Strategisk plan Riple skule 2012-2016 1. Skulen sitt verdigrunnlag 2. Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane 3. Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon 4. Tiltaksplan
1 Skulen sitt verdigrunnlag 1.1 Visjon for skulen vår Riple skule; ein trygg plass å være, ein trygg plass å lære Godt læringsmiljø Rom for den enkelte til å utfalde seg og evnene sine 1.2 Læringssynet vårt Alle kan lære det dei bestemmer seg for. Vi skal motivere borna og lære dei å motivere seg sjølve. Elevane skal få hjelp til å finne ut kva dei kan frå før. Elevane utviklar kunnskap i samhandling med andre. Varierte metodar er viktig for motivasjon og læring. 1.3 Læringsmiljøet vårt Elevar og vaksne skal være trygge på skulen og oppleve rom til å utfalde seg. Vi skal ha arbeidsro og varierte læringssituasjonar. Respekt gir respekt. Alle skal kjenne prinsippa i Repektprogrammet. Elevane skal oppleve toleranse, inkludering og gode relasjonar. Elevane blir gjort medvitne om si eiga utvikling og voksteren sin. Vi skal bruke naturmiljøet. Vi skal ha godt samarbeid med heimen.
2. Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane 2.1 Strategi for å utvikle den faglege kompetansen til elevane innanfor utvalde satsingsområde Riple skule ønskjer at elevane skal få mål å strekkje seg etter, og at dei samstundes skal oppleve meistring. Vi skal sjå den enkelte og trene han og henne i å sjå seg sjølve. Alle elevane skal oppleve at læraren forventar læring og utvikling hjå dei. For å få til dette må: - leiinga halde oppe satsingsområda, slik at vi drar lasset i lag. - leiinga ha tydelege forventningar til både elevar, lærarar og foreldre. - leiinga framelske ein delingskultur der lærarane gir kunnskap og erfaringar vidare til kollegaene. - lærarane skape gode relasjonar til elevane og foreldra. - lærarane utøve god klasseleiing. - lærarane gi elevane tydelege læringsmål. - lærarane gi elevane hyppig vurdering av læringa deira.
2.3 Prioriterte satsingsområde Bergen kommune har valt ut lesing, realfag og kommunikasjon som satsingsområde. Dette er og satsingsområda til Riple skule. 2.3.1 Lesing som grunnleggande ferdigheit. Dette området har skulen arbeidd lenge med. Det er utarbeidd ein grundig leseplan og vi har oppnådd at alle lærarar er leselærarar. Leseplanen vert revidert årleg. Vi vil fortsette arbeidet med å gi borna lesedugleik og leseglede, og har timeplanfesta lesetrening for dei som treng ekstra støtte. Vi nyttar SOL som kartleggingsverkty. 2.3.2 Realfag Skulen har valt å satse ekstra på naturfag i åra framover. Vi vil kartlegge dei ulike habitata i uteområda og skriftleggjere kunnskapen om dei. Dette vil hjelpe oss i å etablere faste naturfagsprosjekt på dei ulike årsstega. Vi vil skape begeistring for naturfaga og bruke denne begeistringa til å skape gode skriveprosessar. I matematikkfaget skal elevene få gode rekneferdigheiter. Den einskilde skal få god oppfølging og få hjelp til forståinga av faget gjennom praktisk arbeid i timane. 2.3.3 Kommunikasjon Dette er eit vidt område. Vi ønskjer å legge vekt på lesekompetanse, og evne til å bruke morsmålet skriftleg og munnleg. For å kunne kommunisere med alle elevane, skal personalet lære å bruke tale med teiknstøtte. Dette skal dei nytte i det daglege og lære vidare til alle elevane på skulen. Dette er eit viktig inkluderingsarbeid for oss. Sosial dugleik er vesentleg for å oppnå kommunikative evner. Skulen har eit lite og sårbart miljø, og vi vil leggje vekt på handlemåtane og verdiane som er samla i Respektprogrammet.
3. Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon. 3.1 Skulen som lærande organisasjon. Riple skule skal være ein god plass å lære for elevane, og vi vil at alle skal bli så gode som dei kan bli. Då må det som bur i lærarane nyttast på best mogeleg vis. Lærarfellesskapen må dyrkast og ein må lære av kvarandre. Dette skal vi oppnå gjennom : - At leiinga held oppe måla og arbeider for at vi får ei felles forståing av utviklingsmåla og vegen fram. - At leiinga legg til rette for at lærarane kan lære av kvarandre og samarbeide. - At meir kunnskap blir skriven ned. - At foreldre og nærmiljø blir inviterte til å medverke til læring og utvikling av kunnskap. - At vi alltid legg vekt på god kommunikasjon mellom tilsette, born, foreldre og leiing. - At leiinga legg til rette for kurs og oppdatering av kunnskap. - At alle reflekterer over arbeidet i klasserommet. - At vi evaluerer planane våre og reviderer dei når det trengst. 3.2 Evaluering av den strategiske planen. Planen må sjåast i samanheng med tiltaksplanen. Vi må vurdere i kva grad måla vert nådde og sjå til at nye føringar frå samfunnet kan få ein plass i planen. Tilsette, foreldre og lærarar må være med i denne vurderinga.