VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 03.11.2012 Økonomiplan for 2013-2016 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre godkjenner rullering av økonomiplan for 2013 2016 slik det går fram av saksutgreiinga. 2. Administrasjonssjefen får fullmakt til å justere økonomiplanen i tråd med dei endringsvedtak som kommunestyret eventuelt gjer i sak om driftsbudsjett 2012.
SAKSUTGREIING: 1. - Innleiing Iflg. kommunelova skal økonomiplan gjelde for 4 år framover. Den skal rullerast kvart år. Økonomiplanen er ikkje bindande. Sist gang kommunestyre behandla økonomiplan for vestnes var i møte 15.12.11, sak KST 125/11. Administrasjonssjefen legg no fram økonomiplan for perioden 2012 2015. Som ved siste økononomiplan legg administrasjonssjefen også denne gangen fram ei enkel skisse til økonomiplan. Bakgrunn for dette er i hovudsak at ein har ein vanskeleg og travel arbeidssituasjon i sentraladministrasjonen grunna sjukefråvær. Økonomiplanen byggjer i hovudsak på administrasjonssjefens sitt framlegg til driftsbudsjett for 2013 og ei framskriving av drifta dei 3 neste åra. For å få balanse i planperioden har ein måtte foreslå ein del tiltak, sjå seinare under utgifter. Det er føresett at kommunestyret sitt vedtak om inndekking av tidlegare års underskott vert gjennomført i år. Det har av den grunn vore noko lettare å få balanse denne gang enn for eitt år sidan når vi hadde stort underskott frå tidlegare år som skulle dekkast inn. Sjølv om økonomiplanen er kort og enkel meiner administrasjonssjefen at den likevel gir eit godt bilete av den økonomiske situasjonen i planperioden. Inntektene går noko ned og kostnadane er forventa å auke. For å få balanse i drifta må det gjennomførast tiltak for å redusere driftskostnadane. Det er få eller ingen rom for å sette i verk nye driftstiltak i perioden, eller store investeringar som fører til auka rente og avdragskostnad.
2. - Hovudoversikt 2013 2014 2015 2016 Inntekter 446 600 445 800 441 800 440 300 Utgifter 446 600 444 750 442 300 440 550 Resultat 0 1 050-500 -250 Alle tala i perioden 2013 2016 er i 2013 kroner. Framlegget er i balanse. Lite overskudd i 2014 som ein bruker til å dekke underskott i 2015 og 2016. Adminiustrasjonssjefen vil sterkt understreke at heile økonomiplanen kun er ei prognose. Inntektssida er nok den som gjev mest korrekt bilete av den økonomiske situasjonen. Største delen av inntektene vert bestemt av staten gjennom statsbudsjett og andre statlege overføringar. Det er igrunn berre størrelsen på eigedomsskatten og utbytte frå VEAS som kommunestyre kan påverke. Driftsutgiftene er det mest usikre, og her veit ein av mange års erfaring at det alltid vil komme nye kostnadar som ein ikkje har rekna med her. Det er fortsatt uklart kor store kostnadane i samband med samhandlingsreforma vert, truleg vert dei større enn det vi har teke med.
3. - Inntekter Vi reknar med følgjande utvikling i inntektene utover i planperioden: Driftsinntekter eksterne Rekneskap Budsjett Budsjettframlegg 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Skatt 127 375 140 000 150 000 151 000 152 500 Rammeoverføring 146 455 153 000 160 000 158 500 157 000 Vertskommunetilskott 97 351 99 200 99 500 97 500 95 500 93 500 Momskompensasjon 1 639 2 000 700 0 0 0 Ressurskr. brukarar 16 674 11 500 13 500 13 500 13 500 13 500 Eigedomsskatt 0 8 300 8 700 8 300 8 300 8 300 154 000 156 000 Komp eldreutb/skule m.m. 3 083 3 900 3 500 3 500 3 500 3 500 428 Driftsinntekter 392 577 417 900 435 900 432 300 430 300 800 Finnansinntekter Kalkulatoriske renter 2 218 2 000 2 000 2 000 2 000 2 000 Avkastning "kraftfondet" -3 452 6 300 6 000 5 800 5 800 5 800 Utbytte VEAS 4 500 5 700 2 000 5 000 3 000 3 000 Renteinntekter 415 1 000 700 700 700 700 Finansinntekter 3 681 15 000 10 700 13 500 11 500 11 500 Sum eksterne inntekter 396 258 432 900 446 600 445 800 441 800 440 300 Skatt- og rammeoverføring, er sett 3,0 mill. kr over det som er lagt til grunn i statsbudsjettet. Rammeoverføringane er korrigert for nedgang i barnetalet i perioden, mens det er føresett ein svak reell auke i skatteinntektene. Vertskommunetilskott, med det nedtrappingssystemet vi har i dag får vi i praksis ein reduksjon i tilskottet på 2,0 mill. kr pr. år. Avkastning kraftfondet, budsjettert med 4 % avkastning. Vi har no ikkje plassering i aksjeprodukt og med den plasseringa vi no har er dette ei realistisk avkastning. Eigedomsskatt, budsjettert med same nivå i heile perioden. Utbytte VEAS, ut frå prognose frå selskapet. Inntektsanslaga er rimeleg rett. Det meste er gitt i statsbudsjettet, og andre statlege overføringar. Årsak til reduserte inntekter er i hovudsak nedgang i rammeoverføring og vertskommunetilskott grunna nedgang i barnetal og ant vertskommunebrukarar.
4. - Utgifter Vi føreset følgjande kostnadnader i planperioden: Rekneskap Budsjett Budsjett Sektor 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Politisk verksemnd 4 231 4 609 5 050 4 900 5 050 4 900 Sentraladm./Servicektr./fellsutg. 22 357 23 709 23 800 23 500 23 500 23 500 Grunnskule 69 660 71 624 70 750 69 750 68 750 67 750 Barnehage 33 493 35 231 35 900 35 700 35 700 35 700 Kulturskulen, almen kultur og fritid 10 887 12 086 12 500 12 300 12 300 12 300 Barne- og ungdomstenestene 20 000 18 221 20 400 20 400 20 400 20 400 Helse, omsorg og velferd 111 085 124 018 130 500 132 500 132 500 132 500 Bu- og habiliteringstenestene 95 636 101 929 105 200 103 200 101 200 101 200 Teknisk sektor 4 314 3 369 3 500 3 500 3 500 3 500 Kjøp tenester tremek 3 128 3 060 3 000 3 000 2 900 2 800 Sum driftsutgifter 374 791 397 856 410 600 408 750 405 800 404 550 Renter og avdrag 28 500 29 000 29 500 31 000 32 000 32 000 Lønsoppgjer 2013 942 6 000 6 000 6 000 6 000 Inndekking underskott 0 3 000 0 0 0 0 Innsparing sjukefråvær -1 000-1 500-2 000 Arbeid med eigedomsskatt 2 616 1 719 500 0 0 0 Sum totale utgifter 405 907 432 517 446 600 444 750 442 300 440 550 Budsjett 2013 er identisk med administrasjonssjefens framlegg til budsjett for 2012. Resten av perioden er stort sett ei vidareføring av nivået i 2013, med unnatak av følgjande tiltak: Helse, omsorg og velferd, her har administrasjonssjefen auka ramma med 2,0 mill. kr frå 2014. Bakgrunn for dette er ein vurderer at det er denne sektoren som har strammast ramme i 2013, det vert fleire innbyggjarar i dei aldersgruppene som får tenester kommunestyret har vedteke at heile avd 3 (aktivitetssenteret) på sjukeheimen skal komme i drift. Det er ikkje med i budsjett for 2013. Grunnskuledrift, kvart år utover i planperioden går barnetalet i grunnskulen ned. Rammene til denne sektoren vert difor redusert med 1,0 mill. kr pr år. Det tilsvarer ein reduksjon på 40 rammetimar pr. år. Ikkje lagt opp til endring i skulestrukturen. Bu- og habiliteringstenestene, ant. vertskommunebrukarar har grunna naturleg avgang gått ned siste åra. Ledige husvære og økonomisk ressurs har då vorte brukt til å gje tilbud til andre, spesielt yngre som har behov for eit butilbud frå kommunen. Vertskommunetilskottet vert redusert kvart år utover, og vi er no nødt til å frigjere og stenge ei bueining i løpet av 2014. Innsparing 4,0 mill. kr på årsbasis. Dersom alle husvære som vert ledig blir nytta av nye brukergrupper med nye behov, så greier vi ikkje halde utgiftsnivået nede. For å klare å gjennomføre eit slikt tiltak må ledig bueining (hus) selgjast.
Innsparing sjukefråvær, Vestnes har fått statleg tilskott til å prøve ut ulike turnusar for å prøve å få større stillingar til dei som ynskjer det. I tillegg skal ein også prøve å få ned sjukefråværet. Ein må også prøve ut og arbeide aktivt med å få redusere sjukefråværet. Det kan nok hende at ein i starten må sette inn tiltak som aukar kostnadane, men som på sikt vil gje innsparing. I økonomiplanen har administrasjonssjefen lagt inn ei innsparing på 1,0 mill. kr i 2014 aukande til 2,0 mill. kr i 2016. Dette er nok truleg godt i overkant av det ein kan forvente, men litt optimistisk må ein ha lov å være (i alle fall i ein økonomiplan som ikkje er bindande). Renter og avdrag, vi har fast rente på 250,0 mill. kr av låna våre. 3,5 % til ut i 2014 og 4,7 % dereter. Difor aukar renter og avdrag i perioden, truleg vil det generelle rentenivået også auke utover i planperioden. Det er difor svært viktig at vi ikkje aukar låneopptaket vårt i åra som kjem, det er kun rom for små investeringar. Særutskrift til: