PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012



Like dokumenter
KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Strategi for kompetanseutvikling

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Kvalitetsplan mot mobbing

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Rådmannsutvalet Førde

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Øystese barneskule April - 08

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

Tiltaksplan

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Eit utviklingsprogram for folkevalde- og administrative skuleeigarar

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Barnehageplan for Vinje kommune

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Ungdomstrinnsatsinga

Presentasjon Utdannings- og oppvekstmøte Onsdag Bjørnar Fjellhaug skule- og kultursjef- Kirsten Råheim rektor Bygstad skule

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

SOGN driftig raus ekte

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Årsmelding for Tjødnalio skule 2015

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Hordalandsmodellen med kurs for tverrkulturell kompetanse - ein tilnærmingsmåte.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

BLR og satsingar i skulane i Os kommune

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Forslag frå fylkesrådmannen

Les for livet - del 2 (Ref # )

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Plan for overgangar. for barn og unge

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

STUDIEPLAN 2016/2017 NYNO813KFK

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Handlingsprogram og økonomiplan

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Transkript:

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk kompetanse i eit 5 års perspektiv er vurdert. Resultatet av kartlegginga vert lagt til grunn for eigne prioriteringar. Den statlege finansieringsordninga er endra, slik at det no er reduserte midlar til etterutdanning. Ein kan få statlege tilskot for vidareutdanning, men kun etter den såkalla 40-40-20 - modellen. Budsjett for kompetanseutvikling i grunnskulen er for 2012 kr.450.000. Samarbeidet i Sjustjerna held fram på somme område for etterutdanning, basert på eigne kommunale midlar, samt at det vert søkt om eksterne midlar. Definisjonar. Vidareutdanning er utdanning / opplæring som gir formell kompetanse ( studiepoeng ) Etterutdanning er mellom anna kurs, seminar, deltaking i lokalt utviklingsarbeid og fagleg rettleiing knytt til eigen praksis, som har opplæring som viktigaste formål. Organisering Skulekontoret vurderer behovet og samordnar kompetansehevinga, i samråd med tillitsvalde og skulane. Den enkelte skule har ansvar for at kunnskap om planar og tiltak vert kjende for heile organisasjonen. Vidare at tiltak som er delegert til skulane, vert gjennomførde. Dei etablerte nettverka for begynnaropplæring og for tilpassa opplæring vert medspelarar i kompetansehevinga. Det kan også bli etablert nye nettverk etter behov. Skulekontoret legg til rette slik at ein får nytte den breie og sterke kompetansen ute i skulane til felles utvikling. Skulekontoret organiserer kommunal etterutdanning, gjerne i eit interkommunalt samarbeid gjennom Sjustjerna, inn mot Høgskulen i Volda. Kommunen og Sjustjerna nyttar også andre kompetansemiljø til kurs, samlingar og foredrag.

TILTAK FOR 2012. 1. Kompetanseutvikling for leiinga ved den enkelte skule. Skuleleiing er eitt av dei prioriterte områda i kompetansehevinga. Det er ei brei kompetanseheving, med ulike tiltak på ulike nivå. Leiarmøte i skuleavdelinga. Samling for rektorar/avdelingsleiarar. Ti samlingar pr. år. Innhaldet på samlingane er slik: Informasjon og drøfting. Erfaringsutveksling, dele god praksis mellom skulane. Kvalitetsutvikling, felles system, planar og prosedyrer. Pedagogisk utviklingsarbeid. Nettverk Dei minste barneskulane i kommunen samarbeider i nettverk. Ungdomsskulen har nettverk gjennom Sjustjerna. Pedagogisk utvikling og kompetanseutvikling er hovudtema. Kommunal leiaropplæring Program for leiarar i kommunen vart starta opp våren 2011, og held fram med samlingar utover i 2011 og 2012. Alle mellomleiarar deltar. Aktuelle tema er personlege leiarutvikling, jus, arbeidsgjevarpolitikken, m.m. Leiaropplæring i Sjustjerna. I 2012 vidarefører vi leiaropplæringa, med ei 2 dagarsamling. Innhaldet vil vere mellom anna: Leiing og læring Skuleleiar si rolle som arbeidsgjevar Pedagogisk utvikling Nettverksarbeid og erfaringsutveksling på tvers av skular og kommunar Framdrift, evaluering og justering vert drøfta på kvartalvise møte i den regionale styringsgruppa, der avdelingsleiarane for skulekontora i alle kommunane er med. 2. Satsingsområde i samarbeid med Sjustjerna. Alle kommunane i Sjustjerna er kritiske til den nasjonale endringa som vart gjort i høve finansiering av etter- og vidareutdanning. Det gode samarbeidet om kompetanseutvikling som er bygd opp gjennom fleire år, vert sterkt endra og nedbygd, til fordel for individbaserte tilskot til vidareutdanning.

Lesing Lesing som basisdugleik i alle fag; leseforståing, lesestrategiar, tilpassa opplæring og lesestimulering er ny felles satsing frå hausten 2011og våren 2012. Målgruppe: Lærarar som underviser i alle fag på 5.-10.årstrinn. Etterutdanninga er organisert med 4 samlingar på Høgskulen i Volda, med oppgåvearbeid og utprøving mellom kvart oppmøte. Rekning I samarbeid med høgskulen i Volda blir det i 2012 tilbode etterutdanning i rekning i alle fag. Her er emne som rekning i vid tyding, rekneartane i praktiske situasjonar, statistikk og tabell, sentrale. Etterutdanninga vert organisert med 4 samlingar på Høgskulen i Volda, med oppgåvearbeid og utprøving mellom kvart oppmøte. Læringsleiing Etterutdanning i undervisningsleiing/ klasseleiing på barnesteget vert tilbode i samarbeid mellom Sjustjerna og Høgskulen i Volda. Sentralt i studiet er tilpassa opplæring, tidleg innsats og praksisnært fokus. Tilbodet er meint organisert tilsvarande lesing og rekning. 3. Kommunal satsing. Vurdering for læring I tråd med Forskrift til opplæringslova, den såkalla vurderingsforskrifta, er det starta opp eit utviklingsarbeid for å sikre system og praksis i tråd med forskrifta. Arbeidet skal halde fram med full styrke også i 2012, i ein kombinasjon mellom eige arbeid på den enkelte skule og nettverk/utveksling. Tilpassa opplæring Vi har mange dyktige lærarar i grunnskulen, og vi har som mål å spele kvarandre gode. Det er etablert fleire nettverk for å dele og å byggje kompetanse. Nettverk for tilpassa opplæring bidrar til å sikre erfaringsutveksling og kvalitetsutvikling i forhold til læring generelt og tilpassa opplæring spesielt.. Det skal vidare leggjast vekt på kompetanseutvikling i forhold til læringsstilar, læringsstrategiar og verdien av varierte arbeidsmåtar. Eit viktig arbeid for forumet er også å auke kompetansen om ulike diagnosar og korleis handtere elevar i forhold til dette. Lesing I 2010 vart det utarbeidd ein felles plan for leseopplæringa for heile grunnskulen i Herøy. Arbeidet med implementering av ulike emne held fram også i 2012. Dette vert eit omfattande arbeid, der heile personalet vert involverte. Skulane skal reflektere over eigen praksis og tilpasse planen til eiga verksemd.

Undervisningsleiing/ læringsleiing Eit av fokusområda for skuleåret 2011/12 er undervisningsleiing/ læringsleiing. Døme på einskildemne er: - relasjonsbygging lærar - elev - handtering av utfordrande elevåtferd - metodar for utvikling av godt psykososialt miljø i elevgruppa - struktur i klasserommet Alle tilsette i Herøyskulen starta skuleåret med ein kursdag der ein nasjonal kapasitet var innleigd som førelesar. Gjennom heile skuleåret arbeider ein med temaet både på individnivå og systemnivå. Vidareutdanning i særlege fagområde Det er behov også for vidareutdanning innan nokre fagområde. Vi set derfor av budsjettmidlar til stipendordning for lærarar som vil ta vidareutdanning, særleg innan basisfaga. Lærarane som nyttar ordninga, tar studium i kombinasjonen nett/samlingar, utan å ha permisjon. I tillegg til stipend, får dei fri vikar ved deltaking på avtalte samlingar. Fleire signaliserer at dette er ein god måte å skaffe seg vidareutdanning på. I tillegg er det høve til å søkje på vidareutdanning etter den statlege ordninga. Små budsjettrammer avgrensar likevel deltaking, sidan kommunen må dekkje opp 40% av kostnaden ved permisjon, samt event. reise og opphald. Psykiatriskulen Per Isdal i Alternativ til Vold er engasjert til eit dagskurs for tilsette i Herøyskulen. Han har arbeidd med og skrive bøker om vold, og er ein svært engasjerande og faglig dyktig psykolog. Lærarar er ei gruppe som dagleg erfarar sinne aggresjon vold noko som påverkar arbeidsmiljøet. Praktiske råd og strategiar kan difor vere nyttige i lærararbeidet. Opplæringa er eit samarbeid mellom skuleavdelinga og kommunepsykologen. 4. Kommunal oppfølgjing av kvalitet i skulen. Kvalitetslosen Herøy kommune har innført dataverktøyet Kvalitetslosen, for å auke systemkvaliteten og kvalitetsutviklinga. Skuleavdelinga har fått på plass ei rekkje planar, prosedyrer og rutiner innan grunnskule, SFO, PPT og vaksenopplæring, samt gitt opplæring og rettleiing i bruken av verktøyet. Dette er eit ledd i kommunen og skulen si utviklinga i høve Opplæringslova 13.10. Hausten 2010 fekk vi ny versjon av verktøyet, noko som gir høve til vidare utvikling. Det blir derfor ei vidare satsing også i 2012. Kvalitetsutvikling gjennom resultatmåling Vi skal fortsatt halde fram med brukarundersøkingar og testar, etter dei prosedyrer vi har i kvalitetssystemet. Vi skal gjennomføre nasjonale prøver, diagnostiseringsprøver, kartlegging og elevundersøkinga. Prosedyrene omfattar gjennomføring av testar, analyser av resultat og refleksjon rundt praksis, med tanke på målretta tiltak og auka læringstrykk..

5. IKT-satsing. PedIt Innføringa av læringsplattforma er tidlegare gjennomført i alle skular. Ny versjon av dataprogrammet hausten 2010, opnar for utvikling av ny bruk og metodar innan fleire område, som t.d. vurdering. Kursing og oppfølging frå skulekontoret er sentralt i dette arbeidet. I tillegg til vurdering, blir det i 2012 satsa på emna arbeidsplan og Pedit som infoverktøy. Digital kompetanse i læringsarbeidet Det vart i 2010 utarbeidd ein felles IKT-plan for grunnskulen i Herøy. Planen set fokus på digital kompetanse som ferdigheit innan alle fag og på ulike årstrinn. Arbeidet med implementering har gått tregt, i påvente av meir maskinvare. No har dette betre seg, og vi kan starte igjen. Det vert i 2012 arbeidd vidare med implementering i alle skular, for å sikre digitale ferdigheiter både for lærarar og for elevar på alle årstrinn. Planen medfører også arbeid med vurdering/innkjøp av eigna programvare og anna utstyr, for å nå dei målsetjingane som er fastsette. Innføring av nytt administrasjonsprogram - opplæring I 2011 vart det kjøpt inn nytt administrasjonsprogram Oppad - for alle skulane. Programmet skal nyttast til registrering av elevopplysningar, fråver, vurdering med og utan karakterar. Både leiing, administrasjon og kvar einskild lærar må ha opplæring i programmet. 6. Skulane sine eigne satsingar. Også i budsjettåret 2012 får skulane noko eigne kompetansemidlar til disposisjon for dei satsingsområde og utviklingsmål der ein ser det viktig å auke kompensen. Nokre nyttar dette til spesifikke fagkurs for nokre av sine tilsette, andre gjennomfører seminar for heile personalet. Det viktige er at midlane skal nyttast til utviklingstiltak for den enkelte skule. For ungdomsskule vil det framover bli eit særleg behov for å sikre kompetansen i høve dei nye valfaga som vert innført frå hausten 2012. Planen er drøfta og utarbeidd saman med Utdanningsforbundet. Sølvi Lillebø Remøy - skuleleiar -