Skjåk kommune Endring av reguleringsplan III for Bismo Planprogram Oppdragsgivar Skjåk kommune Oppdrag Skjåk skule 1-10 Rapport type Planprogram Prosjektnr. 15225 Dato 20.11.2015 rev. etter høyring 12.01.2016
Nordplan side 2 Skjåk kommune Planprogram for endring av reguleringsplan III for Bismo Innhald: side 1 Innleiing 3 1.1 Forord 3 1.2 Formål med planprogram og prosjektet 3 1.3 Lovgrunnlag og krav til prosess 4 1.4 Organisering av planprosess 4 2 Overordna planar og føringar 6 2.1 Lokalisering av planområdet 6 2.2 Grunnlag for detaljreguleringsplanen 6 3 Dagens situasjon 7 3.1 Landskap og topografi 7 3.2 Bruk av planområdet 7 3.3 Andre forhold 7 4 Framtidig bruk 8 4.1 Generelt 8 4.2 Byggeområde/ grønstruktur 8 4.3 Vegsystem og kollektivtransport 8 5 Utgreiingsprogram og tema i planomtalen 9 5.1 Utgreiingsmetode og omfanget 9 5.2 Ros-analyse 10
Nordplan side 3 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo 1 Innleiing 1.1 Forord Forslag til planprogram for revisjon av reguleringsplan III for Bismo, planid 05130003 er utarbeidd av Nordplan as ved Øyvind Sødal på vegner av Skjåk kommune. Kontaktpersonar i Skjåk kommune er Per Dagsgard, leiar plan, miljø og beredskap. Ansvarleg styresmakt for behandling og godkjenning av planprogrammet er miljø- og næringsutvalet i Skjåk kommune og for godkjenning av detaljreguleringsplanen er Skjåk kommunestyre. Forslag til planprogram blir kunngjort i avisa Fjuken og lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Planprogrammet er elles tilgjengeleg på kommunen si nettside. Det er og sendt til aktuelle partar for uttale. Eventuelle synspunkt, merknader og innspel til planarbeidet skal sendast til : Nordplan AS Vågåvegen 35 2680 VÅGÅ Eventuelle spørsmål kan rettast til: Nordplan as v/ arealplanleggar Øyvind Sødal Tlf: 96 79 79 90 E-post: os@nordplan.no Frist for å kome med merknader, innspel og kommentarar er 08.01.2016. Fristen tek høgde for ferietid, og vi ønskjer å presisere at vår framdriftsplan ikkje gjev rom for utvida frist. 1.2 Formål med planprogram og prosjektet 1.2.1 Planprogram Formålet med planprogrammet er å: avgrense planoppgåva klargjere konsekvensar og problemstillingar avklare utgreiingsbehov i forhold til miljø og samfunn fastsette ramer og føringar for planarbeidet gje høve til tidleg medverknad sikre ei politisk forankring av arealbruken 1.2.2 Prosjektmål Prosjektet sitt hovudmål er å tilrettelegge for bygging av nye Skjåk skule og utviding av Bismo barnehage, med tilhøyrande funksjonar.
Nordplan side 4 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo 1.3 Lovgrunnlag og krav til prosess 1.3.1 Lovgrunnlag Heimlar for krav om planprogram er plan-og bygningslova 4-1, og 3 i forskrift om konsekvensutgreiing (FOR-2014-12-19-1726) Gjeldande reguleringsplan er einaste plangrunnlag, da kommuneplanens arealdel fastset at det er reguleringsplanen som skal gjelde. 1.3.2 Krav til prosess Planarbeidet blir utført etter reglane i plan- og bygningslova 12-3 12-7, detaljreguleringsplan. Planendringa er vurdert etter forskrifta i samråd med Skjåk kommune, og gjev følgjande vurdering; Planendringa rører så vidt 2 d i forskrifta da reguleringa vil omfatte nye område til utbyggingsformål. Delar av planområdet som i dag er regulert til friområde skal ved planendringa endrast til utbyggingsformål. Samla areal som vil innebere ei slik endring omfattar 10 daa. I tillegg kjem to bustadtomter Gnr/Bnr 126/54 og 126/40, tils. 4 daa som skal endre bruk frå bustadformål til offentleg/privat tenesteyting. Da arealtalet er under 15 daa som vil ta i bruk nye areal til utbyggingsformål er forskrifta slik vurdert at dette fell inn under 3 b) detaljreguleringar på inntil 15 dekar som innebær endringar av kommuneplan eller områderegulering (i dette høve gjeldande reguleringsplan). Det er og vurdert om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. 10 daa sentrumsnært, grønt areal regulert til friområde som tas i bruk til utbyggingsformål er i og for seg ei vesentleg endring. Ein stor del av arealet er inngjerda barnehage- og skuleområde, arealet utanfor gjerdet er berre sporadisk brukt og tilseier at verknaden av å la dei inngå i skule- og barnehagens byggeareal vil vera liten samanlikna med normal verknad av ei slik endring. Det er sannsynleg at planen vil innebere bygging i tilknytning til dagens bygg, og at ein del av areala rundt bygga blir grøne område tilknytt barnehage- og skuleområdene som situasjonen er i dag. Temaet trafikktryggleik ifm. planlegging av infrastrukturtiltak i nærleiken av skuleområde vil vera eit sentralt vurderingstema, vurdert til å gje normal kompleksitet og lågt konfliktpotensial. Ei samla vurdering tilseier at planen kan få vesentlege verknader og at denne får behandling etter forskrifta. Det er forventa at konsekvensutgreiing som skildra over vil inngå i planomtalen der innhald og opplegg blir tilpassa plannivået og avgrensa til det som er beslutningsrelevant. 1.4 Organisering av planprosess 1.4.1 Arbeidsopplegg Detaljreguleringsplanen vil bli utarbeidd i samarbeid med oppdragsgivar Skjåk kommune representert ved Nordplan AS. Det har vore gjennomført oppstartsmøte i samband med planprogrammet og samarbeidsmøte vil bli halde med jamne mellomrom i heile planprosessen, i tillegg til informasjonsutveksling per telefon og e-post. Samarbeidet med offentlege instansar vil skje i form av dialog og innspel i samband med høyringar og oppstartsvarsel. Planprogram og høyringsforslag av detaljreguleringsplanen vil bli politisk forankra gjennom behandling i planutvalet i Skjåk kommune.
Nordplan side 5 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo 1.4.2 Medverknad og informasjon Planprogrammet blir lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker samstundes som oppstart av detaljreguleringsplanarbeidet blir kunngjort. Private og offentlege partar og interessentar blir tilskrivne og invitert til å kome med innspel og synspunkt knytt til planarbeidet. I samband med utlegging av område-/detaljreguleringsplanen til offentleg ettersyn og høyring vil det bli vurdert om det er behov for å arrangere folkemøte. Varsling og høyring av detaljreguleringsplanen vil skje på same måte som for planprogrammet. Andre kanalar som er planlagt brukt for formidling av informasjon, aktiv medverknad Informasjon og dialog på kommunens nettsider, også i forbindelse med høring/varsling. I tillegg blir papirutgåve lagt fram til gjennomsyn på servicekontoret i kommunehusetog biblioteket i Skjåk. Informasjon i lokalavisa (bla. i forbindelse med varsling og høring) Planprogrammet og varsel om oppstart blir kunngjort i Fjuken. Ei arbeidsgruppe for utomhusplanlegginga av ny skule (lokale repr. Frå elevar, foreldre, barnerepr. M.fl.) deltek aktivt i utforminga av utomhusplanen. Møtene i gruppa vil gje viktige innspel til planarbeidet.i møteplan er det sett opp eitt møte under utarbeiding av reguleringsplan og eitt møte under offentleg ettersyn av planforslaget. 1.4.3 Framdriftsplan Tabellen under gjev ei oversikt over rekna framdrift i arbeidet. Behandlingstid i kommunen avhenger av saksmengde og møteplanar. Fasar i planarbeidet Utarbeiding av forslag til planprogram Kunngjering oppstart av planarbeid og høyring av forslag til planprogram Vedtak av planprogram Utarbeiding av detaljreguleringsplan Offentleg ettersyn detaljplan Behandling av merknader Revidering av plankart og planomtale. Eventuelt nytt offentleg ettersyn Vedtak av detaljreguleringsplan Kunngjering av planvedtak Klagefrist vedtatt plan Samarbeid og medverknar Kommune, fylke, utbyggar Kunngjering og brev til partar Grunneigarar og kommunen, andre berørte og interessentar Eventuelt folkemøte, kunngjering og brev til partar Kommune og utbyggar, evt avklaringar med partar Kommune og utbyggar Behandling Nordplan as Nov. 2015 Nordplan as og Skjåk kommune Framdrift 20. nov- 8.jan 2016 Miljø- og 14. jan. 2016 Næringsutvalet i Skjåk kommune Nordplan as Veke 1-4, jan. 2016 Nordplan as og Skjåk kommune Veke 6-12 feb. -mars 2016 Nordplan as April 2016 Nordplan as April 2016 Skjåk kommunestyre Veke 14, April 2016 Skjåk kommune Skjåk kommune
Nordplan side 6 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo 2 Overordna planar og føringar 2.1 Lokalisering av planområdet Figur 1 Kart som viser planområdet sin plassering, markert med raud sirkel. 2.2 Grunnlag for detaljreguleringsplanen 2.2.1 Nasjonale føringar Plan og bygningsloven Forskrift om konsekvensutredninger Lov om vern mot forurensinger og om avfall (LOV 1981 03 13 nr. 6) Lov om vassdrag og grunnvann (LOV 2000 11 24 nr. 82) Naturmangfoldloven (LOV 2009 06 19 nr. 100) 2.2.2 Nasjonale retningsliner Planforslaget skal forholde seg til følgende rikspolitiske/statlige retningslinjer og bestemmelser: RPR for samordnet areal og transportplanlegging Retningslinje for behandling av støy i arealplanleggingen (T-1521) Rikspolitisk retningslinje for universell utforming og Regjeringens handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 2009-2013 RPR for styrking av barn og unges interesser 2.2.3 Fylkesnivå Fylkesplan 2.2.4 Kommunalt nivå; arealplanar, tematiske kommunedelplaner, andre Kommuneplanens arealdel (2011) Reguleringsplan III for Bismo, vedteke 05.01.1979
Nordplan side 7 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo Kommuneplan tema ROS Folkehelseplan 2013 Klima- og energiplan 2010 Trafikksikringsplan 2015-2017 Utviklingsplan for grunnskulen 2012 Stadutvikling: Sentrumsplan for Bismo 3 Dagens situasjon 3.1 Landskap og topografi Bismo (ca. 400 moh)er plassert på ei eldre elveavsetning i Ottadalen, her rundar Ottaelva store delar av sentrumsbebyggelsen. I Nord dominerar Bispberget (1085 moh.), med ein steil bergvegg vendt mot bygda. 3.2 Bruk av planområdet Planområdet omfattar barnehage- og skuleområdet i Bismo, areal for kommunehuset, omsorgsretta bufelleskap og idrettsanlegg. Planområdet omfattar og bustadområder utbygd med einebustader i felt, nordover og vestover ut mot Ottaelva. Området ligg sentralt plassert i kommunesentrum i Skjåk med tilgang til alle funksjonar, mange har også sin arbeids- og skulekvardag i planområdet. Planområdet er i alt 280 daa, regulert slik i gjeldande plan; Byggeområder (PBL 25,1.ledd Areal nr.1) (daa) Område for boliger med tilhørende anlegg (18) 92,5 Område for offentlige bygninger (2) 30,8 Sum areal denne kategori: 123,3 Offentlige trafikkområder (PBL 25,1.ledd nr 3) Gang - sykkelveg (5) 5 Offentlige trafikkområde generelt (2) 24,2 Sum areal denne kategori: 29,3 Offentlige friområder (PBL 25,1.ledd nr 4) Annet friområde i sjø og vassdrag 4,8 Friområder generelt (20) 121,8 Sum areal denne kategori: 126,8 Figur 2 Plankart (digitalisert etter gjeldende plan frå 1979; reguleringsplan III for Bismo, planid 05130003). 3.3 Andre forhold 3.3.1 Grønstruktur i sentrumsområda Områda ved idrettsplassen, skuleområda og barnehageområdet er del av ein samanhengande grønstruktur gjennom bustadområda og mellom bustadområda og offentlege formålsbygg/næringsbygga langs riksvegen. Innan byggeområda for barnehage og skule er ein
Nordplan side 8 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo stor del av arealet som ikkje er bebygd, tilrettelagt for leik og uteopphald. Friarealet Nord for barnehagen er mindre brukt, men ein dels synleg sti kan tyde på at grøntområde vert brukt som beinveg. Området er ikkje tilrettelagt med bygde installasjonar/skilting. 3.3.2 Tilkomst - trafikk Ålmenningsvegen er via 2-3 tverrforbindelser tilkomstvegen som knyter denne til barnehage- og skuleområdet frå riksvegen. Her er det i dag i nokon grad tilrettelagt for av/påstigning for skulebuss og privatbilar. Tilkomst til bustadområda i planområdet skjer i hovudsak via Skamsarvegen frå Nord og Bispevegen frå Sør. 3.3.3 Avgrensning av areal i planen som vil bli endra Det blir presisert at forslag til endringar berre omfattar delar av planområdet i planens nordre del. Friidrettsbana og bustadområde sør for Skamsarvegen 32 36 innanfor gjeldande reguleringsplan vil ikkje bli rørt av endringa. Skravert del i figuren viser den delen av planområdet som planleggast videreført utan endring. Ved varsel om oppstart av reguleringsplanarbeidet er adresselista avgrensa til partene som er berørt av planendringa. 4 Framtidig bruk 4.1 Generelt Gjennom revisjon av reguleringsplanen ønskjer ein å oppnå forutsigbar regulering for ei planlagt utbygging av ny skule i Skjåk, og utviklingsmoglegheiter for barnehagen på lengre sikt. Det skal sikrast god struktur på bygningsmassen og gode, trafikksikre tilkomstløysningar og grønstruktur. 4.2 Byggeområde/ grønstruktur Tomt for barnehage- og skuleområdet skal utvidast mot nord og vest. Dette vil innebere at deler av friområdet i gjeldande plan blir tatt i bruk til utbyggingsformål. Aktuelt planformål er offentleg/privat tenesteyting. Det vil bli arbeidd med løysningar for å sikre beinvegar som del av ein overordna grønstruktur og vurdert behov for naturleg skjerming gjennm ivaretaking av skog mellom bustadområdene og uteareala for barnehagen- og skulen sine leikeområde. 4.3 Vegsystem og kollektivtransport Dei to bustadtomtene Gnr/Bnr 126/54 og 126/40 blir tatt inn som felles parkeringsområde og at dette kombinerast med ei trafikksikker løysning som inneber parkering, på- og avstigning til barnehage- og skuleområde, samt Skjåkhallen m/idrettsområde, på- og avstiging/haldeplass for buss. Desse funksjonane blir knytt opp mot Ålmenningsvegen som hovudtilkomst til området.
Nordplan side 9 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo 5 Utgreiingsprogram og tema i planomtalen 5.1 Utgreiingsmetode og omfanget Konsekvensutgreiinga blir gjennomført i tråd med føringar gitt i forskrift om konsekvensutgreiing (FOR-2014-12-19-1726). Konsekvensutgreiinga skal bygge på eksisterande fagleg kunnskap og om naudsynt, ved innhenting av nye data, eventuelt oppdatering av eksisterande. Konsekvensutgreiinga vil vere ein integrert del av planomtalen og skal skildre og konkludere på dei aktuelle utgreiingstema. Tema Datakjelder Mogleg omfang/påverknad Utgreiingsbehov Natur og biologisk mangfald 1. Naturmangfald Miljøstatus Norge Stort sett utbygd areal. Artsdatabanken Det er ikkje registert truga artar innanfor planområdet. 2. Landskap og Synfaring og vurdering Utbygging etter plan sin terreng av landskap vil bli utført konsekvens for landskap, nær og av Nordplan fjernverknad skal vurderast. Kulturminne Askeladden Ingen kulturminner er registrert kulturminnesøk innanfor planområdet. Ein vil likevel omtale dette temaet i planskildringa. Samfunn og infrastruktur 4. Kommunikasjon, Gjeldande vegnorm og Vurdering og planlegging av Konsekvens-utgreidd veg og vurderingar med Skjåk tilkomstveg for idrettsanlegg, tema, inngår i vegteknisk kommune. Elevrådet barnehage- og skuleområde. planomtalen ved skulen. 5. Infrastruktur/en- Planlegging med Prinsipp og løysingar for vatn og ergibærar oversikt over avlaup, samt kommunalteknisk overvasshandtering skal følgje infrastruktur. planmateriale. Kommunens energi- og klimaplan 6. Nærmiljø/ Synfaring Verknad på busetnad i tettstad- nærmiljøet i forhold til tiltak utvikling planen opnar for. 7. Folketals- Kommunale planer, Det vil i planprosessen bli sett utvikling og mål i samfunnsdel og nærare på behov for gang- og kommune- trafiksikringsplan sykkelveg innanfor planen planområdet.
Nordplan side 10 Planprogam Endring av reguleringsplan III for Bismo 5.2 Ros-analyse Det skal bli utarbeidd ei generell ROS-analyse for arealbruk i tråd med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (dsb) sin rettleiar og sjekkliste til Fylkesmannen. Forhold som ein forventar blir særskilt utgreidd: Tilkomst for nød- og nyttekøyretøy for evakuering og rømming. Kritisk infrastruktur: vegnett, el-forsyning og vatn og avlaup. Ras- og flaumfare
Nordplan AS Telefon 57 88 55 00 www.nordplan.no NO 948 081 768 MVA Telefax 57 88 55 01 post@nordplan.no Bankkonto: 3790 05 03459