UTVIKLINGSMELDING for barnehage grunnskule kulturskule

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for Åmli skule

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

kulturskule grunnskule Aurland kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Innkalling av Formannskapet

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Innkalling av Kommunestyret

Tilstandsrapport for grunnskulen

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Lagt fram: Luster kommune

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Tilstandsrapport for grunnskolen

2016/ Sør-Varanger kommune

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Tilstandsrapport for Nordre Land-skolen 2014

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Luster kommune. Lagt fram:

Tilstandsrapport for grunnskolen

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

Tilstandsrapport for:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen i Gulen 2011

Tilstandsrapport for grunnskolen

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes

Stryn kontrollutval SEKOM-sekretariat

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Tilstandsrapport for Berlevåg skole

Forfall meldes til Infotorget på e-post eller på telefon

Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Transkript:

UTVIKLINGSMELDING for barnehage grunnskule kulturskule i Aurland kommune AURLAND KOMMUNE driftsåret 2014 2015

Den årlege utviklingsmeldinga (tilstandsrapporten) inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hjå skuleeigaren og har kvalitetsutvikling som siktemål. Medverknad i utarbeidinga av rapporten Kryss av for kven som har vore involverte i prosessen med å utarbeide utviklingsmeldinga. Elevar og foreldre (f.eks. dialogmøte) Ja x Nei Organisasjonane Ja x Nei Skular Ja x Nei Administrasjonen i kommunen/fylkeskommunen Ja x Nei Politikarar i kommunen/ fylkeskommunen Ja x Nei Krav om årleg rapportering Det er fastsett i opplæringslova og privatskulelova at skuleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Rapport om tilstanden i opplæringa Rapporten om tilstanden i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Aurland kommune har valt å kalla tilstandsrapporten Utviklingsmelding, fordi ein ikkje berre ønskjer å fokusera på tilstanden, men òg på utvikling i notid og framtid. Den årlege rapporten skal drøftast av skuleeigaren, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskulane (jf. opplæringslova 13-10 andre ledd). Det følgjer av forarbeida til føresegnene - Ot.prp.) nr. 55 (2008-2009) s. 24 - at det skal vere mogleg å tilpasse arbeidet med å utarbeide ein årleg tilstandsrapport til det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hjå skuleeigaren. Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Regjeringa har fastsett mål knytte til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø som grunnlag for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr 31 (2007-2008). Til dei nasjonale målsetjingane har regjeringa sett opp indikatorar som skal gi grunnlag for å vurdere kor langt skuleeigaren er kommen i å nå måla. Krav til innhald i utviklingsmeldinga (tilstandsrapporten) Utviklingsmeldinga skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggjast ut med annan omtale som skuleeigaren meiner er føremålstenleg ut Side 2 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

frå lokale behov. Det er data frå Skoleporten.no som hovudsakleg skal brukast som grunnlag for skuleeigaren si vurdering av tilstanden, men det følgjer av St.meld. nr. 31 (2007-2008) at skuleeigarar og skular blir oppmoda til å føre opp konkrete målsetjinger for kva dei skal oppnå innanfor dei målområda som er sette opp. Det følgjer av Ot.prp. nr. 55 (2008-2009), s. 24, at tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje særskilde data om vaksne dvs.deltakarar som får opplæring etter kapittel 4A i opplæringslova. I vurderinga av om rettane til vaksne blir tekne vare på når det gjeld områda læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, må skuleeigaren derfor bruke andre kjelder for datainnhenting. I St.meld. nr. 16 (2006-2007) går det fram at tidleg innsats er vesentleg for å betre ferdigheiter og fagleg utvikling hjå elevane. Kartlegging av ferdigheitsnivået til elevane må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om spesialundervisning, og skuleeigaren må derfor også på dette området bruke andre kjelder for datainnhenting. Problemstillingar rundt dette temaet vert i denne meldinga særleg drøfta under punkt 6. Konklusjon. Skuleeigaren står elles fritt til å utvide innhaldet i tilstandsrapporten. NB: Denne meldinga inneheld data frå to driftsår, 2014-15 (førreskuleår) og 2015-16 (inneverande skuleår). Det er tal frå elevundersøkinga og resultat frå dei nasjonale prøvene som er tilgjengelege for begge åra, og som ein har funne rett å ta med for å ha ferskast mogeleg grunnlagsmateriale. Eksamensresultat og grunnskulepoeng frå inneverande skuleår er naturleg nok ikkje tilgjengelege enno. Det generelle systemkravet Den plikta skuleeigaren har til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i opplæringa, er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf opplæringslova 13-10 andre ledd og privatskolelova 5-2 tredje ledd. Ver merksam på at kravet til internkontroll, omfattar alle pliktene som ligg til skuleeigaren etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor vidare enn det tilstandsrapporten dekkjer. Personvern Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde opplysningar som kan identifiserast indirekte. Dette kan vere teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova 2 nr. 1. Tilsvarande kan òg gjelde for lokale indikatorar. Difor ei påminning om at desse opplysningane må behandlast i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova. Merk: Denne versjonen av tilsynsrapporten er på nynorsk. Uttrekk av innhald frå Skoleporten, som ikkje finst på begge målformene, kan likevel vere på bokmål. Side 3 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Innhald 1. Føreord... 6 2. Innleiing... 7 3. Samandrag... 8 A. Status... 8 Overgang frå grunnskule til VGO... 9 B. Utvikling... 9 4. Hovudområde og indikatorar... 11 4.1. Elevar og undervisningspersonale... 11 4.1.1. Lærartettleik... 11 4.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk... 13 4.2. Læringsmiljø... 14 4.2.1. Støtte frå lærarane... 15 4.2.2. Vurdering for læring... 15 4.2.3. Læringskultur... 16 4.2.4. Meistring... 17 4.2.5. Elevdemokrati og medverknad... 17 4.2.6. Mobbing på skulen... 19 4.2.7. Andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent)... 20 4.3. Resultat... 21 4.3.1. Nasjonale prøver 5. steget... 21 4.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteget... 26 4.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk... 32 4.3.4. Grunnskulepoeng... 33 4.4. Gjennomføring... 34 4.4.1. Overgang frå grunnskule til VGO... 35 5. Kommunale barnehagar i Aurland (KBA)... 36 5.1 Barnetal og personalressursar... 36 5.2 Hovudområde og indikatorar... 36 6. Aurland musikk- og kulturskule... 38 6.1 Bemanning:... 38 7. Eige kapittel... 42 7.2 Den gode skuleeigaren... 44 4.5. Dialogmøte 2016:... 46 7.1.1 Flåm skule 02.03.2016:... 46 7.1.2 ABU 03.03.2016... 47 7.2 Fokusområde framover... 47 7.2.1 Kva vil me ha fokus på framover?... 47 7.2.2 Frå PPT Voss til PPT Sogn... 48 8. System for oppfølging (internkontroll)... 48 9. Konklusjon... 49 Side 4 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

9.1 Generelt... 49 9.2 Utfordringar i arbeidet mot krenkjande åtferd:... 50 9.2.1 Opplæringslova... 50 9.2.2 Problemstillingar knytt til dette sett frå skuleigar si side... 50 9.2.3 Forventningar frå skuleeigar... 51 Side 5 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

1. Føreord Feedback is one of the most powerful influences on learning and achievement, but this impact can be either positive or negative. Tilbakemelding er noko av det som verkar sterkast inn på læring og meistring, men innverknaden kan vere anten positiv eller negativ. (Hattie and Timperley, 2007) Vurderinga skal hjelpe til med å redusere gapet fram mot full måloppnåing. Gapet må matast! (Egil Weider Hartberg, kurs i vurdering for læring, Aurland 2014) Side 6 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

2. Innleiing Denne utviklingsmeldinga er den fjerde med denne tittelen, og byggjer på tilsvarande melding for grunnskulen for dei tre føregåande driftsåra. Som tidlegare vert det nytta mal/ verktøy frå Skoleporten for å vise ulike statistiske verdiar, men i tillegg til å omfatta grunnskulen, gjeld meldinga frå og med driftsåret 2011 12 også for barnehagen og kulturskulen i Aurland. Rapporten fylgjer ikkje kalenderåret, men driftsåret for einingane. Det generelle kravet til skuleeigar om å utarbeide ein årleg tilstandsrapport for grunnskulen, er som namnet tilseier - tenkt å skildra tilstanden, korleis det står til, basert på resultata som kjem fram i ulike prøvar, undersøkingar og kartleggingar (Opplæringslova 13-10). Lovteksten pålegg mellom anna kommunen som skuleeigar å ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Som sagt innleiingsvis i denne meldinga, kan tilstandsrapporten byggjast ut med annan omtale som skuleeigaren meiner er føremålstenleg ut frå lokale behov. I Aurland kommune har politisk og administrativt ansvarsnivå drøfta og valt å kalle rapporten utviklingsmelding. Tanken med dette er at ein ikkje berre vil skildra tilstanden, men i tillegg ønskjer å reflektere over kvifor tilstanden er som han er, og så, ut frå dei funna ein gjer, seia noko om vegen vidare. Ut frå det som er sagt, er denne meldinga delt i to hovudbolkar; A. Status og B. Utvikling. Del A inneheld hovudsakleg statistikkar og tal, men gjev og korte vurderingar knytte til dei tala som kjem fram. Del B fokuserer meir på kva utvikling kommunen ønskjer for einingane. Det er berre for grunnskulen det er lovpålagt å lage tilstandsrapport, og difor er det frå dette området ein har mest detaljar og målingar / vurderingar. I arbeidet med å lage meldinga, vert det lagt vekt på at prosessen er dialogbasert. Dette inneber m.a. at det er etablert møteplassar der elevar, foreldre, lærarar, skuleleiarar og skuleeigar (administrasjon og folkevalde) får høve til å drøfta sentrale tema innafor skuleutvikling. Det vert vurdert som viktig at det ikkje vert oppretta eit nytt møteforum for dialogmøta, og hjå oss vert det difor peika på samarbeidsutvalet (SU) som ein høveleg arena. Side 7 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

3. Samandrag A. Status Utviklingsmeldinga rapporterer frå fylgjande einingar: Barnehage: o Kommunale barnehagar Aurland Kulturskule: o Aurland musikk- og kulturskule Grunnskule: o Flåm skule (fådelt 1. 7. klasse) o Aurland barne- og ungdomsskule (fulldelt 1. 10. klasse) Barnehage og grunnskule jobbar systematisk med dei satsingsområda som er nedfelte i utviklingsplanane for einingane. Sentralt for grunnskulen her har dei seinaste åra vore Læringsmiljøet ( 9 i Opplæringslova), Klasseleiing, Lesing i alle fag og Vurdering for læring, medan barnehagen har jobba med dei sju fagområda i Rammeplanen (forskrift til barnehagelova). Grunnskule og barnehage deltek i regionale nettverk både på einings- og kommunenivå. Kulturskulen samarbeider med kulturskulane i Årdal og Lærdal. Tettast er samarbeidet med Lærdal, der ein har hatt felles utlysingar og deler på stillingar. Ut frå brukarundersøkingar, nasjonale prøvar og eksamensresultat i grunnskulen for skuleåret 2014-15, ser ein at: Læringsmiljøet i grunnskulen er generelt godt Elevundersøkinga 2014-15, 7. klasse: o Tala for 7. klasse er svært gode og eit hestehovud framføre alle andre grupper ein vert samanlikna med. o På ein skala 1 5, der 5 er best, ligg snittet på 4,5. Det er særleg verdt å leggja merke til indikatoren for støtte frå lærarane, der skåren er 4,9. o Som alltid elles, skal me vera varsame med å trekkja bastante konklusjonar basert på statistikk for eitt år. Det må likevel vera grunn til å gje honnør til denne klassen, der ein har lukkast med å skape eit særleg godt læringsmiljø. I denne samanhengen er det viktig å streka under at det er samspelet mellom elevar, foreldre, pedagogar og ev andre vaksne i klassen som legg grunnlaget for dette. o Talet for mobbing er stabilt lågt i høve både eigne og andre grupper ein vert samanlikna med (1,1). o Andel elevar som opplyser at dei vert mobba 2-3 gonger i månaden eller oftare er 0 i denne klassen. Elevundersøkinga 2014-15, 10. klasse: o Tala for 10. klasse er på linje med eller litt under snittet for andre grupper ein vert samanlikna med. o Det er 12,5 % av elevane i denne klassen som opplyser at dei vert mobba 2-3 gonger i månaden eller oftare. Skulen gjekk inn i talmaterialet straks det låg føre, for å sjå nære på årsaker her. Ein konklusjon så langt er at dette talet må vere Side 8 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

feil, noko som kan basere seg på at ein eller to elevar har kryssa av i feil boks. Skulen fann såleis ingen haldepunkt som tilsa konkrete tiltak. Eksamen Skriftleg: Driftsåret 2014-15 var elevane i 10. klasse oppe til eksamen i Norsk hovudmål skriftleg. Resultata ligg på linje med snittet for kommunegruppe 16, og ein tidel over snittet for fylket og landet elles. Nasjonale prøver 5. klasse Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Statistikkane seinare i meldinga viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lesing, rekning og engelsk: Berre mindre endringar på dei tre meistringsnivåa i høve tala sist, men sjå avsnittet Vurdering etter kvar statistikk. 8. Klasse Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Statistikkane seinare i meldinga viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lesing, rekning og engelsk: Berre mindre endringar innan dei fem meistringsnivåa, men sjå avsnittet Vurdering etter kvar statistikk. Grunnskulepoeng Tilbakegang frå året før (som hadde særdeles gode resultat). På linje med eller litt under snittet for kommunegruppe 16, nasjonalt og fylket. Skulestruktur og eit minkande elevtal gjev relativt høg snittverdi på vaksentettleik. Overgang frå grunnskule til VGO Tala for dei to siste åra viser at alle elevane som gjekk ut av 10. klasse, vart registrerte i Vg1 same hausten. B. Utvikling Del B tek føre seg utviklingstrekk i det aktuelle driftsåret, og skal i tillegg seie noko om ønska utvikling. Overgangen mellom a) barnehage og skule, Det er laga overgangsplanar mellom barnehagane og skulane. Desse er vedtekne av dei føresette som del av årsplanen. b) barneskulen og ungdomssteget Førungdomsskuledagar Felles tur like etter skulestart i 8. klasse Side 9 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

c) ungdomsskulen og vidaregåande opplæring Ungdomsstegssatsinga er eit framhald av Ny GIV, men her får heile kollegiet tilbod om skulebasert kompetanseutvikling med støtte frå Høgskulen. I Ny GIV fekk to lærarar ved kvar skule tilbod om opplæring. Svært mange av skulane som har vore inne i pulje 1 og 2, nyttar NY GIV lærarane til ressurslærarar i denne satsinga fordi dei har fått denne opplæringa. Aurland har to lærarar som har denne utdanninga, og dei vil få tilbod om opplæring i ungdomsstegssatsinga når dei er inne i pulje (4). Det er læresentera som står ansvarlege for denne opplæringa på same måte som i NY GIV. Det finst eit omfattande system på samhandling mellom grunnskule og vgs, der siktemålet er å leggja best mogeleg til rette for alle elevane i vidaregåande opplæring, og der det er eit særskilt fokus på dei elevane som treng særleg oppfølgjing. d) Nulltoleranse for mobbing Begge skulane har eigne mobbeplanar (Zero) som blir brukte systematisk og målretta. e) Skulevegring Det har ikkje vore aktuelt med særskilte tiltak i samband med skulevegring. f) Kompetansekartlegging for alle tilsette ved skulane (lærarar, fagarbeidarar og assistentar ) i høve behov for etter- /vidareutdanning Vidare- og etterutdanning blir planlagd og gjennomført systematisk etter føregåande kartlegging av behov. Vurdering for læring er under gjennomføring/avslutting i inneverande driftsår Relasjonsleiing er under gjennomføring inneverande skuleår (2015-16). Relasjonsleiing er den einaste leiarstilen som byggjer på norsk kultur, tradisjon, demokrati og lovverk. Stilen er tufta på symmetriske relasjonar der verdiane er likeverd tillit samarbeid Les meir om relasjonsleiing: http://www.relasjonsledelse.no/default.asp?tekst=hovedside g) Aktiv bruk av nettstaden til skulane til formidling av informasjon Begge skulane har eigne nettstader, og desse blir i aukande grad brukt aktivt som ledd i samarbeidet heim-skule og som informasjonsarena mot omverda generelt. h) Vidareutvikle arenaer for dialogmøte mellom dei ulike aktørane i barnehage- og skulesamfunnet I perioden er det hausta erfaringar med ein modell der samarbeidsutvalet (SU)/skulemiljøutvalet (SMU) er arena for dialogmøte. Det vert jobba med å få til ei kommunikasjonsform som legg til rette for at alle deltakarane i møtet kan bidra aktivt og meiningsfylt i dialogen. Dei vaksne har eit særskilt ansvar for å ordleggja seg på ein måte som er forståeleg for elevane Side 10 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Det må setjast av tid i skulen slik at elevane får høve til å førebu seg til det som skal drøftast i dialogmøtet. Kompetansemål i norsk og samfunnsfag vil vera aktuelle her. i) System for styrka læring, regionalt prosjekt i samarbeid med Statped Vest Prosjektet har tre overordna mål (les meir om dette i kapittel 5): Auka tilpassa opplæring Styrka læringsutbytte for alle Redusert bruk av spesialundervisning Rammeavtale om samarbeid mellom Statped og kommunen vart behandla og vedteken i OOK i møte 1. september 2014. I prosjektet har fem av kommunane i regionen vedteke å gå inn i ei felles PP-teneste for regionen. Avtalen som me har med Voss PPT er forlenga ut skuleåret 2015-16. Gode overgangsordningar skal sikrast, slik at elevane merkar minst mogeleg til endringa. Det blir truleg aktuelt å halda fram avtalen om kjøp av logopedtenester frå Voss kommune. 4. Hovudområde og indikatorar 4.1. Elevar og undervisningspersonale Om Elevar og undervisningspersonale Utdanningsdirektoratet tilrår at skuleeigarane tek med desse indikatorane i tilstandsrapporten: talet på elevar og lærarårsverk (sum årsverk for undervisningspersonalet) lærartettleik (lærartettleik 1.-7. steget, lærartettleik 8.-10. steget) 4.1.1. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skulenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lærartettleik 8.-10. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 8.-10. steget ned på skulenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lokale mål: Vaksentettleiken er stor nok til å arbeida førebyggjande i høve behov for spesialpedagogisk hjelp og tilpassa opplæring. Aurland kommune deltek aktivt i det regionale prosjektet System for styrka læring. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Side 11 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Vurdering For å kunne gjera ei samanlikning mellom kommunar der det er teke omsyn til økonomiske rammevilkår, har Statistisk Sentrabyrå gruppert kommunane etter innbyggjartal, bundne kostnader og frie inntekter. Kommunegruppe 16 er dei ti kommunane i landet med høgast frie disponible inntekter per innbyggjar. Aurland er den einaste kommunen frå Sogn og Fjordane som er med i denne gruppa. Grunnskulen i Aurland er no to skular. Begge har elevar på 7. steget, og barne- og ungdomsskulen har elevar på 10. steget. Samanstillinga i den øvste statistikken viser ein snitteverdi for skulane samla. Det er viktig å leggja merke til at undervisningstimar til spesialundervisning / enkeltvedtak også er tekne med i framstillinga. Aurland kommune har ein fulldelt skule (kvart årssteg for seg) og ein fådelt skule (fleire årsteg samla i same gruppe/ klasse). Dette gjer at ein har noko ulike pedagogiske utfordringar for å tilfredstille lover, reglar og forventningar, noko som igjen tilseier at ein ikkje berre kan skjele til tal elevar pr. lærar, men også må sjå på alderssamansetjing og andre utfordringar i elevgruppa. Eit viktig kriterium som ikkje vert vist i tabellen, er tal elevar pr. kontaktlærar. Dette er eit område som det kan vera grunn til å sjå nærare på. I forhold til krav og forventningar til kontakt skule heim, samt tid til å sjå kvar elev, er det viktig at elevtalet her ikkje vert for høgt. I kommunen vår og region Sogn elles, er det eit uttrykt mål å vri ressursbruken frå spesialundervisning (som kan skje enkeltvis, i gruppe og/eller klasse) over på tilpassa opplæring (som skjer i gruppe/klasse). Etter kvart som me lukkast i å frigjere ressursar som blir brukte til spesialundervisning, er det avgjerande viktig for å kunne lukkast, at desse ressursane blir verande i systemet og sette inn i den tilpassa opplæringa. Side 12 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

4.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk Talet på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskoleopplæring. Årsverk for undervisningspersonale Lokale mål: Alle tilsette i lærarstillingar i grunnskulen i Aurland har godkjend lærarutdanning. Alle tilsette som assistentar og i SFO har fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka er berekna ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. Aurland kommune skoleeier, Grunnskole I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Elevtal, Årsverk til undervisning og undervisningspersonale med godkjend utdanning. Aurland kommune skuleeigar Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskule Indikator og nøkkeltall 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 Elevtal 246 233 217 207 201 196 193 182 192 189 Årsverk for und.personale 30,5 28,9 26,3 28,5 30,3 29,1 27,9 26,4 25,7 26,0 Und.pers. - godkjend utd. 99,4 95,9 100 100 90,8 Vurdering 2014-15 Aurland kommune skoleeier, Grunnskole Nedgangen i elevtalet speiglar nedgangen i folketalet i kommunen. Det er eit prioritert politisk mål å snu denne utviklinga. Nedgangen i tal lærarårsverk er forholdsvis noko større enn det minkande elevtalet skulle tilseie, men er relativt stabil dei siste tre åra. Side 13 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Årstimar til undervisning 2011-2014 Driftsår 2012-13 2013-14 2014-15 Kva timane vert brukte til 1.-7. steg ABU + Flåm 8.-10. steg Sum spesialunderv. av total Ordinære undervisningstimar 9643 3078 12 721 Spesialundervisning enkeltvedtak 2375 1311 3686 22,5 % Tal elevar med enkeltvedtak - - 31 Særskild norskoppl. enkeltvedtak 0 0 0 0 SUM årstimar undervisning 12018 4389 16407 Ordinære undervisningstimar 9 415 3 182 12 597 Spesialundervisning enkeltvedtak 1 995 1 492 3 487 21,7 % Tal elevar med enkeltvedtak - - 23 12 Særskild norskoppl. enkeltvedtak 0 0 0 SUM årstimar undervisning 11 410 4 674 16 084 Ordinære undervisningstimar 9 881 3 761 13 642 Spesialundervisning enkeltvedtak 1 321 1 197 2 518 15,6 % Tal elevar med enkeltvedtak - - 15 Særskild norskoppl. enkeltvedtak 0 0 0 0 SUM årstimar undervisning 16160 Vurdering Denne tabellen viste ein viss nedgang i ressursbruken frå 2011/2012 til 2013/2014. I denne perioden var reduksjonen på om lag 1153 årstimar, dvs 6,7 %. Ressursbruken for driftsåret 2014-15 er stabil samanlikna med driftsåret før. Spesialundervisninga er redusert med 1168 årstimar i 3-årsperioden. 2014-15 er det fjerde året på rad med reduksjon, og det lægste i denne perioden også i høve forholdstalet mellom timar brukt til spesialundervisning og sum undervisning. Når det gjeld spesialundervisning, registrerer me her ein reduksjon i timetal, samstundes som elevtalet har auka med tre. Her er det verdt å merka seg den store reduksjonen i timetal. Dette er ei ønska utvikling for å nå måla som ligg i prosjektet System for styrka læring; oppnå auka læringsutbyte ved å vri ressursbruken frå spesialundervisning til tilpassa opplæring. Sagt med andre ord; dei ressursane som skulen sparar på å redusera volumet på spesialundervisninga, må setjast inn på tilpassa opplæring for at målet om auka læringsutbyte kan oppfyllast. 4.2. Læringsmiljø Om Læringsmiljø Det er obligatorisk for skuleeigarar og skuleleiarar å gjennomføre Elevundersøkinga kvar haust for elevar på 7. og 10. steget og for Vg1. Ein del av spørsmåla i Elevundersøkinga er Side 14 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

sett saman til indeksar som blir viste i Skoleporten. Resultata for alle spørsmåla i Elevundersøkinga blir viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: Støtte frå lærarane Vurdering for læring Læringskultur Meistring Elevdemokrati og medverknad Mobbing på skulen Andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent) Utdanningsdirektoratet har innført fleire læringsmiljøindeksar i tilstandsrapporten og endra innretninga på dei som var der før. 4.2.1. Støtte frå lærarane Lokale mål: Kvar elev opplever å få hjelp og støtte frå læraren på ein slik måte at han/ho forstår det som skal lærast. Indeksen i tabellane under viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Vurdering/måloppnåing Resultata frå den store elevundersøkinga for 2014 syner at elevane våre meiner læraren oftare hjelper dei med å forstå det dei skal lære, enn det elevar andre stadar i landet opplever. Elevar i både grunnskule og vidaregåande skule vart konfronterte med denne påstanden i elevundersøkinga: «Læraren hjelper meg slik at eg forstår det eg skal lære». Dei skulle så seie kor einige eller ueinige dei var i denne påstanden på ein skala frå ein til fem. Positiv samanheng mellom læringsmiljø og resultat På alle spørsmål omkring læringskultur og støtte frå lærarane, svarar elevane i Sogn og Fjordane konsekvent 0,1 og 0,2 poeng over landsgjennomsnittet. Elevane i 7. klasse i Aurland ligg langt over gjennomsnittet for alle andre grupper ein blir samanlikna med, medan elevane på trinn 10 ligg om lag på snittet. Det er påvist ein positiv samanheng mellom læringsmiljøet til elevane og resultata dei oppnår. 4.2.2. Vurdering for læring Indeksen kartlegg elevane si oppleving av dei fire prinsippa i vurdering for læring. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Dei fire prinsippa for vurdering for læring: 1: Elevane forstår kva dei skal læra og kva som blir forventa av dei Side 15 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

2: Elevane får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen 3: Elevane får råd om korleis dei kan forbetra seg 4: Elevane er involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdera eige arbeid og eiga fagleg utvikling Lokale mål: Kvar elev lærer å vurdera sitt eige arbeid og den faglege utviklinga si på ein realistisk og konstruktiv måte. Vurdering/Måloppnåing Vurdering for læring var ein av dei nye indeksane på læringsmiljø i fjor. Aurland kommune kom etter søknad med i eit landsomfattande prosjekt på temaet, og inngjekk avtale med Senter for livslang læring (SELL) ved Høgskulen i Lillehammer om å stå for gjennomføringa av opplegget skuleåret 2014-15. Kursinga har lokalt gått som kollegiebasert etterutdanning, noko som inneber at kollegia (nesten 100 %) har delteke. Organiseringa har gått på tre samlingar med mellomliggjande arbeid i regi av SELL, og erfaringane er svært positive. I føreordet vert m.a. Hattie and Timperley (2007) siterte: Tilbakemelding er noko av det som verkar sterkast inn på læring og meistring, men innverknaden kan vere anten positiv eller negativ. Tilbakemelding i denne samanhengen er den samhandlinga eller relasjonen pedagogen har med eleven (og dei føresette) både munnleg, skriftleg og elles. Relasjonen mellom elev og lærar er ein av dei mest undervurderte variablane innanfor undervisning og læring. Elevar som opplever at dei har lærarar som anerkjenner, verdset og likar dei, har eit klart betre læringsutbyte i skulen enn dei elevane som ikkje har eit godt relasjonelt forhold til lærarane sine. Elevar som har ein positiv relasjon til læraren, blir motiverte til å yte ein god arbeidsinnsats, samstundes som dei vil ha betre føresetnader for å utvikle eit godt sjølvbilete i skulen. Nytten av tilbakemeldinga for eleven (innverknaden på læringsutbytet) heng såleis svært nøye saman med kor gode relasjonar pedagogen lukkast i å skape til eleven. 4.2.3. Læringskultur Indeksen viser om elevane opplever at skulearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål: Elevane opplever at læringskulturen i klassen oppmuntrar til og fremjar læring, helse og trivsel, og bidreg til sosialt tilhøyr og tryggleik. Side 16 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Vurdering/Måloppnåing I ei skuleklasse vil det utvikla seg normer for kva som er viktig, korleis ein skal førehalda seg til medelevar og lærarar, og kva arbeidsinnsats som vert forventa eller er akseptabel. I klassen som sosialt system vert det skapt sosiale strukturar og mønster for samhandling som har innverknad på elevane sin konsentrasjon, merksemda og deltakinga deira. Alt dette skapar grunnlag for at det utviklar seg ein læringskultur i klassen. Læraren leier klassen, og vil med vala og handlingane sine ha sterk innverknad på utviklinga av dei normene og verdiane som skapar læringskulturen i klasserommet. Denne indeksen er også ny i meldinga, og me ser at resultatet for vår del ligg om lag på snittet for kommunegruppa og fylket. 4.2.4. Meistring Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skulen. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Lokale mål: Alle elevar opplever meistring minst ein gong kvar dag. Vurdering/måloppnåing I Læreplan for kunnskapsløftet (LK06) er kompetansemåla definerte slik at elevane kan ha ulik grad av meistring i forhold til desse. For å synleggjera ulike grader av meistring, må me definere kriterium for meistring. På alle nivåa er det viktig at kriteria er formulerte positivt, slik at dei fortel noko om kva eleven meistrar. Kriteria bør òg vera formulerte i eit språk som elevane kan førehalda seg til, og dei må vera så spesifikke som råd er. Vidare bør dei vera knytte til den aktiviteten elevane skal arbeida med. Nivåa på meistring er meint å vera til hjelp undervegs i læringsarbeidet. Dei skal ikkje forståast som statiske storleikar, men vera skildringar av ei retning elevane utviklar seg i. Både læringsmåla og kriteria på meistring skal vera kjende og tilgjengelege for elevane. Resultata i tabellen under fortel at elevane vår i større grad enn gjennomsnittet opplever meistring. 4.2.5. Elevdemokrati og medverknad Kommunikasjon mellom lærar og elev, og utviklinga av ein dialog om eleven si læring, er vesentleg for eleven sin motivasjon. Dysthe (2009) peikar på kor viktig dialogisk vurdering er i lys av eit sosiokulturelt læringsperspektiv. Dysthe skriv: "Dialogisk vurderingspraksis handlar om vurderingsformer som gjev rom for elevens kreativitet og utfoldingsevne, og som er dialogiske i den forstand at elevane ikkje berre responderer på det andre har bestemt, men som gjev dei innverknad på utforminga." Side 17 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Eit av måla med elevmedverknad er altså at elevane skal kunne ha ei aktiv rolle i vurderingsprosessen. Når elevane er aktivt involverte i vurderingsprosessen, vert ikkje berre motivasjonen styrka, men læringsutbytet blir også betre (Smith, 2009). Lokale mål: Alle elevane opplever at dei blir lytta til og tekne på alvor når dei deltek i vurdering og drøfting av eiga og skulen si utvikling. Vurdering/måloppnåing 7. klasse Indeksen i tabellen under viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Skala: 1-5. Høg verdi betyr positivt resultat. Med eit snitt på 4,3, skårar 7. klassingane våre betydeleg betre enn samanlikna grupper på elevmedverknad og demokrati. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Steg 7 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Illustrasjonen er henta frå Skolepor Side 18 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Steg 10 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Vurdering/måloppnåing 10. klasse Indeksen i tabellen over viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Skala: 1-5. Høg verdi betyr positivt resultat. Med eit snitt på 3,1 ligg 10.klassingane våre eit lite hakk under samanlikna grupper på denne indeksen. 4.2.6. Mobbing på skulen Gjennomsnittsverdien for indikatoren Mobbing på skulen er berekna ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba, og kor ofte dei blir mobba. Verdien viser ikkje talet på elevar som i snitt blir mobba. Ein og same verdi kan anten indikere at mange kryssar av at dei blir mobba sjeldan, eller at færre kryssar av at dei blir mobba hyppig. Side 19 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Vurdering/Måloppnåing I Skoleporten tyder eit gjennomsnitt ned mot verdien 1 på lite mobbing i skolen. Indikatoren for 7. klasse gjev eit snitt på 1,1, noko som er lægre enn samanlikna grupper, medan tilsvarande tal for 10. klasse er 1,5, som er høgare enn samanlikna grupper. 4.2.7. Andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent) Prosentdelen Mobbing på skolen viser den prosentdelen elevar som opplever å bli mobba 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare. Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skulen, er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Prosentdelen Mobba på skulen seier med andre ord ingen ting om kor ofte elevane opplever å bli mobba. Lokale mål Det er nulltoleranse for mobbing i grunnskulen i Aurland. Alle barn/ elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing. Alle tilsette, foreldre og barn/elevar skal gjerast kjende med Manifest mot mobbing og målsettinga med dette. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Steg 7 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Offentleg Steg 10 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Vurdering/Måloppnåing opplevd mobbing Ein score på 0,0 på steg 7 fortel ganske enkelt at er eit svært godt miljø i denne elevgruppa Resultatet vitnar om systematisk og grundig arbeid med dei mellommenneskelege aspekta Side 20 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

ved læringsmiljøet, og det vil vera interessant å få kartlagt kva konkrete verkemiddel som er tekne i bruk for å få fram dette resultatet. På den andre sida gjev tilsvarande tal for 10. klasse i utgangspunktet grunn til uro. Talet 12,5 indikerer at tre elevar har opplevd mobbing 2 3 gonger i månaden eller oftare. Skulen gjekk inn i den aktuelle elevgruppa utan å finna haldepunkt for at talet representerte ei reell problemstilling. 4.3. Resultat Om Resultat Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. I tilstandsrapporten er desse resultatindikatorane obligatoriske: nasjonale prøver på 5., 8. og 9. steget i lesing og rekning standpunkt- og eksamenskarakterar i norsk hovudmål, matematikk og engelsk grunnskolepoeng Utdanningsdirektoratet tilrår at skuleeigarane tek med følgjande indikatorar i tilstandsrapporten: nasjonale prøver i engelsk på 5., 8. og 9. steget 4.3.1. Nasjonale prøver 5. steget Lokale mål: Det er ingen elevar på barnesteget som skårar på meistringsnivå 1. 4.3.1.1 Lesing Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt: Elevane skal vise at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på 5. steget er presenterte ved ein skala med tre meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Side 21 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Lesing Steg 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Lesing Steg 5 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule Side 22 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

4.3.1.2 Rekning Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: 4. kan løyse ei gitt utfordring 5. kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar 6. kan vurdere om svara er rimelege 7. kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Rekning Steg 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Side 23 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Rekning Steg 5 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule 4.3.1.3 Engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: 1. finne informasjon 2. forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar 3. forstå vanlege ord og uttrykk knytta til daglegliv og fritid 4. forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i 5. bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Side 24 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Engelsk Steg 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Engelsk Steg 5 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule Side 25 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Vurdering/måloppnåing Nasjonale prøver i 5. klasse Det lokale målet som vart formulert for nasjonale prøver i 5 klasse, seier Det er ingen elevar på barnesteget som skårar på meistringsnivå 1. Som ein kan sjå, er det eit stykkje att til å nå dette målet, men det betyr slett ikkje at målet bør endrast. Det blir arbeidd svært godt i skulane våre med å utvikla dei ferdigheitene som prøvene måler og som er retta inn mot kompetansemåla i Kunnskapsløftet. Dei resultata me som ser skulen frå sidelinja kan lesa ut av statistikkane, kjem sjeldan som noka overrasking på dei som jobbar i klasserommet. Dei kjenner elevane, og veit vel kvar skoen trykkjer. Ingen elevar på meistringsnivå 1 kan hevdast å vera eit urealistisk mål, særleg når ein som hjå oss ønskjer at alle elevane gjennomfører prøvene. Men eit lokalt mål bør etter rådmannen si meining ha noko av visjonen i seg, noko å strekkje seg etter, og då kan dette målet fungere som ei god og tydeleg leiestjerne. Me registrerer eit lita betring frå førre måling, der det særleg er gledeleg å sjå at det er færre elevar på nivå 2, og fleire på nivå 3. For ordens skuld bør òg nemnast at alle elevane gjennomførte dei prøvene som statistikkane i denne meldinga skildrar, sjølv om somme av dei hadde enkeltvedtak. 4.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteget Lokale mål Det er ingen elevar på ungdomssteget som skårar på meistringsnivå 1, og det er nedgang i talet elevar som skårar på meistringsnivå 2. 4.3.3.1 Lesing Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan: 1. finne informasjon 2. forstå og tolke 3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Side 26 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Lesing Steg 8 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Lesing Steg 8 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule Side 27 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

4.3.3.2 Rekning Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal måling statistikk Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei: forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring, kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara dei får er rimelege kan vise effektive strategiar for enkel talrekning Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Rekning Steg 8 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Side 28 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Rekning Steg 8 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule 4.3.3.3 Engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene for ungdomssteget er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar Resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget er presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser ei oversikt over prosentvis fordeling av elevar på meistringsnivåa. Side 29 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Engelsk Steg 8 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Engelsk Steg 8 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule Side 30 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Vurdering/måloppnåing Nasjonale prøver på ungdomssteget Som sagt tidlegare, er resultata til elevane på nasjonale prøver på ungdomssteget presenterte ved ein skala med fem meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser den prosentvise fordelinga av elevar på meistringsnivåa. Ideelt sett ynskjer ein sjølvsagt færrast mogleg på nivå 1, og flest mogleg på nivå 5. Samstundes er det i denne samanhengen grunn til å minna om at me har relativt små årskull i Aurland. I eit årskull på t.d. 20 elevar, vil to elevar på eit bestemt meistringsnivå vise att i oversikta som 10 %. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Steg 9 Begge kjønn Periode 2015-16 Grunnskule Vurdering/måloppnåing Nasjonale prøver på 9. steget Ny skala for publisering av resultata Frem til nå har elevane sine meistringsnivå blitt brukte for å beskrive resultata. Frå i år blir resultata publiserte på ein ny skala med eit gjennomsnitt på 50 skalapoeng og standardavvik på 10. Alle gjennomsnitt er runda av til næraste heile tal. Elevane sine poengsummar er aldri like fra ei prøve til ei anna, og det vil alltid vere skilnader i vanskegrad på prøvene frå eit år til eit anna. Me treng difor ein felles skala som skildrar same ferdigheit hjå eleven med samme tal, sjølv om elevane sine resultat er frå ulike prøver. For å få elevane sine resultat på ein slik felles skala, vert det brukt ein såkalla IRT-modell (Item Response Theory). Deretter blir eleven sne resultat rekna om til skalapoeng, der ein set gjennomsnittet til 50. Side 31 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

I lesing og rekning blir det gjennomført nasjonale prøver også på 9. steg. Elevane på 9. steg gjennomfører den same prøva som elevane på 8. steg. Fordi elevane på 9. steg har gått eitt år meir på skulen, samt blitt eitt år eldre, vert det forvent at desse vil prestere betre på prøva enn elevane på 8. steg. Elevane på 9. steg presterer i snitt fire skalapoeng meir i lesing og tre skalapoeng meir i rekning enn elevane på 8. steg. Figuren over viser at elevane på 9. steget i Aurland ligg over snittet for samanlikna grupper både i lesing og rekning. 4.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i fage Lokale mål a) Elevane opplever læringsmiljøet som trygt, godt og læringsfremjande. b) Elevane kjenner dei konkrete kompetansakrava som ligg i læreplanen og korleis dei må jobba for å nå desse. c) Elevane får høve til å vise kva kompetanse dei har oppnådd gjennom ulike skriftlege og munnlege presentasjonar. Side 32 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Steg 10 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule henta frå Skoleporten Vurdering/måloppnåing Sjå vurdering av eksamensresultat og standpunkt etter Grunnskulepoeng. 4.3.4. Grunnskulepoeng Grunnskulepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskulepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven Grunnskulepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Lokale mål d) Læringsmiljøet blir opplevd som trygt, godt og læringsfremjande. Side 33 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

e) Elevane blir opplyste om dei konkrete kompetansakrava som ligg i læreplanen og korleis dei må jobba for å nå desse. f) Elevane får vist kva kompetanse dei har oppnådd gjennom ulike skriftlege og munnlege presentasjonar. g) Elevane som går ut frå grunnskulen i Aurland, har eit best mogleg fagleg og sosialt grunnlag for den vidare utviklinga si. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskule I Vurdering/måloppnåing Tala for grunnskulepoeng 2013-14 var ekstremt gode. Grunnskulepoeng og eksamensresultat/ standpunkt heng nøye saman. I 2014-15 er tala tilbake på landsgjennomsnittet. Elevane på 10. steget var dette året oppe til skriftleg eksamen i norsk. Resultatet er det same som snittet for kommunegruppe 16 (som Aurland tilhøyrer), men høgare enn både fylkes- og landssnittet. Grafane i diagramma over viser at resultata er tilbake på det dei var skuleåret 2012-13. Som nemnt i denne meldinga i fjor, må me i utgangspunktet vere varsame med å trekkja forhasta konklusjonar basert på korte tidsspenn. I Aurland utgjer kvart årssteg relativt få elevar, og svingingar i prestasjonane kan difor slå ganske sterkt ut på gjennomsnittet. Tala for 2014-15 gjev såleis ingen grunn til ekstraordinære tiltak. 4.4. Gjennomføring Om Gjennomføring Side 34 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skuleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO 4.4.1. Overgang frå grunnskule til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen. Lokale mål Alle elevane som går ut frå 10. klasse, vert registrerte i vg1 same hausten. Aurland kommune skuleeigar Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2011-2014 Grunnskule Skuleår Gjekk ut frå 10.kl Registrerte i Vg1 % overgang 2011-2012 29 27 93 2012-2013 11 11 100 2013-2014 16 16 100 Vurdering/måloppnåing Alle elevane som gjekk ut av 10. klasse, vart registrerte på Vg1 same hausten. Målet er såleis oppfylt (dei to siste åra). Side 35 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

5. Kommunale barnehagar i Aurland (KBA) 5.1 Barnetal og personalressursar Frå 2014-2015 er det 2 einingar att i tråd med kommunal plan: Flåm barnehage (FBHG) Vangen barnehage (VBHG) Det totale barnetalet utvikla seg slik (inkludert Spiren gardsbarnehage) per 15.12.2015: Barnetalet ser ut til å avta. SSB sin prognose ligg litt høgare, og dekningsgraden (tal barn i barnehage/tal barn 1-5år i kommunen) er ca 97%. Barnehagen føler ein tendens av at kommunen opplever tilflytting og tilbakeflytting av yngre par med småbarn. Dette har vi ikkje statistikk på enno, og det kan òg vera utslag av følt søknadspress på avdelingane. Per i dag er situasjonen som vist under: Tabellen viser at kapasiteten er veldig godt utnytta. Alle som har søkt om plass, har fått tilbod om plass frå den datoen dei har ynskt. Det blir lagt fram sak vår 2016 om endring av vedtektene for å sikra at denne praksisen skal halda fram. Dette er berre mogeleg gjennom samarbeid med Spiren Gardsbarnehage. Flaskehalsen vil mest truleg bli småbarnsavdelingane. I utgangspunktet er det ikkje fysisk kapasitet til å ha fleire enn 12(VBHG) + 9(FBHG) småbarnsplassar + plassane ved Spiren Gardsbarnehage. Barnehagen tilbyr og sel ei teneste som er i utvikling. Det er to hovudfaktorar som driv utviklinga. Statlege styringar ønskjer å endra innhaldet i barnehagen, og brukarane ønskjer å tilpasa den daglege drifta til eigne behov. Barnehagen sel ei teneste som føresette kjøper. På den måten er barnehagen spesiell i oppvekstsektoren. For barnehagen sin del er det tradisjonelt sett tilbodet til det einskilde barnet som står i fokus. 5.2 Hovudområde og indikatorar Barnehagen sine indikatorar baserer seg på rapporterte data frå desember 2014 om kommunen sin innsats av investeringar, personalresursar og driftsressursar. Dette går fram av Kommunebarometeret 2015, som er ei kommunevis samanlikning av desse indikatorane. Personalressursen er stabil, men kvart av våre årsverk har ca 700 barneopphaldstimar meir per år enn kvart årsverk i dei beste kommunane. Talet er likevel marginalt betre enn året før. Utdanningsnivået er framleis høgt mellom alle grupper av våre tilsette. Tal mannlege tilsette i tabellen er feil. Barnehagane i Aurland fangar ikkje opp tilstrekkeleg del av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, berre vel halvparten. Side 36 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

* = statistisk feil For samanlikninga si skuld: Barnehagane i Aurland er 33. beste kommunen i landet og den nest beste i fylket. Vi skundar oss å leggja til at utrekningsmåtane har endra seg, kriteria har endra seg litt, og det blir framleis gjort feilrapporteringar frå kommunane. Alt dette kan endra biletet og totalskåren. Men det er rett å sei at barnehagane i Aurland produserer kvantitative gode tenester. På opptak- og plasstildeling er vi, og skal vi vera best i landet med eit løpande opptak som gir plass til alle søkjarar. Lokale mål: Alle tilsette i pedagogstillingar i barnehagane i Aurland skal ha godkjend pedagogutdanning. Alle tilsette ikkje-pedagogar i barnehagane skal ha fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Dette er eit klart mål framleis. Det er truleg at dei pedagogiske oppgåvene i barnehagen blir enno klarare i den nye rammeplanen (2016). I mange kommunar prøver dei å nå målet med meir enn ein pedagog per avdeling ei parallell til tolærarordninga i skulen. Dette kan vera faktoren som blir avgjerande for kvaliteten i barnehagen dei komande åra. Det er eit klart mål å ha lærling frå vidaregåande skule kvart år. Det er ei ordning som gjev inspirasjon til barnehagane. KBA var først til å setje overgangen til Sogn Opplæringskontor ut i livet, og det har vore vellukka både på opplæringssida og når det gjeld oppfølging av lærling og instruktør. Det er vanskeleg å få praksisstudentar frå høgskulen til Aurland slik me ønskjer det, men spesialutdanna rettleiar har gjeve resultat. Aurland og Lærdal leier det regionale nettverket i temaet Tal, rom og form. Det regionale nettverket krev store ressursar, men er den typen Side 37 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

samarbeid som byggjer kompetanse effektivt. Nettverket er no utvida slik at alle våre tilsette har fått plass. Lokale mål Alle barn i barnehagen skal oppleva meistring kvar dag. Vaksentettleiken i barnehagen skal vera stor nok til å arbeida førebyggjande i høve behov for spesiell tilrettelegging. Barnehagane skal delta aktivt i det regionale prosjektet System for styrka læring. Brukarundersøkingar skal vera eit fast verktøy for utvikling av barnehagen i Aurland. Barnehagen har eit klart mål om høg kvalitet for det einskilde barnet i barnehagen. Barna skal oppleva tryggleik, tilpassing, meistring og utvikling ut frå eigne føresetnader. Det er ingen indikator som kan visa dette direkte. KBA har kompetanse, men vi treng å utvikla denne og betra det fysiske tilbodet. Det siste er vanskeleg for Vangen barnehage. Det er avgjerande at den nye barnehagen kjem til å gje meir fleksibel arealbruk og også medføra auka areal per barn. Barnehagen har gjennomført den første brukarundersøkinga på mange år. Dette har vore lærerikt, og framtidige undersøkinga vil kunne sei noko om utviklinga på tenesta som barnehagen tilbyr barna og dei føresette. Barnehagane har i samarbeid med foreldreråda kome fram til kva barnehagane bør ha fokus på komande år: å betra informasjonen til brukarane (fleire kanalar frå barnehagen?) å betra brukarmedverknaden (revisjon av tradisjonelle foreldreråd/foreldremøte?) å auka tilgjengelegheit (vurdera opnings- og opphaldstider?) Resultata frå brukarundersøkinga gav eit klart inntrykk av at forbetringspotensialet er stort og at brukarane sitt engasjement er tilsvarande. Systematisk oppfølging bør gje målbart resultat alt til neste år. 6. Aurland musikk- og kulturskule 6.1 Bemanning: Skuleåret 2014-2015 hadde Aurland musikk- og kulturskule 5 tilsette. Rektor/ musikkskulelærar i 70% stilling (40% adm. + 30% dirigent kor/korps) Instrumentallærar i 100% stilling (i 50% sal til Årdal kulturskule) Instrumentallærar i 100% stilling Instrumentallærar i 12% stilling Biletkunstlærar i 20% stilling Instrumentallærar i 50% stilling kjøpt frå Lærdal musikk- og kulturskule* *Aurland musikk- og kulturskule samarbeidar med Lærdal og Årdal musikk- og kulturskule med mål å få inn best muleg kompetanse og sikre større stillingar. I praksis har me to lærarar tilsett gjennom dette samarbeidet. Den eine er 100% tilsett i Aurland og den andre Side 38 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

100% tilsett i Lærdal. Begge vert kjøpte 50% av den andre parten. På denne måten kan me tilsette i 100% stillingar og sikre oss betre kompetanse og fleire tilbod. 6.2. Undervisningstilbod og undervisningsmetode Kjerneundervisninga i Aurland musikk- og kulturskule er individuell instrumentalundervisning med stor vekt på samspel supplert med biletkunstundervisning i grupper. Per i dag har me eit gratis barnehagetilbod, der alle borna i dei kommunale barnehagane kjem innom kulturskulen annakvar veke og få eit gruppetilbod på 40 minutt. Frå første klassesteg tilbyr me musikkleikestova som er eit gruppetilbod til redusert pris.** Dette er eit veldig populært tilbod med opp til 100% oppslutning i dei siste åra. I andre klasse er det ope for grunnopplæringa, eit gruppetilbod som byggjer vidare på musikkleikestova. Frå og med tredje klasse startar me med instrumentalopplæring. Her varierer opplæringa frå individuelt til smågrupper opp til 4 elevar. Alt etter instrument og pedagogiske føresetnader. I periodar blir dette undervisningstilbodet erstatta av opplæring i større grupper (band/ensemble), konsertar og prosjekt. Det vert undervist i dei fleste bandinstrumenta, song, toradar/trekkspel og fele/hardingfele. Undervisning i korpsinstrument manglar per i dag. Biletkunstundervisninga føregår i større grupper, maks. 10 elevar per gruppe. Tilbodet varer i to klokketimar per veke. Utanom tilbod som er direkte retta mot elevane, er musikk- og kulturskulen aktiv på følgjande område: Dirigentteneste for kor og korps (30% stilling) Musikktilbod helsetunet (45 min./veka) Vikariat i musikkundervisninga i grunnskulen (ca. 9% stilling) Musikkundervisning til elevar med spesielle behov 6.3.Elevtal og dekningsgrad Dei siste åra har Aurland musikk- og kulturskule hatt ein dekningsgrad som ligg mellom 50 og 65%. Dette er ekstremt høgt samanlikna med landet elles (15%) og fylket (23-24%). Grafikkar viser utvikling i elevtal i Aurland musikk- og kulturskule de siste fem åra: (Alle data er henta frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) på Udi.no) Side 39 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Antall elevar (Kjelde: GSI) 250 200 150 100 50 0 2010-2011 2011-2012 2012-2013 2013-2014 2014-2015 Elevar i musikk- og kulturskulen Elevar i grunnskulen Utvikling i antall elevar og elevplassar 250 200 150 100 50 0 2010-2011 2011-2012 2012-2013 2013-2014 2014-2015 Elevar musikk- og kulturskulen ELEVPLASSAR musikk-og kulturskulen Elevar i grunnskulen Fordeling elevplassar 160 140 120 100 80 60 40 20 0 2010-2011 2011-2012 2012-2013 2013-2014 2014-2015 ELEVPLASSAR Elevpl.musikk Elevpl.biletkunst Side 40 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Konklusjonar ut frå statistikkane: Etter ein markant auke i elevtal i 2011-2013 har talet lege på same nivået sidan 2010. Denne trenden følgjer elevtalsutviklinga i grunnskulen, men med ein litt avvikande kurve. Prosentvis ligg Aurland musikk- og kulturskule framleis langt over landsgjennomsnittet. Mens tal elever søkk litt, ligg tal elevplasser forholdsvis stabilt. Dette kjem av at fleire elevar nyttar meir enn eit tilbod. Når tal elevar i biletkunst stig, går tal elevar i musikk ned og motsett. Dette indikerer at nye tilbod har effekt på tal elevar i dei eksisterande tilboda. 6.4. Framtida, målsettingar PROSJEKT: Ungdom tilbake i kulturskulen Etter ein analyse av eiga drift, har Aurland musikk- og kulturskule måtta konkludera med at me - trass ein ekstremt høg dekningsgrad - ikkje er flinke nok til å halde på ungdom frå 8. til 10. klassesteg. Gjennom samarbeid med ein eller to kulturskular, ønskjer me å utvikle verktøy til å få ungdommane inn i kulturskulen att. Aurland musikk- og kulturskule har fått støtte frå Norsk kulturskuleråd til å gjennomføre prosjektet. Etter at lærarane frå Aurland besøkte partnarkulturskulen i Oppdal i haust 2014, fekk Aurland besøk av 5 lærarar og rektor i mai 2015. Lærarane frå begge skuler har besøkt kvarandre si undervisning, delteke aktivt og diskutert undervisningsmetode og oppnådd effekt og pedagogisk resultat etter det. Oppdal kulturskule er veldig interessert i dei metodane me brukar på dei yngste og med større grupper, medan kollegaene frå Aurland fekk mye input på metodar med ungdom. Som resultat av prosjektet skal me i Aurland musikk- og kulturskule jobbe med fleire tiltak: Ein litt anna metode med timeplanlegging, som fører til at spisskompetanse til lærarane blir utnytta på ein betre måte Ei noko annleis tilnærming til gruppeundervisning når det gjeld frekvens, samansetting og repertoarval Større utfordring for dei litt eldre elevane i den måten me tilbyr undervisningsstoffet på Prøve ut elevstyrt øving i eit eige øvingsrom I arbeidet med rammeplan for kulturskulen tar me ein del av disse elementa med (sjå nede). Partnarskap med Oppdal kulturskule vart så vellykka at me held kontakt med våre gode kollegaer i Oppdal. Eit nytt besøk er under planlegging, der me spesifikt kjem til å jobbe med implementering av rammeplan. Undervisning i korpsinstrument Aurland kommune har berre eitt korps, Flåm musikklag, eit svært aktivt korps som feira 80 års-jubileum i 2013. Korpset har ein høg gjennomsnittsalder (rundt 60 år). Difor er det viktig Side 41 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

at kulturskulen engasjerer seg aktivt i å leggje til rette for undervisning i messinginstrument og slagverk retta mot korpsrekruttering. Elles blir konsekvensen at Aurland kommune om nokre få år ikkje har nokon korpsaktivitet igjen. Hausten 2015 har me fått ein kompetent person i kommunen som kan undervise på messinginstrument. Ho jobbar litt i kulturskulen på engasjement/vikariat, og har per i dag ein messingblåselev. Me håpar på sikt å kunne utvide både tilbodet og stillinga. Fleire fag i musikk- og kulturskulen? Teater/ Dans/ Skapande skriving? Den nye fagplanen ynskjer eit breiare tilbod i musikk- og kulturskulen enn Aurland kommune har per i dag. Utfordringa ligg i at det trengs lærarar med spesiell kompetanse til fag som teater, dans og skapande skriving. I tillegg gjeld det ofte små deltidsstillingar. Hausten 2015 opna me opp for påmelding i både dans og teater. Til teater kom det 5 påmeldingar, i første omgang for lite til å setje i gong tilbod. Til dans var det 19 påmeldingar og me har hatt fire kurshelgar med høgt kvalifiserte instruktørar med undervisning på både laurdag og søndag. Trass i at dette vart eit suksess, var det berre 5 påmelde til neste kurs. Truleg på grunn av kollisjonar med andre aktivitetar i helgane på våren. Me kjem att med nye kurs hausten 2016, samt sommarkurs i august. Samtidig jobbar me vidare med andre fag, men er avhengig av lokale instruktørar eller samarbeid med andre kommunar. Som sagt før påverkar nye tilbod eksisterande tilbod, så me må vere varsame å ikkje konkurrere med oss sjølve eller andre fritidsaktivitetar i den vesle kommunen vår. Ny rammeplan for kulturskulane Dei første to delane av ein ny nasjonal rammeplan for kulturskulane vart vedteken på Norsk Kulturskuleråd sitt årsmøte i oktober 2014. Det er svært viktig att kommunane får eigarskap til denne planen, difor er det ønskeleg å få han politisk behandla. Den tredje delen ligg i skrivande stund ute til høyring med frist 22. april 2016. Om alt går som forventa, har OOK fått høve til å komme med uttale i møtet den 4. april. Etter at den nasjonale planen er vedteken, kan politisk behandling og implementering i Aurland musikk- og kulturskule setjast i gang. 7. Eige kapittel 7.1 System for styrka læring (Teksten nedanfor er i hovudsak identisk med den i førre melding, fordi prosjektet er vedteke å vare fram til 2021) Det er eit tema på alle nivå korleis ein skal gje dei tenestene som eleven treng, dei tenestene ein er lovpålagd å gje, og samstundes ha ein kontrollert og føreseieleg ressursbruk. Som nemnt tidlegare, har regionrådet gjennom Sats på skulen/barnehagen - snu Sogn starta opp eit samarbeidsprosjekt med Statped Vest, System for styrka læring, der det overordna målet er å heve opplæringskvaliteten for alle i skule og barnehage. I dette prosjektet vil ein m.a. setja fokus på den spesialpedagogiske undervisninga, og prøva å få fram kva det er som gjer at behovet for spesielt tilrettelagt undervisning aukar så mykje. Side 42 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Marit Mjøs er avdelingsleiar i Statped vest (Statleg spesialpedagogisk støttesystem). I samband bed prosjektet System for styrka læring, seier ho m.a. at me må vakta oss vel for å stempla spesialundervisning som eit problem. Det finst ein heil del elevar som treng denne lovfesta retten til særleg tilrettelagt undervisning. Fokuset må vera på den totale opplæringskvaliteten, og sekundært på omfanget av spesialundervisning. Det er med andre ord ikkje snakk om å redusera skulen sitt budsjett tilsvarande ein ev reduksjon i omfanget av spesialundervisning, men å bruke ressursane på ein betre måte. Spørsmålet blir då: Kva er ein betre måte? Peder Haug er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, avdeling for lærarutdanning. Han var forskingsleiar for Program for evaluering av reform 97 for Norges forskingsråd, og har forska mykje på både spesialundervisning og tilrettelagt opplæring i skulen. Det å få den ordinære undervisninga opp å gå, seier han, er den beste medisinen for alle elevane. Han seier vidare at ein snuoperasjon som den regionen legg opp til med prosjektet System for styrka læring, vil ta om lag 10 år, og då føresett at nødvendige løyvingar ligg på toppen. Alt dette tilseier at det blir svært viktig å gå gjennom og vurdera dei rutinane som gjeld i dag for vurdering og tildeling av ressursar til enkeltvedtak. All erfaring tilseier at til tidlegare ein set inn tiltak, til større sjanse er det for at eleven kan få ei optimal utvikling i høve eigne føresetnadar; ein gevinst både for eleven og for samfunnet som heilskap (også samfunnsøkonomisk). Det blir referert mykje til Finland når det gjeld elevprestasjonar, og eitt av særprega ved den finske skulen, er at ein der set inn spesialpedagogiske tiltak tidleg i skuleløpet, men då utan den noko omstendelege prosessen som gjeld for prosessen rundt enkeltvedtak i Noreg. Figuren over er henta frå eit føredrag som Peder Haug heldt på skuleleiarkonferansen i Loen 3. oktober i år. Finland har skulestart ved 7 år, med 9 år opplæringsplikt. Finland har eit barnehagesystem med rett til barnehageplass og gratis førskule. Dei har eit førskuletilbod for 6-åringar administrert av helse- og omsorgssektoren. Førskuletilbodet er lagt til barnehage eller til skule, tilbodet er gratis. 98 prosent av dei finske barna går i førskule. Finland har eit omfattande helsestasjonsprosjekt der alle 3- og 5-åringar vert testa på områda tale, språk og motorikk. Side 43 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Dersom det er tydeleg at eleven på grunn av handikap eller sjukdom ikkje kan oppnå måla for grunnopplæringa i løpet av 9 år, kan opplæringsplikta starte eitt år tidlegare, og i tillegg supplerast med eit 10. skuleår, altså til saman 11 år. Den forlenga opplæringsplikta gjev elevane større sjanse til å skaffe seg dei basisferdigheitene som er nødvendige i samfunnet. Ut frå behova sine kan elevar få ulike former for særskilt støtte. Det vert peika på at det er viktig å identifisere innlæringsvanskar tidleg, og at det skal setjast inn støtte straks når lærarane og «elevvården», eller foreldra til eleven oppdagar risikofaktorar i eleven si utvikling og innlæringsevne. Innlæringsvanskar kan skuldast skadar, handikap, sjukdomar eller dysfunksjon som påverker vokster, utvikling og læring hjå barnet. Behovet for særskilt støtte kan også ha kome av sosiale eller kjenslemessige problem. Meininga er framfor alt å støtte eleven slik at han/ho har mulegheit for å nå måla i læreplanen. Ein elev med lettare innlærings- og tilpassingsvanskar har rett til å få både støtteundervisning og spesialundervisning ved sida av undervisninga elles. Vanlegvis består denne støtta i spesialundervisning på deltid av ein spesiallærar. Finsk spesialundervisning har ein klart todelt struktur. Forskarane Hausstätter og Sarroma beskriv dette som fulltid/heiltid spesialundervisning og deltid spesialundervisning. Heiltid spesialundervisning er knytt til spesialskular og spesialklasser, og deltid spesialundervisning er eit system knytt opp til normalskulen. Elevar i eit fulltids spesialundervisningstilbod utgjer i dag ca. 8 % av elevane, medan ca. 22 % av elevane mottek eit deltidstilbod. Deltidstilbodet varierer i form og omfang, frå støtte inne i klassen til at elevane er ute av klassen nokre timar dagleg, og frå einetimar til at elevane er samla i grupper. Vurderinga av kven som skal ha spesialundervisning, er i stor grad bestemt av lærarane ved skulen, i samarbeid med foreldra, og det er slik sett lite byråkrati knytt til finsk spesialundervisning. Spesialundervisning på ulike klassetrinn utviklinga i Noreg Figuren er levert av Peder Haug 25.10.2013 7.2 Den gode skuleeigaren Hausten 2012 og våren 2013 deltok Aurland kommune i eit fylkesprosjekt kalla Den gode skuleeigaren. Deltakarar frå vår kommune var leiar i Utval for omsorg, oppvekst og kultur (OOK), Arne Sunde, medlem i OOK, Ingrid Steine Bortne og skulefagleg ansvarleg hjå rådmannen, Haakon Skjerdal. Side 44 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15

Før den første samlinga, formulerte me ei problemstillinga for vår kommune: Korleis kan vår kommune vidareutvikle arenaer, arbeidsformer og verktøy som me nyttar for å styre kvalitetsutviklinga i skulane våre? Eleven er den viktigaste personen i skulen. Foreldra og lærarane er dei to ressursfaktorane som innverkar sterkast på elevane si læring. Dette er det stor semje om, og mange og tunge forskingsrapportar slær fast at det er slik. For å utnytte maksimalt det potensialet som desse to viktigaste ressursfaktorane har, ligg ei utfordring for kommunen som skuleeigar i både å auke foreldreengasjementet, og å bidra til reell og tilstrekkeleg profesjonsutvikling i lærargruppa i kommunen. Det første dialogmøtet vart halde på Flåm skule Grunnlaget for den gode kvalitetsutviklinga blir lagt i møtet mellom skuleeigar (dei folkevalde/rådmannen), brukarane (foreldra og elevane) og pedagogane/ skuleleiarane (dei tilsette). I tillegg er det eit viktig grunnlag for ei god skuleutvikling at det er etablert eit tett samspel med næringslivet i lokalsamfunnet, t.d. gjennom partnerskaps-avtalar. Skuleeigar må ha kunnskap om kva skulen er generelt, og eigne skular spesielt, slik at ein veit kva det er snakk om, og kan utvikle ei felles forståing. Skuleeigar må saman med skulane definera mål og retning i høve skular i eigen kommune. Eit døme her er det løpet som er lagt opp i høve system for styrka læring som utviklingstiltak. Ein annan bit av dette er samhandling om tilrettelegging for utvikling/etter- og vidareutdanning. Særleg skuleeigarane, men òg leiarane og andre, må sjå skulen i eit større perspektiv. Det må etablerast nye strukturar for informasjon til skuleeigar. Skulen må inn i kommunestyret, og kommunestyret må ut i skulane. 7.2.1 Konkrete tiltak: Med utgangspunkt i kulepunkta over, vart utfordringane til skuleeigar desse: a. Etablere arenaer for dialogmøte. b. Gjera skuleeigar (både den administrative og den folkevalde delen) meir synleg ute i skulen. c. Gjera skulen meir synleg for skuleeigar. d. Gje dialogmøta eit innhald som legg til rette for konstruktiv utveksling av meiningar og kunnskap mellom dei ulike aktørane i skulesamfunnet. e. Nytta Utviklingsmeldinga som utgangspunkt for punkta a. d. f. Kollegiebasert etterutdanning: o Klasseleiing 2012 Side 45 av 53 - Utviklingsmelding for barnehage, grunnskule kulturskule og i Aurland kommune 2014-15