunneigar meina at det er ueinigheiter mellom festar nr 2 og grunneigar vedrørande kjøp av tomt/innløysing. Vi gjer merksam på at det ikkje er gitt løyve til frådeling til eigar av festenummer 2. Kommunen kan difor ikkje ta stilling til ønska frådeling frå eigar av festenummer 2, så lenge det ikkje er gitt løyve til dette. Kommunen anser difor dette som privatrettslege forhold. Jf plan- og bygningslova 21-6 skal bygningsmynde ikkje ta stilling til privatrettslege forhold. Plan- og bygningslova: Jf plan- og bygningslova 26-1 opprettelse og endring av eigedom, seier at det ikkje kan opprettast eigedom utan at tomtene vert egna til bebygging. I dette tilfellet er det allereie oppført fritidsbustad som punktfeste, på eigedomane som søkjes frådelt. Omsøkt tomtedeling i forhold til eksisterande fritidsbustader er etter vår vurdering godt egna ut i frå tomtestorleik, avstand til nabobygg og form. Tomtedeling er etter vår vurdering ikkje i strid med gjeldande plan. Fritidsbustadane med festekontrakt har i dag avtale om parkering med grunneigar. Vi gjer merksam på at avtale om parkering må sikrast til nye grunneigedommar gjennom avtalar. Dette for at frådelte grunneigedommar har sikra parkering/tilkomst. Konklusjon Vår vurdering er at den samla tomtefordelinga ivaretek friluftinteressane og allmentas interesser i området. I hovudsak ved at det er satt av areal langsgåande sjø som vert liggande igjen på fellesareal, og ikkje vert oppdelt på kvar enkelt tomt. Vi finn på bakgrunn av dette overvekt av fordeler for å vurdere å gje dispensasjon frå 1-8 i pbl. Omsynet bak bestemmingane vil heller ikkje settast til side ved ein frådeling som omsøkt. Vi sender dermed saka på høyring. Side 5 av 5