Luster kommune. Lagt fram:

Like dokumenter
Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Luster kommune. Lagt fram:

Lagt fram: Luster kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Norddal 2015

Tilstandsrapport for grunnskolen

Rapport om Balestrandskulen Elevar og tilsette frå Sagatun skule på fjelltur

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Hareid kommune 2017

1. Samandrag Hovudområde og indikatorar Elevar og undervisningspersonale Talet på elevar og lærarårsverk...

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for grunnskolen i Sørfold kommune 2010/2011

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for Åmli skule

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2016

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen i Båtsfjord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Stordal kommune 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Giske kommune Tilstandsrapport for grunnskolen 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen 2018

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tilstandsrapport for grunnskolen

Aukra kommune TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA PER OKTOBER E-phorte: 16/ Vedteke: , K-sak 95/16

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Norddal 2014

Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tilstandsrapport for kåfjordskolen. våren 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Bømlo kommune 2010

Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Sykkylven 2017

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

2016/ Sør-Varanger kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Innkalling av Formannskapet

Tilstandsrapport for Sunndalsskolen 2015

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Innkalling av Kommunestyret

Tilstandsrapport for grunnskolen

kulturskule grunnskule Aurland kommune

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunehuset i Åmot :00

Kvalitetsrapport for grunnskolen i Fræna kommune Samandrag Hovudområder og indikatorar...4

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Tilstandsrapport for grunnskolen

Forfall meldes til Infotorget på e-post eller på telefon

OM KVALITETSRAPPORTEN...2 FAKTA OM KJØKKELVIK SKOLE...2 LÆRINGSMILJØ ELEVUNDERSØKELSEN...3 RESULTATER KARAKTERER 10. TRINN...29 GRUNNSKOLEPOENG...

Tilstandsrapport for grunnskolen 2014/15

Om kvalitetsrapporten...2 Fakta om Sandgotna skole...2 Læringsmiljø elevundersøkelsen...3

Tilsta ndsra pport fo r grunnskulen i Nord dal 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for grunnskolen i Halsa 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen i Alvdal kommune

Tilstandsrapport for Nordre Land-skolen 2014

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Skuleeigarrapporten - om tilstanden i Sulaskulen 2012/2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Vestby kommune 2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Vestnes 2013

Tilstandsrapport for grunnskolen i Trøgstad kommune

Stordal kommune Tilstandsrapport for grunnskulen 2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012

Tilstandsrapport for grunnskolen Karlsøy kommune

Tilstandsrapport for grunnskolen

Tilstandsrapport for Åmli skule 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen 2011/12.

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Oppmøte Vallersund oppvekstsenter

UTVIKLINGSMELDING for barnehage grunnskule kulturskule

Tilstandsrapport 2010 for grunnskulen i Vestnes

Om kvalitetsrapporten...2 Fakta om Hellen skole...2 Læringsmiljø elevundersøkelsen...3

Tilstandsrapport for Åmli skole 2013

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fyresdal, Gimle skule 2010

Tilleggsinnkalling for Oppvekst- og kulturutvalg

Tilstandsrapport for Brønnøyskolen 2018

Kvalitet i skolen. Tilstandsrapport 2016

Luster kommune. Vedteke av Luster kommunestyre , k.sak 42/15. Handsama:

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Stryn kontrollutval SEKOM-sekretariat

SAKSPROTOKOLL - TILSTANDSRAPPORT FOR OFFENTLIGE GRUNNSKOLER I KARMØY

Tilstandsrapport for Øyerskolen

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq

TILSTANDSRAPPORT FOR SKOLER I ÅS KOMMUNE 2016 BILDE

Tilstandsrapport for grunnskolen 2017

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

Tilstandsrapport for grunnskolen

Transkript:

Luster kommune Lagt fram: Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr: 964 968 241

Innhald 1. Samandrag... 2 2. Hovudområder og indikatorar... 3 2.1. Elevar og undervisningspersonale... 3 2.1.1. Lærartettleik... 3 2.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk... 4 2.2. Læringsmiljø... 5 2.2.1. Elevundersøkinga... 5 2.2.2. Del elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent)... 8 2.3. Resultat... 10 2.3.1. Nasjonale prøvar 5. steget... 10 2.3.2. Nasjonale prøvar ungdomssteg... 13 2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk... 18 2.3.4. Grunnskulepoeng... 20 2.3.5. Grunnskulepoeng samanlikning... 21 2.3.6. Samanlikning eksamens- og standpunktkarakter 2014-15... 22 2.4. Gjennomføring... 23 2.4.1. Overgang frå grunnskule til VGO... 23 2.4.2. Fullført og bestått Vg1 i perioden 2011-2015... 24 2.5. Spesialundervising... 25 2.5.1. Utvikling tal enkeltvedtak... 25 2.5.2. Utvikling spesialundervising med undervisingspersonale / assistent... 25 3. System for oppfølging (internkontroll)... 28

1. Samandrag Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skuleeigar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit medvite og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Rapporten om tilstanden (tilstandsrapporten) i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skuleeigaren, dvs. kommunestyret, (jf. opplæringslova 13-10 andre ledd). I skuleåret 2014/15 har Luster kommune hatt desse skuleeiningane: Hafslo barne- og ungdomsskule, Veitastrond skule, Gaupne skule, Luster ungdomsskule, Jostedal oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter, Skjolden oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter og Solvorn oppvekstsenter. Skulane i Luster har samarbeidd om desse temaa i 2014/15: kommunal leseplan for barnehagar og skular. Leseplanen blei fastsett juni 2014. kommunale fagnettverk og fagseminar om lesing; lesing og IKT i naturfag, strategiundervising og lesing som grunnleggjande dugleig (systemsamarbeid med Statped Søraust), den første leseopplæringa spesialundervising gjennom etablering av lokalt fagnettverk IKT gjennom etablering av lokalt fagnettverk utviklingsarbeid i skulane om System for styrka læring gjennom det regionale nettverksarbeidet kompetanseutvikling innan fysisk fostring, Fysak Olweusprogrammet,eit program mot mobbing og for god trivsel Lustraskulen er ein god skule. Dette kjem fram i undersøkingar om trivsel, læringsmiljø, og gjennom faglege resultat der lustraelevane i fleire tilfelle skårar betre enn både fylkessnitt og landssnitt. Det er like fullt eit mål å fortsetja dei pedagogiske prosessane for å byggja eit betre strukturelt og pedagogisk fundament i skulane. Sentrale verkemiddel vil vera systematisk nettverksarbeid og felles faglege satsingsområde for alle skulane. Knut Åge Teigen leiar oppvekst Side 2 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2. Hovudområde og indikatorar 2.1. Elevar og undervisningspersonale 2.1.1. Lærartettleik Lærartettleik 1.-7. steget og 8.-10. steget Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar. Lærartettleik i ordinær undervising Lærartettleik i ordinær undervisning er ein indikasjon på tal på elevar per lærar i ordinær undervisning, der ressursar til spesialundervisning og undervisning i særskild språkopplæring ikkje vert medrekna. I andre samanhengar vert dette målet kalla gruppestorleik 2. Mål på lærartettleik er hefta med usikkerheit. Dette kjem av at nokre kommunar fører lærarressursar på kommunen sentralt, mens andre kommunar fører dei på skolen i GSI. Dette kan til dømes vere timar til spesialundervisning eller til særskild norskopplæring. Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Lærertetthet 1.-7. trinn 9,4 10,6 10,7 13,4 Lærertetthet 8.-10. trinn 11,2 12,3 12,4 14,3 Lærertetthet i ordinær undervisning 13,7 14,1 14,0 17,0 Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Lærertetthet, 2014-2015 Skuleeigar si vurdering Både for barnesteget og for ungdomssteget er lærartettleiken høgare enn fylkes- og landsgjennomsnittet. Det skuldast i stor grad at Luster har ein desentralisert skulestruktur med fleire oppvekstsenter og små skular. Lærartettleiken for barnesteget er om lag den same som året før (2013). Lærartettleiken varierer ein del i Luster kommune fordi ungdomssteget er sentralisert til Gaupne og Hafslo. Hafslo barne- og ungdomsskule fekk skuleåret 2014-15 eit statleg tilskot tilsvarande ei lærarstilling for å styrka lærartettleiken på ungdomssteget ved skulen. På Gaupne skule og på barnesteget ved Hafslo barne- og ungdomsskule er lærartettleiken noko lågare enn ved barnesteget på dei ymse oppvekstsentra. Side 3 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.1.2. Talet på elevar og lærarårsverk Talet på elevar Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova 2-1 har rett og plikt til Grunnskuleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein Grunnskule. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får Grunnskuleopplæring. Årsverk for undervisningspersonale Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka er berekna ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Årsverk til undervisning. Del av årstimar gitt av personale med godkjend utdanning Indikatoren viser kor stor del av årstimane som er gjennomførte av undervisningspersonale med godkjend utdanning i dei fag og trinn dei underviser i. Lokale mål Alle tilsette i grunnskulen i Luster skal ha godkjend utdanning for arbeidet dei skal utføra. For ungdomssteget er det eit formelt krav om 60 studiepoeng for å kunne undervisa i norsk, matematikk og engelsk jf. Opplæringslova. Frå og med 1. august 2015 er dei lovfesta krava til relevant kompetanse i undervisningsfaga stramma inn. På barnesteget er kravet i utgangspunktet at lærarar som skal undervisa i norsk, engelsk eller matematikk, har 30 studiepoeng i faget/fagområdet. For ungdomssteget gjeld framleis regelen om 60 studiepoeng i basisfaga. For dei andre undervisningsfaga gjeld det at læraren må ha minst 30 studiepoeng. Valfaga er unnateke desse krava. Luster kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Alle Begge kjønn Grunnskule Indikator og nøkkeltall 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 Talet på elevar 677 683 651 664 673 Årsverk for undervisningspersonale 82,6 81,5 82,2 83,0 79,7 Andel årstimer til undervisning gitt av undervisningspersonale med godkjent utdanning 99,1 100,0 97,5 98,8 97,7 Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Antall elever og lærerårsverk, 2010-2015 Skuleeigar si vurdering Lærarstillingane er dekka med personale som har utdanning etter gjeldande krav og dispensasjonsreglar. I kortare vikariat og i enkelttimar er det mogleg at dette ikkje vert heilt oppfylt. Kompetanseplanen for pedagogisk personale i grunnskulen i Luster kommune for 2009-12 viste at 80 % hadde lærarutdanning, 11 % hadde universitetsutdanning og 9 % hadde førskuleutdanning. Ei ny kompetansekartlegging vil verta gjennomført hausthalvåret 2015 som oppfølging av dei nye krava til kompetanse gjeldande frå 2015. Side 4 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Dersom dei lovfesta krava til studiekompetanse vert ståande, vil det vera trong for ei systematisk vidareutdanning for å tilfredsstilla kompetansekrava. Lærarstaben i Luster kommune er aktive når det gjeld formell vidareutdanning. Inneverande skuleår - 2015-16 - tek 12 lærarar del i den nasjonale satsinga på vidareutdanning. Dette er truleg flest av alle kommunane i Sogn. Fem lærarar tek vidareutdanning i realfag - matematikk eller naturfag - elles spenner studia vidt; musikk, skule- og læringsleiing, spesialundervising og språk- og leserettleiing. Dei 12 lærarane fordeler seg på seks ulike skular. 2.2. Læringsmiljø 2.2.1. Elevundersøkinga Alle elevar og lærlingar skal inkluderes og oppleve meistring. Det er obligatorisk for skoleeigarar og skoleleiarar å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget og for Vg1. Ein del av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som blir viste i Skoleporten. Resultata for alle spørsmåla i Elevundersøkinga blir viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse læringsmiljøindeksane obligatoriske: Støtte frå lærarane: Indeksen viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane. Vurdering for læring: Indeksen kartlegg elevane si oppleving av dei fire prinsippa i vurdering for læring. Læringskultur: Indeksen viser om elevane opplever at skolearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet. Meistring: Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skolen. Elevdemokrati og medverknad: Indeksen viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Mobbing på skolen: Gjennomsnittsverdien for indikatoren Mobbing på skolen er berekna ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba, og kor ofte dei blir mobba. Verdien viser ikkje talet på elevar som i snitt blir mobba. Ein og same verdi kan anten indikere at mange kryssar av at dei blir mobba sjeldan, eller at færre kryssar av at dei blir mobba hyppig. I Skoleporten tyder eit gjennomsnitt ned mot verdien 1 på lite mobbing i skolen. Andel elevar som har opplevd mobbing: 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent). Se eiget diagram. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Unntaka er mobbing på skolen der låg verdi er positivt og del av elevar som er i prosent. Lokale mål Det er eit overordna mål at lustraskulen skal vera ein inkluderande skule med god trivsel, høg fagleg kvalitet og gode resultat. Lustraskulen skal vera fri for mobbing. Dette inneber at skulane og skuleeigar må arbeida systematisk med læringsmiljøet, motivasjon, elevmedverknad og vurdering for læring. Side 5 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Støtte fra lærerne 4,6 4,4 4,5 4,4 Vurdering for læring 4,2 3,9 4,0 4,0 Læringskultur 4,3 4,0 4,1 4,1 Mestring 4,1 4,1 4,1 4,1 Elevdemokrati og medvirkning 4,0 3,8 3,8 3,8 Mobbing på skolen 1,2 1,3 1,3 1,2 Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Støtte fra lærerne 4,2 3,9 4,1 4,0 Vurdering for læring 3,5 3,2 3,3 3,2 Læringskultur 4,1 3,5 3,9 3,7 Mestring 4,0 3,9 4,0 4,0 Elevdemokrati og medvirkning 3,5 3,1 3,4 3,2 Mobbing på skolen 1,1 1,3 1,2 1,2 Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Elevundersøkelsen, 2014-2015 Side 6 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Elevundersøkelsen, 2014-2015 Luster kommune skoleeier Fordelt på trinn Offentleg Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Skuleeigar si vurdering Resultata frå Elevundersøkinga på 10. trinn 2014-15 syner gjennomgåande ein positiv tendens der skåren er betre både for trivsel, støtte frå lærarane, vurdering for læring og ikkje minst læringskultur og motivasjon samanlikna med same undersøking i 2013-14. Dette gjev eit godt utgangspunkt for skulebasert kompetanseutvikling i den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling som ungdomsskulane i Luster skal i gang med neste skuleår, 2015-16. På 7. trinn er resultata frå Elevundersøkinga 2014-15 ganske like med resultata frå skuleåret før, også her er det framgang når det gjeld områda støtte heimafrå og læringskultur. Mindre gledeleg er det at mobbetala går opp frå 1,2 frå 1,1 året før. Tala viser at det er svært lite mobbing i skulen i Luster, og tala ligg under eller på line med fylkes- og landssnitt. Så lenge det vert registrert mobbing i lustraskulen har me ei utfordring. Alle skulane i Luster bortsett frå Hafslo barne- og ungdomsskule følgjer det haldningsskapande Olweus-programmet der det er klare rutinar for handtering og førebyggjing av mobbing. Hafslo Side 7 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

barne- og ungdomsskule følgjer utviklingsprogrammet PALS som skal styrka den sosiale kompetansen til elevane og førebyggja plaging og mobbing. For dei aller fleste nøkkeltal og indikatorarar ligg Luster kommune likt med eller litt over resultata til Sogn og Fjordane og det nasjonale gjennomsnittet. Når det gjeld samanlikninga mellom 7. trinn og 10. trinn elles, så er elevane på 7. trinn generelt sett meir nøgde enn elevane på ungdomssteget. Elevane på 7. trinn opplever i noko større grad enn elevane på 10. trinn at «lærarane bryr seg om dei», at «lærarane har tru på at du kan gjera det godt på skulen» og at «lærarane hjelper slik at ein forstår det ein skal læra». Eitt av spørsmåla under området Motivasjon er «Eg gler meg til å gå på skulen». Her er snittet for elevane på 7. trinn 4,1 medan snittet for elevane på 10. trinn er 3,4. Det vitnar om at motivasjonen til elevane generelt er høgare på barnesteget enn på ungdomssteget. Under området «Vurdering for læring» er tre av spørsmåla «Får du vera med og føreslå kva det skal leggjast vekt på når arbeidet ditt skal vurderast?», det tilgrensande «Får du vera med og vurdere skulearbeidet ditt?» og «Eg får hjelp av lærarane til å tenkja gjennom korleis eg utviklar meg i faget». På alle desse tre delspørsmåla skårar barnesteget markant betre enn ungdomssteget. Med tanke på at vurdering både med og utan karakter er omfattande på ungdomssteget, er det her eit tydeleg forbetringspotensiale for elevmedverknad. Svara på dei ovannemnde spørsmåla signaliserer ei generell utfordring kring motivasjon og vurdering for læring som det er viktig at ungdomsskulane grip fatt i. Intensjonen er nettopp at ungdomstrinn i utvikling skal bidra til å styrka motivasjonen i ungdomsskulen mellom anna ved meir praktisk og variert undervising. 2.2.2. Andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gonger i måneden eller oftare (prosent) Prosentdelen Mobbing på skolen viser den prosentdelen elevar som opplever å bli mobba 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare. Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skolen, er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Prosentdelen Mobba på skolen seier med andre ord ingen ting om kor ofte elevane opplever å bli mobba. Lokale mål Lustraskulen skal vera fri for mobbing. Eitt mobbetilfelle er eitt for mykje. Side 8 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 7 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent) Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Nasjonalt Fjordane fylke 4,9 6,0 5,1 4,7 Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent), 2014-2015 Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent) Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Nasjonalt Fjordane fylke 5,9 3,5 4,7 Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Andel elever som har opplevd mobbing 2-3 ganger i måneden eller oftere (prosent), 2014-2015 Skuleeigar si vurdering Det er generelt få tilfelle av mobbing i lustraskulen. Skuleåret 2013-14 var det på 10. trinn det var registrert flest tilfelle av mobbing. Skuleåret 2014-15 er det motsett. Dette året er det barneskuleelevane som har svara at 4,9 % av elevane på 7. trinn har opplevd mobbing 2-3 gonger i månaden eller oftare. Det er sjeldan Luster ligg over landssnittet, så her lyt skulane arbeida målmedvite med førebyggjing og løysing av mobbesaker gjennom Olweus-programmet og PALS. Side 9 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.3. Resultat Alle elevar som går ut av Grunnskulen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet. 2.3.1. Nasjonale prøvar 5. steget Om lesing Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt. Elevane skal vise at dei kan: 1) finne informasjon 2) forstå og tolke 3) reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde: tal, måling og statistikk. Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei: kan løyse ei gitt utfordring kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar kan vurdere om svara er rimelege kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Om engelsk Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene: finne informasjon forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar forstå vanlege ord og uttrykk knytta til daglegliv og fritid forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa. Lokale mål Det er eit mål at skulane i Luster skal prestera godt på nasjonale prøvar. Det viktigaste er likevel at kvar elev har god læringsutvikling gjennom opplæringa frå 1. til 10. trinn, slik at elevane får tru på eigne evner, opplever meistring og har eit fagleg fundament for det vidare opplæringsløpet. Side 10 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Lesing 5. trinn Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Delskår Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Meistringsnivå 1 23,3 27,5 25,2 23,2 Meistringsnivå 2 51,7 51,5 51,5 50,6 Meistringsnivå 3 25,0 21,0 23,3 26,2 Rekning 5. trinn Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Delskår Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Meistringsnivå 1 19,4 29,8 19,4 24,5 Meistringsnivå 2 56,5 50,0 50,3 49,5 Meistringsnivå 3 24,2 20,2 30,4 26,0 Side 11 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Engelsk 5. trinn Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 5 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Delskår Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Meistringsnivå 1 34,4 32,3 27,1 24,7 Meistringsnivå 2 42,6 47,8 50,4 50,4 Meistringsnivå 3 23,0 19,9 22,5 24,9 Skuleeigar si vurdering Skuleåret 2014-15 er eit nullår når det gjeld nasjonale prøvar. Frå og med dette skuleåret vert resultata publisert med ein ny skala der det nasjonale snittet er 50 skalapoeng. Dette gjer at det ikkje er mogleg å samanlikna resultata frå 2014-15 med resultata frå tidlegare år. Med den nye utrekninga skal det vera lettare å sjå endring i prosentdel elevar på dei ulike meistringsnivåa frå eitt år til eit anna og slik måla utvikling over tid. Resultata for nasjonale prøvar på 5. trinn 2014-15 syner at elevane i Luster skårar likt med fylkessnittet i engelsk, over fylkessnittet i lesing, men under fylkessnittet i rekning. Samanlikna med landet elles skårar Luster under landssnittet i engelsk og likt med landssnittet i rekning og lesing. Noko av det mest interessante ved analysar av nasjonale prøvar, er å sjå på fordelinga av elevresultata når det gjeld meistringsnivå. På 5. trinn er det tre meistringsnivå der meistringsnivå 3 er høgaste nivå. I engelsk presterer 34,4 % av elevane i Luster i 2014-15 i meistringsnivå 1. Det er vesentleg dårlegare enn landssnittet som er 24,7 %. Den største gruppa av elevar er som venta i meistringsnivå 2. Luster har litt fleire elevar enn snittet for Sogn og Fjordane i meistringsnivå 3, men færre enn landssnittet. I lesing har Luster nesten på desimalen like mange i meistringsnivå 1 som landssnittet, 23,3 %. Luster har fleire enn både fylkes- og landssnittet i meistringsnivå 2. 25 % av elevane plasserer seg i meistringsnivå 3. Det er litt over fylkessnittet, men under landssnittet. Rekning skil seg positivt ut ved at det er den nasjonale prøven der Luster har færrast elevar i meistringsnivå 1, 19,4 %, noko som er identisk med fylkessnittet og vesentleg betre enn landssnittet. Derimot har Luster færre elevar i meistringsnivå 3 enn både fylkes- og landssnittet. Side 12 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg Lokale mål Det overordna målet er at kvar elev skal ha ei fagleg god utvikling i løpet av dei tre åra på ungdomssteget. Generelt er det eit klårt mål å få fleire elevar til å stiga frå eitt meistringsnivå til nivået over og redusera talet elevar som skårar på meistringsnivå 1. Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Lesing 8. trinn Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Delskår Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Meistringsnivå 1 3,6 10,8 6,5 8,8 Meistringsnivå 2 14,3 20,2 19,2 17,8 Meistringsnivå 3 41,1 40,7 39,8 40,7 Meistringsnivå 4 26,8 19,7 23,7 21,6 Meistringsnivå 5 14,3 8,7 10,8 11,0 Side 13 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Rekning 8. trinn Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Delskår Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Meistringsnivå 1 5,3 13,3 9,1 10,3 Meistringsnivå 2 10,5 24,2 18,2 21,9 Meistringsnivå 3 28,1 37,5 36,1 36,9 Meistringsnivå 4 33,3 17,7 24,7 20,9 Meistringsnivå 5 22,8 7,3 11,9 10,1 Engelsk 8. trinn Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 8 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Delskår Luster kommune skuleeigar Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Meistringsnivå 1 3,8 12,6 9,2 9,3 Meistringsnivå 2 24,5 19,1 19,7 19,3 Meistringsnivå 3 34,0 42,5 40,1 40,3 Meistringsnivå 4 18,9 17,7 19,2 19,9 Meistringsnivå 5 18,9 8,1 11,8 11,2 Lesing - samanlikning 8. trinn etter kjønn Luster kommune skoleeier Fordelt på kjonn Offentleg Trinn 8 Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Begge kjønn Gutter Jenter Meistringsnivå 1 3,6 5,7 0,0 Meistringsnivå 2 14,3 17,1 9,5 Meistringsnivå 3 41,1 40,0 42,9 Meistringsnivå 4 26,8 31,4 19,0 Meistringsnivå 5 14,3 5,7 28,6 Side 14 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Rekning - samanlikning 8. trinn etter kjønn Luster kommune skoleeier Fordelt på kjonn Offentleg Trinn 8 Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Begge kjønn Gutar Jenter Meistringsnivå 1 5,3 5,6 4,8 Meistringsnivå 2 10,5 11,1 9,5 Meistringsnivå 3 28,1 25,0 33,3 Meistringsnivå 4 33,3 38,9 23,8 Meistringsnivå 5 22,8 19,4 28,6 Engelsk - samanlikning 8. trinn etter kjønn Luster kommune skoleeier Fordelt på kjonn Offentleg Trinn 8 Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Begge kjønn Gutar Jenter Meistringsnivå 1 3,8 6,3 0,0 Meistringsnivå 2 24,5 25,0 23,8 Meistringsnivå 3 34,0 28,1 42,9 Meistringsnivå 4 18,9 15,6 23,8 Meistringsnivå 5 18,9 25,0 9,5 9. trinn Lesing - samanlikning 9. trinn etter kjønn Luster kommune skoleeier Fordelt på kjonn Offentleg Trinn 9 Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Begge kjønn Gutar Jenter Meistringsnivå 1 0,0 0,0 0,0 Meistringsnivå 2 7,4 11,1 3,1 Meistringsnivå 3 44,1 44,4 43,8 Meistringsnivå 4 30,9 25,0 37,5 Meistringsnivå 5 17,6 19,4 15,6 Side 15 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Rekning - samanlikning 9. trinn etter kjønn Luster kommune skoleeier Fordelt på kjonn Offentleg Trinn 9 Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Begge kjønn Gutar Jenter Meistringsnivå 1 0,0 0,0 0,0 Meistringsnivå 2 10,3 11,1 9,4 Meistringsnivå 3 32,4 27,8 37,5 Meistringsnivå 4 29,4 38,9 18,8 Meistringsnivå 5 27,9 22,2 34,4 Luster kommune skoleeier, Grunnskule, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Regning, 2014-2015 Samanlikning 8. og 9. trinn Luster kommune skoleeier Fordelt på trinn Offentleg Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Trinn 8 Trinn 9 Luster kommune skoleeier - Lesing 52 55 Luster kommune skoleeier - Regning 56 56 Luster kommune skoleeier - Engelsk 51 Lesing - samanlikning 8. og 9. trinn etter meistringsnivå Luster kommune skoleeier Fordelt på trinn Offentleg Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Trinn 8 Trinn 9 Meistringsnivå 1 3,6 0,0 Meistringsnivå 2 14,3 7,4 Meistringsnivå 3 41,1 44,1 Meistringsnivå 4 26,8 30,9 Meistringsnivå 5 14,3 17,6 Side 16 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Rekning - samanlikning 8. og 9. trinn etter meistringsnivå Luster kommune skoleeier Fordelt på trinn Offentleg Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule (Usikkerhet) Delskår Trinn 8 Trinn 9 Meistringsnivå 1 5,3 0,0 Meistringsnivå 2 10,5 10,3 Meistringsnivå 3 28,1 32,4 Meistringsnivå 4 33,3 29,4 Meistringsnivå 5 22,8 27,9 Skuleeigar si vurdering Samanlikna med fylkessnittet og landssnittet for nasjonale prøvar 8. trinn, skårar Luster veldig godt. Snittet er høgare her enn på 5. trinn. Særleg i rekning er snittet høgt. Det har vore ein trend at elevane i Luster har gjort det betre på nasjonale prøvar på 8. trinn enn på 5. trinn, noko som indikerer ei systematisk øving dei tre åra på mellomsteget. Den nye poengskalaen gjer det lettare å følgja elevane over tid og sjå utviklinga deira. Som nemnd under punktet om nasjonale prøvar 5. trinn, er 2014-15 eit nullår i høve denne nye utrekninga. Nasjonale prøvar for 8. trinn er meir finmaska enn for 5. trinn på den måten at resultata for 8. trinn fordeler seg over fem meistringsnivå der nivå 5 er det mest avanserte. Generelt vil det vera interessant å sjå kor mange elevar som er på meistringsnivå 1 og 2 og kor mange som er på dei øvste nivåa. Dersom ein samanliknar resultata for lesing, rekning og engelsk i høve meistringsnivå, ser ein at elevane skårar dårlegast i engelsk. Over 27 % av elevane er anten på nivå 1 eller nivå 2. Det inneber at her er det eit stort forbetringspotensiale. Elles er det gledeleg å sjå at mange elevar anten er på nivå 4 eller 5 i rekning, heile 56 % av elevane. Dette dreg opp snittet for resultata i rekning. I lesing skårar 41 % av elevane på nivå 3 og 41 % på nivå 4 eller 5, og det indikerer at det store fleirtalet av elevane har god lesedugleik. Elevane tek også nasjonale prøvar i lesing og rekning på 9. trinn. Her skårar elevane noko betre i lesing på 9. trinn enn på 8. trinn medan skåren er lik for 8. og 9. trinn i rekning. Her må ein ha i mente at skåren i rekning i utgangspunktet er høg. Elles er det positivt at om ein samanliknar 8. og 9. trinn, så er det færre elevar på dei lægste nivåa på 9. trinn. Det er også interessant å sjå på korleis resultata fordeler seg mellom kjønna. Både for 8. og 9. trinn er det ein tydeleg tendens at det er færre jenter enn gutar på nivå 1 og fleire jenter på det øvste nivået - nivå 5 - enn gutar. Med andre ord er det fleire riktig gode lesarar og reknarar blant jentene enn gutane på 8. trinn. Her skil resultata i engelsk seg ut. Der er det langt fleire gutar enn jenter som skårar på øvste nivå. Ser ein dei to øvste nivåa saman, er biletet likevel noko meir nyansert. Til dømes er det mange gutar som skårar på nivå 4 i rekning for 8. trinn. Og på 9. trinn er det fleire gutar enn jenter på øvste nivå i lesing. Side 17 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i Grunnskulen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget. Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren: 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt. Karakterar 2014-15 skriftleg eksamen og standpunkt Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Periode 2014-15 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Fjordane Nasjonalt fylke Norsk hovudmål skriftleg eksamen Norsk hovudmål standpunkt Matematikk skriftleg eksamen 3,8 3,3 3,4 3,4 3,8 3,7 3,8 3,8 3,2 2,6 3,0 2,9 Matematikk standpunkt 3,4 3,3 3,6 3,5 Engelsk skriftleg eksamen Engelsk skriftleg standpunkt 3,5 3,7 3,7 3,9 3,8 3,9 3,9 Side 18 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Luster kommune skoleeier Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskule Illustrasjonen er henta frå Skoleporten Side 19 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Skuleeigar si vurdering Skuleåret 2014-15 var elevane i Luster oppe i matematikk og norsk skriftleg eksamen. I norsk skåra elevane det same som året før, 3,8 i snitt. Det er godt over både landssnittet og fylkessnittet, så det er eit resultat skulane kan vera godt nøgde med. Vanlegvis går snittet noko ned på eksamen samanlikna med standpunktkarakter. Dette året var snittkarakteren lik både på standpunkt og eksamen. Det er bra. I matematikk var resultatet noko dårlegare enn i norsk - 3,2 i snitt - men dette er likevel over fylkes- og landssnittet på 2,9. I media var det mykje skriving om at det var ekstra dårlege eksamensresultat i matematikk for 2014-15. For Luster sin del var snittet i 2014-15 likevel monaleg betre enn førre gongen kommunen var oppe i matematikk. I 2012-13 skåra elevane 2,9 i snitt. 2.3.4. Grunnskulepoeng Grunnskulepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskulepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10. Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven. Grunnskulepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal. Grunnskulepoeng 2010-2015 Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Fordelt på periode Offentleg Trinn 10 Begge kjønn Grunnskule Indikator og nøkkeltall 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 Luster kommune skoleeier - Grunnskulepoeng, gjennomsnitt Kommunegruppe 12 - Grunnskulepoeng, gjennomsnitt Sogn og Fjordane fylke - Grunnskulepoeng, gjennomsnitt Nasjonalt - Grunnskulepoeng, gjennomsnitt 41,7 41,7 40,9 42,0 41,3 39,2 39,0 39,2 39,4 39,6 41,5 41,2 41,2 41,5 41,2 39,8 39,9 40,0 40,3 40,7 Side 20 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Skuleeigar si vurdering På grunn av ny utrekning er ikkje snittet for grunnskulepoeng samanliknbart med tidlegare år. For 2014-15 hadde elevane i Luster 41,3 grunnskulepoeng i snitt. Det er så vidt over fylkessnittet og noko over landssnittet på 40,7. 2013-14 var forøvrig eit toppår med det beste resultatet på seks år. 2.3.5. Grunnskulepoeng samanlikning Samanlikning av tal grunnskulepoeng skuleåret 2014-15 mellom kommunane i Indre Sogn i tillegg til Høyanger, Førde og Stryn. Skuleeigar si vurdering Dette søylediagrammet viser samanlikning av grunnskulepoeng mellom kommunane i Sogn i tillegg til Førde og Stryn. Sjølv om Luster skårar betre enn fylkessnittet er kommunen likevel midt på treet samanlikna med nabokommunane. Særleg Leikanger og Balestrand peikar seg ut med høge gjennomsnittsskår. Side 21 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.3.6. Samanlikning eksamens- og standpunktkarakter 2014-15 Samanlikning av eksamenskarakter og standpunktkarakter skuleåret 2014-15 for kommunane i Indre Sogn, Høyanger, Førde og Stryn. Oversikt karakterar eksamen og standpunkt 2014-15 etter kommune Skuleeigar si vurdering Denne tabellen gjev ei oversikt over eksamens- og standpunktsnitt for 2014-15 mellom kommunane i Sogn, Førde og Stryn. Saman med Sogndal skårar Luster heilt på topp i norsk hovudmål. I matematikk skårar Luster likt med Førde, men noko under Sogndal og Årdal. Side 22 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.4. Gjennomføring Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO 2.4.1. Overgang frå grunnskule til VGO Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskulen. Luster kommune skoleeier Samanlikna geografisk Offentleg Alle Begge kjønn Periode 2014 Grunnskule Indikator og nøkkeltall Luster kommune skoleeier Kommunegruppe 12 Sogn og Nasjonalt Fjordane fylke Elever (16 år) som er registrert i videregående opplæring samme år som avslutta grunnskule 100,0 98,1 98,0 Skuleeigar si vurdering Skuleåret 2014-15 er alle elevar i årskullet registrert i vidaregåande opplæring. Dette viser at det er god flyt mellom grunnskule og vidaregåande skule. Talet ligg over bade fylket sitt og landet. Dette fortel at elevane frå Luster i svært stor grad startar på eit vidaregåande løp. Dette til tross for at mange av elevane frå Luster må flytta på hybel når dei tek til med vidaregåande opplæring. Dette gjeld elevar frå Fortun, Skjolden, delvis Luster, Jostedal og Veitastrond. Å flytta på hybel har vore sett på som ein auka risiko i forhold til å starta på og å gjennomføra vidaregåande skule. Målet må fortsatt vera å få til ein god overgang som gjer at alle elevane kjem i gang med vidaregåande skule etter grunnskulen. Side 23 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.4.2. Fullført og bestått Vg1 i perioden 2011-2015 Skuleeigar si vurdering Skuleåret 2014-15 fullførte og bestod 97 % av elevane frå Luster Vg1. Det er det høgaste talet på fleire år. Skuleåret før var det til samanlikning 80 % som fullførte og bestod. Side 24 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.5. Spesialundervising 2.5.1. Utvikling tal enkeltvedtak Skuleeigar si vurdering Tal enkeltvedtak i Luster kommune har ligge høgt dei seinare åra. Frå 2010 til 2014 har delen elevar med enkeltvedtak variert mellom 12,25 % og 10,39 %. Landssnittet er 8,3 %. Skuleåret 2014-15 var det innvilga 79 enkeltvedtak, noko som tilseier at 11,73 % av elevane i Luster hadde spesialundervising. I inneverande skuleår - 2015-16 - har talet enkeltvedtak sunke til 8,51 %. Statistikken er bygd på rapportering i Grunnskulens informasjonssystem (GSI). Gjeldande budsjettmodell for grunnskulane i Luster er slik at dersom ein elev har meir enn 70 % spesialundervising, så får skulen tilført ekstra ressursar. Dersom ein elev er innvilga mindre enn 70 % spesialundervising, skal dette dekkast innafor skulen sitt eige budsjett. Dei seinare åra har meir enn halvparten av elevane med enkeltvedtak 70 % eller meir av opplæringa si som spesialundervising. Det er ønskjeleg både pedagogisk og av ressursmessige omsyn å flytta fokuset frå spesialundervising til tilpassa opplæring. Det dreier seg om å sjå korleis opplæringa kan verta betre for den einskilde elev og korleis elevane kan få bruka evnene sine på ein best mogleg måte. I mange samanhengar vil svaret vera betre tilpassa opplæring framfor spesialundervising. Dette inneber at skulane mellom anna må auka kompetansen sin på lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, sosial kompetanse og åtferd, klasseleiing, vurdering og organisering av undervisinga. Side 25 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

2.5.2. Utvikling spesialundervising med undervisingspersonale og med assisent Spesialundervising med undervisningspersonale Timar per år 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 1-75 4 6 4 1 4 1 76-190 30 34 21 25 26 12 191-270 16 9 18 12 15 16 271 + 25 23 24 29 24 21 Tal elevar 75 72 67 67 69 50 40 35 30 25 20 15 10 1-75 76-190 191-270 271 + 5 0 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Spesialundervising med assistent Timar per år 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 1-75 4 1 2 1 1 2 76-190 20 13 3 8 2 5 191-270 8 5 7 4 3 3 271 + 33 32 30 28 31 22 Tal elevar 65 51 42 41 37 32 Side 26 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Tal elevar med 271 timar spesialundervising eller meir (lærar og/eller assistent) 2010-11 2011-12 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Tal elevar 33 32 30 29 31 22 *All statistikk henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) Skuleeigar si vurdering Tabellane ovanfor syner utviklinga når det gjeld tal timar spesialundervising elevar har med lærar/spesialpedagog eller med assistent. Tala viser at det i åra 2010-2015 har vore relativt mange elevar som har hatt spesialundervising. I gruppa med mest spesialundervising dvs. meir enn 271 årstimar med pedagog har det på det meste vore 29 elevar (2013-14) og på det minste 21 elevar (2015-16). Dei største endringane finn ein innafor gruppa elevar med 76 190 årstimar spesialundervising med pedagog. I 2010-11 gjaldt dette 30 elevar. I 2015-16 er talet sunke til 12 elevar. Dette skuldast i stor grad ei styrt retning mot tilpassa opplæring framfor spesialundervising, spesielt for elevar som har lese- og skrivevanskar. Dei spesifikke utfordringane desse elevane har kan i dei fleste tilfelle dekkast innafor ramma av den ordinære klasseromsundervisinga med nokre tilpasningar. Justeringa gjev også høve til betre ressursbruk og betre organisering av opplæringa. Når det gjeld bruk av assistentar i spesialundervisinga, har denne gått vesentleg ned i perioden 2010-2015. Medan det var 65 elevar som hadde assistent i spesialundervisinga i 2010-11 er dette meir enn halvert på fem år. Dette er ikkje ein uvanleg trend. Mange PPT, forskings- og skulemiljø ivrar for mindre bruk av assistentar og meir bruk av pedagogar i spesialundervisinga. Argumentet for dette er at dei elevane som treng mest hjelp i opplæringa, må få denne hjelpa av pedagogar med fagbakgrunn. Har eleven fagspesifikke vanskar, må også hjelpa gjevast av vaksne med fagkompetanse. Av ulike årsakar vil det sjølvsagt vera slik at somme elevar også i framtida vil ha veldig nytte av assistent. For Oppvekst er det viktig å heva kompetansen på kvar einskild skule når det gjeld tilpassa opplæring og spesialundervising. Det lokale nettverket i spesialundervising som blei reetablert skuleåret 2014-15 er ein sentral arena for dette arbeidet. I løpet av skuleåret 2015-16 er planen å laga ein ny kommunal plan om tilpassa opplæring som kan bidra til å sikra felles forståing, rutinar og tiltak rundt spesialundervisinga. Side 27 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

3. System for oppfølging (internkontroll) Skuleeigar si vurdering Verktøy som er sentrale i dette arbeidet er: - opplæringslova - Info-Consensus - tenesteplan og utviklingsplan - LKK ( Luster kommune sitt kvalitetsystem) - leiarsamlingar sentralt (1-2 gonger i halvåret) - rektormøte (ein gong i månaden) - kontinuerleg samarbeid om prosedyrar i arbeidet med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling - årshjul med innlagde vernerundar Side 28 av 28 - Tilstandsrapport for Grunnskulen - 17. november 2015

Luster kommune - organisasjonsmodell Politiske organ Kontrollutval Formannskapet/ Næringsutvalet Kommunestyret Mellombelse komitear Plan- og forvaltningsstyret Kommunestyret (25 representantar) er kommunen sitt øvste organ. Alle store/viktige saker vert avgjorde her, etter tilråding frå formannskapet/næringsutvalet (7) eller plan- og forvaltningsstyret (7). Dei to sistnemnde organ avgjer sjølv ein del saker etter fullmakt frå kommunestyret. I tillegg får kommunestyret også nokre saker frå eige kontrollutval (5) og frå mellombelse komitear (særskilde saker). Alle val til faste politiske organ er for 4 år. Ordføraren er kommunen sin fremste representant. Han leiar møta i kommunestyret og formannskapet/næringsutvalet. Rådmannen Rådmann Rådmannen leiar administrasjonen, har tilrådingsrett i alle saker til politiske organ og har ein overordna oppfølgings- og støttefunksjon for alle underliggjande tenesteeiningar. Rådmannen avgjer sjølv ein del saker etter fullmakt frå kommunestyret. Rådmannen har 10 ulike stabseiningar til å hjelpe seg i dette arbeidet. Dette er personal/organisasjon, økonomi, eigedom, oppvekst, kultur, folkehelse, plan, næring, IKT og servicetorget. Rådmannen har, blant sine stabsleiarar, peika ut primære kontaktpersonar for alle tenesteeiningane. Kommunale foretak Lustrabadet KF Lustrabadet KF er organisert som eit kommunalt foretak med eit styre som rapporterar til Formannskapet / Kommunestyret 5 oppvekstsenter 1) Helse 3 grunnskular 2) 3 barnehagar 3) PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) Bibliotek Luster heimeteneste Luster sjukeheimeteneste Arbeids- og treningssenteret Landbruk og naturforvaltning Teknisk drift NAV Luster 4) Sogn kulturskule SIMAS Sogn brann og redning Sogn barnevern Tenesteeiningane Kommunen har 20 tenesteeiningar som primært yter tenester til innbyggjarane. Kvar eining har ein eigen leiar som rapporterar til rådmann, då primært til ovannemnde kontaktperson. Desse leiarane arbeider med grunnlag i eit eige administrativt delegeringsreglement, fastsett av rådmannen. 1) Kommunen har fylgjande oppvekstsenter: Skjolden oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter og Solvorn oppvekstsenter. 2) Kommunen har fylgjande grunnskular: Gaupne skule, Luster ungdomsskule og Hafslo barne- og ungdomsskule (administrerer også Veitastrond) 3) Kommunen har fylgjande barnehagar: Gaupne barnehage, Gamlestova barnehage og Hafslo barnehage. 4) NAV Luster er leia i partnarskap mellom stat og kommune. Interkommunalt samarbeid Kommunen har fylgjande interkommunale samarbeid: - Sogn kulturskule ( Leikanger er vertskommune) - Sogn barnevern (Sogndal er vertskommune) - SIMAS (IKS) - Sogn brann og redning (IKS) I tillegg kjem fleire mindre interkommunale samarbeid