TIL naboar grunneigarar/oppsitjarar Offentlege instansar/andre Valle den 19. aug. 2014 2286Restart VARSLING OM NY OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID - DETALJPLAN FOR HOVDEN FJELLSTOGE, HOVDEN I BYKLE KOMMUNE. NY VARSLING INNLEIING I 2009 vart det varsla oppstart av arbeid med ny detaljplan for g. nr. 1, br. nr. 30, Hovden Fjellstoge. Arbeidet vart gjennomført med utgangspunkt i den tid gjeldande overordna plan (Hovden del 2). Planforslaget er ikkje teke opp til realitetshandsaming. I mellomtida har Bykle kommune utabreidd ny kommunedelplan for Hovden og detaljplanforslaget for Fjellstoga skal gjennom ein ny prosess tilpassast ny KDP. NY PLANGRENSE Planområdet samsvarar med tidlegare varsel med det unntak at øya i Otra vest for Fjellstoga no vert inkludert i planen. Dette området er i overordna plan (KP 2010-2020) avsett til «Næring». Planarbeidet vil utgreie eventuell gangbrutilkomst over elva, anten som pilarbru, fylling med kulvert, betongsåle eller hengebru.
BAKGRUNN OG FØREMÅL Fjellstoga er i utvikling og nye eigarar har overteke. Fjellstoga er eit viktig reiselivsanlegg på Hovden. Fjellstoga sitt omdøme skal styrkjast og profilen skjerpast for å få til ei utvikling i retning av det som gagnar Hovden generelt og Fjellstogekonseptet spesielt. Føremålet med planprosessen er å vurdere areal og aktivitetar i området med utgangspunkt i det som er nemnt ovafor. I dette ligg at ein vil vurdere føremål innan herberge, fritid, utleigebygningar og bygningar/anlegg for aktivitetar som spring ut ifrå profilen. Arbeidet vil starte opp straks, og på bakgrunn av merknader og innspel vil det endelege planforslaget til omregulering verta fremma for Bykle kommune utpå hausten 2014. OPPSTARTSMØTE Tiltakshavar/forslagsstillar har hatt oppstartsmøte med kommunen om restarten og vilkåra for ny plan er gjennomgått. Referatet frå dette møtet ligg ved. BYGNINGAR OG NYTT KONSEPT Det er utarbeidd eit nytt Konsept for utvikling av både Fjellstoga og nye bygningar rundt. Ein ny detaljplan vil verte utforma med sikte på at konseptet skal kunna gjennomførast. Konseptet legg opp til eit samspel mellom varme og kalde senger, der Fjellstogebygget er sentralt. Utleigedelen er tydeleggjort i konseptet. Eldre utleigeeiningar vil verte rehabilitert/sanert. Nye einingar berekna for sal (kalde) er tenkt gjennom bestemmelsar å ha anledning til utleige, heile eller delar av eininga. Buområdet vil for det meste vere bilfritt, parkering er tenkt lokalisert inntil trafikkåra i aust, Rv 9. Byggjeavstand frå midten av Rv 9 er tenkt 30 m. UTNYTTINGSGRAD Ny KDP har ikkje føringar for BYA/BRA eller høgde. Intensjonen er at området skal utnyttast godt og at ein legg inn i planen det som området toler. I praksis vil dette vere rimeleg i samsvar med det som i tidlegare reguleringsplan (Hovden II) la opp til. Høgdebestemmelsar for Fjellstoga og dei nærast-liggjande «blå» einingane vil kunne få mønehøgde mellom 8-11 m, medan andre bygningar for fritid vil kunne få 7,5-8,0 m i mønehøgde. INFRASTRUKTUR Området har godkjent avkøyring frå Rv 9, denne er tenkt flytta 50 m mot nord for å kunne få betre og separert tilkomst til utleigedelen i sør og til fritidsdelen i nord. Parkeringsdekninga for fjellstoga og fritidseiningar vil i stor grad verte tilrettelagt ut mot trafikkåra i aust. Her er det ønskje om optimalisering av arealet og forslagsstillar vil legge opp til ei grøn sone mellom Rv 9 og parkeringsarealet på 10-12 m som kan fungere som snøopplag. Kommunen støttar forslagsstillar i dette grepet, jfr. oppstartsref. Vatn, kloakk og straum er godt utbygt i området. FORHOLD TIL NABOPLANAR Planen vil forhalde seg lojalt til naboplanar i sør og nord (under br. 22).
Forslag til plangrense, denne kan verte justert under planprosessen (utdrag av planinnsyn) KONSEKVENSUTGREIING I utgangspunktet vil ein slik planprosess ikkje medføre KU med utarbeiding av planprogram. Planforslaget vil vere lojalt til overordna plan, KDP og KP. Innspels-prosessen kan eventuelt endre på dette. SPESIELLE UTFORDRINGAR - Kombinert føremål: Ny KDP legg føringar for utvikling av dette området. På kommuneplankartet/ kommunedelplankartet er føremålet avsett som kombinert område og Næring (øya). Kombinasjonen varme og kalde senger er underlagt heilt spesielle bestemmelsar i KDP og desse føringane vil verte respektert og innarbeidde i detaljerte bestemmelsar som skal regulere forholdet varme/kalde senger og takta ut utbygging av respektive. - Det nye planområdet vil i denne omgang også omfatte øya i Otra vest for fjellstoga. Dette er avklart med grunneigar av 1/22. Øya er tenkt utvikla til fritidsaktivitetar som kan styrkje profilen til fjellstoga. Tilkomst til øya er tenkt med ei enkel form for bru, kan hende ein støypt såle som kan føre turfolk over tørrskodd mestedelen av barmarksesongen. Flaumar kan skylje over sålen utan å gjere skade. Eit sti-/løypesystem er tenkt regulert med sikte på å kunna koplast til det planlagde overordna sti-/løypesystemet som kommunen arbeider med på vestsida av Otra. - -
UTBYGGINGSAVTALE Med dette varslast det at det også vert sett igong forhandlingar mellom for-slagsstillar og kommunen om utbyggingsavtale som skal regulere forholdet mellom partane i denne utbygginga. Avtalen skal vere klar og vedteken seinast ved 1. byggjestart i området med heimel i ny plan. INNSPEL Alle naboar og nabobruk vert varsla med brev. Innspel til arbeidet skal sendast per e-post til: post@plankontoret.no med kopi til post@bykle.kommune.no innan 30. sept. 2014. Innspel kan alternativt sendast Plankontoret Hallvard Homme AS, 4747 Valle med kopi til Bykle kommune, 4754 Bykle. Nærare informasjon kan ein få ved å vende seg til 419 17507 (Tore Gustav) eller 959 37 000 (Hallvard). Med helsing for Plankontoret Hallvard Homme as Hallvard Homme Vedlegg: - Adresseliste - Planavgrensing - Utdrag av KDPHovden - Referat frå Oppstartsmøtet, signert
Adresseliste Grunneigarar/naboar: Kjetil og Jon Uleberg, 4755 Hovden
Adresseliste Offentlege instansar/ andre: Bykle kommune, Ordføraren, 4754 Bykle Bykle kommune, sektor for Plan og Utvikling, 4754 Bykle Agder Energi Nett, 4747 Valle Hovden Ferie, 4755 Hovden Hovden Sentrumsforening, 4755 Hovden Barna sin rep. i plansaker, 4754 Bykle Ungdomsrådet, 4755 Hovden Eldrerådet, 4755 Hovden
Plangrense
Utdrag KP Utdrag KDPHovden