Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet 09.06.2015 044/15 Kommunestyret 18.06.2015 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 14/709-14 Reguleringsplan masseuttak Torvmo Kort samandrag: Saka gjeld slutthandsaming/godkjenning av Detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo. Planframlegget legg til rette for etablering og uttak av inntil 350 000 m3 sprengt stein. Formålet med planframlegget er å trygge tilgang til stein som byggeråstoff samt deponere tunnelmassar. Etterbruken er regulert som naturformål. Rådmannen si tilråding: Lærdal kommunestyre godkjenner i samsvar med 12-12 i plan- og bygningslova Detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo (datert 26.03.2015). 09.06.2015 Formannskapet Tilleggsforslag: Framlegg frå Jan Olav Fretland: Lærdal kommunestyre godkjenner ikkje framlegg til Detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo (datert 26.03.2015). Røysting: Framlegg frå Jan Olav Fretland vart samrøystes vedteken.
FS-097/15 Vedtak: Lærdal kommunestyre godkjenner ikkje framlegg til Detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo (datert 26.03.2015). 18.06.2015 Kommunestyret Framlegg frå Olav Grøttebø V: Kommunestyret støttar rådmann si tilråding. Røysting: Framlegget frå Olav Grøttebø vart samrøystes vedteke. KS-044/15 Vedtak: Lærdal kommunestyre godkjenner i samsvar med 12-12 i plan- og bygningslova Detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo (datert 26.03.2015). Vedlegg: Massuttak Torvmo - Reguleringsplan til offentleg ettersyn Ros analyse Kart Reguleringsplan Torvmo Reguleringsplan for masseuttak ved Torvmo. Oppsummering og vurdering etter offentleg ettersyn Relevante dokument i saka Kommunedelplan for Filefjell Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan- og bygningslova
Saksutgreiing Saka gjeld slutthandsaming/godkjenning av Detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo i samsvar med 12-12 i plan- og bygningslova. Saka vart med heimel i 3-7 i plan- og bygningslova lagt ut til offentleg ettersyn av Statens vegvesen. Planframlegget låg på høyring i perioden 26. april 2015 til 13. mai 2015. Statens vegvesen har motteke 3 merknader. Det er ikkje sett fram motsegn til planframlegget. Bakgrunnen for planarbeidet, er ny krav til oppbygginga av veg samt geologisk rapport som syner at deler av massane frå tunnelen over Filefjell er dårleg eigna som byggeråstoff til veg. Reguleringsplanen skal sikre uttak av steinmassar til bruk ved bygging av E16 frå Varpe bru til Smedalsosen. Plana omfattar to områder for uttak av stein og deponering av massar. Det kan samla takast ut inntil 350.000 m3 sprengt stein. Faktisk omfang vil verte i samsvar med massebehov for ferdigstilling av veganlegget. Det er lagt inn rekkefølgjeføresegner som styrer uttaksrekkefølgja. Etter uttak skal det fyllast tilbake massar, og terrenget formast. Regulert etterbruk er naturformål. Spørsmålet om KU vart vurdert ved oppstart av planarbeidet. Det vart konkludert med at planarbeidet ikkje fall innanfor virkeområdet til forskrifta om KU. Statens vegvesen har motteke 3 merknader. Det er ikkje sett fram motsegn til planframlegget frå styresmakter med mynde til å sette fram motsegn. Gjennomgangen av merknadane syner at fylkesmannen er oppteken av at området vert revegetert medan grunneigar ønskjer å kunne nytte noko av massane som vert deponert frå tunnelanlegget som byggeråstoff. Nedanfor er innhaldet i merknadane samt Statens si vurdering av desse kort oppsummert. For nærmare gjennomgang av merknadane, vert det synt til dokumenta i saka. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til at uttaket vil vere eit stort landskapsinngrep i eit sårbart område. Avbøtande tiltak er innarbeidd i planframlegget og gjer at området over tid vert revegetert. Ut frå samfunnsnytten finn dei uttaket akseptabelt. Dei føreset at kommunen ser til at funna i ROS-analysen vert fullt opp i planføresegnene. NVE har ikkje merknader til planframlegget. Grunneigarane på Brusestølen som også er eigarar på Torvmo ønskjer at planframlegget vert endra slik at dei over ein periode på vel 10 år kan ta ut om lag 20.000 m3 deponerte massar til bygging av veg og for tomteteknisk arbeid i hyttefeltet på Brusestølen. I gjennomgangen av merknadane frå grunneigarane på Brusestølen syner Statens vegvesen til uttala frå fylkesmannen om at uttaket vert eit stort inngrep som dei ønskjer avgrensa mest mogeleg. På bakgrunn av merknadane frå fylkesmannen til oppstart vart det lagt inn fleire krav til gjennomføringa i føresegnene. Vidare vert det synt til at deponia stort sett vil femne om typar lausmassar som ikkje kan nyttast til
vegbygging, som t.d. laus morene, myrjord og finstoff sortert ut frå sprengt stein. Statens vegvesen frårår at planframlegget vert endra med utgangspunkt i merknadane frå grunneigarane. Det grunnar dei i at grunneigar sjølv er lite tent med løysinga. Tilhøve til overordna plan og vedtak: Formannskapet gav den 14. august 2012 i sak 106/12 løyve til etablering av massedeponi i området. Saka vart handsama som dispensasjonssak. Planspørsmålet vart handsama av kommunestyret i Lærdal den 16.10.2014 i sak 062/14, og det vart gjort vedtak om at kommune stilte seg positiv til oppstart av reguleringsplan for Torvmo. Kommunedelplan for Filefjell vart vedteken den 12. mai 2005 i sak 014/05. Området er i den plana sett av som landbruks- natur- og friluftsområde. Arealet grensar inn til sidearealet til regulert veg og ligg delvis i tiltakssona til veganlegget. Økonomiske konsekvensar Er ikkje vurdert. Vurdering Innhaldet i plana og vesentlege verknader av planframlegget er omtalt i planomtalen. I vurderinga er det sett fokus på punkt som er påpeikt i uttalene til planframlegget som låg ute til offentleg ettersyn. Det er to forhold som det er peikt på. Grunneigarane har sett fram ønskje om å få ta ut massar som skal nyttast til opparbeiding av hyttefelt (planavklart), medan fylkesmannen ber kommune om å sjå til at funn i ROS-analysen er følgt om i planføresegnene. Det er etablert fleire hyttefelt på Filefjell. Stein er ein viktig ressurs ved tilrettelegging for utbygging. I området er det ikkje lagt til rette for uttak, og massar må transporterast inn. Veganlegget representerer eit terrenginngrep over ei lang strekning. Gjennom reguleringsprosessen er omfanget utvida frå 250.000 m3 til 350.000 m3. Ønskje frå grunneigarane femna om eit uttak på 20.000 m3. Gjennom arbeidet med oppstart av planarbeidet vart det vurdert om planarbeidet ville kunne få vesentlege verknader og fall innanfor virkeområde i forskrifta om KU. Verdiane i området er knytt til område sin verdi for friluftsliv. Det er ikkje avdekt naturmiljø i område med regional eller nasjonal verdi. Landskapet har på linje med anna landskap verdi. Det er ikkje avdekt gjennom omtala eller komme fram supplerande opplysningar gjennom uttalers som tilseier at planframlegget får vesentlege verknader. Uttak reiser to utfordringar. Statens vegvesen peikar for det fyrste på at det ikkje vil verte deponert massar som er eigna som byggeråstoff. For det andre har Statens vegvesen foreslått området regulert som landbruks-, natur-, friluftsliv og reindrift med underformål naturområde. Naturformål er meint å verte nytta i område med særlege naturkvalitetar som bør vernast mot inngrep. Det kan gjelde landskap, vegetasjon, spesielle geologiske førekomstar eller naturverdiar. Reguleringsformålet vert sett i
samanheng med områdevern etter naturmagfaldlova. Ut frå det som kjem fram, burde ein truleg ha valt underformålet landbruk, eller alternativ friluftsliv. For å bidra til at grunneigar kunne ha nytta ev. massar, kunne grunneigar ha søkt om endring av plana etter at vegstyresmaktene har avslutta arbeidet. Val av formål vil truleg gjere det svært utfordrande å endr plana på seinare tidspunkt. ROS-analysen fokuserer i liten grad på arealbruken, men tiltaka/arbeidet som plana legg til rette for. Metodisk oppfyller den truleg ikkje krava til slike analyser. Funna og risikovurderinga er ikkje dokumentert. Dessutan har vegstyresmaktene nytta risikoakseptkriterium som skil seg vesentleg frå det som normalt vert nytta i kommunen. Gjennomgangen syner at det frå administrasjonen si side burde vore jobba meir aktivt opp mot vegstyresmaktene før planframlegget vart lagt ut til offentleg ettersyn. Situasjon er at planvedtaket er viktig for framdrifta på veganlegget. Det er knytt viktige samfunnsomsyn til utbetring av vegen over Filefjell. Rådmannen har i tilrådinga lagt avgjerande vekt på framdrift i arbeidet med utbetring av vegen over Filefjell, og rår til at plana vert vedteken slik den ligg føre.