FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT Skulebasert vurdering Eid kommune Hjelle skule Sak: 2014/2766 1
Innhald Samandrag...3 1. Innleiing...4 2. Om tilsynet med Eid kommune Hjelle skule...4 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular...4 2.2 Tema for tilsynet...4 2.3 Om gjennomføringa av tilsynet...5 3. Skulebasert vurdering...5 3.1 Rettsleg krav...5 3.2 Fylkesmannens undersøkingar...6 3.3 Fylkesmannens vurderingar...7 3.4 Fylkesmannens konklusjon... 10 4. Tilsynet er avslutta... 10 Vedlegg:... 11 Dokumentasjonsgrunnlaget... 11 Oversyn over deltakarane i tilsynet... 11 2
Samandrag Tema og formål Temaet for tilsynet er skulebasert vurdering. Skulebasert vurdering er skulens jamlege vurdering av eiga verksemd og måloppnåing. Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa. Gjennomføring Tilsynet vart opna gjennom brev 07.07.2014. Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på skriftleg dokumentasjon og intervju, sjå vedlegg. Avdekte lovbrot Når det gjeld kontrollspørsmåla som gjeld skulebasert vurdering, imøtekjem Hjelle skule dei aktuelle lovkrava. Det er såleis ikkje avdekt lovbrot. Status på rapporten og vegen vidare Tilsynet med skulebasert vurdering ved Hjelle skule i Eid kommune er med dette avslutta. 3
1. Innleiing Fylkesmannen opna 07.07.2014 tilsyn med skulebasert vurdering ved Hjelle skule i Eid kommune. Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 handlar om skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa og består av tre område for tilsyn: Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, forvaltningskompetanse og skulebasert vurdering (som denne rapporten handlar om). Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriell 1 knytt til tilsynet, og Fylkesmannen har gjennomført informasjons- og rettleiingssamlingar. Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir etterlevde, jf. opplæringslova 13-10 første ledd. Kommunen er derfor adressat for denne tilsynsrapporten. 2. Om tilsynet med Eid kommune Hjelle skule 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som offentlege skular, jf. opplæringslova 14-1 første ledd. Fylkesmannens tilsyn på opplæringsområdet er tilsyn med det lovpålagde, jf. kommunelova 60 b. Fylkesmannens tilsyn med offentlege skular er utøving av myndigheit og skjer i samsvar med reglane for dette i forvaltningsretten. I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, blir dette sett på som lovbrot, uavhengig av om det er barnehagelova eller forskrifter fastsett i medhald av denne lova som er brotne. 2.2 Tema for tilsynet Temaet for tilsynet er skulebasert vurdering. Skulebasert vurdering er skulens jamlege vurdering av eiga verksemd og måloppnåing. Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa. Elevvurdering, skulebasert vurdering og nasjonal vurdering skal ein sjå i samanheng. Dei ulike formene for vurdering skal samla sett utfylle kvarandre og medverke til at den enkelte eleven blir motivert til å ta i bruk sine evner og anlegg, og at dei nasjonale måla for opplæringa styrer arbeidet i skulen (Stortingsmelding 47 1995-1996). Det overordna formålet med tilsynet er at skulebasert vurdering på denne måten medverkar til at elevane får eit godt utbytte av opplæringa. Tilsynet skal medverke til at kommunen som skuleeigar syter for at skulen ved skulebasert vurdering har gode kjelder og relevant informasjon om elevane si måloppnåing avdekkjer årsaka til manglande måloppnåing og gjennomfører endringar sikrar ein brei medverknad i gjennomføringa gjennomfører vurderinga jamleg 1 http://www.udir.no/regelverk/tilsyn/_tilsyn/rettleiingsmateriell-for-felles-nasjonalt-tilsyn-2014-2017/ 4
Manglande eller mangelfull gjennomføring av skulebasert vurdering kan føre til at skulen ikkje har god kunnskap om måloppnåing, og kva som eventuelt er årsaka til at måla ikkje blir nådde. Dette kan igjen føre til at skulen ikkje gjer noko med lite tilfredsstillande organisering, tilrettelegging eller gjennomføring av opplæringa. Elevane får dermed ikkje det utbyttet av opplæringa som dei elles kunne fått. 2.3 Om gjennomføringa av tilsynet Tilsyn med Eid kommune vart opna gjennom brev 07.07.2014. Fylkesmannen har kravd at kommunen legg fram dokumentasjon med heimel i kommunelova 60 c. Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på skriftleg dokumentasjon, sjå vedlegg. 07.07.14 varselbrev til Eid kommune med kopi til Nordfjordeid skule 15.09.14 frist for innsending av dokumentasjon 30.09. og 01.10 gjennomføring av opningsmøte og intervju av rektor og lærarar 18.12.14 utsending av endeleg tilsynsrapport Fylkesmannen sette fram følgjande krav om innsending av dokumentasjon: Annan dokumentasjon, t.d. siste årsrapportar eller resultat av skulebasert vurdering. At kontaktlærarar for 1.,2.,3. og 4. klassetrinnet ilag fyller ut eitt eigenvurderingsskjema og kontaktlærarar for 5.,6. og 7. klassetrinnet ilag fyller ut eitt eigenvurderingsskjema. 3. Skulebasert vurdering 3.1 Rettsleg krav Nedanfor har vi opplyst om og utdjupa dei rettslege krava for tilsynet med skulebasert vurdering. Alle dei rettslege krava byggjer på forskrift til opplæringslova 2-1. Skulen skal vurdere kva for kunnskapsgrunnlag som gjev relevant informasjon om alle elevgruppene når måla i læreplanen, og bruke grunnlaget til å vurdere om dei når måla. Skulen skal jamleg vurdere om organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa medverkar til at elevane når måla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. forskrift til opplæringslova 2-1. For at skulen skal kunne vurdere om elevane når måla, må dei etablere eit kunnskapsgrunnlag. Skulen må vurdere kva for grunnlag som gjev eit godt bilete av om alle elevgruppene når måla. I tillegg til eigne kjelder og undersøkingar er Elevundersøkinga, nasjonale prøver og eksamensresultat aktuelle kjelder. Når skulen har fått eit kunnskapsgrunnlag, må dei bruke dette til å vurdere i kva grad elevane når måla for opplæringa. Skulen kan til dømes samanlikne måloppnåing med tidlegare målingar for skulen, andre skular og gjennomsnittleg nivå kommunalt og nasjonalt. Dette kan gje skulen eit grunnlag til å reflektere over i kor stor grad elevane har nådd måla, og om det er behov for endringar. 5
Skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa basert på konklusjonen om måloppnåing. Den skulebaserte vurderinga skal gje skulen informasjon om deira arbeid og organisering medverkar til at elevane når måla i læreplanverket. Dersom skulen konkluderer med at måloppnåinga ikkje er god nok, må skulen vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa. Vurderinga skal identifisere kva for endringar som best kan auke måloppnåinga for elevane. Skulen skal setje i verk endring dersom det er behov for det. Formålet med den skulebaserte vurderinga er å auke måloppnåinga på skulen. Når skulen gjennom vurderinga avdekkjer manglar og forbetringsområde, må han syte for å setje i verk endringar på dei områda som effektivt kan auke måloppnåinga. Skulen skal ha ein brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering. Skulen må involvere dei partane det gjeld både i analysen og i arbeidet med konklusjonen. Det er særleg viktig å involvere lærarane. Lærarar gjennomfører opplæringa og er dei som har best kunnskap om den opplæringa skulen gjev. For å kunne vurdere årsaka til ei eventuelt utilstrekkeleg måloppnåing, er synspunkta frå lærarane nødvendige. Skulen kan òg involvere elevane i arbeidet med skulebasert vurdering. Skulen vurderer elles kven som skal delta ut frå dei tema som blir tekne opp. Skulen skal ha ein rutine for når den skulebaserte vurderinga skal gjennomførast, og som samsvarer med andre rettskrav knytte til gjennomføringa (kunnskapsgrunnlag, måloppnåing, relevans, vurdering av verksemda, iverksetjing av endring og medverknad). Den skulebaserte vurderinga må planleggjast og utførast systematisk. Skulen må gjennomføre skulebasert vurdering jamleg, jf. forskrift til opplæringslova 2-1. For å sikre at dette blir teke vare på, må skulen ha ein skriftlig framgangsmåte som viser når den skulebaserte vurderinga skal gå føre seg. I utgangspunktet skal vurderinga gjennomførast årleg, men ein må bruke skjønn der tidsbruken blir vurdert opp mot det forsvarlege. Skulen må òg ha ein skriftleg framgangsmåte som gjev føringar for korleis dei skal ta vare på dei andre rettskrava knytte til gjennomføringa. 3.2 Fylkesmannens undersøkingar Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på innsendt skriftleg dokumentasjon, eigenvurderingar og opplysningar gitt i intervju av rektor, lærarar og spesialpedagogisk koordinator. 6
3.3 Fylkesmannens vurderingar Har skulen vurdert kva for kunnskapsgrunnlag som gjev relevant informasjon om alle elevgruppene når måla i læreplanen, og bruke grunnlaget til å vurdere om dei når måla? I Eid kommune sin kommunedelplan for grunnskulen for 2012-2015 er det under pkt. 5. gjort greie for kommunen sine obligatoriske kartleggingar for grunnskulen 1.-10. Det er også med eit eige punkt om fagleg støtteverktøy for 1.-7. klasse. Hjelle skule følgjer Eid kommune sitt opplegg for kartlegging, men supplerer med andre kartleggingar med tanke på eit breiare kunnskapsgrunnlag. Skulen har etablert eit system der kompemål i fag er ført opp i halvårsplanar for fag som vidare er konkretisert i mål på elevane sine vekeplanar. I samband med tilsynet har skulen levert inn fleire døme på halvårsplanar og vekeplanar for ulike klassesteg. Leiinga ved skulen skriv i si eigenvurdering at skulen gjennomfører ståstadsanalyse 2. kvart år og utarbeider årleg verksemdsplan og årsrapport. I samband med tilsynet har Fylkesmannen fått tilgang til skulen sin verksemdsplan for 2012 og 2014 som m.a. inneheld ståstadsanalyse og handlingsplan. I skulen sin verksemdsplan for 2012 går det m.a. fram at kompetansemåla skal vere tydleg kommunisert i den vurderinga som elevane får. Dette er vidare konkretisert i seks punkt der også ansvaret er tydeleggjort. I samband med ståstadsanalysen kom det fram at ein ved skulen hadde byrja å få ein for ulik vurderingspraksis. På bakgrunn av det som kom fram har ein i den seinare har arbeidd med tema innafor vurdering med tanke på å et ablere ein meir lik vurderingspraksis ved skulen. I verksemdsplanen for 2014 ser ein at dette tydeleggjort, m.a. skal lærarane dele erfaringar/vurderingspraksis i møtetid ein gong per månad, vurderingskriteria skal vere synlege for elevane, gjennom klare kriterium skal elevane kunne øve på å vurdere eige arbeid og elevane skal gjere seg erfaringar med å bruke fleire arbeidsmetodar. Ved Hjelle skulen legg ein inn resultat frå ulike elevkartleggingar i ein felles database. Skulen gjennomfører kollegarettleiing ein gong i året. Kriterier som skal nyttast er synleggjort gjennom eigenvurderingsskjema som skal nyttast under observasjon. Det same eigenvurderingsskjemaet skal også nyttast i samband med skulevandering som rektor gjennomfører med kvar lærar ein gong i året. Når det gjeld om skulen har rutinar for å vurdere i kva grad eleven når måla i IOP ar, kjem det fram av intervju at skulen følgjer kommunen sin spesialpedagogiske plan 2013-2017, m.a. gjennom jamlege møte mellom rektor, spesialpedagogisk koordinator, lærar og PPT om tilbodet treff eller ikkje. Det kjem også fram i intervju at for elevar med vedtak om spesialundervisning, jf. opplæringslova 5-1, vert elevsamtalane og utviklingssamtalane gjennomført på 7
same måten som for alle elevane. Ved avvik frå kompetansemål i fag, vert samtalane gjennomført med utgangspunkt i dei individuelle måla i elevens IOP. Vurderer skulen organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa basert på konklusjonen om måloppnåing? Ved Hjelle skule legg ein inn resultat frå ulike elevkartleggingar i ein felles database. Dette vert gjort med tanke på analyse og vurdering, m.a. å kunne samanlikne resultat frå lokale prøver med resultat frå nasjonale prøver. Gjennom intervju kjem det fram at desse resultata m.a. vert nytta som grunnlag for drøftingsmøte mellom rektor og aktuelle lærarar i forhold til opplæringa, dvs. organisering, tilrettelegging og gjennomføring. Forholdet er skriftleggjort i form av årshjul. Forholdet er også stadfesta i lærarane sine eigenvurderingsskjema og gjennom intervju Kriterier som vert nytta i samband med årleg kollegarettleiing og skulevandring er m.a. åtferd i klasserommet, rutinar, læringsmiljø, fysisk miljø og klima for læring og meisting. Gjennom intervju kjem det fram at alle er med på kollegarettleiing der ein observerer minst to gonger for året. Rektor er også involvert. Skulen har ein satt i verk fleire tiltak å sikre ein meir lik vurderingspraksis, jf. førre kontrollspørsmål. Har skulen sett i verk endring dersom det er behov for det? I Eid kommune sin kommunedelplan for grunnskulen for 2012-2015 er det gjort greie for kommunen sine obligatoriske kartleggingar for grunnskulen 1.-10. klasse. Hjelle skule følgjer Eid kommune sitt opplegg for kartlegging, men supplerer med andre kartleggingar med tanke på å kunne ha eit breiare kunnskapsgrunnlag. Leiinga ved skulen skriv i si eigenvurdering at skulen nyttar standardiserte prøver, og at ein difor i større grad kan samanlikne resultata frå lokale prøver med resultat frå nasjonale prøver. Gjennom intervju kjem det fram at resultata frå ulike prøver og kartleggingar vert nytta som grunnlag for drøftingsmøte mellom rektor og aktuelle lærarar i forhold til opplæringa, dvs. organisering, tilrettelegging og gjennomføring. Skulen sine resultat frå ståstadsanalyse har ført til at skulen har sett i verk endringar gjennom skulen sin verksemdsplan, m.a. tiltak i forhold til elevvurdering. Både gjennom skriftleg dokumentasjon og gjennom intervju er det stadfesta at resultata frå kartleggingar er kjende for dei tilsette. Leiinga ved skulen følgjer opp resultat frå ulike kartleggingar i form av relevante tiltak. 8
Har skulen ein brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering. I Eid kommune sin kommunedelplan for grunnskulen for 2012-2015 er det ei skildring av kommunen sitt system, jf. pkt. 5.3 «Brukarmedverknad», underpunkt 5.3.1 «Skildring av eksisterande system/opplegg» og 5.3.2. «Utfordringar og vurderingar». I Møteplanen for Hjelle skule for hausten 2014 syner at det ved skulen er fellesmøte kvar onsdag frå kl. 12.00 13.00 med orienteringar. For tre av møta hausten 2014 er det satt opp «vurderingsrunde». Det er også satt opp tema for nokre av teammøta, m.a. veke 35, 38 og 39: «Korleis få med vurdering på halvårsplanane». Det er også levert inn tidlegare møteplan, dvs. for våren 2014. Leiinga ved skulen skriv i si eigenvurdering at samarbeidsutvalet (SU) og foreldrearbeidsutvalet (FAU)vert orientert om resultat frå ulike kartleggingar. I samband med tilsynet er det levert inn referat frå råd og utval som syner dette, jf. møte i FAU 03.04.13 og 25.05.14, og møte i SU 15.05.14. Intervju med lærarane stadfester også at alle lærarane er involvert i skulebasert vurdering, spesielt gjennom skulen sitt arbeid med PALS 2. Det vert også peika på at det i forkant er utarbeidd sakliste med førebuing til fellesmøta. Det er lagt opp til at alle må seie noko om tema under «utvekslingsrunden». Har skulen ein rutine for når den skulebaserte vurderinga skal gjennomførast, og som samsvarer med andre rettskrav knytte til gjennomføringa (kunnskapsgrunnlag, måloppnåing, relevans, vurdering av verksemda, iverksetjing av endring og medverknad). Eid kommune v/kommunalsjef har den 02.09.2014 utarbeidd eit årshjul med utgangspunkt i opplæringslova 13-10, «Oversikt over overordna styringssystem for grunnskulen i Eid.» Årshjulet inneheld tiltak, tidspunkt, ansvar og behandling. Med utgangspunkt i kommunen sitt styringssystem utarbeider ein på skulen verksemdsplan og årsrapport. Både i rektor si eigenvurdering og i lærarane sine eigenvurderingar går det fram at ein nyttar tid på fellesmøter i arbeidet med desse. Forholda er også stadfesta gjennom intervju. Årshjulet for skuleåret 2014/15 viser at Hjelle skule har innarbeidd dei aktuelle tiltaka som gjeld skulen sitt arbeid med skulebasert vurdering, t.d. kartleggingsprøver/testar og vurdering av resultat, kollegarettleiing, arbeid med verksemdsplan, skulevandring og årsrapport. Tiltaka er tidfesta og ansvarsforholdet er tydeleggjort. I intervju kjem det fram at gjennom skulen sitt arbeid med PALS har dette letta arbeidet med skulebasert vurdering, m.a. «blitt tryggare på kvarandre» og forhold er meir «transparent». 2 Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling. 9
3.4 Fylkesmannens konklusjon Skulebasert vurdering er den jamlege vurderinga skulen gjer av si eiga verksemd og måloppnåing. Vi vurderer skulen på ein systematisk måte vurderer i kva grad elevane når både kompetansemål og individuelle mål (IOP) og set i verk aktuelle tiltak. Ein vurderer eigen praksis ved å gjennomføre ståstadsanalyse anna kvart år. Resultata frå analysen vert følgt opp med konkrete tiltak, m.a. gjennom årleg verksemdsplan for skulen. Vi ser også at aktuelle tiltak er gjennomgåande og går att i ulike dokument. Det kjem også fram både i dokument, eigenvurderingar og gjennom intervju at personalet ved skulen er involvert i prosessar der ein vurderer både resultat og tiltak. Når det gjeld kontrollspørsmåla om skulebasert vurdering, imøtekjem Hjelle skule dei aktuelle lovkrava. 4. Tilsynet er avslutta Tilsynet med skulebasert vurdering ved Hjelle skule i Eid kommune er med dette avslutta. Kommunen har rett til innsyn i saksdokumenta, jf. forvaltningslova 18. Helge Pedersen Lill Mona Solberg Anne Marte Sæle revisjonsleiar Leikanger 18.12.2014 10
Vedlegg: Dokumentasjonsgrunnlaget Følgjande dokument inngår i dokumentasjonsgrunnlaget for tilsynet: Vedlegg Dokumentasjon frå Eid kommune Datert 1 Organisasjonskart 2 Oversikt over overordna styringssystem for grunnskulane i Eid 02.09.2014 kommune 3 Administrativt delegasjonsreglement 14.06.2013 4 Kommunedelplan for grunnskulen i Eid 08.09.2011 5 Spesialpedagogisk plan 2013-2017 6 Tilstandsanalyse for grunnskulen vedtak i kommunestyret 20.06.2013 7 Referat frå rektormøta skuleåret 2013-14 ( 8 møte) Dokumentasjon frå Hjelle skule 8 Eigenvurdering skulebasert vurdering leiinga ved skulen 9 Eigenvurdering skulebasert vurdering lærargruppe 1.-4. klasse 10 Eigenvurdering skulebasert vurdering lærargrupe 5.-7 klasse 11 Verksemdsplan for Hjelle skule 2014 (Handlingsplan, ståstadsanalyse) 12 Obligatoriske kartleggingar Hjelle skule døme på data 13 Årshjul Hjelle skule 14 Halvårsplanar 15 Vekeplanar 16 Skulevandring 17 Tiltak i basisfaga 18 Døme på korleis vi arbeider med vurdering 19 Møteplan med forklaring og døme på saklister 20 Årshjul til Eid kommune 21 Elevundersøkinga 2014 22 To referat frå FAU og eitt referat frå SU 23 TOP skjema 24 Veketest 6. trinn og fredagsquiz 3. klasse 25 Verksemdsplan for Hjelle skule 2013 26 Hjelle skule sin pedagogiske årsrapport 27 Hjelle skule årsmelding 2013 Oversyn over deltakarane i tilsynet Namn Funksjon Opningsmøte Intervju Sluttmøte Harald Sivertsen Kommunalsjef X Anne-Grete Eikås Rådgjevar X Reidun Rand Hjelle Kontaktlærar 1.kl / X X spes.ped koordinator Bodil Rand Kontaktlærar 4.kl / X X leseverkstad Tom Roger Hjelle Kontaktlærar 7.kl X X 11