Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 26.05.2010 020/10 AHE Kommunestyret 15.06.2010 AHE Sakshandsamar: Arnar Helgheim Økonomiplan 2011-2014 Arkiv: FE-150, FA- Arkivsaknr 10/329 Vedlegg: *) Innspel frå Kyrkjeleg fellesråd *) Frå ulike lag og organisasjonar om kompakthus/fleirbrukshall og idrettsbane Saksutgreiing: Viser til økonomiplanen som vart handsama av kommunestyret den 15.12.09. Planen viste ei underdkning på nær 3 millionar i 2013. Planen la opp til investeringar på over 90 millionar for perioden 2010 2013. Framskriving pr mai 2010 viser også ein underbalanse i slutten av perioden. Alt tyder difor på at vi må førebu driftsendringar og investeringskutt for å komme i balanse. Generelle føresetnadar for økonomiplanen Folketalet Vi har hatt ein auke av folketalet dei siste åra men over tid har det vore stabilt. Administrasjonen legg ikkje inn endringar i skatt og råmetilskot som følgje av endra folketal. 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2 914 2 918 2 918 2 928 2 929 2 950 2 981 Løns og prisvekst I økonomiplanen er det lagt inn forventa løns og prisvekst frå 2010 til 2011. Dermed vert råmene realistiske for arbeidet med årsbudsjettet hausten 2010. Seinare er det nytta faste 2011-prisar. Skatt og råmetilskot Kommuneproposisjonen som vart lagt fram tysdag 11. mai inneber fleire omfattande endringar i inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar. Utanom omleggingane vert det varsla ein vekst i dei frie inntektene på mellom 2,5 og 3 milliardar for heile sektoren. Tabellane frå Kommunal- og regionaldepartementet viser at vi kjem ut om lag uendra av omleggingane. Auken i frie midlar utgjer ca 1,5 millionar for Jølster og dette er lagt inn i skatt og råmetilskot i planen.
Meir nøyaktige prognoser kjem i KS sin prognosemodell for skatt og råmetilskot. Sidan dei får opplysningane samstundes som resten av befolkninga (11.mai), har dei ikkje oppdatert denne endå. 2010 2011 2012 2013 2014 Skatt 56 900 58 550 58 550 58 550 58 550 Råme 68 200 71 618 71 618 71 618 71 618 125100 130 168 130 168 130 168 130 168 Eigedomsskatt Samla eigedomsskatt er lagt inn med kr 2,5 millionar for bustadar, fritidseigedomar og næring. Eigedomsskatt for verk og bruk er venta kring 10 millionar. Ca 6,5 av dette kjem frå Kjøsnesfjorden Kraftverk. Konsesjonskraft I framlegget til økonomiplan ligg det inne samla kr 4,1 millionar i 2011 og 5,1 millionar for kvart av åra 2012 2014. Denne inntekta kan svinge mykje i takt med straumprisane. Inntekta kan bli høgare enn vi har lagt inn men den kan også bli lågare i enkeltår. Kommentarar frå Fylkesmannen Fylkesmannen har kommentert budsjett og økonomiplan i brev av 30.4.2010. Han peikar mellom anna på følgjande: Økonomiplan 2010 2013 Økonomiplanen har avsetjingar til disposisjonsfond i 2010 og 2011, medan bruk av fond balanserer planen i 2012 og 2013. Det betyr at kommunen har ubalanse i drifta mot slutten av planperioden. Ved handsaming av budsjett og økonomiplan 2011 2014 må kommunen ha merksemd på risikoen for auka utgifter til renter og avdrag, og kva det kan bety for tenestene som kommunen skal yte til sine innbyggjarar. Investeringar Jølster har allereie i 2009 ei relativt høg lånegjeld: Gj.snitt Gruppe Gj.snitt Gj.snitt Jølster Naustdal Førde 2 S og Fj eks Oslo Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter 71,9 66,6 96,1 58,9 69,4 62 Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter 184,3 186,1 192,1 172 187,3 173,4 - herav Pensjonsforpliktelse i prosent av brutto driftsinntekter 104 101,9 75,5 97,4 98,6 94,3 =Lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter 80,3 84,2 116,6 74,6 88,7 79,1 Med ytterlegare sterk auke, vert Jølster svært utsett for høgare rentenivå og det kan medføre trong for betydelege kutt i tenestetilbodet. Administrasjonen har difor gått kritisk gjennom planlagde investeringar. Vi tilrår at fleire av dei større tiltaka vert tekne ut frå perioden 2011 2014. Samanlikna med gjeldande økonomiplan, tilrår rådmannen at desse investeringane vert strokne frå perioden: Skei skule, del 2 av utbygging 10 680 000 Skei skule, elektrisk hovedfordeling 3 000 000 Omsorgsbustadar Skei 8 880 000 Tiltak Vassenden omsorgssenter 960 000
Bustadar for flyktningar 9 000 000 Stadutvikling 500 000 Sum 33 020 000 For å stablisere og på sikt redusere lånegjelda, bør ikkje samla låneopptak vere høgare enn samla avdragsbetaling. Sjølv med reduksjonane ovanfor, vert det ein vesentleg auke i lånegjelda. Nedanfor tek vi også med konsekvensane av budsjettet for 2010 sidan det var med i grunnlaget for Fylkesmannen sin kommentar: Samla låneopptak 2011-2014 56 725 000 Samla avdrag 2011-2014 29 600 000 Auke i lånegjelda 2011-2014 27 125 000 Låneopptak 2010 27 296 000 Avdrag 2010 6 800 000 Auke 2010 20 496 000 Samla auke 2010-2014 47 621 000 Kommentarar til framlegget Innsparingar på drifta: Grundig gjennomgang av både organisering og oppgåver. I tillegg til kritisk gjennomgang av investeringar er det heilt naudsynt med tiltak som reduserer driftsutgiftene. Administrasjonen rår til at det vert lagt inn ein innsparingsverknad på 2,5 millionar for 2012, 2013 og 2014. I denne gjennomgangen vert leiingsstrukturen eitt av fleire område som må vurderast. Vi må gå gjennom dei ulike sidene av drifta med spesielt fokus på effektiviseringar og tenester som ikkje er lovpålagde. Med føresett verknad frå og med 2012 har vi ikkje på nokon måte god tid. Vi har likevel tid nok til å gjennomføre ein skikkeleg prosess. Tillitsvalde og hovudverneombod vert involvert frå starten. Administrasjonen meiner det er avgjerande at vi grip fatt i framtidige utfordringar så tidleg som mogeleg. Noverande økonomiske situasjon gir oss handlefridom til å bruke 6 9 månadar på ein prosess og samstundes ha realistisk budsjett. Busetjing av flyktningar I tilrådinga er bygging av bustadar flytta ut av perioden. Ein konsekvens av det, er at vi må legge fram ei ny sak der kommunestyret tek stilling til om vi kan ta mot flyktningar for busetjing i åra som kjem. Kyrkjeleg fellesråd Ordførar og rådmann hadde møte med kyrkjeverje den 21. april. På møtet vart det drøfta ulike utfordringar. Vi legg ved 3 skriv frå kyrkjeverje som omtalar deira ønskje. Kyrkjeleg fellesråd har fått den same kompensasjon for løns- og prisvekst som kommunen sine tenesteeiningar. Administrasjonen finn ikkje rom for verken auke i driftsbudsjettet eller på investeringssida. Kommunen og kyrkja må fortsette dialogen. Ikkje minst må vi vere med på å sikre kapasiteten på kyrkjegardane. Fysioterapitenesta Den vedtekne auken med ei ny stilling frå sommaren 2010 er med i den konsekvensjusterte råma for eininga. Vi finn ikkje rom for auke med t.d. ergoterapeutstilling.
Nattevakt i open omsorg Dette er eit behov som tenesteleiarane har påpeika i mange år. Vi ser framleis ikkje at det er økonomisk rom for tenesta. Det er ei svakheit ved tenesta at vi ikkje har nattevakt i pleie og omsorg. Dersom vi skal få det til, må vi finansiere det med omleggingar i andre deler av tenesta. Fagutviklingsstillingar i pleie og omsorg Tenesteleiarane innan pleie og omsorg ønskjer styrke med fagutviklingsstilling i tenesta. Med dei økonomiske utsiktene vi ser føre oss, meiner rådmannen det ikkje er rom for slik styrking. PPT-ressurs PPT kontoret melder om trong til auka ressursar frå Jølster kommune. Ventetida for barn i førskulealder er 5-6 månader og 10-12 månader i grunnskule. Opplæringlova krev sakkunnig vurdering innan rimeleg tid, definert som 3 månader i Veileder for spesialundervisning. PPT melder om eit behov for å auke Jølster kommune sin ressurs med 0,47 % stilling i kontoret. Dette er rekna ut i frå fagstilling i PPT pr barnepopulasjon. Det ligg ikkje inne styrking av tenesta i rådmannen sitt framlegg. Spesialpedagogikk i barnehage Jølster kommune har god barnehage dekning og dei fleste barn i kommunen går i barnehage. Dette er positivt så ein kan kome inn med tidleg innsats for barn som har behov for ekstra hjelp og støtte. Det er behov for å auka midlar til spesialpedagogisk hjelp for barn i barnehage. Det ligg ikkje inne auke av midlar i rådmann sitt framlegg. Nye enkelttiltak Vi har lagt inn konsekvensane av eitt nytt enkelttiltak for heile perioden. NAV melder om at det er realistisk at det kjem endå eitt slikt tiltak i løpet av 2011. Det er ikkje sett av midlar til dette i planen men det viser tydleg behovet for buffer både i årsbudsjett og økonomiplan. Idrettsanlegg / idrettshall Fleire har kome med innspel om idrettshall i samband med plan for idrett og fysisk aktivitet. Viser mellom anna til vedlagde skriv frå ulike lag og organisasjonar. Administrasjonen ser ikkje at Jølster kommune har midlar verken til bygging eller drift av ein slik hall. Kommunen og Jølster Idrettslag er i dialog kring drift av eksisterande anlegg. Her viser idrettslaget til store utfordringar knytt til naudsynt vedlikehald. Rådmannen har heller ikkje funne rom for fast auke av kommunen sitt bidrag til desse anlegga. Vi arbeier med eiga sak til utval for oppvekst, kultur og helse som belyser desse utfordringane. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Økonomiplan for 2011 til 2014 med drifts- og investeringsoversyn datert 19.5.2010 vert vedteken slik den ligg føre.
Økonomiplan 2011-2014 DRIFTSOVERSIKT Tilråding datert 19.5.2010 Økonomiplan (Tal i 1000 kr) B2010 2011 2012 2013 2014 Skatt på inntekt og formue 56 900 58 550 58 550 58 550 58 550 Rammetilskot 68 200 71 618 71 618 71 618 71 618 Eigedomsskatt 10 200 12 500 12 700 12 850 12 850 Konsesjonskraft 2 450 4 100 5 100 5 100 5 100 Mva-komp investering. 2 700 8 207 2 557 157 Mva-komp. Overføre til investering -3 283-1 534-126 Rentekompensasjon eldreomsorg 2 300 2 000 2 000 2 000 2 000 Rentekompensasjon skule 700 500 500 500 500 Andre statlege overføringar 0 0 0 0 0 SUM FRIE INNTEKTER 143 450 154 193 151 491 150 650 150 619 Renteinntekter inkl. utbyte og "byggelånsrente" 4 350 4 350 4 200 4 200 4 200 Renteinntekter, etableringslån 500 500 500 500 500 Renteutgifter eksisterande lån -8 200-9 000-9 000-9 000-9 000 Rente og avdrag på nye lån 0 0-1 289-975 -660 Netto renteutgifter/-inntekter -3 350-4 150-5 589-5 275-4 960 Mottekne avdrag på lån 800 800 800 800 800 Avdragsutgifter eksisterande lån -6 800-7 400-7 400-7 400-7 400 Netto avdragsutgifter -6 000-6 600-6 600-6 600-6 600 NETTO RENTE- OG AVDRAGSUTGIFTER -9 350-10 750-12 189-11 875-11 560 TIL FORDELING -134 100-143 443-139 303-138 775-139 058 Til driftsrammer: Sentraladministrasjon og fellesutgifter 14 942 15 521 15 521 15 521 15 521 Kultur, oppvekst 2 248 2 381 2 381 2 381 2 381 Skei skule 16 558 17 144 17 144 17 144 17 144 Vassenden skule 23 586 24 816 25 216 25 516 25 516 Kulturskule 781 809 809 809 809 Skei barnehage 989 1 040 1 040 1 040 1 040 Langhaugane barnehage 1 994 2 105 2 105 2 105 2 105 Helse og sosial inkl legetenesta 3 909 1 085 1 085 1 085 1 085 Helsestasjon 1 452 1 504 1 504 1 504 1 504 Fysioterapi 812 1 143 1 143 1 143 1 143 Legetenesta 3 033 3 033 3 033 3 033 Psykisk helsevern 3 630 4 777 4 777 4 777 4 777 Sosialkontor 9 662 10 373 10 373 10 373 10 373 Flyktning -581-384 -184 0 0 Heimetenesta Skei 5 186 5 375 5 375 5 375 5 375 Omsorgssenter Skei 14 615 15 712 15 712 15 712 15 712 Heimly 4 815 5 262 5 262 5 262 5 262 Heimetenesta Vassenden 4 596 4 768 4 768 4 768 4 768 Omsorgssenter Vassenden 11 780 12 203 12 203 12 203 12 203 Plan, næring, drift 834 500 300 0 0 Bibliotek 897 928 928 928 928 Plan og bygg 1 410 1 663 1 513 1 513 1 513 Drift og kommunalteknikk 6 632 6 887 6 887 6 887 6 887 Næring og miljø 2 218 2 305 2 305 2 305 2 305 Sum fordelt til driftsråmer 132 965 140 949 141 199 141 383 141 383 Disposisjonar: Avsetjing til disposisjonsfond 1 135 2 494 604 0 156 Bruk av disposisjonsfond 0 0 0-107 0 Innsparingar på drifta: Grundig gjennomgang av både 0 0-2500 -2500-2500 organisering og oppgåver 0 0 0 0 0 0 0 0 Netto disposisjonar 1 135 2 494-1 896-2 607-2 344 Balanse 0 0 0 0-20
Investeringsplan 2011-2013 Arbeidsdokument leiargruppa Tilråding 19.5.10 Tekst B2010 B2011 B2012 B2013 B2014 B2015 --> Utstyr / IKT 160 000 160 000 160 000 160 000 160 000 Meirverdiavgift 40 000 40 000 40 000 40 000 40 000 Sal av fast eigedom -75 000-75 000-75 000-75 000-75 000 Refusjon frå andre (eiged.sal) -125 000-109 000-101 000-93 000-85 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -16 000-24 000-32 000-40 000 Skuleløysing IKT. Interkommunalt samarb. Meirverdiavgift Bruk av lån Bustadfelt, tilrettelegging 403 000 403 000 403 000 403 000 403 000 Meirverdiavgift 97 000 97 000 97 000 97 000 97 000 Bruk av lån -500 000-461 000-442 000-423 000-403 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -39 000-58 000-77 000-97 000 Hovudplan, trafikktrygging 790 000 360 000 Meirverdiavgift 200 000 90 000 Tilskot -594 000-270 000 Bruk av lån -396 000-144 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -36 000 ENØK-tiltak kommunale bygg 80 000 80 000 80 000 80 000 80 000 Meirverdiavgift 20 000 20 000 20 000 20 000 20 000 Bruk av lån -100 000-92 000-88 000-84 000-84 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -8 000-12 000-16 000-16 000 Avlaupsplan 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Bruk av lån -1 000 000-1 000 000-1 000 000-1 000 000-1 000 000 Hovudplan, vatn 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Bruk av lån -1 000 000-1 000 000-1 000 000-1 000 000-1 000 000 Vassenden skule. Plass-situasjonen vurderast 2011/2012/2013 Skei skule, del 2 av utbygging 8 544 000 Meirverdiavgift 2 136 000 Bruk av lån -9 400 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -1 280 000 Skei skule, elektrisk hovudfordeling 2 400 000 Meirverdiavgift 600 000 Bruk av lån -2 640 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -360 000 Barnehageutbygging forprosjekt i 2008 10 000 000 22 800 000 Meirverdiavgift 2 500 000 5 700 000 Statstilskot 0 0 Bruk av lån -12 500 000-26 100 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -2 400 000 Omsorgsbustadar Skei 7 100 000 Meirverdiavgift 1 780 000 Statstilskot -850 000 Bruk av lån -6 630 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -1 400 000 Omsorgsbustadar, psykisk helsevern 6 640 000 Meirverdiavgift 1 660 000 Statstilskot -850 000 Bruk av lån -6 460 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -990 000 Tiltak Vassenden omsorgssenter 768 000 Meirverdiavgift 192 000 Bruk av lån -845 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -115 000 Eigenkapitalinnskot KLP 350 000 350 000 350 000 350 000 350 000 Bruk av lån Bruk av fond -350 000-350 000-350 000-350 000-350 000 Kommunehuset, diverse utbetring 400 000 Meirverdiavgift 100 000 Bruk av lån -500 000
Tekst B2010 B2011 B2012 B2013 B2014 B2015 --> Næringsareal, tilrettelegging (Moskog) 1 600 000 2 400 000 Meirverdiavgift 400 000 600 000 Bruk av lån -2 000 000-2 760 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -240 000 Bustadar for flyktningar, Skei 7 200 000 Meirverdiavgift 1 800 000 Bruk av lån -8 100 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -900 000 Stadutvikling 400 000 400 000 Meirverdiavgift 100 000 100 000 Bruk av lån -500 000-460 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -40 000 Energi og klimaplan 400 000 Meirverdiavgift 100 000 Bruk av lån -500 000 Skei barnehage, 400 000 9 600 000 Meirverdiavgift 100 000 2 400 000 Bruk av lån -500 000-10 600 000 Overført frå drift (mva-kompensasjon) -1 400 000 Netto 0 0 0 0 0 Oppsummering av investeringsplan Sum for konto B2010 B2011 B2012 B2013 B2014 Sal av fast eigedom -75 000-75 000-75 000-75 000-75 000 Statstilskot -594 000-1 120 000 0 0 0 Tilskot frå fylkeskommunen 0 0 0 0 0 Tilskot frå andre (private) -125 000-109 000-101 000-93 000-85 000 Bruk av lån -27 296 000-38 017 000-13 130 000-2 507 000-2 487 000 Bruk av fond -350 000-350 000-350 000-350 000-350 000 Overføring frå drift (mva-kompensasjon) 0-3 729 000-94 000-125 000-153 000 Sum finansiering -28 440 000-43 400 000-13 750 000-3 150 000-3 150 000 Inventar og utstyr 2 040 000 240 000 240 000 240 000 240 000 Byggetenester 20 833 000 34 603 000 12 003 000 2 403 000 2 403 000 Kjøp av aksjar 350 000 350 000 350 000 350 000 350 000 Sum eks mva 23 223 000 35 193 000 12 593 000 2 993 000 2 993 000 Meirverdiavgift 5 217 000 8 207 000 2 557 000 157 000 157 000 Sum investering 28 440 000 43 400 000 15 150 000 3 150 000 3 150 000