Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:
|
|
- Tord Trond Marthinsen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 1
2 Å støtte barn si språklege utvikling er ei av kjerneoppgåvene i barnehagen. Kommunikasjons- og språkkompetanse er viktig for barnet både her og no, men og for dei moglegheitene barnet har i framtida når det gjeld sosialt samspel med andre, skulegong og i arbeidslivet. Vi skal gje alle barna varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, reiskap for tankane og uttrykk for eigne tankar, meiningar og kjensler. Dette skal vere ein del av det daglege samværet på avdelinga (Rammeplanen, 2011, s. 40) Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi: - Undre oss saman med barna. - Delta i leik på barna sine premiss. - Vere til stades i her-og-no-situasjonen. - Dele i mindre grupper og engasjere oss på golvet saman med barna. - Setja ord på det barna er opptekne av og handlingane deira for å auka barnas ordforråd. - Vi skal setja ord på kjenslene til barna for å bekrefte det barna kjenner, samt hjelpe dei til å forstå seg sjølv og dei andre i situasjonen. - Tilby barna støtte i leiken når dei treng dette. - Samlingsstund kvar dag med varierte og planlage aktivitetar. Vi skal ha både spontane og meir planlagde forteljarstunder med høgtlesing og samtale rundt. Eller andre gonger berre sjå i bøker og setje ord på det vi ser. Dette fremjar både språket, nærleik og samhald. Vi skal ha eit variert utval bøker og presentere barna for tema som ligg nært opp til kvardagen (som dei kan relatere seg til), eventyr og nordisk barnelitteraturtradisjon mm. Songar, rim og reglar skal vi sjølvsagt og ha mykje av. Barnehagen må sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og 2
3 følelsar. Alle barn må få eit rikt og variert språkmiljø i barnehagen (Rammeplan for barnehagen, side 29). Vidare seier Rammeplanen at både den verbale og den non-verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikla eit godt og variert munnleg språk. Her er det viktig at vi ser barna sine initiativ og det dei prøver å fortelje oss og at vi set ord på det dei prøvar å formidla. Difor er det vesentleg at vi vaksne er observante og støttande slik at alle barna får det beste utgangspunkt for eit godt språkmiljø i barnehagen. Vi har sosial kompetanse som fokusområde fordi det å oppøve slik kompetanse legg grunnlaget for all læring og samhandling seinare i livet. Sosial kompetanse 1 handlar om å kunne meistra samspel med andre menneske, og barnehagen er ein viktig arena for sosial utvikling, læring og venskap (Rammeplanen, 2011, s. 34). Sosial kompetanse harmonerar og med vår visjon som er å gje barna den beste starten på livet. Arbeid med dette skal liggja som ein grunnmur og vere ein raud tråd i det daglege arbeidet saman med barna, i all samhandling på avdelinga. Barna skal møte nære og trygge vaksne som ser dei i kvardagen. Dette skal vi gjere ved å: Gå ned på huk og møte barna ansikt-til-ansikt når dei kjem om morgonen og elles gjennom dagen. Smile og ønskje velkommen med namn når barna kjem i barnehagen, slik at dei kjenner seg sett og høyrt. Tilby barna kos når dei treng det. Glede oss saman med barna når dei er glade, vere i kjenslene saman med barna når dei er lei seg osv. Setja ord på kjenslene til barna for å hjelpe dei med å organisere kjenslene sine, til dømes Nå ser eg at du... vart litt lei deg fordi... Beskrive det barna er opptekne av og held på med for å vise at vi ser dei. Prøve å forstå det barna gjev uttrykk for med kroppsspråk, lydar, mimikk og ord; møte dei i behova der-og-då. 1 Sjå meir om sosial kompetanse i årsplanen. 3
4 Barns medverknad Små barn er innstilt på å vere sosiale frå fødselen av. På Mosepjusken har vi som mål å møte barna som subjekt med eigne tankar, kjensler og meiningar. Dei yngste er, trass lite utvikla talespråk, fullverdige deltakarar i samspel med oss vaksne og kvarandre. Som vaksne må vi prøve å tolke det barna gjev uttrykk for med kroppen; det kan vere lydar, mimikk, rørsler, ord eller kroppsspråk. På Mosepjusken skal vi saman med barna gje dei meining til kvardagen. Vi legg til grunn ei vid forståing av omgrepet barns medverknad, som handlar om meir enn retten til å gjere individuelle val. Det handlar for det første om retten til å ikkje verte undervurdert. I dette legg vi at barna skal få: - Delta i aktivitetar på eigne premiss. - Vere med å hjelpe til, trene på å vere sjølvstendig. - Lov til å ta stilling til kva dei vil leike med. Barns medverknad handlar om: Rett til å delta Rett til å uttrykkje seg Rett til å bli høyrd Ofte let vi behova til barna styre. Kanskje deler vi barna i to grupper, eller går spontane turar med mindre grupper barn i utetida, for å tilpasse lengde på turen og motoriske utfordringar etter det enkelte barnet. Vi legg opp til at planar ikkje skal vere så faste at det ikkje e rom for endringar. Ser vi at barna si interesse er noko heilt anna ein dag enn det som sto på planen kan det vere at vi endrar litt retning for å tilpassa oss dette 4
5 Vidare handlar medverknad om retten til å kunne uttrykkja seg og å verte lytta til. Barna skal ikkje få bestemme alt, men dei skal oppleve å verte anerkjent, sett og høyrt for det dei gjev uttrykk for i situasjonen. Eit konkret døme kan vere primærkontakt til barna. Nokre gonger har vi sett at barna føretrekk ein anna vaksen enn det vi på førehand hadde bestemt. Då har vi hatt som praksis å endra dette, barnet skal vere i fokus for at det skal få ei så trygg tilvenning som mogleg. I situasjonar der vi må setja grenser eller der dei ikkje kan få viljen sin, skal barna likevel oppleve å verte lytta til og anerkjent for det dei gjev uttrykk for. Der må vi vaksne bekrefta at vi har sett/høyrd barnet/barna sitt ynskje og forklara på ei forståeleg måte kvifor vi ikkje kan oppfylle dette ynsket nett no. Til slutt handlar medverknad for oss om omsorg, kven vi som vaksne skal vere i møte med barna og om det å møte barna som medmenneske i det daglege. Berre ved å ta oss tid til å lytta til- og avvente barna sine initiativ og reaksjonar kan vi utøva nær og sensitiv omsorg på deira premiss. Som vaksne skal vi vere nære og til stades i situasjonen her-og-no. Slik vert medverknad for oss også ei etisk utfordring. DUÅ Dei utrulege åra Sidan hausten 2013 har alle i personalet fått opplæring i De utrolige årene som er eit barnehage- og skuleprogram som alle dei kommunale barnehagane i kommunen har vore med på. Fokus her har vore på korleis vi som vaksne kan verte gode på å møte barna i det daglege og på korleis vi kan fremja sosial kompetanse hjå barna. Prinsippa som ligg til grunn for dei utrulege åra vil gå igjen som ein raud tråd gjennom all samhandling på avdelinga. Vi arbeidar likevel etter eit årshjul, med ulike fokusområde kvar månad, for å sikra gjennomføring og for å verte gode på akkurat dette. Meir om DUÅ finn du i Årsplanen til barnehagen. 5
6 COS Circle of security Hausten 2014 fekk vi opplæring i foreldreprogrammet Circle of security som har fokus på vaksenrolla i møte med barn. Ved å tenkje over korleis vi møter barna i det daglege kan vi skapa nære og trygge relasjonar til barna. Med dette i grunn kan vi skapa positiv utvikling og gje eit godt pedagogisk tilbod til barna. Meir om COS finn du i årsplanen til barnehagen TRYGG i Fjell Frå hausten 2015 har vi vore ein del av TRYGG i Fjell. Her får vi opplæring og auka medvit i forhold til å kunne avdekkja mobbing blant barna, samt verktøy til å arbeida med førebygging- og handtering av mobbing. Det handlar om å kunne-ville-våge stoppe mobbing! Meir om Trygg i Fjell finn du i årsplanen til barnehagen Bli med Trygg i Fjell på Facebook Her blir det lagt ut interessante artiklar som omhandlar mobbing. Det blir og lagt ut aktuelle saker om ting som skjer i kommunen. Trykk på linken og bli med no! Sansemotorisk trening Vi har eit medvite fokus på sansemotoriske aktivitetar for å stimulera sansane og motorikken til barna. Ei god motorisk utvikling legg grunnlaget for seinare utvikling på alle område. I tillegg fremjar det barn si sosiale fungering, deira psykiske 6
7 helse, seinare skuleprestasjonar og det kan førebyggje åtferdsvanskar. Det legg med dette grunnlaget for at barna utviklar eit positivt sjølvbilete. Fokus skal ikkje berre vere på grovmotoriske aktivitetar, men og stimulering av dei ulike sansane. Gjennom målretta fokus på kvar enkelt sans kan vi bidra til at barna vert meir medvitne observatørar. Det handlar om å sanse, noko av det mest konkrete vi kan gjere. Ute skal vi leike med vatn, hoppe i dammar, krype på gras, kjenne på regn og vind, krype over og under steinar og greiner, sjå og undre oss over kva som lever i naturen mm. Etter kvart som vinteren kjem kan vi få erfaringar med is og snø, kulde, kva som skjer med naturen når kulda set inn og liknande. Gjennom ulike formingsaktivitetar skal barna få erfaring ulike materiell som modellkitt, maling, naturmaterial og stoff mm. Prosessen og det å oppleva glede saman med andre vil vere i fokus. Inne skal vi leggja til rette for motorisk trening der barna får stimulert sansane, til dømes krype eller gå langs ei rett linje, halda balansen, krype over og under ting, lytta til ulike lydar og kaste ball på bøtte mm. Vi skal ha musikkaktivitetar for å gjere barna kjent med rytme, dans og rørsle. Dette vil i tillegg til å trena motorikken også bidra til å skapa samhald i gruppa. Små barn er kroppslege og reagerer umiddelbart med heile seg, dei strålar fornøgd og uttrykkjer engasjement i møte med denne typen aktivitet. Gruppedeling Vi deler barna i mindre grupper ved behov for å få meir ro rundt leiken og høve til å ha ulike aktivitetar. Fokus her vil vere på samlingar, leikegrupper og ulike aktivitetar tilpassa modning og alder. Eit særleg fokus vil vere på å fremja den språklege- og den sansemotoriske utviklinga til barna. I tillegg er det eit mål å byggja gode relasjonar. Mindre grupper gjer at vi vaksne får meir tid til ein-til-ein-kontakt med barna, og engasjera oss i leiken. Mindre grupper er viktig for å førebyggje høgt stressnivå hjå barna. 7
8 Prosjektgrupper (2013 barna) Tysdag og torsdag kvar veke deler vi barna inn i prosjektgrupper på tvers av avdelingane. Prosjektgruppene vil vere på føremiddagen. Tysdag vil vi vere i barnehagen, anten ute eller inne og ha ulike aktivitetar som forming og drama. Tema for hausten vil vere kunst. Vi legg vekt på at barna skal få erfaring med å vere i ein prosess der dei kan få høve til å uttrykkje seg fritt, erfare ulike material og ikkje nødvendigvis måtte produsere noko bestemt. Fantasien og kreativiteten skal vi utfordra. Rammeplanen skriv at gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk, vil barn få eit mangfald av høver for sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Gjennom samtalen som utspinn seg i desse aktivitetane skal vi setja ord på det som barna er opptekne av, dei prosessane dei er ein del av og dei materiala dei nyttar. Her kan vi introdusera barna for mange nye ord og omgrep i naturlege samanhengar. Torsdag går vi ein felles tur på føremiddagen. Denne dagen vil vi også vere ute på ettermiddagen, så vi ber om at barna får med seg eit ekstra sett med uteklede denne dagen. På turane kan vi utforske dei gledene som hausten kan by på og samtale kring det vi ser og det vi opplever. Når vi undrar oss saman med barna kan vi introdusere dei for nye ord og omgrep, saman med førstehandserfaring. 8
9 Dette vil vi ha fokus på denne hausten: August Oktober: Vi tek imot nye barn tilvenning. Vi har fokus på å skape gode relasjonar og tryggleik for heile avdelinga dette blir prioritert før vi set i gang med diverse aktivitetar. Å verte godt kjend med kvarandre, avdelinga og uteområdet gjev eit godt grunnlag for resten av barnehagetida. Høgtlesing, gode samlingsstundar og gode samtalar er trygt å starte med og skapar god samhandling mellom barn og vaksne. Vi gjennomfører vennskapsveke, brannvernveke og markerar FN-dagen. Vi har fokus på naturforandringar når hausten er i anmarsj. November Desember: Haust naturforandringar, ver og temperaturforandringar vil vi i denne tida stifta nærare kjennskap til. Dette gjer vi ved å ha forteljarstunder, utaktivitetar, turar i nærmiljøet, formingsaktivitetar og liknande. Vidare startar vi opp med juleforberedelser her vi fortel juleforteljingar, lagar pepperkaker, har diverse formingsaktiviteter, markerer Lucia og har nissefest. Vi vil være opptatt av at desember månad skal være ei rolig månad med mykje kos. 9
Satsingsområde språk og språkmiljø
Satsingsområde språk og språkmiljø Vi har sett språk og språkmiljø som satsingsområde fordi det å støtte barn si språklege utvikling er ei av kjerneoppgåvene i barnehagen. Vi skal gje barna varierte og
DetaljerSpråk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:
Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege
DetaljerSatsingsområde Sosial kompetanse
Satsingsområde Sosial kompetanse Vi har sett sosial kompetanse som satsingsområde; det å oppøve slik kompetanse er eit viktig fundament for vidare læring og all mellommenneskeleg samhandling. Sosial kompetanse
DetaljerHalvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe
Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der
DetaljerGJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET
GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk
DetaljerHalvtårsrapport gul gruppe haust 2016
Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerHalvårsrapport grøn gruppe- haust 2015
Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDA I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Progresjonsplan for fagområdene i Rammeplanen I tillegg til
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta
DetaljerMe har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.
I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg
DetaljerHalvtårsrapport for gul gruppe våren 2017
Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 1. Kommunikasjon, språk, tekst: Gjennom arbeid med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barnet blir kjent med bøker, sanger, bilder m.m. (Rammeplanen).
DetaljerSFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO
SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske
DetaljerPedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne
UTVIKLINGSPLAN 2015 Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne Tiltak og arbeidsmetodar: Mål; Skape rom - som inspirerer
DetaljerRegnbogen Natur-og kulturbarnehage
Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane
DetaljerMånadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
DetaljerOsterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.
Osterøy kommune VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. F Innhald FORORD... 2 VISJON OG VERDIAR... 3 SATSNINGSOMRÅDAR... 4 UTELEIK:... 4 TIDLEG INNSASTS:... 4 BORNS TRIVSEL
DetaljerSkjema for eigenvurdering
Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje
DetaljerDel 2 Ågotnes barnehage. årstema
Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018 Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse.
DetaljerUtviklingsplan Gamlestova barnehage
Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2016-18 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2016-2018 Utviklingsområder 2016-18 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse
DetaljerUtviklingsplan Gamlestova barnehage
Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2017-19 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2017-2019 Utviklingsområder 2017-19 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse
DetaljerOverordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.
ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!
DetaljerKorleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?
Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk
DetaljerVIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra
VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra Styringsdokument for Vik barnehage er Lov om barnehagar med Rammeplan. Desse finn ein på internett www.lovdata.no eller www.kunnskapsdepartementet.no. Vik
DetaljerNY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.
NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk
DetaljerPeriodeplan for Blåklokke
Periodeplan for Blåklokke September 2016 -Februar 2017 ØYRA BARNEHAGE 1 Evaluering Vi har så vidt kome i gang med kvardagen vår på Blåklokke. I august og september har vi tilvenning av nye born. Nokre
DetaljerNeste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.
Denne månaden har me på Marihøno hatt fokus på den frie leiken og leiken si betyding for barna si utvikling og høve til å danne gode venskap. I tillegg har me vaksne hatt fokus på trass og kva dette inneber
DetaljerMånadsbrev for Rosa oktober 2014
Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor
DetaljerPERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015
PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODENS FAGOMRÅDER: NÆRMILJØ OG SAMFUNN: - Bli trygge på seg sjølv, vaksne og barn i barnehagen - Bli kjent
DetaljerÅrsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda
Årsplan for Straume barnehage 2016-2017 Del 2 Arbeid med fagområda 0-2 år Gje barna kjennskap til ord omgrep støtte til språkutvikling Samtale med barnet på deira nivå.»lesesnakke «bøker, synge sangar,
DetaljerÅrshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3. Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?
2015-2016 1 Del 2 INNHOLDSFORTEGNELSE Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3 Formål 4 Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4 Hvordan ivareta barns medvirkning? 4 Målsetninger for periodene
DetaljerStokkalandsmarka barnehage
Stokkalandsmarka barnehage Kontoradresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Postadresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Telefon: 51 43 56 40 Org nr: 964 969 590 ÅRSPLAN 2015-2016 Rammeplanen seier
DetaljerInformasjonshefte Tuv barnehage
Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av
DetaljerMånadsbrev for ROSA mars 2015
Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og
DetaljerMålet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Innhald Innleiing s. 2 Verdigrunnlag s. 3 Resultatleiing Sjumilssteget
DetaljerÅrsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda
Årsplan for Straume barnehage 2017-2018 Del 2 Arbeid med fagområda 0-2 år Gje barna kjennskap til ord omgrep støtte til språkutvikling Samtale med barnet på deira nivå.»lesesnakke «bøker, synge sangar,
DetaljerÅret 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år
Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt
DetaljerHalvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.
Halvtårsplan for Enge barnehage hausten 2016 Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Satsingsområde: Språk og Være saman. Gjeld heile hausten 2016 Kva (aktivitet) Språk Være saman Korleis (arbeidsmåte)
DetaljerModulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN
Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Leseoppdrag Mens du les skal du skrive ned eller gule ut formuleringar om progresjon som du synest er annleis/overraskande i forhold korleis du tidlegare har oppfatta
DetaljerSamspel og livsmeistring
Samspel og livsmeistring Deltakarar; Tilsette og foreldre saman med borna og dei hovudansvarlege. Hovudansvarlege; Britt Siri, Petter, Marion og Heidi Mål; Skape tryggleik og tilknyting Bidra til god psykisk
DetaljerKvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse
Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er
DetaljerHalvtårsrapport raud gruppe haust 2017
Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et
DetaljerUTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom
Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med borna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marit Tiltak og arbeidsmetodar: Skape rom - som inspirerer og appellerer til borns utforsking
DetaljerMånadsbrev Januar 2017
Månadsbrev Januar 2017 Godt nytt år alle saman! Endeleg er me komen godt i gong att etter flytting, jule- og nyttårs-feiring. Veke 2 kom me endeleg i gong med tilrettelagte aktivitetar. Ting tek litt tid
DetaljerHANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE
HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing. Godkjent i styrarmøte 21.06.16 INNHALD 1. Bakgrunn 2. Kva er mobbing? 3.
DetaljerHalvårsrapport lyseblå haust 2017
Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Det har vore eit flott halvår på lyseblå gruppe med eitt og toåringane. I gruppa har me 8 toåringar og 5 eittåringar. Me har to pedagogar, ein fagarbeidarar, ein assistent
DetaljerPeriodeplan for Prestekrage
Periodeplan for Prestekrage OKTOBER2015 FEBRUAR 2016 ØYRA BARNEHAGE 1 Evaluering I august og september har vi tilvenning av nye born. Det er viktig å gje dei nye borna ein trygg og roleg start samtidig
DetaljerDu må tru det for å sjå det
Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,
DetaljerReferat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.
Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Tema: Inkluderande barnehagemiljø Leiar for kultur og oppvekst Gjermund Flage hadde eit innlegg om inkluderande barnehagemiljø og samarbeidet
DetaljerTil deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!
Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.
DetaljerLeikande, glade barn og natur hand i hand
Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar
DetaljerHalvårsplan haust 2013. Avd. Mosepjusken
Halvårsplan haust 2013 Avd. Mosepjusken Verdigrunnlag og overordna mål Hamramyra barnehagen har som mål å gje barna Den beste starten på livet. Dette skal vi gjere gjennom å ha fokus på verdiar som fellesskap,
DetaljerBarns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018
Barns leik og vennskap Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten 2015- våren 2018 Skal vi vere venner? https://www.youtube.com/watch?v=etekkebxz m0 PROSJEKTPLAN MORK BARNEHAGE På leiarmøtet våren 2015
DetaljerKOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016
KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016 Problemstilling: Kilden/kjernekomponentane Korleis kan arbeid med språk og samspel sikre fleirspråklege barn
DetaljerStorebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år
Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad
DetaljerMÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:
MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: HEI, HEI! No er me komne godt i gong med kvardagen på Bikuben med rutinar, friluftsdagar, smøremat, kvilestund og små grupper. Me ser at gode daglege rutinar er med på å skape
DetaljerHANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.
HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.
DetaljerBarnehagen sitt samfunnsmandat
Barnehagen sitt samfunnsmandat «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.» (Lov om barnehager)
DetaljerTrollnytt for januar og februar
He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp
DetaljerMånedsbrev Bikuben oktober 2016
Månedsbrev Bikuben oktober 2016 SEPTEMBER MÅNED: Barnegruppa på Bikuben er no kome godt i gang, dei nye barna har funne seg godt til rette, me ser mykje glede, latter og smil. Barna viser tillit og trygghet
DetaljerÅret 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år
Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering
DetaljerPeriodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016
Periodeplan Solsikke Oktober 2015 Februar 2016 Øyra Barnehage 1 Velkommen til eit nytt barnehage år. Då står eit nytt barnehage år for tur og vi gler oss til nye utfordringar saman med borna. Til no har
DetaljerNyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl
Februar har vore ein innhaldsrik månad. I byrjinga med fokus retta mot samefolkets dag, for så å gå over til fokus retta mot karneval. Mange opplevingar, mykje kreativitet og læring. Tema elles denne månaden
DetaljerSAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE
BØ KOMMUNE SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE Folkestad og Bø Skule Gullbring barnehage Folkestad barnehage Veslekroa studentbarnehage Maurtuva barnehage Sandvoll barnehage Bøhamna
DetaljerForfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.
Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for oppvekst, kultur, idrett Møtedato 25.01.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post:
DetaljerOvergangsplan barnehage - skule i Stord kommune
Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta
DetaljerINFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag
DetaljerÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014
ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 Godkjent i samarbeidsutvalget 30. oktober 2013 VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR 2013-2014 Vi er kommet godt i gang med nytt barnehageår. Dette barnehageåret vil vi ha ekstra
DetaljerAktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen
Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak
DetaljerLyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,
Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med
DetaljerLANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN
LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN 2018 2021 Hunstad barnehage Ravnebjerget barnehage Vinterdalen barnehage Vognstølen barnehage «Hvert barn skal bli sett, hørt og stimulert ut fra egne forutsetninger»
DetaljerÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)
ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir
DetaljerLEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER
LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald
DetaljerRutinar for Overgang barnehage - skule
Rutinar for Overgang barnehage - skule SAUDA KOMMUNE INNHALD Innleiing side 1 Rutinar side 2 Kommentarar til årshjulet side 3 side 4 Kvalitetssikring barn med side 5 Spesialpedagogisk oppfølging Samtykkeskriv
DetaljerPeriodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017
Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017 Visjon: «Lek, vennskap og naturglede med inspirerende voksne til stede» Innledning Velkommen til et nytt barnehageår. I denne planen finner
DetaljerAktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen
Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak
DetaljerPlan for eit trygt og godt skulemiljø
Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev
DetaljerInformasjon om tilbodet i Tryggheim barnehage Vestnes:
Informasjon om tilbodet i Tryggheim barnehage Vestnes: Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv Tryggheim barnehage, Vestnes gjennom NLM- barnehagene AS. NLM driv barnehagar over heile landet med kristent
DetaljerUtviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering
Utviklingsplan Borsheim barnehage 2016-2018 Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering 1. Overordna rammer Borsheim barnehage Borsheim barnehage
DetaljerHANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE
2015 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE Wenche Fagerbakk Tysnesbarnehagane 09.11.2015 Hovudmål: Barnehagane har nulltoleranse mot mobbing. Delmål: Alle tilsett skal jobbe aktivt for å oppretthalde
DetaljerVi lærer om respekt og likestilling
Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og
DetaljerBARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS
BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg
DetaljerÅrsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy
Kvinnherad kommune Nordsido oppvekstområde www.hatlestrand.oppvekstsenter.no Årsplan for 2018/19 barnehagane i Nordsido oppvekstområde Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Overordna mål for Nordsido oppvekstområde:
DetaljerEg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.
Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR
DetaljerOM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING
Årsplan 2019 OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE Barnehagen skal ivareta barnas behov for omsorg og lek samt fremme læring og danning. Barnehagens innhold skal være allsidig, variert og tilpasset
DetaljerInnhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.
Innhald Innleiing s. 4 Formål s. 6 Språk, kultur og natur s. 8 Leik og læring s.10 Barnehagen som lærande organisasjon s.12 Sluttord s.15 Innleiing Lov om barnehager 2: Barnehagens eier kan tilpasse rammeplanen
DetaljerGJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING
GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GJENSIDIG RESPEKT Verkeleggjere barnas menneskeverd Profesjonelle Leiken har ein eigenverdi
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)
Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage
DetaljerPlan for overgang barnehage - skule
Plan for overgang barnehage - skule 1 Kvifor ein slik plan? Å styrke samanhengen mellom barnehage og skule er å legge til rette for heilskap i opplæringsløpet som tar i vare det enkelte barnet sitt behov.
DetaljerDei gode forteljingane
Utarbeidet av Småfolk barnehage, Etne PROSJEKTTITTEL «Dei gode forteljingane» FORANKRING I RAMMEPLANEN 2.5 Språkleg kompetanse Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling
DetaljerVaksenopplæringa i Sula
Vaksenopplæringa i Sula Vedlikehald av kunnskap, læring og utvikling. Kommunikasjon Meistring Engasjement Glede og latter Sosial kompetanse Kommunikasjon For oss kan kommunikasjon vere å formidle og å
DetaljerPLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del
DetaljerSaman om Ørstabarnehagen
Saman om Ørstabarnehagen 2017-2019 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen - Ny rammeplan for barnehagen 13.09.17 Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage Ørsta 1 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen
Detaljertil beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske
DetaljerPeriodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember
Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember Periodeplan for høsten 2014 Velkommen til et nytt barnehageår på Indianerbyen. Denne periodeplanen gjelder fra september og frem til jul. Vi
DetaljerTiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa
BTI - verktøy 1 Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa Alle kjem i kontakt med førebyggjande helse og dei avdelingar som ligg under førebyggande helse på ulike tidspunkt
Detaljer6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
DetaljerInformasjonsfoldar Vikebygd barnehage
Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det
DetaljerManifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur
Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret
DetaljerInformasjon og kvalitetsplan
Informasjon og kvalitetsplan BORE SFO 2018-2019 Innleiing Då me er midt i eit skifte av leiar i SFO, er mykje av denne planen den same som i fjor. Me har justert litt på nokre rutinar og nokre forventningar
Detaljer