Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Halvårsplan haust 2013. Avd. Mosepjusken"

Transkript

1 Halvårsplan haust 2013 Avd. Mosepjusken

2 Verdigrunnlag og overordna mål Hamramyra barnehagen har som mål å gje barna Den beste starten på livet. Dette skal vi gjere gjennom å ha fokus på verdiar som fellesskap, likeverd, omsorg og medansvar. Personalet skal som rollemodellar representera eit miljø som byggjer opp om respekt og toleranse. Barna skal møtast med varme og kjærleik av vaksne som ser både den enkelte og gruppa som heilskap, med dei behov som er. Barn og vaksne skal møtast med gjensidig respekt og ulikskapar skal sjåast på som ein rikdom for fellesskapet. Vårt satsingsområde er sosial kompetanse og evna til å vise empati i møte med andre vil vere ei av dei viktigaste eigenskapane vi som vaksne kan lære barna. Empati er: Empati er å forstå hvordan det er å gå i den andres sko samtidig som du vet at de ikke er dine Szalita 1976 Satsingsområde Sosial kompetanse Vi har sett sosial kompetanse som satsingsområde, fordi vi ser at det å oppøve slik kompetanse er eit viktig fundament for vidare læring og grunnlaget for all mellommenneskeleg samhandling. Rammeplan for barnehagen understrekar og dette i del to, barnhagen sitt innhald. Om sosial kompetanse seier planen mellom anna at: Tidlige erfaringer med jevnaldrende har stor betydning for barns samspillsferdigheter og gjør barnehagen til en viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av vennskap. Alle barn

3 i barnehagen, uansett alder, kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsnivå, må få likeverdige muligheter til å delta i meningsfylte aktiviteter i et fellesskap med jevnaldrende (R-011:34). Fokus på sosial kompetanse harmonerar og med vår visjon om å gje barna den beste starten på livet. Vi har som mål å vere nære og trygge vaksne som skal gjere Hamramyra barnehage til ein trygg stad å vere, og at barna i løpet av si tid her skal verte rusta til å møte verda med dei beste føresetnader. Fokus på sosial kompetanse er viktig, fordi å mislukkast på dette området kan resultera i dårlege sosiale samhandlingar med andre barn og med vaksne. Det påverkar barna sin motivasjon, deira sjølvoppfatning og deira sjølvbilete (Lamer 1997:19). Vi meiner på bakgrunn av dette at arbeid med sosial kompetanse er essensielt viktig. Arbeid med dette må gå inn som ein naturleg del av all samhandling på avdelinga, noko som krev ein bevistgjeringsprosess hjå oss vaksne kring korleis vi møter det enkelte barnet og barnegruppa. Som vaksne har vi et viktig ansvar som rollemodellar og eit mål om å møte barna på ein måte som byggjer opp om verdiar som fellesskap, likeverd, omsorg og medansvar, verdiar som og er å finna i rammeplanen sitt verdigrunnlag (R-011:11-12). Ut frå dette ser vi at det her og ligg eit etisk aspekt, fordi: Den enkelte har aldrig med et andet mennekse at gøre uden at han holder noget af dets liv i sin hånd (Løgstrup 2010:25). For å kunne møte barna på ein god måte må vi som vaksne vere medvitne på dette ansvaret, fordi vi har definisjonsmakt i møte med barna, i kraft av at relasjonen til barna alltid vil vere asymmetrisk. Korleis vi nyttar oss av denne makta vil vere avgjerande for korleis barna opplever seg sjølv som menneske. Berit Bae 1 seier omgrepet definisjonsmakt viser til at vaksne er i ein mektig posisjon vis-à-vis barn når det gjeld deira oppleving av seg sjølv. Måten vaksne svarar på barn sin kommunikasjon, korleis dei set ord på barn sine handlingar og opplevingar, kva dei reagerar på og ikkje er å utøve definisjonsmakt. Vi kan nytta denne maktposisjonen på ein måte som fremjar barn si sjølvstende, deira tru på seg sjølv, respekt for seg 1 Berit Bae er professor i barnehagepedagogikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho har vore, og er, ein markant stemme i det barnehagefaglege kunnskapsmiljøet.

4 sjølv og andre, men og på ein måte som underminerar barn si sjølvrespekt og deira sjølvstende. Problemet med definisjonsmakt er at den eine parten er avhengig av den andre på ein eller anna måte, i dette tilfellet barna som er prisgitt sine vaksne omsorgspersonar (Bae 1996:147). Refleksjon kring korleis vi ønskjer å møte barna, og kring korleis vi faktisk møter dei i det daglege er difor viktig. Slik kan vi verte meir medvitne på om våre visjonar stemmar overeins med måten vi utøvar praksis. Rammeplan for barnehagen seier at refleksjon kring eigne verdiar og handlingar skal vere ein del av personalet sine pedagogiske drøftingar (R-011:12). Sosial kompetanse mot ein definisjon Rammeplan for barnehagen seier sosial kompetanse er å kunne samhandla positivt med andre menneske i ulike situasjonar. Vidare at slik kompetanse vert uttrykt og tileigna av barn i samspel med kvarandre og med vaksne (R-011:34). Vi har difor eit ansvar for å gje barna nødvendige samspelserfaringar. Til dømes kan vi fremja sosial kompetanse med å rose når barna hjelper kvarandre, klemmar eller viser omsorg og kjærleik for dei rundt seg, for å vise at slik åtferd er akseptabel. Peronalet har vorte einige om å ta utgangspunkt i Kari Lamer 2 sin definisjon av sosial kompetanse, som deler omgrepet inn i fem hovudområde, som er: 1.) Empati og rolletaking som er evna til å setja seg inn i den andre sin situasjon, både når det gjeld kjensler og evna til å trekkja slutningar i beste hensikt overfor den andre (Lamer 1997:105). For å lære barna evna til å vise empati vil vi møte barna med omsorg og kjærleik. Vi skal vere nære vaksne som: Ser både det enkelte barnet og barnegruppa, når dei er glade, lei seg, frustrert i ekstase osv., og formidla forståing i møte med desse kjenslene. Barna skal oppleva at vi ser dei og det dei prøver å gje uttrykk for gjennom ulike kjensleuttrykk. 2 Kari Lamer er utdanna cand.paed. og arbeider for tida som førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning. Ho har, med støtte frå Norges forskningsråd, dreve forsknings- og utviklingsarbeid på korleis ein kan fremja sosial kompetanse hjå barn.

5 Skapar ein trygg kvardag prega av nærleik, respekt, omsorg og forståing. Vi skal vere gode rollemodellar, til dømes vise barna korleis dei kan gje trøyst når nokon er lei seg eller. Vi skal og vise korleis dei kan dele den andre si glede når eit barn meistrar noko nytt eller fortel om noko kjekt det har opplevd. Vi skal vise korleis dei kan dele den andre sine kjensler, utan å eiga dei sjølv. 2.) Prososial åtferd som er positive, sosiale haldningar og handlingar, til dømes å hjelpa, dela, støtta, anerkjenna, oppmuntra, inkludera og visa omsorg. Handlingane er frivillige og til nytte for andre (Lamer 1997:105). For å lære barna slik åtferd meiner vi det er viktig å lære/vise dei: Om det å leva i eit fellesskap med andre gjennom å vera gode rollemodellar. Vi skal vise barna korleis dei kan ta vare på sine medmenneske og tre støttande fram i møte med andre, både barn og vaksne. Korleis dei kan vere anerkjennande i møte med andre, på ein måte som ikkje overkøyrer, dvs. lytta til, andrekjenna og vise forståing for det som vert sagt, svara og igjen lytta til den andre. Fleire av barna har ikkje utvikla fullt talespråk, men vi kan likevel respondera på dei kroppslege uttrykka som barna viser eller det dei gjev utrykk for gjennom ulike lydar. 3.) Sjølvkontroll som er evna til å utsetja eigne behov og ønskjer i situasjonar som krev turtaking, kompromi og felles avgjerder, samt situasjonar der vi må takla konfliktar. Det inneber å kunne planleggja, vurdera og kontrollera eiga åtferd (Lamer 1997:105). Når vi skal lære barna sjølvkontroll meiner vi det er viktig å lære barna: At vi må dele på leikar ol., fordi det kan vere andre som også vil vere med. At dei ikkje alltid kan få viljen, fordi andre kan ha andre behov enn dei sjølv. At dei ikkje alltid kan få full merksemd, fordi det kan vere andre som også har behov for vaksenkontakt eller det å vere del av eit fellesskap. At ikkje all åtferd er akseptabel, til dømes gjennom rollespel eller ved å forklara direkte i situasjonen. Når vi forklarar korleis barna ikkje skal oppføra seg, må vi og vise kva som er akseptabel åtferd, vi må gje dei eit alternativ. 4.) Sjølvhevding som er å ta initiativ i forhold til andre, til dømes i sosialt samspel, leik og felles aktivitetar. Det er å hevda eigne meiningar, ønskjer og behov, samt det

6 å vise ei positiv sjølvoppfatning i forhold til dei handlingane ein sjølv tek initiativ til (Lamer 1997:105). For å lære barna sjølvhevding skal vi: Leggja til rette for sosialt samspel, leik og aktivitetar, både i større og mindre grupper. Gje rom for at barna får uttrykkja seg, både verbalt og non-verbalt. Lytta til det barna gjev uttrykk for (både verbalt og nonverbalt), også i ein hektisk kvardag, for å vise at det dei har på hjartet betyr noko. 5.) Leik, glede og humor som er å kjenna glede, slappa av, spøke og ha det moro. Det er å forstå leiken sine ulike signal og følgje dei skjulte reglane som leik ofte innehar (Lamer 1997:105). For å kunne lære barna dette meiner vi det er viktig å: Leggja til rette for leikegrupper og frileik, både med og utan støtte frå dei vaksne. Leik skal ha stor plass i kvardagen vår, den har eigenverdi og er barna sin viktigaste veg til læring. Vi skal vise respekt for at dette er barna sin arena og tre støttande til på barna sine premiss dersom det skulle oppstå konfliktar eller visst vi ser at nokon slit. Gjennom leiken utviklar barna sosial kompetanse, og evne til å forstå seg sjølv og andre vert modna. Å delta i leik og få vener er grunnlaget for at barna trivst i og opplever barnehagen som meiningsfull. DUÅ De utrolige årene Personalet skal frå oktober vere med på kurs i De utrolige årene, eit skule- og barnehageprogram som tek sikte på å styrka den sosiale kompetansen hjå barn og unge. Dette er eit kurs alle dei kommunale barnehagane i Fjell har vore med på. Meir informasjon er å finna i årsplanen. De vil og få informasjon på foreldremøtet i haust. Dei sju fagområda Fagområda Kunst, kultur og kreativitet fokus på forming, musikk, kultur og kulturarv. Fokus med dei yngste Erfara og få kjennskap gjennom sansar. Møte med musikk, forming, dans og drama. Introdusera barna for ulike material.

7 Nytta naturmaterial, teikning, maling og modellering. Gje positiv merksemd til barna si meistring av Kropp, rørsle og helse fokus på eigen kropp, rørsle og fysisk fostring. Kommunikasjon, språk og tekst arbeid med språk, tekst og musikk. Antal, rom og form arbeid med matematikk. Nærmiljø og samfunn eg og dei andre og nærmiljøet rundt. Etikk, religion og filosofi fokus på meg sjølv, dei andre og livet. Natur, miljø og teknikk fokus på natur, miljø og dyreliv. eigen kropp. Minirøris, tumleleik, balansetrening, hinderløype, fysisk aktivitet både ute og inne. Oppmuntra barna til å kle av og på seg sjølv. Leggja til rette for eit rikt språkmiljø. Støtte utviklinga av omgrep ved å setja ord på ting. Song og musikk, eventyr, snakka om det vi ser i bøker. Oppmuntra til utforsking. Støtta barna si matematiske utvikling, setja ord på antal, sortera og kategorisera. Verte kjent med nærmiljøet gjennom turar i området. Tid og rom for undring. Markering av høgtider. Kyrkjebesøk for dei eldste. Oppleva naturen med alle sansar. Små turar i all slags vær, heile året. Oppleva naturen sine endringar med årstidene. Oppleva glede i naturen. Oppleva insekt, dyr og planteliv. Samlingstunder Sosial kompetanse skal vere eit gjennomgåande tema i samlingsstundene. Fokus skal vere på song og musikk, små fortellingar, korleis vere mot kvarandre, ulike kjensler, plan for dagen og sosialt samvære. Barna skal oppleva tilhøyre gjennom å vere deltakarar, ikkje passive mottakarar. Vi legg ansvaret for samling til ei fast vakt, slik at innhaldet vert planlagt, fengande og ikkje tilfeldig. Siste fredag i månaden har vi fellessamling med Lyngtuslarane. Gjennom fellessamlingane ønskjer vi å knyta band på tvers av avd.

8 Barns medverknad Barna skal som nemnd vere deltakarar i kvardagen, noko som betyr at vi må sjå barna som meir enn brikker vi kan nytta til å nå bestemte mål. Det er ikkje eit mål å berre kome gjennom dagen. For å illustrera vil vi retta blikket mot Hans skjervheim som seier det er gjennom språket vi kjem i kontakt med andre menneske, han skriv: Det er språket som gjer at vi har ei sams verd; forstår vi ikkje språket til kvarandre, lever vi i kvar vår verd, utan anna enn overfladisk kontakt (Skjervheim 1976:51). Vi skal gå i dialog med barna, vere anerkjennande vaksne som lyttar til barna, tek dei på alvor og gjev rom for ulike perspektiv, anten det gjeld val av aktivitetar eller det å stimulera til sjølvstende i kvardagen. Mange har ikkje utvikla talespråket fullt ut, noko som gjer at vi må lytta like mykje til kroppsspråket, som til talespårket, fordi kroppen er vår primære stad for erfaring og kommunikasjon med omverda. Toddlaren kommuniserar gjennom måten dei opptrer i møte med andre menneske på (Haugen et al. 2005:16). Dei eldste skal få vere ordensbarn etter tur, vere med å laga lunsj, frukt og hjelpa til med andre praktiske gjeremål. Barns medverknad omhandlar og retten til å hevda eigne meiningar, ein rett som er nedteikna i lov om barnehagar 3: Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets sysnpunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet (R- 011:17). Oversikt tema/aktivitetar hausten 2013 Månad Tema Aktivitet August September Jo mere vi er sammen vi byrjar nytt barnehageår. Fokus på å verte kjent med kvarandre, avdelinga, barnehagen, uteplassen og næreområdet. Høgtlesing, forteljarstunder med fokus på venskap og sosial kompetanse, samtale om det vi ser i bøkene. Leikegrupper på ulike rom.

9 September - Oktober November Desember Skapa gode relasjonar. Hausten kjem, vi seier farvel til sommaren. Fokus på endringar ute. Jul i barnehagen. Lage Mitt hus. Lage venskapsring. Turar i nærområdet. Formingsaktivitetar, laga individuelle ting i gruppe, andre gonger samarbeida om å laga noko felles. Turar i nærområdet. Utforsking, kva skjer med naturen når hausten kjem? FORUT-prosjekt, markering av FN-dagen. Julepynt og julebakst. Julefortellingar og juletradisjonar. Pappapepperkakebakedag, lysfest og nissefest. Turar i nærområdet. Litteratur Bae, Berit. (1996): Det interessante i det alminnelige. En artikkelsamling. Oslo: Pedagogisk forum. Haugen, Synnøve., Løkken, Gunnvor. og Røthle, Monika. (2005): Hvordan blir småbarnspedagogikk til? I: Synnøve, Haugen., Gunnvor, Løkken. og Monika, Røthle (red.): Småbarnspedagogikk. Fenomenologiske og estetiske tilnærminger. Oslo: Cappelen Akademiske Forlag. Kunnskapsdepartementet. (2011). Rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver. Lamer, Kari. (1997): Du og eg og vi to! Om å fremme barns sosiale kompetanse. Oslo: Gyldendal Akademisk. Løgstrup, Knud E. (2010): Den etiske fordring. Århus: Forlaget Klim. Skjervheim, Hans. (1976): Deltakar og tilskodar og andre essays. Oslo: Tanum-Norli.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Satsingsområde Sosial kompetanse

Satsingsområde Sosial kompetanse Satsingsområde Sosial kompetanse Vi har sett sosial kompetanse som satsingsområde; det å oppøve slik kompetanse er eit viktig fundament for vidare læring og all mellommenneskeleg samhandling. Sosial kompetanse

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE AVDELINGSPLAN TRIOLA Kontaktinformasjon: Triola: 59192749 Barnehagemobil: 94508709 E-post: daniel.monstad.windt@osterøy.kommune.no TRIOLA Triola er den største av dei

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 VÅR VISJON: VI BRYR OSS OM, TEK VARE PÅ OG ER UNDERVEGS. 1 KVA ER EIN ÅRSPLAN? Ein årsplan er eit oversyn over den pedagogiske verksemda i barnehagen gjennom eitt

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember

Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember Periodeplan for høsten 2014 Velkommen til et nytt barnehageår på Indianerbyen. Denne periodeplanen gjelder fra september og frem til jul. Vi

Detaljer

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

Bærekraftig utvikling

Bærekraftig utvikling Bærekraftig utvikling Deltakarar; Både små og store barn, men tilpassa til ulike aldrar Hovudansvarlege; Sven, Monica, Norun og Sissel Mål; Barna skal bli glad og trivast i naturen forstå samspelet i naturen

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE 2013-2014

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE 2013-2014 ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE 2013-2014 Ingen ville vel ynskje å leve utan vener, sjølv om han hadde alle andre godar. Aristoteles 1 ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE, FELLESDEL 2013-2014 Årsplanen skal

Detaljer

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni 1 Del 2 ÅRSHJUL BRATTÅS BARNEHAGE AS 2012/ 2013 OG 2013/ 2014 2012/ 2013: Etikk, religion og filosofi Oktober, november og desember Januar, februar og mars Kropp, bevegelse og helse Natur, miljø og teknikk

Detaljer

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring BIGSET BARNEHAGE -omsorg gjennom latter, leik og læring ÅRSPLAN 2015-2016 Bigset barnehage -der latter, leik og læring går hand i hand. «Barna i Hareid skal gjennom sitt møte med vaksne og barn i barnehagen

Detaljer

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland Kva er entreprenørskap? Entreprenørskap er ein dynamisk og sosial prosess, der individ, aleine eller

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Høsten 2011

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Høsten 2011 Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Høsten 2011 HALVÅRSPLANA BYGGER PÅ ÅRSPLAN FOR NERSKOGEN OG VOLL BARNEHAGER 2011OG KVALITETSUTVIKLINGSPLAN 2010-2014. Halvårsplana skal vise

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Utviklingsplan Borsheim barnehage 2014 2016 I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Borsheim.barnehage@klepp.kommune.no Heimeside: www.minbarnehage.no/borsheim

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER Med progresjon meiner ein framgang, framsteg, utvikling. Vår oppgåve er å gje barna oppgåver dei meistrar samtidig som vi gjer dei utfordringar slik at dei

Detaljer

VELKOMMEN til SELJE barnehage

VELKOMMEN til SELJE barnehage Da er vi godt i gang med nytt barnehageår. Vi står foran et år med mye glede, undring og samspill. Det skal bli en glede å følge barna deres gjennom dette året. Vi er opptatt av hverdagsglede, av de gylne

Detaljer

Periodeplan for september/oktober/november/desember 2013

Periodeplan for september/oktober/november/desember 2013 Periodeplan for september/oktober/november/desember 2013 HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være (Årsplan for Leksdal barnehage) I Leksdal barnehage vektlegger

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Vår 2011 HALVÅRSPLANA BYGGER PÅ ÅRSPLAN FOR NERSKOGEN OG VOLL BARNEHAGER 2011 OG KVALITETSUTVIKLINGSPLAN 2010-2013. Halvårsplana skal vise progresjon

Detaljer

Tiltaksplan 2009 2012

Tiltaksplan 2009 2012 Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Plan for framlegginga

Plan for framlegginga Tema Pedagogiske leiarar og assistentar si vektlegging av innhaldet i barnehagen i lys av auka politisk fokus. Resultat frå MAFAL-studien ved HVO og HIOA Plan for framlegginga Kva meiner vi med innhald?

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

Årsplan 2008-2010. Trollongane barnehage. Time kommune

Årsplan 2008-2010. Trollongane barnehage. Time kommune Årsplan 2008-2010 Trollongane barnehage Time kommune 1 ...1 Visjon og mål for pedagogisk arbeid...3 Dagleglivet i barnehagen...5 Pedagogisk grunnsyn...5 Fysisk miljø og nærmiljø...5 Organisering i barnehagen...5

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Volda Bratteberg skule Dialog heim - skule Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Hovudmål God kommunikasjon mellom

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018 Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse.

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD ********** Barnehagen er eit pedagogisk tilbod for barn under skulealder. Barnehagen er det fyrste frivillige ledd i utdanningsløpet, og bygger si verksemd på:

Detaljer

Satsingsområde språk og språkmiljø

Satsingsområde språk og språkmiljø Satsingsområde språk og språkmiljø Vi har sett språk og språkmiljø som satsingsområde fordi det å støtte barn si språklege utvikling er ei av kjerneoppgåvene i barnehagen. Vi skal gje barna varierte og

Detaljer

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15. Visjon: Sammen skaper vi gode øyeblikk Sammen skaper vi gode øyeblikk Flyktningebarnehagen Flyktningebarnehage Rådhusgt. 8 3330 Hokksund Tlf. 32 25 10 39 Nettadresse: www.open.barnehageside.no Du finner

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016 Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016 Litt om Familiebarnehagen: Familiebarnehagen ble startet i 1989 og drives av Klara Magnetun Brotnow. Den ligger sentralt til i nærheten av skogsområde, stadion, Hallingmo,

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at barnehagane bør ha ein langtidsplan for å sikre progresjon og samanheng

Detaljer

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN 2014 2015

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN 2014 2015 Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN 2014 2015 Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

Detaljer

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/2016. - En god start på livet

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/2016. - En god start på livet LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/2016 - En god start på livet Lunde barnehage Lundevegen 159 5690 Lundegrend Kontor: 53431715 Sønnavind Tlf: 974 97 474 Nordavind Tlf: 904 05017 Onarheim barnehage Onarheimsvegen

Detaljer

ÅRSPLAN. for Tingvang barnehage 2015/2016. Trivsel, tryggleik og fellesskap

ÅRSPLAN. for Tingvang barnehage 2015/2016. Trivsel, tryggleik og fellesskap ÅRSPLAN for Tingvang barnehage 2015/2016 Trivsel, tryggleik og fellesskap 1 FORORD INNHALDSLISTE 1.0 Visjon (inkludert Styringsdokumenta) s. 4 2.0 GENERELT OM BARNEHAGEN OG TILSETTE s. 4 2.1 Plandagar

Detaljer

August 2011. Grandehagen Barnehage 4 FERIE 1 FERIE 3 FERIE 7 FERIE 5 FERIE 2 FERIE 6 FERIE. 8 Planleggin gsdag. Foreldre møte kl.18.

August 2011. Grandehagen Barnehage 4 FERIE 1 FERIE 3 FERIE 7 FERIE 5 FERIE 2 FERIE 6 FERIE. 8 Planleggin gsdag. Foreldre møte kl.18. August 0 Planleggin gsdag 0 0 0 Foreldre møte kl..0 I Grandehagen barnehage vil vi: gi barna nye positive og gode opplevelser og erfaringer - la barna få oppleve et stimulerende og lærerikt miljø - la

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Fladbyseter barnehage

Fladbyseter barnehage ÅRSPLAN Pedagogisk utvikling 2014 Fladbyseter barnehage Lek og glede voksne tilstede INNLEDNING Årsplanen skal sette fokus på barnehagens arbeid og målsettinger for inneværende år. Planen skal fungere

Detaljer

PERIODEPLAN HOMPETITTEN VÅRHALVÅRET 2012. http://lokkeveien.modum.kommune.no/

PERIODEPLAN HOMPETITTEN VÅRHALVÅRET 2012. http://lokkeveien.modum.kommune.no/ PERIODEPLAN HOMPETITTEN VÅRHALVÅRET 2012 http://lokkeveien.modum.kommune.no/ Innledning Godt nytt år til alle! Vi ser frem til å starte på vårhalvåret, og vi fortsetter det pedagogiske arbeidet med ekstra

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE ÅRSPLAN NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE 2015-2016 VISJON: «TRIVSEL, LEK OG GLEDE MED VAKSNE SOM ER TILSTEDE» Velkommen til Nærlandparken barnehage! Litt om barnehagen vår: Barnehagen vår ligger til i eit fantastisk

Detaljer

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3. Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3. Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning? 2015-2016 1 Del 2 INNHOLDSFORTEGNELSE Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3 Formål 4 Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4 Hvordan ivareta barns medvirkning? 4 Målsetninger for periodene

Detaljer

PROGRESJONSPLAN EIKELIA BARNEHAGE

PROGRESJONSPLAN EIKELIA BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN EIKELIA BARNEHAGE KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST Verbalt språk Bøker med tekst Sanger med mange vers Lyd- og billedlotto IKT Lekeskriving Fortsettelsesbøker Skrive sitt eget navn Gjenfortelle/gjenkalle

Detaljer

Foreldremøte høst 2011. Kort presentasjon av rammeplan og Alle med Gamleskolen barnehages 6 fokusområder

Foreldremøte høst 2011. Kort presentasjon av rammeplan og Alle med Gamleskolen barnehages 6 fokusområder Foreldremøte høst 2011 Kort presentasjon av rammeplan og Alle med Gamleskolen barnehages 6 fokusområder Rammeplanen Omsorg Lek Læring Sosial kompetanse Språklig kompetanse De sju fagområdene: Kommunikasjon,

Detaljer

ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014

ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 Godkjent i samarbeidsutvalget 30. oktober 2013 VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR 2013-2014 Vi er kommet godt i gang med nytt barnehageår. Dette barnehageåret vil vi ha ekstra

Detaljer

Den fjerde uken er turuke, der hver gruppe har en fast turdag. På disse turene vil vi utforske nærmiljøet.

Den fjerde uken er turuke, der hver gruppe har en fast turdag. På disse turene vil vi utforske nærmiljøet. Holten barnehage 1 Vi som jobber på Rødhuset i år er: Humla: Laila Zurudis, pedagogisk leder 100% Ane Røen, fagarbeider 80% Sonja Heggem, assistent 80% Astrid Uv Gravem, assistent 20% Myggen: Birgit Høydal

Detaljer

Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage

Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage Årsplan for avdeling Marihøna 0-3 år BARNEHAGEÅRET 2012-2013 Planen gjelder fra oktober 2012 til oktober 2013. Godkjent av SU. Årsplanen skal vise hva vi skal jobbe

Detaljer

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011 Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011 HALVÅRSPLANA BYGGER PÅ ÅRSPLAN FOR INNSET OG VONHEIM BARNEHAGER 2011 OG PLAN FOR KOMPETANSE OG KVALITETSUTVIKLINGSPLAN 2011-2014.

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDA I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Progresjonsplan for fagområdene i Rammeplanen I tillegg til

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17. Visjon: På jakt etter barnas perspektiv På jakt etter barneperspektivet Flyktningebarnehagen Flyktningebarnehage Rådhusgt. 8 3330 Hokksund Tlf. 32 25 10 39 Hjemmeside: www.open.oekbarnehage.no Du finner

Detaljer

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012 SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012 TYNSETBARNEHAGENE Tynsetbarnehagene består av tre barnehager: Tronstua, Haverslia og Skogstua. Dette er et eget tjenesteområde i Tynset kommune og er direkte underlagt

Detaljer

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016 ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016 Mye av det jeg virkelig trenger å vite lærte jeg i barnehagen Mesteparten av det jeg virkelig trenger å vite om hvordan jeg skal leve og hva jeg skal gjøre og hvordan

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Årsplan Barnehagen sin pedagogiske langtidsplan Redigert 31.08.2015 1 Innhald Formål 3 Kontakt oss 3 Ågotnes barnehage 4 Visjon 4 Vi vil at dette skal kjenneteikne

Detaljer

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov. PRAKSISKONTRAKT Barnehagens forutsetningar Praksislærers forventning til studenten Eige ark Studentens forutsetninger (faglige, personlige, praktiske) Eg har ikkje noko erfaring med barnehage før eg starta

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Årsplan 2011-2012. Ervik barnehage

Årsplan 2011-2012. Ervik barnehage Årsplan 2011-2012 Ervik barnehage INNHOLD Forord Barnehagens innledning Kap 1 Kap 2 Kap 3 Kap 4 Kap 5 Kap 6 Kap 7 Kap 8 Kap 9 Kap 10 Kap 11 Kap 12 Kap 13 Kap 14 Kap 15 Kap 16 Kap 17 Omsorg Danning Lek

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer