Handlingsplan for grunnskulen i Vestnes 2010/2011

Like dokumenter
Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Plan for kvalitetsutvikling 2011/2012

Plan for kvalitetsutvikling 2010/2011

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

1. Innleiing. Planen si oppbygging: Tresfjord, Anny Aklestad. -rektor/driftsleiar- Planen er sist oppdatert: mai 2015

"Arbeide for ein skule der alle viser ansvar, omsorg og respekt for kvarandre, og saman utviklar eit trygt og inspirerande arbeidsmiljø

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

RENNESØY KOMMUNE Oppvekstavdelinga

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

KVALITETSUTVIKLING I GRUNNSKULEN HANDLINGSPLAN Glassmaleri laga av elevar i 5.klassepå Skodvin skule i 2011/12

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Plan for kvalitetsutvikling 2012/2013

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

SAMARBEID HEIM OG SKULE

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Spenningsfeltet mellom ordinær opplæring og spesialpedagogiske tilbod

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

PRIORITERINGAR OG RETNINGSLINJER FOR VIDAREUTDANNING I GRUNNSKULEN I KVINNHERAD KOMMUNE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Erfaringsdeling

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Foreldremøte Harøy skule Vel møtt!

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Opplæringslova Juni-2017

Eigenvurdering av regelverksetterleving Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Ungdomstrinnsatsinga

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Erfaringssamling om prosjektskjønn. Spenningsfeltet tilpassa opplæring - spesialundervisning. Fylkesmannen

Årsmelding Tellnes skule 2017

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Plan for kompetanseutvikling For personalet i Nessetskolen

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: A20 &14 Arkivsaksnr.: 10/422-3

Skolebasert vurdering i Lierneskolen

Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mål- og tiltaksplan Sunndal vidaregåande skole side 1

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Mål og tiltaksplan for Sunndal vidaregåande skole

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Verksemdsplan. for. Ålvik skule

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Transkript:

Handlingsplan for grunnskulen i Vestnes 2010/2011 Vedteken av kommunetyret i Vestnes ------------

1. Innleiing Handlingsplanen for grunnskulen i Vestnes er utarbeidd med bakgrunn i vedtak i kommunestyret 19.09.2008. Planen bygger vidare på behov tilstandsrapporten viser, og på behov som er komne fram etter at administrasjonssjefen har gjennomført besøk på alle skulane. Andre dokument som er styrande for planen: Opplæringslova, Forskrift til opplæringslova, særleg Kapittel 2. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda, nytt kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskulen, St.meld.nr. 31- Kvalitet i skolen og Læreplanen for grunnskolen - LK06 Kunnskapsløftet. 2. Overordna visjon for grunnskulen i Vestnes Vi vil skape eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø - med aktive og kreative elevar - med elevar som er reflekterte og kritiske - med gode læringssituasjonar og auka læringsutbytte - med aktive og bevisste foreldre - med elevar som har medverknad i læringsarbeidet - med rom for fleksibel organisering - med vekt på samarbeid som ein viktig arbeidsmåte - med vekt på tilpassa opplæring 3. RAPPORTERING ETTER TILTAK SKULÅRET 2010/2011 3.1 Mål - Vestnes kommune skal ha godt kvalifiserte lærarar som tilfredstiller krava til kompetanse i lov og forskrift og som dekkjer det behovet Vestnes kommune har. - Det faglege nivået til avgangselevane skal ikkje ligge under gjennomsnittet for landet. - Elevane i Vestnes skal ha eit læringsmiljø mest mogleg fritt for mobbing. 3.2. Gjennomførte tiltak - Elevvurdering prosjektet med Høgskulen i Volda som fagleg rettleiar, blei formelt avslutta våren 2010. Elevvurdering har halde fram som satsingsområde skuleåret 2010/2011, og vi arbeider med felles retningsliner for elevvurderinga. - Etter- og vidareutdanning i engelsk avslutta våren 2010. - Vidareutdanning i matematikk ein lærar har fullfører 30 stp. våren 2011. - Vidareutdanning i lese- og skriveopplæring ein lærar tek mastergrad våren 2011. - Vidareutdanning i rådgjeving (yrkes- og utdanningsrettleiing) 1 lærar fullførte våren 2010. - Vidareutdanning i spansk 1 lærar fullførte våren 2010. - Vidareutdanning i fransk 1 lærar fullførte våren 2010. - Vidareutdanning i spesialpedagogikk 2 lærarar. - Vidareutdanning i skuleleiing 1 lærar. - Tidleg innsats gjennom språk og språkstimulering med fokus på overgangen mellom barnehage og skule. Har starta kurs for førskulelærarar og lærarar. - Etterutdanning for lærarar i leseopplæring. - IKT kurs for lærarar i bruken av læringsplattforma PedIT. - MOT har kome i gang igjen for ungdomssteget. - Det er sett i gang leksehjelp for 1. 4. klasse ved alle skulane. 2

- Kommunalsjef for oppvekst har deltatt på studietur til Skottland (finansiert av fylkesmannen). Tema: System for skulevurdering og kvalitetsutvikling skuleeigar si rolle. 3.3 Vurdering av tiltaka i høve til måloppnåing - Elevvurdering Skulane har halde fram med utviklingsarbeidet skuleåret 2010/2011. Arbeidet skal føre fram til ein betre vurderingskultur i tråd med ny forskrift. Ei arbeidsgruppe sett saman av skuleleiarar, lærarar, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet og kommunalsjef for oppvekst, har utarbeidd felles retningsliner for elevvurderinga i dei kommunale grunnskulane i Vestnes. Retningslinene skal gjelde frå 01.08.2011. Ved å følgje retningslinene, vil alle skulane oppfylle krava forskrift til opplæringslova, og elevar og foreldre vil få tydelegare tilbakemeldingar og betre rettleiing når det gjeld korleis elevane kan få betre læringsresultat. - Etter- og vidareutdanning for lærarane Alle planlagde etter- og vidareutdanningstiltak er gjennomført. I tillegg har lærarar frå alle skulane deltatt på etterutdanning i leseopplæring for 5. 10. årssteg. - Overgang barnehage skule Pedagogiske leiarar i alle barnehagane og lærarar i 1. og 2. klasse deltek i utviklingsprogrammet Tidleg innsats gjennom språk og språkstimulering med fokus på overgangen mellom barnehage og skule. Svært gode tilbakemeldingar etter første fagdag. Lærarane i småskulen får betre kompetanse i å tilpasse opplæringa. Barna vil kjenne seg tryggare i møtet med skulen. - Skuleleiing Ein lærar har gjennomført vidareutdanning i skuleleiing (30 stp), og held fram med studium i offentleg administrasjon og leiing. - Hindre fråfall i vidaregåande opplæring Skulane følgjer lokal læreplan for faget utdanningsval. Instruksar for rådgjevar (yrkesog utdanningsrettleiar), kontaktlærar og faglærar regulerer kven som skal gjere kva i dette faget. Gjennomføringa av denne planen vil gje elevane eit betre grunnlag for å velje rett utdanningsprogram i vidaregåande skule. Niandeklassingane ved to skular har gjennomført Gründercamp. Ungdomsrådet arrangerte yrkesmesse for elevane på 10. årssteg hausten 2010 i samarbeid med Vestnes næringsforum. - Handtering av mobbing Elevundersøkinga viser at vi ikkje har nådd målet om ein skule fri for mobbing, sjølv om alle skulane har handlingsplanar mot mobbing. Desse planane inneheld førebyggjande tiltak og metodikk når mobbing blir oppdaga. To lærarar ved kvar skule har opplæring i ein metodikk for å handtere mobbing. Resultat frå elevundersøkinga og lokale trivselsundersøkingar blir gjennomgått nøye og tiltak blir sett i verk i tråd med innlært metodikk. - Heim/skule samarbeid Det kommunale foreldreutvalet har følgt opp satsinga på haldningsskapande arbeid gjennom å arrangere temakveldar for foreldra til elevane i 10. klasse. Tema: Rusførebyggjande arbeid. FAU ved ein skule har arrangert foreldremøte der temaet var grensesetting. 3

- Leksehjelp Tilbakemeldingane viser at dette ikkje fungerer optimalt. Finansieringa frå staten legg opp til at leksehjelpa skal gjevast av assistentar i forholdsvis store grupper. Vestnes kommune har ikkje midlar til å styrke leksehjelpa med utdanna pedagogisk personale. - Sjukefråvær Sjukefråværet for dei tilsette i skule og SFO har gått ned: 9,45% i 2008, 6,65% i 2009 og 6,1 i 2010. Dette er godt under gjennomsnittet for kommunen (9,5%). Elevfråværet er på same nivå som i 2009, og ikkje spesielt høgt. 4. Skulebasert vurdering 4.1 Skulebesøk Som ein del av den skulebaserte vurderinga, har skuleeigar gjennomført møte med leiinga og plangruppene ved skulane. Skuleeigar sine besøk ute på skulane blei organisert slik: Møte mellom leiinga ved skulen og kommunalsjef for oppvekst. Møtet tok utgangspunkt i rapportane leiinga hadde fått inn etter refleksjonar i lærargruppene over utsendte utsegner. Utsegnene var knytte til skulen sitt arbeid med elevvurdering. Tidsramme: 2 timar. Administrasjonssjefen og kommunalsjefen møtte plangruppa ved skulen. Her blei verknader av både politiske og administrative vedtak drøfta. Elles var det fokus på sterke sider ved skulen (det skulen er god på), og på utfordingar. Tidsramme: 1 2 timar. Besøka er ein del av internkontrollen, og rapportane etter besøka er lagt ut på http://vestnes.pedit.no under Skulebasert vurdering. 4.2 Plan for kvalitetsvurdering i grunnskulen Det er utvikla ein plan for kvalitetsvurdering. Denne planen stettar krava i Opplæringslova 13.10 der det går fram at kommunen skal ha. system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Planen er lagt ut på http://vestnes.pedit.no under Planar. Årshjulet for grunnskulen i Vestnes er ein del av planen. 5. Kompetansebehov 2010 2013 5.1 Kartlegging Det blei gjennomført kompetansekartlegging av alle tilsette i 2009. Dette, saman med behov som dukkar opp etter kvart som fleire lærarar når pensjonsalderen, utløyser behovet for kompetanseutviklinga. Vi vil prøve å gjere oss nytte av Strategi for vidareutdanning av lærarar. I dette programmet (også kalla 40-40-20 ordninga), betaler staten 40 % av vikarutgiftene ved vidareutdanning, kommunen betaler 40 %, og læraren må yte 20 % arbeid. Staten betaler i tillegg studieavgiftene til høgskular og universitet, medan kommunen må dekkje utgifter til reise og opphald i tillegg til sin del av vikarutgiftene. 4

5.2 Kompetanseutvikling på sentrale satsingsområde Dei sentrale satsingsområda skuleåret blir leseopplæring og innføring av Trivselsprogrammet. Vi vil også halde fram arbeidet med å utvikle ein læringsfremjande vurderingskultur i tråd med statlege føringar. Sjå elles oversikt under punkt 6.1 nedanfor. 5.3 Styrking av fagkompetansen Kompetansekartlegging, meldingar frå driftsleiarane, resultat på nasjonale prøver og eksamensresultat, tyder på at vi treng kompetanseheving i leseopplæring, matematikk og spesialundervisning. Vi har ikkje kapasitet til mange satsingsområde om gongen. Derfor har vi valt å satse tungt på leseopplæringa komande skuleår. Lesing er ei grunnleggjande ferdigheit. Når elevane blir flinkare i lesing, vil dette lette arbeidet i alle fag. 6. Handlingsplan Satsingsområda i den kommunale handlingsplanen gjeld alle skulane. I tillegg har skulane sine eigne kvalitetsutviklingsplanar som er utarbeidde med utgangspunkt i skulane sine ulike behov. 6.1 Kompetanseutvikling finansiert av stat og kommune grunnlag for søknad om midlar til etterutdanning. 5

Tema Tiltak Mål for satsinga Når Kommunal finansiering Statlege midlar til etterutdanning Leseopplæring Innføring av SOL systematisk oppfølging av lesing. Utdanning av to til tre ressurspersonar ved kvar skule. Ressurspersonane skal lære opp dei andre lærarane. - Styrke elevane sine leseferdigheiter - Kompetanseheving av lærarane - Følgje opp leseopplæringa gjennom alle 10 åra - Verkty for tilbakemelding til elevar og foreldre Haust 2011 Vår 50.000 100.000 Elev vurdering Innføring av felles retningsliner for elevvurderinga ved dei kommunale grunnskulane. Opparbeide ny og betre vurderingskultur som igjen skal sikre elevane betre tilpassa opplæring ved å: - Betre undervegsvurderinga - Gje gode halvårsvurderingar i alle fag og i orden og åtferd på alle årssteg - Styrke elevane sin kompetanse i eigenvurdering - Betre den faglege rettleiinga til elevane Haust 2011 Vår Fråfall i vidaregåande opplæring Gjennomføre lokal plan for faget utdanningsval. Møte mellom oppfølgingstenesta og rådgjevarane. Delta i programmet NY Giv Yrkesmesse or elevane på 10. årssteg - Gjere elevane betre rusta til å velje rett studieretning i vidaregåande opplæring - Redusere fråfallet i vidaregåande opplæring - Styrke elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i norsk, matematikk og engelsk 1011/ Haust 2011 Grüdercamp Vår 6

Tema Tiltak Mål for satsinga Når Kommunal finansiering Statlege midlar til etterutdanning IKT Kurs for nye lærarar i PedIT Utprøving av vurderingsverktyet i PedIT Kompetanseheving av lærarane slik at dei kan utnytte læringsplattforma til beste for elevane: - Arbeidsplanar - Gjere oppgåver i PediT - Gje elevane respons på oppgåvene - Prøve ut vurderingsverkty i PedIT - Linkar til digitale læringsressursar i ulike fag 10.000 Ny versjon av Kartleggingsportalen To lærarar deltek på brukarforum - Lik registrering av kartleggingsprøvene ved alle skulane - Betre oppfølging av kvar enkelt elev i lesing, matematikk og engelsk - Rapportar til alle i utdanningssystemet 12.000 7

Tema Tiltak Mål for satsinga Når Kommunal finansiering Statlege midlar til etterutdanning Heim/skule samarbeid IKT: Ta i bruk kontaktboka i PedIT - Fleire skal ta i bruk den digitale kontaktboka i PedIT i kommunikasjonen med heimane - Skolering av foreldre i klasseforeldremøte Vurdering : Følgje nye kommunale retningsliner - Tydelege halvårsvurderingar i alle fag på alle årssteg som grunnlag for foreldresamtalen Haldningsskapande arbeid MOT i samarbeid med Barne- og ungdomstenestene. - Vidareføring av MOT på ungdomssteget slik at elevane får mot til å gjere sjølvstendige val Prosjekt -midlar Mobbing Trivsel FAU ved skulane arrangerer møte for føresette til elevar på ungdonssteget Rullering av skulane sine handlingsplanar mot mobbing Alle skulane skal delta i Trivselsprogrammet Elevar som trivselsleiarar Førebu flytting av ungdomsskuleelevane frå Tresfjord til Helland. Samkøyring av planar. Tiltak for at elevane skal bli kjende med kvarandre. - Førebygge mot rus blant ungdom - Betre læringsmiljø for elevane - Kontinuerleg arbeid for å redusere mobbing - Sikre elevane sine rettar i 9A i opplæringslova - Auke trivselen gjennom å legge til rette for positive aktivitetar i friminutta - Godt læringsmiljø for alle elevane på ungdomssteget frå Tresfjord og Helland - God prosess når lærarar må skifte arbeidsstad 2011-2014 Skulestruktur 2011- Prosjekt -midlar 40.000 70.000 8

Tema Tiltak Mål for satsinga Når Kommunal finansiering Statlege midlar til etterutdanning Tidleg innsats Kompetanseheving av førskulelærarar i barnehagane og lærarar i 1. - 4. klasse i samarbeid med PPtenesta i romsdalsregionen (RPPT) To fagdagar med nettverksarbeid mellom fagdagane - Auke kunnskapen om språk og språkutvikling som grunnlag for leseog skriveutvikling - Auke samhandlinga mellom barnehage og skule - Auke kunnskapane om lov- og rammeverk i barnehage og skule - Kvalitetssikre overgangen barnehage - skule 40.000 50.000 7. Kompetanseutvikling 2011 2013 7.1 Kompetanse på sentrale satsingsområde Innføringa av verktyet SOL, systematisk oppfølging av leseopplæringa på alle årssteg, skal implementerast over ein toårsperiode. Trivselsprogrammet har rettleiing frå Trivselsleder AS ut skuleåret 2013/2014. Deretter skal skulane ha kompetanse til å vidareføre programmet med eigne ressursar. 7.2 Kompetanseutvikling i fag Vi vil prøve å gjere oss nytte av Strategi for vidareutdanning av lærarar. I dette programmet betaler staten 40 % av vikarutgiftene ved vidareutdanning, kommunen betaler 40 % og læraren må yte 20 % arbeid. Staten betaler i tillegg studieavgiftene til høgskular og universitet medan kommunen må dekkje utgifter til reise og opphald i tillegg til sin del av vikarutgiftene. Det er ein føresetnad at skulesektoren må få tilført midlar i budsjettet om dette skal la seg gjere. Ein lærar tek vidareutdanning i spesialpedagogikk. 20111/. Prioriterte fag seinare: Matematikk og naturfag. 8. Årshjulet Årshjulet som er ein del av Vestnes kommune sin Plan for kvalitetsvurdering, må ein også sjå som ein del av handlingsplanen. MÅNAD AKTIVITET/RUTINE FRIST MERKNAD Januar Rekneskapsavslutning 15.01. System for kvalitetsvurdering Innspel, korrigering Evaluering/revisjon/ 9

MÅNAD AKTIVITET/RUTINE FRIST MERKNAD oppdatering ( 13-10) Halvårsrapportar spes.u Skueleiarmøte 15.01. Februar Årsmelding tenesteområdet Søknader om spesialundervisning Oversikt søknader spes.u. til kommunalsjefen Skulebesøk Kvalitetssamtalar og medarbeeidarsamtale Kommunestyret får presentert resultata frå dei nasjonale prøvene, på skulenivå og kommunenivå Mars Kartlegging : Carlsten Sakkunnig vurdering Søknader : Overføring, permisjon, stillingsstorleik Utlysing ledige stillingar Skulebesøk Kvalitetssamtalar og medarbeidarsamtale Plan for kvalitetsutvikling/handlingsplan Ressursgjennomgang/drøfting April Enkeltvedtak Kap. 2 og kap. 5 Plan for kvalitetsutvikling/handlingsplan (komm.) Kartleggingsprøve Innstillingsmøte Tilsetting, permisjonar overføringar Brukarundersøkingar Mai Juni GSI Kvartalsrapportering Kartleggingsprøve Klagebehandling, enkeltvedtak Eksamen Leiarsamtale Førskuledagar Eksamen Halvårsrapportar spes.u. Brukarundersøkingar 01.03. 01.02 15.02. 15.03 01.03. 15.03. 01.04. 01.05. 01.05. Veke 17 Veke 17 Veke 18 Før 01.05. 02.05. 15.05. 20. juni Adm.sjef, kommunasjef, driftsleiar og plangruppe PPT Adm.sjef, kommunasjef, driftsleiar og plangruppe Skulane sine planar 2-8, 5-1 Politisk behandling Rekning 2. årssteg Elev-, foreldre- og lærarundersøkinga Lesing 1., 2.og 3. årssteg Sjå pkt. 3.1., kommunal frist Skriftleg eksamen Adm.sjef -einingsleiar Munnleg eksamen Instruks Analyse/drøfting 10

MÅNAD AKTIVITET/RUTINE FRIST MERKNAD Juli August Kvartalsrapportering/halvårsrapport 15.08. September Kartlegging : Carlsten og, M-prøvene Nasjonale prøver Sept. Veke 36-39 Oktober November Ped. drøfting av resultata frå kartleggingsprøvene Drøfting av resultata frå dei nasjonale prøvene Vurdering, tilvising, oppmelding, Kap.5 GSI - rapportering Kvartalsrapportering Budsjettarbeid Nasjonale prøver 01.10. 15.10. Rektor/personalet Teljedato Gjennomgang/analyse Desember Statusrapport og handlingsplan for grunnskulen GSI Drøfting av disposisjon prioriteringar Gj.gang/drøfting av rapportar 11