Detaljplan for Eidssjøen II, gnr. 93, bnr. 11 m.fl., Plan- id 201604 ar i høve til Naturmangfaldlova 8-12 Suldal kommune Dato: 02. juni 2017
Naturmangfaldlovas føremål er å ta vare på naturens biologiske, landskapslege og geologiske mangfald og økologiske prosessar gjennom berekraftig bruk og vern. Lova skal også gi grunnlag for menneske si verksemd, kultur, helse og trivsel, både nå og i framtida, også for samisk kultur. Naturmangfald i naturmangfaldloven er eit samleomgrep for blant anna: Landskap Geologi Økosystem Naturtypar Artar og genetiske variasjonar innanfor artane Reguleringsplanar som vedkjem naturmangfaldet skal vurderast etter: Kor sterke føringar planen gir for framtidig arealdisponering. Kor mykje naturmangfald som vedkjem. Om tilstanden i ei vassførekomst påverkast. Om det naturmangfaldet som vedkjem er: - Verneområder - Nærområder til verneområder - Utvalde naturtypar - Prioriterte artar - Trua, nær trua eller verdifullt - Inngrepsfrie naturområder - Verdifulle/utvalgte kulturlandskap - Kartlagt gjennom skog og landskap sin database, Miljøregistreringer i Skog (MiS) - 2 -
Sjekkliste for forvaltningsmynde, utdrag frå rettleiar til Naturmangfaldlova kapittel II: Sentrale tema Kva landskap, økosystem, naturtypar eller artar vert røyrd av planen? Miljødirektoratet WMS Kva effekt vil planen ha på landskap, økosystem, naturtypar og artar? Miljøtilhøve og verknader for rødlistearter, Artsdatabanken Forskingsrapportar Korleis er tilstanden for landskapet, økosystem og utviklinga i antal lokalitetar av naturtypane og bestandane på landsbasis og på staden? Naturindeks for Norge (Miljødirektoratet) Føreligg det faglege rapportar og utgreiingar om naturmangfald i det aktuelle planområdet? Føreligg det erfaringsbasert kunnskap (frå lokalsamfunnet, kommunar og mynde) om det aktuelle planområdet? Norsk Botanisk, Zoologisk og Ornitologisk Forening Lokale organisasjonar Universitet, høgskular Naturvitskaplege muséar Kommentar Regulerte utbyggingsføremål vil i hovudsak leggjast til allereie utbygde areal. På oppsida av vegen, Eidssjøen, skal eksisterande bygg ved sidan av bustadhuset på 93/126 sanerast til fordel for konsentrerte bustader. Den nye bustadutbygginga kan førast opp lenger inn i terrenget mot sør og aust i til no uberørte areal. Eksisterande kaianlegg kan med planframlegget utvidast, og det kan byggjast småbåtanlegg med tilhøyrande molo i sjø. Det er i området ikkje registrerte utvalde naturtypar, andre naturtypar, kulturlandskap, område for friluftsliv, verneområde eller anna som kan verte påverka av planlagte tiltak. Den sørlege delen av planområdet som ligg ubebygd og i bratt terreng er registrert med lauvskog av særs høg bonitet. Omfang og lokalitet er likevel slik at aktiv drift av arealet ikkje vil vere føremålstenleg. Arealtypen ligg med busetnad og samferdsle, der jordbruk ikkje er relevant. I kartdatabasen til Fiskeridirektoratet ligg større delar av Sandsfjorden registrert med middels viktig gytefelt for torsk. Sona går heilt inn til kystlina i planområdet. Det er ikkje registrert andre gyteområde, bevaringssoner eller marint biologisk mangfald. Utfylling i sjø vil kome i konflikt med omfanget av registrert gyteområde for torsk. Areal for gyteområde dekkjar store delar av fjorden, og planlagte tiltak vil ha lite verknad på feltet. Tilstanden vert vurdert som god. Det er gjort treff for utbreiingsområde for brosme, kolmule, kysttorsk, lange, makrell, nordsjøhyse, nordsjøsild, nordsjøtorsk, tobis, vanleg uer og øyepål i fjorden og inn mot planområdet. Det er også registrert oppvekstområde for nordsjøsei og beiteområde for vårgytande sild i fjorden. (kjelde for treff utbreiings-, oppvekst- og beiteområde: miljostatus.no). Det er sjøpattedyr av kvitnos, nise og steinkobbe i fjorden. Registrerte artar er vanlege, og det er ikkje vurdert at planlagte tiltak vil ha negativ påverknad på desse. Ja, frå kommune/ grunneigar. - 3 -
Vil planen påverke, trua og nær trua artar på Norsk raudliste for artar? Artsportalen hjå Artsdatabanken Artskart hjå Artsdatabanken Vil planen påverke utvalde naturtypar eller prioriterte artar? Norsk raudliste for artar Artsportalen hjå Artsdatabanken Vil planen påverke verneområde, nærområde til verneområde, marint beskytta område eller verna vassdrag jf. verneplan for vassdrag? Miljødirektoratet WMS Mareano (Havforskningsinstituttet) Vil planen påverke tilstanden i sjø eller vassførekomstar? Miljøstatus Havets ressursar (Havforskingsinstuttet) Vannportalen Vil planen påverke utvalde kulturlandskap? Naturbase hjå Miljødirektoratet Vil planen påverke miljøregistreringar i skog? MiS hjå Norsk institutt for skog og landskap Det er ikkje registrert prioriterte artar eller raudlista artar innafor planområdet, men det er ved bustadfeltet ved Bjørkaren søraust for planområdet og lenger nordaust i fjellsida registrert raudlista dyreartar (5 sommarfuglar samt kornkråke). Grunna lokalitet og typen funn vert det ikkje vurdert at planlagte tiltak innafor plangrensene vil verke inn på desse registrerte artane. Det er ikkje registrert svartelista artar i nærområdet. Sandsfjorden ligg saman med Sauda- og Hylsfjorden som del av datasettet for nasjonale laksefjordar frå 2007. Desse vart oppretta for å gi eit utval av dei viktigaste laksebestandane i Noreg ein særleg beskyttelse mot inngrep og aktivitetar i vassdrag og mot oppdrettsverksemd i nærliggjande fjord- og kystområde. Vassdrag med vandrande laksefisk er Suldalslogen med utlaup ved Fiskeberget. Lokalt sett vil ikkje tiltak innafor plangrensene med utvida kaifront og småbåthamn ha innverknad på laksebestanden. Det er ikkje gjort treff for andre datasett knytt til vern i området. Sjøområdet som vert omfatta av planen grensar inn mot hovudlei 1047 Nedstrandsfjorden Sauda. Denne leia vert trafikkert av m.a. rutegåande passasjerfartøy, stykkgodsbåtar og til tider større lastefartøy til og frå Sauda. I Kystverket sin uttale til oppstart av planarbeidet skriv dei at sjølve planområdet ligg i rimeleg avstand til den trafikkerte delen av farleia, og at dei ikkje kan sjå at tiltak på planområdet kjem i konflikt med, eller til hinder for sjøtrafikken. Det er registrert eit avlaupsanlegg frå Kjellesvika, like vest for planområdet og ut i sjø. Det er ikkje krav til overvaking av dette anlegget. Området ligg med god vasskvalitet i høve kartdatabasen til miljostatus.no. Sand ligg med låg til middels sårbarheit mot klimaendringar. Det vert vurdert at tiltak som omfatta av planen ikkje vil ha verknad på tilstanden i sjø. Det er ein vassførekomst som går gjennom området som delvis ligg i kulvert i dag. Området er i tillegg omfatta av aktsemdområde for jord- og flaumskred, og må vurderast nærare ut av geoteknikar. Det er ikkje registrert nøkkelbiotopar med/ utan miljøregistreringar i skog, eller utvalde livsmiljø for skog. - 4 -
Vil planen påverke ingrepsfrie naturområde? (INON) INON i Noreg hjå Miljødirektoratet Vil planen påverke område eller naturtypar som er særskilt verdifulle for naturmangfaldet? Naturbase hjå Miljødirektoratet Mareano (Havforskningsinstituttet) Er det kunnskapsmangel og kva er det ev. ein manglar kunnskap om? Erfaring og fagleg kunnskap innad i firma. - 5 -
NML 8. (kunnskapsgrunnlaget) Offentlige beslutninger som berører naturmangfoldet skal så langt det er rimelig bygge på vitenskapelig kunnskap om arters bestandssituasjon, naturtypers utbredelse og økologiske tilstand, samt effekten av påvirkninger. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i et rimelig forhold til sakens karakter og risiko for skade på naturmangfoldet. Myndighetene skal videre legge vekt på kunnskap som er basert på generasjoners erfaringer gjennom bruk av og samspill med naturen, herunder slik samisk bruk, og som kan bidra til bærekraftig bruk og vern av naturmangfoldet. For rettleiing; sjå rettleiar T-1514 (s. 22-30) Artsdatabanken.no Miljodirektoratet.no Miljostatus.no Geo.ngu.no Skredatlas.nve.no Atlas.nve.no Skogoglandskap.no Vannportalen.no Kunnskap i kommune Det vert vurdert at tiltak som omfatta av planen ikkje vil ha verknad på tilstanden i sjø eller på land, eller registrerte artar i området. Det er ein vassførekomst som går gjennom området som delvis ligg i kulvert i dag. Området er i tillegg omfatta av aktsemdområde for jord- og flaumskred, og må vurderast nærare ut av geoteknikar. Relevant og tilgjengeleg informasjon, observasjonar og erfaringar bekrefter dei registrerte tilhøva i kartdatabasane. Synfaring og foto 9. (føre-var-prinsippet) Når det treffes en beslutning uten at det foreligger tilstrekkelig kunnskap om hvilke virkninger den kan ha for naturmiljøet, skal det tas sikte på å unngå mulig vesentlig skade på naturmangfoldet. Foreligger en risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfoldet, skal ikke mangel på kunnskap brukes som begrunnelse for å utsette eller unnlate å treffe forvaltningstiltak. For rettleiing; sjå rettleiar T-1514 (s. 31-33) Områda er kartlagt i basar nemnt i rettleiar Kunnskapsnivået er tilfredsstillande. - 6 -
10. (økosystemtilnærming og samla belastning) En påvirkning av et økosystem skal vurderes ut fra den samlede belastning som økosystemet er eller vil bli utsatt for. For rettleiing; sjå rettleiar T-1514 (s. 34-41) Ingen registrerte sårbare økosystem Området er relativt robust, og det vil ikkje vere naudsynt med tiltak el.l. i høve til naturmangfaldet. Fargekoder benytta i vurdering, risikomatrise for miljø og materielle verdiar: Mykje sannsynleg Sannsynleg Mindre sannsynleg Lite sannsynleg Ufarleg Fare Katastrofalt Omgrep Frekvens A. Lite sannsynleg Vil ikkje skje B. Mindre sannsynleg Kan skje C. Sannsynleg Vil nok skje D. Mykje sannsynleg Skjer Omgrep Frekvens 1. Ufarleg Medfører ingen endringar 2. Fare Medfører endringar 3. Katastrofalt Endrar totalt/ utsletter - 7 -
11. (kostnadene ved miljøforringing skal berast av tiltakshaver) Tiltakshaveren skal dekke kostnadene ved å hindre eller begrense skade på naturmangfoldet som tiltaket volder, dersom dette ikke er urimelig ut fra tiltakets og skadens karakter. For rettleiing; sjå rettleiar T-1514 (s. 42) Ingen funn i tilgjengelege databasar. Ingen kjennskap til tema som kunne vert registrert jf. Naturmangfaldlova Kostnader knytt til begrensing av skader på tema som kan dukke opp, vil berast av tiltakshaver. 12. (miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar) For å unngå eller begrense skader på naturmangfoldet skal det tas utgangspunkt i slike driftsmetoder og slik teknikk og lokalisering som, ut fra en samlet vurdering av tidligere, nåværende og fremtidig bruk av mangfoldet og økonomiske forhold, gir de beste samfunnsmessige resultater. For rettleiing; sjå rettleiar T-1514 (s. 43-46) Ingen funn i databasar. Om det dukkar opp relevante tema, vil tiltakshavar drifte området på forsvarleg måte. Ingen kjennskap til tema som kunne vore registrert jf. Naturmangfaldlova Ansvarlig for kartlegging Omega Areal AS v/e. Selland Sted, dato Ølensvåg, mai 2017-8 -