VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: G00 Arkivsaksnr.: 2009/1366 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 07.01.2010 Samhandlingsreforma - oppretting av arbeidsgruppe i Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes kommunestyre opprettar ei arbeidsgruppe med ansvar for å følgje opp Samhandlingsreforma lokalt i Vestnes kommune. Gruppa blir samansett slik: 2 politikarar: 1 representant frå Eldrerådet 1 tillitsvalt Frå administrasjonen: Leiar av sjukeheim/trygdeheim Greta Bjerke, ass.driftsleiar Jørgen Wiik, kommuneoverlege Magnus Elgsaas, adm.sjef Tone Roaldsnes. Administrasjonssjefen leiar arbeidet i gruppa. Kommunestyret må vurdere om gruppesamansetjinga skal endrast etter valet i 2011. Mandat: Arbeidsgruppa skal ha eit lokalt fokus på korleis vi skal løyse utfordringane denne reforma gir Vestnes kommune. Gruppa skal gi råd til administrasjonssjef og politiske organ om korleis vi kan legge til rette for gode og framtidsretta løysingar til det beste for innbyggarane. SAKSUTGREIING: I denne saka vil adm.sjefen berre kort kome inn på hovudtrekka i Samhandlingsreforma. Det vil bli gitt ei munnleg orientering til kommunestyret i møte 18.februar. Hovudintensjonen med denne saka er å få presentert behovet for å opprette ei lokal arbeidsgruppe.
Bakgrunn: I juni 2009 la regjeringa Stoltenberg fram Stortingsmelding nr 47; også kalla Samhandlingsreforma. Undertittel: Rett behandling på rett sted til rett tid. Stortingsmeldinga i elektronisk versjon finn ein her: http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-47-2008-2009-.html?id=567201 Dersom hovudlinjene i stortingsmeldinga vert politisk vedtekne av Stortinget, vil dette vere ei av dei største reformene i moderne tid. Hovudfokus for reforma er dagens og framtidas helse- og omsorgsutfordringar. Stortingsmeldinga har både eit pasientperspektiv og eit samfunnsøkonomisk perspektiv. I pasientperspektivet vert det fokusert på at manglande samhandling gjer at pasientane ikkje får dekt behovet for koordinerte tenester. I det samfunnsøkonomiske perspektivet er det fokusert på at dagens utgiftsvekst innan helse og omsorg ikkje vil vere økonomisk berekraftig på lang sikt. Utgiftene pr innbyggar i Noreg er svært høge samanlikna med andre land. Det kan ikkje dokumenterast at kvaliteten er betre. Stortingsmeldinga inneheld mange forslag til omfattande grep av organisatorisk og økonomisk art. Det er verdt å merke seg at denne mykje omtalte reforma hittil berre er behandla i ei stortingsmelding. Saka er endå ikkje drøfta formelt i Stortinget. Dette vil skje i april i år. For å førebu reforma vil det bli lagt fram forslag til lovendringar allereie i 2010 (Endringar i kommunehelsetenestelova). Det vil også kome framlegg om ny Nasjonal helseplan. Det føreligg planar om at dei mest omfattande endringane vil tre i kraft frå 2012. Dette er endringar i den økonomiske fordelinga mellom kommunar og helseføretak. Kommunenes Sentralforbund (KS) fokuserer på at kommunane no må førebu seg på reforma og at tida er knapp. Interkommunalt samarbeid vil vere avgjerande for at kommunane skal kunne løyse dei nye oppgåvene dei vert pålagte. Fylkesmøtet for KS Møre og Romsdal gjorde ut frå dette følgjande vedtak på årsmøtet den 22.oktober 2009: Fylkesmøte i KS Møre og Romsdal ber kommunene i Møre og Romsdal å finne sammen i drøftinger på hvordan man skal løse utfordringene i Samhandlingsreformen, i et fellesskap til det beste for innbyggerne i fylket. Rauma kommune v/ordførar og rådmann har invitert Vestnes kommune v/ordførar og rådmann til samtalar om samarbeid. Første møte fann stad i Rauma 5.november 2009. Begge partar var innstilte på vidare drøftingar. Initiativet ligg no hos Vestnes kommune. Arbeidsgruppe i Vestnes: Kommunane vil få endra og auka oppgåver dersom samhandlingsreforma vert gjennomført i tråd med føringane i stortingsmeldinga. Det vil vere avgjerande å ha eit lokalt fokus på korleis vi skal løyse desse utfordringane. Det er viktig at det blir breidde i vurderingane og at det ikkje berre er administrasjonssjefen og fagfolk som set seg inn i saka. Arbeidsgruppa må ha som oppgåve å vere tilstades i møte og konferansar om temaet, vurdere politiske føringar, administrative endringar og evt vere med å vurdere interkommunale løysingar.
Innhaldet i samhandlingsreforma: Utfordringane i helse- og omsorgstenestene vert beskrive slik: Utfordring 1: Pasientenes behov for koordinerte tjenester besvares ikke godt nok fragmenterte tjenester (fragmentert = usamanhengande/oppdelt) Det er i dag få system som er retta inn mot heilheita i dei tenestene som skal svare på pasientane sine behov for koordinerte tenester. Derimot har vi mange system som er retta inn mot dei ulike deltenestene. Dette kan gjelde både på kommunenivå og på nivået for spesialisthelseteneste. Vi har usamanhengande organisatorisk inndeling, separate lovverk, ulike finansieringsordningar og manglande nasjonal samordning av IKT-system. Utfordring 2: Tjenestene preges av for liten innsats for å begrense og forebygge sykdom Helsetenesta har stort fokus på behandling av sjukdom og seinkomplikasjonar og er mindre innretta på å førebygge og å mestre og redusere kronisk sjukdomsutvikling. I prioriteringssituasjonane viser det seg gjerne at førebygging og tidlig innsats taper i kampen mot dei meir spesialiserte og eksponerte tenestene. Dette gjeld både på kommunenivå og innan andre- og tredjelinjetenestene. Utfordring 3: Demografisk utvikling og endring i sykdomsbildet gir utfordringer som vil kunne true samfunnets økonomiske bæreevne Desse utfordringane må møtast med djuptgripande og langsiktige tiltak. Helse- og omsorgssektoren må drivast endå meir effektivt og det politiske miljøet må vere budd på nye og meir krevande prioriteringar. Demografi- og sjukdomsutviklinga i Noreg er, i likheit med andre Vest- europeiske land, i stor endring. Det blir fleire eldre og fleire med kroniske og samansette sjukdomstilstandar. Kols, diabetes, demens, kreft og psykiske lidingar er sjukdommar som er i sterk vekst. Dette utgjer samstundes grupper med store og aukande samhandlingsbehov. Stortingsmeldinga sine svar på utfordringane: Hovudgrep1: Endra pasientrolle og pasientforløp. Forløp er den kronologiske kjeden av hendelser som utgjør pasientenes møte med ulike deler av helse- og omsorgstjenestene. Gode forløp kjennetegnes ved at disse hendelsene er satt sammen på en rasjonell og koordinert måte for å møte pasientenes ulike behov. (side 15 i meldinga) Systemtiltak på alle nivå som gjeld samordning vil vere avgjerande for å lukkast med reforma. Eitt vesentleg tiltak som er føreslått er at alle pasientar med behov for koordinerte tenester skal ha éin (1) kontaktperson i helse- og omsorgstenesta. Denne skal bistå med koordineringa på alle nivå. Koordineringa skal skje med utgangspunkt i kommunehelsetenesta. Hovudgrep 2:
Ei ny framtidig kommunerolle Dei mest omfattande føreslåtte endringane er knytta til kommunane. Såleis er dette i stor grad ei kommunereform. Det som er omtalt i meldinga er oppgåver som regjeringa vil vurdere å legge til kommunane. Kva oppgåver, omfanget av desse, og tidspunkt for iverksetting vil regjeringa ta stilling til etter at stortingsmeldinga er behandla av Stortinget (april 2010). Dette vil gjelde både oppbygging av eksisterande oppgåver, utvikling av nye tenestetilbod og flytting av oppgåver frå spesialisthelsetenesta. Dei oppgåvene som blir vurderte kan forenkla delast i to hovudkategoriar; a) kompetansekrevande funksjonar b) administrasjons- og systemoppgåver. Kompetansekrevande funksjonar er ofte av tverrfagleg art og vil i stor grad kreve spesialisert kompetanse. Dette kan vere tenester både i og utanfor institusjon. Aktuelle døme på framtidige kommunale oppgåver: 1. Tilbod før, i staden for og etter sjukehusopphald: døgnplassar for observasjon, etterbehandling, lindrande behandling, rehabilitering og habilitering Dette er kanskje dei oppgåvene som vil verte mest omfattande og kompetansekrevande. Her vil nok alle kommunar med innbyggartal under 20 000 måtte vurdere ulike former for interkommunale samarbeid. Dette gjeld behandling av pasientar med funksjonssvikt, smertebehandling, lindrande (palliativ) behandling, forverring av diabetes, kols, infeksjonar, ernæringssvikt, medikamentjusteringar, personer med psykiske lidingar og/eller rusproblem. I gitte situasjonar skal dette behandlast i døgnplassar i kommunen i staden for innlegging i sjukehus. Dette gjeld: * Observasjon for å avklare behovet for innlegging i sjukehus. * Etterbehandling og rehabilitering etter sjukehusopphald før utskriving til eigen heim. * Det vil også bli vurdert om slike døgnplassar kan gi tilbod til dialyse- og respiratorpasientar. 2. Tverrfaglege team, herunder ambulante team Det er i dag etablert ein del kommunale ambulante team knytta til ulike innsatsområde; mellom anna diabetes, demens, førebygging og lindrande behandling. I det vidare arbeidet må det vurderast å bygge opp fleire ambulante tverrfaglege team i kommunane. Dette kan gjelde team med eit særskilt fokus på ernæring og helse (samfunnsmedisin), diabetes, kols, rehabilitering, habilitering, demens og lindrande behandling, psykisk helse og rus. Vidare utbygging av ambulante team i kommunal sektor vil kunne sikre større grad av nærleik til det kommunale tenesteapparatet og til den einskilde brukar. Ambulante team i kommunal samanheng vil bidra til å bygge opp et tverrfagleg kompetansemiljø i kommunene. Kommunale tverrfaglege team vil også kunne utgjere eit samla mottakspunkt for veiledning og fagleg hjelp frå spesialisthelsetenesta. Ordninga med ambulante team vil venteleg redusere behovet for døgnbehandling. Dette er klart eit område der kommunane bør samhandle og etablere interkommunale team.
3. Lærings- og mestringstilbod og eigenbehandling Kommunane vil i langt større grad få ansvar for førebygging. Dette vil utgjere ein sentral del av folkehelsearbeidet. Lavterskeltilbod om røykeslutt, kosthald/ernæring og fysisk aktivitet til risikogrupper som står i fare for å utvikle livsstilsjukdommar. Tilbodet kan også vere innretta mot grupper i faresona der siktemålet er å hindre vidareutvikling eller tilbakefall til vanskelege livssituasjonar eller sjukdom. Oppgåvene kan omhandle kurstilbod og sjølvhjelpsgrupper. 4. Psykisk helsevern og rus: Menneske med rusproblem og psykiske vanskar treng i stor grad både lavterskeltilbod samordna behandlingstilbod frå hjelpeapparatet. I meldinga vert det lagt vekt på at det i Noreg er for omfattande bruk av institusjonsplassar både innan rus og psykiatri, og at det er forsterka butilbod i kommunane pasientane treng. Meldinga legg vekt på auke i følgjande tilbod til denne gruppa: * førebygging, tidlig intervensjon og lavterskeltilbod * forsterka bu- og tenestetilbod i kommunen ved psykiske lidingar * ambulante team * lavterskel helsetilbod til rusavhengige Hovudgrep 3: Etablering av økonomiske incentiv Regjeringa vil innføre 3 hovudgrep på finansieringsområdet: 1. Innføre kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta. 2. Overføre det økonomiske ansvaret for for utskrivingsklare pasientar ved sjukehusa til kommunane. 3. Auke graden av rammefinansiering av spesialisthelsetenesta. Utfordringar i forhold til dette: Det blir vurdert tre ulike innretningar av modellen. Ei generell medfinansiering for alle diagnoser og aldrar, ei avgrensing knytta til diagnose, og ei aldersbasert avgrensing. Kommunal medfinansiering inneber at kommunane får eit økonomisk medansvar for behandling i spesialisthelsetenesta. Dette skal finansierast ved å overføre til kommunane delar av dei tilskota som i dag går direkte til dei regionale helseføretaka. I utgangspunktet blir ein medfinansieringsdel på 20 prosent ved alle innleggingar vurdert. Endra finansieringsmodell er tenkt innført frå 2012!! I utgreiingsarbeidet vidare skal det fokuserast på korleis ein skal unngå urimelege utslag av ei slik ordning. Det kan gjelde økonomisk risiko for småkommunar. Korleis kan ein unngå at dette får ukontrollerte utslag i enkeltkommunar? Ein skal også vurdere utslaga for pasientane. Det skal framleis vere dei same aktørane som sørger for innlegging i sjukehus. Kommuneestyret, som i dag berre skal ha kontroll på økonomisk forbruk av tenester til pleie og omsorg, vil få betydelege utfordingar med økonomistyring.
I meldinga kjem desse utfordringane fram (side 103) Kommunane må kunne påverke omfanget av innleggingar og behandling. Kommunane/samarbeidande kommunar må ha tilstrekkeleg storleik til å kunne handtere risiko. Forventa gevinst som følgje av medfinansieringa åleine må kunne vege opp for risikoen knytta til ei så stor omlegging. Risiko: økonomisk risiko for kommunane, auka kompleksitet i systemet, omsynet til overordna styring av ein stor og tung sektor, faren for spel mellom aktørane mm. Kommunane må ha tilstrekkelege verktøy i form av både ressursar, kompetanse, kommunal styring over fastlegane og relevante øvrige oppgåver. Ordninga må vere enkel og oversiktleg både for kommunane og sentrale styresmakter. Vidare må ordninga vere kostnadseffektiv: besparelsane ved auka kommunal innsats må vere større enn transaksjonskostnadene ved ei betalingsordning (faktureringssystem) som omfatter pasientbehandling i spesialisthelsetjenesta. Vurdering: Samhandlingsreforma gir assosiasjonar til NAV-reforma: Alle er samde om målsettingane. Strukturendringane som krevst er likevel omfattande og viser at vegen til målet er lang og kronglete. Det same gjeld samhandlingsreforma. Reforma kan bli vanskeleg å gjennomføre med den kommunestrukturen vi har i dag. Små kommunar får utfordringar med å skaffe nok kompetanse på alle område. Dersom ein ikkje har nok kompetanse sjølv, må ein inngå samarbeid. Her vil det bli kravd betydeleg kompetanse av juridisk og økonomisk art i kommunane for å kunne inngå avtalar med ulike aktørar (andre kommunar, private aktørar og helseføretak). Vi ser i dag at helseføretaka allereie no bruker store ressursar til å førebu seg strategisk til å gjennomføre reforma. Kommunane bruker tida til å sondere samarbeidsretningar og unngå svarteper. Alle ønskjer å kome styrka ut ved å kunne tilby at samarbeidstiltak kan bli liggande i eiga kommune. Grunnlaget for reforma er at utgiftene til helsetenester har skote i veret dei 10 siste åra. Staten har behov for å redusere utgiftseksten. Skal kommunane få ansvaret for kutta? Vi har ikkje erfaring med at nye reformer er fullfinansierte. Dei blir etterkvart lagt inn i ramma. Politisk sett er vel dette den største utfordringa i lokaldemokratiet si samhandling med Stortinget. Pr. 25.januar 2010 har KS gått ut med melding om at organisasjonen støttar delar av reforma og at ho gir kommunane nye muligheiter. KS signaliserer likevel allereie no at ein går imot ei generell medfinanisering på 20% for alle sjukehusinnleggingar. Den politiske debatten både lokalt og nasjonalt vil vise retninga denne reforma får i den vidare saksbehandlinga. Føreliggande sak gir berre eit bilete av situasjonen pr januar 2010. Særutskrift til: