Satsingsområde Sosial kompetanse

Like dokumenter
Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

Satsingsområde språk og språkmiljø

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Månadsbrev for Rosa september 2014

Velkomen til Mork barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Informasjonshefte Tuv barnehage

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Bærekraftig utvikling

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

ÅRSPLAN FOR KREKLING

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Rutinar for Overgang barnehage - skule

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

Månadsplan for Hare November

Plassebakken Barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Der lek og læring går hånd i hånd

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Til deg som bur i fosterheim år

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

8 tema for godt samspel

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Stokkalandsmarka barnehage

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

JEG KAN! " PERIODE: September, oktober og november 2011 for REODOR

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skjema for eigenvurdering

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Plan for overgang barnehage - skule

Samspel og livsmeistring

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Månadsbrev Januar 2017

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

PERIODE: SEPTEMBER, OKTOBER OG NOVEMBER 2012

Vi lærer om respekt og likestilling

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Åpen Barnehage. Familiens hus Hokksund. Vil du vite mer, kom gjerne på besøk. Våre åpningstider:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Hei alle sjøstjerneforeldre

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Periodeplan for Kardemommeby og Lønneberget høst/vinter 2013.

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Transkript:

Satsingsområde Sosial kompetanse Vi har sett sosial kompetanse som satsingsområde; det å oppøve slik kompetanse er eit viktig fundament for vidare læring og all mellommenneskeleg samhandling. Sosial kompetanse 1 handlar om å kunne meistra samspel med andre (Lamer 1997:19), barnehagen er ein viktig arena for sosial utvikling, læring og venskap (Rammeplanen s. 34). Sosial kompetanse harmonerer og med vår visjon om å gje barna den beste starten på livet. Barna skal møte nære, omsorgsfulle og trygge vaksne som gjer Hamramyra barnehage til ein god stad å vere. Dei skal i løpet av si tid her verte rusta til å møte verda med dei beste føresetnader; arbeid med dette skal vere ein naturleg del av all samhandling på avdelinga i dei daglege aktivitetane. Som vaksne må vi tenkje over korleis vi møter barna i kvardagen; vi har aldri med andre menneske å gjere utan å halde noko av deira liv i våre hender (Løgstrup 2010:25). Vi må vere medvitne vår rolle som førebilete for barna. Gjennom refleksjon skal vi vurdera praksis og veremåte; sjå om dette stemmar overeins med visjonane våre (Rammeplanen s. 12). Tilvenning den første tida På Mosepjusken legg vi vekt på at overgangen frå heim til barnehage skal vere så trygg og roleg som mogleg. Dei første dagane er de foreldre med som ein trygg base for barna, noko som gjev oss vaksne gode høve til å verte kjent med både barna og dykk. Etter kvart som barnet dykkar vert tryggare vil vi i nær dialog tilpasse kor lenge de er vekke, alt etter barnet sitt behov. Når de kjem til barnehagen vil de og barnet dykkar møte ein primærvaksen som vil vere spesielt tilgjengeleg den første tida, svare på spørsmål ol. Her vil de og få høve til å fortelje viktige ting om barnet som barnehagen treng for å gje barnet dykkar ein god kvardag. Å verte kjent og etablere ein god relasjon vil vere i fokus den første tida (Drugli 2010:114). Det å møte fleire tilknytingspersonar utanom de foreldre er ei føresetnad for at barnet dykkar skal få ein trygg og god start på barnehagelivet (Brandtzæg et al. 2013:100). 1 Sjå årsplanen for meir utfyllande informasjon.

I tilvenningsperioden vil vi vurdere når det naturleg å starte opp faste aktivitetar som forming og tur, alt etter kor lang tid dei nye barna treng på å tilpasse seg livet i barnehagen. Det er viktig at vi ikkje heng oss opp i faste aktivitetar som dette for tidleg, slik at barna får verte vant med dei nye omgjevnadane i sitt eige tempo. Fokus den første tida vil vere å involvere oss på golvet saman med barna for å verte kjent. Barna skal få nytta den tida dei treng til dette; få ha dei reaksjonane som er naturleg for dei der og då (Drugli 2010:114). Barn som subjekt og medskaparar Barn er frå fødselen av sosiale individ som er innstilt på å kommunisere/vere i interaksjon med omverda (Løkken 2005; Bae 2009). På Mosepjusken skal vi møte barna som subjekt med eigne tankar, kjensler og meiningar. Dei er trass lite utvikla talespråk fullverdige deltakarar i interaksjon med kvarandre og oss vaksne (Bae 2009; Sandvik 2007). Små barn er kroppslege og uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen (Løkken 2005; Rammeplanen s. 41); vi skal møte barna som deltakarar og lytta til det dei uttrykkjer gjennom kroppsspråk, mimikk og lydar. På Mosepjusken skal vi saman med barna gje dei meining til kvardagen. Barns medverknad Barna skal få medverke ut frå alder og føresetnader (Rammeplanen s. 17-18). På Mosepjusken legg vi til grunn ei vid forståing av omgrepet medverknad, som handlar om meir enn retten til å gjere individuelle val. Det handlar for det første om retten til å ikkje verte undervurdert; til dømes at barna skal få: Delta i ulike aktivitetar på eigne premiss. Vere med å hjelpe til, trene på å vere sjølvstendig osv. Lov til å ta stilling til kva dei vil leike med. Vere med å bestemme kvar vi skal gå på tur vi ser at barna har ulike behov og at dei eldste ofte vil i skogen. Vi legg opp til å dele gruppa i to når vi går på tur for å tilpasse lengde på turen og motoriske utfordringar etter det enkelte barnet. Ute på tur og elles i barnehagen legg vi opp til at planar ikkje skal vere så faste at det ikkje er rom for forandringar. Ser vi at barna sin interesse er noko heilt anna ein dag enn det som sto på planen kan det vere at vi endrar litt retning for å tilpasse dette

For det andre handlar det om retten til å kunne uttrykkje seg og verte lytta til (Bae 2009; Sandvik 2007): Det handlar ikkje nødvendigvis om at barna skal få viljen sin alltid, men dei skal oppleve å verte anerkjent, sett og høyrt for det dei gjev uttrykk for, bekrefta i situasjonen. Vi skal som vaksne vere i dialog med barna; ta dei på alvor og ha rom for ulike perspektiv, ytringar og reaksjonar. Vi skal respektere barna sin integritet gjennom å ikkje tre inn i deira sfære på ein måte som kan vere krenkande (Johansson 2013:61). Eit konkret døme kan vere primærkontakt til barna. Ein sjeldan gong har vi sett at barna føretrekk ein anna vaksen enn det vi på førehand hadde bestemt. Då har vi hatt som praksis å gjere om på dette Til slutt koplar vi medverknad til omsorg, kven vi er som vaksne og korleis vi møter barna som medmenneske i det daglege. Berre ved å ta oss tid til å lytta til- og avvente barna sine initiativ og reaksjonar kan vi utøve nær og sensitiv omsorg på deira premiss. Dette krev at vi som vaksne er nære og tilstade i situasjonen her-og-no (Johansson 2003:44). Slik vert medverknad og ei etisk utfordring (Sandvik 2007:31-32). DUÅ Dei utrulege åra Hausten 2013 og våren 2014 var personalet i Hamramyra barnehage med på kurs i De utrolige årene, eit barnehage- og skuleprogram som alle dei kommunale barnehagane i Fjell har vore med på. Fokus har vore på korleis vi som vaksne kan verte gode på møte barna i det daglege; på korleis vi kan fremja sosial kompetanse hjå barna. Prinsippa som ligg til grunn for dei utrulege åra vil gå igjen som ein raud tråd gjennom all samhandling, heile året. Vi arbeidar likevel etter eit årshjul, med ulike fokusområde kvar månad, for å sikra gjennomføring. Dei sju fagområda i rammeplanen Fagområda Kunst, kultur og kreativitet fokus på forming, musikk, kultur og kulturarv. Fokus med dei yngste Erfara og få kjennskap gjennom sansar. Møte med musikk, forming, dans og drama.

Kropp, rørsle og helse fokus på eigen kropp, rørsle og fysisk fostring. Kommunikasjon, språk og tekst arbeid med språk, tekst og musikk. Antal, rom og form arbeid med matematikk. Nærmiljø og samfunn eg og dei andre og nærmiljøet rundt. Etikk, religion og filosofi fokus på meg sjølv, dei andre og livet. Natur, miljø og teknikk fokus på natur, miljø og dyreliv. Introdusera barna for ulike material. Nytta naturmaterial, teikning, maling og modellering mm. Gje positiv merksemd til barna si meistring av eigen kropp. Minirøris, tumleleik, balansetrening, hinderløype, fysisk aktivitet både ute og inne. Oppmuntra barna til å kle av og på seg sjølv. Leggja til rette for eit rikt språkmiljø. Støtte utviklinga av ord og omgrep ved å setja ord på ting. Song og musikk, regler, eventyr, snakka om/setja ord på det vi ser i bøker. Oppmuntra til utforsking. Støtta barna si matematiske utvikling, setja ord på antal, sortera og kategorisera. Verte kjent med nærmiljøet gjennom små turar i området. Tid og rom for undring. Markering av høgtider. Oppleva naturen med alle sansar. Små turar i all slags vær, heile året. Oppleva naturen sine endringar med årstidene. Oppleva glede i naturen. Oppleva insekt, dyr og planteliv. Samlingsstund Sosial kompetanse skal vere eit gjennomgåande tema i samlingsstundene. Fokus vil vere på song og musikk, små fortellingar, korleis vere mot kvarandre, ulike kjensler og sosialt samvære der vi kan glede oss over kvarandre. Barna skal oppleva tilhøyre gjennom å vere deltakarar, ikkje passive mottakarar. Tid for samling vil vere kvar dag før lunsj, slik at vi får ein naturleg overgong frå utetid/forming til lunsj. Siste fredag i månaden har vi fellessamling med Lyngtuslaren og Skogtrollet. Gjennom fellessamlingane ønskjer vi å knyta band på tvers av avdelingane. Forming og tur Kvar tysdag har vi fast formingsdag, med eit overordna fokus på det sanselege og sansemotorisk utvikling. Det å oppleva glede saman med andre vil og vere i fokus. Vi vil ha aktivitetar i både større og mindre grupper, dei

vil variere ut frå årstid og tema. Formingsaktiviteten gjer at vi ikkje alltid får vere ute på føremiddagen, vi går difor ut etter frukt så langt det let seg gjere. Onsdag går vi på tur i nærområdet til barnehagen. Gruppedeling på ettermiddag Vi deler barna i to grupper på ettermiddagen, for å få meir ro rundt leiken og høve til å ha ulike aktivitetar. Fokus vil vere song og musikk, dans og rørsle, fortelling, rim og regler, leik i mindre grupper. Denne typen aktivitet fremjar utviklinga på alle område. Eit særleg fokus vil vere på det språklege og det å byggja gode relasjonar. Mindre grupper gjer og at vi vaksne får meir tid til å gje ein-til-ein kontakt til barna, engasjera oss meir i leiken. Språkmiljø I det daglege skal vi leggja til rette for eit rikt språkmiljø på avdelinga, tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald (Rammeplanen s. 40). Vi skal ha både spontane og meir planlagde forteljarstunder med høgtlesing og samtale rundt. Eller berre sjå i bøker, samtala rundt og setja ord på det vi ser. Dette Rammeplanen seier at både den verbale- og nonverbale kommunikasjonen er viktig for å fremjar både språket, nærleik og samhald. Vi skal ha eit variert utval bøker og presentere barna for tema som ligg nært opp til kvardagen, som dei kan relatere seg til, eventyr og nordisk barnelitteraturtradisjon mm. Songar, rim og regler skal sjølvsagt og vere eit hyppig innslag i kvardagen. Saman med barna skal vi setja ord på ting dei er opptekne av/handlingar i kvardagen for å hjelpa dei til å forstå ulike omgrep og fremja eit rikt ordforråd. Som vaksne skal vi vere til stade her-og-no for å kunne setja ord på ulike kjensler barna gjev uttrykk...å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep... samtale kring opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for utvikling av eit rikt åk (R l

for. Dette for å bekrefte det barna kjenner, samt hjelpe dei til å forstå seg sjølv og andre i situasjonen. Gjennom leik skal barna få utfalde seg og utvikle språket. Vi skal vere nærverande vaksne som deltek i leiken på barna sine premiss. Oversikt tema/aktivitetar hausten 2014 Månad Tema Aktivitet August-oktober November-Desember Jo mere vi er sammen Ta i mot nye barn. Verte kjent med kvarandre, avdelinga, barnehagen, uteleikeplassen og nærområdet. Skapa gode relasjonar og tryggleik. Hausten og det denne årstida byr på, med ver og naturforandringar, tradisjonar. Sein haust- og vinter, det denne årstida byr på av ver- og naturforandringar, tradisjonar. Jul i barnehagen. Høgtlesing og forteljarstunder. Turar i nærområdet. Utforske naturen og årstida. Formingsaktivitetar. Lage Mitt hus. Lage venskapsring. Leikegrupper på ulike rom. Markering av FN-dagen. Høgtlesing og forteljarstunder. Turar i nærområdet. Utforske naturen og årstida. Formingsaktivitetar. Leikegrupper på ulike rom. Julepynt og julebakst. Julefortellingar og juletradisjonar. Pepperkakebakedag, lucia og nissefest.

Litteratur Bae, B. (2009): Å se barn som subjekter noen konsekvenser for oppvektsarbeid. I: S., Mørreaunet, V., Glaser, O.F., Lillemyr. og K.H., Moen. (red.): Inspirasjon og kvalitet i praksis med hjarte for barnehagefeltet. Oslo: Pedagogisk Forum. Brandtzæg, I., Torsteinson, S. og Øiestad, G. (2013): Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Oslo: Kommuneforlaget. Drugli, M.B. (2010): Liten i barnehagen. Forskning, teori og praksis. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Johansson, E. (2003): Att nærma sig barns perspektiv. Forskares och pedagogers møten med barns perspektiv. Pedagogisk forskning i Sverige, årg. 8, 1-2, 42-57. Hentet fra http://www.startsiden.no/sok/?q=att+n%c3%a6rma+sig+barns+perspektiv&lr= Kunnskapsdepartementet. (2011). Rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver. Lamer, K. (1997): Du og eg og vi to! Om å fremme barns sosiale kompetanse. Oslo: Gyldendal Akademisk. Løgstrup, K.E. (2010): Den etiske fordring. Århus: Forlaget Klim. Løkken, G. (2005): Toddleren som kroppssubjekt. I: S, Haugen., G, Løkken. og M, Røthle. (red.): Småbarnspedagogikk. Fenomenologiske og estetiske tilnærmingar. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. Sandvik, N. (2007): De yngste barnas medvirkning i barnehagen. Barn, nr. 1, s. 27-43.