Jf. adresseliste Dykkar ref.: Vår ref.: Dato: 5180753/brev_Varsel om oppstart av planarbeid 2018-03-14 Varsel om oppstart av planarbeid endring av detaljreguleringsplan for tilkomstveg til Sogndal transformatorstasjon Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med endring av detaljreguleringsplan for tilkomstveg til Sogndal transformatorstasjon, parsell Mannsverk Hagafjellet (plan id. 1420-2011011), 12-1, 12-3, 12-8 og 12-14 i plan- og bygningslova. Norconsult AS utfører planarbeidet på vegne av Statnett SF. Endringane inneber i all hovedsak justeringar av plankartet. Det er avklart med Sogndal kommune at gjeldande ROS-analyse og planomtale/føresegner vert oppdatert i samsvar med justeringar i plankartet. Det er avklart med Sogndal kommune at endringa ikkje reiser nye utfordringar i høve til risiko- og sårbarheit i området, og heller ikkje skal vurderast på nytt i høve til oppfangingskriteriar som gjer at vegtiltaket med tilhøyrande anlegg vert fanga opp av virkeområdet til føresegnene om konsekvensutgreiingar. Gjeldande detaljreguleringsplan vart vedteken av kommunestyret i Sogndal kommune den 16.02.2012. Bygging av tilkomstvegen vart gjennomført som ein totalentreprise med Contexo AS som utførande entreprenør og Multiconsult AS som ansvarleg for detaljprosjektering. I samband med detaljprosjektering og bygging er det føreteke nokre endringar i høve til regulert situasjon. Veganlegget er ferdig utbygt, overteke av Statnett 31.10.2014 og vegen er teken i bruk. Sluttføring av arbeid med grunnerverv må avvente endeleg handsaming av reguleringsendring. Føremålet med reguleringsendringa er å bringe reguleringsplan i samsvar med «som- bygd» situasjon. Den opprinnelege reguleringsplanen regulerte ei belte på om lag 100m breidde som vegtrasèen kunne leggje beslag på, enten for justering av geometri, eller som mellombels anleggsområde for å sikre gjennomføringa av anlegget. Det er ikkje lenger behov for å regulere eit så omfattande areal. Reguleringsendringa vil difor også generelt avgrense arealet avsett til veg/mellombels anleggsområde slik at det kun er det arealet som skal ervervast til permanent, framtidig veggrunn som vil inngå i reguleringsplanen. Eksisterande plangrense og delplanutsnitt er vist på utsnittet nedanfor. Alle gjeldande plandokument er å finne på www.kommunekart.com. Norconsult AS Campus Fosshaugane, Trolladalen 30, NO-6856 Sogndal Tel: +47 57 62 79 00 Hovedkontor: Vestfjordgaten 4, NO-1338 Sandvika Pb. 626, NO-1303 Sandvika NO 962392687 MVA firmapost@norconsult.no www.norconsult.no
Figur 1 Oversiktskart, plangrense og plankart gjeldande reguleringsplan Dei viktigaste endringane omfattar, sjå også vedlegg for kartutsnitt som viser dei aktuelle endringane mot regulert situasjon: Avgrensing av planområdet generelt langs heile vegtrasèen til å omfatte kun arealet som skal ervervast som veggrunn. Ny plangrense vil bli lagt i framtidig ny eigedomsgrense mot veg Endring av geometri og plassering og form på offentleg parkeringsplass ved Raunehaug, P1. Ved profil 70 er det gjort tilpassingar mot grunneigar slik at avkøyrsle ikkje vert liggjande tett opp i bustadhusa. Tilkomstvegen vart som resultat liggjande utanfor det regulerte området på ein strekning på knapt 100 m. Endring av veggeometri ved profil 2400. Her er vegtrasèen lagt i ei kurve utanom nytt mastefundament knytt til ny 42kV linje. Naudsynt endring pga plassering av mastefundamentet. Endring av geometri på strekninga ca profil 2600-3000. Bakgrunnen for endringa er terrengtilpassingar som har sin årsak i at vegen er lagt høgare i terrenget for å redusere skredfare ved kryssing av steinrøyser. Ved profil 3500 3600 går veglinja litt utanfor planen si ytre avgrensing. Dette er resultat av optimalisering av veglinja i terrenget. Ny plassering av offfentleg parkeringsplass, P2. Her har vore drøfta ulike alternativ, men ein har til slutt landa på å nytte det etablerte arealet som vart planert i samband med etablering av sprengstofflager for veganlegget under bygging. Endra plan med tilhøyrande dokument omfattar: 1. Revidert plankart, teikning nr. R-01 R05 2. Revidert planomtale med tilhøyrande planføresegner i samsvar med 12-3 i plan- og bygningsloven. 3. Revidert risiko- og sårbarheitsanalyse som utarbeidd i samsvar med 4-3 i plan- og bygningsloven. n:\518\07\5180753\5 arbeidsdokumenter\51 felles\brev_varsel om oppstart av planarbeid.docx 2018-03-14 Side 2 av 5
For nærmare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til: Tone K. M. Kvåle mob. +47 95 80 75 09 e-post: tone.myklebust.kvale@norconsult.com Frist for å sende inn merknader til varsel om oppstart er sett til 6. april 2018. Med vennleg helsing Norconsult AS Tone Kvåle Kontorleiar Adresseliste Høyringsinstansar Avdeling Adresse Postnr. Poststad Sogndal kommune v/plan Postboks 153 6851 Sogndal Sogndal kommune v/kommunalteknikk Postboks 153 6851 Sogndal Sogndal kommune v/ Barnerep. Postboks 153 6851 Sogndal Sogndal kommune v/ Brannsjef Postboks 153 6851 Sogndal Sogndal kommune Kommunelege 1 Postboks 153 6851 Sogndal Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 Leikanger Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 Leikanger Statens vegvesen Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger Sognekraft AS Røysavegen 1 6869 Vik i Sogn NVE Region Vest Naustdalsvegen 6801 Førde 1 Telenor Servicesenter for Postboks 7150 5020 Bergen nettutbygging Statnett SF v/per Sølverud Grunneigarliste Gbnr. Førenamn Etternamn Adresse Postnr. Poststad 69/1,78/2 Marit Raunehaug Erlandsen Lunnamyri 127b 6856 Sogndal Jermund Raunehaug 6858 Fardal 78/4 Terje Sanden 6858 Fardal 78/1 Ivar Kvam 6858 Fardal 76/2 Maiken Hovden Bogen 6858 Fardal Rune Vigdal 77/3, 74/1 Stian Brusegard 6858 Fardal 77/10 Johannes Ingar Bårdgard 6858 Fardal 77/9 Tore Asle Brusegard 6858 Fardal 75/1,3,76.3 Johannes Øvretun 6858 Fardal 76/1,74/4,9 Helge Øvretun 6858 Fardal 73/1 Asgeir Haugen 6858 Fardal 74/8 Viktor Førde Røysum Lauvhaug 6856 Sogndal 74/6 Ola Nornes 6858 Fardal 72/2 Jan Ove Øyrehagen 6858 Fardal 72/1 Nils Helge Teigen 6858 Fardal 71/2,3 Hilde Bøtun 6858 Fardal 71/1 Jens Olav Venes 6858 Fardal 67/6 Inge Uglane 6858 Fardal 67/2 Odd Arne Hagen 6858 Fardal 23/14 Johannes Bondevik Bjørgegrend 43 5141 Fyllingsdalen 23/12 Tone Myklebust Kvåle Lunnamyri 16 6856 Sogndal n:\518\07\5180753\5 arbeidsdokumenter\51 felles\brev_varsel om oppstart av planarbeid.docx 2018-03-14 Side 3 av 5
VEDLEGG 1 Utklippa nedanfor viser dei største avvika mellom «som bygde» situasjon og regulert situasjon og som vil bli justert i samband med reguleringsendringa. Figur 1 Justering av vegtrasè pel 30 300. Flytting av parkeringsplass. Figur 2 Omlegging for høgspentmast, ca pel 2400 n:\518\07\5180753\5 arbeidsdokumenter\51 felles\brev_varsel om oppstart av planarbeid.docx 2018-03-14 Side 4 av 5
Figur 3 Generell justering av linja på grunn av forsering av ustabile urer i regulert trasè Figur 4 Regulert plassering av parkeringsplass ved stasjonstomta Figur 5 Justering av veglinje for optimalisering av terreng. Det er også i dette området det er etablert ny parkeringsplass på området der sprengstofflageret var i samband med anleggsdrifta. n:\518\07\5180753\5 arbeidsdokumenter\51 felles\brev_varsel om oppstart av planarbeid.docx 2018-03-14 Side 5 av 5