Tema: Lesing i fag i teori og praksis. Sentral ide: Lesestrategiar kan lærast på ein god måte gjennom praksis. Tid: 60 min. Lesestoff: Fagbok i bruk i alle fag i videregående skole s. 8 Sentrale områder - 9 Koding av enkeltord/ s. 10 Ordforråd 12 Mange elever i videregående skole Hovudspørsmål: Korleis kan ein arbeide i undervisninga for å gjere elevane til betre faglesarar? Mål: At deltakarane får praktisk øving i og kunnskapar om gode lesestrategiar for faglesing. Sentrale omgrep: Bakgrunnskunnskap Målretting Ordforråd Engasjement Omforming Metakognisjon Modellering Produkt: (Hos elevane: Vurderingsoppgåver) Eit strukturert tankekart som gir oversikt over teksten og svar på hovudspørsmålet. Trekolonnenotat med dei sentrale omgrepa. Planen laga fritt etter Henning Fjørtoft (2009) Effektiv planlegging og vurdering Margunn Mossige, Lesesenteret Side 1
FØR 1. FØR LESING 1 Hente fram bakgrunnskunnskap Parsamtale Korleis kan ein arbeide i undervisninga for å gjere elevane til betre faglesarar? Bruk startorda: Eg veit at Eg trur at Eg lurer på 2. FØR LESING 2 Bli kjend med teksten: BISON Individuelt Sjølv om vi nå les utdrag, les innleiinga og avslutninga av heile artikkelen. NB- ORD ORD SOM SKIL SEG UT NB er forkorting for notabene og betyr legg merke til. Altså skal lesaren leggje spesielt merke til desse orda. Orda kan merkjast på ulike måtar: 1. Kursiv: Bokstavane står på skrå 2. Understreking 3. Feite typar 4. STORE BOKSTAVAR Holm & Løkken (2006) Zeppelin: Norsk for barnetrinnet 3. FØR LESING 3 Målrette lesinga Parsamtale Kva ventar de at teksten skal handle om? Kva mål har de for lesinga? Korleis vil de lese teksten? Margunn Mossige, Lesesenteret Side 2
UNDER 4. UNDER LESING 1 Les og snakk Vere aktiv ved å snakke om teksten. Par (første del av teksten) Begge i paret les eit avsnitt stille. Når begge er ferdige, kommenterer A avsnittet: Det kan handle om innhaldet, om illustrasjonar, om noko spesielt viktig eller interessant eller om noko som er forvirrande. Dersom noko er uklart eller vanskeleg, er det viktig å ta det fram og snakke om det. B kan svare kort. Bytt deretter rollar. Variant: A i paret les eit avsnitt høgt. Etterpå kommenterer B avsnittet. 5. UNDER LESING 2 Lese og skrive Vere aktiv ved å skrive. Finne fram til sentral informasjon. Indviduelt (vidare i teksten) Les stille og skriv eit einsetningssamandrag for kvart avsnitt. Skriv i heftet eller på gul lapp (Post it). Dersom du blir ferdig, gå vidare til punkt 5. Margunn Mossige, Lesesenteret Side 3
ETTER 6. ETTER LESING 1 Omforming/ strukturering Lag ei framstilling av teksten ved hjelp av eit strukturert tankekart. Pararbeid, men begge skriv Margunn Mossige, Lesesenteret Side 4
7. ETTER LESING 2 Samanfatting og oppsummering - omgrepa skal heile tida vere relatert til lesing Individuelt (par) Kolonnenotat Omgrep Bakgrunnskunnskap Målretting Kommentarar Det er viktig både for leseforståing og kva ein hugsar etterpå at ein relaterer det ein les til den bakgrunnskunnskapen ein har. Før ein les, må ein aktivere bakgrunnskunnskap om emnet. Ordforråd Engasjement Omforming Metakognisjon Modellering 8. AVSLUTNING Sjekke om læringsmålet er nådd. Pararbeid Gå til planen på side 1 og sjekk om de kan svare på hovudspørsmålet og gjere greie for innhaldet i dei sentrale omgrepa. Sjekke vil seie å snakke om det, A startar med første, B tar andre, og så vidare. Margunn Mossige, Lesesenteret Side 5
9. OG ETTERPÅ: Metasamtalen - Par/plenum Kvifor er det vi nå har gjort eit døme på korleis svake elevar kan hjelpast til å lese for å lære? Var det noko du likte godt og kan bruke? Korleis var det å vere elev? Var det ei arbeidsform som du fann vanskeleg for deg sjølv eller for elevane dine? Kvifor det? Kan du gjere tilpasningar? Neste gong kunne vi ha starta med karusell med dei sentrale omgrepa som overskrifter: Karusell (Santa, Havens, & Valdes, 2004) 1. For å hente fram bakgrunnskunnskap eller oppsummere: Skriv fem- seks sentrale omgrep/emne frå temaet øvst på eit stort ark (for eksempel flip over). Nummerer arka og plasser dei rundt i rommet. 2. Del inn i nummererte grupper som får tusj i ulike fargar. 3. Gi gruppene ca. eitt minutt til å skrive ned det dei veit om temaet. Veit dei ingenting skriv dei eit spørsmålsteikn. 4. Gruppene går til neste plakat etter eit minutt. Her les dei det som står, endrar kanskje det som står og legg til så mykje dei rekk med sin tusjfarge. (Etter kvart) kan gruppene få litt meir tid.) 5. Fortsett til gruppene er tilbake kor dei starta. Alle les det som er lagt til på alle plakatane etter at dei har vore der før dei går tilbake på plass. 6. La dei lærande reflektere over kva dei har lært. Variant av les og snakk l lita gruppe: Leiaren i gruppa les teksten høgt. Når han stoppar, skal den som sit til høgre starte kommentarrunden ved å kommentere eller stille spørsmål frå det som er lese. Vidare skal alle i gruppa seie noko: Kommentere teksten, kommentere andre sine innlegg eller stille eigne spørsmål. Leiaren passer på at ein held seg til saka. Den som sit til høgre for leiaren les neste avsnitt, og så vidare. (Santa, et al., 2004) Referanse Santa, C. M., Havens, L. T., & Valdes, B. J. (2004). Project CRISS: creating independence through student-owned strategies (3rd utg.). Dubuque, Iowa: Kendal/Hunt. Margunn Mossige, Lesesenteret Side 6