Kvalitet i spesialundervisninga Analyse Tilsyn Utfordring Kva så? Rådgivar Bjørnar Midtbust Regionsamlingar januar 2017 1
The function of special education Speed Ei svært enkel oppsummering av Peder Haug si forskning på området Eit utgangspunkt for refleksjon rundt spesialundervisning i kommunane Til bruk på Fylkesmannen sine regionsamlingar januar 2017
Kven har hovudansvaret for spesialundervisninga? 3
30000 25000 20000 15000 10000 5000 0 Omfang spesialundervisning 1-2 timar 3-5 timar 6-7 timar 8 timar og meir Spesialundervisning med undervisningspersonale Spesialundervisning med assistent 4
Ordinær undervisning kontra spesialundervisning Det er lyspunkt og variasjonar, men hovudtendensane er desse: Elevane som får spesialundervisning møter ein fragmentert skuledag der dei har ei perifer rolle i læringsfellesskapet. Ordinær opplæring og spesialundervisning framstår som to forskjellige løp, med manglande oversiktig og samanheng. Lite vekt på samarbeid mellom elevar. Potensialet i mindre grupper er ikkje utnytta, arbeider som om det var større klasser. Er retten til læring truga? 5
Kvaliteten på spesialundervisning varierer mykje Den er sterkt instrumentell Spesialundervisning handla i stor grad om at lærar viser elevane kva dei skal skrive og kvar dei kan finne svar. Spesialundervisninga er lite motiverande Lærarane prøver å hjelpe elevane til å fokusere på oppgåvene, og kome i gang med arbeidet med oppgåver som går tett på det elevane strevar med fagleg. Elevane er lite interesserte i oppgåvene. Spesialundervisning stiller små og få krav. Læringstrykket er lavt, med låge forventingar, «elevane får skryt for alt». Kvaliteten heng saman med lærarkompetansen. 6
7
Kva karakteriserer læringsmiljøet - slik elevar som får spesialundervisning opplever det - samanlikna med elevar som berre får ordinær undervisning? - elevar frå begge grupper tok stilling til desse påstandane Engasjement Trivsel Jeg liker vanligvis å gå på skolen, Jeg liker meg godt i klassa. Jeg synes ofte det er kjedelig i timene Sosial åtferd Jeg føler meg ensom på skolen. Jeg er sammen med andre elever i friminuttene. Jeg krangler med andre elever på skolen. Jeg svarer tilbake når læreren irriterer meg eller irettesetter meg. Relasjonar Fagleg elevrelasjon Det er lett å lage grupper som skal arbeide sammen i timene. Elevene i denne klassa liker å hjelpe hverandre med oppgaver og lekser. Klassekameratene mine hjelper meg, hvis det er noe jeg ikke forstår Sosial elevrelasjon Jeg har blitt venner med mange i denne klassa. Klassekameratene mine liker meg. Hvis noen i klassa er lei seg eller har problemer så snakker klassekameratene med han/henne. Det er noen elever i denne klassa som ikke går så godt sammen. Læringshemmande åtferd Jeg er rastløs og sitter urolig på plassen min. Jeg drømmer meg bort og tenker på andre ting. Jeg kommer for seint til timene. Relasjon til lærar Jeg har god kontakt med læreren. Læreren liker meg. Når jeg har problemer eller er lei meg kan jeg snakke med læreren. Læreren oppmuntrer meg når jeg ikke får til det jeg holder på med. 8
Ei enkel oppsummering Elevar med spesialundervisning pga. spesifikke lærevanskar svarar konsekvent meir negativt enn elevar med ordinær undervisning med unntak av spørsmåla knytt til fagleg relasjon og relasjon til lærar. Der er det liten skilnad på svara Elevar med åtferdsmessige utfordringar og spesialundervisning er vesentleg meir negative i sine svar også på det som gjeld relasjonar Ser vi på kjønnsforskjellar, finn vi liten forskjell i svara frå spesialundervisningselevar med spesifikke lærevanskar, men jenter med åtferdsrelaterte vanskar svarar desidert mest negativt - spesielt på det som gjeld sosial åtferd og sosial elevrelasjon 9
To tendensar/forklaringar: Praktiseringa Behova for individuell tilpassing, kompetent personale og tilfredsstillande spesialpedagogisk basis for undervisninga er ofte ikkje oppfylte. Har institusjonaliserte praksisar som ikkje tener elevane, men som kanskje tener skulen. Det andre er resultata Elevane som får spesialundervisning får ikkje den voksteren og den positive utviklinga fagleg og personleg ein skulle forvente, men det gjeld ikkje alle. Skulen verdset ikkje spesialpedagogisk kompetanse 10
Så langt Peder Haug og Speed-prosjektet. Kva meir veit vi om omfang og organisering av spesialundervisning? Korleis blir dette handtert t.d. ved tilsyn? Kva gjer vi med denne kunnskapen? 11
12
Norge Møre og Romsdal Organisering av spesialundervisninga 18 % 35 % 38 % 9 % Spesialundervisning hovedsakelig i (den ordinære) klassen Spesialundervisning hovedsakelig i grupper på 6 elever eller flere Spesialundervisning hovedsakelig i grupper på 2 til 5 Spesialundervisning hovedsakelig alene 13
14
Ansvar: frå tilsynet om utbytte av opplæringa Utdrag av spørsmåla: Sikrar rektor at opplæringa samla dekkjer dei individuelle opplæringsmåla i IOP? Samsvarar innhaldet i IOP med enkeltvedtaket når det gjeld innhaldet i opplæringa, medrekna når det er gjort avvik frå LK06? Har IOP-en eigne mål for opplæringa når eleven si opplæring skal avvike frå ordinære læreplanar? Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at IOP-en er samordna med planane for den ordinære opplæringa (klassen)? Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at årsrapporten inneheld ei vurdering av utviklinga til eleven ut frå måla i IOP-en? Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at det for elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, blir gjennomført vurdering av arbeidsmåtar, vurderingspraksis og læringsmiljøet? 15
Ansvar: frå tilsynet om skulebasert vurdering Vel skulen tema i den skulebaserte vurderinga basert på ei brei og samla vurdering av om elevane når måla i læreplanverket (LK06)? Er ei vurdering av om elevar med spesialundervisning når måla i IOP tema i skulebasert vurdering? Vurderer skulen om endringar i organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa kan bidra til auka måloppnåing hos elevane i det valde temaet? I kva grad blir det gjort endringar i organisering, tilrettelegging og gjennomføring av spesialundervisninga? Følgjer skulen opp dei endringane som dei eventuelt kom fram til i den skulebaserte vurderinga? Korleis følgjer skuleleiinga opp spesialundervisninga? 16
Ansvar: - frå tilsyn med skuleeigar sitt forsvarlege system Skaffar skuleeigaren seg informasjon om skulane sitt arbeid med opplæringa i fag og IOP? Bruker skuleeigaren innhenta informasjon til å vurdere om skulane sitt arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa er i samsvar med regelverket? Bruker eventuelt skuleeigaren desse vurderingane til å syte for at skulane får ein ny praksis i samsvar med regelverket? Følgjer skuleeigaren opp at skulane har endra sin praksis slik at han er i samsvar med regelverket? Innhentar skuleeigaren tilstrekkeleg informasjon ofte nok til å vurdere og følgje opp praksis som ikkje er i samsvar med regelverket? 17
Utfordring gruppeoppgåve Diskuter Peder Haug sine konklusjonar i høve til din skule/di kommune. Spesialundervisning er ei leiarutfordring iflg. Peder Haug Korleis kan du som skuleleiar/skuleeigar kome tettare inn i både forarbeid, gjennomføring og evaluering av spesialundervisninga? Sjå på dei utdelte oversiktene om spesialundervisning; Er det forskjellar mellom kommunen din og nasjonalt som er verdt å kommentere? Drøft den lokale organisering av spesialundervisning; korleis ivaretek den individuell tilpassing og samordning med klassen sin plan og fagtimar uten spesialundervisning Utnyttar skulen din/kommunen din den spesialpedagogisk kompetanse i stor nok grad? Kan bruken av assistentar i spesialundervisnigna i di kommune forsvarast ut i frå eit kompetanse- og læringsperspektiv? Medvirkar spesialundervisninga ved din skule/i di kommune til at skulen sine mål blir nådd? Kva veit du om effekten av spesialundervisninga? Er de nøgd med ressursbruken og utbyttet av spesialundervisninga? Viss du ikkje veit nok om spesialundervisninga, korleis kan du finne ut det du treng? Korleis kan du ta dette temaet meir inn i den skulebaserte vurderinga? 18